St.prp. nr. 1 (2008–2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 — Utgiftskapittel: 800–868, 2530 Inntektskapittel: 3842, 3854, 3855, 3856, 3858, 3859

Til innhaldsliste

Del 2
Nærmare om budsjettforslaget

Programområde 11

Programkategori 11.00 Administrasjon

Kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Driftsutgifter

93 621

99 847

111 940

21

Spesielle driftsutgifter

5 564

5 709

5 960

Sum kap. 800

99 185

105 556

117 900

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Effektiv organisering og drift av departementet og tilknytte etatar

Samsvar mellom prioriteringar og ressursar

Departementet har sett i verk tiltak med formål å gi eit best mogleg samsvar mellom oppgåveprioritering, ressursallokering og bruk av den samla kompetansen til departementet. Departementet har mellom anna ein ressursbank som inneber at ein viss del av fellesmidlane ikkje blir fordelte ved starten av året, men blir brukte seinare i budsjettåret til høgt prioriterte oppgåver der ein treng styrking av kapasitet og kompetanse.

Fleire avdelingar har heilt eller delvis teke i bruk nye måtar å arbeide på slik at det er faggrupper og lag som er dei sentrale arbeidseiningane. Formålet er mellom anna å gjere det lettare å trekkje på relevant kompetanse og ressursar på tvers av det tradisjonelle hierarkiet. Dei nye arbeidsformene har vorte evaluerte, og det er gjort justeringar i strukturar og arbeidsprosessar.

Det er utarbeidd ny IKT-strategi for perioden 2008–2010. Etter overføring av IKT-drifta til Servicesenteret til departementa (SSD) i 2006, har SSD drifta IKT-systema til departementet. BLD vil i 2008 ta i bruk nyutvikla, standardiserte IKT-løysingar.

Styringa frå departementet av tilknytte etatar medverkar til rasjonell drift innafor rammer og regelverk

Departementet har gjennom året arbeidd for at styringa frå departementet skal medverke til at etatane legg opp drifta si på ein rasjonell måte og samtidig held seg innafor det som følgjer av rammer og regelverk.

Relevant informasjonsformidling om BLD sine politikkområdar

Høy informasjonsberedskap basert på BLD sin informasjonsstrategi

I samband med stortingsmeldingar, proposisjonar, høyringar, reformer og den aktuelle samfunnsdebatten har departementet gjennomført fleire omfattande informasjonstiltak. Fagavdelingane sine planer for verksemda er gjennomgått jamlig for å avdekkje informasjons- og kommunikasjonsbehov. Departementet har kvar veke gjennomgått aktuelle saker der informasjonstiltak har vore eit viktige element og verkemiddel.

BLD har i aukande grad lagt vekt på kommunikasjonselementet og elektronisk informasjon. Nettmøte mellom politisk leiing og publikum er teken i bruk med jamne mellomrom, tidvis i samarbeid med ulike media.

Departementet har elles informert og kommunisert direkte gjennom kanalar som seminar, møte og konferansar, og i samarbeid med organisasjonar og andre etatar. BLDs heimeside bld.dep.no og det elektroniske magasinet Familia har vorte oppdaterte for å sikre publikum aktuell, korrekt og relevant informasjon. Departementet registrerte 45 prosent fleire treff på heimesida frå mai 2007 til mai 2008.

BLD sine rutinar for å sikre målretta, open og brukarvennleg informasjon, er gjennomgått og oppdatert i 2007. I aktuelle saker er det utarbeidd eigne planar for informasjons- og kommunikasjonsstrategi, med mål, situasjonsanalyse, vurdering av viktige målgrupper og val av informasjonskanalar.

Ein stor del av kommunikasjonsverksemda går med til å handsame informasjonsbehov hos norske og utanlandske medium. Viktige tema har vore barnevern, menneskehandel, adopsjon og homopolitikk. Media i andre land har i særleg grad synt interesse for likestillingsområdet og kvinners posisjon i arbeidslivet.

Tilsette i BLD har fått tilbod om auka informasjonsfagleg kompetanse gjennom ei rad kurs. Den interne informasjonen gjennom Intranett er styrka.

Mål og strategiar

For 2009 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Effektiv organisering og drift av departementet

Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder

Høg informasjonsberedskap basert på informasjonsstrategien til BLD

Effektiv organisering og drift av departementet

Departementet vil ved utgangen av 2008 ha gjennomført ei fullstendig risikovurdering av alle relevante mål i verksemdsplanen. Departementet vil i 2009 arbeide vidare med implementering av risikostyring i den ordinære mål- og resultatstyringa i departementet.

Departementet vil arbeide vidare med å styrke kompetansen innanfor regelverket for offentlege innkjøp i departementet og vil utarbeide nye rutinar for handtering av dette området.

Omfattande bruk av IKT i oppgåveløysinga gjer at stabile og tilgjengelege IKT-system og -utstyr er ein kritisk faktor for effektiviteten i departementet. Likeeins er gode kunnskapar om systema, og dugleik i bruken av desse, avgjerande for å få nytta det potensialet som ligg i gode IKT-løysingar. Opplæring av dei tilsette vil derfor ha høg prioritet i arbeidet framover.

I 2009 vert, etter planen, eit nytt system for elektronisk sakshandsaming, innført i fleirtalet av departementa. Det nye systemet vil venteleg effektivisere arbeidsprosessane og lette samhandlinga på tvers av avdelings- og departementsgrenser.

Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder

Effektive etatar er avgjerande for å nå måla for sektoren. Departementet vil i styringa si av verksemdene leggje vekt på at styringa stimulerer verksemdene til å leggje opp drifta si rasjonelt og målretta. Mål- og resultatstyring skal vere hovudmodellen for departementet si styring med risikostyring som ein integrert del av denne. Gjennom tildelingsbreva stiller departementet krav om at alle underliggjande verksemder skal gjennomføre risikoanalysar på sine område.

Høg informasjonsberedskap basert på informasjonsstrategien til BLD

BLDs fagområde og avdelingane sine planar for verksemda vert regelmessig gjennomgått for å avklare informasjons- og kommunikasjonsbehov. Departementet kartlegg kvar veke potensielle saker der informasjons- og kommunikasjonstiltak vil vere naudsynte og viktige verkemiddel. Departementet vurderer kontinuerleg rutinar og verktøy for å sikre at saker som krev informasjonstiltak vert identifiserte og følgde opp.

I alle aktuelle saker skal det utarbeidast eigne planar for informasjonstiltaka, på grunnlag av BLDs kommunikasjonsstrategi. I planarbeidet inngår situasjonsanalyse, avklaring av aktuelle målgrupper og val av kanal for kommunikasjon. Departementet skal leggje vekt på publikumsvennleg, open, fullstendig, korrekt og forståeleg informasjon til rett tid.

BLD skal drive aktiv kommunikasjonsverksemd og ta eigne initiativ til informasjon. Mykje av tida går med til handsaming av informasjonsbehov i media, som er ein viktig kanal til publikum. Departementet må òg syte for at informasjonen på heimesida bld.dep.no og det elektroniske magasinet Familia er oppdatert, korrekt og aktuell.

BLD registrerer òg stor interesse for sine politikkområde frå utanlandske medium, som krev informasjon på ulike framandspråk.

Departementet arbeider kontinuerleg med å utvikle kommunikasjonsverksemda, særleg gjennom nettbaserte tenester. Auka grad av tovegs kommunikasjon med publikum skal vurderast.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn til stillingar og driftsutgifter i departementet.

Departementet foreslår å auke driftsramma på post 01 med 7,9 mill. kroner. Aukinga er i hovudsak finansiert ved tilsvarande reduksjonar på fagkapitlar. Aukinga har si årsak i omgjering av seks mellombelse stillingar til faste og eit generelt meirbehov for å vidareføre aktivitetsnivået frå 2008. Det er òg lagt inn midlar til ei stilling knytt til arbeid med einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år. I tillegg er 1,65 mill. kronar flytta til Fornyings- og administrasjonsdepartementet i samband med omlegging av finansieringssystemet for tenester ytt av SSD slik at netto reell styrking på posten er 6,3 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal mellom anna dekke utgifter til tenestemenn som er utlånte til Europakommisjonen på likestillings-, barne- og ungdomsfeltet, utvalsarbeid og andre tidsavgrensa oppdrag.

Kap. 3800 Barne- og likestillingsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Tilfeldige inntekter

953

16

Refusjon av foreldrepengar

2 042

18

Refusjon av sykepengar

1 651

Sum kap. 3800

4 646

Post 01 Tilfeldige inntekter

På posten er det mellom anna rekneskapsført refusjonar frå trygdeetaten, Utanriksdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet, og kompetansemidlar frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Post 16 Refusjon av foreldrepengar

På posten blir det rekneskapsført refusjonar i samsvar med ordninga med refusjon av foreldrepengar. Utgifter motsvarande refusjonen blir rekneskapsførte på kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet.

Post 18 Refusjon av sjukepengar

På posten blir det rekneskapsført refusjonar i samsvar med ordninga med refusjon av sjukepengar. Utgifter motsvarande refusjonen blir rekneskapsført på kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet.

Programkategori 11.10 Tiltak for familie og likestilling

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

830

Foreldreveiledning

23 218

3 726

-100,0

840

Krisetiltak

206 152

252 145

260 093

3,2

841

Samliv og konfliktløysing

24 478

31 970

31 535

-1,4

842

Familievern

292 430

288 498

315 017

9,2

843

Likestillings- og diskrimineringsnemnda

1 896

2 123

2 247

5,8

844

Kontantstøtte

1 975 747

1 614 500

1 472 000

-8,8

845

Barnetrygd

14 415 273

14 400 000

14 590 000

1,3

846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

47 486

60 026

59 442

-1,0

847

Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

187 099

203 492

8,8

849

Likestillings- og diskrimineringsombodet

29 092

30 343

48 574

60,1

Sum kategori 11.10

17 015 772

16 870 430

16 982 400

0,7

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

01-23

Drift

244 101

291 650

288 590

-1,0

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

37 867

46 240

66 490

43,8

60-69

Overføringar til kommuner

201 001

209 824

222 272

5,9

70-98

Overføringar til private

16 532 803

16 322 716

16 405 048

0,5

Sum kategori 11.10

17 015 772

16 870 430

16 982 400

0,7

Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

3830

Foreldreveiledning

522

3842

Familievern

6 252

900

3846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

315

Sum kategori 11.10

7 089

900

Hovudinnhald og prioriteringar

Programkategori 11.10 Tiltak for familie og likestilling innehaldar løyvingar til samlivstiltak, foreldrerettleiing, krisetiltak, samlivsbrot og konfliktløysning, familievern, kontantstøtte, barnetrygd, familie- og likestillingspolitisk forsking og opplysningsarbeid, og løyvingar til Likestillings- og diskrimineringsombodet. Budsjettforslaget på programkategorien viser ein auke på i underkant av ein prosent, sjølv om forslaget på enkelte kapittel, har ein betydeleg auke. Bakgrunnen for den låge veksten er i hovudsak nedjustering av kontantstøtta i tråd med utbygging av barnehageplassar. Løyvinga på kap. 830 Foreldreveiledning post 21 er no flytta til kap 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet post 01.

Hovudprioriteringar under Tiltak for familie og likestilling er:

  • Styrking av familievernet.

  • Auka løyving til Likestillings- og diskrimineringsombodet til mellom anna handheving av ny diskriminerings- og tilgjengelov.

  • Auka løyving til Reform – ressurssenter for menn.

  • Midlar til handlingsplan mot etnisk diskriminering.

Kap. 830 Samlivstiltak og foreldrerettleiing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

21

Spesielle driftsutgifter, foreldreveiledning, kan nyttast under kap. 854 post 21

3 691

3 726

22

Driftsutgifter til samlivstiltak

8 100

60

Tilskudd til kommuner til samlivstiltak

5 611

70

Tilskudd

5 816

Sum kap. 830

23 218

3 726

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007). Kapitlet er avvikla frå budsjettåret 2009 og midla er lagt inn under kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, post 01 Driftskostnader.

Tilbod om samlivskurs for foreldre

Godt utbygd tilbod om gratis samlivskurs Godt samliv! til førstegongsforeldre

Godt samliv! har på få år etablert seg som eit godt tilbod til førstegongsforeldre i Noreg. I 2007 var det 249 kommunar som heldt Godt samliv!-kurs. Til saman vart det halde 335 kurs, og 2 121 par deltok. Det er variasjon mellom regionane når det gjeld deltaking. I Region øst og Region sør er no dei fleste kommunane med på å arrangere Godt samliv!-kurs, medan i Region nord var det berre 10 kommunar som heldt kurs i 2007. Det var tilbod om kurs for homofile og lesbiske foreldre i alle regionar, og gjennomført i Oslo, Bergen og Tromsø. I samarbeid med Regnbueprosjektet i Region øst har det blitt gjennomført eit pilotkurs retta mot etniske minoritetar. Den kommunale gjennomføringa av Godt samliv! har base på helsestasjonane. Helsesystrer og jordmødrer er i mange høve kursleiarar, i tillegg er det rekruttert fleire mannlege kursleiarar frå andre yrkesgrupper.

Nettstaden godtsamliv.no er vidareutvikla. Målet er å få ein nettstad der førstegongsforeldre, lokale kursarrangørar og kursleiarar kan finne aktuell og god informasjon.

Frå 2008 vert midlane til Godt samliv!-kurs fordelte gjennom inntektssystemet til kommunane.

Samlivskurs Hva med oss? til familiar med barn med nedsett funksjonsevne

Samlivskurset Hva med oss? er ein viktig del av arbeidet Barne- ungdoms- og familieetaten (Bufetat) gjer for familiar som har barn med nedsett funksjonsevne. Dei fleste kursleiarane arbeider i familievernet, og seks kontor har ansvar for planlegging og gjennomføring av kurs i sine område. I 2007 vart det halde 39 kurs med til saman 618 deltakarar. Det vart halde seks kurs for aleineforeldre med til saman 71 deltakarar. Alle regionar har halde aleineforeldrekurs. 20 kursleiarar er opplærde for å kunne gjennomføre desse kursa. Det er òg utvikla eit oppfølgjingskurs som vart prøvd ut høsten 2007. Materiellet for dette vil bli utarbeidd i 2008.

Sikre at samlivskursa ivaretek begge kjønn

Målsetjinga med tilskotsordninga er å styrke og vedlikehalde samliv i parforhold, skape gode relasjonar og forebyggje samlivsoppløysing. Ei viktig målsetjing er å gi barna trygge og stabile oppvekstvilkår. I markedsføring og gjennomføring av samlivskurs er det viktig å leggje vekt på at kursa skal appellere til både kvinner og menn og at begge kjønn skal ha utbytte av kursa.

Evalueringa av Godt samliv! syner at både menn og kvinner er svært nøgde. I 2007 mottok Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) søknader for 7,2 mill. kroner til kurs og 9,2 mill. kroner til utviklingstiltak. Av budsjettramma på 5,9 mill. kroner, gav Bufdir 3,7 mill. kroner til lokale samlivskurs og 2,2 mill. kroner til utviklingstiltak.

Bufdir har i si forvalting av tilskotsordninga lite høve til å styre samlivskursa med omsyn til kjønn. I tildeling av midlar er det like fullt gjort nokre kjønnsbaserte prioriteringar, blant anna ved tilskot til utarbeiding av rettleiingshefte for oppstart av mannsgrupper.

Godt samliv! har oftast ein mannleg og ein kvinneleg kursleiar. I Hva med oss? har det konsekvent vært brukt ein kursleiar av kvart kjønn.

Tilbod om foreldrerettleiing

Gode tilbod over heile landet

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) fekk frå 2006 ansvar for implementering og vidareutvikling av Program for foreldrerettleiing. Programmet er etablert for å førebyggje psykososiale vanskar hos barn og unge, gjennom foreldregrupper drivne av ulike kommunale tenester. Å byggje opp eit godt trenarkorps i Bufetat som kan gjennomføre opplæring av tilsette i kommunane, var ei prioritert oppgåve i 2007. Trenaropplæring for ca. 45 tilsette (mellom dei to med samisk bakgrunn) i Bufetat og kommunar starta i januar 2007. Fleire av trenarkandidatane har halde nettverkssamlingar for rettleiarar i sine område. Nettverkssamling på nasjonalt nivå vart gjennomført i samarbeid med International Child Development Programme (ICDP) Noreg hausten 2007.

Det har vore stor etterspurnad etter materiellet i foreldrerettleiings-programmet. I 2007 vart det utarbeidd brosjyrar med ulike tema og på forskjellige språk, plakatar for å rekruttere foreldre til grupper og ei handbok for rettleiarar. I samarbeid med ICDP Noreg laga Bufdir ein opplærings-DVD for rettleiarar og trenarar til bruk i arbeidet med familiar til barn med nedsett funksjonsevne, og ein DVD på 18 språk til bruk for rekruttering av foreldre.

For å få meir kunnskap om nytta av programmet for foreldre og barn vart det i 2007 sett i gang ei omfattande evaluering av programmet. Evalueringa skal vere ferdig i 2010.

Departementet og Bufetat held fram med samarbeidet for å betre tilbodet på foreldrerettleiingsområdet med Sosial- og helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet.

Gode tilbod tilpassa målgrupper med spesielle behov

Arbeidet med å tilpasse foreldrerettleiingsprogrammet til målgrupper med ulike behov held fram i 2007. Prosjekt som allereie var sette i gang, vart følgde opp, mellom anna tilbod for familiar med barn med nedsett funksjonsevne, for innsette i fengsel, for familiar med minoritetsbakgrunn og til bruk i barnevernstenesta.

BLD har følgt opp foreldreretta tiltak i planen Strategi mot seksuelle og fysiske overgrep mot barn (2005–2009), tiltak 2, ved at brosjyren Når eg vert så sint at eg nesten sprekk… vart utgitt. Temaet bruk av vald i barneoppsedinga vart også teke inn i arbeidet med utvikling av nytt helsestasjonsmateriell. Materiellet kan nyttast ved alle konsultasjonar på helsestasjonane, og vart utgitt i samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet.

Tre kommunar har avslutta opplæring av 70 rettleiarar i minoritetsprogrammet, og ein ny kommune starta opp arbeidet hausten 2007. Ti trenarar har sluttført trenaropplæring, deriblant fem minoritetsspråklege. Det vart gjennomført ei nettverkssamling med trenarar/koordinatorar frå alle kommunar som fekk opplæring. Temaet om konsekvensane av bruk av vald som oppsedingsmetode og korleis ein kan kome i dialog med foreldre med minoritetsbakgrunn om dette, vart lagt inn i rettleiaropplæringa. Bufetat følgde opp pilotprosjektet ICDP foreldreveiledning for familier med minoritetsbakgrunn – variant for ungdom, som vart avslutta i januar 2008. Opplegget for foreldra vart justert ut frå dei spesielle utfordringane foreldre til ungdom med minoritetsbakgrunn har. I desember starta Bufetat i samarbeid med ICDP Noreg utprøving av foreldrerettleiingsprogrammet i fem asylmottak. BLD gav midlar til prosjektet. Utprøvinga skal gjerast ferdig i 2008, og departementet vil i samarbeid med Bufdir og styringsmakter på utlendingsområdet medverke til at tilbodet om foreldrerettleiing kan implementerast i asylmottak.

Bufetat følgde opp eit pilotprosjekt med tilpassing av foreldrerettleiingsprogrammet til foreldre med barn med nedsett funksjonsevne, drive i regi av ICDP Noreg. Opplæringa av rettleiarar og opplegget for foreldre vart justerte med omsyn til dei spesielle utfordringane som er knytte til kommunikasjon med barn med nedsett funksjonsevne.

Justis- og politidepartementet, Bufdir og BLD avslutta nyleg eit felles pilotprosjekt med utprøving av foreldrerettleiingsprogrammet for foreldre i fengsel, jf. handlingsplan Saman om barne- og ungdomskriminalitet frå regjeringa. Foreldrerettleiingsprogrammet er tilpassa den spesielle situasjonen til desse foreldra med omsyn til den bakgrunnen mange av dei innsette har, og til det å utøve foreldreskap på avstand. I prosjektperioden vart det utdanna 31 rettleiarar i ti fengsel. Arbeidet blir vidareført på permanent basis ved at ein tilsett ved Kriminalomsorga sitt utdanningssenter blir utdanna som trenar i regi av Bufetat.

Kap. 840 Krisetiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

21

Spesielle driftsutgifter

6 839

30 346

25 319

60

Tilskot til krisesenter, overslagsløyving

145 514

154 966

165 000

61

Tilskot til incestsenter, overslagsløyving

49 876

54 858

57 272

70

Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under kap. 858 post 01

3 923

11 975

12 502

Sum kap. 840

206 152

252 145

260 093

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Tilbod om krise- og incestsenter med god kvalitet og tilgjenge

Godt tilbod til brukarar med særlege behov

Det er 51 krisesenter, to valdtektssenter og 20 incestsenter i Noreg. 11 senter er kommunale eller interkommunale medan 40 er private. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har forvaltingsansvaret for statstilskot til krise- og incestsentra. Tilskot frå kommunar, og eventuelt frå fylkeskommunar og helseføretak, dekkjer til saman 20 prosent av driftsutgiftene. Dette utløyser eit statleg tilskot på 80 prosent.

Bufdir tildelte 145,5 mill. kroner til krise- og valdtektssentra i 2007. Dette er ein auke på 25,6 mill. kroner (21,4 prosent) frå 2006. Auken i tilskot kjem i hovudsak av at nokre sentre har flytta til større og betre lokale. I tillegg har sentra fleire tilsette, og stillingsbrøken for deltidstilsette er utvida. Samstundes blir det færre frivillige vakter, slik at fleire tilsette blir lønna etter kommunal tariff.

Riksrevisjonen har i Dokument nr. 1 (2007–2008) merknader til forvaltinga av tilskotsordninga til krisetiltak, og har mellom anna peikt på svake sider i måten vertskommunane utfører pliktene sine på. BLD har innført nokre endringar i Rundskriv Q-1/2008 Retningsliner for statstilskot til krisesentra og valdtektssentra og Rundskriv Q-22/2008 Retningsliner for statstilskot til incestsentra. Målsetjinga er ei styrking av rolla til vertskommunane og betre kostnadskontroll.

Tre fylke har opna eigne incestsentre i 2007. Dette er Nordland, Oppland og Buskerud. Sogn og Fjordane er no det einaste fylket utan incestsenter. I 2007 fekk incestsentra til saman 49,9 mill. kroner i statleg tilskot, 9,6 mill. kroner (23,7 prosent) meir enn i 2006.

I oktober 2007 opna eit nytt bukollektiv i Oslo. Bukollektivet skal ta imot og gi eit tilbod til minoritetskvinner på flukt frå familien grunna tvang, trugsmål eller vald, medrekna tvangsekteskap, anten før eller etter at ekteskap er inngått. Bukollektivet har den same finansieringsordninga som krise- og incestsentra.

Bufdir har òg i 2007 gitt krisesentra høve til å søkje om eigne midlar til tiltak for barn. Støtteordninga følgjer av regjeringa sin handlingsplan Vold i nære relasjoner (2004–2007). 27 krisesentre og Norsk krisesenterforbund fekk stønad gjennom ordninga. Om lag halvparten av midlane (55 prosent) vart nytta til ulike kompetansehevings- eller samarbeidstiltak. Resten blei nytta til trivselsfremmande tiltak.

Bufdir har i 2007 gitt 445 000 kroner i stønad til organisasjonar som arbeider med å førebyggje vald. Stønadsordninga er oppretta som eit ledd i oppfølginga av handlingsplanen mot vald i nære relasjonar.

Bufdir har hatt ansvaret for å følgje opp og rapportere om eit regionalt pilotprosjekt for utprøving av samarbeidsmodellar og -rutinar mellom krisesenter, barnevern og familievern. Prosjektet har som mål å styrkje den barnefaglege kompetansen på krisesentra. Prosjektet har tilrådd standardar for barn på krisesentra og presentert forslag til passande former for samarbeid for hjelpeapparatet. Tilrådingane skal gjerast tilgjengelege gjennom ei elektronisk handbok.

Nettverk for kvinner med funksjonshemming og rapporten frå Krisesentersekretariatet om valdsutsette kvinner med funksjonshemming frå 2006 konkluderer mellom anna med at det viktigaste hjelpetilbodet til valdsutsette kvinner med funksjonshemming er krisesentra, under føresetnad av at dei er tilrettelagde for denne målgruppa. Ifølgje rapporten har ikkje kommunane etablert eigne hjelpetiltak. Samstundes manglar det kunnskap i hjelpeapparatet om livsvilkåra til desse kvinnene og deira sårbarheit for vald og overgrep. Rapporten skal inngå som bakgrunnsmateriale for eit oppdrag til Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) i ny handlingsplan om vald i nære relasjonar (2008–2011), der ein skal innhente kunnskap og utarbeide forslag til tiltak for valdsutsette kvinner med nedsett funksjonsevne.

I krisesenterstatistikken til Statistisk sentralbyrå (SSB) vil det frå 2008 vere opplysningar om omfanget av kvinner med nedsett funksjonsevne som oppsøkjer krisesentra. Tala blir presenterte i statistikken for 2008. Bufdir har òg samordna informasjon med Husbanken om låneordningar som kan nyttast av krisesentra, og samarbeidd med Husbanken om kompetanse om universell utforming.

Bufdir kartla i 2006 tilgjenge i tilbodet ved norske krisesenter og samla funna i ein rapport som vart utgitt i 2007. Kartlegginga viste mellom anna at nærmare 80 prosent av krisesentra er døgnbemanna, eller tilnærma døgnbemanna. Ifølgje rapporten frå Bufdir er gjennomsnittleg reisetid til nærmaste krisesenter tre timar. Fem sentre har brukarar som bur i kommunar som ligg over 200 km unna. 18 sentre var tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne på kartleggingstidspunktet i 2006, medan 23 senter hadde planar om slik tilrettelegging. Kartlegginga viste også at litt over halvparten av krisesentra hadde ein eller fleire tilsette som arbeider særskilt med barn. Rapporten inngår i det utgreiingsarbeidet som går for seg i samband med ei lovfesting av krisesentertilbodet, jf. omtale nedanfor.

Bufdir har gjennomført ei kartlegging som viser at rundt 15 prosent av kvinnene som søkte tilflukt på eit krisesenter i 2006, vart avviste eller viste vidare til ein annan hjelpeinstans. Dei vanlegaste årsakene til avvising var at kvinnene hadde rusproblem og/eller store psykiske problem, eller dei hadde ikkje vore utsette for vald. Kartlegginga blir følgd opp som eit tiltak i ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar, der Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS) Sør mellom anna har fått i oppdrag å utarbeide rutinar for korleis krisesentra skal handtere kvinner med rus- og psykiske problem.

I tråd med handlingsplanen Vold i nære relasjoner (2004–2007) gjennomførte NKVTS i 2006 eit kompetansehevingsprogram for krisesentra og deira samarbeidspartnarar om arbeid med kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn. Som ei vidareføring av kompetansehevingsprogrammet har NKVTS utarbeidd ei rettleiing, lagd fram i februar 2008, som skal vere ein arbeidsreiskap for medarbeidarar ved krisesentra og tilsette i andre tenester som møter denne målgruppa. Tema i rettleiinga er kulturforståing, psykisk helse, vern og tryggleik og bruk av tolk i arbeidet. Meir spesifikke tema som tvangsekteskap, kjønnslemlesting og menneskehandel er òg omtalte.

I 2007 vart det sett i gang eit utgreiingsarbeid om lovfesting av krisesentertilbodet. I samband med dette er det sett i verk fleire forskings- og utgreiingsoppdrag som er med på å danne grunnlag for lovforslaget. NKVTS ferdigstilte i mars 2008 ein rapport som omhandlar kompetansen og tilgjenget ved dagens krisesenter. Rapporten gir ei oversikt over dei ulike brukargruppene ved krisesentra i dag, og drøftar vidare kvalitetskrav som bør stillast til tilgjenge i krisesentertilbodet ut frå behova til brukarane og potensielle brukarar.

På oppdrag frå BLD gjennomførte Vista Utredning AS i 2001 og 2004 undersøkingar av kostnadsmodellar for krisetiltak. Vista Utredning AS har oppdatert kostnadstala for krisesentra etter den modellen som vart lagd til grunn for rapporten i 2004. Denne rapporten var ferdigstilt i februar 2008.

Reform - ressurssenter for menn har hatt i oppdrag å utarbeide ein kunnskapsstatus om menn utsette for vald i nære relasjonar, som vart ferdigstilt i mai 2008.

Tabell 4.1 Talet på tilsette ved krisesentra fordelt på kvinner og menn i perioden 2005–2007

Tilsette kvinner/menn

2005

2006

2007

Kvinner

353

369

383

Menn

8

9

10

I alt

361

378

393

Note: Oversikten for 2005 og 2006 er utarbeida av Bufdir og byggjer på tal frå 49 av 51 krisesenter. Tala for 2007 omfattar alle 51 sentra og er utarbeida av SSB. I 2007 var det 481 frivillige tilsette ved krisesentra, av desse 3 menn.

Tabell 4.2 Aktiviteten ved krisesentra 2005–2007

2005

2006

2007

Talet på registrerte krisetelefonar

12 258

12 811

13 796

Talet på dagvitjing

7 550

8 817

7 640

Talet på personar som overnatta på krisesentra, av desse

3 365

3 387

3 217

-kvinner

1 867

1 899

1 790

-barn

1 486

1 488

1 420

-menn

12

0

7

Gjennomsnittleg opphaldstid på krisesentra for bebuarar (talet på døgn), av desse for

22

24

28

-kvinner med norsk bakgrunn

18

18

24

-kvinner med utanlandsk bakgrunn

32

31

34

Del av bebuarar med utanlandsk bakgrunn

51

56

58

Note: Nokre av tala for 2005 og 2006 er endra frå St.prp. nr.1 (2007–2008)

Tabell 4.3 Incestsentra. Tala på brukarar og tilsette fordelte på kvinner og menn i perioden 2005-2007

2005

2006

2007

Første gangs kontakt med med incestutsette kvinner/menn

Kvinner

1 485

1 610

1 462

Menn

442

450

501

I alt

1 927

2 060

1 963

Tilsette kvinner/menn

Kvinner

75

87

104

Menn

5

10

10

I alt

80

97

114

Note: Oversikten byggjer på tal frå 18 av 20 incestsentra.

Mindre vald mot kvinner og barn

Gjennomføring av tiltak i regjeringa sine handlingsplanar mot menneskehandel og vald i nære relasjonar

Gjennomføring av informasjonstiltak for å redusere etterspørsel og kjøp av seksuelle tenester

I juni 2006 lanserte BLD den treårige haldningskampanjen Stopp menneskehandel!. Målet med kampanjen er å hindre førstegongskjøp og redusere etterspørselen etter seksuelle tenester ved å spreie informasjon om samanhengen mellom sexkjøp og menneskehandel. Kampanjen blir gjennomført i samarbeid med mange aktørar, mellom desse skoleorgan, forsvaret, frivillige organisasjonar, fagorganisasjonar og det private næringsliv.

I skoleåret 2007/2008 vart det gjennomført eit informasjonsopplegg for tredjeklassingar på eit utval vidaregåande skolar i Oslo. Sexkjøp og menneskehandel er òg tekne inn som tema i etikkundervisninga ved krigsskolane i Noreg for skoleåret 2007/2008.

Pro Senteret held fram med eit undervisningsopplegg på dei vidaregåande skolane i Oslo som ønskjer undervisning i 2008. I tillegg vil det bli oppretta kontakt mot andre fylkeskommunar for å få formidla undervisningsopplegget til aktuelle samarbeidspartnarar i desse fylkeskommunane.

Norgestaxi Oslo AS har delteke i kampanjen sommaren 2006 og 2007 med bodskapen Sexkjøp kan være slavehandel. Kjøper du sex? på nakkestøttene. Undersøkingar viser at terskelen for å kjøpe sex ofte er lågare når ein er i utlandet. Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, som organiserer reisebyråa, samarbeidde derfor i 2007 med BLD for å nå ut til dei reisande med informasjon om samanhengen mellom menneskehandel og sexkjøp.

Det er oppretta ei eiga heimeside: stoppmenneskehandel.no for kampanjen. Vidare er nettsida sexhandel.no oppretta som ledd i kampanjen og skal mellom anna vere eit forum for nettdiskusjon.

I samarbeid med departementa det gjeld, mellom andre BLD, sette Justis- og politidepartementet i gang ei evaluering av ROSA-prosjektet (Reetablering, oppholdssted, sikkerhet og assistanse) i 2007. Krisesentersekretariatet sitt prosjekt ROSA er finansiert av Justis- og politidepartementet og tilbyr trygge bustader, oppfølging og informasjon til kvinner som er utsette for menneskehandel. Evalueringa vil inngå i vurderinga av tiltak for å gi trygge bustader på kort og lang sikt for kvinner og menn utsette for menneskehandel. I 2007 har krisesentra i hovudsak vore brukte som trygg bustad for dei som er innvilga såkalla refleksjonsperiode. Dette tilbodet er ikkje tilstrekkeleg, og alternative tilbod skal vurderast i 2008.

Gjennomføring av tiltak i regjeringa sin handlingsplan mot vald i nære relasjonar

Arbeidet med handlingsplanen Vold i nære relasjoner (2004–2007) vart avslutta i 2007. I desember 2007 lanserte regjeringa ein ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar, Vendepunkt (2008–2011), med 50 nye tiltak. BLD er ansvarleg for fleire av tiltaka som er sette i verk frå 2008.

NKVTS har på oppdrag frå departementa kartlagt hjelpe- og behandlingstilbodet til personar med valds- og aggresjonsproblem (NKVTS rapport 1/2007).

For ytterlegare omtale av oppfølging av tiltak i handlingsplanen, sjå omtale under krise- og incestsentra.

RVTS har som mål å styrkje den regionale kompetansen på valds- og traumefeltet permanent. Dei regionale ressurssentra må sjåast på som naturlege samarbeidspartnarar for krisetiltaka, og vil få oppdrag knytte opp mot ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar (2008–2011). RVTS - Region sør vart etablert som eit samarbeidsprosjekt mellom Bufetat region sør og Helse Sør RHF (no Helse Sør-Øst RHF) i 2007. Drifta av senteret er organisert som eit treårig prosjekt, og skal evaluerast etter prosjektperioden. Senteret var i full drift ved utgangen av 2007 og vart offisielt opna i april 2008.

Mål og strategiar

For 2009 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Krise- og incestsenter med god kvalitet og tilgjenge

Godt regelverk for krisesentra

Tryggleik mot kjønnslemlesting, tvangsekteskap og menneskehandel

Talet på gjennomførte tiltak i handlingsplanen

Krise- og incestsenter med god kvalitet og tilgjenge

Godt regelverk for krisesentra

Krisesentra gir råd, støtte og rettleiing til personar som har vore utsette for mishandling, vald og overgrep i nære relasjonar. Krisesentra tilbyr òg mellombels overnatting til valdsutsette kvinner og medfølgjande barn. Krisesentra er i all hovudsak offentleg finansierte.

I Soria Moria-erklæringa står det at regjerings partia vil lovfeste krisesentertilbodet. I 2007 vart det sett i gang eit utgreiingsarbeid om lovfesting av ei kommunal plikt for å sikre at personar utsette for vald i nære relasjonar får tilbod om hjelp i form av eit krisesenter eller tilsvarande trygg opphaldsstad, og samordna oppfølging frå andre delar av tenesteapparatet. Hovudmålsetjinga er å sikre eit godt hjelpetilbod til personar utsette for vald i nære relasjonar.

Evaluering av incestsentra

Incestsentra er eit støttetilbod på dagtid til kvinner og menn som har opplevt seksuelle overgrep, og til pårørande til utsette barn og ungdom. Fleire incestsenter gir også eit eige tilbod til barn og unge. Det skal i 2008/2009 gjennomførast ei evaluering av tilboda ved og organiseringa av incestsentra og samarbeidet deira med det offentlege hjelpeapparatet. Evalueringa skal òg omfatte den landsdekkjande hjelpetelefonen for incestoffer som vart etablert hausten 2006. Evalueringa skal danne grunnlag for å utvikle og forbetre incestsentertilbodet, slik at tilbodet best mogleg kan tilpassast behova til brukarane. Det skal i 2009 gjennomførast ein internasjonal konferanse om seksuelle overgrep mot gutar og menn. Det er eit mål i Soria Moria-erklæringa om å styrkje tilbodet til incestoffer. Evalueringa og konferansen vil representere eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet på området.

Eit godt tilbod til brukarar med særlege behov

Det er framleis eit mål å styrkje tilgjenget ved krisesentra og gjere krisesentra tilgjengelege og tilrettelagde for alle aktuelle brukargrupper, mellom anna ved å leggje til rette for brukarar med nedsett funksjonsevne. Bufdir skal vidareutvikle arbeidet for å nå dette målet, mellom anna ved eit samarbeid med Husbanken om låneordningar.

Det er eit mål at dei Regionale ressurssentra om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS) skal hjelpe krisetiltaka med kompetanseutvikling, informasjon, rettleiing og etablering av nettverk. På bakgrunn av kartlegginga til Bufdir av omfanget av kvinner som blir avviste ved krisesentra frå 2006, vil RVTS Sør særskilt vurdere rutinar for korleis krisesentra skal handtere valdsutsette kvinner med alvorlege rusproblem og/eller omfattande psykiske problem. Dette er eit tiltak i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar.

Som del av handlingsplanen mot vald i nære relasjonar har RVTS Øst fått i oppdrag å utarbeide eit program for kompetanseheving for krisesentermedarbeidarar. Programmet skal mellom anna byggje på rapporten frå 2008 frå NKVTS om kompetanse og tilgjenge ved krisesentra, og rapporten frå NKVTS om arbeid med valdsutsette kvinner med minoritetsbakgrunn.

Handlingsplanen mot vald i nære relasjonar

Det er eit mål å styrkje kunnskapen om vald i nære relasjonar og behovet for hjelpetilbod. NKVTS skal gjennomføre fleire forskingsoppdrag som del av handlingsplanen mot vald i nære relasjonar. Det gjeld oppdrag om valdsutsette kvinner med nedsett funksjonsevne og deira hjelpebehov, vald og overgrep mot menn i nære relasjonar og deira hjelpebehov, og årsakene til endringar i brukarsamansetjinga ved krisesentra.

Formidlinga av kunnskap frå det regionale samarbeidsprosjektet Barn som lever med vold i familien skal halde fram, med overføring av kunnskap mellom anna innanfor familievernet. Det skal setjast i gang arbeid med å utvikle eit prøveprosjekt for vidaregåande skole, med særleg vekt på familierelasjonar, kommunikasjon og handsaming av konfliktar. Prosjektet skal utviklast som eit samarbeid mellom familievernkontor og skole. I Soria Moria-erklæringa slår regjeringspartia fast at tilbodet om behandling til valdsutøvarar skal vidareutviklast og gjerast landsdekkjande. Dette arbeidet blir foreslått gitt eit betydeleg løft i 2009, og behandlingstilbodet til valdsutøvarar vil vere tilnærma landsdekkjande i løpet av 2009.

Tryggleik mot kjønnslemlesting, tvangsekteskap og menneskehandel

Sikre gjennomføring av handlingsplan mot kjønnslemlesting

Regjeringa lanserte 5. februar 2008 ein ny handlingsplan mot kjønnslemlesting (Q-1138B). Den nye handlingsplanen skal gjelde for perioden 2008–2011. Kjønnslemlesting strir mot grunnleggjande menneskerettar og bryt med retten for kvinner til å ha kontroll over sin eigen kropp og seksualitet. Hovudformålet med handlingsplanen er å hindre at unge jenter blir kjønnslemlesta.

Handlingsplanen skal styrkje den offentlege forankringa av arbeidet mot kjønnslemlesting. Planen består av 41 vidareførte og nye tiltak og er delt inn i seks hovudområde:

  • effektiv handheving av lovverk

  • auka kompetanse og kunnskapsformidling

  • førebygging og haldningsskapande arbeid

  • tilgjengelege helsetenester

  • styrkt sesongmessig innsats

  • styrka internasjonal innsats.

BLD har ansvaret for å koordinere oppfølginga av planen og leier ei interdepartemental arbeidsgruppe med seks samarbeidsdepartement. Det vil bli offentleggjort halvårsrapportar med oversikt over framdrift og status for dei enkelte tiltaka i handlingsplanen.

NKVTS skal fylle ein nasjonal kompetansefunksjon i arbeidet mot kjønnslemlesting. Senteret skal formidle kunnskap, vidareutvikle informasjonsmateriell, avdekkje kompetansebehov, drive kompetanseutvikling, byggje nettverk, utføre forskings- og utviklingsarbeid og ha ein generell rådgivings- og rettleiingsfunksjon overfor yrkesutøvarar på området kjønnslemlesting.

På grunn av auka reiseaktivitet i sommarhalvåret til område som praktiserer kjønnslemlesting, er det viktig å styrkje informasjonsarbeidet før sommarferien. Erfaringane frå 2007 og 2008 vil bli brukte for å vidareutvikle innsatsen før feriane i 2009.

Dei frivillige organisasjonane som arbeider mot kjønnslemlesting, gjer eit viktig førebygjande arbeid. Dei er i dialog med risikogruppene og er sentrale samarbeidspartnarar og brubyggjarar mellom minoritetsmiljøa og det offentlege tenesteapparatet. Den økonomiske støtta til frivillige organisasjonar som driv førebyggjande og haldningsskapande arbeid, vil bli vidareført i 2009. Det vart tildelt midlar til 11 prosjekt i 2008.

Funna til Institutt for samfunnsforsking (ISF) i rapporten Kjønnslemlesting i Noreg støttar opp om tiltaka handlingsplanen legg opp til, men ISF siktar til nokre forbetringsområde. Rapporten peiker mellom anna på at tverretatleg samarbeid og kompetansebyggjande tiltak i barnevernet, helsetenesta, skolar og barnehagar bør styrkjast. Bufdir får i 2009 vidareført oppdraget med å gjennomføre tverrfaglege regionale nettverks- og erfaringsutvekslingssamlingar.

For å få meir kunnskap om effekten av innsatsen mot kjønnslemlesting skal handlingsplanen følgjeevaluerast i planperioden. Grad av forankring og samarbeid i det offentlege tenesteapparatet, implementeringa av planen og effekten av enkelte tiltak og planen i sin heilskap skal særleg evaluerast.

Sikre gjennomføring av handlingsplan mot tvangsekteskap

Regjeringa la den 29. juni 2007 fram ein ny handlingsplan mot tvangsekteskap (Q-1131B). Den nye handlingsplanen gjeld for perioden 2008–2011. Styresmaktene har eit hovudansvar for å motarbeide tvangsekteskap, og ei overordna målsetjing i handlingsplanen er å styrkje den offentlege forankringa av dette arbeidet. Handlingsplanen omhandlar særleg rolla til skolen, utanriksstasjonane, behovet for trygge bustader og styrking av offentleg samhandling og kompetanse.

Handlingsplanen inneheld ei brei satsing mot tvangsekteskap som både skal ta vare på førebygging og sikre vern av dei som er utsette for slike overgrep. Planen består av 40 vidareførte og nye tiltak og har seks hovudmål:

  • Lovverket mot tvangsekteskap skal handhevast effektivt.

  • Tvangsekteskap skal førebyggjast.

  • Kompetanse og samarbeid skal styrkjast.

  • Hjelpetiltaka skal vere gode og tilgjengelege.

  • Internasjonal innsats og samarbeid skal styrkjast.

  • Kunnskap og forsking skal styrkjast.

BLD har ansvaret for å koordinere oppfølginga av planen og leier ei interdepartemental arbeidsgruppe med sju samarbeidsdepartement. Det vil bli offentleggjort halvårsrapportar med oversikt over framdrift og status for dei enkelte tiltaka i mars og oktober i planperioden.

Bufdir fekk i 2008 ansvaret for å gjennomføre fleire tiltak i handlingsplanen. Direktoratet vil få vidareført oppdraga i 2009. Det skal mellom anna gjennomførast tverrfaglege regionale nettverks- og erfaringsutvekslingssamlingar. I mai 2008 kom ISF-rapporten Et trygt sted å bo. Og noe mer. Rapporten gir viktig informasjon til det oppdraget direktoratet har med å etablere tilpassa butilbod for unge kvinner og menn som blir truga med eller utsette for tvangsekteskap.

Ordninga med refusjon av utgifter til heimsending der ungdom er vortne forsøkte tvangsgifte i opphavslandet til foreldra blir vidareført. Ordninga gjeld òg i tilfelle av kjønnslemlesting.

Drammen politistasjon og Drammen kommune starta i 2007 opp eit treårig tverrfagleg og tverretatleg pilotprosjekt om arbeidet mot æresrelatert vald, medrekna tvangsekteskap. Planen er at det skal opprettast tilsvarande pilotprosjekt i dei andre helseregionane i løpet av planperioden.

