St.prp. nr. 1 (2006-2007)

FOR BUDSJETTÅRET 2007 — Utgiftskapittel: 1400–1472 og 2465 Inntektskapittel: 4400–4472, 5322 og 5621

Til innhaldsliste

Del 4
Organisasjonsendring og oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget

18 Organisasjonsendring, fornyingsarbeid og likestilling

18.1 Organisering

Miljøverndepartementet er overordna styresmakt for Statens kartverk, Statens forureiningstilsyn, Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt, Produktregisteret og Norsk kulturminnefond. Det statlege miljøvernarbeidet blir regionalt ivareteke av miljøvernavdelingane hos Fylkesmannen og sysselmannen på Svalbard. Etatar som Statens strålevern, Sjøfartsdirektoratet og Innovasjon Noreg har oppgåver innafor miljøvernområdet som Miljøverndepartementet styrer.

Det har ikkje vore store endringar i organiseringa av miljøvernforvaltninga i perioden, men organisasjonen til Statens kartverk har hatt ei stor omlegging frå hausten 2003 til våren 2004, jf. St.meld.nr 30 (2002-2003) «Norge digitalt» – et felles fundament for verdiskaping.

Statens naturoppsyn overtok 1. juni 2006 dei 14 stillingane i Statsskogs fjelltjeneste i Finnmark. Bakgrunnen for overføringa er Stortingets vedtak i lov av 17. juni 2005 nr. 85 om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressurser i Finnmark fylke (Finnmarkslova).

Produktregisteret har som hovudoppgåve å samle inn informasjon om innhald av farlege kjemikaliar i kjemiske produkt. Statens forureiningstilsyn er den største brukaren av registeret. Ei nærare tilknyting mellom registeret og den største brukaretaten er venta å gi betre og meir effektiv drift av registeret og medverke til auka effektivitet i kjemikalieforvaltninga.

Produktregisteret og Statens forureiningstilsyn skal derfor samlokaliserast og har starta arbeidet med dette.

Årsverksoversikt

Ei samla årsverksoversikt pr. 1. mars 2006, fordelt på Miljøverndepartementet og underliggjande etatar, finst i tabell 5.1 under kap. 5 Oversiktstabellar.

18.2 Oversikt over fornyingsarbeidet

Enklare regelverk

Miljøverndepartementet er i ferd med å utarbeide generelle forureiningskrav til industrien som skal erstatte fleire hundre enkeltløyve. Det vil bli stilt spesifikke bransje- og prosesskrav. Arbeidet er svært omfattande og er av den grunn forseinka. Det er teke sikte på at høyring av føresegnene kan skje i løpet av 2006.

Det vil bli lagt fram ein lovproposisjon om ny plandel av plan- og bygningslova med sikte på behandling i Stortinget i 2007. Forskrift om konsekvensutgreiingar knytt til planlegging etter plan- og bygningslova vart revidert i 2005. Departementet har utarbeidd ein rettleiar i nettversjon i 2006. Departementet er i gang med utarbeiding av retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg. Arbeidet skjer i samarbeid med Olje- og energidepartementet, og inneber opplegg for ei samordning mellom regelverket etter plan- og bygningslova og energilova i vindkraftsaker. Retningslinjene skal vere ferdige i løpet av 2006.

Byggsøk Plan

Det er sett i gang ei driftsløysing for Byggsøk Plan i Statens Bygningstekniske etat, som legg til rette for elektronisk innsending av private planforslag til kommunane. Løysinga er under utprøving i kommunane, og blir no vidareutvikla. Samtidig blir det arbeidd vidare med å utvikle gode løysingar for å gi tilgang på digitale plandata og anna nødvendig temainformasjon.

Omstrukturering av Statens kartverk

Statens kartverk har hovudansvaret for å gjennomføre dei fleste tiltaka som vart lagt fram i St.meld. nr. 30 (2002-2003) «Norge digitalt» – et felles fundament for verdiskaping. Statens kartverk har etablert ein felles nasjonal infrastruktur for geografisk informasjon i samarbeid med kommunar og statlege etatar. Gjennom avtale mellom Statens kartverk og den enkelte part blir data etablert til felles bruk på felles standard. Dette gir auka bruk av data, med auka samfunnsnytte for offentleg forvaltning. Samtidig oppfyller dette intensjonen om å leggje til rette offentleg informasjon for verdiskaping i privat sektor.

