St.meld. nr. 42 (2002-2003)

Om ILOs 90. internasjonale arbeidskonferanse i Genève, 3.-20. juni 2002

Til innhaldsliste

2 Framlegging for Stortinget av vedtak gjorde på Arbeidskonferansen

I samsvar med artikkel 19, punkt 5 og 6 i konstitusjonen for Den internasjonale arbeidsorganisasjonen blir den engelske teksten for protokollen og for rekommandasjon nr. 193 og rekommandasjon nr. 194 lagt fram for Stortinget saman med norsk omsetjing av instrumenta, sjå vedlegg.

I denne samanhengen blir det gjort greie for korleis Noreg stiller seg til vedtaka, og det blir orientert om norsk lovgiving og praksis på området.

2.1 Protokoll til konvensjonen om tryggleik og helse i arbeidslivet frå 1981

Protokollen er utarbeidd med utgangspunkt i ILO-konvensjon nr. 155 om tryggleik, helse og arbeidsmiljø frå 1981. Konvensjonen blei ratifisert av Noreg i 1982.

Formålet med protokollen er å fremje harmonisering av registrerings- og meldeordningar og statistikk over sjukdommar og ulykker knytte til arbeidslivet. Det er høve til å gå lenger i å påleggje registrerings- og meldeplikt og føring av statistikk enn det som følgjer av protokollen, så lenge registra og statistikken blir ført på ein slik måte at samanlikningsgrunnlaget mellom dei ratifiserande statane ikkje blir øydelagt.

2.2 Rekommandasjon om liste over sjukdommar knytte til yrkesutøving og om registrering og melding av arbeidsulykker og yrkessjukdommar

Rekommandasjonen viser til ILO-konvensjonane nr. 155 om tryggleik, helse og arbeidsmiljø, nr. 161 om bedriftshelseteneste og nr. 121 om yrkesskadetrygd. Dei to sistnemnde konvensjonane, om bedriftshelseteneste og yrkesskadetrygd, er ikkje ratifiserte av Noreg.

Rekommandasjonen inneber ein internasjonal standard for registrering og melding av ulykker og yrkesrelatert sjukdom, ei oppdatering av lista over sjukdommar knytte til yrkesutøving, og dessutan ein mekanisme for å oppdatere lista over sjukdommar knytte til yrkesutøving.

2.3 Høyring

Både instrumenta har vore på høyring. Nedanfor er det gitt utdrag av fråsegner frå Sosialdepartementet, Direktoratet for arbeidstilsynet, Landsorganisasjonen i Norge, Næringslivets Hovedorganisasjon, Kommunenes Sentralforbund og Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon. Spørsmåla har òg vore drøfta i Den norske ILO-komiteen.

Høyringsfråsegner:

Direktoratet for arbeidstilsynet

Direktoratet meiner at norsk lovgiving og praksis ikkje er i samsvar med alle dei krava som er komne til uttrykk i protokollen. Hovudskilnaden mellom norsk rett og forpliktingane etter protokollen er at det etter protokollen vert kravd at farlege hendingar og ulykker i samband med arbeidsreiser blir registrerte og melde, og at det blir ført og offentleggjort statistikk over slike hendingar. Dette er noko som ikkje vert kravd etter norsk rett. Desse forpliktingane må derfor innarbeidast dersom protokollen skal ratifiserast. Formålet med protokollen er å fremje harmonisering av registrerings- og meldeordningar og statistikkar over sjukdommar og ulykker knytte til arbeidslivet. Noreg kan dermed gå lenger i å påleggje registrerings- og meldeplikt og føring av statistikk enn det som følgjer av protokollen, så lenge registra og statistikkane blir førte på ein slik måte at samanlikningsgrunnlaget mellom dei ratifiserande statane ikkje blir øydelagt.

Sosialdepartementet

Sosialdepartementet slår i si høyringsfråsegn fast at protokollen ikkje er i samsvar med norsk rett. Dei har også støtte i dette frå Rikstrygdeverket.

Sosialdepartementet viser til det utvalet - som professor Asbjørn Kjønstad for tida leier - som skal greie ut den framtidige organiseringa av yrkesskadeordninga i Noreg. Sosialdepartementet tilrår at spørsmålet om norsk oppfylling/ratifisering av protokollen vert stilt på nytt etter at forslaga frå yrkesskadeutvalet ligg føre.

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

NHO registrerer at norsk lovgiving og praksis i dag ikkje er i samsvar med dei krava som er komne til uttrykk i protokollen. Artikkel 3 i protokollen definerer mellom anna arbeidsgivaren sitt ansvar for å «registrere arbeidsulykker, yrkessjukdommar og - i aktuelle tilfelle - farlege hendingar, arbeidsreiseulykker og tilfelle av sjukdom som kan mistenkjast for å ha samanheng med yrkesutøving». «Farleg hending» og «arbeidsreiseulykke» er i dag ikkje omfatta av registreringsplikta etter arbeidsmiljølova § 20. Norsk rett krev heller inga meldeplikt for «farlege hendingar» og «arbeidsreiseulykker». Vidare inneheld norsk rett ingen klart uttrykte reglar om føring og bruk av register og om maksimums- og minimumstider for oppbevaring av registra.