Målsetjinga med nettstaden tvangsekteskap.no er å synleggjere hjelpetilbodet for unge kvinner og menn som blir truga med eller er utsette for tvangsekteskap, slik at dei veit kven som kan kontaktast dersom dei treng hjelp eller råd frå hjelpeapparatet. Nettstaden skal òg gjere greie for kva for tiltak dei ulike instansane kan setje i verk. Nettsida er òg for dei som arbeider i hjelpeapparatet.

For å få auka kunnskap om effekten av innsatsen mot tvangsekteskap skal handlingsplanen følgjeevaluerast i planperioden. Graden av forankring og samarbeid i det offentlege tenesteapparatet, implementeringa av planen og effekten av enkelte tiltak og planen i sin heilskap skal særleg evaluerast.

Oppfølging av tiltaka til departementet i regjeringa sin handlingsplan Stopp menneskehandelen

BLD deltek i gjennomføringa av den treårige handlingsplanen mot menneskehandel som går ut i 2009. BLD vil vidareføre informasjonskampanjen mot etterspørsel etter seksuelle tenester som starta i 2006. Kampanjen vil bli tilpassa lovendringane om å kriminalisere kjøp av seksuelle tenestar. Ein tek sikte på at tilbodet om trygge bustader blir utvida i 2009. Det blir ført ein nær dialog med Husbanken og aktuelle kommunar, mellom anna Oslo, med sikte på å utnytte statlege verkemiddel og erfaringar knytte til ordningar for tilsvarande utsette grupper. I samråd med aktuelle departement vurderer BLD moglegheitene for å prøve ut andre mellombelse butilbod som eit supplement til krisesentra gjennom eit eige pilotprosjekt for personar som har søkt refleksjonsperiode.

I 2009 tek ein vidare sikte på å setje i gang tiltak for å styrkje kompetansen og kunnskapen ved krisesentra og andre butilbod til denne gruppa.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga vil bli nytta til finansiering av tiltak i regjeringa sine handlingsplanar mot kjønnslemlesting (2008–2011), tvangsekteskap (2008–2011), vald i nære relasjonar (2008–2011) og menneskehandel (2006–2009), og til andre valdsførebyggjande tiltak og tiltak for å betre kvaliteten og tilgjenget ved krisetiltaka mv. 4,75 mill. kroner er foreslått flytta til Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Justis- og politidepartementet, tilsvarande årleg finansieringsbehov knytt til gjennomføring av tiltaka i handlingsplanen mot kjønnslemlesting. Ein foreslår at 1,27 mill. kroner blir flytte til kap. 800 post 01 i samband med omgjering av mellombelse stillingar til faste stillingar i departementet.

Delar av midla blir forvalta av Bufdir.

Post 60 Tilskot til krisesenter, overslagsløyving

Mål

Tilskotsordninga skal finansiere alle krisesentra i landet og medverke til god kvalitet og godt tilgjenge. Målsetjinga er å hjelpe ofra og redusere omfanget av denne typen overgrep.

Tildelingskriterium

Vertskommunen for det einskilde senter skal godkjenne budsjettet og har ansvaret for økonomioppfølging. Det blir utarbeidd eigne retningslinjer for statstilskot til krisesentra i form av årlege rundskriv (Q-1/2007 Retningslinjer for statstilskudd til krisesentre og voldtektssentre i 2007). Statstilskotet er øyremerkt. Finansieringa er delt mellom kommunane og staten, slik at 20 prosent kommunalt tilskot utløyser 80 prosent statleg tilskot.

Oppfølging og kontroll

Krisesentra skal utarbeide årsrapport og statistikk for verksemda. SSB utarbeider årleg krisesenterstatistikk.

Budsjettforslag 2009

Løyvinga er foreslått auka med om lag 10 mill. kroner (6,5 prosent) frå saldert budsjett 2008. Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir.

Post 61 Tilskot til incestsenter, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer tilskot til incestsenter for incestutsette og pårørande til incestutsette barn. Tilskotsordninga forvaltast av Bufdir. Mål, tildelingskriterier og oppfølging og kontroll er tilsvarande som under post 60. Posten er auka med ca. 2,4 mill. kroner (4,4 prosent) frå saldert budsjett 2008. Det er lagt opp til omtrent uendra reelt nivå på utbetalingane frå 2008 til 2009.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under kap. 858 post 01

Løyvinga dekkjer mellom anna tilskot til NKVTS, Alternativ til Vold, tiltak mot kjønnslemlesting, Stiftelsen fellesskap mot seksuelle overgrep (FMSO) og hjelpetelefon for incestutsette. Tilskotet til Blålys – landsforening for seksuelt misbrukte vil bli vidareført. Midlane til FMSO og hjelpetelefonen blir forvalta av Bufdir. Dette gjeld òg delar av midlane til tiltak og prosjekt i regi av dei frivillige organisasjonane og andre som arbeider med tiltak som generelt førebyggjer bruk av vald i familien og heimen. Midlane til Bufdir skal og nyttast til tilskot til forsøks- og utviklingstiltak.

Løyvinga er prisomrekna frå 2008 til 2009.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

11 625

14 216

13 000

22

Opplæring, forsking, utvikling mv.

7 298

5 860

6 118

23

Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

5 555

5 794

6 049

70

Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 858 post 01

6 100

6 368

Sum kap. 841

24 478

31 970

31 535

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Ei god meklingsordning for foreldre ved samlivsbrot

Eit tilgjengeleg og kompetent meklingskorps

I 2007 vart det utført 17 252 meklingar. Det er 3 936 fleire meklingar enn året før. Den store auken i talet på meklingar kjem i hovudsak av at det frå 1. januar 2007 vart innført obligatorisk mekling ved samlivsbrot mellom sambuarar med felles barn under 16 år. 42 prosent av meklingane var i samband med separasjon eller skilsmisse. 26 prosent var i samband med samlivsbrot mellom sambuarar, medan 32 prosent var meklingar før barnefordelingssaker for retten. 24 saker vart sende attende frå retten. Familievernet utførte 11 381 meklingar. Familievernet sin del av meklingane varierer mellom fylka, frå 40 prosent til 100 prosent. Frå 2006 til 2007 auka familievernet sin del av meklingane frå 64 prosent til 66 prosent på landsbasis.

Meklingsinstansane har som mål å tilby foreldra time til mekling innan tre veker. I 19 prosent av sakene hadde foreldra første time same veke som dei bestilte mekling. 25 prosent hadde første meklingstime meir enn tre veker etter at mekling var bestilt. I 47 prosent av desse tilfella kjem ventetida av at foreldra ikkje ønskte å ha første time tidlegare, i 53 prosent av tilfella kjem ventetida av at meklar ikkje hadde tid før. Tala er baserte på statistikk utarbeidd av Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er store variasjonar i ventetida mellom fylka og mellom familievernkontora.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) arrangerte i 2007 tre innføringskurs for nye meklarar. I tillegg vart det arrangert fylkesvise faglege samlingar for meklarane.

Eit godt tilbod til foreldre med høgt konfliktnivå

Frå 1. januar 2007 vart timetalet for mekling lagt om for å gjere ordninga meir fleksibel og betre tilpassa dei einskilde sakene. Frå denne datoen er det ein time obligatorisk mekling og inntil sju timar mekling for foreldre som ønskjer det. 62 prosent av alle meklingane i 2007 vart avslutta etter den første obligatoriske timen. 34 prosent bruker to til fire timar, medan 3,5 prosent av foreldra bruker fem timar eller meir. Foreldre som meklar i samband med separasjon/skilsmisse eller brot mellom sambuarar, bruker færrast timar. Her blir 67 prosent av meklingane avslutta etter ein time. I underkant av tre prosent bruker fem timar eller meir. Dersom foreldre ikkje er samde om foreldreansvar, fast bustad eller samvær, må dei gå til retten for å få ei avgjerd. Før dette må foreldra mekle. I desse sakene meklar 53 prosent i ein time, 42 prosent bruker to til fire timar, mens 5 prosent bruker fem timar eller meir. Flest timar bruker foreldra der saka deira er send tilbake frå retten. Her bruker 21 prosent fem timar eller meir. 29 prosent bruker ein time.

Våren 2007 starta Universitetet i Oslo, på oppdrag frå departementet, opp eit prosjekt om metodeutvikling i meklingar som er prega av eit høgt konfliktnivå. Prosjektet blir avslutta i 2009.

Eit foreldreskap som oppmuntrar til mykje kontakt med begge foreldre

Brei gjennomgang av lov om barn og familie

Eit nytt barnelovutval vart oppnemnt i statsråd 18. januar 2007. Utvalet vart leia av professor dr. jur Asbjørn Strandbakken og er elles sett saman av personar frå ulike fagmiljø. Interesseorganisasjonane Foreningen 2 Foreldre og Aleneforeldreforeningen var òg med i utvalet.

Utvalet fekk i mandat å vurdere endringar i reglane i barnelova om foreldreansvar, bustad og samvær. Målsetjinga med gjennomgangen var å vurdere endringar av barnelova i eit perspektiv der begge foreldre er like viktige for barnet, og der ein søkjer å støtte opp under ei utvikling i samfunnet der tid, ansvar, omsorg og råderett til begge foreldra over vesentlege sider ved livet til barnet står sentralt.

Ifølge mandatet skulle utvalet ta utgangspunkt i at FNs barnekonvensjon er innarbeidd i norsk lov, og at det som er til beste for barnet, skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar som gjeld barn.

Utvalet hadde sitt første møte 12. april 2007, og la fram arbeidet sitt for BLD i form av ein NOU den 29. april 2008. Forslaget frå utvalet er omtalt under Mål og strategiar.

Utgreiing av tiltak for å minske konfliktnivået i delte familiar

Det er sett i gang eit forskingsprosjekt om barn som har liten eller ingen kontakt med den eine av foreldra. Målet er å få meir kunnskap om desse barna mellom anna som grunnlag for å vurdere ulike regelverk. Dei to første delane av prosjektet, nye analysar av samvær, bidragsundersøkinga og ein litteraturgjennomgang, skal etter planen avsluttast ved utgangen av 2008, og den siste delen, ei kvalitativ undersøking, skal avsluttast sommaren 2009.

Ivaretaking av rettane til barn i delte familiar

Evaluering av dei nye saksbehandlingsreglane i lov om barn og foreldre

Med verknad frå 1. april 2004 vart det innført nye saksbehandlingsreglar i barnefordelingssaker. Dommaren kan, etter dei nye reglane, bruke barnefagleg kompetente personar på ein meir målretta måte for å hjelpe foreldra til å komme fram til avtaleløysingar. Aldersgrensa for høyring av barn vart samtidig senka frå 12 til sju år. Reglane har som hovudmålsetjing å sikre barnet sitt beste.

Psykologspesialist Katrin Koch leverte i mars 2008 ein rapport som evaluerer dei nye reglane. Evalueringa viser at det har skjedd ein sterk auke i bruken av sakkunnige for domstolane, og at nær 80 prosent av barnefordelingssakene blir løyste ved at foreldra blir einige. Evalueringa viser positive trekk, som at barn blir høyrde frå sjuårsalderen. Ho viser vidare at dommarar, advokatar og sakkunnige i hovudsak er nøgde med endringane og arbeidet som blir gjort av dei andre aktørane. Rettsaktørane påpeiker likevel utfordringar knytte til roller, fagetikk og saksbehandling. Foreldra er meir nøgde med prosessen i retten enn tidlegare, og synest at dei i større grad får hjelp til å finne ei løysing. Når det gjeld konfliktutvikling i ettertid, er det ei positiv utvikling ved at fleire foreldre rapporterer om uendra konfliktnivå, og at færre vurderer konfliktnivået som forverra. Fleire foreldre i 2005 enn i 2002 oppgir likevel at saka deira har vorte behandla på nytt, og halvparten av desse sakene har òg vorte behandla tidlegare. Sjå meir om evalueringa under Mål og strategiar.

Saksmengda for domstolane har auka i samband med regelverksendringane. Dette kjem mellom anna av bortfall av saksbehandling hos fylkesmannen og ein senka terskel for å reise sak for domstolane.

God kunnskap og informasjon om barn og samlivsbrot

Alternativ til Vold fekk i oppgåve å utarbeide skriftleg informasjonsmateriale om skadeverknader av vald, mellom anna ved å vere vitne til vald, og handsaming av barnefordelingssaker der det er mistanke om slike forhold. Informasjonsmaterialet vil bli brukt i eit informasjonshefte som departementet sender til domstolane og andre.

Ei god bidragsordning som byggjer på ansvaret til begge foreldra for å forsørgje og oppdra eigne barn

Følgje opp stortingsmeldinga som evaluerer 2003-reforma

St.meld. nr. 19 (2006–2007) Evaluering av nytt regelverk for barnebidrag vart lagt fram for Stortinget i desember 2006 og behandla våren 2007. Departementet sende ut forslag til endringar i regelverket på alminneleg offentleg høyring våren 2008 og la fram Ot.prp. nr. 69 (2007–2008) Om lov om endringar i barnelova mv. (barnebidrag og reisekostnader ved samver) for Stortinget 20. juni 2008, sjå nærmare omtale under Mål og strategiar.

God kunnskap på barnebidragsfeltet

I samband med arbeidet med St.meld. nr. 19 (2006–2007) utarbeidde departementet, i samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet, ein god statistikk på barnebidragsfeltet. Dette gjaldt både statistikk som primært vart brukt til å betre servicen til brukarane og i styringa av etaten, men også statistikk om utviklinga av økonomi og samvær i dei familiane som får bidraga sine fastsette av det offentlege. Etter at arbeids- og velferdsetaten (NAV) produksjonssette den nye IKT-løysinga for bidragsområdet i april 2006, har det vore problem knytte til statistikkproduksjonen og informasjon om utviklinga. Det blir arbeidd systematisk med tiltak og forbetringar, slik at løpande statistikk igjen kan framskaffast.

Eit viktig resultat av bidragsreforma er den sterke auken i talet på foreldre som avtaler barnebidraget privat. Auken er frå om lag 10 prosent i 2002 til om lag 40 prosent av alle bidragsforhold i 2005/2006. Det er grunn til å tru at denne utviklinga vil halde fram, og at det offentlege systemet i framtida vil handsame ein mindre del av den totale mengda barnebidrag. Administrative data må derfor supplerast med anna kunnskapsinnhenting. Departementet har bedt SSB om regelmessige rapportar som gjer det mogleg å følgje med på utviklinga av samvær og bidrag som omfattar alle aktuelle familiar, også den aukande delen familiar med private avtalar.

Kunnskapstilfanget som ligg til grunn for stortingsmeldinga, byggjer i stor grad på forsking og utgreiing. Kunnskapen baserer seg til stor del på to surveyundersøkingar gjennomførte av SSB om samvær og bidrag høvesvis hausten 2002, det vil seie før reforma, og hausten 2004. Hovudrapportane frå det omfattande prosjektet kom hausten 2005. Som i 2006 har SSB òg i 2007 utdjupa funna frå prosjektet i følgjande rapportar og artiklar: Gikk barnebidragene ned etter bidragsreformen?, Barna ser minst til fedre med lav inntekt og Bidrag før og etter reformen. Artiklane tek mellom anna for seg om det var endringar i betalt og motteke bidrag, og kva for faktorar som har betyding for endringa, som kjem av omfanget av samværet og forholdet mellom inntektene til foreldra.

SSBs hovudrapport, som skal samanlikne den økonomiske situasjonen til samværsforeldre og omsorgsforeldre før og etter bidragsreforma, er planlagt publisert hausten 2008.

Arbeidet med stortingsmeldinga har vist at det er behov for meir kunnskap om dei barna som har svært liten kontakt med den av foreldra som ikkje er ein del av det daglege livet til barnet. Det er sett i gang eit forskingsprosjekt om dette, jf. nærmare omtale under resultatmål Utgreiing av tiltak for å minske konfliktnivået i delte familiar.

Det er behov for kunnskap om korleis barnefamiliar med ein annan kulturell bakgrunn enn den norske taklar foreldrebrot, og om desse familiane får tilstrekkeleg hjelp frå det offentlege apparatet. Det er sett i gang eit forskingsprosjekt som tek opp desse problemstillingane, sjå nærmare omtale under kap. 846.

NAV legg vekt på å gi brukarane nødvendig informasjon om regelverket slik at fleire foreldre skal avtale bidraget seg imellom utan hjelp frå det offentlege. Statistikk frå NAV viser at det er stadig færre saker i det offentlege systemet, noko som truleg har si årsak i at fleire vel privat avtale utan offentleg innkrevjing.

Tabell 4.4 Talet på bidragspliktige og bidragsmottakarar fordelt på kjønn per 31. mars 2002–2004, 2007 og 20081

Menn

Kvinner

Kjønn ikkje oppgitt

Bidragspliktige

2002

112 068

11 177

5 154

2003

110 878

11 720

5 466

2004

95 900

9 082

5 301

2007

86 706

8 183

5 737

2008

82 421

7 554

5 671

Bidragsmottakarar

2002

12 321

121 316

1 695

2003

12 300

120 512

1 738

2004

9 576

105 821

1 653

2007

8 720

98 014

1 233

2008

8 088

93 795

1 176

1 Statistikken frå arbeids- og velferdsdirektoratet omfattar ikkje gruppa av bidragspliktige /bidragsmottakarar som har inngått privat avtale og utan offentleg innkrevjing. Tala på kvinner og menn er ufullstendige sidan det ikkje er oppgitt kjønn i alle tilfelle, dette kjem av utanlandske personar utan norsk fødselsnummer.

Det var 95 646 bidragspliktige og 103 059 bidragsmottakarar ved utgangen av mars 2008. Talet på både bidragspliktige og bidragsmottakarar var aukande fram til 2003, da bidragsreforma vart iverksett. I samband med regelverksendringane oktober 2003 var det ein stor nedgang i talet på saker. Dette hadde samanheng med at mange valde å inngå private avtalar utan offentleg innkreving. Ein reknar med at den årlege reduksjonen i talet på bidragspliktige og bidragsmottakarar kjem av same grunn.

Sikker fastsetjing av farskap etter barnelova

Dekkje kostnadane ved DNA-analysar rekvirerte av domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet

I 2007 utførte Rettsmedisinsk institutt (RMI) ved Universitet i Oslo 1 404 DNA-analysar, på nivå med tidlegare år.

Mål og strategiar

For 2009 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Stabile samliv

Tilbod om samlivskurs

Tal på gjennomførte kurs

Ivaretaking av barna sitt beste

Godt regelverk for delte familiar

Godt regelverk for fastsetjing av farskap og morskap

Fleire avtaleløysingar mellom foreldre utan bruk av domstolane

Likestilt foreldreskap og styrka samarbeid mellom foreldre som er i konflikt

Ei god meklingsordning for foreldre ved samlivsbrot

Ei god bidragsordning som byggjer på foreldra sitt ansvar for saman å forsørgje og ta omsorg for eigne barn

Stabile samliv

Tilbod om samlivskurs

Samlivskurs er etterspurde på lokalplan, og mange ulike aktørar held kurs baserte på ulike kursmodellar. Felles for dei er ei målsetjing om å utvikle og ta vare på eit godt samliv og førebyggje kriser i parforhold. Kursa skal ikkje ha karakter av behandling, men ta opp vanlege problem i parforhold. Det blir òg avsett midlar til fagleg utviklingsarbeid på området. Målsetjinga er å sikre kvaliteten på samlivskurs og utvikle samlivstiltak retta mot andre grupper enn dei tradisjonelle målgruppene, som likekjønna par, framandkulturelle par mv.

Norsk og internasjonal forsking syner at likestilt praksis i heimen og familien medverkar til å skape meir robuste samliv og dermed å redusere talet på samlivsbrot. Ei styrking av farsrolla er ein føresetnad for eit likestilt foreldreskap. Av løyvinga skal derfor 3 mill. kroner nyttast til tiltak for å fremme likestilling mellom foreldre, herunder mannsretta tiltak, for eksempel pappagrupper, og kompetanseoppbygging for meklarar. Retningslinene for tilskotsordninga vil bli revidert.

Ivaretaking av barna sitt beste i delte familiar

Godt regelverk for delte familiar

Barnelovutvalet som vart oppnemnt hausten 2006, leverte si utgreiing NOU 2008:9 Med barnet i fokus – en gjennomgang av barnelovens regler om foreldreansvar, bosted og samvær 29. april 2008.

Barnelovutvalet har vurdert endringar i barnelova sine reglar om foreldreansvar, bustad og samvær. Etter mandatet til utvalet er hovudmålsetjinga med gjennomgangen å vurdere endringar i barnelova i eit perspektiv der begge foreldra blir sett på som like viktige for barnet, og der ein søkjer å støtte opp under ei samfunnsutvikling der begge foreldra si tid, ansvar, omsorg og medråderett over vesentlege sider ved livet til barnet står sentralt. Utvalet har ei rekkje forslag til endringar i barnelova. Blant dei mest sentrale er:

  • Retten til å bestemme innanlands flytting med barnet blir lagt inn under foreldreansvaret. Ved felles foreldreansvar må derfor foreldra etter eit samlivsbrot vere einige dersom flytting med barnet skal kunne skje. Samtykke blir kravd berre der ei samværsordning er etablert. Dessutan skal flytting kunne skje om dette er til beste for barnet. Utvalet foreslår òg at flyttespørsmålet skal kunne prøvast rettsleg dersom foreldra ikkje maktar å bli samde.

  • Samværsnorma i barnelova, som gjeld for foreldre som avtaler vanleg samværsrett, blir foreslått å omfatte totalt fem overnattingar per 14 dagar. Det blir vidare foreslått at vanleg fordeling av sommarferie blir tre veker hos kvar av foreldra, medan talet på feriar blir utvida til òg å inkludere haust- og vinterferiar.

  • Foreldre må stå fritt til å bli samde om den bustadløysinga som høver dei og barnet best. Det skal ikkje vere noko lovregulert utgangspunkt om bustaden til barnet etter eit samlivsbrot. Det blir foreslått at domstolane skal kunne idømme delt bustad.

  • Det blir foreslått å endre reglane om helsehjelp til barnet, slik at det skal vere tilstrekkeleg med samtykke frå éin forelder når helsehjelp til barnet synest naudsynt.

NOU-en har vore på allmenn høyring, med høyringsfrist 1. september 2008.

Evalueringa av sakshandsamingsreglane for domstolane, som er nærmare omtalt under resultatrapporteringa, må tolkast slik at prosessen i domstolane har vorte betre etter endringane i regelverket. Dei nye sakshandsamingsreglane gir gode rammer for handsaminga av barnefordelingssaker, men inneber nye og krevjande roller for dommarane, dei sakkunnige og advokatane og aktualiserer viktige fagetiske dilemma. Både dommarar, advokatar og sakkunnige har framheva at det kan vere ein fare for tilsløring under dei nye reglane, slik at viktige opplysingar om vald, rus eller personlege forhold ikkje kjem fram. Vidare at sakshandsaminga er løysingsorientert slik at det er ein fare for at ueigna saker blir søkte mekla, og for utøving av utidig press. Det er òg store skilnader i måten sakene vert handsama av domstolane og dommarane.

Departementet sende hausten 2008 ut eit rundskriv til domstolane med fleire der vi framheva viktige funn i evalueringa og mellom anna kom med anbefalingar knytte til tilrettelegging av saka og verkemiddelbruk. Rundskrivet har som mål å bidra til ei betre og meir einsarta praktisering av regelverket.

Departementet har tidlegare halde og vore bidragsytar til kurs for dommarar, advokatar og sakkunnige og har nyleg gitt ut eit informasjonshefte om skadeverknadene av vold og overgrep og handsaminga av desse sakene. Departementet vil bidra til at det blir gjennomført ytterlegare kompetanseheving for rettsaktørane. Departementet vil òg nytte andre verkemiddel for å fremme vidareutvikling av innhaldet i rollene til rettsaktørane og fagetikk.

Departementet vil òg sjå nærmare på kjenneteikn ved gjengangar sakene for domstolane og søkje å målrette tiltak inn i mot desse sakene.

Godt regelverk for fastsetjing av farskap og morskap

Regjeringa oppnemnde våren 2008 eit lovutval som skal vurdere endringar i barnelova sine føresegner om farskap og morskap og eventuelle konsekvensendringar i andre føresegner i barnelova og eventuelt andre lover. Målsetjinga er å tilpasse lova til den utviklinga som har skjedd i familiemønstra, høve for assistert befruktning og høve for sikker fastsetjing av farskap. Utvalet skal leggje vekt på barnet sitt beste, og ta hand om heilskapsperspektivet og i høve til dei andre føresegnene i lova. Utvalet skal leggje vekt på at FNs barnekonvensjon er innarbeidd i norsk lov, og at barnet sitt beste skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar som rører ved barn.

Utvalet skal leggje fram sitt arbeid i form av ein NOU innan 1. mars 2009. Departementet vil sende utgreiinga på allmenn høyring.

Fleire avtaleløysingar mellom foreldre utan bruk av domstolane

Det synest å vere ei utfordring å sikre at fleire saker som høver for det, blir løyste gjennom utanrettsleg mekling i regi av familievernkontora som eit alternativ til at foreldra reiser sak for retten. Fordelane vil mellom anna vere at foreldra raskare kan få til ein avtale om barna utan at konflikten blir eskalert og utan økonomiske omsyn.

Departementet og Bufdir vil arbeide vidare med tiltak som kan gjere det meir attraktivt for foreldra å nytte meklingsapparatet i regi av familievernkontora for å kome fram til avtaleløysingar.

Bufdir har nyleg overteke det heilskaplege ansvaret for opplæring av meklarane, noko som vil vere ein styrke når det gjeld god og einsarta kompetanseheving hos meklarane. Resultata frå implementeringa av det pågåande prosjektet Metodeutvikling i saker med høyt konfliktnivå, som blir ferdigstilt i 2009, vil òg vere viktige for å utvikle kompetansen hos meklarane og gjere desse betre eigna til å handsame krevjande saker. Det vil vidare bli utarbeidd informasjon til foreldra og andre som synleggjer fordelane ved å bli samde utan å reise sak for domstolane. Innretninga på den første obligatoriske meklingstimen vil vere særleg viktig for å få foreldra til å nytte familievernkontoras tilbod om vidare frivillig mekling ved familiekontora. Det vil bli gjennomført prosjekt for å sjå verknaden av ulike tilnærmingar i det første møtet med foreldra, noko som igjen kan føre til regelverksendringar og/eller endringar i praktiseringa av regelverket.

Departementet vil, på bakgrunn av ei nærmare kartlegging av verknaden av endringane i meklingsordninga, vurdere behovet for fleire tiltak og eventuelle lovendringar.

Likestilt foreldreskap og styrkt samarbeid mellom foreldre som er i konflikt

Ei god meklingsordning for foreldre ved samlivsbrot

Departementet har sett som mål at foreldre som hovudregel ikkje skal vente meir enn tre veker før dei får tilbod om første meklingstime, og at meklingsapparatet skal vere så godt utbygt at foreldre ikkje skal måtte reise meir enn to timar frå siste felles bustad.

Frå 2007 vart meklingsordninga lagd om for å bli meir fleksibel og betre tilpassa dei einskilde sakene. Departementet vil følgje utviklinga vidare og søkje å kartleggje verknadene av omlegginga.

Departementet har tildelt midlar til eit prosjekt i regi av Universitetet i Oslo som har som mål å utvikle metodar for mekling i særleg konfliktfylte saker. Prosjektet blir avslutta i 2009.

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) har ansvaret for opplæring av meklarane. Dei skal gjennomføre minst ei fagleg samling for meklarane i året. Dei arrangerer òg innføringskurs for nye meklarar.

Ei god bidragsordning som byggjer på foreldra sitt ansvar for saman å forsørgje og ta omsorg for eigne barn

St.meld. nr. 19 (2006–2007), som evaluerer bidragsreforma av 2003, vil bli følgt opp med dei naudsynte lov-, forskrifts- og praksisendringane med atterhald om Stortingets handsaming av dei årlege budsjettforslaga. Endringar i barnelova vart fremma i Ot.prp. nr. 69 (2007–2008) Om lov om endringar i barnelova mv. (barnebidrag og reisekostnader ved samvær). Det vil òg bli lagt vekt på å betre informasjonen om regelverket. Arbeidet med sikte på at fleire foreldre skal avtale bidraget privat utan offentleg medverknad, vil halde fram.

Arbeidet med å greie ut spørsmålet om stans av økonomiske overføringar og ytingar, mellom anna barnebidrag, som eit verkemiddel for å forhindre barnebortføring og framskunde tilbakeføring av barn, vil halde fram.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Posten omfattar godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekning av reiseutgifter i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter ikkje fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter tilsvarande satsar som for fri rettshjelp. Stortinget fastset satsen etter forslag frå Justis- og politidepartementet. Satsen er foreslått til 870 kroner frå 1. januar 2009. Ordninga blir forvalta av Bufdir.

Løyvinga er redusert med om lag 1,2 mill. kroner frå 2008 til 2009.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling mv.

Posten omfattar midlar til opplæring av nye meklarar og til kompetanseutvikling for meklarkorpset. Bufdir forvaltar midlar til opplæring av meklarar. Midlane under posten skal mellom anna nyttast til oppfølging av evaluering av nye sakshandsamingsreglar i barnefordelingssaker, og forskingsprosjekt om barn som har lite kontakt med ein av foreldra, og mekling i konfliktfylte saker.

Løyvinga er prisomrekna frå 2008 til 2009.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Rettsmedisinsk institutt ved Universitetet i Oslo utfører alle DNA-analysar rekvirerte av domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet ved fastsetjing av farskap, og departementet refunderer utgiftene dette medfører. Utgiftene til DNA-analysar følgjer automatisk av reglane i barnelova om fastsetting og endring av farskap.

Løyvinga er prisomrekna frå 2008 til 2009.

Post 70 Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 858 post 01

Posten dekkjer tilskot til lokale samlivskurs og utviklingstiltak. 3 mill. kroner er øyremerkte tiltak for å fremme likestilling mellom foreldre, herunder mannsretta tiltak, for eksempel pappagrupper, og kompetanseoppbygging for meklarar. Midlane blir forvalta av Bufdir.

Løyvinga er prisomrekna frå 2008 til 2009.

Kap. 842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

181 175

170 036

189 642

21

Spesielle driftsutgifter

4 377

4 900

5 116

70

Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01

106 878

113 562

120 259

Sum kap. 842

292 430

288 498

315 017

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Ei velfungerande familievernteneste

Høg kompetanse og god kvalitet i tenesta

Leiaropplæring

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) har eit særskilt ansvar for å halde oppe høg fagleg kompetanse i familieverntenesta. Bufdir organiserte i 2007 eit kompetansetiltak for leiarane ved familievernkontora i heile landet. Eitt av tema var arbeid med likekjønna par, med innføring i livssituasjonen til homofile og lesbiske, og utfordringar for familievernet i møte med desse klientgruppene. Kurset var utvikla av Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjering (LLH). Det vart òg gitt ei innføring om tvangsekteskap. Utlendingsdirektoratets kompetanseteam mot tvangsekteskap var samarbeidspartnar for denne delen.

Brukarretta kvalitetsutvikling

Bufdir har vidareført arbeidet med å utvikle ein modell for brukarretta kvalitetsutvikling i familievernet, slik at denne kan nyttast i forbetringsarbeid på ein systematisk måte. For å sikre god kvalitet for brukarane er det under utvikling eit system for brukarundersøkingar og retningslinjer for systematisk bruk av tilbakemeldingar frå klientar. Halvparten av kontora har allereie rutinar for ein slik praksis. Det vart arbeidd med å utvikle og gjennomføre regelbundne undersøkingar om klientane er nøgde med behandlinga i familievernet. Arbeidet blir vidareført i 2008.

Departementet har i 2007 utarbeidd nye retningslinjer for det tilsynet fylkesmannen har med familievernkontora. Dei nye retningslinjene gjeld frå 1. januar 2008.

Eit godt tilbod til familiar med særskilde behov

Arbeidet med utvikling og spreiing av kompetanse om vald i nære relasjonar og om barn som er vitne til vald, er vidareført i 2007. Det er mellom anna utvikla ein behandlingsmanual for arbeid med barn som har vore vitne til vald, og ei handbok om betre fagleg hjelp til barn på krisesenter. Ei utfordring i alt klientretta arbeid knytt til valdsproblematikk er at dette er svært ressurskrevjande for dei tilsette, og medverkar derfor til den stramme ressurssituasjonen i tenesta.

Regnbueprosjektet, forankra ved Sentrum Familiekontor i Oslo, har vore familievernets hovudsatsing på førebyggjande familiearbeid med minoritetsfamiliar.

Prosjektperioden vart avslutta i 2007 med evaluering gjord av Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA). Evalueringa synte at alle partar ser svært positivt på tiltaket og har svært gode røynsler frå dei ulike tilboda. Prosjektet har lært opp 48 personar. Av desse er 27 kvinner og 21 menn med minoritetsbakgrunn som gruppeleiarar i førebyggjande familiearbeid. 17 av desse har sjølve halde familiekurs for til saman 560 foreldre.

Det har òg vorte sett i gang eit pilotprosjekt for å kartleggje korleis familievernkontora kan nyttast i arbeidet mot tvangsekteskap. I alle regionar i etaten er det familievernkontor som samarbeider aktivt med flyktningtenesta, innvandrarråd, vaksenopplæring og asylmottak.

Bufetat registrerer ikkje par etter seksuell legning, men ein har erfaring for at familievernet mottek ei aukande mengd likekjønna par til terapi og rettleiing.

Det har òg vorte utarbeidd ein versjon av samlivskurset Godt samliv! – parkurs for førstegongsforeldre tilpassa likekjønna par. Det vart tilbydd kurs for homofile og lesbiske foreldre i alle regionar, og gjennomført kurs i Oslo, Bergen og Tromsø.

Arbeidet i familievernet med samlivskurs for foreldre med barn med nedsett funksjonsevne er nemnt i kap. 830.

Gjere familievernkontora meir tilpassa behova til menn

Bufdir har, i samarbeid med regionane, starta eit arbeid med sikte på at både kvinner og menn skal kjenne at de blir tekne vare på, og ha nytte av dei tilboda som familievernkontora gir. Det har vorte lagt vekt på terapi/rettleiing, mekling, utadretta verksemd og informasjonsarbeid.

Det er òg utvikla fleire tilbod til menn. Nokre kontor har tilbod om grupper for menn etter samlivsbrot, gruppetilbod for fedrar innanfor ramma av Foreldrerettleiingsprogrammet, og det er gjennomført temakveldar for menn.

Bærekraftige familier – likestilte livsløp, er eit prosjekt igangsett av Arbeidsforskingsinstituttet i samarbeid med Nordisk Institutt for kunnskap om kjønn. Prosjektet starta i 2007 og har som mål å auke menns deltaking i familieliv og barneomsorg. Prosjektet inneber eit nært samarbeid med lokale bedrifter, og med Odda familiekontor og kirkens familievernkontor i Asker og Bærum.

Prosjektet Adam – kor er du? i Egersund, som vart avslutta som prosjekt i 2007, har òg fokusert på menn og deira rolle i parforhold og omsorg for barn.

Avklare forvaltingsordning for dei private familievernkontora i lys av eventuell ny eigarstruktur

Dei 22 kyrkjelege familievernkontora har gjennom interesseorganisasjonen Kirkens Familievern (KF) i dei seinare åra arbeidd for felles organisering og ny eigarstruktur. Våren 2007 vart det starta forhandlingar mellom Bufdir og KF/Diakonhjemmet, som KF hadde valt som partnar for ein eventuell fusjon. Forhandlingane førte ikkje til semje mellom partane. Det er viktig at Bufdir held fram sitt samarbeid med KF innanfor dei fullmakter organisasjonen er gitt av medlemmane sine.

Departementet held ved lag sine avtalar med dei kyrkjelege familievernkontora og vil halde fram arbeidet med å utvikle samarbeidsrutiner innanfor lov om familieverntenester og dei rammer avtalane fastset.

God dokumentasjon av og informasjon om tenesta

I 2007 vart arbeidet med utvikling av eit nytt dataprogram for familievernet sluttført. Det nye programmet Fado vart sett i drift 1. januar 2008. Krav i nye forskrifter om journalføring frå 2008 er innarbeidde. Alle tilsette har fått opplæringskurs.

For å auke kjennskapen til familieverntenesta har Bufdir utarbeidd ein informasjonsplan med prioriterte tiltak. Eit anna siktemål med planen er å alminneleggjere samlivsvanskar og senke terskelen for å søkje hjelp for slike.

Av tiltaka som vart starta i 2007, kan nemnast utarbeiding av rutinar for systematisk informasjonsarbeid lokalt, regionalt og nasjonalt, kurs for leiarane ved kontora om praktisk kommunikasjonsarbeid og lokale informasjonstiltak overfor samarbeidspartnarar og andre delar av hjelpeapparatet.

Årsrapporten for 2007 frå Bufetat viser at det vart gjennomført 101 129 konsultasjonar i 2007, av desse var 83 710 knytte til behandling og 17 419 meklingar. 77 prosent av tidsbruken i familievernet på landsbasis går til behandlingssaker, 13 prosent til mekling og 10 prosent til førebyggjande verksemd. Det har vore ein samla auke i nye og avslutta saker i familievernet i 2007 på 4,9 prosent. Denne auken kjem i hovudsak av at det er innført pliktig mekling for sambuarar ved samlivsbrot når dei har felles barn under 16 år.

Tilsette og leiarar i familievernet fordelte på kjønn

Ved årsskiftet 2006, 2007 og 2008 var det høvesvis 364 (74 prosent), 331 (73 prosent) og 325 (73 prosent) kvinnelege tilsette i familievernet. Tilsvarande tal for menn var 128 (26 prosent), 123 (27 prosent) og 120 (27 prosent). Talet på leiarar var 33 (53 prosent), 34 (55 prosent) og 36 (57 prosent) kvinnelege leiarar og 29 (47 prosent), 28 (45 prosent) og 27 (43 prosent) mannlege leiarar.

Tala viser at menn er underrepresenterte blant dei tilsette i tenesta under eitt, medan kjønnsfordelinga er jamnare på leiarnivået.

Mål og strategiar

For 2009 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Ei velfungerande og tilgjengeleg familievernteneste

God kapasitet i tenesta

Tal på klientar og ventetid

Eit nyttig og relevant tilbod til brukarane

Brukarundersøkingar

Ei velfungerande og tilgjengeleg familievernteneste

Familievernet er ei spesialteneste og eit lavterskeltilbod som arbeider med familierelaterte problem. Det er 64 familievernkontor spreidde over heile landet. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien, og mekling etter ekteskapslova § 26 og barnelova § 51. Familievernkontora driv òg utadretta verksemd: rettleiing, informasjon og undervisning retta mot hjelpeapparatet og publikum.

Familieverntenesta medverkar til stabilitet og kvalitet i par- og familieforhold og til å alminneleggjere samlivsproblem, slik at fleire søkjer hjelp for slike problem. Vanskar i familien kan vekse seg unødig store dersom hjelpa ikkje blir gitt på eit tidleg stadium. Hjelp frå familievernet så tidleg som mogleg har òg eit førebyggjande barnevernsperspektiv.

Bufdir vil i 2009 utarbeide og iverksetje ein strategi for å rekruttere fleire menn til familivernet.

God kapasitet i tenesta

Aktiviteten i familievernet har auka mykje i dei siste åra, både når det gjeld behandling, rådgiving og mekling. Særleg har talet på nye meklingssaker auka, noko som mellom anna kjem av at det er innført obligatorisk mekling for sambuarar ved samlivsbrot. Familievernet har ein viktig funksjon når det gjeld å avdekkje og behandle saker som handlar om vald. Slike saker er ressurs- og tidkrevjande. Bemanninga i familievernet har ikkje auka like mykje som sakstilfanget. Mange familievernkontor har lange ventelister for tilbod om time for rådgiving og terapi. Ved mange kontor er det vanskeleg å gi tilbod om time innan tre veker frå påkrav om mekling er sett fram, slik det er krav om. Dette kravet blir innfridd i berre 63 prosent av sakene på landsbasis. Det er eit mål at flest mogleg skal velje mekling som konfliktløysing ved usemje om barnefordelingsspørsmål. Ein konsekvens av ressurssituasjonen er at det utadretta og førebyggjande arbeidet blir nedprioritert.

Løyvinga til familievernkontora har ikkje blitt reelt auka sidan dei vart statlege i 2004. For å setje familievernkontora betre i stand til å løyse oppgåvene sine og få ned ventetida foreslår departementet å auke ressursane i familievernet. Det skal opprettast fleire stillingar for å auke kapasiteten der behovet er størst.

Eit nyttig og relevant tilbod til brukarane

Departementet har gitt Bufdir i oppgåve å finne fram til eit system for kvalitetsutvikling i familievernet med vekt på brukarmedverking. Eit utviklingsarbeid er starta ved mange kontor, og røynslene frå dette vil bli lagd til grunn når allmenne retningslinjer skal utarbeidast. Det er ei målsetjing å ta systemet i bruk i 2009.

For at alle brukarar skal oppleve tilbodet ved familievernkontora som nyttig og relevant, er det naudsynt å vidareutvikle kompetansen i høve til familiar med minoritetsetnisk bakgrunn, til homofile og lesbiske par og til familiar med valdsproblematikk. Bufdir vil leggje meir vekt på marknadsføringa av familievernet overfor menn.

Familievernet skal òg ha oppgåver knytte til eit landsdekkande hjelpe- og behandlingstilbod for valdsutøvarar. Arbeidet skal skje i samarbeid med Alternativ til Vold. Det blir sett av 2 mill. kroner til dette arbeidet over BLDs budsjett, jf. omtale under kap. 854.

Eit godt samarbeid mellom familieverntenesta og andre lokale hjelpeinstansar

Familievernkontora skal medverke til eit heilskapleg tilbod til brukarane ved å delta aktivt i samarbeid med andre lokale hjelpeinstansar der det er naturleg.

Dei regionale koordinatorane for samlivskurset Godt samliv! skal samarbeide med og ha ei pådrivarrolle overfor kommunane for å halde kurs for førstegongsforeldre, for å bidra til at tilbodet om Godt samliv!-kurs blir landsdekkjande. Aktuelle familievernkontor skal tilby fagleg rettleiing og opplæring av kursleiarar i samarbeid med helsestasjonane.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten dekkjer lønn til faste stillingar, engasjement, ekstrahjelp og godtgjersle, og utgifter til varer og tenester i det offentlege familievernet. Løyvinga omfattar òg tilskot til oppgåvene til dei offentlege familievernkontora knytte til samlivstiltaket Kva med oss?, jf. omtale under kap. 858, og dekkjer administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora i Bufetat. Ramma er foreslått auka med 9,2 mill. kroner frå 2008. 2,3 mill. kroner av auken kjem av samanslåing av det kyrkjelege familievernkontoret med det offentlege familievernkontoret på Hamar i januar 2006. Det er lagt inn 6,0 mill. kroner til å betre kapasiteten ved kontora. Ramma er òg auka med 0,9 mill. kroner i samsvar med budsjetterte inntekter under kap. 3842 post 01 og tilhøyrande meirinntektsfullmakt.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til forsking, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet. Midlane blir hovudsakleg forvalta av Bufdir, mellom anna til oppfølging av tiltak i Kompetanseplanen for familievernet, og til vidareføring av arbeidet med brukarretta kvalitetsutvikling i tenesta.

Posten er prisomrekna frå 2008 til 2009.

Post 70 Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01

Midlane blir nytta til å finansiere drifta av dei kyrkjelege familievernkontora. Dei kyrkjelege familievernkontora får midlar til drifta ved tilskotsbrev frå Bufetat i samsvar med inngått avtale om drift av familievernkontor. Posten dekkjer òg tilskot til oppgåvene til dei kyrkjelege familievernkontora knytte til samlivstiltaket Kva med oss?, jf. omtale under kap. 858, og dekkjer tilskot til drift av organisasjonen Kirkens familievern. Løyvinga er foreslått auka med 6,697 mill. kroner frå 2008, inklusive 4,0 mill. kroner til betring av kapasiteten, jf. omtale under post 01.

Under post 01 er det orientert om auke av posten fordi Bufetat har overteke eit kyrkjeleg familievernkontor. Post 70 er redusert tilsvarande.

Kap. 3842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Diverse inntekter

2 615

900

15

Refusjon av arbeidsmarkedstiltak

34

16

Refusjon av foreldrepengar

1 022

18

Refusjon av sykepengar

2 581

Sum kap. 3842

6 252

900

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak. Storleiken på inntektene varierar frå år til år.

Post 16 Refusjon av foreldrepengar.

På posten vert det rekneskapsført refusjonar av foreldrepengar ved foreldrepengar. Utgifter motsvarande refusjonen vert rekneskapsført på kap. 842 Familievern.

Post 18 Refusjon av sjukepengar

På posten vert det rekneskapsført refusjonar av sjukepengar. Utgifter motsvarande refusjonen vert rekneskapsført på kap. 842 Familievern.