Statens kartverk vil i løpet av 2007 ha etablert eit samla grep om eigedomsforvaltning, ved at heile registerføringa for eigedomsinformasjon, digitale eigedomskart, tinglysinga og burettsregisteret er lagt til Statens kartverk. Det er etablert eit servicesenter i Ullensvang i Hardanger, som spesielt skal ta seg av kundebehandlinga i forhold til tinglysinga og burettsregisteret.

Statens kartverk har vore gjennom ei omstrukturering, med utsal av kommersielle tenester. Talet på tilsette er redusert med 150 innafor dei oppgåver som Statens kartverk hadde i 2003. Dette har gitt rom for auka satsing på datakjøp og auka dataproduksjon. Samtidig aukar talet på tilsette innan dei nye oppgåvene. Miljøverndepartementet vil i neste års proposisjon ta opp til vurdering Statens kartverks tilknytingsform, og sjå nærare på organisasjon, styring og økonomi. Statens kartverk vil halde fram arbeidet sitt med å leggje vekt på å ta i bruk ny teknologi for å auke samfunnsnytten av dei data som blir lagt til rette.

Grøn stat

Prosjektet Grøn stat har hatt som mål å innføre eit enkelt system for miljøleiing i statlege verksemder innan utgangen av 2005. Prosjektet er no evaluert. Evalueringa viser at over halvparten av dei statlege verksemdene har innført eit enkelt system for miljøleiing som gir grunnlag for eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å betre miljøresultata i eiga bedrift knytt til innkjøp, avfall, transport og energi. Ca. 10-20 pst. har ikke starta opp, mens dei resterande verksemdene er i gang med å innføre systemet. Grøn stat har ført til auka fokus på miljøtiltak i drifta av statlege verksemder og utløyst mange positive tiltak. Evalueringa tilrår at det blir gjennomført visse justeringar i vidareføringa av Grøn stat. Vidareføringa av Grøn stat vil bli presentert i stortingsmeldinga om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand som blir lagt fram våren 2007.

Forenkling av rovviltforvaltninga

Frå 2005 er rovviltforvaltninga forenkla og effektivisert gjennom oppfølginga av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 74 (2003-2004). All regional mynde er frå 1. april 2005 samla i åtte nye rovviltnemnder, mens tidlegare fylkesvise rovviltutval, jervenemnder og gaupenemnder er lagt ned. Det er òg utarbeidd ei samordna forskrift om forvaltning av rovvilt. Dette forvaltningsområdet var tidlegare regulert i fleire ulike forskrifter.

Forenkling og effektivisering i forvaltninga av vilt- og innlandsfiskeressursar som kan haustast

Målet er at forvaltninga av desse ressursane i størst mogleg grad skal utøvast lokalt, slik at rettshavarane får eit større ansvar for forvaltninga av vilt- og fiskeressursar innafor rammer som sikrar nasjonale målsetjingar. Forskriftene på dette området skal vere få, enkle og korte og skal fokusere på overordna mål som berekraftig hausting, fordelingspolitikk, kultur- og næringsutvikling. Vilt- og innlandsfiskestyremaktene legg dette til grunn i den fortløpande revisjonen av forskriftene innafor dette feltet.

Forsøk med kommunal oppgåvedifferensiering på kulturminneområdet

Forsøk med kommunal oppgåvedifferensiering er sette i gang i kommunane Bergen, Stavanger og Kristiansand. Målet med forsøka er å prøve ut modellar som kan gi ei betre og meir effektiv kulturminneforvaltning. Forvaltningssystemet skal forenklast, ansvar skal gjerast tydeleg og det skal ytast betre service til brukarane. Frå 1. januar 2004 er det overført ansvar og oppgåvemynde frå fylkeskommunen og staten til dei tre utvalde forsøkskommunane på heile kulturminneområdet. Forsøksordninga varer til 31. desember 2007.

18.3 Rapport om likestilling i miljøvernforvaltninga

Miljøvernforvaltninga er gjennom likestillingslova pålagt ei målretta og planmessig rolle for likestilling.

Likestilling internt i Miljøverndepartementet

Fordeling kvinner og menn

Kjønnsfordelinga i Miljøverndepartementet er 58 pst. kvinner og 42 pst. menn. Kjønnsfordelinga i avdelingane er stort sett jamn, men innan enkelte fagområde er det overrepresentasjon av eitt av kjønna. Ei forklaring kan vere at enkelte fagområde tradisjonelt er kvinne- eller mannsdominerte.