NHO meiner at Noreg ikkje bør gå inn for å oppfylle krava i protokollen og tilrådingane i rekommandasjonen. Mellom anna ser dei det slik at «arbeidsreiseulykker», det vil seie ulykker på reise til eller frå arbeid, er utanfor arbeidsgivaren sin kontroll og arbeidsgivaren sitt ansvar, og såleis vil vere vanskelege å innrapportere.

Rapportering - «som det måtte passe» - av arbeidsreiseulykker vil innebere ei tilpassing til den praksisen som allereie er etablert i dei einskilde medlemslanda, men det vil vere usikkert kva handlefridom dei medlemslanda som både har ratifisert konvensjonen og godkjent protokollen, vil ha.

Når det gjeld rekommandasjonen tilrår NHO at Noreg ikkje bør gå inn for å oppfylle tilrådingane i rekommandasjonen.

Landsorganisasjonen i Norge (LO)

Landsorganisasjonen i Norge viser til at den norske lovgivinga og praksisen ikkje er i samsvar med dei krava som er komne til uttrykk i protokollen. Dei viser i denne samanhengen til dømes til at «arbeidsulykker» ikkje er inkludert i det norske regelverket. LO meiner at Noreg bør oppfylle krava i protokollen. Når det gjeld rekommandasjonen meiner LO at Noreg bør oppfylle dei krava som ligg i tilrådingane.

Kommunenes Sentralforbund (KS)

Kommunenes Sentralforbund finn at intensjonane i protokollen og i norsk lovgiving i hovudsak samsvarer. Ved at kvart land sjølv utformar detaljane, blir regelverket meir tenleg, og dermed sikrar ein legitimiteten overfor partane i arbeidslivet. At styresmaktene i samråd med partane i arbeidslivet skal utarbeide retningslinjer, krav og prosedyrar, meiner KS er i tråd med ei ønskjeleg arbeidsform. KS rår såleis til at Noreg ratifiserer protokollen.

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH)

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon rår ifrå ratifisering av protokollen. Protokollen pålegg arbeidsgivaren å registrere og rapportere såkalla «arbeidsreiseulykker». Dette er ulykker som skjer utanfor arbeidstida og arbeidsplassen, og som arbeidsgivaren dermed vanskeleg kan ha oversikt over.

HSH viser til den utgreiinga Kjønstadutvalet arbeider med når det gjeld den framtidige organiseringa av yrkesskadeordninga i Noreg, og meiner at spørsmålet om ein ratifikasjon av protokollen bør vente til utgreiinga er behandla.

Den norske ILO-komiteenkonstaterer at protokollen ikkje er i samsvar med norsk rett. Hovudskilnadene er at det etter protokollen vert krevja at farlege hendingar og arbeidsreiseulykker blir registrerte og melde, og at det blir ført og offentleggjort statistikk over slike hendingar. Vi har ikkje tilsvarande krav i norsk lovgiving.

Komiteen tilrår at diskusjonen om Noreg bør ratifisere protokollen eller ikkje, bør utsetjast til etter at yrkesskadeutvalet (Kjønstadutvalet), som greier ut den framtidige organiseringa av yrkesskadeordninga i Noreg, har lagt fram si innstilling.

Komiteen ber om at Arbeids- og administrasjonsdepartementet oppmodar Sosialdepartementet om å ta med protokollen og rekommandasjonen i si oppfølging av innstillinga frå yrkesskadeutvalet.

2.4 Arbeids- og administrasjonsdepartementet si vurdering

Arbeids- og administrasjonsdepartementet viser til høyringsfråsegnene som synar at protokollen ikkje er i samsvar med norsk rett. Hovudskilnadene er at det etter protokollen krevst at farlege hendingar og arbeidsreiseulykker skal registrerast og meldast, og at det skal førast og offentleggjerast statistikk over slike hendingar.

Departementet finn ikkje grunnlag for å tilrå ratifikasjon av protokollen, og legg til grunn at yrkesskadeutvalet tek protokollen med i vurderinga i si utgreiing om den framtidige organiseringa av yrkesskadeordninga i Noreg. Det same gjeld for spørsmålet om oppfylling av rekommandasjonen.

2.5 Rekommandasjon nr. 193 om fremjing av samvirkeføretak

Rekommandasjonar vert berre lagt fram for Stortinget til orientering. Det blir difor berre gitt ei kort orientering om innhaldet i rekommandasjonen og forholdet til norsk lovgiving og praksis.

Nedanfor gir vi att utdrag frå høyringsfråsegner frå Justisdepartementet, Næringslivets Hovedorganisasjon og Landsorganisasjonen i Norge/Handel og Kontor. Rekommandasjonen har òg vore drøfta i Den norske ILO-komiteen.