Kap. 843 Likestillings- og diskrimineringsnemnda

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Driftsutgifter

1 896

2 123

2 247

Sum kap. 843

1 896

2 123

2 247

Status for verksemda

Likestillings- og diskrimineringsnemnda si myndigheit og oppgåve er regulerte i diskrimineringsombodslova med tilhøyrande forskrift. Nemnda handhevar reglar om diskriminering i desse lovene: likestillingslova, diskrimineringslova, arbeidsmiljølova kapittel 13 og bustadlovene. Nemnda er eit sjølvstendig forvaltingsorgan administrativt underlagt departementet. Departementet kan ikkje gi instruks om eller gjere om nemnda si utøving av myndigheit i handsaminga av enkeltsaker.

Nemnda er eit kollegialt organ med 12 medlemmer: éin leiar, éin nestleiar, seks andre medlemmer og fire varamedlemmer. Oppnemningstida for halvparten av nemnda sine medlemmer og varamedlemmer gjekk ut i februar 2008. Det er oppnemnt fire nye medlemmer og eit nytt varamedlem. Vidare er eit varamedlem oppnemnt på ny.

I kvart møte i nemnda deltek fem medlemmer. Nemnda har eige sekretariat som førebur møta i nemnda, legg fram saker for nemnda, lagar utkast til vedtak etter rådslaging i nemnda og administrerer ordninga med tvangsmulkt. Departementet har det administrative ansvaret for nemnda, mellom anna tilsetjing i sekretariatet.

Alle saker i nemnda blir handsama først av Likestillings- og diskrimineringsombodet, som gir ei fråsegn i saka. I hastesaker kan ombodet fatte bindande vedtak etter diskrimineringsombodslova § 4. Da blir nemnda ordinær klageinstans.

Nemnda kan gjere vedtak eller gi fråsegn om at det ligg føre brot på dei lovene ho er sett til å handheve. Nemnda kan påleggje at det diskriminerande tilhøvet blir stansa eller retta, og andre tiltak som er nødvendige for å sikre at diskriminering, trakassering, instruks om diskriminering eller gjengjeld opphøyrer, og for å hindre gjentaking. Nemnda kan gjere vedtak om tvangsmulkt for å sikre gjennomføring av pålegg. Vedtak i nemnda kan ikkje overprøvast gjennom forvaltingsklage, men vedtaka kan bli bringa inn for domstolane til full prøving av saka.

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Handsame dei sakene som blir lagde fram for nemnda, eller som nemnda ber om å få lagt fram for seg

Korrekt og effektiv sakshandsaming

Det vart halde sju møte og handsama til saman 24 saker i 2007. Av dei som meinte seg diskriminerte, var det 11 kvinner og 11 menn. Nemnda tok opp to saker på eige initiativ, desse dreidde seg ikkje om kjønn. Halvparten av sakene omhandla forhold etter likestillingslova. Åtte av sakene vart handsama etter diskrimineringslova, dei fleste gjaldt spørsmål om forskjellsbehandling på grunn av etnisk bakgrunn. Fire saker omhandlar tilhøve etter arbeidsmiljøloven kap. 13, fordelte på diskrimineringsgrunnlaga alder, funksjonshemming og ikkje-medlemskap i fagforeining. Dette er ei endring frå 2006, da dei fleste sakene gjaldt forhold etter likestillingslova. Mot slutten av 2007 handsama nemnda si første sak om rettane til funksjonshemma i arbeidslivet. Sakshandsamingstida i nemnda er på to - tre månader.

Gjere vedtak og fråsegner i nemnda offentleg tilgjengelege

Nemnda har ein eigen nettstad, diskrimineringsnemnda.no. Nettstaden inneheld alle vedtak og fråsegner frå nemnda. Samandrag av vedtaka og fråsegnene, samt utvalde saker, blir òg lagde ut i engelsk omsetting. Nemnda har gitt ut ein publikasjon med oppsummering av praksisen i nemnda på enkelte sentrale område, Erfaringar etter to år – Juridiske vurderingar. Publikasjonen er send relevante institusjonar, og er lagd ut på nettet.

Mål og strategiar

For 2009 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

God handheving av diskrimineringslovgjevinga

Korrekt og effektiv sakshandsaming

Sakshandsamingstid

Tal på saker handsama

Offentleg tilgjengelege vedtak og fråsegner

God handheving av diskrimineringslovgivinga

Korrekt og effektiv sakshandsaming

Frå 1. januar 2009 behandlar nemnda òg saker etter den nye diskriminerings- og tilgjengelova. Nemnda må derfor rekne med noko større aktivitet i 2009 enn i føregåande år.

Nemnda skal treffe vedtak eller gi fråsegner i saker som blir førte inn for nemnda, eller som nemnda sjølv ber seg førelagt. Nødvendig oppfølging av vedtaka og fråsegnene overfor partane i saka er ei viktig oppgåve for sekretariatet i nemnda.

På denne måten skal nemnda bidra til ei effektiv handheving av diskrimineringslovgivinga.

Offentleg tilgjengelege vedtak og fråsegner

Vedtak og fråsegner i nemnda blir gjorde tilgjengelege for alle på eiga heimeside og på annan måte i dei miljøa som særleg måtte ha interesse av vedtaka og fråsegnene.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn til medarbeidarar og øvrige driftsutgifter for sekretariatet, samt godtgjersle og utgifter til nemndmedlemmer og eventuelle vitne og sakkunnige som blir innkalla. Nemda hadde to fast tilsette per 1. juli 2008.

Kap. 844 Kontantstøtte

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

70

Tilskot, overslagsløyving

1 975 747

1 614 500

1 472 000

Sum kap. 844

1 975 747

1 614 500

1 472 000

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Kontantstøtte til 1- og 2-åringar utan tilbod om fulltids barnehageplass

Vidareføre kontantstøtteordninga

Kontantstøtta vart vidareført utan endringar i 2007.

Riksrevisjonen la fram si gransking av forvaltinga av kontantstøtta i Dokument nr. 3:12 (2006–2007). Sjå nærmare omtale under kap. 844 i St.prp. nr. 1 (2007–2008). Departementet og Arbeids- og velferdsdirektoratet har sett i verk tiltak for å betre styring, oppfølging av og kontroll med ordninga. Mellom anna er rutinane i etaten skjerpte og dette er følgt opp gjennom interne undersøkingar. Direktoratet arbeider særskilt med forbetringar på utanlandsområdet. Som eit tiltak mot feilutbetaling har ein òg sendt brev til alle kommunar og barnehagar om plikta desse har til å rapportere til NAV om barn som går i barnehage. Departementet vil følgje saka vidare gjennom styringsdialogen.

Tabell 4.5 Barn i kontantstøttealder og barn med kontantstøtte

Gjennomsnitt

2006

2007

Endring (pst.)

Barn i kontantstøttealder

111 984

112 498

514 (0,5)

Barn med kontantstøtte

64 303

55 890

-8 413 (-13,1)

1-åringar med kontantstøtte

37 257

33 439

-3 818 (-10,3)

2-åringar med kontantstøtte

27 047

22 452

-4 595 (-17,0)

Kjelde:  Arbeids- og velferdsdirektoratet

Nedgangen i talet på barn med kontantstøtte frå 2006 til 2007 på 8 413 barn kjem av at det var 8 927 fleire barn med heiltidsplass i barnehage, og av at det var 514 fleire barn i aldersgruppa.

Av barn med kontantstøtte hadde 20,4 prosent redusert støtte, 1,9 prosentpoeng fleire enn i 2006. Det er flest toåringar med redusert støtte.

Kontantstøtta vert utbetalt til den av foreldra som søker om støtte. Dette er kvinner i om lag 93 prosent av tilfella.

Mål og strategiar

For 2009 blir følgjande mål prioritert:

Delmål

Resultatmål

Kontantstøtte til eitt- og toåringar utan tilbod om fulltids barnehageplass

Kontantstøtte til eitt- og toåringer utan tilbod om fulltids barnehageplass

Regjeringa har innført lovfesta rett til barnehageplass for alle barn under skolealder. Kontantstøtteordninga blir vidareført 2009 for eitt- og toåringar som ikkje gjer bruk av fulltids barnehageplass som det blir ytt offentleg driftstilskot for.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre. Målet med ordninga og tildelingskriteria går fram av lova.

Oppfølging og kontroll

Kontantstøtteordninga blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, som administrativt er underlagt Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Det er etablert rutinar for samhandling mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og BLD om mellom anna årlege tildelingsbrev og etatsstyring generelt. Som ledd i resultatoppfølging og økonomikontroll blir det halde etatsstyringsmøte og faglege kontaktmøte mellom nemnde departement og Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Budsjettforslag 2009

Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar og prognosar over:

  • venta tal på eitt- og toåringar i 2009 basert på mellom anna SSB si siste befolkningsframskriving

  • venta utvikling i bruk av kontantstøtteordninga basert på statistikken til Arbeids- og velferdsdirektoratet, samt måltala for nye barn i barnehage i 2008 og 2009, jf. omtale i Kunnskapsdepartementet sin proposisjon under kap. 231 Barnehager

Forslag til satsar for 2009 står i tabell 4.7 nedanfor.

Tabell 4.6 Talet på barn med rett til stønad. Prognosar for 2008 og 2009.

Gjennomsnitt 2007

Gjennomsnitt 2008

Gjennomsnitt 2009

Eitt- og toåringar med kontantstøtte

55 890

45 8001

41 100

1 Saldert budsjett 2008

Tabell 4.7 Forslag til satsar for kontantstøtte i 2009 (kroner)

Avtala opphaldstid per veke

Kontantstøtte i prosent av full yting

Beløp per barn per år

Beløp per barn per måned

Ikkje bruk av barnehageplass

100

39 636

3 303

Til og med 8 timer

80

31 704

2 642

9 – 16 timer

60

23 784

1 982

17 – 24 timer

40

15 852

1 321

25 – 32 timer

20

7 932

661

33 timer eller meir

Ingen kontantstøtte

0

0

Kap. 845 Barnetrygd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

70

Tilskot

14 415 273

14 400 000

14 590 000

Sum kap. 845

14 415 273

14 400 000

14 590 000

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Tilskot til forsørging av barn

Vidareføre barnetrygda som ei universell stønadsordning

Satsane vart vidareførte utan endringar i 2007.

Frå 1. januar 2007 vart det innført eit tillegg for mottakarar av barnetrygd på Svalbard, svalbardtillegget, tilsvarande finnmarkstillegget.

Stortinget vedtok i 2006 å stramme inn retten til barnetrygd ved opphald i utlandet med verknad frå 1. januar 2007. Det skal som hovudregel ikkje utbetalast barnetrygd ved utanlandsopphald over seks månader.

Med verknad frå 1. januar 2007 vart det innført krav om mekling for sambuarar med barn under 16 år. Det må leggjast fram meklingsattest før det kan utbetalast utvida barnetrygd ved samlivsbrot mellom sambuarar.

Frå 1. juli 2007 er det innført rett til utvida barnetrygd for alle gifte og sambuande foreldre som blir aleine om omsorga for barn fordi ektefellen eller sambuaren kjem i fengsel.

Tabell 4.8 Barnetrygdmottakarar etter kjønn. Gjennomsnittstal for 2006 og 2007

I alt

Ordinær stønad

Utvida stønad

Ekstra småbarnstillegg

2006:

I alt

617 485

487 102

130 383

7 177

Kvinner

580 148

472 531

107 617

7 033

Menn

37 337

14 571

22 766

144

2007:

I alt

622 646

495 742

126 904

6 643

Kvinner

581 912

477 806

104 106

6 513

Menn

40 734

17 936

22 978

130

I St.prp. nr. 1 (2007–2008) var tala på mottakarar av ordinær og utvida stønad per 31.12.2006. Desse tala er erstatta med gjennomsnittstal for 2006.

Mål og strategiar

For 2009 blir følgjande mål prioritert:

Delmål

Resultatmål

Ei universell stønadsordning til forsørging av barn

Ei universell stønadsordning til forsørging av barn

Den som forsørgjer barn, har utgifter som andre ikkje har. Barnetrygd blir gitt for alle barn som bur i Noreg. Det kan bli gitt barnetrygd for barn som bur i utlandet, med heimel i utanlandsbestemmingane i barnetrygdlova, EØS-avtalen eller bilaterale trygdeavtalar. Barnetrygda blir utbetalt med lik sats for alle barn, uavhengig av alder og av kor mange barn det er i syskenflokken.

Barnetrygda blir vidareført som ei universell støtteordning til barnefamiliane.

Arbeidet med å greie ut spørsmålet om stans av økonomiske overføringar og ytingar, mellom anna barnetrygd, som eit verkemiddel for å hindre barnebortføring og framskunde tilbakeføring av barn, vil avsluttast i 2008 og departementet vil i 2009 vurdere tiltak på området.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Mål

Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter til forsørging av barn.

Tildelingskriterium

Barnetrygda er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd. Tildelingskriteria går fram av lova.

Oppfølging og kontroll

Barnetrygda blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Budsjettforslag 2009

Budsjettforslaget er basert på uendra stønadssatsar frå 2008 og prognosar over

  • talet på barn med rett til barnetrygd og talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad

  • talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn 0-3 år

  • talet på barn med finnmarks- og svalbardtillegg.

Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga frå SSB, jf. tabellane under.

Tabell 4.9 Forslag til satsar for barnetrygd i 2009 (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd

970

11 640

Småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn (0–3 år)

660

7 920

Finnmarkstillegg for barn 0–18 år

320

3 840

Svalbardtillegg for barn 0–18 år

320

3 840

Tabell 4.10 Talet på barn med rett til barnetrygd. Prognosar for 2008 og 2009

Gjennomsnitt 2007

Gjennomsnitt 20081

Gjennomsnitt 2009

Barn med barnetrygd

1 085 173

1 084 874

1 096 700

Barn med finnmarkstillegg

21 612

21 356

20 893

Barn med svalbardtillegg

352

350

352

1 Saldert budsjett 2008

Tabell 4.11  Talet på stønadsmottakarar i 2007. Prognosar for 2008 og 2009

Gjennomsnitt 2007

Gjennomsnitt 20081

Gjennomsnitt 2009

Stønadsmottakarar med barnetrygd for:

- eitt barn

201 275

197 768

204 556

- to barn

288 782

288 533

293 489

- tre barn

108 526

111 334

110 295

- fire barn

20 148

20 902

20 477

- fem eller fleire barn

4 797

4 954

4 875

Sum stønadsmottakarar

623 528

623 491

633 691

Stønadsmottakarar med utvida stønad

125 410

129 036

125 445

Stønadsmottakarar med småbarnstillegg til einslege forsørgjarar

6 64

6 818

6 115

1 Saldert budsjett 2008

I tala for stønadsmottakarar med barnetrygd for to, tre barn mv. inngår einslege forsørgjarar som mottek ei ekstra barnetrygd (utvida stønad), til dømes einsleg forsørgjar med to barn som mottek tre barnetrygder.

Ved å multiplisere venta tal på barn med barnetrygd med den årlege satsen for ordinær barnetrygd, jf. tabellane ovanfor, vil det gi eit lågare utgiftsnivå enn budsjettforslag 2009.

Avviket kjem av etterbetalingar. Etterbetalingar kan gjerast for inntil tre år attende i tid dersom vilkåra for barnetrygd har vore oppfylte i perioden. Det har vore ein auke i etterbetalingane dei siste åra. Dette kjem først og fremst av etterbetalingar til EØS-borgarar med arbeid i Noreg.

Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50

13 545

11 949

13 850

50

Forsking, kan nyttast under post 21

8 775

15 897

10 996

70

Tilskot

14 531

13 850

15 609

71

Særlege familiepolitiske tiltak

977

977

1 020

72

Tiltak for lesbiske og homofile

7 016

7 560

7 743

73

Tilskot til Kvinneuniversiteta

4 923

5 140

79

Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan overførast

2 642

4 870

5 084

Sum kap. 846

47 486

60 026

59 442

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei måla som vart lagde fram i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Fokus på likestilling mellom kvinner og menn på alle samfunnsområda

Integrering av kjønns- og likestillingsperspektivet i statsbudsjettet og på alle samfunnsområda

Departementet arrangerte i juni 2007 eit seminar for leiarane i departementa om integrering av kjønns- og likestillingsperspektivet i statsbudsjettet. Statskonsult, som utfører ei treårig føljeevaluering av arbeidet (2006–2008), leverte i 2007 rapporten Integrering av kjønns- og likestillingsperspektivet i det statlige budsjettarbeidet, Evalueringsnotat II. Han viser at alle departementa omtalar likestilling, og at kvaliteten på arbeidet har auka sidan året før. Behovet for rettleiing og kompetanseheving er likevel framleis til stades.

Det er eit mål å få all personretta statistikk i St.prp. nr. 1 for fagdepartementa delt opp etter kjønn. BLD gir derfor tilskot til ein likestillingskoordinator i Statistisk sentralbyrå (SSB) i perioden 2007–2009.

Likestillingsvedlegget til St.prp. nr. 1 (2007–2008) for BLD viser ei rekkje indikatorar for likestilling mellom kjønn. Vedlegget hadde i tillegg analysar av likestilling i helse.

Kjønnsbalanse i styre

Stortinget vedtok i desember 2003 reglar som stiller krav til kjønnsbalanse i styra i privateigde allmennaksjeselskap. Regjeringa vedtok at reglane om kjønnsrepresentasjon skulle setjast i kraft 1. januar 2006. Det har vore ein overgangsperiode på to år for selskap som vart registrerte før dette tidspunktet. Tal frå SSB viser ein sterk auke i kvinnerepresentasjonen i styra. Prosentdelen allmennaksjeselskap som oppfyller kravet til kjønnsrepresentasjon har auka frå 78 til 95 i perioden 1. januar til 1. juli 2008. Ingen selskap vart oversendt tingretten for tvangsoppløysing ved utløpet av overgangsperioden. Avviket på fem prosent kjem av at nokre selskap av ulike grunnar allereie var under behandling av tingretten, og at andre selskap, som på tidspunktet for val av styre oppfylte kravet til kjønnsbalanse, men der eit eller fleire styremedlemmer hadde trekt seg, slik at kjønnsbalansen vart endra. Nødvendige suppleringsval kan i slike tilfelle utsetjast til neste ordinære generalforsamling. Prosentdelen kvinnelege styreleiarar har i same periode auka frå 5 til 6,6, og kvinner utgjer no 40 prosent av alle styrerepresentantane (styremedlemmer, styreleiarar og nestleiarar). Per 1. juli 2008 manglar allmennaksjeselskapa i alt 13 eigarvalde og 15 tilsettvalde kvinner i styra for å oppfylle likestillingskrava. Seks føretak har ingen kvinner i styret, medan alle føretaka har menn i styret. 49,2 prosent av styremedlemmene er kvinner.

Krav om kjønnsbalanse i styra for offentleg eigde føretak vart sett i kraft 1. januar 2004. Dei offentlege selskapa inkluderer statsaksjeselskap, statsallmennaksjeselskap, statsføretak, interkommunale selskap og enkelte særlovsselskap. Overgangsperioden gjekk ut 1. januar 2006. Brønnøysundregistra kontrollerer selskapa, og eigardepartementa er ansvarlege for å følgje opp styra i dei offentleg eigde selskapa.

Styrkje det regionale likestillingsarbeidet

Det vart i 2007 sett i verk samarbeid med KS Agder, Nord-Gudbrandsdal Regionråd og Herøy kommune. Målet med prosjekta er å drive utviklingsarbeid, erfaringsspreiing, opplæring og informasjon i høve til integrering av kjønns- og likestillingsperspektivet i den lokale oppgåveløysinga. Alle er treårige prosjekt som vil bli avslutta i 2009. Sørlandet – en likestilt landsdel har som mål at kommunane Kvinesdal, Lindesnes og Lillesand gjennom prosjektet får auka kunnskap om samanhengar mellom likestilling og levekår, i barnehage, skole og unges livsval. Kommunane plikter seg til å mobilisere og involvere innbyggjarar, utforme strategiar og setje i verk tiltak som er politisk forankra.

Frå 2008 går prosjektet inn i ei større satsing på likestilling i dei to fylka Aust- og Vest-Agder.

Jenter mot strømmen er eit prosjekt om lyst til å bu, om arbeid og om næringsutvikling i Nord-Gudbrandsdal. Målet med prosjektet er at kommunane Dovre, Lesja, Lom, Sel, Skjåk og Vågå, og gjennom dei regionen i det heile, får auka kunnskap om samanhengar mellom likestilling, lyst til å bu og næringsutvikling/arbeid gjennom prosjektet.

Ei viktig målsetjing er å formidle eksempel på suksesshistorier frå prosjektet til andre kommunar/regionar i landet.

Likestillingsanalyse i Herøy kommune har som mål å forankre likestillingsarbeidet i kommuneplanen. Revisjonen av kommuneplanen starta opp hausten 2007. I samband med oppstarten av dette arbeidet gjorde kommunen ein likestillingsanalyse som tek utgangspunkt i dei ulike behova til menn/kvinner og gutar/jenter. Det skal i 2008 utarbeidast likestillingspolitiske mål, og analysen skal innehalde ei vurdering i lys av måla.

Departementet har, saman med Kommunal- og regionaldepartementet, gitt tilskot til Kvinneuniversiteta i Steigen og Hamar for å etablere to regionale senter for likestilling og mangfald. Departementet har òg gitt tilskot til Universitetet i Agder for å etablere eit senter for likestilling. Formålet er å sikre likestillingsperspektivet regionalt.

Kvinneuniversitetet Nord sette i verk ein analyse finansiert av BLD av korleis private verksemder gjer greie for likestilling i årsmeldingane sine. Resultata frå granskinga viser at det er stort sprik i rapporteringa, og at svært få verksemder rapporterer tilstrekkeleg. Analysen viser òg ei generell oppfatning av at tiltak for å fremme likestilling er kvinneretta tiltak – til dømes tiltak for å få fleire kvinner inn i leiinga. Verksemder dokumenterer i liten grad tiltak retta mot menn eller fedrane.

Departementet har òg tildelt 2,25 mill. kroner for 2007–2009 til Kristiansand kommune for prosjektet Heiltid i Kristiansand saman med Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. Tilskota frå departementa er meinte å dekkje ei evaluering av prosjektet og gjeld prosjektleiing og formidling av erfaring til andre kommunar.

Departementet har, i samarbeid med interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen i kommunesektoren KS, Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) og Fylkesmannen i Oppland, arrangert tre regionale konferansar i Trondheim, Oslo og Kristiansand. Målet med konferansane har vore å gjere innhaldet i FNs kvinnekonvensjon og Europeisk Charter om likestilling på lokalt og regionalt nivå kjent for representantar for lokale og regionale styresmakter.

Eit breitt internasjonalt samarbeid på samlivs- og likestillingsområdet

Nordisk samarbeid

I 2007 hadde Finland formannskapet i Nordisk Ministerråd. Finnane følgde opp det femårige samarbeidsprogrammet for perioden 2006–2010 ved å prioritere områda kjønn og makt og kjønn og unge. I Noreg vart det siste temaet følgt opp ved å støtte drifta av nettsida ung.no, som tek opp relevante kjønnslikestillingstema som angår ungdom.

I 2007 vart det årlege nordiske ministermøtet (MR-JÄM) avhelde i Finland. Tema for møtet var ulike modellar for foreldrepermisjonar i Norden, kjønn og makt, kjønn og ungdom, og å vedta eit overordna kjerneoppgåve- og profileringsdokument for det nordiske kjønnslikestillingssamarbeidet.

Hovudtema i møta til den nordiske embetsmannskomiteen for likestilling (EK-JÄM) i 2007 har vore utvikling av Nordisk Institutt for kjønnsforskning (NIKK) og korleis kjønnslikestillingsarbeidet skal understøtte vedtaket til statsministeren om vektlegging av globalisering av det nordiske samarbeidet. Kontrakten med NIKK vart forlengd for perioden 2007–2010, og kontrakten med direktøren for NIKK vart forlengd for ein ny åremålsperiode.

I regi av Nordisk Ministerråd i samarbeid med det enkelte landet vart det helde ei rekkje nordiske fagpolitiske konferansar: om integrering av likestilling i det nordiske samarbeidet, om kjønn og unge, om samar og likestilling, om mangfald og innovasjon, om foreldrepermisjon og likestilling. I tillegg vart sluttkonferansen om menn og likestilling arrangert i Oslo.

FN-samarbeidet

Tema for møtet i FNs kvinnekommisjon i 2007 var avskaffing av alle former for diskriminering og vald mot jentebarn. Noreg deltok med ein større delegasjon: 16 personar frå departementa, Stortinget og organisasjonar.

I samband med det årlege møtet i kvinnekommisjonen i FN (CSW) skal det etter vedtak i MR-JÄM vere eit felles nordisk formøte, eit felles nordisk seminar og ein felles nordisk ministerlunsj. Det nordiske CSW-arrangementet i år vart gjennomført takk vere norsk initiativ og økonomisk støtte. Seminaret, The Nordic father: Role Modell for a caring male, var svært godt besøkt.

I 2007 vart Noreg høyrt av kvinnekomiteen i FN (CEDAW) i New York. Tema for høyringa var korleis Noreg innfrir pliktene sine etter kvinnekonvensjonen. Grunnlaget for høyringa var Noregs sjette rapport til kvinnekonvensjonen, som vart levert til FN i 2006. Frå Noreg deltok representantar frå BLD, Utanriksdepartementet, Justis- og politidepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Merknadene frå CEDAW-komiteen til alle departement er sende for oppfølging fram til neste rapportering i 2010.

Samarbeid med EU og i EØS

I 2007 har departementet utarbeidd ein europastrategi, med strategiske, tydelege og systematiske prioriteringar for ivaretaking av nasjonale interesser i Noregs samarbeid med EU og i EØS. Europastrategien er oppfølging av St.meld. nr. 23 (2005–2006) Gjennomføringen av Regjeringas Europapolitikk. I tråd med europastrategien og føringane for ein Aktiv Europapolitikk deltok Noreg på EUs uformelle ministermøte i Tyskland og Portugal under dei respektive formannskapslanda.

Noreg arrangerte, i samarbeid med Tyskland, ein konferanse i Berlin da kongeparet vitja landet. Konferansen – Likestillings- og familiepolitikk som bedriftsøkonomisk strategi – omhandla korleis bedrifter og næringsliv kan sikre konkurranseevna si ved å satse på likestillings- og familievennlege ordningar.

I 2007 innleidde EU dei nye fleirårige handlingsprogramma PROGRESS og DAPHNE III for perioden 2007-2013.

PROGRESS-programmet inkluderer følgjande område: sysselsetjing, sosialt vern og inkludering, arbeidsstandardar, arbeid mot diskriminering og for mangfald. 2007 har vore prega av oppstart av programmet. Det har vore arrangert eit norsk informasjons- og oppstartingsseminar om PROGRESS for norske interessentar og moglege programdeltakarar og prosjektsøkjarar i Noreg.

DAPHNE III er ein del av det overordna programmet Grunnleggjande rettar og rettferd, og skal medverke til eit høgare nivå for vern mot vald, og såleis betre vernet av den fysiske og mentale helsa. Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) har hatt rolla som tilretteleggjar for norske prosjektsøknader til DAPHNE II. Siktemålet er at NKVTS skal halde fram som tilretteleggjar for norske prosjektsøknader til DAPHNE III.

Departementet har søkt å mobilisere og leggje til rette for auka deltaking frå norske frivillige organisasjonar framfor sjølv å vere prosjektansvarleg under EUs programsamarbeid.

LDO gjennomførte den norske kampanjen med regionale prosjekt under Det europeiske året for like moglegheiter – 2007. Mellom anna vart kampanjen Bevisst arrangert. Dette var ein landsdekkjande kampanje med lokalt fokus som skulle auke merksemda om likestillings- og diskrimineringslovene. Kampanjeturneen vart gjennomført våren 2007, og på hausten 2007 vart det arrangert kurs for lokale organisasjonar om den nye lova.

Når det gjeld dei finansielle EØS-mekanismane der familie og likestilling mellom kjønn er eit tverrgåande tema, har KS vore aktiv, som prosjektpartnar i Slovakia, Spania, Portugal og Ungarn.

Det Europeiske likestillingsinstituttet vart vedteke oppretta i Vilnius 2007. Noreg har som målsetjing å delta i det Europeiske likestillingsinstituttet dersom føresetnaden om medverknad i styringsorgana blir innfridd.

Samarbeidet i Europarådet

Arbeidet i Europarådet sin styringskomité for likestilling (CDEG) har i 2007 lagt vekt på å fremme like moglegheiter og rettar for kvinner og menn, motarbeide vald mot kvinner og utvikle vidare det metodiske arbeidet for å integrere likestilling i Europarådet og verksemda til medlemslanda. Noreg deltok i 2007 aktivt i nettverk om integrering. Ei tilråding om standardar og mekanismar for likestilling mellom kjønna vart vedteken av Ministerkomiteen hausten 2007.

Kartlegging av graviditetsdiskriminering i arbeidslivet

Departementet sette i gang eit forskingsprosjekt for å få betre kunnskap om årsaker til diskriminering av gravide og permisjonstakarar, og korleis denne forskjellsbehandlinga kjem til uttrykk. Formålet var å få eit godt grunnlag for å vurdere førebyggjande tiltak. Prosjektet vart tildelt Arbeidsforskningsinstituttet og vart sluttført august 2008. Rapporten viser mellom anna at diskriminering av gravide og permisjonstakarar handlar meir om gradvise, negative prosessar og mangel på for eksempel tilrettelegging, enn om diskriminering i juridisk forstand. Uttak av permisjon vert for mange starten på ein negativ prosess der arbeidstakaren på sikt velgjer å slutte på arbeidsplassen. Menn som tek ut meir permisjon enn fedrekvota, har liknande erfaringar.

Fokus på mannsrolla

Bevisstgjering om menn og mannsroller

Reform – ressurssenter for menn mottok i 2007 driftsstøtte frå BLD på 3 mill. kroner, ein auke på 1 mill. kroner i høve til 2006.

644 personar tok kontakt med Reform i 2007 for tilbod om samtale, ein auke på 166 frå 2006. Det vart halde 349 einesamtalar for menn i akutt livskrise, mot 276 i 2006. Mannstelefonen dekkjer no heile landet, og det kom inn 264 samtalar. 80 personar nytta den juridiske rådgivinga til Reform i 2007, ein nedgang frå 2006, da 111 nytta denne tenesta.

Sinnemeistring var ei satsing i 2007, det vart avslutta tre kurs.

I samarbeid med Nordisk Ministerråd vart det i februar 2007 halde ein avslutningskonferanse der formålet var å oppsummere fem år med nordisk samarbeid om menn, mannsroller og kjønnslikestilling, og vidare drøfte kva som bør gjerast framover.

Mannspanelet, som skulle skape debatt om menn, mannsroller og likestilling i det offentlege rom, la fram sitt sluttdokument med tilrådingar i mars 2008.

Det vart i 2007 inngått ein avtale med Universitetet i Oslo om at BLD i ein treårig periode finansierer eit professorat i kjønnsforsking med vekt på menn og likestilling.

Utvikle tiltak som oppmuntrar til meir tid saman for far og barn

Eit ledd i det vidare likestillingsarbeidet har vore å få fedrane til å ta meir del i kvardagen til barna sine.

Eit prosjekt vart i 2007 starta opp i samarbeid med familievernet i Asker og Bærum, Bærekraftige familier – likestilte livsløp. Det overordna målet for det praktiske arbeidet i prosjektet er primært å få menn til å ta meir del i familieliv og barneomsorg. I tillegg kjem det å synliggjere kåra til småbarnsfamilien - å bli bevisst strukturelle hinder, betre føresetnadene for likestilte samliv, få kommunar til å forplikte seg til å trekkje far inn i oppveksten til barna.

Det er inngått eit forpliktande samarbeid med Asker kommune som ein pilot i prosjektet. Frå 2008 er Odda kommune med i prosjektet. NIKK deltek i prosjektet, og Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) vil administrere prosjektet frå 2008.

Fokus på inntektsfordeling mellom kvinner og menn

Pådrivar for å få partane i arbeidslivet og ansvarlege myndigheiter til

  • å stimulere til mindre kjønnsstereotype yrkesval

  • å framleis arbeide for likelønn.

Likelønnskommisjonen leverte 21. februar 2008 si utgreiing NOU 2008:6 Kjønn og lønn. Fakta, analyser og virkemidler for likelønn. Utvalet skriv at det framleis er betydelege lønns- og inntektsforskjellar mellom kjønna. I dei siste 30 åra har det vore ein formidabel auke i kvinner si utdanning og deltaking i lønna arbeid. Likevel, for alle kvinner og menn sett under eitt, har tilnærminga i lønn per time i dei siste 20 åra vore etter måten liten. Timelønna til kvinner ligg i gjennomsnitt relativt stabilt på om lag 85 prosent av timelønna til menn. Dette gjeld for alle kvinner og menn i heile arbeidslivet.

Kommisjonen skriv at forskjellar i utdanningslengd og alder ikkje kan forklare lønnsgapet i dag. Det ser heller ikkje ut til at kvinner blir diskriminerte når dei har den same stillinga hos same arbeidsgivar som ein mann. Kommisjonen framhevar tre forklaringar til lønnsforskjellane. For det første har vi ein kjønnsdelt arbeidsmarknad som er kjenneteikna av at kvinner og menn tek ulik utdanning og utfører ulikt arbeid. Det er eit gjennomgåande trekk at kvinnedominerte bransjar og yrke gir lågare lønn enn mannsyrke. For det andre held den norske forhandlingsmodellen, etter utvalet si meining, oppe stabile lønnsrelasjonar, også mellom kvinner og menn. For det tredje viser det seg at lønnsforskjellane veks i foreldrefasen.

Fleirtalet i Likelønnskommisjonen la fram seks forslag til tiltak for likelønn mellom kvinner og menn:

  • Budsjettet til LDO bør styrkjast med 10 mill. kroner, samstundes som reglane i likestillingslova om arbeidsgivars plikter blir tydelegare

  • Eit lønnsløft i offentleg sektor for utvalde kvinnedominerte yrke, rekna til 3 mrd. kroner, som ei løyving over statsbudsjettet.

  • Dei sentrale partane i det private næringslivet blir oppfordra til å setje av midlar til kombinerte låglønns- og kvinnepottar i lønnsforhandlingane.

  • Likare deling av foreldrepermisjonen, slik at ein tredel av den betalte permisjonstida blir reservert til både mor og far.

  • Styrkt rett til høgare lønn etter foreldrepermisjon.

  • Eit prosjekt for styrkt rekruttering av kvinner til leiande stillingar, med ei løyving over statsbudsjettet på 10 mill. kroner i fem år.

Eitt medlem av kommisjonen kunne ikkje gi si støtte til desse forslaga, og leverte ein eigen særmerknad.

Likelønskommisjonen si utgreiing har vore på brei høyring og ei rekkje organisasjonar og etatar har uttala seg om kommisjonen sine forslag. Regjeringa vil no utarbeide ei samla vurdering av desse synspunkta og på det grunnlaget vurdere forslaga og vidare handsaming av arbeidet for likelønn mellom kjønna.

Førebyggje og hindre diskriminering på grunnlag av seksuell orientering

Utgreiing av felles ekteskapslov for homofile og heterofile par

Som ei oppfølging av Soria Moria-erklæringa vart forslag om felles ekteskapslov for likekjønna og ulikekjønna par sendt på brei høyring i mai 2007. Ot.prp. nr. 33 (2007–2008) Om lov om endringar i ekteskapsloven, barneloven, adopsjonsloven, bioteknologiloven mv. (felles ekteskapslov for heterofile og homofile par) vart lagd fram i mars 2008. Her vart det mellom anna foreslått endringar i ekteskapslova, barnelova, adopsjonslova og bioteknologilova. Vidare blei det foreslått å oppheve partnarskapslova. Formålet med forslaget er å sikre rettane til homofile og lesbiske, og å støtte homofile og lesbiske i å leve opent og aktivt motverke diskriminering. Stortinget slutta seg til forslaga og vedtok felles ekteskapslov 17. juni 2008. Lova blir sett i kraft 1. januar 2009.

Setje i verk homopolitisk tiltaksplan

Det vart i september 2007 gjennomført ein to dagars erfaringskonferanse, Trygghet og mangfold, en skeiv erfaringskonferanse, for å gjere opp status etter St.meld. nr. 25 (2000–2001) Levekår og livskvalitet for lesbiske og homofile i Noreg, og for å leggje eit godt grunnlag for ein ny handlingsplan for lhbt (lesbiske, homofile, bifile og transpersonar)-politikken. Det var om lag 130 deltakarar, mellom dei politikarar, lærarar, helse-/sosialarbeidarar, byråkratar og representantar frå fleire lhbt-organisasjonar. Under konferansen vart det drøfta kva som er hovudutfordringane for gruppa på ei rekkje samfunnsområde.

Innlegg og innspel frå konferansen er dokumenterte i rapporten Trygghet og mangfold. En skeiv erfaringskonferanse. Konferansen og rapporten ga viktige føringar for det påfølgjande arbeidet med ein ny handlingsplan for lhbt-politikken. Viktige utfordringar framover er mellom anna eit styrkt og tydelegare påverknadsarbeid, i skole, arbeidsliv, i barne- og familievernet og helse- og sosialtenestene. Arbeidet med å utforme mål, prinsipp og tiltak i den nye planen vert utførd av ei tverrdepartemental gruppe med representantar frå åtte departement. Handlingsplanen Bedre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar vert lagd fram av statssekretærane frå Barne- og likestillingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet under Skeive dagar i Oslo 26. juni 2008.

Fleire viktige organisasjonar av og for lesbiske og homofile fekk i 2007 betra økonomien sin gjennom tilskot frå departementet i 2007. Mellom anna gjeld dette Skeiv Ungdom og Skeiv Verden, som fekk betydeleg auka støtte både til organisasjonsutvikling/-administrasjon og til nye prosjekt.

Det vart også gjennomført ei rekkje tiltak og prosjekt. Departementet lyste i 2007 for første gong ut midlar til prosjekt av og for lhbt-personar. Av meir enn 60 søknader fekk knapt 40 tilskot på til saman 2,5 mill. kroner. Prioriteringane var idrett og arbeidsliv, ungdom utanom dei store byane, og lesbiske og homofile med innvandrarbakgrunn. Følgande prosjekt kan nemnast:

  • Skeiv Verden fekk i 2007 tilskot til å tilsetje prosjektleiar og til brukarinitierte aktivitetar. Gruppa har vidareført arbeidet med å skape trygge møteplassar for lhbt-personar frå ulike nasjonar og med ulik etnisk bakgrunn.

  • Prosjektet Med idretten mot homohets har som hovudmål å førebyggje og motverke diskriminering på bakgrunn av seksuell orientering i idretten. Gjennom prosjektet og ei forpliktande tilnærming hos prosjektpartnarane (Norsk Folkehjelp, Landsforeningen for homofil frigjøring, Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité) har idretten sjølv teke ansvar for arbeid mot homohets og homofobi.

Førebyggje og motarbeide kjønnslemlestelse og tvangsekteskap

Kartlegging, registrering og informasjonstiltak

Tvangsekteskap

Regjeringa la i juni 2007 fram ein ny handlingsplan mot tvangsekteskap. Styresmaktene har eit hovudansvar for å motarbeide tvangsekteskap, og ei overordna målsetjing i handlingsplanen er å styrkje den offentlege forankringa av dette arbeidet. Handlingsplanen legg særleg vekt på skolens rolle, utanriksstasjonane, behovet for trygge bustader, og styrkt samhandling og kompetanse. Handlingsplanen inneheld ei brei satsing mot tvangsekteskap som både skal ta seg av førebygging og sikre vern av dei som blir utsette for slike overgrep.

Drammen kommune og Drammen politistasjon har frå 2007 fått midlar til eit treårig tverrfagleg og tverretatleg pilotprosjekt om arbeid mot æresrelatert vald, i dette også tvangsekteskap. Prosjektet i Drammen er meint å gi nyttig kunnskap og ha ein viktig nasjonal overføringsverdi for det vidare arbeidet mot tvangsekteskap. Prosjektet er samfinansiert av Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Justis- og politidepartementet, Helsedirektoratet og BLD.

Endringar i ekteskapslova for å hindre tvangsekteskap vart sette i kraft i 2007. Det vart utarbeidd ein eigen brosjyre omsett til somalisk, engelsk, sorani, arabisk og urdu for å informere om endringane.

Jenter og gutar som blir tvangsgifte eller forsøkt tvangsgifte i opphavslandet, tek i ein del tilfelle kontakt med den norske ambassaden for å få hjelp til å reise heim til Noreg. Departementet vil hausten 2008 revidere rundskrivet som regulerer rutinane for heimsending, og det reviderte rundskrivet vil også omfatte kjønnslemlestingstilfelle.

Kjønnslemlesting

I juni 2007 lanserte BLD, i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet og Justis- og politidepartementet, 15 ulike tiltak for å førebyggje kjønnslemlesting. 12 av dei 15 tiltaka vart gjennomførte sommaren 2007. Satsinga førte til auka merksemd om kjønnslemlesting i målgruppa og i heile befolkninga. Dette gjekk fram av mediekontaktar med departementet og auka tal på saker til barnevernet, helsestasjonar mv.

Institutt for samfunnsforskning fekk sommaren 2007 i oppdrag å kartleggje omfanget av kjønnslemlesting i Noreg, om bruk av avverging og meldeplikta, samt forslag til effektive tiltak i det vidare arbeidet. Rapporten vart offentleggjord 29. mai 2008 og kjem med konkrete forslag som vil bli følgde opp gjennom det vidare arbeidet med handlingsplanen. Kjønnslemlesting er òg omtalt under kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet.

Primærmedisinsk Verksted (PMV) har motteke prosjektmidlar frå BLD i 2007 til vidare arbeid med holdningsendringar. Dei har utdanna fleire informatørar som etter opplæringa har arbeidd med holdningsendring ute blant målgruppa, blant anna på skolar, asylmottak og på heimebesøk. PMV har arrangert og delteke på fleire kurs, seminar og møte i 2007 og har oppretta eit breitt samarbeid med fleire aktørar på feltet, blant anna med Islamsk Råd Noreg. Regjeringa la fram ein ny handlingsplan mot kjønnslemlesting for perioden 2008-2011 med 41 vidareførte og nye tiltak 5. februar 2008.

Familievernet

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) fekk i 2007 tildelt 1,25 mill. kroner som skal dekkje tiltak for å motarbeide tvangsekteskap og kjønnslemlesting gjennom familievernet. Midla gjekk til kompetanseheving i familievernet, lokale informasjons- og haldningsskapande prosjekt i kvar region og to større pilotprosjekt med både eit førebyggings- og ettervernsperspektiv.

Som ein del av opplæringa for leiarar ved familievernkontora gav Bufdir ei innføring i temaet tvangsekteskap. Utlendingsdirektoratets kompetanseteam mot tvangsekteskap var samarbeidspartnar for denne delen.

Dei to pilotprosjekta vart starta opp i andre halvår 2007. Aker familievernkontor har fått midlar til Brobyggerprosjektet, som arbeider med korleis familievernet kan brukast i arbeidet med å førebyggje tvangsekteskap. På familievernkontoret i Nordfjord og Kirkens familievernkontor i Haugesund blir det samarbeidd førebyggjande om temaet kjønnslemlesting. Prosjekta skal førast vidare i 2008. Nokre andre kontor har hatt lokale samarbeidsopplegg retta mot æresrelatert vald, og har medverka til kommunale beredskapsplanar.

Nyankomne.

Asylsøkjarar som kjem til Noreg frå område der kjønnslemlesting og/eller tvangsgifte blir praktisert, blir informerte om at dette er ulovleg, straffbart og uakseptabelt i Noreg. Gjennom dei nye handlingsplanane mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting vil informasjonen til familiesamanføring og overføringsflyktningar bli teke hand om.

Breitt kunnskapsgrunnlag for samlivs- og likestillingspolitikken

Finansiering av forskingsprogram og prosjekt

Størstedelen av forskingsmidla under kap. 846 vart gitte i støtte til dei to programma under Noregs forskingsråd: Program for velferdsforskning (2004–2008) og Kjønnsforskning; kunnskap, grenser, endring (2001–2007).

I 2007 vart programmet Kjønnsforskning; kunnskap, grenser, endring avslutta. Programmet har finansiert 32 prosjekt, over 20 ulike arrangement og fleire bøker, filmar og formidlingstiltak. Nettsida kjønnsforsking.no dokumenterar kva for forskarar og prosjekt som var del av programmet. I budsjettproposisjonen for 2008 vart det gjort greie for eit utval av prosjekt. Her blir det gjort greie for prosjekt som vart ferdigstilte i 2007.

Prosjektet Samliv og seksualitet i ungdomsskolen. En studie i hvordan hetero- og homoseksualitet framstilles i undervisning viser korleis heteroseksualitet på ulike måtar blir teken for gitt i klasserommet og står fram som sjølvsagt og forventa. Heteroseksualitet blir produsert som norm og ideal i undervisning som eksplisitt tematiserer homoseksualitet, og som har som klar målsetjing å skape toleranse for homofile og lesbiske. Prosjektet viser også at lærarar ser ut til å ha liten kompetanse til å undervise om homofile på måtar som ikkje reproduserer heteroseksualitet som norm og ideal.