Det er noko fleire menn i leiarstillingar i departementet. På toppleiarnivå (departementsråd og ekspedisjonssjefar) er det tre (43 pst.) kvinner og fire (57 pst.) menn. På mellomleiarnivå (avdelingsdirektør og underdirektør) er det 49 pst. kvinner og 51 pst. menn. I gruppa høgtlønte rådgivarar (spesialrådgivar og seniorrådgivar) er det 46 pst. kvinner og 54 pst. menn. På saksbehandlarnivå (rådgivar, førstekonsulent og arkivleiar) er det 63 pst. kvinner og 37 pst. menn. For kontorstillingar er fordelinga 88 pst. kvinner og 12 pst. menn.

Rekruttering og omorganisering er viktige verkemiddel for å få jamnare fordeling av kjønn på ulike fagområde og nivå i organisasjonen.

Rekruttering

Ein gjennomgang av alle eksternt kunngjorde stillingar i 2005 viste at av den totale søkjarmassen var 48 pst. kvinner og 52 pst. menn. Av kandidatane som vart kalla inn til intervju var 42 pst. kvinner og 58 pst. menn. Av desse vart 8 kvinner og 6 menn tilsette. Departementet tilsette 3 kvinner i eksternt utlyste leiarstillingar i 2005.

Lønn

Leiarar på ekspedisjonssjef- og avdelingsdirektørnivå har jamn fordeling av lønn mellom kvinner og menn. Tilsvarande jamn fordeling finn vi for høgtlønte rådgivarar og saksbehandlarnivå. Det er heller ikkje lønnsforskjellar mellom kvinner og menn på kontornivå.

Totalt i departementet har menn ei gjennomsnittleg årslønn som er noko høgare enn kvinnene. Differansen i lønn mellom kvinner og menn skuldast hovudsakleg at det er fleire kvinner enn menn i lågare lønte stillingar som på kontornivå, og at det er fleire menn i høgtlønte seniorrådgivarstillingar. Det vart i 2005 forhandla for 11 kvinner og 3 menn etter hovudtariffavtala pkt. 2.3.4. For 6 kvinner og 2 menn medførte forhandlingane omgjering til høgare stillingskode. Det vart ikkje gjennomført lokale lønnsforhandlingar etter hovudtariffavtala pkt. 2.3.3 hausten 2005.

Arbeidstid

82 pst. av dei som arbeider deltid er kvinner. Mange av desse har mellombels redusert fulltidsstillinga si. Overtidsbruken fordeler seg jamt mellom kvinner og menn.

Tiltak som er sette i verk

Eit hovudmål i lønns- og personalpolitikken er å medverke til likestilling mellom kjønna. Under dei lokale lønnsforhandlingane er det prioritert å skape jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn. Rekruttering er eit viktig verkemiddel for jamnare fordeling av kjønn på ulike nivå i organisasjonen. I utlysingstekst som gjeld leiarstillingar blir kvinner oppmoda til å søkje dersom kvinner er i mindretal. I tillegg har vi oppmoda kvinner og menn til å søkje stillingar innafor fagområde der kjønnet deira er underrepresentert.

Miljøverndepartementet deltek i tiltaket Møteplass for kvinnelege mellomleiarar i regi av Statskonsult, som omfattar alle våre kvinnelege mellomleiarar. Møta tek spesielt sikte på å bevisstgjere og stimulere kvinnelege mellomleiarar til å utvikle eiga leiarrolle.

Det er gitt eit tilbod til alle sekretærane i departementet som er kvinner om individuelt karriereutviklingsprogram med coaching.

Planlagde tiltak

Vi vil vidareføre og utvikle dei tiltaka som er sette i verk og som er nemnde ovanfor.

Departementet er i tillegg i gang med ein prosess for å kartleggje bruken av midlar til kompetansehevande tiltak fordelt på kjønn.

Kjønnsfordeling i statlege råd og utval

Lågutslepputvalet

Lågutslepputvalet vart oppnemnt i statsråd våren 2005. Utvalet skal utgreie korleis Noreg kan kutte nasjonale utslepp av klimagassar med 50-80 pst. innan 2050. Arbeidet skal munne ut i ein rapport som blir levert MD i oktober 2006. Då utvalet vart oppnemnt, vart det særleg lagt vekt på ei kjønnsnøytral samansetjing som skulle representere eit breitt spekter av ulike samfunnsinteresser, kompetansefelt og sektorar. Dette resulterte i ei lik fordeling mellom kvinner og menn blant utvalsmedlemmene.