ILO vedtok i 1966 ein rekommandasjon, nr. 127, om samvirke. Rekommandasjonen retta seg mot utviklingsland. Formålet med rekommandasjon nr. 193 om samvirkeføretak er å få utarbeidd eit nytt instrument med tanke på samvirke i alle land i lys av utviklinga etter at rekommandasjon nr. 127 blei vedteken i 1966.

Rekommandasjonen inneheld føresegner om kva type føretak rekommandasjonen konkret rettar seg mot, det vil seie om kva eit samvirkeføretak er, kva for politiske rammer samvirkeføretaka skal operere innanfor, og korleis den offentlege politikken til fremje av samvirkeføretak skal gjennomførast.

2.6 Høyring

Justisdepartementet uttaler at etter det utkastet til rekommandasjon som ligg føre, skal styresmaktene hjelpe til med å fremje samvirkelag på eit vidt spekter av livsområde. På den andre sida har ein generelt valt formuleringar som synest å gi eit relativt vidt tolkingsrom når det gjeld å fastleggje omfanget av «pliktene». Formuleringane synest også generelt å gi styresmaktene eit vidt spelerom med omsyn til val av verkemiddel, mellom anna om ein skal nytte lovgiving eller styringsverkemiddel av ikkje-rettsleg art.

Justisdepartementet viser vidare til at Samvirkelovutvalet den 5. mars 2002 la fram si utgreiing NOU 2002: 6 «Lov om samvirkeforetak». Utvalet tilrår at det blir vedteke ei allmenn samvirkelov, og har utarbeidd forslag til ei slik lov. Justisdepartementet kan ikkje sjå at utkastet til rekommandasjon inneheld forslag som skaper problem i forhold til gjeldande norsk samvirkerett eller i forhold til lovforslaget frå Samvirkelovutvalet.

Departementet peiker på at det kan sjå ut som om norsk banklovgiving ikkje er i samsvar med utkastet. Forretningsbankar kan i Noreg berre etablerast som aksjeselskap eller som allmennaksjeselskap, jf. lov av 24. mai 1961, nr. 2, om forretningsbankar § 3, første ledd. Dette inneber eit forbod mot kooperative bankar. Eit slikt forbod er truleg ikkje i samsvar med kap. III, punkt 12 c) i rekommandasjonen.

Justisdepartementet gjer også merksam på utgreiinga frå Banklovkommisjonen, NOU 1998: 14, der det er føreslått at det ikkje lenger skal vere høve til å etablere kredittforeiningar. Dersom dette forslaget skulle bli vedteke, kan det reise spørsmål i forhold til rekommandasjonen.

Til slutt i fråsegna peikar Justisdepartementet på kap. II, punkt 7, 3), i rekommandasjonen som handlar om deltaking av kvinner i leiinga. Samvirkelovutvalet har ikkje lagt fram forslag om kjønnsrepresentasjon i samvirkeføretak. Men det vart i 2002 nedsett ei arbeidsgruppe med representantar frå Barne- og familiedepartementet, Justisdepartementet og samvirkesektoren, som arbeider med tiltak for å styrke kjønnsrepresentasjonen i dei største samvirkeføretaka.

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

NHO ser det som positivt at det blir opna for ei moderne form for kooperativ i dei landa og på dei områda der dette er gunstig for å fremje fornuftig næringsverksemd. Men det er viktig at eit kooperativ blir definert som ei selskapsform med dei same arbeidsvilkåra i marknaden (fordelar og forpliktingar) som andre selskap og økonomiske operatørar har.

Landsorganisasjonen i Norge (LO)

LO/Handel og Kontor i Norge peikar på at det er viktig for arbeidstakargruppa at rekommandasjonen legg føringar slik at kooperative føretak ikkje blir behandla annleis enn andre føretak. Det blir også understreka at det er teke med føresegner som skal hindre at ein i ein del land kan omgå føresegnene om minstelønn. Arbeidstakargruppa er fornøgd med resultatet av arbeidet. Dei meiner at rekommandasjonen ikkje er i strid med norsk lov og praksis.

Den norske ILO-komiteen

Komiteen er merksam på at det følgjer av kapittel III i rekommandasjonen at medlemsstatane bør vedta konkrete lover og forskrifter om samvirkeføretak. Norsk rett er, fram til ei eventuell slik lov blir vedteken, ikkje heilt i samsvar med rekommandasjonen på dette punktet. Vidare føreslår Banklovkommisjonen at forretningsbankar berre skal kunne etablerast som aksje- eller allmennaksjeselskap. Dette er, som påpeika, ikkje i tråd med rekommandasjonen.

2.7 Arbeids- og administrasjonsdepartementet si vurdering

Arbeids- og administrasjonsdepartementet viser til det som står ovanfor om at norsk rett i hovudsak er i samsvar med rekommandasjonen, og legg til grunn at det vert tatt omsyn til tilrådingane i rekommandasjonen i samband med det vidare arbeidet med lov om samvirkeføretak.

Til forsida