Forskarane bak det omfattande prosjektet Når heteroseksualiteten må forklare seg har gitt ut ei bok med same tittel. Antologien rettar søkjelyset mot den seksuelle orienteringa som dei fleste tek for gitt, nemleg heteroseksualitet. Heteroseksualitet verkar normerande og regulerer tilværet til alle, uansett seksuell orientering og kjønn.

Kjensla av å vere fødd i feil kropp er ei formulering som går igjen når transseksuelle skildrar sine eigne erfaringar. Dette kjem fram i prosjektet Transseksualitet - mellom kropp, kjønn og seksualitetar. Kulturanalytiske perspektiv på kjønnsambivalens. I vår kultur ser det ut til å eksistere krav om bestemte samsvar mellom kroppsleg kjønn, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Transseksuelle som overskrid desse grensene, utfordrar sentrale kulturelle mønster, og mange opplever sin eigen situasjon som problematisk. Informantane i studien har det til felles at dei opplever at kroppen dei vart fødde med uttrykkjer feil kjønn, og dei fleste av informantane har eit ønske om å gjennomføre eller har gjennomført medisinsk behandling for å endre sitt kroppslege kjønn.

Prosjektet Visjon, situasjon, utfordring. Likestilling og barnelovgiving i Noreg identifiserer fem ideal og prinsipp i norsk barnelovgiving: idealet om det likestilte foreldreskapet, prinsippet om barnet sitt beste, det biologiske prinsippet, prinsippet om einige foreldre og omsynet til kvinna sitt privilegium. Studien viser at barnelovgivinga ikkje er fundamentert i eit enkelt prinsipp, for eksempel barnets beste, men i fleire konkurrerande prinsipp, og at dei har fått gjennomslag i ulike delar av lovverket. I eit likestillingsperspektiv er det problem knytte til foreldreansvaret til fedrane (ugifte, ikkje-sambuande), retten fedrane har til å tene opp og ta ut fødselspermisjon, og den reelle moglegheita til å oppnå delt bustad ved samlivsbrot. Dette kan medverke til å sementere tradisjonelle kjønnsroller. I eit barneperspektiv er problemet at barnet ikkje kan setje makt bak rettane sine, da det ikkje har status som part i rettssaker som angår barnet sitt personlege liv.

Program for velferdsforskning skal avsluttast ved utgangen av 2008. Det blir forska på ei rekkje tema med relevans for politikkutvikling. Mange av dei mest relevante prosjekta for departementet blir ferdigstilte først i 2008/2009. Dette gjeld særleg prosjekta om livskvalitet etter samlivsbrot, om samfunnsøkonomiske perspektiv på familie, arbeid og velferd og eit om nye familiemønster. I programmet inngår òg ei femårig satsing på forsking om funksjonshemming som vart sett i gang i 2005. Det blir arbeidd med å utvikle eit nytt kunnskapsgrunnlag på velferdsfeltet, sjå kapitlet om forsking og utvikling, del III.

I tillegg til programløyvinga gir departementet støtte til prosjekt ved universitet, forskingsinstitutt og til Statistisk sentralbyrå (SSB). Her blir det rapportert frå eit utval av desse prosjekta.

Det er sett i gang eit prosjekt om familieforhold og likestilling blant innvandrarar der formålet er å få meir kunnskap om korleis familiar lever, og graden av likestilling mellom kjønna. Prosjektet skal etter planen ferdigstillast i mai 2009.

Surveyen om menn sine haldningar til likestilling, som vart sett i gang i samanheng med arbeidet med stortingsmeldinga om menn, mannsroller og likestilling, viser at likestillinga er komen langt i heimen, og er i stadig utvikling, medan arbeidslivet er ei bremse. Den kjønnsdelte arbeidsmarknaden har ikkje endra seg i dei siste åra, samtidig med at eit stort fleirtal av respondentane ønskjer seg betre kjønnsdeling.

Det kjønnsdelte arbeidslivet utgjer eit problem for likestillinga på fleire måtar, særleg fordi praksis medverkar til å halde oppe og styrkje nettopp stereotypiane av di ein får forsterka biletet av kva menn og kvinner kan gjere.

Jo meir likeverdig fordeling heime, særleg gjeld det inntektsfordelinga, jo meir aukar sjansen for enda meir likestilt praksis. Dette er eit hovudfunn i surveyen. Om lag 80 prosent av mennene og 70 prosent av kvinnene meiner likestillinga heime er «svært» eller «ganske» bra. Menn og kvinner som lever meir likestilt har betre forhold, lågare konfliktnivå og meir stabilitet i den forstand at det er færre som tenkjer på å bryte ut av forholdet; dette gjeld både menn og kvinner.

Både mødrer og fedrar ytrar ønske om å jobbe mindre og vere meir saman med barna. Delen som ønskjer dette aukar når arbeidstida aukar, og delen aukar også med alder på yngste barn. Det er brei semje mellom kvinner og menn om meir fødselspermisjon for far.

SSB fekk i oppdrag å greie ut spørsmålet om variabelen seksuell identitet kan inkluderast i levekårsundersøkinger. Det er bestemt at SSB vil inkludere spørsmål om seksuell identitet i levekårsundersøkinga 2008. Det er òg sett i gang eit prosjekt for å kartleggje norske haldningar om lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Prosjektet skal etter planen avsluttast hausten 2008.

Det er sett i gang ei evaluering av LDO. Målet er å få kunnskap om funksjonen til ombodet som lovhandhevar av likebehandlingslovene og som pådrivar for likestilling og likebehandling. Oppdraget inkluderer òg ei evaluering av forholdet mellom Likestillings- og diskrimineringsnemnda (LDN) og LDO. Evalueringa skal etter planen ferdigstillast ved utgangen av 2008.

Sjå kap. 841 Samlivsbrot og konfliktløysing for omtale av kunnskap på barnebidragsfeltet og av prosjektet Barn som har liten kontakt med den eine forelderen.

Institutt for samfunnsforsking (ISF) fekk hausten 2007 i oppdrag å evaluere det eksisterande bu- og behandlingstilbodet for unge over 18 år som bryt med familien grunna tvangsekteskap. Rapporten vart ferdigstilt i mars 2008 og skal danne grunnlaget for oppretting av nye bu- og behandlingstilbod for unge over 18 år. Dette oppdraget er gitt til Bufdir. ISF meiner bu- og støttetilbodet bør styrkjast og utvidast på fleire måtar. For det første anbefaler dei at det blir oppretta fleire plassar. For det andre anbefaler dei å tenkje sambruk med andre grupper. Nokre har behov for forsterka butiltak, der oppfølging og støtte blir gitt i bustaden. For andre kan det vere aktuelt å bu ein stad, og få oppfølging ein annan stad. ISF ser for seg eit opplegg med individuelt tilpassa oppfølgingspakker som kan utformast, takast hand om og koordinerast av ulike instansar.

Nedanfor følgjer resultatrapport 2007 for ansvarsområde som vart overførde til BLD frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet 1. januar 2008, og som frå same dato blir budsjetterte under kap. 846

Etnisk diskriminering

Kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking m.m. Post 70 Tilskot

SSBs årlege undersøking om kva for holdningar nordmenn har til innvandrarane og innvandringspolitikk, viste for 2007 ein svak nedgang i skepsis og restriktiv haldning til innvandrarane samanlikne med 2006.

Kap. 600 Arbeids- og inkluderingsdepartementet Post 01 Driftsutgifter

Handlingsplanen mot rasisme og diskriminering (2002–2006) vart avslutta i 2006. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har i 2006/2007 utarbeidd ein eigen sluttrapport med status for tiltaka og ei intern evaluering av planen. Evalueringa syner at ein gjennom handlingsplanen har fått sett i gang fleire nye tiltak, halde oversikt over igangsetjinga av tiltak, fått vekt interesse for nye utfordringar på feltet, samstundes med at planen har hatt ein pådrivarfunksjon.

Kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking m.m. Post 70 Tilskot

Noreg har teke del i EUs handlingsprogram mot diskriminering (2001–2006) med mål å støtte opp under gjennomføring av ny antidiskrimineringslovgiving. Prosjekt for å auke kunnskapen om diskriminering vart støtta, og det norske LDO har utarbeidd rapportane Towards Common Measures for Discrimination – Exploring possibilities for combing existing data for measuring ethnic discrimination (2005) og Common Measures for Discrimination II Recommendations for Improving the Measurement of Discrimination (2007).

Noreg har i 2007 teke del i EU-programmet PROGRESS. BLD tek her del i programma som omhandlar antidiskriminering, mangfald og likestilling.

Kap. 601 Utgreiingverksemd, forsking m.m. Post 21 Spesielle driftsutgifter

2007 var det europeiske året for like høve for alle. Saman med andre EU-land og EØS-land skulle Noreg setje søkjelys på rettar, representasjon, verdsetjing og respekt. Kampanjen Bevisst var Noregs bidrag, og vart gjennomførd av LDO.

Europarådets kampanje All Different – All Equal er ein kampanje som har vore gjennomførd i alle Europarådets medlemsland i kampanjeperioden frå juni 2006 til oktober 2007. Målet med kampanjen var å oppmuntre til og leggje til rette for at unge menneskje kan delta i oppbygginga av fredelege samfunn, med vekt på respekt, toleranse og forståing for skilnader.

Kap. 651 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar Post 21 Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling, integrering og mangfald

Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjonar var i Noreg sekretariat for Europarådets kampanje All Different – All Equal. Det er sett i gang lokale prosjekt knytte til kampanjens formål over heile landet. Den norske delen av kampanjen er støtta over budsjetta til BLD og Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Det er sett i verk ei kartlegging av korleis situasjonen er når det gjeld diskriminering overfor innvandrarbefolkninga i statlege etatar. Hausten 2007 har departementa greidd ut kva statleg sektor gjer for å motverke diskriminering og førekomsten av etnisk diskriminering/opplevd forskjellsbehandling utøvd av statlege styresmakter. LDO har summert opp det innkomne materialet, og andre eksisterande rapportar som omhandlar opplevd diskriminering, jf. rapporten Kartlegging av diskriminering i statlig sektor - første trinn?, som vart levert barne- og likestillingsministeren 22. januar 2008. I rapporten føreslår LDO ei rekkje tiltak som blir vurderte i samband med arbeidet med ny handlingsplan mot etnisk diskriminering. LDO følgjer òg opp rapporten i 2008 med mellom anna rettleiing til statlege etatar og utvikling av gode metodar i arbeidet mot diskriminering.

Noreg har i 2008 levert ei omfattande rapportering om arbeidet for å kjempe mot rasisme og intoleranse mellom anna på grunn av etnisk opphav, hudfarge, språk og religion til Europarådet sin kommisjon mot rasisme og intoleranse (ECRI).

Mål og strategiar

For 2009 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Likestilling mellom kvinner og menn

Integrert kjønns- og likestillingsperspektiv på alle politikkområde og forvaltningsnivå

Bevisstheit om mannsroller

Inga diskriminering av gravide i arbeidslivet

Inga diskriminering på grunnlag av seksuell orientering

Talet på gjennomførte tiltak i handlingsplanen

Aktiv innsats mot etnisk diskriminering

Integrert likestillingsperspektiv for personar med etnisk minoritetsbakgrunn på alle politikkområde

Talet på gjennomførte tiltak i ny handlingsplan

Ei samla lov mot diskriminering på alle grunnlag

Framlagt forslag frå offentleg utval

Mål som omhandlar tiltak for personar med nedsett funksjonsevne blir omtala i kap. 847.

Likestilling mellom kvinner og menn

Integrert kjønns- og likestillingsperspektiv på alle politikkområde og forvaltningsnivå

Regjeringa skal ha ein tydeleg profil når det gjeld likestilling mellom kjønna. BLD følgjer opp målsetjingane til regjeringa og er pådrivar og rettleiar i høve til andre departement. Samstundes har kvart departement eit særskilt ansvar for å utvikle mål og strategiar på sine eigne fagområde. Regjeringa sin politikk er at kvart departement og underliggjande etatar skal setje i verk særskilde kvinneretta eller mannsretta tiltak der dette er naudsynt.

BLD gir råd til dei andre departementa om integrering av kjønns- og likestillingsperspektiv i statsbudsjettet. I 2009 vil BLD få sluttresultatet av ei evaluering utført av Direktoratet for forvaltning og IKT. Direktoratet har evaluert korleis departementa integrerer kjønnsperspektivet i sine budsjett. Evalueringa vil leggje grunnlag for det vidare rettleiingsarbeidet i BLD.

BLD vil halde fram med å stille saman strategiar og tiltak som er lagde fram eller planlagde av departementa.

Departementet vil vidareføre innsatsen i høve til det regionale likestillingsarbeidet. Det er stort behov for erfaringsspreiing, opplæring og informasjon om integrering av kjønns- og likestillingsperspektivet. Dette gjeld både i planlegging og produksjon av tenester lokalt og regionalt. I 2009 vil departementet særleg følgje opp dei regionale prosjekta som starta i 2007.

Stortingsmeldinga om samepolitikken vart lagt fram våren 2008. Sametinget arbeider med ein samisk tiltaks- og handlingsplan for likestilling. Departementet vil hjelpe Sametinget i det vidare arbeidet.

Offentleg verksemd er pålagd ein aktivitetsplikt (og rapporteringsplikt) på kjønnslikestilling, jf. likestillingslova § 1 a). Det er eit stort behov for auka kunnskap om aktivitets- og rapporteringsplikta i likestillingslova. Likestillingslova § 21 stiller krav om representasjon av begge kjønn i offentlege styre, råd, utval og delegasjonar. Departementet har bedt Universitetet i Oslo om å evaluere korleis lova verkar. Evalueringa vil bli følgt opp i 2009. I tildelingsbrevet frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet til fylkesmennene er det teke inn at embeta skal rettleie kommunane: Som utøvar av myndigheit skal fylkesmannen gje råd og rettleiing til kommunane om korleis arbeidet med likestilling kan gjerast på dei politikkområda embetet har ansvar for. I årsrapporten skal embetet gjere greie for kva for tiltak ein har nytta, og kva som er dei største utfordringane framover.

I tillegg vil det etter den nye diskriminerings- og tilgjengeligheitslova og i diskrimineringslova vere ei aktivitets- og rapporteringsplikt når det gjeld etnisitet og nedsett funksjonsevne. Departementet meiner rettleiinga om desse pliktene må sjåast i samanheng, og tek derfor sikte på å lage ein strategi for korleis aktørane skal få auka kjennskap til pliktene etter dei tre lovene. Målgruppa for strategien vil vere både offentlege og private aktørar.

Regionale senter for likestilling og mangfald

KUN – senter for kunnskap og likestilling, Kvinneuniversitetet i Hamar og Fredrikkes Hage har i 2007 greidd ut grunnlaget for opprettinga av regionale senter for likestilling og mangfald. Utgreiinga vart finansiert av Kommunal- og regionaldepartementet og BLD. Kommunal- og regionaldepartementet og BLD vedtok, på bakgrunn av rapporten, at dei skulle bidra til å finansiere eit prosjekt om oppretting av regionale sentra for likestilling og mangfald i 2008. BLD tek sikte på å vidareføre støtta i 2009. BLD bidreg òg til etableringa av eit regionalt senter for Agder-fylka.

Dei regionale sentra for likestilling og mangfald skal i 2009 ha ei informasjons- og pådrivarrolle i sine respektive regionar: Troms, Nordland, Trøndelag, Oppland, Hedmark og Agder. Dei skal mellom anna gjere offentlege aktørar merksame på ansvaret deira når det gjeld aktivitets- og rapporteringsplikta i likestillingslova. Departementet vil be sentra om særleg å gjere offentlege aktørar merksame på ansvaret deira når det gjeld aktivitets- og rapporteringsplikter. Dei skal òg inkludere mannsperspektivet i likestillingsarbeidet og synleggjere kjønnsperspektivet innanfor anna diskrimineringsgrunnlag: etnisitet, nedsett funksjonsevne og seksuell orientering. Sentra vil òg kunne få oppgåver knytte til handlingsplanen mot etnisk diskriminering og handlingsplanen for betre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.

Internasjonalt samarbeid på samlivs-, likestillings- og likebehandlingsområdet

Gjennom ei rekkje konvensjonar og avtalar er Noreg forplikta til å fremme likestilling mellom kjønna. Departementet vil halde fram arbeidet for at kjønnsperspektiv og likestilling skal gjennomsyre norsk innsats i FN og andre faste organ for internasjonalt samarbeid. Krava i likestillingslova om jamn kjønnsrepresentasjon i utval, råd og delegasjonar skal etterstrevast i internasjonal samanheng. Det er viktig å sikre rettane til kvinner for å oppnå måla i internasjonal politikk og program.

Norden og nærområda

Det femårige samarbeidsprogrammet for perioden 2006–2010 Med fokus på kjønn er målet et likestilt samfunn vil bli følgt av det islandske formannskapet i 2009.

MR-JÄM vedtok i 2007 Ministerrådets kjerneoppgåver. Vedtaket til ministrane danna grunnlag både for eit vidare nordisk baltisk samarbeid (NB8) for perioden 2008–2010 og i eit utvida samarbeid på internasjonale arenaer i Europa og FN.

Hovudsaka i 2009 vil vere prosjektet Kjønn og makt i Norden.

Ei vurdering av statusen til Nordisk Institutt for kunnskap om kjønn vil starte i 2008, og blir sluttført i 2009, slik at grunnlaget for ei eventuell ny organisering vil føreliggje i god tid innan kontraktsperioden går ut og vedtak om eit nytt samarbeidsprogram vert gjort.

Samarbeid med EU og i EØS

Arbeidet med å implementere ein aktiv europapolitikk vil halde fram i 2009. Familie- og likestillingsområdet får ei stadig sterkare politisk merksemd i EUs institusjonar og blant EUs medlemsland. Noreg deltek i dei fleirårige rammeprogramma PROGRESS (2007–2013) og DAPHNE III (2007–2013).

PROGRESS-programmet omfattar følgjande område: sysselsetjing, sosialt vern og inkludering, arbeidsvilkår, arbeid mot diskriminering og for mangfald. Departementet vidarefører ordninga med ein nasjonal ekspert i DG Employment under PROGRESS.

Departementet vil mobilisere for auka deltaking frå norske NGO-ar i EUs programsamarbeid. Dette gjeld òg for EØS-midlar der likestilling mellom kjønn er eit tverrgåande tema.

Noreg deltek i EUs handlingsprogram DAPHNE III, som gjeld perioden 1. januar 2008 til 31. desember 2013. BLD har ansvar for å koordinere den norske deltakinga i programmet. Noreg si deltaking i programmet blir samfinansiert etter ein fordelingsnøkkel mellom BLD (40 prosent), Justis- og politidepartementet (30 prosent), og Helse- og omsorgsdepartementet (30 prosent).

Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) har tilrettelagt for norske prosjektsøknader til DAPHNE II. NKVTS skal òg ha ei slik rolle for DAPHNE III.

Noreg ønskjer deltaking i EUs likestillingsinstitutt som fullverdig deltakar på linje med EUs medlemsland. EUs likestillingsinstitutt skal yte teknisk og fagleg bistand til Europakommisjonen og dei enkelte EU/EØS-medlemsland. Instituttet vil liggje i Vilnius og skal etter planane vere operativt frå januar 2009.

FN-samarbeidet - FNs kvinnekonvensjon (CEDAW)

Noreg vil halde ein høg profil i FN-fora der likestilling og kvinnespørsmål står høgt på dagsordenen. På møte i FNs kvinnekommisjon (CSW) som er ein funksjonell komité under ECOSOC, våren 2009, er hovudtemaet for kvinnekommisjonen The equal sharing of reponsibilities between women and men, including caregiving in the context of HIV/AIDS. Dette temaet vil bli følgt opp i BLD i samarbeid med Utanriksdepartementet , Helse- og omsorgsdepartementet og relevante organisasjonar i og utanfor Noreg.

Departementet vil halde ein kontaktkonferanse for styresmaktene og frivillige organisasjonar for å førebu og drøfte hovudtemaet for CSW i 2009 før møtet i kvinnekommisjonen. Gjennomføring av kontaktkonferansen skjer i nært samarbeid med Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål, jf. nærmare omtale under post 70.

Departementet vil følgje arbeidet i 3. komite under FNs generalforsamling, som omhandlar familiepolitikk, barn, unge, likestilling mellom kjønna, etnisk likestilling, personar med nedsett funksjonsevne.

Samarbeid i Europarådet

Europarådet, med sine 47 medlemsland, er ein sentral institusjon for samarbeid og styrking av menneskerettar, ikkje minst når det gjeld diskriminering og like rettar for kvinner og menn.

Departementet vil i 2009 følgje opp arbeidet knytt til ekspertkomiteen for sosialpolitiske tiltak for barn og familiar i Europarådet (CS-SPFC). Komiteen blir leidd av Noreg, og mandatperioden er forlengd til 30. juni 2009. Departementet deltek også i den direkte planlegginga av familieministerkonferansen i Wien neste vår. Eit større kartleggingsarbeid i regi av CS-SPFC om familiepolitiske tiltak vil bli presentert på konferansen saman med problemstillingar knytte til dei samfunnsmessige føresetnadene for å stimulere til høgare fødselsratar.

Bevisstheit om mannsroller

Stortingsmelding om menn, mannsroller og likestilling blir levert Stortinget hausten 2008. Formålet med meldinga er å løfte fram positive så vel som negative trekk ved mannsrolla, synleggjere korleis menn både vinnar og tapar på manglande likestilling og å føreslå konkrete tiltak. Meldinga byggjer mellom anna på resultata frå den store undersøkinga som vart gjennomført i 2007 om menn og kvinner sine haldningar til likestilling, og på innspel frå ulike instansar. Meldinga foreslår ei rekkje tiltak som vil bli følgde opp etter Stortinget si handsaming av meldinga våren 2009.

Departementet vil i 2009 i samarbeid med mellom anna Reform – ressurssenter for menn og ulike forskingsmiljø utvikle informasjons- og retleiingsmateriell retta mot menn om menn og likestilling. Departementet vil framleis arbeide for at fleire menn deltek på alle konferansar som omhandlar kjønnslikestilling.

Departementet er opptatt av tiltak for å styrke farsrollen og fedrane sitt samver med barna sine. Prosjektet Berekraftige familiar – likestilte livsløp vert vidareført i 2009. Erfaringane i prosjektet viser so langt at historiske kjønnsrollar verkar inn på både arbeidsgjevarar sine holdningar til fedre som omsorgspersonar, og dialogen mellom til dømes barnehage og far.

Departementet vidarefører støtte til eit treårig professorat i maskulinitets- og likestillingsforsking. Stillinga vart oppretta ved Universitetet i Oslo, Senter for kunnskap om kjønn, frå april 2008.

Reform – ressurssenter for menn byggjer mellom anna opp kunnskap om innvandrarmenn sine haldningar til likestilling, som kan danne grunnlag for å utvikle tiltak. Departementet legg nokre føringar på arbeidet gjennom årleg tildelingsbrev, men styret og dagleg leiar står fritt innanfor dei statuttar som gjeld for stiftinga.

Inga diskriminering av gravide i arbeidslivet

Arbeidsforskningsinstituttet la i august fram ein forskingsrapport om årsaker til diskriminering av gravide og permisjonstakarar.

BLD har i september 2008 sendt på høyring forslag om forbod mot å spørje om graviditet i jobbintervju. Departementet vil og setje i gang andre tiltak for å motverke diskriminering.

Inga diskriminering på grunnlag av seksuell orientering

Den auka innsatsen til regjeringa for å sikre lesbiske og homofile sine rettar, støtte homofile og lesbiske i å leve ope og aktivt motarbeide diskriminering blir vidareført i 2009. I 2008 vedtok Stortinget felles ekteskapslov som jamstiller homofile og heterofile par og gir barn av lesbiske og homofile par same rettar som andre barn. Regjeringa lanserte i juni 2008 Handlingsplan for bedre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner.

Den overordna målsetjinga for handlingsplanen er å få slutt på diskrimineringa som mange lhbt-personar opplever i ulike livsfasar og sosiale samanhengar. Planen skal bidra til betre levekår og livskvalitet for gruppa.

Integrering av lhbt-perspektivet på alle samfunnsområde, mellom anna integrering av perspektivet i sektorane sine ordinære tenester, er det sentrale verkemiddelet. Lhbt-personar skal som andre innbyggjarar oppleve gode og relevante møte med helsevesenet ein skole utan risiko for mobbing og vald. Truslar om tvangsekteskap skal møtast med tilbod om støtte og krisehjelp - og verneombod og arbeidsgivarar skal få kunnskap til å handsame usynleggjering og mobbing som kjem av seksuell orientering eller overskridande kjønnsuttrykk. Arbeid for openheit og toleranse i arbeidslivet skal vidareførast.

Lhbt-planen inneheld 64 tiltak på følgjande områder:

  • forsking og kunnskapsforvalting

  • skole og utdanning

  • barne- og familiepolitikken

  • fritid, idrett og frivillige organisasjonar

  • arbeidsliv

  • innvandring og integrering

  • den samiske befolkninga og dei nasjonale minoritetane

  • likeverdige og gode helse- og omsorgstenester

  • rettsleg stilling, politi og påtalemyndigheit

  • Noreg i det internasjonale samfunnet – kjempe mot diskriminering av seksuelle minoritetar.

Tiltaka er forankra i åtte departement.

I handlingsplanen er dei viktigaste tiltaka på BLD sitt område i 2009:

- å auke forskingsinnsatsen på lhbt-området. Aktuelle tema er lhbt-personar sine levekår jamnført med den øvrige befolkninga, basert på helse- og levekårsdata frå SSB, lhbt-personar blant innvandrarar og i den samiske befolkninga, og utfordringar lhbt-personar opplever i arbeidslivet

- å setje i verk eit forprosjekt for å greie ut om grunnlaget for å etablere eit tverrfagleg og tverrsektorielt ressurssenter for lhbt-spørsmål, som mellom anna skal sørgje for å dokumentere og spreie kunnskap om forsking og praktisk antidiskrimineringsarbeid når det gjeld lhbt-personar

- å setje i verk eit arbeid knytt opp mot barneverns- og familievernkontora, slik at tilbodet til lhbt-personar og -familiar skal bli betre på lengre sikt. Det skal mellom anna skje gjennom eit tenesteutviklingsprosjekt hos Bufdir

- å føre vidare støtta til organisasjoner av og for lhbt-personar

- å utvide målgruppa for prosjekt og tiltak som kan gi betre levekår for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Bifile og transpersonar er nye grupper frå 2009 i tråd med regjeringa sin handlingsplan, Bedre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner. Lhbt-personar i den samiske befolkninga er frå 2009 inkluderte som ei priortert gruppe, saman med lhbt-ungdom, innvandrarar, og lhbt-personar innanfor idretten og i arbeidslivet.

Det er grunn til å ta dei store utfordringane lhbt-personar med innvandrarbakgrunn opplever på alvor. Det er derfor viktig at denne gruppa av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar blir møtt med kompetanse og forståing i sine møte med ulike offentlege tenester, mellom anna i skolen, helse- og sosialsektoren, politi- og innvandringsstyresmaktene og barne- og familieverntenestene. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har i 2008 ført vidare og styrka den økonomiske støtta Skeiv Verden fekk frå BLD for første gang i 2007. BLD vil føre vidare det interreligiøse forum som vart etablert i 2008 og som skal vere ein arena for samtalar mellom representantar/leiarar frå ulike religiøse grupper og det offisielle, politiske Noreg på regjeringsnivå. Her skal til dømes spørsmål knytt til menneskerettar for seksuelle minoritetar, arbeid mot tvangsgifte og kjønnslemlesting mv. kunne bli diskutert. Lhbt-innvandrarar og deira spesielle utfordringar vil og bli omtala i den kommande handlingsplanen mot etnisk diskriminering – sjå eigen omtale.

Aktiv innsats mot etnisk diskriminering

Integrert likestillingsperspektiv for personar med etnisk minoritetsbakgrunn på alle politikkområde

Regjeringa vil arbeide for eit tolerant, fleirkulturelt samfunn, og mot rasisme. Alle skal ha dei same rettar, plikter og høve uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn, religion, seksuell orientering eller funksjonsevne, som det står i Soria Moria-erklæringa. Det er regjeringa sitt ønskje at Noreg skal vere eit mangfaldsamfunn.

BLD har ansvaret for å forvalte lov om forbod mot diskriminering på grunn av etnisitet, religion mv. (diskrimineringslova). BLD har eit særleg ansvar for å koordinere og gi råd om diskriminering grunna etnisitet, religion mv. i alle departementa sine faglege porteføljar. Frå 1. januar 2009 vil ei ny aktivitets- og rapporteringsplikt tre i kraft i diskrimineringslova og i ny diskriminerings- og tilgjengelegheitslov som tilsvarer plikta etter likestillingslova. I tråd med denne plikta skal offentlege styresmakter, offentlege og private arbeidsgivarar og organisasjonar i arbeidslivet arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme målet med lovene. Formålet med diskrimineringslova er å fremme likestilling, sikre like høve og rettar og hindre diskriminering grunna etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion og livssyn. Det er eit stort behov for informasjon om og opplæring i aktivitets- og rapporteringsplikta etter dei ulike diskrimineringslovene. BLD tek derfor sikte på å lage ein felles strategi for korleis aktørane skal få auka kjennskap til pliktene etter dei tre lovene.

BLD har òg ansvaret for å følgje opp Veileder til utredningsinstruksen – Likestillingsmessige konsekvenser for personer med innvandrarbakgrunn, samar og nasjonale minoritetar. Det er behov for å auke kunnskapen om denne rettleiinga i dei ulike departementa.

BLD har ansvaret for å sikre at alle skal ha lik tilgang til offentlege tenester innanfor sitt ansvarsområde. Tilpassa offentlege tenester er ein føresetnad for å hindre diskriminering.

Hendingar i dei siste par åra har forsterka behovet for eit målretta arbeid for å kjempe mot og førebyggje diskriminering. Ein ny studie av levekår blant innvandrarane viser at om lag halvparten av innvandrarane i undersøkinga har opplevd diskriminering på eit eller fleire område, jf. SSB sin rapport 2008/5 Levekår blant innvandrere i Norge 2005/2006. BLD har, i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet, gitt SSB i oppdrag å gjennomføre ein tilleggsanalyse av data om levekår. Formålet med prosjektet er å analysere opplevd diskriminering i høve til fleire variablar.

Kartlegginga av diskriminering i statleg sektor, som vart gjennomført hausten 2007, syner generelt at det er mangel på systematikk i arbeidet mot diskriminering og ein generell mangel på kunnskap om diskriminering i statlege verksemder, jf. rapporten frå LDO: Kartlegging av diskriminering i statlig sektor – første trinn?.

Ny handlingsplan mot etnisk diskriminering

Regjeringa vil leggje fram ein ny handlingsplan mot etnisk diskriminering. Handlingsplanen vil rette seg mot statleg sektor og i tillegg satse særleg på områda arbeid, utdanning, bustadmarknad, offentleg tenesteyting og diskriminering på utestader. Handlingsplanen vil ha eit gjennomgåande kjønnsperspektiv. Anbefalingane frå LDO vil bli vurderte i samband med arbeidet med ny handlingsplan. Den nye handlingsplanen mot etnisk diskriminering skal strekkje seg over fire år med ein midtvegsrapport etter to år. BLD har våren 2008 hatt høyringsmøte med mellom anna LDO, innvandrarorganisasjonar, partane i arbeidslivet, KS og Oslo kommune for å få innspel til planen.

Handlingsplanen er òg eit ledd i å følgje opp Noreg sine internasjonale forpliktingar knytte til å kjempe mot rasisme og etnisk diskriminering. Noreg skal i 2009 rapportere om oppfølging av FNs konvensjon om avskaffelse av alle former for rasediskriminering (CERD).

Ei samla lov mot diskriminering på alle grunnlag

Eit lovutval mot diskriminering vart oppnemnt i statsråd 1. juni 2007. Utvalet fekk i oppgåve å greie ut (1) ei samla lov mot diskriminering, (2) ratifikasjon og innlemming av Den europeiske menneskerettskonvensjon tilleggsprotokoll nr. 12 om diskriminering og (3) diskrimineringsvern i grunnloven (med mindre ein kommisjon oppnemnt av Stortinget får i oppdrag å utgreie dette). Vi har i dag lovfeste forbod mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønn, etnisitet, nasjonalt opphav, funksjonshemming, alder o.a. Diskrimineringsvernet er ulikt avhengig av kva som er grunnlaget for diskrimineringa. Utvalet er samansett av ei gruppe ekspertar og blir leidd av professor Hans Petter Graver. For å sikre at alle interesser vert tekne med i prosessen, er det oppretta ei eiga referansegruppe med mellom anna representantar frå ulike diskrimineringsgrunnlag og partane i arbeidslivet. Utvalet skal leggje fram innstillinga si innan 1. juli 2009.

Utvalet leverte den 11. januar 2008 ein delinnstilling (NOU 2008:1 Kvinner og homofile i trossamfunn) der dei vurderar bortfall av diskrimineringslovene sine unntak for trussamfunn når det gjeld kvinner og homofile. Utvalet foreslår å oppheve den særlege regelen i arbeidsmiljølova som gir trussamfunn rett til å tilsetje ein person som lever i homofilt samliv. Trussamfunna sin rett til ulik behandling skal i staden heimlast i lova sin generelle og strengare saklegheitsregel som og gjeld på andre samfunnsområde. Utvalet tilrår at unntaket i likestillingslova frå forbodet mot kjønnsdiskriminering for indre forhold i trussamfunn vert stramma inn. BLD vurderer å leggje fram forslag om endringar i likestillingslova og arbeidsmiljølova.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50

Forskings- og utviklingsmidlane på denne posten blir i hovudsak nytta til finansiering av større og mindre enkeltprosjekt av særleg relevans på områda samliv, likestilling og antidiskriminering. Det er sett av midlar til gjennomføring av homopolitisk tiltaksplan, jf. òg kap. 846 post 72, ny handlingsplan mot etnisk diskriminering og lovutval i samband med felles diskrimineringslov. Midlar til auka tilgjenge er flytta til kap. 847/21. Løyvinga er foreslått auka med om lag 1,9 mill. kroner frå 2008.

Post 50 Forsking, kan nyttast under post 21

4 mill. kroner skal gå til Kjønnsforskningsprogrammet under Noregs forskningsråd. Samarbeidet med Noregs forskningsråd om familiar og likebehandling vil bli ført vidare innanfor ramma av eit nytt program som er under planlegging. Det er sett av 1 mill. kroner til undersøkinga LOGG og 1,8 mill. kroner til forsking om levekåra til homofile, lesbiske, bifile og transpersonar. Det er òg sett av midlar til prosjekt om fordeling av foreldrepengar mellom mor og far, og andre prosjekt på samlivs-, likestillings- og likebehandlingsområdet.

Løyvinga er foreslått redusert med 4,9 mill. kroner frå 2008, i hovudsak som følgje av at 5,6 mill. kroner til IT-funk-programmet er flytta til kap. 847 post 50.

Post 70 Tilskot

Post 70 nyttast til tiltak og prosjekt for å fremje kjønnslikestilling, og til tilskot til frivillige organisasjonar. Departementet vil auke driftstilskotet til organisasjonen for transkjønna (LFTS) med 150 000 kroner til 650 000 kroner. Det er avsett midlar til regionalt likestillingsarbeid, og løyvinga til Reform - ressurssenter for menn er auka med 1 mill. kroner til valdsførebyggjande tiltak til 4 mill. kroner. 1,45 mill. kroner vil bli nytta til å fremme samvær mellom fedre og barn. Det vil bli nytta midlar på posten til å finansiere professorat i mannsforsking. Det er sett av 0,5 mill. kroner årleg til oppfølging av samarbeidsavtalen med Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål. 3,55 mill. kroner er sette av til tilskot til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar, jf. omtale under.

Løyvinga er foreslått auka med om lag 1,75 mill. kroner frå 2008.

Tilskot til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar

Mål

Målet med tilskotsordninga er å sørgje for eit rikt organisasjonsliv på det familie- og likestillingspolitiske området. Tilskota skal bidra til debatt, auka kunnskap og til å synleggjere familie- og likestillingspolitiske tema. Målet er at ordninga skal bidra til å utvikle demokratiet og vere med på å gjere dei frivillige organisasjonane til eit supplement til det offentlege familie- og likestillingspolitiske arbeidet.

Tiltak retta mot mannsroller, implementering av handlingsplanar frå FNs kvinnekonferansar, FNs kvinnekommisjon og andre internasjonale organisasjonar vil vere sentrale.

Tildelingskriterium

Det blir gitt tilskot til drift av frivillige organisasjonar som arbeider med familie- og likestillingspolitikk. Midlane blir lyste ut, og tildeling skjer ein gong i året på grunnlag av søknad. Tildelinga blir utførd av Bufdir etter retningslinjer gitte av departementet.

Frivillige organisasjonar, som har klare familie- eller likestillingspolitiske mål, og som dokumenterer dette med vedtekter, målsetjingar og planar, kan søkje om støtte til driftsformål. Organisasjonar som mottek, eller vil kunne få, annan statleg støtte til drift kan ikkje tildelast midlar til driftsformål over denne posten. Paraplyorganisasjonar, nasjonale organisasjonar sine kvinneutval, andre liknande underutval på lokalt nivå og lokallag av landsomfattande organisasjonar blir ikkje gitte støtte til drift. Innanfor kvar medlemsgruppe blir det gitt same støttebeløp. Storleiken på og fordelinga av tilskotet vil vere avhengig av storleiken på organisasjonane og kor mange organisasjonar som fyller krava til støtte.

Organisasjonar som ikkje fyller krava til støtte til driftsformål, kan søkje om støtte til tiltak som er i tråd med formålet for tilskotsordninga.

Oppfølging og kontroll

Mottakar av tilskot som har motteke denne type tilskot tidlegare, må sende inn rekneskap mv. bekrefta av revisor, seinast saman med ny søknad om tilskot. Rapporten må vise at midlane er brukte i tråd med vilkåra for tildeling. Ny tildeling vil bli avkorta om tildelte midlar er brukt i strid med vilkåra og/eller ikkje er tilstrekkeleg dokumenterte. Det vil ikkje bli gitt ny tildeling før rapport og rekneskap føreligg.

Post 71 Særlege familiepolitiske tiltak

Løyvinga nyttast til driftstilskot til Aleneforeldreforeningen, Foreningen 2 Foreldre og foreininga Vi som har et barn for lite. Tilskotet blir fordelt mellom dei tre organisasjonane etter medlemstal.

Mål, tildelingskriterium og oppfølging og kontroll av tilskota samsvarer med tilskot til frivillige organisasjonar som arbeider på familie- og likestillingsområdet, jf. omtale under post 70 Tilskot. Løyvinga er prisomrekna frå 2008 til 2009.

Post 72 Tiltak for lesbiske og homofile

Løyvinga vil bli nytta til driftstilskot til LLH inkl. juridisk rådgivar, Skeiv ungdom, bladet BLIKK og tilskot til prosjekt i regi av homopolitiske organisasjonar. Målet er å betre levekåra til homofile og lesbiske. 150 000 kroner er flytta til kap. 846 post 70 i samband med auka tilskot til LFTS.

Post 73 Tilskot til Kvinneuniversiteta

BLD forvaltar tilskotet til delfinansiering av drift av Kvinneuniversitetet i Hamar og KUN – senter for kunnskap og likestilling (tidlegare Kvinneuniversitetet Nord). Stiftingane er eit viktig ledd i likestillingspolitikken til regjeringa. Løyvinga er prisomrekna frå 2008 til 2009.

Post 79 Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan overførast

Noreg deltek i det fleirårige EU-programmet PROGRESS (2007-2013). Programmet inngår som eit ledd i EUs politikk for sysselsetjing og EUs sosialpolitikk, og arbeid mot diskriminering. Programmet inkluderer følgjande område: sysselsetjing, sosialt vern og inkludering, arbeidsvilkår, arbeid mot diskriminering og for mangfald.

Departementet vil fortsetje ordninga med ein nasjonal ekspert i DG Employment under PROGRESS, og vil saman med Arbeids- og inkluderingsdepartementet delfinansiere ei rådsstilling ved EU-delegasjonen i Brussel. Råden vil ta seg av familie- og likestillingsområdet ved sida av sine plikter overfor Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Det europeiske likestillingsinstituttet vart i 2007 vedteke oppretta i Vilnius. Instituttet skal vere eit avhengig senter på europeisk nivå, som skal gi teknisk støtte til europeiske institusjonar og medlemslanda i arbeidet for likestilling mellom kvinner og menn. Løyvinga blir knytt til årskontingent for norsk deltaking i verksemda til instituttet, sjå nærmare omtale under resultatmålet for eit breitt internasjonalt samarbeid på likestillingsområdet.

Løyvinga er prisomrekna frå 2008 til 2009.

Kap. 3846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Prosjektinntekter

315

Sum kap. 3846

315

Post 01 Prosjektinntekter

Inntektene for 2007 var midlar tildelte frå Nordisk Ministerråd for å gjennomføre konferansar og tiltak i samband med at Noreg hadde formannskapet i 2006. Refusjonen kom i 2007. Inntektene finansierte tilsvarande utgifter under kap. 846 post 21.

Kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Driftsutgifter for Nasjonalt dokumentasjonssenter for personer med nedsatt funksjonsevne1

7 500

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under 50

35 200

27 249

50

Forsking

6 920

70

Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

144 399

150 753

71

Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming, kan nyttast under post 21

18 570

Sum kap. 847

187 099

203 492

1 Nasjonalt dokumentasjonssenter blir innlemma i Likestillings- og diskrimineringsombodet frå 1.1.2009.

Nedanfor følgjer resultatrapport 2007 for ansvarsområde som vart flytte til Barne- og likestillingsdepartementet frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet frå 1. januar 2008, og som frå same dato blir budsjetterte under kap. 847.

Resultatrapport 2007/2008

Kap. 600 Arbeids- og inkluderingsdepartementet Post 01 Driftsutgifter (kap. 847, post 21)

Lovutval mot diskriminering

Utvalet leverte ei delinnstilling den 11. januar 2008 om dei særlege unntaksreglane for trussamfunn i arbeidsmiljølova og likestillingslova (NOU 2008:1 Kvinner og homofile i trussamfunn).

Handlingsplan for auka tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne

I 2005 kom Handlingsplan for auka tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne, og plan for universell utforming innananfor viktige samfunnsområde. 15 departement har ansvar for tiltak innanfor eigen sektor. Tiltak er prioriterte innanfor transport, bygg, uteområde og IKT, og er retta mot ulike forvaltingsnivå, private instansar og organisasjonar. Departementa rapporterer om tiltaka i eigne budsjettproposisjonar. Det er sett i verk ei ekstern evaluering av handlingsplanen, med ei mellombels evaluering i 2008 og sluttevaluering tidleg i 2009.

Kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking m.m. Post 21 Spesielle driftsutgifter (kap. 849, post 50)

Ny diskriminerings- og tilgjengelov (DTL)

Eit lovutval har greidd ut ei styrking av det rettslege vernet mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne (NOU 2005:8 Likeverd og tilgjengelegheit) og foreslått ei eiga lov mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelova). Regjeringa la fram ein odelstingsproposisjon med oppfølging av forslaget til lovutvalet 4. april 2008. Lova vart vedteken 20. juni og vart sett i kraft 1. januar 2009.

Kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking m.m. Post 50 Noregs forskingsråd (kap. 846, post 50)

IT Funk

IT Funk er ei tverrgåande satsing knytt til personar med nedsett funksjonsevne og ny teknologi. Gjennom fleire år har satsinga utvikla ein unik arbeidsmodell, med tett samarbeid mellom næringsliv, FoU-miljø, brukarorganisasjonar og offentlege instansar. IT Funk vart frå og med 2007 vidareført i seks nye år.

Kap. 621 Tilskot forvalta av Sosial- og helsedirektoratet Post 22 Spesielle driftsutgifter, funksjonshemma (kap. 847, post 21)

Forsking om personar med nedsett funksjonsevne

For å følgje tilstanden og utviklinga på området funksjonshemma har Sosial- og helsedirektoratet i 2007 støtta større forskings- og utgreiingsprosjekt knytte til utdanning og arbeid.

Handlingsplan for auka tilgjenge

Deltasenteret vidareførte i 2007 samhandlinga med Miljøverndepartementet i arbeidet med handlingsplanen for auka tilgjenge. Rapporten Gode råd er ikkje dyre er gitt ut. Han formidlar erfaringsbasert kunnskap frå kommunale råd.

«Ingen hindring»

Sosial- og helsedirektoratet gjennomførte i 2007 kampanjen Ingen hindring, der målet var å auke kunnskapen i befolkninga om kor viktig det er med tilgjenge for deltaking i samfunnet generelt, og om strategien universell utforming spesielt. Nettstaden ingenhindring.shdir.no viser gjennom film, foto og tekst eksempel på løysingar som aukar tilgjenge innanfor arkitektur og ulike produkt. Kampanjen La oss gjøre det litt enklere vart gjennomført i 2007.