Naturforvaltningsområdet

Ved innføring av ny ordning med 8 regionale rovviltnemnder i 2005 vart det stilt krav frå Miljøverndepartementet om at alle nemndene skulle ha minimum 40 pst. kvinner. Dette er oppfylt. Ei kartlegging i 2005 viser likevel at kvinner deltek i lita grad i andre statlege råd og utval på naturforvaltningsområdet. I 13 av totalt 23 villreinnemnder er det berre menn. Det er 40 pst. kvinnerepresentasjon. i 2 av nemndene, 25 pst. i 5 av nemndene og under 20 pst. i dei andre 3 nemndene.

Direktoratet for naturforvaltning har ansvar for dei 3 tilsynsutvala for verneområda på Hardangervidda. Av totalt 9 representantar i Tilsynsutvalet i Hordaland er 3 kvinner. Buskerud har 5 representantar, av dei er 1 kvinne, og i Telemark er alle 5 representantane menn.

Fylkesmannen i dei ulike fylka har i varierande grad oppnemnt rådgivande utval eller tilsynsutval for ulike verneområde og forskjellige typar samarbeidsråd og kontaktutval. Det er kommunar og organisasjonar som foreslår medlemmer til desse utvala. Av totalt 21 ulike råd/tilsynsutval fordelte på 11 fylke tilfredsstilte 2 av utvala kravet om 40 pst. kvinner i 2005. I 3 av utvala er det berre menn. I 12 av utvala er kvinnerepresentasjonen under 20 pst. Det er gjennomgåande noko betre kvinnerepresentasjon blant varamedlemmene.

I alle dei råd og utval som er kartlagde er det kommunar og organisasjonar som foreslår medlemmene. Det er i dag i lita grad lagt føringar for koordinering mellom kommunar og organisasjonar for å sikre likestillingsspørsmål. Dette er noko av årsaka til at det ikkje alltid er lett for Direktoratet for naturforvaltning og Fylkesmannen å følje opp likestillingslova. For å få velfungerande råd og utval med høg grad av legitimitet lokalt og regionalt er det viktig at forslag til medlemmer framleis kjem frå brukarar og interessentar for det arbeidet rådet/utvalet skal gjennomføre. Det er likevel nødvendig å leggje inn føringar i denne prosessen som også sikrar oppfølging av likestillingslova. Ein utveg er å be kommunar og organisasjonar om alltid å foreslå ei kvinne og ein mann.

Kartlegginga viser at det er behov for å betre oppfølginga frå departementet overfor ytre etatar og fylkesmannen for å sikre at likestillingslovas krav til representasjon av kvinner i statlege råd og utval oppnemnde av ytre etatar og fylkesmenn blir oppfylt i større grad. Departementet vil ta dette opp i styringsdialogen med Direktoratet for naturforvaltning og med fylkesmennene.

Likestilling i Miljøverndepartementets underliggjande etatar

Miljøverndepartementets underliggjande etatar har likestillingskrav i sine tildelingsbrev med tilhøyrande rapportering, bl.a. på sine måltal for kvinner i leiande stillingar.

19 Om oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget

Vedtak nr. 75, 30. november 2004

«Stortinget ber Regjeringen om å iverksette arbeid for å få oversikt over mulige konsekvenser av klimaendringer, og fremme en sak for Stortinget om aktuelle tiltak for å begrense effektene av klimaendringer innenfor alle samfunnssektorer.»

Miljøverndepartementetuttaler i brev 12. september 2005:

«Regjeringen tar sikte på å legge fram en sak for Stortinget i løpet av 2006.»

Tekst i st.prp. nr.1 (2006-07) Resultatområde nr. 7, arbeidsmål 2.2 Tilpassing til klimaendringar

Vedtak nr. 428, 8. juni 2005

Stortinget har den 8. juni 2005 vedteke ei oppmodning til Regjeringa om å gjennomføre ei opptrapping av fondskapitalen i Norsk kulturminnefond slik at fondskapitalen kjem opp i 1,4 mrd. kroner i løpet av kommande stortingsperiode.

Fondskapitalen blir no foreslått auka med ytterlegare 200 mill. kroner og blir på i alt 1 mrd. kroner.

Til forsida