Familiar med barn med nedsett funksjonsevne

SHdir gjennomførte i 2007 eit opplæringsprogram knytt til tilrettelegging av det kommunale tenestetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne og deira familiar – TaKT.

Det er også utvikla eit studiehefte, Jakten på de gode løsningene, med tilhøyrande film. Målet er å bidra til å skape gode løysingar for familiane. Studieheftet er distribuert til alle landets kommunar, fylkesmenn og interesseorganisasjonar.

Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet har oppretta eit nytt tiltak retta mot familiar til barn med nedsett funksjonsevne. Tiltaket er kalla pilotprosjekt Familieveiviser og er ei vidareføring av TaKT. Målet er å utvikle modellar som kan betre tenestetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne og deira familiar. Prosjektet vart etablert hausten 2007 og vil etter planen bli avslutta i 2010.

Målet for Familieprosjektet er å betre familiens meistring ved å bidra til eit nasjonalt system som sikrar forståeleg og relevant informasjon og rettleiing for familiar med barn som har nedsett funksjonsevne og/eller kronisk sjukdom. Prosjektet vart etablert i 2005 som ei fireårig satsing. Prosjektansvaret er lagt til Nasjonalt kompetansesenter for læring og meistring ved Aker universitetssjukehus HF. Prosjektet er følgt opp av SHdir. Det vil i 2007/2008 bli gjennomført ei evaluering av prosjektet.

Nettportalen familienettet.no vart lansert i mars 2007. Målet med nettstaden er å gjere det enklare å finne og ta i bruk informasjon, samt å gjere det mogleg å dele kunnskap og erfaring med andre i liknande situasjon. Målgruppa er familiar til barn som har nedsett funksjonsevne og/eller kronisk sjukdom.

Personar med etnisk minoritetsbakgrunn

Det er i 2007 gitt tilskot til to av kompetansesentra for sjeldne og lite kjende diagnosar og funksjonshemmingar til utvikling og tilrettelegging av kompetansetilbod til personar med minoritetsbakgrunn og deira pårørande.

Nasjonalt lærings- og meistringssenter ved Aker universitetssjukehus HF skal evaluere læringstilbod for personar med minoritetsbakgrunn som har barn med nedsett funksjonsevne og/eller kronisk sjukdom.

Kap. 621 Tilskot forvalta av Sosial- og helsedirektoratet Post 71 Tilskot til funksjonshemmas organisasjonar mv. (kap. 847, post 70)

Tilskot til organisasjonane til funksjonshemma

Det blir gitt støtte til drift av organisasjonane, likemannsarbeid og ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne. Det var 119 organisasjonar som var berettiga til tilskot i 2007. Foreininga Norges døvblinde vart fullfinansiert i 2007. Det vart fordelt 96,5 mill. kroner i driftstilskot til dei 119 organisasjonane og 1,4 mill. kroner til sommarleir for barn med nedsett funksjonsevne med særskilt store hjelpebehov. Seks organisasjonar vart innvilga tilskot til sommarleir for barn.

Tilskot til paraplysamarbeid

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) fekk i 2007 eit tilskot på 9,7 mill. kroner, og Samarbeidsforum av Funksjonshemmedes Organisasjoner (SAFO) fekk eit tilskot på 643 000 kroner. I tillegg fekk FFO eit tilskot på 650 000 kroner øyremerkte lokale velferdstiltak.

Tilskot til likemannsarbeid

Formålet med tilskotsordninga er å styrkje organisasjonane for funksjonshemma når det gjeld sjølvhjelpsarbeid. I 2007 blei det fordelt 24,3 mill. kroner til likemannsarbeid. Av dette vart det sett av 6,075 mill. kroner til likemannsarbeid i samband med attføring og arbeid. 107 organisasjonar tok imot likemannsmidlar ordinært i 2007, og 30 tok imot midlar til likemannsarbeid i samband med attføring og arbeid.

Tilskot til ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne i regi av frivillige organisasjonar

I 2007 vart det fordelt 5,2 mill. kroner til ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne. 154 organisasjonar vart innvilga tilskot. Tiltaka består hovudsakleg av sosiale tilstellingar, idrettsarrangement, leirar, kurs og feriereiser.

Kap. 623 Nasjonalt dokumentasjonssenter for personar med nedsett funksjonsevne (kap. 847, post 01)

Dokumentasjonssenteret skal auke kunnskapen om situasjonen og samfunnsutviklinga for personar med nedsett funksjonsevne

I 2007 gav Dokumentasjonssenteret for personer med nedsett funksjonsevne ut sin første statusrapport, Statusrapport 2007 - Samfunnsutviklinga for personar med nedsett funksjonsevne. Rapporten er inndelt i ni samfunnsområde og eit temaområde. Rapporten syner at vi på mange samfunnsområde framleis har utfordringar før likestilling for personar med nedsett funksjonsevne er oppnådd. Dokumentasjonssenteret har i 2007 utarbeidd ein tilgjengeleg nettstad (dok.no). Statusrapport 2007 og årsrapport for 2007 finst i DAISY-format og er formidla i fulltekst på nettstaden.

Mål og strategiar

For 2009 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Likestilling og deltaking for personar med nedsett funksjonsevne

Integrert likestillingsperspektiv for personar med nedsett funksjonsevne

Talet på gjennomførte tiltak i ny handlingsplan

Likestilling og deltaking for personar med nedsett funksjonsevne

Integrert likestillingsperspektiv for personar med nedsett funksjonsevne

Eit systematisk pådrivararbeid for integrering av eit likestillingsperspektiv for personar med nedsett funksjonsevne på alle politikkområde

BLD har ansvaret for koordineringa av politikken for personar med nedsett funksjonsevne. Regjeringa praktiserer sektoransvarsprinsippet. Det vil seie at alle departement med underliggjande etatar skal innarbeide strategiar og tiltak for personar med nedsett funksjonsevne på sine område.

Arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne i alle aldersgrupper må sjåast i samanheng med andre diskrimineringsgrunnlag som kjønn, seksuell legning og etnisk bakgrunn.

BLD arbeider særskilt mot barn med nedsett funksjonsevne og deira familiar. I 2009 vil ei omfattande kartlegging syne om det er behov for ytterlegare tiltak. Dette må sjåast i samanheng med ny handlingsplan for auka tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne (BLD), ny handlingsplan for habilitering av barn og unge med nedsett funksjonsevne (Helse- og omsorgsdepartementet) og utval som ser på spesialundervisninga og det statlege spesialpedagogiske støttesystem (Kunnskapsdepartementet).

Leggje til rette for ratifisering av FNs konvensjon om rettar for personar med nedsett funksjonsevne

FNs hovudforsamling vedtok konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne i desember 2006. Saman med fleirtalet av medlemsstatane i FN underteikna Noreg konvensjonen i mars 2007. Underteikning tyder at ein tek sikte på å ratifisere på eit seinare tidspunkt, og inneber ei plikt til ikkje å handle i strid med konvensjonen. Å ratifisere vil seie at ein tek på seg ei folkerettsleg plikt til å etterleve føresegnene i konvensjonen. Departementet arbeider no med å klarleggje kva for endringar i lovgivinga og andre tiltak som må gjerast før Noreg kan ratifisere.

Førebu implementering av diskriminerings- og tilgjengelova

Lov om diskriminering og tilgjenge av 17. juni 2008 skal setjast i kraft 1. januar 2009. Handheving av lova vil vere ei ny oppgåve for Likestillings- og diskrimineringsombudet (LDO), og fører til auka innsats for LDO på fleire område, som klagehandsaming, informasjon og rettleiing, dokumentasjonsarbeid og pådrivarfunksjon. LDO skal òg byggje opp dokumentasjonen om art og omfang av diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne og ha ei kompetanserolle på området.

Ny handlingsplan for auka tilgjenge og universell utforming

Regjeringa har starta arbeidet med ein ny handlingsplan for auka tilgjenge og universell utforming. Handlingsplanen skal støtte opp under implementeringa av diskriminerings- og tilgjengelova, mellom anna i høve til kommunane. Planen vil bli lagd fram på nyåret 2009.

Det er lagt opp til at sentrale innsatsområde i planen skal vere bygg, uteområde/planlegging, transport, IKT og arbeid. Gjennom handlingsplanen skal departementet arbeide for at sektorstyresmaktene skal implementere universell utforming som standard i regelverk og praksis. Departementet skal samstundes førebu andre aktørar til å vere i stand til å følgje opp diskriminerings- og tilgjengelova.

Regjeringa har også starta arbeidet med å utvikle nasjonale indikatorar på tilgjenge. Hensikta med dette arbeidet er å få fram konkrete indikatorar som kan måle grad av tilgjenge og seie noko om effekten av innsats over tid.

Nasjonalt dokumentasjonssenter for personar med nedsett funksjonsevne

Nasjonalt dokumentasjonssenter for personar med nedsett funksjonsevne skal innlemmast i LDO frå 1. januar 2009. Funksjonane som Nasjonalt dokumentasjonssenter for personar med nedsett funksjonsevne har i dag, vil bli vidareført i LDO. Gjennom innlemminga vil ein betre kunne sjå dei ulike diskrimineringsgrunnane i samanheng. Dette inneber at vi på lengre sikt kan få fram meir kunnskap om situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne knytt til kjønn, etnisitet og seksuell legning. Likestillings- og diskrimineringsnemnda skal handsame klagesaker knytte til diskriminerings- og tilgjengelova.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Løyvinga på post 21 blir nytta til målretta informasjons-, forskings- og utviklingstiltak som bidrar til å betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne. Delar av midlane blir forvalta av Helsedirektoratet. Mellom anna skal 3,75 mill. kroner nyttast til pilotprosjektet Familieveiviser. Posten er redusert med om lag 8 mill. kroner. Innsparinga skjer mellom anna ved at fleire evalueringsprosjekt blir ferdigstilt i 2008 og midlar til forskings- og utviklingsarbeid vert noe redusert.

Post 50 Forsking

Det er sett av 5,6 mill. kroner til IT Funk, som er ei tverrgåande satsing knytt til personar med nedsett funksjonsevne og ny teknologi under Noregs forskingsråd. Beløpet er overført frå kap. 846 post 50. IT Funk-programmet skal gjennomførast i perioden 2007–2012. 1,32 mill. kroner knytt til forsking på nedsett funksjonsevne er flytta frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Post 70 Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

Formålet med tilskotsordninga er å styrkje moglegheitene for dei funksjonshemma sine organisasjonar til å drive interessepolitisk arbeid, gi service til eigne medlemmer i form av mellom anna lokale velferdstiltak, og styrkje dei høva paraplyane FFO og SAFO har til å drive interessepolitisk arbeid og gi service til medlemsorganisasjonane. FFO og SAFO får eit relativt like stort paraplytilskot. Tilskotet er basert på medlemstala i organisasjonane som er tilsutta FFO og SAFO. Tilskotsordninga skal òg medverke til å styrkje organisasjonane til funksjonshemma når det gjeld sjølvhjelpsarbeid. Det vart gitt tilskot til likemannsarbeid ordinært og til likemannsarbeid i samband med attføring og arbeid. Det er òg eit formål å styrkje dei mogligheitene organisasjonane til funksjonshemma har til å gjennomføre gode velferds-, fritids- og ferietiltak for personar med nedsett funksjonsevne.

Tilskotet blir forvalta av Helsedirektoratet etter regelverk utarbeidd av departementet. Løyvinga er prisomrekna frå 2008 til 2009.

Post 71 Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming, kan nyttast under post 21

Post 71 skal nyttast til målretta tiltak i ny Handlingsplan for auka tilgjenge og universell utforming. Tiltaka skal mellom anna støtte opp under ny lov om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. Det er flytt 19,4 mill. kroner til posten frå kap. 1400 post 80 under Miljøverndepartementet.

Kap. 849 Likestillings- og diskrimineringsombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

50

Basisløyving

29 092

30 343

48 574

Sum kap. 849

29 092

30 343

48 574

Status for verksemda

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) vart etablert 1. januar 2006. Ombodet tok opp i seg dei tre tidlegare etatane, Senter mot etnisk diskriminering, Likestillingsombodet og Likestillingssenteret. Organisasjonen har bygt opp kunnskap om nye diskrimineringsområde: nedsett funksjonsevne, alder og seksuell orientering. Ombodet handhevar likestillingslova, diskrimineringslova, arbeidsmiljølova (kap. 13) og diskrimineringsreglane i bustadlovgivinga. Ombodet har i oppgåve å utgjere eit alternativ til domstolsbehandling av saker om diskriminering. Ombodet har i tillegg ansvaret for å overvake at norsk rett og forvaltningspraksis er i samsvar med FN sin kvinnekonvensjon og Rasediskrimineringskonvensjon. Frå 2009 vil ombodet òg få tilsvarande ansvar for FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne.

I 2007 mottok ombodet til saman 1 299 saker (klage- og rettleiingssaker) og vel 600 andre førespurnader (føredrag, arrangement, prosjekt mv.) av ulikt slag.

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Høg kvalitet i lovhandhevinga

Korrekt og effektiv sakshandsaming

I 2007 mottok LDO 150 klagesaker. Av desse sakene vart 132 ferdighandsama. I dette ligg det at ombodet anten gav ei fråsegn, avviste saka eller la ho bort. Ei rask og god vurdering av om ei sak skal bli handsama, er viktig for å tryggje effektiv handsaming av klagesaker der ombodet har eit reelt høve til å ta stilling til om det er skjedd brot på diskrimineringsforbod eller ikkje.

Ombodet driv noko oppsøkjande verksemd for å nå personar som elles ikkje ville ha klaga: gjennom oppmodingar til å ta kontakt når dei er ute og held føredrag eller deltek på ulike arrangement, og gjennom infostandar på offentleg stad og radiokampanjar.

Ei fråsegn frå ombodet er normalt ikkje rettsleg bindande. På eitt område har likevel ombodet høve til å gjere rettsleg bindande vedtak om å stanse diskriminerande handling. Dersom eit slikt vedtak ikkje kan vente til Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan behandle saka, kan ombodet i særlege tilfelle fatte vedtak etter diskrimineringsombodslova § 4, jf. § 7. Målet er å stanse ei diskriminerande handling raskt. I 2007 har ombodet nytta høvet til å varsle om hastevedtak i 11 saker. Alle sakene gjaldt ulovlege stillingsannonsar. I alle tilfella har dei som har fått fråsegna mot seg, stadfesta at dei vil endre praksis.

I 2007 tok ombodet opp 19 klagesaker på eige initiativ. Sakene er delvis tekne opp etter eigne undersøkingar, etter medieomtale eller etter tips frå publikum eller organisasjonar.

Frå 2006 til 2007 har gjennomsnittleg sakshandsamingstid på klage- og rettleiingssaker gått ned frå 19 til 13 veker. Kravet om at førespurnader på e-post skal svarast på innan maksimum to dagar, har ombodet derimot ikkje klart å oppfylle til kvar tid.

Ombodet legg ut samandrag av alle fråsegnene sine på Internett. I tillegg blir dei mest prinsipielle fråsegnene lagde ut i full tekst.

I ombodet si handheving av likestillingslova inngår kontroll av aktivitets- og utgreiingsplikta som er pålagd alle arbeidsgivarar. Ombodet har i 2007 valt å fokusere på kommunesektoren i arbeidet med å kontrollere likestillingsutgreiingar. Årsrapportane til 50 utvalde kommunar vart kontrollerte spesielt med vekt på kjønnsdelt oversikt over tilsette, løn, arbeidstid og permisjonsuttak. 37 kommunar fekk godkjent utgreiingane sine, 15 av desse var mangelfulle. 13 kommunar har ikkje fått godkjent sine utgreiingar og har dermed brote likestillingslova.

God rettleiing

Eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane

Talet på rettleiingssaker i 2007 har auka samanlikna med 2006. I 2006 mottok ombodet 824 rettleiingssaker, medan det same talet for 2007 er 1 282, ein auke på 56 prosent.

For at kommunikasjonen mellom sakshandsamar og brukar skal bli best mogleg, syter ombodet for tolketeneste (også døvetolk) når sakshandsamar eller den som vender seg til ombodet, treng det. Lokala er fysisk tilgjengelege for personar med nedsett funksjonsevne.

I mars 2007 lanserte ombodet nye internettsider. På internettsidene ligg det mellom anna informasjon om dei prosjekta ombodet har teke del i, og rapportar som er gitte ut.

Ombodet har jamlege møte med ulike frivillige organisasjonar, Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og styresmaktene og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet om aktuelle tema og prosessar. I 2007 har ombodet òg hatt møte med samiske organisasjonar og med representantar for nasjonale minoritetar, i tillegg til Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn. Desse møta er viktige for å innhente informasjon frå brukargruppene og for å spreie informasjon om ombodet og kva for rettar brukargruppene har.

I 2007 la ombodet vekt på rettleiing av arbeidsgivarar og organisasjonane i arbeidslivet. Like muligheter i arbeidslivet er ei praktisk rettleiing som omfattar alle diskrimineringsgrunnlaga i likestillingslova, diskrimineringslova og arbeidsmiljølova. Rettleiinga er lagt ut på internettsidene til ombodet. Ombodet har også tilbydd ei omfattande rettleiing til samarbeidspartnarane i kommunesektoren om aktivitets- og utgreiingsplikta.

Offensiv og synleg pådrivar for likestilling og mot diskriminering

God kontakt med relevante styresmakter, kompetansemiljø og interesseorganisasjonar

Ombodet held kontakt med organisasjonssamfunnet og andre aktuelle samfunnsaktørar mellom anna gjennom møte i brukarutvalet og brukarforumet. Brukarutvalet til ombodet har 14 representantar som dekkjer alle diskrimineringsgrunnlag og aktuelle samfunnsområde som utdanning og arbeidsliv. Brukarforumet til ombodet er møte mellom ombodet og organisasjonar, interessegrupper og enkeltpersonar som representantar for ulike diskrimineringsgrunnlag. Ombodet arrangerer møte på tvers av diskrimineringsgrunnlag for å utveksle erfaringar og kunnskap. Utover dette har ombodet jamlege møte med ulike frivillige organisasjonar, jf. nærare omtale under delmålet God rettleiing.

I 2007 heldt ombodet 93 føredrag. Gjennom føredragsverksemda spreier ombodet kunnskap om lovverket og korleis bedrifter, organisasjonar og partane i arbeidslivet kan arbeide for å fremme like høve og kjempe mot diskriminering.

LDO er òg representert i ei rekkje referansegrupper som arbeider med spørsmål knytte til fagområdet til ombodet.

Ombodet er involvert i fleire samarbeidsprosjekt i både inn- og utland. Mellom anna har ombodet teke initiativ til eit forskingssamarbeid med Noregs idrettshøgskole om likestilling i idretten.

Avdekkje diskriminerande forhold og drive påverknadsarbeid

LDO har også i løpet av 2007 delteke på møte i EUs rådgivande komité for kjønnslikestilling (Advisory Committee on Equal Opportunities).

I 2007 avslutta ombodet prosjekta Fostering Caring Masculinities og Common Measures for Discrimination. Fostering Caring Masculinities sette søkjelys på menn og omsorg og på kva måte ein kan få til ein betre balanse mellom privatliv og arbeidsliv. Common Measures for Discrimination gir tilrådingar for korleis ein kan vidareutvikle måling av diskriminering. Prosjektrapportar for begge prosjekta er utgitte. Erfaringar frå prosjekta blir tekne med i pådrivararbeidet til ombodet.

I 2007 hadde ombodet fleire større informasjonsprosjekt gåande. Desse prosjekta vart samla under kampanjen Bevisst – på deg selv og andre. Innunder Bevisst kom dei fire prosjekta Bevisstturneen, Bevisst Valg 2007, Tett Gapet og Det europeiske året for like muligheter for alle.

Målet med Bevisstturneen var å spreie kunnskap og medvit om diskrimineringslova og arbeidsmiljølova kap. 13 om likebehandling.

I samanheng med kommune- og fylkestingsvalet 2007 gjennomførte ombodet kampanjen Bevisst Valg 2007 for å få fleire kvinner og meir mangfald i kommunestyre og fylkesting. I tillegg vart dei største politiske partia inviterte til å skrive under på ei erklæring der dei tok ansvar for å drive ein inkluderande valkamp fri for diskriminering og framandfrykt.

Tett Gapet vart gjennomført på oppdrag frå Sosial- og helsedirektoratet. Målet med prosjektet var å få fleire personar med nedsett funksjonsevne ut i arbeidslivet.

Det europeiske året for like muligheter for alle hadde som hovudmål å fremme like høve for alle ved å auke kunnskapen om likestilling og diskriminering i Europa gjennom bevisstgjering, ansvarleggjering og debatt om rettar, deltaking og respekt.

Eit anna stort prosjekt som vart starta opp i 2007, var Etnisk diskriminering i statlig sektor. Hausten 2007 sette arbeids- og inkluderingsministeren i gang eit arbeid med å kartleggje den faktiske situasjonen når det gjeld diskriminering av personar med innvandrarbakgrunn i statleg sektor, og kva som må gjerast for å kjempe mot slik diskriminering. Ombodet fekk i oppgåve å samanfatte utgreiingane gitte av departementa og deira underliggjande etatar og å kome med tilråding til eventuelle vidare undersøkingar og/eller strakstiltak. Arbeidet heldt fram i 2008.

Dokumentasjon av førekomsten av direkte og indirekte diskriminering skjer i hovudsak gjennom publikasjonane SaLDO og PRAKSIS, som begge vart utgitte for første gong i 2007. SaLDO syner graden av likestilling og omfanget av diskriminering i ulike sektorar. Diskrimineringsjuss i PRAKSIS gir ei oversikt over sentrale klagesaker og rettleiingssaker som ombodet har behandla siste året, samt dei mest sentrale lovgivingsprosessane som ombodet har teke initiativ til eller delteke i.

I 2007 fekk ombodet 4 647 oppslag i ulike medium, inkluderte eigne utspel. Det er ein auke frå 2006 på om lag 80 prosent. Innslag i etermedia er ikkje inkluderte i desse tala. Den reelle medieaktiviteten er derfor vesentleg høgare enn tala skulle tilseie.

Ombodet har i 2007 gitt høyringssvar i fleire sentrale saker. Mellom anna har ombodet uttalt seg i følgjande saker:

  • endringar i utlendingsforskrifta – opphaldsløyve når det føreligg praktiske hindringar for retur

  • diskrimineringsombodslova – fråsegn om diskriminering på bustadmarknaden

  • rett til redusert arbeidstid for arbeidstakarar over 62 år.

  • forslag om kriminalisering av kjøp av seksuelle tenester

  • ratifisering av FN-konvensjonen – menneske med nedsett funksjonsevne.

Ombodet har også teke opp saker på eige initiativ, mellom anna:

  • revisjon av unntaka frå reglane i likestillingslova og arbeidsmiljølova

  • forslag om forbod mot spørsmål om graviditet under jobbintervju.

Nærmare om kjønn i klagesaker

I 2006 og 2007 var høvesvis 58 og 65 prosent av klagarane i klagesaker kvinner.

Tabell 4.12 Diskrimineringsgrunnlag (multiple) etter kjønnet til klagaren (2007)

Diskrimineringsgrunnlag

Klagar er kvinne

Klagar er mann

I alt

Kjønn

85

21

106

Etnisitet

19

29

48

Hudfarge

0

2

2

Nasjonalitet

9

6

15

Avstamming

1

0

1

Språk

3

2

5

Religion

6

3

9

Alder

9

19

28

Funksjonsevne

2

4

6

Seksuell orientering

1

1

2

Medlemskap i fagforeining

0

4

4

Talet på påstandar om diskriminering

135

91

226

Talet på klagesaker (personar)

120

73

193

I 193 klagesaker fremma av privatpersonar er det sett fram 226 påstandar om diskriminering. Det er store forskjellar i kva for grunnlag som dominerer i saker som kvinner og menn fremmar. Kvinner tek opp saker knytte til kjønnsdiskriminering og menn først og fremst saker knytte til etnisitet og alder.

Mål og strategiar

For 2009 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Høg kvalitet i lovhandhevinga

Korrekt og effektiv sakshandsaming

Talet på behandla klagesaker

Talet på klagesaker som har gått til nemnda (også i prosent)

Talet på saker behandla etter hasteparagrafen

Sakshandsamingstid

Eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane

God rettleiing

Talet på registrerte rettleiingssaker

Rettleiingsmateriell

Offensiv og synleg pådrivar for likestilling og mot diskriminering

Godt påverknadsarbeid retta mot relevante styresmakter, kompetansemiljø og interesseorganisasjonar

Talet på saker tatt opp på eige initiativ

Talet på registrerte foredrag, høyringsfråsegn, medieoppslag mv.

Høg kvalitet i lovhandhevinga

Korrekt og effektiv sakshandsaming

LDO skal vere eit alternativ til domstolane si handsaming av saker om diskriminering. Ombodet skal innrette arbeidet sitt slik at alle som opplever diskriminering, og som ønskjer medverknad frå ombodet, har praktisk høve til å få saka si handsama. God kommunikasjon og lett tilkomst er avgjerande.

I 2009 vil LDO si verksemd i høg grad bli påverka av lov om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelighetsloven). Diskriminerings- og tilgjengelova, som ombodet skal handheve, gir vern mot diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne på alle samfunnsområde. I tillegg gir lova reglar for rett til universell utforming og individuell tilrettelegging. Dette er viktige grep for å sikre eit reelt vern mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne og nye rettsområde for ombodet. I St.meld. nr. 28 (2007–2008) Samepolitikken er det framlegg om auka satsing når det gjeld diskriminering og likestilling i det samiske miljøet.

Det inneber i sum fleire oppgåver for LDO både når det gjeld lovhandheving, rettleiing og pådriving.

Parallelt med den nye lova blir Nasjonalt dokumentasjonssenter for personar med nedsett funksjonsevne innlemma og deira oppgåve ført vidare i ombodet. Senteret har i 2008 ca. sju årsverk og eit budsjett på 7,5 mill. kroner som i sin heilskap blir tilført ombodet.

Med eit relativt ope mandat og nemnde auke i lovpålagde oppgåver blir det i 2009 ei overordna utfordring å dimensjonere aktiviteten på ein balansert måte på funksjonshemmaområdet opp mot dei andre diskrimineringsgrunnlaga. Samstundes må ein sjå til at verksemda blir tilpassa dei tilgjengelege ressursane.

Det meste av likestillings- og diskrimineringslovgivinga er ny i Noreg. Mykje av utviklinga innanfor diskrimineringsretten skjer gjennom ombodet si handsaming av einskildsaker. Dette stiller store krav til den juridiske kompetansen i ombodet.

Ombodet arbeider kontinuerleg med at fråsegna i einskildsaker skal ha høg kvalitet.

Det har heile tida vore eit mål at handsaminga av klagesaker skal vere rask og effektiv. Det er vesentleg for alle partar at spørsmål om diskriminering blir avklarte så raskt som mogleg. I 2007 gjekk sakshandsamingstida ned, samanlikna med året før. Det vil bli lagt vekt på at sakshandsamingstida skal vere kort slik at ombodet blir oppfatta som eit reelt alternativ til domstolane. For å oppnå dette vil ombodet halde fram med å utvikle praksis for effektiv prioritering av dei ulike sakene, mellom anna ved å betre rutinane for å leggje bort eller avvise klager.

Eit av føremåla med oppretting av LDO var å kunne sjå fleire diskrimineringsgrunnlag i samanheng, såkalla multippel diskriminering. Slike spørsmål kjem jamleg opp, men det har vore få klagesaker så langt. LDO vil systematisere og analysere dette materialet over tid for betre å kunne forstå utfordringane og for å kunne forsterke pådrivarverksemda på feltet.

Eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane

God rettleiing

LDO har ei viktig rolle som rettleiar. Dette gjeld særleg einskildpersonar som meiner seg utsette for diskriminering og tek kontakt. Ei anna målgruppe for rettleiing er personar og grupper som er i ein posisjon der dei kan diskriminere. Ein viktig del av rettleiina frå ombodet skjer overfor arbeidsgivarar som treng rettleiing om lovverket og om korleis diskriminering kan førebyggjast og hindrast.

Godt samarbeid retta mot arbeidslivet er såleis viktig for å oppnå resultat. LDO ser at fagorganisasjonar har behov for rettleiing om lovverket og korleis dei kan medverke til mangfald og like rettar og moglegheiter for alle. I 2009 vil ombodet rette ein forsterka innsats mot dei tilsette i arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar regionalt.

Dei fleste som kontaktar LDO, ønskjer i første rekkje rettleiing etter diskrimineringslovverket. Talet på rettleiingssaker har i dei siste to åra halde seg på vel 1 000 saker. Det er eit mål at rettleiinga skal vere grundig og korrekt. Samstundes er det eit mål at arbeidet med rettleiing til publikum blir utført på ein rask og kostnadseffektiv måte, for å få mest mogleg ut av dei tilgjengelege ressursane. Ombodet vil halde fram med å utvikle metodar for raske og effektive attendemeldingar til publikum, gjennom mellom anna konkret rettleiing og korte standardsvar på nettsida ldo.no. og ved å halde fram med å utvikle standardtekstar i rettleiinga.

Eit reelt tilbod om å få leggje fram ei sak for ombodet skal ha høg prioritet. Det inneber for det første at ombodet legg til rette for at alle, også personar med ikkje-vestleg bakgrunn, samt personar med nedsett funksjonsevne har lett tilgang til tenestene til ombodet. Det gjeld både dei fysiske tilhøva og til dømes språkleg tilrettelegging både ved bruk av tolk og ved bruk av omsetting. Dette er ei kontinuerleg oppgåve for ombodet.

For å sikre at personar som ikkje så lett finn fram til offentlege myndigheiter får høve til å legge fram ei klage, kan ombodet i visse høve ta initiativ til å hente inn klager.

Ombodet legg vekt på god kontakt med interesseorganisasjonar med tanke på å få inn gode diskrimineringssaker til handsaming. Dette gjeld særleg for diskrimineringsgrunnlaget nedsett funksjonsevne, men også for andre grunnlag, til dømes seksuell orientering. Erfaringane viser at organisasjonar ikkje alltid formidlar klagesaker vidare til ombodet. Både organisasjonane, enkeltpersonane og ombodet vil tene på eit forsterka samarbeid om diskrimineringssaker.

Det er eit mål at ombodet skal ha ein god dialog med innvandrarkvinner og andre lite synlege grupper for å sikre at dei kjenner til rettane sine. Dette kan mellom anna skje gjennom dialogmøte. Erfaringane tilseier at det kan vere ei utfordring å kome i kontakt med brukarar som ikkje er organiserte og i mindre grad synlege i den offentlege debatten. Det er eit mål å finne fram til gode møteplassar, spesielt for dei gruppene som i minst monn tek kontakt i dag.

Synleggjering av rettleiingsarbeidet til LDO

I 2009 vil LDO bruke ressursar på brosjyrar og anna tilpassa informasjonsmateriell målretta mot dei ulike brukargruppene. Eit anna aktuelt verkemiddel kan vere reklame i radio og tv. Internett er òg ei viktig kjelde til informasjon. Nettsidene vil bli utvida og betre tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne, idet sidene til Nasjonalt dokumentasjonssenter vil bli integrerte i nettsida ldo.no.

Offensiv og synleg pådrivar for likestilling og mot diskriminering

Godt påverknadsarbeid retta mot relevante styresmakter, kompetansemiljø og interesseorganisasjonar

LDO skal vere eit senter for kompetanse om likestilling og diskriminering på alle dei grunnlag som er omfatta av lovverket. To viktige oppgåver er å dokumentere diskriminering og avdekkje og overvake forhold i samfunnet som er til hinder for likestilling.

Ombodet vil, saman med andre aktørar, ha ei pådrivarrolle når det gjeld den nye diskriminerings- og tilgjengelova. Ombodet vil i 2009 leggje vekt på arbeidet med å fjerne barrierar og fremme like moglegheiter for deltaking på alle samfunnsområde for personar med nedsett funksjonsevne.

I saker der til dømes andre styresmakter har gjeve fritak frå reglane for tilkomst for personar med nedsett funksjonsevne, vil ombodet ikkje kunne slå fast at ei verksemd opererer i strid med reglane om universell utforming. I slike saker kan ombodet likevel gi ei rettleiande fråsegn med kritikk av verksemda og fritaket. Ombodet vil bruke dette aktivt som verktøy i pådrivararbeidet for eit meir likestilt samfunn. Ombodet ser òg verdi i å overføre tilsvarande rettleiande fråsegner til andre diskrimineringsgrunnlag.

På området diskriminering av lesbiske, homofile, bifile og transpersoner handhevar LDO diskrimineringsbestemmingane i bustadlovene og arbeidsmiljølova, men ikkje straffelova. Dette inneber at LDO på dette området berre kan sjå på saker innanfor bustad- eller arbeidsområdet. Ombodet skal ha ei aktiv rolle på dette feltet.

Kompetanse- og pådrivarverksemda retta mot arbeidslivet skal vidareførast og vidareutviklast i 2009. Erfaringane frå arbeidet med aktivitets- og utgreiingsplikta i likestillingslova viser at rapporteringa får fram relevante fakta om likestillingssituasjonen. Det gir eit godt grunnlag for å finne eigna aktivitetar.

I 2009 vil ombodet avslutte arbeidet med å kontrollere utgreiingar etter likestillingslova frå kommunane. Erfaringane frå arbeidet vil bli oppsummerte og spreidde. Ombodet vil etter det rette innsatsen mot nye sektorar. Ombodet vil mellom anna i 2009 kontrollere og rettleie verksemder der menn er i klart fleirtal av dei tilsette. LDO ønskjer å samarbeide med partane i arbeidslivet om denne rettleiinga og gi naudsynt opplæring og informasjon til partane. I 2008 har ombodet samarbeidd med komiteen for Kvinner i forsking om å utarbeide ei rettleiing for utgreiingsplikta for universitets- og høgskolesektoren som vil bli distribuert til alle universitet og høgskolar i 2009. I 2009 vil ombodet òg kontrollere enkelte utgreiingar frå universitets- og høgskolesektoren.

I 2009 vil aktivitets- og utgreiingsplikta bli utvida til også å omfatte etnisitet og nedsett funksjonsevne. Ei sentral oppgåve for LDO vil bli å bidra til å gjere dei nye aktivitets- og utgreiingspliktene etter diskrimineringslova og den nye diskriminerings- og tilgjengelova kjende for arbeidslivet. Det vil òg vere behov for kunnskap om korleis arbeidsgivarar og andre aktørar kan sikre tilkomst for alle og individuell tilrettelegging. Fleire aktørar vil vere involverte i dette arbeidet. Ein viktig aktør er Deltasenteret, Statens kompetansesenter for deltakelse og tilgjengelighet, som er eit statleg senter for personar med nedsett funksjonsevne. Tydeleg arbeidsdeling og god koordinering mellom aktørane på offentleg side er ein naudsynt føresetnad for best mogleg å kunne realisere intensjonane i den nye lova.

I 2009 vil LDO – føresett tildeling frå EUs Progress-program – gjennomføre ei målretta informasjons- og rettleiingskampanje mot arbeidsgivarar og tilsette i arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar for å auke kunnskapen om lover og reglar på feltet likestilling og diskriminering.

For å nå breitt ut med rettleiing og informasjon både til brukarar og arbeidsgivarar samarbeider LDO med andre aktørar. Ombodet har mellom anna inngått eit samarbeid med dei regionale sentra for likestilling og mangfald (tidlegare kvinneuniversiteta) for å nå flest mogleg av kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. Dette samarbeidet vil bli vidareført og vidareutvikla i 2009.

Ombodet har jamlege møte med ulike brukargrupper for å orientere om arbeidet til ombodet og lovverket. I 2009 vil LDO gjennomføre eit informasjonsopplegg retta særskilt mot utsette grupper, om ombodet og kva ombodet kan bidra med. Det vil spesielt bli satsa på tilpassa informasjon til ulike interesseorganisasjonar og brukarorganisasjonar slik at dei kan formidle informasjon og rettleie sine eigne medlemmer om lovgiving på området og om kva for rettar folk har.

Ombodet vil ha særskild kontakt med dei aktørane som arbeider mot vald i nære relasjonar, mot hatkriminalitet og mot seksualisert trakassering og vald. Denne kontakten er viktig for å sikre at slike overgrep blir sett på dagsordenen og for å bidra til ein samla innsats mot slike overgrep.

Møteverksemda i dei såkalla brukarfora og temamøte med ulike interesseorganisasjonar og einskildpersonar er viktig. Gjennom slike møte får ombodet god kontakt med brukarar på ulike grunnlag og kunnskap om deira syn på spørsmål som gjeld diskriminering. Aktuelle temamøte skaper dessutan debatt og interesse i media som igjen kan føre til engasjement hos politikarar og andre brukarar.

I tillegg til møte med organisasjonar og andre interesserte har ombodet faste møte med brukarutvalet der interesseorganisasjonar for kjønn, etnisitet, alder, nedsett funksjonsevne, religion og seksuell orientering er med. Brukarutvalet er eit viktig organ med verdfulle råd i heile breidda av mandatet.

Avdekkje diskriminerande tilhøve og drive pådrivarverksemd

God dokumentasjon og analyse av utviklinga er viktig i pådrivararbeidet. Ei sentral oppgåve for LDO er å peike på hindringar for likestilling overfor styresmaktene og fremme forslag til tiltak for å fjerne slike hinder for deltaking og likeverd. LDO vil også i 2009 ha fokus på multippel diskriminering. Analyse av fleirårig materiale vil her kunne gi grunnlag for forsterka pådrivingsinnsats.

Det er framleis stort behov for kunnskap om likestilling og diskriminering. LDO gav hausten 2008 ut den andre årlege utgåva av publikasjonen SaLDO, som søkjer å dokumentere situasjonen når det gjeld likestilling og diskriminering i Noreg.

På same vis vil ombodet halde fram med arbeidet med den årlege rapporten PRAKSIS, som tek for seg lovhandhevingsarbeidet med eit utval av sentrale klage- og rettleiingssaker samt høyringsfråsegner.

LDO vil samarbeide med sentrale institusjonar, nasjonalt og internasjonalt, om utvikling av kunnskap og dokumentasjon om diskriminering. Kompetansen frå Dokumentasjonssenteret med å dokumentere situasjonen til personar med nedsett funksjonsevne vil LDO vidareutvikle gjennom verktøya Dokumentasjonssenteret har utarbeidd. LDO vil søkje å ta i bruk desse verktøya også i dokumentasjon på dei andre grunnlaga.

Media er ein sentral kanal for å påverke styresmakter og brukarar. Kronikkar og innlegg i ulike aviser og fagblad er viktige for å skape debatt og nå dei som fattar vedtak. I 2009 vil ombodet arbeide vidare for å halde oppe nivået på presseoppslag og især arbeide for større deltaking i ulike debattfora.

Informasjon frå desse rapportane, media og anna røynslebasert materiale ut frå kontakt med omgivnadene vil i sum danne basis for informasjons- og opplysingsarbeidet ombodet driv.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 50 Basisløyving

Løyvinga er foreslått auka med 18,2 mill. kroner frå saldert budsjett 2008. 7,9 mill. kroner av meirløyvinga kjem av innlemming av Nasjonalt dokumentasjonssenter for personar med nedsett funksjonsevne, tidlegare kap. 847 post 01, i LDO frå 1. januar 2009. Posten er styrkt med 9 mill. kroner utover prisomrekning grunna mellom anna nye handhevingsoppgåver i samband med endringane i diskrimineringslova og iverksetjing av ny diskriminerings- og tilgjengelov frå 1. januar 2009, sjå nærare omtale under Mål og strategiar.

Løyvinga skal dekkje lønn til medarbeidarar og øvrige driftsutgifter. Likestillings- og diskrimineringsombodet og Nasjonalt dokumentasjonssenter hadde høvesvis 37 og seks fast tilsette per 1. juli 2008.

Som forvaltingsorgan med særskilde fullmakter er ombodet gitt fritak frå det statlege bruttobudsjetteringsprinsippet, jf. Bevilgningsreglementet, § 3, fjerde ledd. Tilsettingstilhøva til dei tilsette er regulerte i lov om staten sine tenestemenn. LDO leverer årsrapport til departementet, jf. Bestemmelser om økonomistyring i staten § 1.5.1.

Programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

850

Barneombodet

9 464

9 801

10 309

5,2

852

Adopsjonsstønad

15 850

26 456

20 045

-24,2

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

474 967

510 300

650 123

27,4

855

Statleg forvalting av barnevernet

4 255 178

4 315 525

4 650 765

7,8

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

13 266

58 142

384 150

560,7

857

Barne- og ungdomstiltak

181 995

190 300

211 318

11,0

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

145 058

173 385

201 041

16,0

859

EUs ungdomsprogram

5 947

6 139

6 893

12,3

Sum kategori 11.20

5 101 725

5 290 048

6 134 644

16,0

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

01-23

Drift

4 523 680

4 517 436

5 177 079

14,6

30-49

Nybygg og anlegg

35 497

60 795

63 288

4,1

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

18 076

19 140

19 982

4,4

60-69

Overføringar til kommuner

270 764

419 327

576 451

37,5

70-98

Overføringar til private

253 708

273 350

297 844

9,0

Sum kategori 11.20

5 101 725

5 290 048

6 134 644

16,0

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

3850

Barneombodet

71

3854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

12 590

13 743

35 623

159,2

3855

Statleg forvalting av barnevernet

892 597

888 080

997 622

12,3

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

254 000

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

3 312

433

433

0,0

3859

EUs ungdomsprogram

2 833

1 922

2 300

19,7

Sum kategori 11.20

911 403

904 178

1 289 978

42,7

Hovudinnhald og prioriteringar

Programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge inneheld løyvingar til det statlege barnevernet, barne- og ungdomstiltak, tiltak i barne- og ungdomsvernet og adopsjonsstøtte, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Barneombodet. Budsjettforslaget inneber ein auke i løyvinga på programkategorien på 16 prosent.

Hovudprioriteringane i tiltak for barn og unge er:

  • Auka løyving til drifta av omsorgssentra for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år.

  • Styrking av Groruddalssatsinga ved finansiering av Grorud idretts- og kulturpark.

  • Auka løyving til barne- og ungdomsorganisasjonane.

Kap. 850 Barneombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Driftsutgifter

9 464

9 801

10 309

Sum kap. 850

9 464

9 801

10 309

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei måla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Ta hand om barn og unges interesser i samfunnet

Barnekonvensjonen som rettsdokument

I 2007 var det særleg arbeid med Noregs rapport til FNs Barnerettskomité i Genève som sto i fokus. Norske styresmakter sende i 2006 sin første rapport til FNs komité for barn sine rettar om tilleggsprotokoll om barn i væpna konflikt. Barneombodet sende sin supplerande rapport til komiteen i februar 2007. Barneombodet uttrykte der uro for:

  • manglande nasjonale rutinar for å følgje opp barn som kjem til Noreg som flyktningar

  • at det manglar nasjonale velfungerande verjesystem for einslege, mindreårige asylsøkjarar

  • at barnevernet førebels berre tek over ansvaret for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år.

Komiteen uttrykte i sin konkluderande rapport uro for dei same tilhøva.

Barneombodet ferdigstilte i juni ein supplerande rapport til Noregs fjerde rapport til barnerettskomiteen. I samband med styresmaktenes rapportering gav ombodet også skriftlege innspel til styresmaktenes rapport og tok dessutan del i regjeringas munnlege høyring om rapporten. Innspelet frå barneombodet tok utgangspunkt i komiteens merknader til Noregs tredje rapport frå 2005.

Barneombodet har fått førespurnader, både frå fagfolk og privatpersonar om forståinga av barnekonvensjonen på ulike område og gir jamleg informasjon og bistand. Ombodet held òg føredrag om barnekonvensjonen i ulike samanhengar.

Det er sett i verk eit prosjekt som har som mål å bidra til å auke dialogen om barnerettslege problemstillingar og barnekonvensjonen i utdannings- og forskingsinstitusjonane. Dette målet har vore følgt opp med følgjande tiltak i 2007:

  • deltaking på forskingskonferansar og doktorgradsdisputasar

  • føredragsverksemd ved utdanningsinstitusjonar

  • dialog med forskarar på ulike fagfelt

  • rettleiing av studentar

  • vidareformidling av aktuelle problemstillingar til studentar.

Barneombodet arbeidde òg i 2007 aktivt for å promotere barnekonvensjonen og Barneombodsordninga internasjonalt. Ombodet tok i september 2007 del i menneskerettsdialogen i Oslo mellom norske og kinesiske styresmakter. Barneombodet tok del i gruppene for rettane til pågripne og fangar.

Barneombodet deltok òg i menneskerettsdialogen mellom Noreg og Vietnam i Oslo, og den vietnamesiske delegasjonen var også på visitt ved ombodets kontor.

I 2007 tok Barneombodet imot ombodet frå Kosovo, delegasjonar frå Zambia og frå Japans nasjonalforsamling, i tillegg til delegasjonane frå Kina og Vietnam.

I desember 2007 møttest barneombod frå heile verda og rettsorganisasjonar for barn i New York i samband med at UNICEF la fram sin rapport Progress for Children. Denne rapporten er ei oppfølging av FNs spesialsesjon for barn i 2002. Barneombodet deltok her saman med ein representant for Barneombodets ungdomsråd.

I 2007 arbeidde Det europeiske nettverk av barneombod (ENOC) spesielt med barn med nedsett funksjonsevne. I den samanheng kom ENOC med ei fråsegn der regjeringane i dei ulike landa blir oppmoda om snarleg å ratifisere FNs konvensjon om funksjonshemmas rettar, samt gjere alt for at konvensjonen kan setjast i verk fullt ut.

Tryggleik for barn og unge

Barneombodets arbeid med tryggleik for barn og unge omhandlar følgjande område: familie og samliv, barnevern, vald og overgrep, minoritetar og urbefolkning, barn og medium, og skole og barnehage.

Familie og samliv

I Barneombodets innspel til barnelovutvalet blir fleire utfordringar knytte til barn, samlivsbrot og vald omtalte. Ombodet ber mellom anna om at barns behov for vern mot overgrep under samvær som er skadeleg bør styrkjast. Ombodet etterlyser betre moglegheit for tilsyn under samvær, betre kvalitetssikring av sakkunnige og betre kompetanse hos dommarar om vald og overgrep mot barn.

Barneombodet får svært mange telefonar om barnefordeling. Ombodet gir råd om regelverk og hjelpeinstansar.

Ei ny problemstilling som kom opp i 2007, var barns rett til personvern på nettet. Barneombodet hadde fleire møte med Datatilsynet og psykologforeininga for å sikre barns rett til ikkje å bli eksponerte på Internett. Ombodet tok òg denne problemstillinga opp med barnelovutvalet.

Barn med foreldre i fengsel er ei gruppe Barneombodet arbeidde med i 2007. Ombodet etablerte kontakt med Foreningen for Fangers Pårørende (FFP), og har mellom anna starta planlegginga for å etablere ei ekspertgruppe med barn som har foreldre i fengsel. Ombodet vil i tida som kjem halde fram arbeidet med å etablere mellom anna denne ekspertgruppa i samarbeid med FFP.

Minoritetar og urbefolkning

Barneombodet har vore i kontakt med Utlendingsdirektoratet for å få klarlagt kva slag kvalitetskrav som blir stilte til mottak som er ansvarlege for einslege, mindreårige asylsøkjarar over 15. Barneombodet har òg vore i kontakt med Arbeids- og inkluderingsdepartementet for å betre verjeordninga for einslege, mindreårige asylsøkjarar.

Barneombodet har svart på førespurnader frå privatpersonar, organisasjonar og advokatar knytte til barn sine rettar

Barneombodet sette i 2007 i gang prosjektet Samiske barn sin rett til medverknad og ivaretaking av eigen kultur. Hensikta med prosjektet er å gi eit innblikk i samiske barn og unge si stilling i høve til barnekonvensjonens artikkel 30 og artikkel 12. Barneombodet samarbeider med omboda i Finland og Sverige om dette prosjektet. Prosjektarbeidet vart i hovudsak utført i 2007, og rapporten blir ferdigstilt i 2008.

Barneombodet starta i 2007 eit prosjekt retta inn mot barn med rom-bakgrunn og retten dei har til skolegang.

Barneombodet har hatt eit samarbeid med både rektorar ved ulike skolar og Likestillings- og diskrimineringsombodet. Dei aktuelle skolane har fått midlar frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til å styrkje arbeidet med inkludering av rombarn i skolen. Midla blir brukte på enkle tiltak som gjer det lettare å få barna på skolen og å opprette ein nær kontakt til foreldra.

Barn og medium

Barneombodet har delteke i arbeidet til ei tverrfagleg gruppe om overgrep på Internett og har vore aktiv i debatten via media. I samarbeid med andre fagmiljø vart det utforma ein arbeidsgrupperapport i 2007.

Barneombodet klaga i februar 2007 Bergensavisen, Bergens Tidende, Dagbladet og iBergen inn til Pressens Faglige Utvalg (PFU). Barneombodet meinte avisene gjekk for langt i identifiseringa av to barn i ei drapssak og omtalte for mange detaljar frå saka. PFU gav Barneombodet, som klagar på vegner av barna, medhald.

I juni 2007 var Barneombodet med på å underteikne ein såkalla mobilvettguide retta mot foreldre og barn. Sjølve initiativet til guiden kom frå IKT-Norge. Siktemålet med guiden var å lære barna å bruke mobil med vett og at reglane som er til stades elles i samfunnet, også gjeld når ein bruker mobil.

Barnevern

I 2007 har arbeidet med barnevern vore knytt til blant anna følgjande saker:

  • organiseringa av barnevernet, skrinlegging av saker, samarbeid internt i barnevernet og mellom barnevernet og andre instansar

  • kompetansen i barnevernet

  • ulike hjelpetiltak overfor barnet

  • attendeføring til biologiske foreldre

  • barnevern i kriminalomsorga

  • adopsjon som barnevernstiltak

  • funksjonshemma barn innanfor barnevernet

  • ettervern

  • barnevernet si rolle overfor einslege, mindreårige asylsøkjarar

  • barnevernet sitt omdøme

  • barnevernet si rolle i saker om samvær etter barnelova.

Prosjektet Barnevern for de minste starta i 2006 og vart følgt opp i 2007 og omhandla adopsjon som barnevernstiltak og attendeføring etter fosterheimsplassering. Prosjekt Barnevern for de minste skal avsluttast i 2008.

Barneombodet arbeidde i 2007 før å auke merksemda om rolla til tannhelsetenesta i å avdekkje omsorgssvikt og seksuelle overgrep mot barn.

Vald og overgrep

På bakgrunn av ein FN-studie om vald mot barn kom dei nordiske barneomboda med ei felles fråsegn med forslag om at det blir oppnemnt ein spesialutsending (Special Representative) for Vald mot barn til FNs generalsekretær. Ei slik spesialutsending vart oppretta på initiativ frå barneomboda.

Barneombodet utarbeidde i 2007 ein rapport med tilråding om å etablere ein alarmtelefon i Noreg som vart oversend BLD og Justis- og politidepartementet. Barneombodet meiner at alarmtelefonen bør vere eit gratis døgnope naudnummer barn kan nytte for å få hjelp. Målgruppa er barn under 18 år som er i akutt naud, eller som treng hjelp frå det offentlege grunna omsorgssvikt, vald, eiga risikoframferd eller fordi dei på annan måte er i fare fysisk eller psykisk. Også vaksne som kjenner barn som er i ein slik situasjon, skal kunne vende seg til Alarmtelefonen. Resultatet av prosjektet er at Alarmtelefonen skal etablerast som eit toårig pilotprosjekt, med oppstart i 2008, jf Handlingsplan mot vold i nære relasjoner 2008–2011, Vendepunkt, tiltak 2.

Barneombodet heldt i 2007 fram med arbeidet overfor styresmaktene for å få rutinemessige granskingar på staden der spedbarn døyr brått og uventa.

Barneombodet etablerte i desember 2006 ei ekspertgruppe sett saman av barn som har erfaringar med vald i familien. Gruppa skulle gi Barneombodet råd om korleis samfunnet betre kan hjelpe barn og unge med vald i familien. Gruppa vart etablert i samarbeid med Alternativ til Vold og har vore samansett av sju barn i alderen 9 til 13 år.

Barneombodet oppmoda i 2007 Kateketforeininga om å fjerne ordet tukt frå Bibelen. Dette vart følgt opp, og Bispemøtet har no tatt til orde for å fjerne ordet frå alle nye oversetjingar av Bibelen.

Barneombodet har hatt særleg fokus på restorative justice, til dømes konfliktrådmekling, i arbeidet sitt med unge lovbrytarar. Restorative justice kan kort forståast som ein tenkjemåte der utgangspunktet er at eit lovbrot blir sett på som ein konflikt. Fokuset er på oppretting og forsoning mellom gjerningsperson, offer og samfunnet/lokalmiljøet.

Barneombodet har vore i dialog med mange aktørar om desse problemstillingane, mellom anna oppfølgingsteam på politistasjonar i Oslo, gatepatruljen på Grønland politistasjon i Oslo, barnevernvakta i Oslo kommune, fleire barnevernkontor og Konfliktrådet i Oslo og Akershus. Unge i konflikt med lova er også eit tema Barneombodet har teke opp i menneskerettsdialogane med Kina og Indonesia.

Barnehage og skole

Skolemiljøalliansen hos Barneombodet veit at mange skolar ikkje har tilfredsstillande arbeidsmiljø, og Barneombodet ønskte at staten, gjennom opplæringslova og kommunehelsetenestelova, skal påleggje kommunen å få tilfredsstillande tilhøve på alle skolar og barnehagar i landet. Barneombodet gjorde i 2007 ei undersøking om kor mange skolar, barnehagar og dagmammaer kommunen hadde som var godkjende etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar. Det var 46,4 prosent av kommunane som svarte på undersøkinga. Svara omfattar 1 600 av landets grunnskolar og 3 286 av barnehagane. 59 prosent av skolane var godkjende, 22 prosent var godkjende på vilkår, og 19 prosent var ikkje godkjende etter føreskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar m.m. Etter at Barneombodet la fram resultata sine av undersøkinga, har Kunnskapsdepartementet sett i gang arbeidet med å gjennomføre ei kvalifisert utvalsundersøking for å få fram fleire detaljar på området.

God helse for barn og unge

Psykisk helsevern

Riksrevisjonen og Helsetilsynet la i 2007 fram ei kartlegging av tilbodet til barn med psykiske problem og lidingar. Kartlegginga viste at tilbodet ikkje er tilstrekkeleg. Barneombodet var derfor i 2007 i kontakt med Helse- og omsorgsdepartementet om korleis departementet vil sikre at barn og unge får nødvendig hjelp og behandling, både i kommunen og i spesialisthelsetenesta, etter at Opptrappingsplanen for psykisk helse blir avvikla ved utgangen av 2008. Barneombodet har engasjert seg i nedlegginga av det ambulerande miljøterapiteamet ved Ullevål universitetssjukehus. Ombodet har hatt møte med ungdommar som har fått god hjelp av dette teamet.

Barneombodet har halde innlegg på tre fylkeskonferansar om lansering av rettleiaren i psykisk helsearbeid med barn og unge i kommunen. Ombodet har hatt møte med lokal ungdom før konferansane og presentert deira innspel på konferansen etterpå.

Barneombodet tok del i møte og gav skriftleg innspel til Helsetilsynet før tilsynet deira med dei kommunale tenestenes ivaretaking av barn og unge med psykiske problem.

Samtykke til helsehjelp

Barneombodet får mange førespurnader frå skilde foreldre om problem med å få samtykke til helsehjelp for barn frå den andre forelderen. Barneombodet vende seg derfor til Helse- og omsorgsdepartementet med framlegg om at det bør vurderast å innføre ei ordning der den forelderen som ønskjer at barnet får helsehjelpa, kan bringe saka inn for eit overordna organ som kan avgjere at barnet skal få helsehjelp trass i at den eine forelderen ikkje samtykkjer.

Funksjonshemma barn og habiliteringsteneste

Helsetilsynets landsomfattande tilsyn med habiliteringstenesta i 2007 avdekte store manglar i tilbodet til funksjonshemma barn. Barneombodet har derfor vore i kontakt med styresmaktene om korleis desse manglane som tilsynsrapporten avdekkjer, skal følgjast opp. Barneombodet har òg hatt møte med Unge Funksjonshemmede og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, mellom anna for å diskutere sommarleir for barn med store bistandsbehov.

Fysisk aktivitet og måltid i skolen

Barneombodet seier seg nøgd med at regjeringa fatta avgjerd om å innføre gratis frukt og grønt for alle barn i ungdomsskolen frå skolestart 2007, og prøveprosjekt med utvida former for skolemåltid. Barneombodet ønskjer at prøveordningane skal evaluerast, og at resultatet blir ei permanent satsing på skolemåltid.

Medverknad for barn og unge i samfunnet

Barn og unges medverknad og deltaking er forankra i Barnekonvensjonen artikkel 12. Ei vidareutvikling av deltaking på fleire samfunnsområde er nødvendig og viktig for barn og unge. Barneombodet har arbeidd aktivt med deltaking, både på nasjonalt plan og i Barneombodets verksemd.

Stemmerett for 16-åringar

Barneombodet går inn for ei forsøksordning med stemmerett for 16-åringar ved lokalvalet i 2011 og har i den samanhengen utarbeidd eit hefte med argument for stemmerett.

Ungdomsråd

Det nye ungdomsrådet hadde sitt første møte i januar 2008 og er svært aktivt. Ombodet utvida også sin kontakt med ungdomsråd rundt om i landet og etablerte eit samarbeid med ungdommens Fylkesutvalg i Sør-Trøndelag.

Barnets rett til å bli høyrt

Barneombodet har vore observatør i ei referansegruppe som Utlendingsdirektoratet har etablert for eit forskingsprosjekt om barn sin rett til å bli høyrde i utlendingsforvaltinga.

Barneombodet har også hatt møte med alle leiarar i dei ungdomspolitiske partia i 2007.

Vidareføring av Tryggve-kampanjen

Tryggve har vore på gjesting i ei rekkje barnehagar og i småskolen landet over. Teikningar og tekst er publiserte på nettet. Tryggve er blitt ein populær maskot for dei minste.

Rolla til elevane i høve til kap. 9a i opplæringslova

Ombodet har peika på at elevråda mange stader er utan reell innverknad og har fokusert på å formidle verdien av elevsamarbeid i høve til opplæringslova og Barnekonvensjonen, både i faglege fora og gjennom å prioritere møte med barn og unge rundt om i Noregs land. Ombodet har særleg fokus på skolens møte med, og behovet for, tilrettelegging for minoritetsspråklege og elevar med nedsett funksjonsevne.

Kulturdugnad hos Barneombodet

I Barnekonvensjonen artikkel 31 blir barn gitt rett til å ta del i kunst og kulturliv. Barneombodet skal overvake at barn får dei rettane som blir gitte dei i Barnekonvensjonen. Derfor har Barneombodet eit ansvar òg for barns kulturliv. Barneombodet arrangerte våren 2008 ein kunnskapsdugnad med kultur for barn og unge som tema.

Mål og strategiar

For 2009 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Offensiv og synleg pådrivar for barn og unge sine rettar og interesser

Tryggleik for barn og unge

God helse for barn og unge

Deltaking og innverknad frå barn og unge

Offensiv og synleg pådrivar for barn og unge sine rettar og interesser

Tryggleik for barn og unge

Det går fram av lov om barneombod at Barneombodets overordna oppgåver er å fremme barn sine interesser i samfunnet, og følgje med i om lovverket, forvalting og rettspraksis samsvarer med dei pliktene Noreg har etter FNs konvensjon om barn sine rettar. FNs Barnekonvensjon er norsk lov og er teken inn i menneskerettslova. Dette gir eit ytterlegare styrkt mandat til Barneombodet.

Barneombodet skal overvake bruken av Barnekonvensjonen som eit levande rettsdokument på alle område som gjeld barn og unge. I 2009 vil Barneombodet ha ei sentral oppgåve med å følgje med i det informasjonsarbeidet som blir gjort rundt Barnekonvensjonen, og å overvake konvensjonens bruksmåte som rettskjelde. Ei jamleg oppfølging av kommentarane og tilrådingane frå FNs ekspertkomité for barn sine rettar vil stå sentralt i ombodets arbeid det komande år. Noregs fjerde rapport til FNs barnerettskomité blir truleg behandla i 2009. Det blir ei viktig oppgåve for Barneombodet å følgje opp dette.

Barneombodet vil i 2009 halde fram med sitt nære samarbeid med dei europeiske barneomboda i European Network of Ombudspeople for Children og vidareføre anna internasjonalt barnerettsarbeid.

Barneombodet skal avdekkje svikt i samfunnets rutinar som går ut over barn og unges tryggleik, og føreslå endringar der dette er nødvendig. Dette handlar mellom anna om område som barnevern, skole, rettar for funksjonshemma og kriminalitet.

Barneombodet ønskjer å styrkje barnevernets legitimitet for dermed å styrkje barns rettsvern. Barneombodet vil vidareføre arbeidet sitt med å gjere alle miljø som kan bidra til å stanse alle former for vald mot barn, ansvarlege. Barnevern for dei aller minste vil bli eit sentralt område.

Ny teknologi, med dei farar, moglegheiter og utfordringar som denne fører med seg, er viktige område for Barneombodet. På dette feltet vil samarbeidet med mellom anna Medietilsynet, politiet og Datatilsynet vere sentralt.

God helse for barn og unge

Barneombodet skal bidra til at alle barn i Noreg skal ha tilgang til eit godt helsesystem, og motverke geografiske skilnader i helsetilbodet. I 2009 vil Barneombodet framleis fokusere på barn og unges ernæring, psykiske helse og fysiske aktivitet, i tillegg til å støtte opp om ei samfunnsplanlegging som legg til rette for positiv livsutfalding.

Deltaking og innverknad frå barn og unge

Barneombodet vil bidra til at barn og unge på deira eige vis skal få ta del i avgjerdsprosessar som vedkjem dei. Målet er at barn og unge på ein naturleg måte blir involverte i private, lokale og nasjonale avgjerdsprosessar. Arbeidet knytt til å gi stemmerett til 16-åringar vil halde fram i 2009. Ei rekkje kommunar har meldt si interesse for dette prosjektet.

Innhaldet og organiseringa i skolen vil stå sentralt for ombodets arbeid også i 2009. Skolekvardagen til barn og unge er svært sentral i eit medverknadsperspektiv. Gjennomføringa av opplæringslovas kap. 9a, Barn og unges arbeidsmiljølov, vil bli følgd opp av Barneombodet også i 2009.

Samiske barn og unges rettar må takast hand om, og eit felles nordisk samarbeid er etablert og har gitt verdfull og ny innsikt på dette området. Det er etablert eit godt samarbeid med Sametingsrådet knytt til skolesituasjonen for samiske barn, og dette samarbeidet vil bli vidareført og styrkt.

For barn og unge med minoritetsbakgrunn er det fleire område som krev ytterlegare merksemd i 2009, ikkje minst barnevernet si oppfølging og ansvar for mindreårige asylsøkjarar og deira familiar.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til lønn til faste stillingar og engasjement, samt utgifter til varer og tenester ved Barneombodet sitt kontor. Styrkinga av posten på 1 mill. kroner frå 2007, som vart vidareført i 2008, blir foreslått vidareført også for 2009. Styrkinga er mellom anna knytt til Barnombodet sitt arbeid med å sikre samiske barn og unge sine rettar. Barneombodet hadde 14 tilsette per mars 2008.

Kap. 3850 Barneombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Diverse inntekter

27

18

Refusjon av sykepengar

44

Sum kap. 3850

71

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene på posten er tilknytte prosjekt og tiltak som er initierte av Barneombodet, og som utløyser tilskot frå ulike departement og andre samarbeidspartar. Storleiken på inntektene varierer frå år til år.

Post 15 Refusjon arbeidsmarknadstiltak

På posten blir refusjonar rekneskapsførte i samsvar med ordninga med refusjon av arbeidsmarknadstiltak. Utgifter motsvarande refusjonen blir rekneskapsførte på kap. 850 Barneombodet.

Post 16 Refusjon av foreldrepengar

På posten blir refusjonar rekneskapsførte i samsvar med ordninga med refusjon av foreldrepengar. Utgifter motsvarande refusjonen blir rekneskapsførte på kap. 850 Barneombodet.

Post 18 Refusjon av sjukepengar

På posten blir refusjonar rekneskapsførte i samsvar med ordninga med refusjon av sjukepengar. Utgifter motsvarande refusjonen blir rekneskapsførte på kap. 850 Barneombodet.

Kap. 852 Adopsjonsstønad

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

15 850

26 456

20 045

Sum kap. 852

15 850

26 456

20 045

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Bidra til å redusere utgiftene for adoptivforeldre ved adopsjon av barn frå utlandet

Stønad til adoptivforeldre som har adoptert barn frå utlandet

Stønaden til foreldre som adopterer barn frå utlandet, var i 2007 på 38 320 kroner per barn. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som forvaltar tilskotsordninga, tok imot 401 søknader om adopsjonsstønad, mot 512 søknader i 2006. Ifølgje rapporteringar til Bufdir frå dei tre godkjende adopsjonsorganisasjonane er 426 adopsjonar formidla i 2007.

Om tildelinga av eingongsstønad

Eingongsstønad ved adopsjon av barn frå utlandet vart innført frå og med 1992 for å motverke ei ujamn sosial fordeling av adopsjonar knytt til foreldras økonomi på grunn av dei høge kostnadene ved adopsjon frå utlandet. Sverige og Danmark har også innført ei tilsvarande ordning.

Det er Bufdir som forvaltar ordninga med eingongsstønad til foreldre som adopterer barn frå utlandet. Stønaden blir ytt adoptivforeldre som på førehand er gitt samtykke av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må anten vere gjennomført i Noreg, ved at norske styresmakter har gitt adopsjonsbevilling, eller han må vere gjennomført i utlandet og registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir. Direktoratet skal først ha motteke rette dokument frå barnets opphavsland før dei kan handsame søknaden. Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldre faktisk var busette i Noreg da dei fekk barnet i si omsorg, og da adopsjonen vart gjennomført eller registrert her i landet. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn av forhold i opphavslandet ta uforholdsmessig lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Det kan likevel bli gitt eingongsstønad dersom barnet har kome til Noreg med sikte på adopsjon, og adoptivforeldra faktisk var busette her i landet da dei fikk barnet i si omsorg.

Sjå også omtale av adopsjon under kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet og kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet

Tilskotet til foreldre som adopterer barn frå utlandet, blir auka tilsvarande prisjustering. Tilskotet var i 2008 på 38 320 kroner per barn og vil i 2009 bli auka til 40 000 kroner per barn.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Driftsutgifter - Fylkesnemndene for sosiale saker

99 206

105 532

111 577

21

Spesielle driftsutgifter

29 947

37 683

38 093

50

Forsking, kan nyttast under post 71

11 928

12 734

13 294

64

Særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

96 411

112 608

142 863

65

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

174 353

176 619

268 910

70

Tilskot til Rostad ungdomsheim og Rostad ettervernsheim

2 323

2 423

2 530

71

Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttasts under post 50

60 799

62 701

72 856

Sum kap. 854

474 967

510 300

650 123

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Høg rettstryggleik og god kvalitet i sakshandsaminga og tenestetilbodet i barnevernet

Godt og formålstenleg lov- og regelverk

Høg rettstryggleik i barnevernet er avhengig av at regelverket blir evaluert og om naudsynt endra. Enkelte av endringane i lov 1. desember 2006 nr. 65 Om endringer i barnevernloven og sosialtjenesteloven mv. (saksbehandlingsregler for fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker mv.) tok til å gjelde 1. januar 2007. Andre av endringane tok til å gjelde 1. januar 2008. Dette er nærmare omtalt under resultatmålet om fylkesnemndene, God, forsvarleg og effektiv sakshandsaming i fylkesnemndene for sosiale saker.

Forslag til regulering av barnevernets omsorgsansvar for enslige, mindreårige asylsøkere i den første fasen etter ankomst til landet vart sendt på høyring i august 2007. Odelstingsproposisjon, med eit lovforslag, vart oversend Stortinget i januar 2008. Området er nærmare omtalt under resultatmålet Tenestetilbodet til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar i kap. 854.

Utkast til forskrift om internkontroll for barneverninstitusjoner vart sendt på høyring i oktober 2007. I forslaget presiserer departementet det nærare innhaldet i plikta til å drive internkontroll.

BLD følgjer elles praktiseringa av regelverket for barnevernet nøye og vurderer løpande behovet for endringar for å sikre at regelverket er tilpassa utfordringane på dette området.

Rimeleg sakshandsamingstid i søknader om rettferdsvederlag

Målet om eitt års sakshandsamingstid i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), for handsaming av søknader om rettferdsvederlag frå tidlegare barneheims- og fosterheimsbarn, vart nådd ved årsskiftet 2007/2008. Oppheving av den nedre tidsavgrensinga vart i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2008 vedteke av Stortinget, slik at også barn som var plasserte før 1945, no er omfatta av ordninga. Sjå òg resultatrapport kap. 855.

Høgt kunnskaps- og kompetansenivå i den kommunale barnevernstenesta og det statlege barnevernet

Forsking og utviklingsarbeid

Ein langsiktig forskings- og utviklingsstrategi på barnevernsområdet (2005–2008) vart følgt opp i samarbeid med Bufdir. Målet for strategien er å utvikle eit meir kunnskapsbasert barnevern (jf. omtale under kap. 855 post 21 og under andre resultatmål i kap. 854). Innsatsen er mellom anna retta mot følgjande område:

  • barn under offentleg omsorg

  • risiko og tiltak knytte til rusbruk

  • etnisitet og barnevern

  • seksuelle og fysiske overgrep

  • vald i nære relasjonar

  • psykisk helse

  • barnevernets praksis, system og organisering.

Departementet støtta òg barnevernsforsking som er ein del av Program for velferdsforsking (1999-2008) i regi av Noregs forskingsråd. Tre nye prosjekt vart starta i 2007 med følgjande tema: norsk barnevern i eit samanliknande perspektiv (UNIFOB Bergen), barnevern og barn si deltaking (Høgskolen i Oslo) og barnevern og ettervern (NOVA).

Atferdssenteret er eit dotterselskap av UniRand AS, eigd av Universitetet i Oslo. Tildelinga frå BLD til Atferdssenteret er auka frå 15,4 mill. kroner i 2005, til 25,1 mill. kroner i 2006, og til 32,1 mill. kroner i 2007. Dersom ein korrigerer for overføringar til 2005 og 2007, er auken i statlege tilskot frå BLD på nær 12 mill. kroner nominelt i perioden. Til grunn for auken ligg utvida oppgåver knytt til utvikling, implementering og evaluering av behandlingstilbod for barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar. Atferdssenteret har òg arbeidd med behandling av ungdom med rusproblem i institusjonar, forsking om kriminelle ungdomsgjengar og tilbod til etniske minoritetar.

Implementering og vidareutvikling av behandlingsmetodar, som PMTO (Parent Management Training - Oregonmodellen) og MST (Multisystemisk terapi), og oppbygging av nasjonalt nettverk for forsking og metodeutvikling om åtferdsproblem blant barn og unge, var ein sentral del av senterets arbeid. Ved utgangen av 2007 er PMTO vorten implementert i til saman 56 kommunar. Arbeidet med å halde oppe og vidareutvikle MST-tilbodet til kommunane vart vidareført, mellom anna gjennom arbeid med eit tilpassa tilbod og gjennom Multisystemisk terapi med Contingency Management (MST/CM-behandling) for ungdom med rusproblem. Eit arbeid med implementering av dei evidensbaserte metodane Funksjonell familieterapi (FFT) og Multidimentional Treatment Foster Care (MTFC) i regionane til Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) vart starta i 2007. Ein implementeringsstudie om læringsbasert rusbehandling (CM) for institusjonar som driv rusbehandling av unge under 18 år, vart òg starta opp i seks fylke.

Styrkt kunnskap og kompetanse i det kommunale barnevernet

I 2007 starta BLD eit fleirårig kunnskaps- og kompetanseprogram retta mot det kommunale barnevernet (2007–2011). Formålet med satsingane i programmet er å gi kommunane betre premissar til å løyse dei vanskelege og komplekse sakene i barnevernet. Det vart òg starta opp eit arbeid med å lage ei nettside som skal vere eit verktøy for dei som arbeider med barnevern. Nettsida vil ha oppdatert oversikt over kva som finst av kunnskap og kompetanse på området, og vere ein ressurs for alle i fagområdet. Sjå elles omtale av programmet under Mål og strategiar.

Betre statistikk

Datagrunnlaget for KOSTRA-barnevern (under Statistisk sentralbyrå) og halvårsrapporteringane vart endra i 2007. Endringane gir fylkesmannsembeta meir kunnskap om arbeid i kommunane, samstundes som datagrunnlaget gir betre statistikk og dermed eit meir nyansert bilete av situasjonen i barnevernet.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet etablerte eit system, StatRes, for å utvikle og formidle kunnskap om statleg tenesteproduksjon, kvalitet, resultat og ressursbruk. Bufetat er med som eit pilotområde for prosjektet, som vart lansert hausten 2007.

Betre samarbeid på barnevernsområdet

Som ein del av KS si konsultasjonsordning mellom stat og kommune vart det i 2005 inngått ei samarbeidsavtale mellom departementet, Bufdir og KS på området barnevern. I 2007 vart avtala følgd opp i bilaterale møte, gjennom konsultasjonsordninga og gjennom deltakinga til KS i grupper og prosjekt på barnevernsområdet. Departementet støtta Effektiviseringsnettverka i regi av KS med midlar slik at dei kunne utvide aktiviteten på barnevernsområdet. Hovudmålsetjinga med effektiviseringsnettverka er å bidra til ei betring av kommunanes tenester og til effektiviseringsutvikling.

I 2007 planla BLD, i samarbeid med KS, eit prosjekt i 15 kommunar, der ulike modellar for samordning av tenester til barn og unge skal prøvast ut. Prosjektet vart sett i gang i 2008, og skal følgjast opp i 2009, jf. omtale under Mål og strategiar.

Eit godt samarbeid mellom tilsette i barnehage og barnevernteneste er viktig for tidleg å kunne oppdage barn som har behov for hjelp. I 2007 leidde BLD ei arbeidsgruppe som vurderte kva verkemiddel ein kan ta i bruk for å betre samarbeidet mellom barnehagar og barneverntenesta i kommunane. Hensikta med dette har mellom anna vore å sikre at dei tilsette i barnehagane melder frå til barneverntenesta om barn dei er bekymra for, når det er grunn til det. Slik kan ein tidleg oppdage barn i risiko og gi familiane deira tilpassa hjelp.

Departementet fortsette samarbeidet med Helse- og omsorgsdepartementet for å styrkje samarbeidet mellom barnevernet, psykisk helsevern for barn og unge og tverrfagleg, spesialisert rusbehandling. Hausten 2007 vart det sett ned ei interdepartemental gruppe der Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Kunnskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og BLD er med, i tillegg til dei aktuelle direktorata.

Ivaretaking av den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet

Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) fekk i 2005 i oppdrag frå BLD og Bufdir å gjere ei kunnskapsinnhenting om fleirkulturelt arbeid i barnevernet. Rapport 2007:10 Fleirkulturelt barnevern – ein kunnskapsoversikt vart publisert i 2007. Departementet følgjer opp arbeidet i 2008 ved å finansiere eit opplegg for kompetanseheving i barnevernet. Fire utvalde høgskolar har saman utarbeidd ei slik vidareutdanning som dei skal starte opp hausten 2008.

Åtte høgskolar/universitet deltek i ei treårig utprøving av mentorordninga Nattergalen (tidlegare kalla Positive rollemodellar). Studentar i barnevern- og sosialfagutdanningar får tilbod om å vere mentorar for barn mellom åtte og tolv år med minoritetsbakgrunn.

God, forsvarleg og effektiv sakshandsaming i fylkesnemndene for sosiale saker

Fylkesnemndene er forvaltingsorgan med vedtaksmyndigheit i tvangssaker etter barnevernslova og i tvangssaker etter sosialtenestelova.

Nokre av endringane i lov 1. desember 2006 nr. 65 om endringer i barnevernloven og sosialtjenesteloven mv. (saksbehandlingsregler for fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker mv.) tok til å gjelde 1. januar 2007. Sakshandsamingsreglane byggjer på og viser i stor grad til den nye tvistelova. Det vart av denne grunn teke sikte på at dei nye sakshandsamingsreglane for fylkesnemndene skulle bli sette i kraft samstundes med den nye tvistelova. Sidan planlagd ikraftsetjing av ny tvistelov var 1. januar 2008, gjorde Odelstinget vedtak om at mellom anna den nye forskrifta om samansetjing av nemnda i den enkelte saka skulle gjelde frå 1. januar 2007. Dei resterande sakshandsamingsreglane vart sette i kraft 1. januar 2008. Målet med reglane er å leggje til rette for ei einskapleg og tenleg sakshandsaming i fylkesnemndene i tråd med dei grunnreglane som gjeld for domstolane. Dei nye reglane har også redusert kostnadene i fylkesnemndene, og gitt rom for auka kapasitet. Det vart i 2007 gjennomført opplæringstiltak for fylkesnemndene om den nye tvistelova og dei nye sakshandsamingsreglane.

Ifølgje barnevernslova § 7-1 skal forhandlingsmøte haldast snarast, og om mogleg innan fire veker etter at saka er meld til fylkesnemnda. Gjennomsnittleg tid til sakshandsaming har i nokre nemnder vore tre til fire månader i 2008. For å kome nærmare kravet i lova har BLD oppretta fleire nye engasjement og faste stillingar i 2008.

Arbeidsgruppa som så på den administrative styringa av fylkesnemndene, leverte sin rapport i 2008. Gruppa såg på fleire alternative styringsformer, men det er ikkje konkludert i saka.

Meldingar og undersøkingssaker skal gjennomførast i samsvar med tidsfristane i lova

Rapporteringa frå kommunane to gonger i året er ein viktig styringsreiskap.

Barneverntenesta i kommunane tok imot i alt 34 084 nye meldingar i 2007. Det er 1 870 fleire enn i 2006, det vil seie ein auke på 5,8 prosent frå 2006 til 2007 (jf. kommunanes halvårsrapporteringar). Ifølgje barnevernslova skal kommunane gjennomgå alle meldingar innan ei veke frå meldinga er motteke. I 2007 vart 97 prosent av meldingane gjennomgåtte i løpet av ei veke. Det er 0,5 prosentpoeng fleire enn i 2006.

Barnevernet sette i gang undersøking på bakgrunn av meldingane for i underkant av 83 prosent av tilfella. Talet på avslutta undersøkingar steig frå vel 24 400 saker i 2006 til om lag 26 750 saker i 2007, tilsvarande ein auke på om lag 9,5 prosent. 50 prosent av dei avslutta undersøkingane vart lagd bort etter undersøking. Det er litt fleire enn tidlegare år.

Det skal ikkje gå meir enn tre månader, i særlege tilfelle seks månader, frå ei undersøking er sett i verk, til ho er ferdig. Om lag 26 prosent av undersøkingssakene var fristoversittingar. Det er 0,5 prosent fleire enn i 2006. Det var store forskjellar mellom kommunane, og variasjonar frå fylke til fylke. Departementet samarbeidde tett med fylkesmennene for å få ned talet på fristoversittingar. I dei tilfella der kommunane braut tidsfristen, gav fylkesmennene råd og rettleiing. Fleire fylkesmenn har også gitt bøter, slik lova tilseier.

Effektivt og målretta tilsyn

Fylkesmannen skal oppfylle krava i lovverket om individretta og systemretta tilsyn i offentlege og private barneverninstitusjonar. Fylkesmannen gjennomførte i 2007 dei lovpålagde tilsyna på barneverninstitusjonane. Fylkesmennene skal føre tilsyn med utviklinga i barnevernstenesta i kommunane, og syte for at kommunane rettar opp feil og manglar. Fleire embete undersøkte i 2007 saker som hadde vorte lagd til side i nokre kommunar. Rapport frå desse embeta kan tyde på at ei rekkje saker som skulle vortne følgde opp av barnevernet med meir undersøking, var vortne lagde vekk.

Ei sentral oppgåve for BLD i 2007 var å lage ein felles rettleiar for gjennomføringa av eit felles tilsyn for barnevernet og helse- og sosialtenesta i 2008. Rettleiaren vart utarbeidd saman med Helsetilsynet og fylkesmennene, og vart ferdig i mars 2008. Fylkesmannen har i 2008 i samarbeid med Helsetilsynet i fylka gjennomført eit felles landsomfattande tilsyn med kommunale tenester til barn som bur heime, og som har behov for tenester regulerte i barnevern-, helse- og sosiallovgivinga. Tema var korleis kommunane samordnar tenester og tiltak til utsette barn og unge som treng hjelp frå dei tre tenestene.

Fylkesmannen har òg rettleidd og følgt opp kommunane i arbeidet deira med å betre rutinane og prosedyrane etter kravet om internkontroll med eiga verksemd i barnevernet.

Tal frå kommunanes halvårsrapportering til fylkesmennene viste at kommunane per 31.desember 2007 har tilsynsansvar for 6 530 barn. Av desse har nesten 90 prosent tilsynsførar. 70 prosent av desse barna har fått tilsyn i samsvar med lovkrav. I slike teljingar er det vanskeleg å nå målet om at alle skal ha tilsynsførar, mellom anna fordi det alltid vil ta noko tid frå eit barn flyttar inn i ein fosterheim eller beredskapsheim til tilsynsførar for barnet er på plass. Dette er spesielt aktuelt i alle akuttsakene. Det kan og i enkelte høve vera vanskeleg å skaffe tilsynsførarar. Departementet har dialog med embeta gjennom det årlege haustmøtet og tilsynsforum, som er to gonger kvart år, der det vert understreka at fylkesmannen må sjå til at kommunane oppnemner tilsynsførar så raskt som mogleg og at tilsynet skjer i samsvar med lovkrav.

Eit godt tilbod av fosterheimar og institusjonar

Fosterheimsplassering er det mest brukte plasseringsalternativet for barn som blir plasserte utanfor heimen. Over 80 prosent av barna plasserte utanfor heimen i 2006 var i fosterheim. Statistikk frå SSB viser at over 7 300 barn var i fosterheim ved utgangen av 2006. Meir enn 1 950 av desse hadde fosterheim som frivillig hjelpetiltak med samtykke frå foreldra, medan dei resterande fosterheimsplasseringane var omsorgsovertakingar.

Oppfølginga av barn plasserte i fosterheimar og oppfølging av fosterforeldre og biologisk familie vart styrkt. Mellom anna mottok BLD ei utgreiing frå Bufdir med forslag til korleis ein kan styrkje dei statlege fosterheimstenestene slik at alle fosterheimar kan få betre rettleiing og oppfølging.

BLD nedsette ei arbeidsgruppe som skal utarbeide standardkontraktar for statlege beredskaps- og fosterheimar.

Tilbodet om opplæring og rettleiing av fosterforeldre, mellom anna opplærings- og rekrutteringsprogrammet PRIDE, vart vidareført i regi av Bufetat. Departementet gav støtte til fagkonferansen til Norsk Fosterhjemsforening, som vart arrangert i samarbeid med Landsforeininga for barnevernsbarn. Temaet i 2007 var ettervern, tilsyn i fosterheim og samvær. Barnevernets utviklingssenter på Vestlandet fekk framleis tilskot frå BLD til eit stort forskingsprosjekt for å evaluere effekten av PMTO-kurs (Parent Management Training Oregon) for fosterforeldre. Samarbeidet med Bufetat for å leggje til rette for PMTO-kurs for fosterforeldre i alle landets regionar held fram.

BLD har, i samarbeid med svenske styresmakter, teke initiativ til å utvikle ein institusjonsmodell for behandling av ungdom med alvorlege åtferdsproblem. Prosjektet Implementering av institusjonsmodell for utagerande ungdom, som er femårig, starta i 2004. Modellen MultifunC (Multifunksjonell Behandling i Institusjon og Nærmiljø) er no implementert i fem nye institusjonar i Bufetat, og i ein tilsvarande institusjon i Oslo. Den første institusjonen vart opna i Bergen hausten 2005 og den siste i Oslo hausten 2006. Ein implementeringsstudie av behandlingsmodellen er starta og blir gjennomført av Universitetet i Tromsø.

Den første større brukarundersøkinga om barn i barneverninstitusjonar vart publisert i 2006 (NOVA Rapport 9/06 Brukerundersøkelse i barneverninstitusjoner). Mellom anna på bakgrunn av resultata frå undersøkinga har BLD, gjennom Bufetat, hatt eit sterkt søkjelys på rettane til barn og unge under opphald i barneverninstitusjonar. Bufdir fekk i 2006 i oppdrag frå departementet å kartleggje kva som blir gjort for å hindre og avdekkje vald og overgrep i barneverninstitusjonar og andre heildøgnsbustader for barn og unge. Bufdir gjennomførte oppdraget i samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet (SHdir) og Utlendingsdirektoratet. Dei la i mai 2007 fram ein rapport med forslag til nye tiltak for BLD og dei andre aktuelle departementa. Som første ledd i det vidare arbeidet sende Bufdir ut rutinar for førebygging og handsaming av mistankar om seksuelle og fysiske overgrep og grensekrenkjande åtferd mot barn og unge i statlege barneverninstitusjonar. Bufdir gjennomførte i 2007 også ei liknande kartlegging av rutinar som gjeld barn i fosterheim. Den sist nemnde kartlegginga låg føre ved årsskiftet 2007/2008. Rapportane synte at rutinar mangla ved dei fleste fosterheimstenestene. Bufdir starta arbeidet med å utvikle standardiserte rutinar våren 2008.

Gode tilbod om hjelpetiltak, inkludert bruk av familie- og nærmiljøbaserte metodar

Samordningsgruppa for barn og unge vidareførte sitt arbeid i 2007. Gruppa blir leidd av BLD, og ei rekkje departement og direktorat deltek. Samarbeid, samordning og drøfting av felles prioriteringar står sentralt. Målet for arbeidet er å få til ein god og heilskapleg organisering av førebyggjande arbeid mellom barn, unge og familiar. I 2007 vart arbeidet med eit felles førebyggingsrundskriv avslutta, Forebyggende innsats for barn og unge (Rundskriv Q-16/2007). Rundskrivet vart underteikna av seks statsrådar og sendt til ordførarar og rådmenn i kommunane.

BLD informerte i brev våren 2007 alle kommunane om plikta til å gi informasjon om klageretten, dersom barnevernstenesta avslår ungdommens ønskje om å halde oppe barnevernstiltak etter fylte 18 år (ettervern).

Departementet gav i 2007 Bufdir i oppdrag å setje i gang eit forskingsprosjekt om ettervern. NOVA er i gang med arbeidet, og vil innan utgangen av 2008 kome med ein rapport og ei eksempelsamling til kommunane om godt ettervernsarbeid.

BLD vidareførte òg eit treårig utviklingsarbeid knytt til fattigdomsinnsatsen gjennom barnevernet. Åtte utvalde kommunar deltek og har sett inn tiltak for utsette unge i alderen 17-23 år. Målet er å hjelpe den unge til eit sjølvstendig liv som vaksen. Departementet samarbeider med Bufdir og Helsedirektoratet, som har ei tilsvarande ordning knytt til sosialtenesta, jamfør omtale under resultatmålet Fattigdomsproblem i barnefamiliar.

BLD fortsette arbeidet med strategien til regjeringa mot bustadsløyse, På vei til egen bolig. Det blir vist til St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kommunal- og regionaldepartementet for nærmare omtale av strategien.

Sikre god oppfølging av akutte problem

For å førebyggje og behandle akutte kriser følgde departementet opp innsatsen på barnevernsvaktområdet. BLD gav støtte til ei evaluering av barnevernsvaktordninga, Barnevernvakten – mellom barnevern og politi i regi av NOVA. Evalueringa skal vere ferdig i 2008. Det vart også gitt midlar til den årlege konferansen mellom barnevernsvakt og politi.

Det vart vedteke å etablere eit pilotprosjekt (2008–2009) med ein døgnopen, gratis alarmtelefon for barn og unge. Målgruppa for tiltaket er primært barn og unge som blir utsette for ulike typar vald, overgrep og vanstell. Pilotprosjektet er tiltak 2 i den nye handlingsplanen mot vald i nære relasjonar. (Sjå resultatmålet Riktig hjelp til barn som blir utsette for vald, overgrep og utnytting).

Også fosterforeldre har behov for tryggleik dersom det oppstår akutte problem. Bufdir greidde i 2007 ut moglegheita for ein naudtelefon for alle fosterforeldre. Direktoratet har i 2008 fått i oppgåva å utarbeide utkast til retningslinjer for det statlege barnevernet sitt ansvar for rettleiing og opplæring av fosterforeldre som og skal regulere ansvaret for eit tilbod om naudtelefon.

Tidleg og riktig hjelp til grupper av utsette barn og unge og familiane deira

Tenestetilbodet til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

For å nå målet om å busetje einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar så raskt som mogleg og i gode omsorgstiltak, fekk kommunane òg i 2007 statsrefusjon for utgifter til kommunale barnevernstiltak for einslege, mindreårige utover ein eigendel. Ordninga med eit særskilt tilskott til kommunane ved busetjing vart ført vidare. BLD sette i gang eit arbeid for å følgje opp ein rapport frå ECON, Bo- og omsorgstiltak for einslege mindreårige i kommunane – utgiftskartlegging og vurdering av kvalitet. Rapporten vart lagd fram hausten 2007. Det vart starta eit arbeid for å revidere og samordne rutinar som gjeld for refusjonsordninga. SSB ferdigstilte hausten 2007 statistikk frå 2005 om einslege, mindreårige i barnevernet (rapport 2007/41) på oppdrag frå departementet.

Barnevernet overtok ansvaret for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år frå utlendingsforvaltninga 3. desember 2007. Bufetat region øst fekk ansvaret for å utvikle og etablere omsorgssenteret. Det vart sett i gang eit arbeid for å sikre barna dei same rettslege rammer som barn på ordinære barneverninstitusjonar, mellom anna når det gjeld rettar, kvalitetskrav og tilsyn. Parallelt vart det arbeidd med å førebu overtaking av ansvaret for einslege, mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år. Det vart òg sett i verk tiltak for å styrkje tilbodet ved Hvalstad asylmottak for einslege, mindreårige i Asker kommune. Barnevernet i kommunen vart tilført midlar for å sikre ei tidleg vurdering av dei einslege, mindreåriges situasjon og behov for barnevernfagleg hjelp og oppfølging.

Det kjem fleire einslege, mindreårige guter enn jenter. Det er særlige utfordringar knytte til kjønn og butilbodet til einslege, mindreårige. Mange av dei mindreårige er vane med at jenter og gutar lever med større fysiske skilje enn det som er vanleg i Noreg i form av avskilde opphaldsrom, bad osv. Når barnevernet no har overtatt ansvaret for butilbodet for einslege, mindreårige asylsøkarar under 15 år i mottaksfasen, er dette tilhøve det vil bli lagt vekt på i bygginga av nytt butilbod.

Familierådslag

Nasjonal plan for utprøving og evaluering av metoden familierådslag vart i 2007 evaluert som eit godt supplement til dei vanlege måtane å ta avgjerder på i barnevernet. Arbeidet med å implementere metoden (som no heiter familieråd) i alle regionar i landet vart derfor starta i 2007. Oppgåva vart overførd til Bufdir den 1. januar 2007.

Home-Start Familiekontakten Norge

Departementet førte vidare den økonomiske støtta til nasjonal samordning og oppfølging av Home-Start Familiekontakten Norge, som er eit førebyggjande tiltak for familiar med små barn som er i ein vanskeleg livssituasjon. Departementet gav ekstra midlar til Home-Start Familiekontakten Norge til arbeidet med å støtte familiar med kronisk sjuke barn og barn med nedsett funksjonsevne, jf. resultatmålet Hjelp til barn og unge med nedsett funksjonsevne og familiane deira. Det vart vidare gitt tilskot til Diakonhjemmet Høgskolesenter til evaluering av Home-Start Familiekontakten Norge. Evalueringa skal vere ferdig i 2008.

Barn med foreldre som er fengsla

Arbeidet med å utvikle, gjennomføre og implementere eit opplæringsprogram for foreldrerettleiing for tilsette i fengsel vart vidareført i samarbeid med Justis- og politidepartementet. Kriminalomsorga gir tilbodet til dei innsette.

Mobbing

For å motverke vald, mobbing og anna problemåtferd blant barn og unge, og leggje til rette for gode barne- og ungdomsmiljø, fortsette arbeidet med spreiing av Olweusmodellen mot mobbing i grunnskolen og med Manifest mot mobbing i samarbeid med andre departement, jf. omtale i kap. 857 Barne- og ungdomstiltak.

Tiltak mot tvangsekteskap

BLD har ansvar for å koordinere arbeidet mot tvangsekteskap og leier ei interdepartemental arbeidsgruppe. Arbeidsgruppa følgjer opp tiltaka i programmet Fornyet innsats mot tvangsekteskap, som vart lagt fram i 2002. Programmet er gjennomført, bortsett frå tiltak som krev kontinuerleg innsats, som krisehjelp til unge, informasjon og skolering. Oslo Røde Kors drifta Informasjonstelefonen om tvangsekteskap. Også i 2007 gav BLD støtte til organisasjonar som driv arbeid overfor ungdom som står i fare for å måtte inngå ekteskap mot sin vilje, og til organisasjonar som driv informasjons- og holdningsarbeid overfor gjeldande grupper. Tiltak mot tvangsekteskap er òg omtala under kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

Fagleg dialog og brukarmedverknad

Departementet vidareførte samarbeidet med organisasjonar som arbeider med barnevern og utsette barn og unge. Slike organisasjonar er mellom anna Norsk Fosterhjemsforening, Norges Barnevernssamband, Landsforeningen for barnevernsbarn, PAG-stiftelsen, Fellesorganisasjonen (FO) og tilsettes organisasjonar.

Riktig hjelp til barn med foreldre som er psykisk sjuke eller misbruker rusmiddel

Barn med psykisk sjuke foreldre eller foreldre som misbruker rusmiddel er ei særleg utsett og sårbar gruppe. BLD har i 2007 i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet hatt ei særleg satsing på denne gruppa. I satsinga inngår både informasjonstiltak, kompetansetiltak og forskings- og utviklingsarbeid. Bufdir og Sosial- og helsedirektoratet (SHdir) arrangerte ein nasjonal konferanse som hadde som tema barn med psykisk sjuke foreldre eller foreldre som misbrukar rusmiddel. For å styrkje kompetansen i kommunane er det tilsett fem regionale koordinatorar i det statlege barnevernet, ein i kvar region. I tillegg er det tilsett ein nasjonal koordinator i Bufdir. Desse koordinatorane skal hjelpe kommunar med utvikling av tiltak for barn av psykisk sjuke, barn med foreldre som misbruker rusmiddel og barn som vert utsette for vald. Desse tiltaka inkluderer både individuelle tiltak, gruppetiltak og nettverkstiltak.

BLD gav òg støtte til Nasjonalt kompetansenettverk for sped- og småbarns psykiske helse for at dei skal utvikle og implementere gode kartleggingsverktøy til bruk i mellom anna barnevernet i kommunane. I tillegg skal dei gjere ein effektstudie av Marte Meo-intervensjonen.

Noregs forskingsråd har fått tilskott frå Helse- og omsorgsdepartementet og BLD til aktuell forskingsaktivitet på behandlingsintervensjonar overfor gravide som misbruker rusmiddel.

26 kommunar er med i eit prosjekt for å utvikle gode modellar for heilskapleg og systematisk oppfølging frå fødsel til skolealder av barn av psykisk sjuke og barn av foreldre som misbruker rusmiddel. Tidleg intervensjon og gode samarbeidsrutinar mellom dei ulike tenestene er viktige suksesskriterium. Ti av kommunane skal følgjeevaluerast.

Riktig hjelp til barn som blir utsette for vald, overgrep og utnytting

Handlingsplanen mot vald i nære relasjonar Vendepunkt (2008–2011) vart lagt fram 13. desember 2007. Planen inneheld fleire tiltak som skal setjast i verk for å styrkje tilbodet til barn som blir utsette for vald og overgrep i nære relasjonar. Som tiltak vidareførte BLD støtta til prosjektet Barn som lever med vold i familien (2007–2009). Prosjektet vart gjennomført i samarbeid mellom Alternativ til Vold og Senter for Krisepsykologi i Bergen. Eit hovudområdemål for prosjektet i 2007 var kompetanseheving i barnevernet. Prosjektet er teke inn som tiltak 26 i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar (2008–2011).

På bakgrunn av tilrådingar i ein global studie om vald mot barn frå FN (oktober 2006) vart det gitt midlar til Forum for barnekonvensjonen til å setje i verk ein landsdekkjande opplysings- og informasjonskampanje for å rette søkjelyset mot vald mot barn. Vidare fekk UNICEF midlar frå departementet for å distribuere ein rapport med pedagogisk materiale retta mot ungdom. Materialet er basert på studien om vald mot barn frå FN. Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) fekk i oppdrag å kartleggje ulike grupper barn og unge på krisesentra, og behov for informasjon, hjelp og oppfølging.

Tiltaka i planen Strategi mot seksuelle og fysiske overgrep mot barn (2005–2009) vart sette i verk i nært samarbeid med mellom anna Bufdir, Helse- og omsorgsdepartementet, SHdir og NKVTS. Tiltak 17 i planen er ei landsdekkjande kartlegging av barn som er utsette for seksuelle og fysiske overgrep og blir eksponerte for vald i heimen, og vart gjennomført etter oppdrag frå BLD. Tiltaket vart sluttført i november 2007. NOVA gjennomførte kartlegginga. Rapporten Vold og overgrep mot barn og unge - en selvrapporteringsstudie blant avgangselever i videregående skole (NOVA-rapport 20/2007) syner mellom anna klare statistiske samanhengar mellom å ha vore utsett for vald/overgrep under oppveksten og dårleg familieøkonomi, rusproblem blant foreldra og minoritetsbakgrunn (foreldre fødde utanfor Norden). For å hindre bruk av fysisk vald mot barn frå foreldre gav Program for foreldrerettleiing (jf. kap. 830) hausten 2007 ut informasjonsbrosjyren Når eg vert så sint at eg nesten sprekk-

BLD følgde i samarbeid med Bufdir opp tiltaka i handlingsplanen til regjeringa Stopp menneskehandelen (2006–2009), som gjeld personar under 18 år.

(Sjå også kap. 840 Krisetiltak.)

Hjelp til familiar som er ramma av økonomisk og/eller sosial ekskludering

Fattigdomsproblem i barnefamiliar

Bufdir tok over ansvaret for å styrkje innsatsen mot fattigdom blant barn, unge og familiane knytte til barnevernstenesta i januar 2008. Barnevernstenesta i 29 utvalde kommunar deltek og mottek midlar for å setje i gang tiltak. Hovudmålet er å motverke og hindre reproduksjon av fattigdom samt ytterlegare å styrkje samarbeidet og samhandlinga mellom barnevernstenesta og sosialtenesta lokalt og sentralt. Ein må sjå innsatsen i samanhang med arbeid mot fattigdom på storbyområdet, jf. kap. 857 Barne- og ungdomstiltak. Departementet og Bufdir samarbeider med SHdir, som har ei tilsvarande satsing mot fattigdom knytt til sosialtenesta. Det er også starta eit utviklingsarbeid retta mot ungdomsgruppa 17–23 år, jf. omtala om ettervern under resultatmålet Gode tilbod om hjelpetiltak, inkludert bruk av familie- og nærmiljøbaserte metodar.

Barn og unge som gjer kriminelle handlingar

Departementet deltok i oppfølginga av St.meld. nr. 20 (2005–2006) Alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar (Justis- og politidepartementet). Ei arbeidsgruppe, Barn under 18 år som begår alvorlig kriminalitet og som settes i fengsel, vart oppretta hausten 2006. Arbeidsgruppa, som bestod av representantar frå Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og politidepartementet og BLD, vart leidd av BLD. Rapport frå arbeidsgruppa med tiltak vart lagd fram våren 2007. Departementet deltok òg, i samarbeid med Politihøgskolen i Oslo og Norsk Utanrikspolitisk Institutt, i eit arbeid om rekruttering av ungdom til ekstreme og valdelege grupper (sjå også omtale under kap. 857 Barne- og ungdomstiltak).

Rusmisbruk

Regjeringas opptrappingsplan på rusfeltet låg føre hausten 2007. BLD vil medverke i oppfølginga av planen i 2008.

BLD deltok i ei tverrdepartemental gruppe om doping som samfunnsproblem, og gav støtte til ei omfangsundersøking (2006–2008) om tilgjenge og bruk av dopingmidler blant unge, 13-25 år. Arbeidet vil bli følgt opp i 2008, og rapporten frå undersøkinga vil danne grunnlag for tiltak på området.

Hjelp til barn og unge med nedsett funksjonsevne og familiane deira

BLD vidareførte, i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet og andre departement, tiltaka i Strategiplan for familiar med barn med nedsett funksjonsevne. For BLD gjeld dette mellom anna eit tilpassa tilbod om foreldrerettleiing, og tilrettelagde samlivskurs (finansiert over kap. 830 Samlivstiltak og foreldrerettleiing). BLD gav også midlar til forsking gjennom Noregs forskingsråd om barn og unge med nedsett funksjonsevne.

Internasjonalt samarbeid om utsette barn og unge

Regionalt samarbeid innanfor Norden, Austersjørådet, Europarådet og andre internasjonale fora

BLD er medlem i Embetsmannskomitéen for sosiale saker i Nordisk Ministerråd og har eit spesielt ansvar for å syte for at barneperspektivet, særleg med vekt på barn og unge i risikosona, blir teke vare på innanfor det nordiske helse- og sosialsamarbeidet. Dette blir gjort i samband med program for sektorens aktivitetar og nordiske prosjekt. BLD deltok i 2007 i ei nordisk samarbeidsgruppe som planla den første nordiske konferansen om tilsyn for sosial- og barnevernstenesta. Den skal gå føre seg i Stockholm i september 2008. Føremålet er å utveksle erfaringar knytte til statleg tilsyn og på lengre sikt styrkje det faglege tilsynsarbeidet i dei nordiske landa.

BLD gjekk i 2006 inn i ei samarbeidsavtale med republikken Karelen for å medverke til eit kompetansesamarbeid mellom desse landa. Dette samarbeidet vart følgt opp i 2007 av Bufetat region Nord. Samarbeidet inneber kompetanseutveksling og prosjektsamarbeid for barn og unge i risikosona. BLD er òg medlem av Barents helseprogramkomité, som kvart år vurderer ei rekkje søknader med forslag til prosjekt på helse-, sosial- og barneområdet i Nordvest-Russland.

BLD fortsette sitt arbeid i Working Group for Children at Risk in the Baltic Sea Region (WGCC), som er ei arbeidsgruppe om utsette barn og unge. WGCC er eit ledd i Austersjørådets arbeid for å førebyggje og hindre seksuell utnytting av barn i regionen. Samarbeidet omfattar no også tiltak for å styrkje rettar og sikre best mogleg tilhøve for barn og unge som bor på barne- og ungdomsinstitusjonane. Det vart i 2007 starta eit arbeid i regi av WGCC for å utvikle ein modell for tilsyn med barn og unge på institusjon, samt eit opplæringsprogram for tilsynsansvarlege i medlemslanda. Målet er å få i gang eit pilotprosjekt i eit eller to land i 2008. Det vart òg starta ei kartlegging av lovgrunnlag, tiltak og program i medlemslanda som kan sikre god oppfølging av barn og unge som blir skrivne ut av institusjon. Føremålet er å samle kunnskap på desse områda som landa kan nytte i utviklinga av tiltak, og som kan lette integreringa i samfunnet etter opphald i institusjonar.

Det er etablert eit samarbeid om utsette barn og unge mellom austersjølanda og Ukraina, Kviterussland og til dels Moldova. Samarbeidet skal sikre forsvarleg hjelp og sikker retur av barn og unge som blir fanga opp i dei respektive landa, og som blir utsette for menneskehandel for seksuelle føremål eller blir utnytta i anna kriminell verksemd. Opplæringsprogrammet for nøkkelpersonell som arbeider med barn og unge som er utsette for eller der det er mistanke om menneskehandel, vart vidareført i 2007 med økonomisk støtte frå mellom anna EU. Ein studie finansiert av EU om oppfølginga og omfanget av barn og unge utsette for menneskehandel i austersjøregionen gjekk føre seg i 2007. Rapporten The Frail Chain vart publisert i 2008. Rapporten gir nyttig informasjon om korleis landa har organisert og følgjar opp arbeidet med moglege mindreårige offer for menneskehandel. Rapporten syner at mindreårige er utsette for menneskehandel i regionen. Sjølv om det synlege omfanget ikkje kan karakteriserast som stort, er det likevel grunn til å anta at det er mørketal. The Baltic Sea Regional Study on Adolescents’ Sexuality (NOVA-rapport 18/07) vart lagt fram i september 2007. Forskingsrapporten var resultatet av eit samarbeidsprosjekt mellom styresmakter og forskarar i medlemslanda til Austersjørådet. Rapporten er bygd på spørjeskjemaundersøkingar blant ungdommar i Noreg og dei andre medlemslanda. Han inneheld mellom anna empiri om ungdoms røynsler med bytte/sal av sex og ungdoms bruk av pornografi. Studien omfatta fleire enn 20 000 17-19-åringar i seks medlemsland og vart gjennomført i samarbeid mellom WGCC og verdsette forskingsinstitusjonar i dei respektive landa. I samarbeid med Russland arrangerte WGCC eit internasjonalt ekspertmøte i St. Petersburg knytt til ungdom og kriminalitet med fokus både på førebygging og handsaming av kriminell ungdom. Rapport frå ekspertmøtet ligg på heimesida til WGCC childcentra.info.

Våren 2007 vart det skipa ein ny ekspertkomité, Committee of Experts on Social Policy for Families and Children – CS-SPEC, under styringskomitéen for sosialt samhøyr (CDCS) i Europarådet. Mandatet går ut i 2009. Noreg leier arbeidet til komiteen i mandatperioden. Komitéen skal mellom anna følgje opp Rekommandasjon nr. 19 om positivt foreldreskap og god oppseding av barn og gi medlemslanda høvelege instrument og idear til implementering av rekommandasjonen.

Noreg er eit av fem pilotland i samband med Europarådets program om Building a Europe for and with Children. BLD har, i samråd med Europarådet og NOVA, gitt NOVA i oppdrag å utarbeide ein rapport om nasjonal politikk og tiltak for å førebyggje vald mot barn. Rapporten skal mellom anna leggjast til grunn for utvikling av retningslinjer for ein målretta politikk og tiltak for å førebyggje vald mot barn.

Det generelle barne- og ungdomspolitiske arbeidet er omtalt under delmålet Internasjonalt samarbeid på dei barne- og ungdomspolitiske områda i resultatrapporteringa for 2007 under kap. 857 Barne- og ungdomstiltak.

Sikre interessene til barn ved innanlands- og utanlandsadopsjon

Godt og føremålstenleg lov- og regelverk

Behovet for oppdateringar av regelverket blir fortløpande vurdert.

Høg kompetanse ved behandling av adopsjonssaker

Det vart også i 2007 gitt tilskot til eit forskingsprosjekt som gjeld utanlandsadopterte barns sosiale utvikling. Prosjektet inngår i eit større longitudinelt forskingsprosjekt om barns sosiale utvikling frå spedbarnsalderen. Målet er å analysere likskap og skilnader i utvikling av åtferdsproblem og sosiale evner mellom barn som er fødde i Noreg, og utanlandsadopterte barn. Samtidig vil ein kunne analysere utviklingsmønstret innanfor adoptivgruppa, særleg med omsyn til variablar som blant anna adopsjonsalder og kjønn.

Sikre eit tilbod om adopsjonsførebuande kurs

Tilbodet om adopsjonsførebuande kurs for dei som søkjer om å adoptere eit barn for første gong, heldt fram i 2007. Kurset er frivillig og gratis. Målet med kurset er først og fremst å gi søkjarar naudsynt informasjon om adopsjon på eit tidleg tidspunkt i adopsjonsprosessen. Intensjonen er å nå flest moglege søkjarar. Kursa blir arrangerte av Bufdir.

Mål og strategiar

For 2009 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Høg rettstryggleik og god kvalitet i sakshandsaming

Godt og føremålsteneleg lov- og regelverk

God, forsvarleg og effektiv sakshandsaming i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Gjennomsnittleg tid til handsaming av ordinære saker

Gode tenester i barnevernet

Del av meldingar og undersøkingssaker handsama og tiltak satt i gang innan tidsfristane i lova

Effektivt og målretta tilsyn

Delen barn og unge i fosterheim som har fått tilsynsførar

Delen institusjonstilsyn – individtilsyn og systemrevisjon

Ungdom med tiltak i barnevernet skal ha god oppfølging også etter fylte 18 år

Delen ungdom med tiltak i barnevernet som får ettervern

Høgt kunnskaps- og kompetansenivå i den kommunale barnevernstenesta og det statlege barnevernet

Eit heilskapleg tilbod til utsette barn, unge og familiar som treng samordna tenester

Barna sine interesser ved innanlands- og utanlandsadopsjon er ivaretekne

God kunnskap om adopsjon hos myndigheiter og søkjarar

Godt og formålstenelig lov- og regelverk

Aktivt internasjonalt samarbeid for å betre levekåra for utsette barn og ungdom

Gjennomførte tiltak/planar i Østensjørådet, FN og andre internasjonale organisasjonar

Høg rettstryggleik og god kvalitet i sakshandsaming

Godt og føremålsteneleg lov og regelverk

BLD vil følgje praktiseringa av regelverket på barnevernsområdet nøye og jamleg vurdere behovet for endringar for å sikre at det er tilpassa dei utfordringar saksområdet krev.

BLD vil i samarbeid med KS etablere et tvisteløysingsorgan for gråsonesaker der det er tvist mellom kommune og stat om betalingsansvaret. Organets arbeid skal vere avgrensa til å omhandle grensa mellom statens betalingsansvar etter barnevernloven og kommunens betalingsansvar etter andre lover.

Stortinget vedtok i 2005 å gjere tilpassingar i ordninga for rettferdsvederlag for barn plasserte i barneheim og fosterheim i perioden fram til 1980, jf. også omtale under kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Vedtaket førte til at det kom inn svært mange søknader, og sakshandsamingstida i Bufdir ble derfor også lang. Målsetjinga om at sakshandsamingstida i Bufdir skal vere eit år frå og med utgangen av 2007, ligg fast. Sakshandsamingskapasiteten i Bufdir er blitt styrkt dei seinare åra, og det vil framleis vere et tett samarbeid mellom Bufdir, Justissekretariata og Rettferdsvederlagsutvala.

God, forsvarleg og effektiv sakshandsaming i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Talet på handsama saker og den gjennomsnittlege sakshandsamingstida er dei viktigaste resultatindikatorane for fylkesnemndene. Talet på innkomne saker auka frå 2006 til 2007 med 11 prosent og auken held fram i 2008. Gjennomsnittleg sakshandsaming i 2007 var på 78 dagar, og i 2009 må sakshandsamingstida reduserast kraftig.

Endringane i reglane for fylkesnemndene som vart gjennomførte i 2007 og 2008, har gitt effektivitetsgevinstar. Innsparingane er nytta til å utvida kapasiteten.

Arbeidet med å tilpasse det interne systemet for sakshandsaming i fylkesnemndene vil halde fram i 2009. Systemet har framleis eit potensial for forbetring.

Departementet har i 2008 sett på den administrative styringa og organiseringa av fylkesnemndene. Det er sett på alternative styringsformer for fylkesnemndene, men ikkje teke noka endeleg avgjerd i saka.

Gode tenester i barnevernet

Effektivt og målretta tilsyn

Fylkesmannen skal føre tilsyn med barn som bur på barneverninstitusjonar, og med barnevernet i kommunane. Regelbunde tilsyn er viktig for å ta hand om barnas rettstryggleik når dei ikkje kan bu heime, men må bu på ein barneverninstitusjon eller i ein fosterheim. Tilsyn er derfor ei høgt prioritert oppgåve for departementet. Fylkesmannen skal oppfylle krava i lovverket om individretta og systemretta tilsyn i offentlege og private barneverninstitusjonar. Embeta må prioritere samtaler med barna. Rettstryggleiken for barn og unge skal bli sikra i samsvar med regelverket.

Fylkesmannen har i samarbeidd med Helsetilsynet i fylka i 2008 gjennomført eit felles landsomfattande tilsyn med kommunale tenester til barn som bur heime og treng tenester regulerte i barneverns, helse- og sosiallovgivinga. Tema er korleis kommunane samordnar tenester og tiltak til utsette barn og unge som må ha hjelp frå dei tre tenestene.

Å overhalde dei lovfesta tidsfristane for meldingar, undersøkingar og tiltak er nødvendig for rettssikkerheita i barnevernstenesta. Departementet har merkt seg at det er marginalt fleire fristoversitjingar ved utgangen av 2007 enn i 2006, og forventar at tenestene prioriterer og legg arbeidet til rette slik at fristane blir haldne. Departementet har, gjennom tildelingsbrevet til fylkesmannen, lagt vekt på at fylkesmannen har eit ansvar for å rettleie og følgje opp kommunane i arbeidet deira med å betre rutinane og prosedyrane etter kravet om internkontroll med eige verksemd i barnevernet. Fylkesmennene skal òg halde naudsynt oversikt over og føre tilsyn med utviklinga i barnevernet i kommunane, og syte for at kommunane retter opp feil og manglar. Fylkesmannen skal òg medverke til at kontakt og samarbeid mellom det statlege barnevernet og kommunane blir til beste for barn og unge. Fleire kartleggingar og undersøkingar av kommunanes handtering av meldingar har dokumentert forskjellar mellom kommunar og bydelar når det gjeld terskelen for å leggje bort meldingar. Departementet vil vurdere tiltak for å sikre kvaliteten i avgjerdsprosessane i kommunane.

Kommunane har ansvaret for rekruttering, og for at tilsynsførarar i fosterheimar får opplæring. Det kan i enkelte høve vere vanskeleg å rekruttere kvalifiserte tilsynsførarar i kommunane. Fylkesmannen vil følgje opp dei kommunane som ikkje har oppnemnt tilsynsførarar, og dei kommunane der lovkrava om talet på tilsynsbesøk ikkje er oppfylte, jf. omtale i resultatrapporten under resultatmålet Eit effektivt og målretta tilsyn. Bufdir har ansvaret for at det blir utvikla eit opplæringstilbod til kommunale tilsynsførarar og har gitt et tilbod til kommunane om opplæring. Denne opplæringa vil halde fram også i 2009, jf. elles omtale i kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Det er eit viktig mål for regjeringa å førebyggje institusjonsplasseringar. Det gjeld å kome inn så tidleg som mogleg og først søkje å hjelpe barn og unge i deira eige nærmiljø. Vi veit at spesielt barn og unge med åtferdsproblem er særleg utsette for negativ påverknad frå andre ungdommar. Men samstundes er det viktig at ein ikkje byggjer ned institusjonstilbodet før ein har betre alternative tilbod. For dei ungdommane som ikkje kan bu heime, er målet å gi dei ein trygg omsorgsbase samstundes som dei kan få god hjelp og støtte. Bufetat byggjer derfor ut både tilbodet sitt om familieheimar og såkalla behandlingsheimar. Dei sistnemnde skal vere bemanna med faglærde vaksne som kan ta hand om den daglege omsorga, og som samtidig har kompetanse i å ta seg av barn og unge med samansette problem.

For å betre rammevilkåra til statlege familieheimar og beredskapsheimar skal Bufetat ta i bruk nye standardkontraktar.

Revidert fosterheimsavtale for kommunale fosterheimar skal òg takast i bruk.

Tilskotet til Rostad ungdomsheim vil bli vidareført slik at skoletilbodet ved institusjonen kan vidareførast. Dette er den einaste barneverninstitusjonen som har eit slikt tilbod. Departementet vil for 2010-budsjettet vurdere korleis dette tilbodet kan oppretthaldast utan ei øyremerka løyving over statsbudsjettet.

Ungdom med tiltak i barnevernet skal ha god oppfølging også etter fylte 18 år

Overgangen frå ungdom til eit sjølvstendig liv som vaksen er særleg utfordrande for utsette barn og unge. Sårbare unge står i fare for å utvikle vedvarande fattigdomsproblem. Det er naudsynt med auka kompetanse og betre samarbeid mellom tenesteapparata i kommunane. Forsking viser at det går betre med unge som har fått ettervern, og det er viktig å underbyggje tiltak med kunnskap som er basert på forsking. Derfor vidarefører departementet utviklingsarbeidet Utsette unge 17-23 år i overgangsfasar knytte til fattigdomsinnsatsen gjennom barnevernet. Sjå òg omtala under resultatrapport 2007/2008. Innan utgangen av 2008 vil NOVA leggje fram ein rapport frå eit større prosjekt, Forskningsbasert kunnskap om ettervern, som vart starta i 2007. Målet er å få fram kunnskap som kan bidra til å betre og systematisere arbeidet med og kunnskapen om ettervern. Det vil òg bli utarbeidd ei eksempelsamling til kommunane. I den vidare oppfølginga av dette vil departementet vurdere ytterlegare tiltak for å gjere overgangen til vaksenlivet lettare.

BLD deltek i arbeidet med strategien til regjeringa mot bustadløyse. Sjå St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kommunal- og regionaldepartementet for nærmare omtale av strategien.

Høgt kunnskaps- og kompetansenivå i den kommunale barnevernstenesta og det statlege barnevernet

Det er ei særs viktig oppgåve å sikre at kommunane regelmessig og systematisk kan få oppdatert sin faglege kunnskap og kompetanse for å løyse eit stadig aukande tal på barnevernssaker som er samansette og komplekse. Gjennom forsking og rapportar frå praksisfeltet går det fram at behovet for styrking av kompetansen er stort. Målet er å hindre at barnevernsbarn får ein vanskeleg oppvekst og vaksenliv. Departementet starta derfor i 2007 eit arbeid med å styrkje den faglege utviklinga og kompetansen hos barnevernstenesta i kommunane. I 2007 vart det sett i gang ei rekkje tiltak og prosjekt. Arbeidet vart vidareført i 2008 og held fram i 2009. Innsatsen på kunnskaps- og kompetanseområdet vil vere fleirårig (2007–2012). I 2008 vart det også gjennomført regionale konferansar med deltaking frå barnevernet, alle forvaltingsnivå og samarbeidspartnarar i alle landets kommunar. Målsetjinga var mellom anna å styrkje barnevernets kompetanse på områda vald i nære relasjonar, barn som lever med foreldre med rusproblem eller/og har psykiske problem, og barn og unge med problemåtferd.

I 2009 vil departementet arbeide vidare med å utvikle kunnskapsgrunnlaget på fleire område i barnevernet. Dette skal skje gjennom konkrete FoU-prosjekt og utvikling av materiell. Ved utvikling av tiltaka vil ein ta omsyn til tilrettelegging for begge kjønn der det er naturleg. Følgjande tiltak vil bli prioriterte:

  • Barn med innvandrarbakgrunn mottek oftare hjelpetiltak i barnevernet enn barn utan innvandrarbakgrunn. Eit overordna mål er at barnevernstenesta skal nå ut til barn, ungdom og familiar med innvandrarbakgrunn på ein måte som gir resultat. BLD er i gang med eit stort arbeid for å styrkje den generelle fleirkulturelle kompetansen i barnevernet. Hausten 2008 tilbyr fire utvalde høgskolar vidareutdanninga Barnevernet i et minoritetsperspektiv. Tilbodet er finansiert av BLD og inkluderer 120 studentar. Hovudmålet er å gi grunnleggjande kunnskap om kva eit kultursensitivt barnevern er, og auke deira evner i arbeidet med barn, unge og familiar med minoritetsbakgrunn. Studiet skal gå over eit semester, og kvar av dei fire høgskolane vil tilby studieplassar til 30 tilsette i barnevernet.

  • For å medverke til at fleire barn med minoritetsbakgrunn fullfører vidaregåande utdanning og fortset i høgare utdanning, starta BLD opp mentorordninga Nattergalen i 2008. Målet med Nattergalen er at dei tilsette i barnevernet skal bli meir kultursensitive i møtet med barn, unge og familiar, og at fleire unge med minoritetsbakgrunn vel å utdanne seg innanfor barneverns- og sosialfag. Samstundes er det eit mål at fleire barn med minoritetsbakgrunn fullfører vidaregåande skole og tek høgare utdanning. Studentar ved barneverns- og sosialfaglege utdanningar får tilbod om å vere mentor for barn med minoritetsbakgrunn i alderen åtte til 12 år. Åtte høgskolar/universitet deltek i ordninga som blir prøvd ut frå skoleåret 2008/2009 til og med skoleåret 2010/2011. Ordninga skal evaluerast.

  • Ein vil styrkje kunnskapen om ettervern gjennom oppfølging av eit større FoU - prosjekt om ettervern Forskningskunnskap om ettervern i regi av NOVA.

  • Opplæring og implementering av nye metodar i barnevernet, mellom anna FFT (Funksjonell familieterapi).

  • Støtte til prosjektet Det nye barnevernet i regi av regionale kompetansemiljø. Prosjektet skal utvikle verktøy for å betre samsvaret mellom barnets/familiens behov og barnevernets tiltak.

  • Det er nedsett ei ekspertgruppe som skal sjå på grunnutdanninga i barnevern, i samarbeid med universitets- og høgskolemiljøa. Rapport vil vere ferdig våren 2009.

  • Det er oppretta ei stilling i kvar region som skal bidra med kompetanse til det kommunale barnevernet. Stillingane skal medføre styrka oppfølging av barn av psykisk sjuke og/eller rusmisbrukande foreldre og barn som har vore utsette for vald. BLD vil følgje opp tilboda i 26 kommunar som er retta mot gruppa null til sju år (frå graviditet til skolealder).

  • Departementet vil i 2008 gi ut ein rettleiar for korleis barnevernet kan utvikle si kompetanse på å snakka med barn. Det vil følje med ein DVD til rettleiaren som skal illustrere samtaleteknikken. Pilotkommunar skal prøve ut opplegget i 2009.

  • Det er stor mangel på kunnskap og retningslinjer for korleis barnevernstenesta skal ta hand om foreldre på ein god måte etter omsorgsovertaking. I 2008 vart det gitt ut ein kunnskapsstatus og ein rettleiar som omhandlar korleis barnevernstenesta skal ta vare på foreldre på ein god måte, når barnet har vorte plassert i fosterheim eller på institusjon. Arbeidet med implementering av materiell og opplæring i kommunane vil gå føre seg i 2009.

Innsatsen på kompetanseområdet vil bli utvikla vidare og styrkt i 2009, i samarbeid med Bufdir, fylkesmennene, høgskolar og universitet, KS og organisasjonane til dei tilsette.

Eit av dei sentrale måla i barnevernet er å gjere tenesta meir kunnskapsbasert. Saman med Bufdir vil BLD ha utvikla ein revidert langsiktig forskings- og utviklingsstrategi (2009–2012) på barnevernsområdet. Sjå òg kap. 855.

Departementet legg til grunn at kunnskap både kan være kvalitativ og kvantitativ og føresett eit nært samarbeid mellom forskingsmiljø og praksisfeltet. Departementet vil i 2009 auke rammene for det kommunale kompetanseprogrammet med 5 mill. kroner. Departemenet skal mellom anna vurdere å finansiere stipendiatstillingar i eit samarbeid med høgskolar og det kommunale barnevernet.

Departementet si støtte til barnevernsforsking vil bli vidareført, jf. kap 855 Statleg forvalting av barnevernet. Det gjeld mellom anna driftstilskot til dei tre regionale utviklingssentra innanfor barnevern i Bergen, Trondheim og Tromsø. Dei driv forsking, forsøks- og utviklingsarbeid spesielt overfor det kommunale barnevernet. Dei gir råd og rettleiing innafor prosjektarbeid, formidling og informasjonsverksemd og fungerer som viktige ledd i regionale faglege nettverk.

Departementet har sett i gang ei evaluering av dei faglege og økonomiske måla som vart sette for reforma da staten 1. januar 2004 tok over dei fylkeskommunale oppgåvene og myndigheit på barnevernsområdet. Særleg ønskjer departementet å få svar på kor langt ein no har kome i å leggje til rette for eit likeverdig tilbod over heile landet, og om barn og unge får eit betre tilbod no enn tidligare, mellom anna sett i høve til veksten i utgiftene. Evalueringa er delt i fleire prosjekt.

Departementet har gjennom fleire år støtta Program for Velferdsforskning i Noregs forskingsråd. Programperioden går ut i 2008. Samarbeidet med Noregs forskingsråd om barnevernforsking vil bli ført vidare innanfor ramma av eit nytt program som er under planlegging.

I juni 2008 vart det lagt fram forslag til lovendringar for etablering og drift av barnesakkunnig kommisjon – ein kommisjon som skal kvalitetssikre alle rapportar gitte av sakkunnige i barnevernssakar (jf. Ot.prp. nr. 68 (2007–2008) Om lov om endringer i lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester mv. (barnesakkyndig kommisjon)). Det vart utarbeidd retningslinjer for sakkunnig arbeid i barnevernsaker og ein mal for utforming av sakkunnige rapportar i barnevernet. Departementet vil arbeide vidare med å utvikle og få på plass gode rutinar og praksis for arbeidet i kommisjonen.

God statistikk og gode rapporteringsrutinar er avgjerande for å kunne vurdere behovet for endringar på barnevernområdet. Det vart i 2007 gjort endringar både i kommunanes halvårsrapporteringar til fylkesmennene og i datainnsamlinga til KOSTRA-barnevern. Samarbeide med SSB for å utvikle den offisielle barnevernstatistikken vil halde fram i 2009. Då vil også ein ny offisiell institusjonsstatistikk bli publisert. Det vil skje ei vidareutvikling av StatRes i 2009.

Eit heilskapleg tilbod til utsette barn, unge og familiar som treng samordna tenester

Mange barn og unge har til dels store og samansette problem, og dei har behov for hjelp frå fleire tenester. Nokre barn opplever å bli skyvde frå teneste til teneste, der ingen tek ansvar. Andre får hjelp frå fleire instansar, men hjelpa er ikkje koordinert. Tilbodet er til dels overlappande og ikkje godt utbygt alle stader i landet, og barna treng eit meir koordinert og samordna tilbod enn det dei får i dag. Både første- og andrelinjetenesta gir hjelp til utsette barn og unge. Tradisjonelt har andrelinjetenesta høgare kompetanse og ekspertise og kan gi råd og rettleiing til det kommunale tenesteapparatet. For å gi heilskapleg og koordinert hjelp tidleg nok må det utviklast eit betre samarbeid mellom tenestene, både på statleg og kommunalt nivå. Betre samordning av tenestene kan gi mogligheit for betre hjelp til vanskelegstilte barn og unge, og vil kunne førebyggje ytterlegare problemutvikling. BLD har derfor sett ned eit offentleg utval som skal gå igjennom korleis tenestene i dag kan samarbeide og samordne seg, og vurdere korleis tenestene kan organiserast for å gi god hjelp til dei som treng det. Utvalet skal òg vurdere korleis plikta til samarbeid kan nedfellast i lovverket, gå igjennom dagens lovverk og sjå på praktiseringa av teieplikta, og på rutinar og moglege økonomiske hindringar for samarbeid.

I 2008 vart samarbeidsavtala mellom KS og BLD revidert. I den nye avtala er eit betre samvirke mellom statleg og kommunalt barnevern vektlagt som eit viktig mål for samarbeidet mellom departement og KS. Avtala vil bli følgt opp gjennom bilaterale møte, konsultasjonsordninga mellom stat og kommune og gjennom KS si deltaking i grupper og prosjekt på barnevernsområdet. Gjennom støtte til effektiviseringsnettverka En lærings- og utviklingsarena for barnevernstjenesten vil departementet sørgje for at fleire kommunar får høve til å delta i nettverk for effektivisering og kvalitetsutvikling i det kommunale barnevernet.

BLD og KS sette i 2008 i gang det treårige prosjektet Betre samordning av tenester til utsette barn og unge, der 15 kommunar prøver ut eit forpliktande samarbeid. Barneverntenesta, PP-tenesta, sosialtenesta, helsestasjonen, barnehagesektoren og skolesektoren er involverte i samarbeidet. Målet for prosjektet er å få røynsle med gode samarbeidsmodellar som ein kan spreie til alle kommunar i landet. Prosjektet blir følgt opp i 2009.

Eit godt samarbeid mellom barnehagar og barneverntenesta er vesentleg for å kunne identifisere utsette barn som har behov for hjelp. BLD samarbeider med KD om tiltak som skal betre samarbeidet mellom dei to tenestene, saman med Fellesorganisasjonen og Utdanningsforbundet. Dei to departementa vil i 2008 gi ut ein rettleiar til bruk for barnehagar og barneverntenesta, om korleis dei kan samarbeide for å oppdage barn som treng hjelp, og få sett inn tiltak på eit tidlegast mogleg tidspunkt. Det skal vidare utarbeidast informasjonsmateriell til barneverntenesta ved introduksjon av tenesta for andre samarbeidspartar, til dømes barnehage, skule og helsestasjon. Det skal også utformast eit opplæringsprogram til bruk for tilsette i barnehagar og barnevernet i kommunane. Målet for programmet er å gi oppdatert kunnskap om korleis dei to instansane kan arbeide til barnets beste.

For å styrkje samarbeidet mellom barnevernet, psykisk helsevern for barn og unge og tverrfagleg spesialisert rusbehandling har alle regionane i barnevernet og regionale helseføretak utvikla og underskrive forpliktande samarbeidsavtaler. Ei tverrdepartemental arbeidsgruppe har i 2008 foreslått ulike tiltak for å betre samarbeidet ytterlegare. Iverksetting av nokre av desse tiltaka vil skje i 2009.

For å leggje til rette for fagleg dialog og brukarmedverknad blir samarbeidet vidareført med organisasjonar som arbeider med barnevern og utsette barn og unge. Det gjeld mellom anna Norsk Fosterhjemsforening, Norges Barnevernssamband, Landsforeningen for barnevernsbarn og PAG-stiftelsen og Vaksne for barn.

Det er viktig å utvikle tiltak og metodar som kan styrkje omsorgsevna til foreldra slik at ein unngår plassering i fosterheim og på institusjon. Departementet held fram arbeidet med å utvikle hjelpetiltaka i barnevernet med sikte på tidleg intervensjon, blant anna på bakgrunn av resultata frå to kunnskapsstatusar utarbeidde av Norsk institutt for by- og regionforsking og Fafo i 2006.

Atferdssenteret har som oppgåve å skape og spreie kunnskap, kompetanse og metodar for å førebyggje og behandle åtferdsproblem, styrkje kompetansen om åtferdsproblem i barnevernet og integrere forsking og praksis. Atferdssenteret er ansvarleg instans for opplæring i og kvalitetssikring av barnevernets arbeid med Parent Management Training – Oregon (PMTO), Multisystemisk terapi (MST), Funksjonell familieterapi (FFT) og Behandlingsfosterheimar (MTFC).

BLD vil i 2009 vurdere tildelinga til Atferdssenteret med omsyn til omfanget av oppgåver og resultat.

Eit prioritert mål er å utvikle effektive og godt organiserte behandlingstilbod for barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar. Arbeidet med å implementere metodane Parent Management Training – Oregon (PMTO) for yngre barn, Multisystemisk terapi (MST) og Funksjonell familieterapi (FFT) for ungdom blir vidareført i samarbeid med Bufdir (jf. omtale i kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet). MST har hatt ein auke på ca 12 prosent i forhold til same periode i 2007. Det er høg utnytting av MST og det er små variasjonar i regionane i løpet av dei 4 første månadene av 2008. Region nord har høgast beleggprosent medan region øst og vest har lågast

Det er også behov for at det i lokalmiljøa finst førebyggjande lavterskeltilbod for utsette familiar med små barn som er i ein vanskeleg livssituasjon. BLD vil framleis gi støtte til nasjonal samordning og oppfølging av Home-Start Familiekontakten Norge. Departementet vil òg vurdere behov for justeringar som følgje av resultata frå evalueringa av Home-Start Familiekontakten. Denne evalueringa frå Diakonhjemmet Høgskolesenter skal vere ferdig i desember 2008.

Det er eit mål å sikre god akuttberedskap for å førebyggje og behandle akutte kriser, der barn, unge og familiane deira er involverte. Barnevernsvakten er den tenesta som ofte først kjem i kontakt med barn og unge med ulike problem. BLD har gitt tilskot til ei evaluering av barnevernsvaktordninga i regi av NOVA, som skal sluttførast i 2008. Evalueringa vil bli brukt til å vurdere korleis vaktordningane i barnevernet best kan organiserast og utbyggjast. Dette må sjåast i samanheng med forslaget om å etablera ein alarmtelefon for barn og unge.

BLD skal følgje opp Handlingsplan mot tvangsekteskap, som gjeld frå 2008 til og med 2011. Det statlege barnevernet skal i handlingsplanen etablere eit tilpassa tilbod om bustad for unge under 18 år i kvar av dei fem regionane. I 2008 starta Bufdir arbeidet med å etablere spesialiserte beredskaps- og fosterheimar for å ta hand om desse ungdommane. Denne utgreiinga skal bli fullført innan 2011. I perioden for handlingsplanen skal Bufdir etablere tre sikkerheitsklarerte og kvalitetssikra fosterheimar som skal prioritere unge som blir utsette for vald og tvangsgiftemål. Det statlege barnevernet skal også opprette ein forsterka fosterheim i kvar av dei fem regionane for denne gruppa innan utgangen av 2011.

Handlingsplan mot kjønnslemlesting (2008–2011) vil også bli følgd opp. Planen skal mellom anna sikre ei effektiv handheving av lovverket, auka kompetanse og kunnskapsformidling, førebygging og haldningsskapande arbeid og sikre tilgjengelege helsetenester.

Dei siste tiltaka i planen Strategi mot seksuelle og fysiske overgrep mot barn (2005–2009) blir sluttførte i 2009. BLD vil gjere dette i nært samarbeid med Bufdir, Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet og andre. Planen gjeld førebygging, avdekking av overgrep, bistand og behandling, forsking og kompetanseutvikling. Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress er involvert i å følgje opp fleire av tiltaka. Dette gjeld mellom anna ein kunnskapsstatus om førebyggjande tiltak og eit FoU-prosjekt om behandlingstiltak for utsette barn og unge. I det statlege barnevernet vil opplærings- og informasjonstiltak om desse problema bli styrkte når det gjeld fosterheimar og institusjonar, jf. omtale i resultatrapport for kap. 855 under resultatmålet God opplæring og rettleiing av hjelpeapparatet i saker om vald og utnytting. Departementa vil vurdere behov for nye tiltak etter at planperioden er slutt, utover dei tiltaka for barn som er ein del av handlingsplanen mot vald i nære relasjonar.

Etter initiativ frå Nordisk Ministerråd er det sett i verk ei ny kartlegging av førekomsten av familievald og seksuelle overgrep mot barn. Prosjektet (2008–2010) går føre seg i Noreg, Danmark, Sverige og Finland. Kartlegginga vil bli gjord gjennom PC-tilknytte spørjeskjema blant 15–16-åringar i skolar. Frå norsk side deltek forskingsstiftinga NOVA i prosjektet.

BLD vil styrkje innsatsen for å sikre at barn og unge som blir utsette for vald og overgrep i nære relasjonar, får eit godt tilbod om hjelp og blir sikra eit liv utan vald og overgrep. Tiltaka i Handlingsplanen mot vald i nære relasjonar (2008-2011) Vendepunkt vil bli førte vidare eller sluttførte. Dette gjeld mellom anna tiltaket om å kartleggje situasjonen til ulike grupper barn som er på krisesentra (jf. tiltak 36 d), og tiltaket om å styrke kompetansen ved krisesentra (jf. tiltak 27). Røynsler frå prosjektet Barn som lever med vold i familien, som starta opp i 2004, syner eit stort behov for kunnskap innanfor ulike tenester som møter utsette barn. BLD vil føre vidare støtte til prosjektet i 2009, og fokus for arbeidet skal vere kompetanse- og metodeformidling til barnevernet. Det vil i 2009 bli arrangert regionale konferansar for barnevernet og dei instansar barnevernet samarbeidde med i regi av prosjektet (jf. tiltak 26). Det skal òg utviklast ein strategi for å førebyggje aggressiv og valdeleg åtferd blant barn og unge (jf. tiltak 49). Frå slutten av 2008 vil fem Barnehus vere i drift. Justis- og politidepartementet er hovudansvarleg for verksemda i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet og BLD (tiltak 1). Ein alarmtelefon/alarmsentral for barn vil bli opna i 2009 (tiltak 2).

Barn med rusmisbrukande foreldre eller foreldre som er psykisk sjuke, er ei særleg utsett og sårbar gruppe. Mange av dei blir ikkje fanga opp av hjelpeapparatet, og får ikkje den hjelpa dei treng. BLD sette derfor i 2007, i samarbeidd med Helse- og omsorgsdepartementet, i gang ei større satsing for å identifisere og følgje opp desse barna. Satsinga omfattar ei rekkje tiltak som skal kome barna direkte til gode. Satsinga held fram i 2009.

BLD og Bufdir har eit særleg ansvar for å sjå til at mindreårige offer for menneskehandel blir sikra trygge stader å bu, og hjelp og vern. Ansvaret inkluderer å medverke til kompetanseutvikling i hjelpeapparatet. Departementet sitt arbeid på saksfeltet er knytt til iverksetjinga av handlingsplanen Stopp menneskehandelen (2006–2009). BLD vil i samarbeid med andre departement og direktorat arbeide med dei barneretta tiltaka i handlingsplanen både på nasjonalt og internasjonalt nivå.

For å nå målet om å busetje einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar så raskt som mogleg og i gode omsorgstiltak vil BLD føre vidare ordninga med statsrefusjon for utgifter til kommunale barnevernstiltak for einslege mindreårige utover ein eigendel. Ordninga med eit særskilt tilskott til kommunane ved busetjing blir ført vidare.

Gode oppvekst- og levekår og utjamning av levekårsskilnader og er sentrale mål i departementet. Tiltak mot fattigdom blant barn, unge og familiar er ein viktig del av dette arbeidet. Eit godt samarbeid mellom barnevernet og sosialtenesta er naudsynt for å sikre god hjelp til barn og familiar med fattigdomsproblem. Barnevernet har eit særleg ansvar for utsette barn og unge, og bør derfor ha brei kunnskap om barnefattigdom og verkemidla. BLD vidarefører den styrkte innsatsen mot fattigdom blant barn, unge og familiar gjennom barnevernet. Sjå òg omtala under Resultatrapport 2007/2008.

Barn og unge som gjer kriminelle handlingar, er ei utsett gruppe som har eit stort behov for førebygging, behandling og rehabilitering. Regjeringa oppnemnte i april 2007 eit offentleg utval som skulle gjere ei utgreiing med forslag om reaksjonar og tiltak mot alvorleg ungdomskriminalitet. Utvalet skal levere utgreiinga si hausten 2008.

Handlingsplanen Sammen mot barne- og ungdomskriminalitet (2005–2008) og St.meld. nr. 20 (2006–2007) Alternative straffereaksjoner overfor unge lovbrytere, og tiltak og utviklingsarbeid på BLDs område, vil også bli følgde opp, jf. elles omtale under kap. 857 Barne- og ungdomstiltak.

Barn og unge med nedsett funksjonsevne og familiane deira møter store utfordringar i dagleglivet. Departementet samarbeider med Arbeids- og inkluderingsdepartementet og andre aktuelle departement om familiestøttande tiltak, sjå kap. 847. Eit tilbod om støtte til familiar med barn som er kronisk sjuke eller har nedsett funksjonsevne gjennom Home Start Familiekontakten Norge, blir også ført vidare. BLD gir likeeins midlar til forsking på området i regi av Noregs forskingsråd.

Barna sine interesser ved innanlands- og utanlandsadopsjon er ivaretekne

God kunnskap om adopsjon hos styresmakter og søkjarar

Ei særleg utfordring er å styrkje kunnskapen slik at adoptivbarna og familiane deira kan bli teken betre hand om av hjelpeapparatet. Departementet vil gi støtte til det fleirårige forskingsprosjektet Utanlandsadopterte barns sosiale utvikling (2006–2008), som inngår i eit større forskingsprosjekt om barns sosiale utvikling. Prosjektet tek opp faktorar som har innverknad på utvikling av åtferdsvanskar og sosiale ferdigheiter. Målet er å analysere likskap og skilnader i utvikling av åtferdsproblem og sosiale evner mellom barn som er fødde i Noreg og utanlandsadopterte barn. Samtidig vil ein kunne analysere utviklingsmønstret i adoptivgruppa, særleg når det gjeld variablar som blant anna adopsjonsalder og kjønn.

Departementet vil framleis sikre eit godt tilbod om adopsjonsførebuande kurs til førstegongssøkjarar.

Godt og formålstenelig lov- og regelverk

BLD legg vekt på å følgje Noregs plikter internasjonalt på adopsjonsfeltet. Desse er nedfelte i FNs barnekonvensjon og i Haag-konvensjonen om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar. Det er vidare viktig å sikre eit forsvarleg og effektivt tilsyn med dei organisasjonane som er involverte ved adopsjon av barn frå utlandet. Regionane i Bufetat har hatt ansvaret for å handsame søknader om adopsjon sidan 1. januar 2004. Bufdir er klageinstans for vedtaka i regionane. Departementet vil sikre ei mest mogleg lik behandling av saker som gjeld søknad om adopsjon både i og mellom dei fem regionane i Bufetat. Adopsjon reiser mange og vanskelege problemstillingar. Det er lenge sidan det har vore ei brei gjennomgang av adopsjonsfeltet. Regjeringa har derfor sett ned eit utval som på brei basis skal gjennomgå norsk adopsjonspolitikk. Utvalet skal sjå nærare på styresmaktene si handsaming av søknad om adopsjon, blant anna den tida det tek frå søknaden vert motteken til adopsjonen er gjennomført. Utvalet skal blant anna også vurdere dei krav norske styresmakter stiller til adoptivsøkjarar i lys av dei krav utanlandske styresmakter set til dei same søkjarane.

Departementet vil elles følgje praktiseringa av regelverket.

Aktivt internasjonalt samarbeid for å betre levekåra for utsette barn og ungdom

Målsetjinga med internasjonalt samarbeid er mellom anna å bidra til utveksling av røynsler innanfor barne- og ungdomspolitikken, bidra til utjamning av forskjellar mellom ulike land og betre levekåra for barn og ungdom med særskild vekt på utsette grupper.

Betre samarbeidet i Norden og austersjøregionen

BLD vil gjennom Embedsmannskomiteen for sosiale saker i Nordisk Ministerråd følgje opp at barneperspektivet blir teke vare på i det nordiske helse- og sosialsamarbeidet, med særleg vekt på barn og unge i risikosona. Dette blir gjort i samband med program for aktivitetar i sektoren og dei nordiske prosjekta. I 2008 fekk departementet ansvaret for politikken for personar med nedsett funksjonsevne. Dette området vil òg bli teke hand om av BLD i det nordiske samarbeidet.

Medlemslanda i Austersjørådet skal halde fram med samarbeid og aktivitetar knytte til utsette barn og unge. Noreg deltek i ekspertgruppa til rådet (WGCC). Formålet er å dele kunnskap om politikk og tiltak og drive ulike målretta tiltak innanfor fem prioriterte område: seksuelle overgrep og utnytting av barn, menneskehandel med barn, barn og unge på institusjon, gatebarn og barne- og ungdomskriminalitet. Koordineringsarbeidet skjer via Austersjøsekretariatet, og samarbeidet har òg ei eiga nettside.

Noreg har finansiert og utvikla eit opplegg for tilsyn med institusjonar for barn og unge. Målet er at landa skal sikre rettstryggleik for barn og unge i høve til internasjonale konvensjonar og rekommandasjonar og lovverket i det enkelte landet. Interessa er stor i medlemslanda, og målet er å gjennomføre opplæring i regionen i tilsyn og oppfølging av institusjonane i 2009. Samstundes er målet for 2009 å stimulere til alternative løysingar til institusjonsplassering for barn og unge som treng det. Dette prosjektet skal òg arbeide med betre oppfølging av barn og unge som blir skrivne ut av institusjonane.

Departementet vil følgje opp den tosidige avtala med Litauen på barne- og ungdomsområdet som gjeld for perioden 2008–2010.

Styrkje samarbeidet i nordområda på barne- og ungdomsfeltet

BLD er medlem i Barentsrådet si arbeidsgruppe for helse- og sosialsaker. I 2009 vil departementet prioritere å følgje opp programmet Children at Risk in the Barents region, som er eit delprogram under Barents Helseprogram. BLD er medlem av Komiteen til Barentsrådet, som skal følgje opp arbeidet i Barents Helseprogram og som vurderer ei rekke søknader med forslag til prosjekt på helse-, sosial- og barneområdet i Nordvest-Russland.

BLD vil følgje opp samarbeidet om betre kompetanse om utsette barn og unge med republikken Karelen. Dette skjer i samsvar med dei avtalene som er inngåtte om dette, og med utgangspunkt i dei pågåande prosjekta. Samarbeidet vil bli følgt opp av departementet og av Barne- og ungdoms- og familieetaten i region Nord. I 2009 vil departementet samarbeide med Justis- og politidepartementet om mindreårige i fengsel i Nordvest-Russland.

Ein aktiv europapolitikk på barne- og ungdomsområdet

Departementet deltek i Europarådet si styringskomité for sosial samhøyr saman med Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Komiteen arbeider mellom anna med strategiar og tiltak for å følgje opp ein rapport om dei sosialpolitiske utfordringane i Europa. Mellom anna gjeld dette sosiale rettar, integrering av utsette grupper og utviklinga på arbeidsmarknaden. Det er til dømes etablert eit samarbeid med OECD som òg driv prosjekt innafor komiteens arbeidsområde. Oppfølgingstiltaka i Europarådet er organisert som eit tverrgåande prosjekt fordi dei òg høyrer inn under andre komitear.

Noreg leier Europarådet sin ekspertkomité for barn, unge og familiar (CS-SPFC, 2007–2009). Komiteen vil halde fram med sitt arbeid til etter familieministerkonferansen i Wien 2009. Hovudtema i 2009 vil vere knytte til dei låge fødselsratane i Europa og kva ein kan gjere for å endre denne utviklinga. Ekspertkomiteen er òg aktivt med i planlegginga av den nemnde konferansen og Noreg er òg medlem av ei eiga plangruppe. Ekspertkomiteen arbeider mellom anna med tre hovudsaker: I 2009 skal komiteen leggje fram resultatet av eit større kartleggings- og forskingsprosjekt om familiepolitiske tiltak i medlemslanda. Ein vonar at denne kartlegginga og kunnskapsoverføringa skal stimulere medlemslanda til ein aktiv og heilskapleg familiepolitikk. Det vil bli vurdert om komiteen skal leggje fram rekommandasjonar eller «guidelines» knytte til det familiepolitiske området. Komiteen skal òg i 2009 leggje fram ein kartlegging av medlemslanda sitt arbeid knytt til Rec. nr. 5 – Om barn sine rettar i institusjon som vart vedteke av ministerkomiteen i 2005. Komiteen arbeidar òg med å fremme implementeringa av Rec. nr. 19, som handlar om foreldrestøttande tiltak.

Ekspertkomiteens arbeid er no administrativt knytt til Europarådet sitt barneprogram vedteke på statsministermøtet i Warszawa i 2005. Noreg deltek aktivt i programmet. Mellom anna har ein fått laga ein rapport om kva Noreg har av tiltak og politikk for å førebyggje vald mot barn og unge. Rapporten er laga av NOVA og skal nyttast som grunnlag for arbeidet i Europarådet for å utvikle rekommandasjonar på området. Arbeidet vil halde fram i 2009.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter – Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Posten dekkjer driftsutgifter for dei 12 fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Fylkesnemndene er organiserte i tre regionar med 76 tilsette fordelte på 71,65 årsverk per dato. Posten dekkjer lønn og godtgjering til nemndsmedlemmar og utgifter til varer og tenester. Utgiftene i forbindelse med saksavviklinga utgjer ein betydeleg del av kostnaden i fylkesnemndene. 124 000 kroner blir foreslått flytta til kap. 858 post 01 til å dekkje fylkesnemndenes del av Bufdirs drifts- og vedlikehaldskostnader knytte til IKT.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til ulike førebyggjande tiltak, blant anna kjøp av tenester innanfor utvikling og implementering av nye metodar i barnevernet, til familierådslag og liknande tiltak. Posten dekkjer òg kostnader til konferansar, kjøp av varer og tenester frå ulike frivillige og offentlege organisasjonar, tilsynsopplæring, informasjon og internasjonale forpliktingar. Ein foreslår å flytte 1,25 mill. kroner til kap. 800 post 01 i samband med omgjering av to mellombelse stillingar til faste stillingar. Familievernkontora skal i 2009 tilførast ressursar for å styrkje kompetansen i behandlinga av voldsutøvarar. Det er særleg region vest og nord som skal styrkast. Departementet foreslår ei løyving på 38,1 mill. kroner.

Post 50 Forsking, kan nyttast under post 71

Formål

Posten skal i hovudsak stimulere til forsking og forsøks- og utviklingsverksemd om utsette familiar og utsette barn og unge.

Tildelingskriterium

Posten dekkjer økonomisk stønad til ulike forskingsprogram og forskingsprosjekt med hovudvekt på:

  • barnevernet

  • utsette barnegrupper og familiar

  • adopsjonsspørsmål

  • helserelatert forsking om barn og unge

  • spørsmål som handlar om kunnskap og verkemiddel i arbeidet med barn i familiar med lav inntekt

  • barn av rusmiddelmisbrukarar

  • barn som blir utsette for fysiske og seksuelle overgrep eller utnytting

  • anna relevant forsking, evaluering og utviklingsarbeid

  • barn som lever med vald i familien.

Oppfølging og kontroll

Departementet mottek rekneskap og rapportar for kontroll og oppfølging av tiltaka.

Budsjettforslag

Det er foreslått ei løyving på 13,3 mill. kroner på posten.

Post 64 Særskilt tilskot ved busetting av einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Formål

Løyvinga skal dekkje det særskilde tilskotet som blir utbetalt til kommunane når einslege mindreårige asylsøkjarar eller flyktningar blir busette.

Tildelingskriterium

Alle kommunar er inkluderte i ordninga ved busetting av einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Tilskotet blir differensiert frå den månaden vedkomande blir busett. Tilskotet blir utbetalt til og med det året den einslege mindreårige fyller 20 år. Etter fullmakt frå BLD utbetaler Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) tilskotet til kommunane, basert på talet på barn som blir busette i dei respektive kommunane.

Oppfølging og kontroll

I IMDi sitt rundskriv om tilskot blir det teke atterhald om at BLD eller IMDi og Riksrevisjonen skal ha tilgang til å setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnaden, jf. Bevilgningsreglementet § 10.

Budsjettforslag

Det er forslått å auke tilskotet frå 110 970 kroner per barn per år i 2008 til 115 850 kroner i 2009, tilsvarande prisjustering.

Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Formål

Løyvinga skal dekkje statsrefusjon for kommunale utgifter til barnevernstiltak. Målet med statsrefusjonen er å oppnå busetjing av einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar så raskt som mogleg og å sikre gode bu- og omsorgstiltak. Mange bu- og omsorgstiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar er kommunale tiltak som blir drifta av kommunane i forbindelse med busetjing (for eksempel bukollektiv). Enkelte einslege, mindreårige asylsøkjarar kan ha behov for plass i statlege tiltak som barneverninstitusjonar, og det er da Bufetat som har ansvaret for å skaffe slike institusjonsplassar. Bufetat har òg ansvaret for å gi rettleiing til kommunane ved val av butiltak med meir. Dersom utgiftene til bu- og omsorgstiltak med støtte og oppfølging er høgare enn den kommunale eigedelen, skal utgiftene refunderast av staten. Bufetat har ansvaret for å administrere refusjonsordninga.

Tildelingskriterium

Alle kommunar blir omfatta av ordninga dersom kommunane set i verk barnevernstiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Etter fullmakt frå BLD er det Bufetat som utbetaler refusjon til kommunane, jf. Rundskriv om statsrefusjon for kommunale barnevernsutgifter for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar (Q-05/2004).

Oppfølging og kontroll

BLD har tilgang til å setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene for løyvinga, jf. Bevilgningsreglementet § 10.

Budsjettforslag

Det er foreslått å auke eigendelen frå 13 160 kroner per månad i 2007 til 13 740 kroner per månad i 2008, tilsvarande prisjustering.

Post 70 Tilskot til Rostad ungdomsheim og Rostad ettervernsheim

Posten utgjer tilskotet til den vidaregåande skolen ved Rostad ungdomsheim og Rostad ettervernsheim.

Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid m.v., kan nyttast under post 50

Posten dekkjer tilskotet til ulike tiltak innanfor barnevernet, tilbod til føremål som dekkjer særlege behov for tilbod hos utsette barn, unge og familiar. Midlane blir i hovudsak retta inn mot organisasjonar, tiltak og formål som kan bidra til å styrkje arbeidet med førebuing av problemutvikling blant barn og unge, tiltak som kan betre oppfølginga av barn i fosterheim og institusjon, samt vidareutvikling av desse tiltaka. Delar av utgiftene til kompetanseutvikling i kommunane og tiltak mot kjønnslemlesting blir òg dekte under denne posten. Det er foreslått ein auke på 9,34 mill. kroner på posten til Atferdssenteret. Desse midla vart tidlegare løyvd på budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet.

Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

04

Refusjon av ODA-godkjentde utgifter

11 920

13 743

35 623

15

Refusjon av arbeidsmarknadstiltak

12

18

Refusjon av sykepengar

658

Sum kap. 3854

12 590

13 743

35 623

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter tilknytte mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan ifølgje OECD/DACs (Development Assistance Centre) statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Det blir føreslått at 35,623 mill. kroner av utgiftene på kap. 854 post 64 Særskild tilskot ved busetting av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar blir rapporterte inn som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på kap. 3854 post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter.

Post 16 Refusjon av foreldrepengar

På posten blir refusjonar rekneskapsførte i samsvar med ordninga med refusjon av foreldrepengar. Utgifter motsvarande refusjonen blir rekneskapsførte på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet.

Post 18 Refusjon av sjukepengar

På posten vert refusjonar rekneskapsførte i samsvar med ordninga med refusjon av sjukepengar. Utgifter motsvarande refusjonen vert rekneskapsførte på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

2 747 471

2 737 842

2 851 258

21

Spesielle driftsutgifter

56 014

57 708

54 247

22

Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

1 416 196

1 329 080

1 517 294

45

Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

35 497

60 795

63 288

60

Tilskot til kommunane, kan nyttast under post 01

130 100

164 678

Sum kap. 855

4 255 178

4 315 525

4 650 765

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

God fagleg og økonomisk styring av barnevernet

Høg kompetanse og godt fagleg nivå i det regionale barnevernet

Med utgangspunkt i Barne-, ungdoms- og familieetatens (Bufetat) FoU-strategi og kompetanseplanar blir det arbeidd kontinuerleg med å vurdere kunnskapsgrunnlaget i etaten. Alle regionar har laga regionale kompetanseplanar. Region øst og Region vest har i tillegg utarbeidd lokale kompetanseplanar for underliggjande einingar. Regionane har gjennomført opplæring i samsvar med definerte behov.

I 2007 er mellom anna følgjande opplæring gjennomført:

  • kompetansehevingstiltak for fagteamtilsette

  • leiarkurs

  • opplæring i rettsforskrifta og i kvalitetsforskrifta

  • opplæring og sertifisering i Parent Management Training – Oregon (PMTO) og Aggression Replacement Training (ART)

  • kurs for tilsynsførarar

  • opplæring av tilsette i arbeid med vald og seksuelle overgrep.

Eit barnevern med høg legitimitet

For å bidra til større forståing for arbeidet til barnevernet i media og befolkninga elles vidareførte Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) kurs i kommunikasjonsstrategi for fagteam og kommunale barnevernsleiarar. Til saman vart det halde fire kurs med totalt 49 deltakarar frå fagteam og kommunar og eitt seminar for leiarar i MultifunC-institusjonane.

Ein medieanalyse utført av Sentio om korleis barnevernet og barnevernssaker blir framstilte i media, viser ein tendens til ei meir nøytral og saksorientert framstilling av barnevernet i norske aviser i 2006 samanlikna med 2003. Det er ein tydeleg nedgang i negative omtaler av barnevernet, og ein auke i omtaler som ser på både positive og negative sider ved barnevernet. Ei kartlegging av haldningar til og praktisering av offentlegheit hos tilsette i barnevernet (Sentio 2007) viser at dei tilsette gjennomgåande har positive haldningar til offentlegheit og er positive til større openheit i barnevernet.

Direktoratet oppdaterte i 2007 informasjonsmateriell om rettane til barn og unge, og bruk av tvang under opphald i barneverninstitusjon. Vidare har det vorte utarbeidd informasjonsbrosjyrar for barn som bur i fosterheim for aldersgruppa 0-12 år og 13-18 år, brosjyre om å vere tilsynsførar i fosterheim og brosjyre om barn av psykisk sjuke og rusmiddelavhengige foreldre.

Systematisk satsing på forsking og utvikling

Bufdir og BLD har følgt opp FoU-strategien Et kunnskapsbasert barnevern 2005–2008. Hovudmåla i strategien er styrking av forsking med relevans for barnevernet. FoU-aktivitetane i 2007 inkluderte både prosjekt av kortsiktig karakter og meir langsiktige strategiske satsingar.

Nasjonalt bibliotek for barnevern og familievern vart utvikla og opna i 2007. Biblioteket tilbyr enkel tilgang til nasjonal og internasjonal kunnskap basert på forsking, mellom anna i form av tidsskrift, rapportar og relevante rettskjelder.

I 2007 vart det starta eit større prosjekt Forskningsbasert kunnskap om ettervern i regi av Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA). Føremålet med prosjektet er å få fram forskingsbasert kunnskap som kan medverke til å betre og systematisere arbeidet med unge vaksne som er på veg ut av barnevernet. Det skal finne suksessfaktorar og kritiske faktorar for godt ettervernsarbeid for ungdom med ulik bakgrunn og problematikk. Resultata av forskingsprosjektet, som blir avslutta innan utgangen av 2008, skal inkludere ei eksempelsamling for kva som er godt ettervernsarbeid.

Barnevern i Norge: En longitudinell studie er ein analyse av longitudinelle registerdata frå Statistisk sentralbyrå av alle som har vore i barnevernet i perioden 1990-2005. Prosjektet vart utført av NOVA, og resultata vart publiserte i april 2008. Rapporten viser at barnevernsbarna kjem dårleg ut på ei rekkje levekårsvariablar. Ein større del av barnevernsklientane mottek sosial stønad enn i samanlikningsutvalet. 36 prosent var langtidsklientar (tiltak over tre år). Resultata viser også at det har vore ein auke i bruk av ettervern. Allereie før barna er vorte klientar i barnevernet, er dei i ein utsett og sårbar situasjon. Data om foreldra viser at barnevernsbarna har eit dårlegare utgangspunkt enn resten av befolkninga. Foreldra mottek oftare sosialhjelp, ein større del er ugifte eller skilte, fleire har lav utdanning og inntekt, og ein større del er døde. Resultata peiker på at det må utviklast gode, målretta og samordna tiltak for å gi betre hjelp.

Rapporten Vurdering og videreutvikling av fagteam vart lagt fram i februar 2008. Rapporten, som vart gjennomført av Rambøll Management, identifiserer viktige utviklingsområde for fagteama, til dømes når det gjeld organisering, tiltak, kompetanse og samarbeid.

Det nye barnevernet. Undersøkinga er ei kartlegging av brukarar av barnevernstenesta og aktivitetar i tenesta. Fokuset er på behova til brukarane og korleis barnevernstenesta kjem desse i møte. Den psykiske helsa til barn i barnevernet og barnevernstenesta sitt samarbeid med barne- og ungdomspsykiatrien skal også belysast. Prosjektet skal skape grunnlag for samarbeid mellom utdanning, forsking og praksisfeltet. Prosjektet tek utgangspunkt i problemstillingar som er aktuelle for praksis og vil gjere det mogleg å knytte saman teoretisk og praksisbasert kunnskap. Prosjektet er delt i tre fasar, og fase 1 starta i 2007 og skal avsluttast innan utgangen av 2008. Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger, Høgskolen i Sør-Trøndelag, Nordlandsforsking og Høgskolen i Lillehammer, i tillegg til fleire kommunar, fagteam og Regionsenter for Barne- og ungdomspsykiatri (RBUP) Midt-Noreg.

Sosialt nettverk, mestring og psykisk helse blant ungdom som har kommet til Norge som enslige mindreårige asylsøkere. Dette er ein longitudinell studie for perioden 2006–2011 som skal gi systematisk kunnskap om langsiktig psykologisk tilpassing og sosial integrasjon mellom einslege, mindreårige asylsøkjarar (EMA). Prosjektet er ei delundersøking til Ungdom, Kultur og Mestring (UngKul) ved Nasjonalt folkehelseinstitutt. Prosjektet er finansiert av Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), Sosial- og helsedirektoratet (SHdir) og Bufdir. Prosjektet blir utført av Folkehelseinstituttet.

Barnevernets håndtering av seksuelle overgrep og vold i familien. Prosjektet vart starta i 2004 og skal vere ferdig hausten 2008. Føremålet er å gjere barnevernet meir medvite om førekomsten av vald og overgrep i familien og bidra til betre praksis. Prosjektet blir utført av NOVA.

Evaluering av PMTO-kurs for fosterforeldre – en studie med randomisert kontrollgruppe. Dette er ein effektstudie av eit kurs utvikla for fosterforeldre som har fosterbarn med åtferdsvanskar eller risiko for å utvikle dette. Kurset byggjer på PMTO-modellen. Prosjektet starta opp i 2004/2005. Sluttrapporten er planlagd lagd fram i andre halvår 2008. Det blir utført av Barnevernets utviklingssenter på Vestlandet i samarbeid med Atferdssenteret.

Enhet for kognitiv utviklingspsykologi ved Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo, vart oppretta i 2006 for å koordinere og styrkje forskingsfeltet om den psykologiske utviklinga hos barn og nytte dette i forsking og i praksis. I 2007 er det halde ein formidlingskonferanse om forsking og ein konferanse med leiarar i barnevernet. Det vart publisert fleire fagartiklar frå prosjektet i 2007. Dette er ei langsiktig strategisk satsing. Bufdir vil støtte EKUP fram til 2011 under føresetnad om løyving.

Et kontrollregime i endring er ei vurdering av erfaringar med opprettinga av det statlege barnevernet. Prosjektet vart utført av Universitetet i Agder, og sluttrapporten kom i mai 2008. Rapporten tek for seg korleis nye og gamle kontrollkrav og -rutinar blir tolka og forvalta av dei ulike aktørane i feltet, og implikasjonane på kort og lang sikt.

Evaluering av hjemmebaserte tiltak i barnevernet, med Årstad familiesenter som case. Prosjektet starta i 2005, og ble ført vidare i 2006 og 2007. Målet er å styrkje barnevernets hjelpetiltak i heimen, ved å leggje til rette for at evaluering kan gjennomførast i nær tilknyting til det daglege arbeidet i tiltaka. Prosjektet vart utført av Barnevernets utviklingssenter på Vestlandet, og sluttrapport frå prosjektet kom i februar 2008.

Samisk kunnskapsstatus og kunnskapsbehov for barnevernet i samiske områder i Noreg er ein kunnskapsoversikt over forsking på Nordkalotten om barnevern og samiske barn og familiar. Målet med prosjektet er å auke den faglege kvaliteten i det statlege og kommunale barnevernet om samiske barn og familiar. Det vart utført av Barnevernets utviklingssenter i Nord-Noreg, og sluttrapport låg føre i april 2008 (BUS Nord-Norge, skriftserie 2/2008).

Evaluering av Parent’s Resources for Information, Development and Education (PRIDE)-grunnopplæringen vart fullført i 2007. Publikasjonen Stolt av PRIDE vart utgitt av Barnevernets utviklingssenter på Vestlandet. Hovudresultata frå evalueringa viste at deltakarane på PRIDE-opplæringa var særs tilfredse med både organisering, leiing, tema for og arbeidsmåtar i opplæringa.

God opplæring og rettleiing av hjelpeapparatet i saker om vald og utnytting

Alle fagteama i Bufetat yter bistand til kommunar i saker som gjeld vald, overgrep og seksuell utnytting av barn. Fagteam i Region øst og Region vest har etablert eigne konsultasjonsteam på seksuelle overgrep som dekkjer kommunane innanfor fagteamområdet. I Region sør, Region Midt-Noreg og Region nord deltok fagteam i tverrfaglege konsultasjonsteam saman med Barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) og/eller familievernet på tema som vald i nære relasjonar, barn som er vitne til vald, sinnemeistring og seksuelle overgrep. Andre fagteam er inviterte av kommunal barnevernsteneste til å delta på møte i kommunale konsultasjonsteam.

I samarbeid med SHdir, Utlendingsdirektoratet og Utdanningsdirektoratet (Udir) gjennomførte Bufdir ei kartlegging av rutinar for handtering og førebygging av fysiske og seksuelle overgrep i institusjonar og mottak, jf. tiltak 6 i Strategi mot seksuelle og fysiske overgrep mot barn (2005–2009). Som eit resultat av kartlegginga utarbeidde direktoratet eigne rutinar for handtering av seksuelle og fysiske overgrep mot barn og unge i statlege barneverninstitusjonar. Direktoratet har gjennomført ei tilsvarande kartlegging for fosterheimar, og funne at det er behov for å utarbeide tilsvarande rutinar for fosterheimane. Dette arbeidet sluttføres i 2008.

Godt tiltaksapparat med behovstilpassa struktur og kapasitet

Bufetat har i 2007 arbeidd aktivt med å få eit tilpassa og fullt utnytta tiltaksapparat. Det har vore arbeidd aktivt for å vidareføre vridinga frå institusjon til meir bruk av fosterheim og hjelpetiltak i heimen. I tillegg har det vore arbeidd med ei vriding bort frå bruk av private kommersielle institusjonar til auka bruk av statlege institusjonar. Det har også vore viktig å sikre at akuttplasseringar i størst mogleg grad skjer i eige tiltaksapparat.

Bufetat har prioritert arbeidet med fosterheimar. Arbeidet omfattar mellom anna etablering av nye fosterheimstenester, tilsetjing av fleire fosterheimskonsulentar, arbeid med rekruttering av fosterheimar og tiltak for å halde på eksisterande fosterheimar. Auken i hjelpetiltak i heimen er mellom anna nådd ved at Bufetat har satsa på arbeid med dette og tilsett personar med PMTO- og Marte Meo-kompetanse.

Regionane vurderer institusjonstilbodet kontinuerleg, og det vert arbeidd med driftsmessige tilpassingar til økonomiske så vel som overordna rammer for verksemdene.

Ei av årsakene til vridinga i klientstraumen er at kommunane i større grad vurderer fosterheim som eit betre fagleg tilbod enn institusjon. Det blir arbeidd med å utvikle felles forståing mellom stat og kommune gjennom felles kompetanseheving, samarbeidsavtaler og avklaring av roller og ansvarsdeling, mellom anna gjennom det nye oppgåve- og ansvarsrundskrivet. Fagteama arbeider kontinuerleg med å utvikle samarbeidet med kommunane.

Kostnadseffektiv drift

Den nominelle auken i utgifter fråtrekte refusjonar for det statlege barnevernet var på 5,4 prosent frå 2006 til 2007, medan realveksten var på 1,9 prosent. Auken i talet på barn og unge i statlege tiltak var 3,1 prosent målt ved talet på barn ved utgangen av året. Den reelle utgiftsveksten var dermed lågare enn auken i talet på barn og unge.

Direktoratet har i heile 2007 følgt den økonomiske situasjonen i regionane nøye. Direktoratet har gjennomført direktørmøte og verksemdstyringssamtaler der den økonomiske situasjonen i etaten og at budsjettet skal haldast, har vore vesentlege tema.

Del av opphaldsdagar på institusjon vart redusert frå 39,2 prosent i 2006 til 36,5 prosent i 2007. For institusjonsplasseringar vart det lagt vekt på at eige tiltaksapparat skulle vurderast før ein nytta private institusjonar. Det vart sett krav om høg kapasitetsutnytting, og at bruk av private institusjonsplassar skulle reduserast. Talet på opphaldsdagar i private institusjonar er redusert med 5,8 prosent frå 2006 til 2007.

Godt rettsvern og god kvalitet i sakshandsaming og tenester

God fagleg bistand til og eit godt samarbeid med kommunane

Alle regionane fortsette prosessen med å vurdere det framtidige tenestetilbodet og den interne organiseringa av fagteama for å sikre effektiv bruk av ressursane og godt samarbeid.

Fagteama brukte tidvis mykje ressursar på saker der barn har rettar etter fleire lovverk. Desse sakene er utfordrande for samarbeidet mellom Bufetat og kommunane. I 2007 satsa Bufetat på kompetansestyrking av fagteama i samband med slike saker, jf. avsnittet om kompetansestyrking av fagteam under.

Fagteama er pålagde sentrale oppgåver. Det var for fleire fagteam utfordrande å rekruttere og behalde kvalifisert personell i 2007.

Samarbeid med KS

I tråd med gjeldande samarbeidsavtale har Bufdir delteke på samarbeidsmøta med KS og BLD. Bufdir har vore representert i dei to storbynettverksmøta og i eit nettverk av småkommunar (Finnmark). KS har delteke i ei referansegruppe for planlegging av modellkommuneprosjektet knytt til regjeringa si satsing på Barn av psykisk syke og rusmisbrukende foreldre og i styringsgruppa for Vurderinger og videreutvikling av fagteam i Bufetat.

Evaluering og kompetansestyrking av fagteam

I 2007 vart det gjennomført ei evaluering av fagteama der målet var å vurdere og vidareutvikle fagteamordninga. Det er gjort ei breiddeundersøking blant alle barnevernstenestene i landet med ein svarprosent på 85. Det er gjort casestudiar knytte til samarbeidspartane til fagteama i tillegg til intervju av fagteama, tilsette ved regionskontora, Bufdir og BLD. Resultata vart presenterte i rapporten Vurdering og vidareutvikling av fagteam, som vart lagd fram i februar 2008. Sjå omtale under resultatmålet Systematisk satsing på forsking og utvikling.

Alle fagteam i landet har i samsvar med planen gjennomført eit program for kompetansestyrking. Det har i tillegg vore gjennomført eit program om lagbygging for alle fagteamleiarane i regi av Statskonsult.

Vaktordning utanom kontortida til fagteama

Det er etablert ei vaktordning utanom kontortida til fagteama som sikrar at barnevernstenestene i kommunane får fagleg bistand når det er naudsynt å plassere barn utanfor heimen.

Oppgåve- og ansvarsdeling mellom kommunar og statleg barnevernsmyndigheit

Bufetat har utarbeidd eit undervisningsopplegg om rundskrivet Q-06/2007 Oppgave- og ansvarsfordeling mellom kommuner og statlige barnevernmyndigheter – herunder om betalingsordninger i barnevernet, som skal brukast i den vidare opplæringa av mellom anna regionskontortilsette, fagteamleiarar, fagteam- og fosterheimsansvarlege, merkantilt tilsette og institusjonsleiarar.

Strukturert samarbeid på regionalt og lokalt nivå mellom barnevernet, psykisk helsevern for barn og unge og tverrfagleg spesifisert rusbehandling

Samarbeid med offentlege instansar på nasjonalt nivå

Bufdir har saman med Politidirektoratet, Udir og SHdir utarbeidd ei rettleiing for tidleg intervensjon på rusområdet. Rettleiinga er til for tilsette og leiarar i tenesteapparatet i brei forstand. Ho skal vere ferdig i løpet av desember 2008.

Som eit ledd i den treårige samarbeidsavtala mellom SHdir og Bufdir er det sett i gang eit utviklingsarbeid med eit av dei private ruskollektiva og Universitetet i Stavanger. Prosjektet omhandlar ungdom som framleis har behov for eit behandlingsopplegg etter fylte 20 år.

Utvikling av samarbeid med spesialisthelsetenesta for barn og unge

I samband med regjeringa si satsing på barn av psykisk sjuke og rusmiddelavhengige foreldre har Bufdir og SHdir arrangert ein nasjonal konferanse i Oslo: Langtidshjelp for barn av psykisk syke og rusmiddelavhengige foreldre.

Bufdir deltok i 2007 i planlegginga av Gatenær 2008 – Europeisk konferanse med fokus på oppsøkende sosialt arbeid og ungdom i risikosoner saman med SHdir, Rusmiddeletatens kompetansesenter og Landsforbundet for utekontaktar. Målgruppa til konferansen er primært praktikarar og leiarar i oppsøkjande sosialt arbeid.

Vidare har direktoratet i samarbeid med SHdir blant anna delteke i:

  • styringsgruppe for kartleggingsverktøy til bruk i familiar med rusmiddelproblematikk

  • eit forprosjekt om kompetansestyrking av kommunalt tilsette ved barnehagar, skolefritidsordning (SFO) og ved barneverns- og sosialteneste i Region sør (Borgestadklinikken)

  • utarbeiding av retningslinjer i arbeidet retta mot barn av psykisk sjuke og rusmiddelavhengige foreldre.

Samarbeidsavtaler på regionalt nivå

Alle regionane i Bufetat har inngått formelle, overordna samarbeidsavtaler med regionale helseføretak og lokal barne- og ungdomspsykiatri.

Region vest og Region nord har delteke i effektiviseringsnettverk for småkommunar i regi av KS.

Samarbeidsavtaler på fagteamnivå

Det blir arbeidd med å inngå formalisert samarbeid mellom alle fagteam og lokale helseføretak, og da særleg innanfor psykisk helsevern. Det blir framleis arbeidd med å inngå avtaler innanfor spesialisert rusbehandling. Som resultat av samarbeidsavtalene er det starta prosjekt på sped- og småbarn og tiltak knytte til rusbehandling.

Samarbeidsavtaler på institusjonsnivå

Den overordna samarbeidsavtala med helseføretaka har også ført til samarbeidsavtaler mellom spesialisthelsetenesta og fleire av barneverninstitusjonane til Bufetat.

Avtalene fører til utvida kontakt mellom Bufetat og dei ulike helseføretaka. Det fører til enklare kommunikasjon og lettare tilgang på tenester.

Individuell tilpassing av tilbodet til barna

Oppgåva til fagteama er mellom anna å hjelpe kommunane med rettleiing og bistand i utgreiingsarbeid og i kompliserte barnevernssaker. Auka fokus på brukarmedverking skal styrkje individuell tilpassing av tiltaka for det enkelte barnet. Kommunalt og statleg barnevern har ei felles utfordring i å sikre rett tiltak til det enkelte barnet.

Bufdir arbeidde i 2007 for å få oversyn over bruken av ulike kartleggings- og utgreiingsverktøy i Bufetat. Ut frå denne statusrapporten vil direktoratet arrangere eit erfaringsseminar i september 2008 der formålet er å presentere og drøfte erfaringane med tanke på framtidige tilrådingar av bruk av slike verktøy i etaten.

Direktoratet har eit samarbeid med Helsedirektoratet om å vurdere eigne kartleggingsverktøy med tanke på auka innsats for barn av psykisk sjuke og rusavhengige foreldre. Bufdir har planar om å fortsetje dette arbeidet også i 2009.

Eit likeverdig, differensiert og tilstrekkeleg institusjons- og fosterheimstilbod

Fosterheimstilbod

Bufetats statuskartlegging per 31. januar 2007 viste at 23 prosent av barn og ungdom det er tilvisingar til og søknader om fosterheim for, hadde sysken dei skulle plasserast saman med. Syskenplasseringar kan by på utfordringar. Likevel har ikkje situasjonen vore slik at Bufetat har vurdert det som nødvendig med spesielle nasjonale tiltak i 2007.

Bufetat har arbeidd med å rekruttere fleire fosterforeldre med innvandrarbakgrunn. Kartlegginga viste at 15 prosent var barn med innvandrarbakgrunn. Ei anna kartlegging viste at av 528 familiar klargjorde for fosterheimsplassering hadde sju prosent innvandrarbakgrunn. Dette var ei dobling frå året før.

SSBs årlege statistikk syner at eit av fem fosterheimsbarn bur i fosterheim i eigen familie. Fosterheimstenesta i Stavanger opplyser at i deira område blir ein av to plassert i fosterheim i eigen familie eller nære nettverk.

Talet på barn som ventar på plassering i fosterheim etter at dei vart plasseringsklare var 116 per 31. januar 2008. Talet har minka med fem prosent frå 31. januar 2007 til 31. januar 2008. Kartlegginga viste at dei som ventar, måtte vente lenger enn på same tid i 2007.

Bufetats fosterheimstenester klarer å gi tilbod om fosterheim til dei fleste barn og unge der det er fatta vedtak, og innanfor fristen for iverksetjing av vedtak. Det vart i 2007 tilført fleire stillingar i ulike fosterheimstenester.

Fornøgde fosterforeldre som kan bidra med positiv omtale, er viktige i det daglege rekrutteringsarbeidet.

Bufetat har i 2007 gjennomført ein nasjonal rekrutteringskampanje, med annonsering i aviser og på nettsider.

Målet med nasjonale tiltak har vore:

  • å auke kunnskapen om fosterheimsområdet

  • å endre haldningar slik at fleire opplever seg som aktuelle fosterforeldre

  • å vise mangfaldet av fosterbarn og mangfaldet som Bufetat ønskjer fosterforeldre skal representere

  • å forsterke det lokale rekrutteringsarbeidet.

Bufdir har halde tre leiaropplæringskurs i opplærings- og rekrutteringsprogrammet for fosterforeldre PRIDE i 2007, med til saman 57 deltakarar frå Bufetats fosterheimstenester, og kommunane Oslo og Trondheim.

Direktoratet engasjerte tre nye senior PRIDE-leiarar i 2007, og til saman er det no sju senior PRIDE-leiarar som har ansvar for PRIDE-leiaropplæringa. Det er utarbeidd nye, likelydande avtaler for senior PRIDE-leiarar, og Bufdir arbeider med å lage likelydande kontraktar for PRIDE-leiarar i Bufetats fosterheimstenester.

Barnevernets utviklingssenter på Vestlandet fekk i 2007 oppdraget med å utarbeide ny grunnopplæring i PRIDE for fosterforeldre med barn frå slekt eller nettverk. Sjå omtale under resultatmålet Systematisk satsing på forsking og utvikling.

For å betre framdrifta i arbeidet med å utvikle ein strategi for rekruttering av tilsynsførarar har direktoratet arrangert idédugnad for å dele erfaringar og døme på rekrutteringsstrategiar. Som bidrag i rekrutteringsarbeidet laga direktoratet ein brosjyre om det å vere tilsynsførar i fosterheim. Brosjyren blir distribuert av fosterheimstenestene i møte med kommunalt barnevern.

Direktoratet utvikla eit generelt opplæringstilbod til tilsynsførarar i fosterheim i 2006. Regionane er godt i gang med opplæringstilbodet, og kommunal barnevernsteneste vart invitert til å delta. Hausten 2007 vart tilbodet vurdert. Som følgje av dette har kurset fått eit nytt kapittel om det å samtale med barn, og eit eige avsnitt om barn som blir utsette for seksuelle, fysiske og psykiske overgrep i fosterheim.

Fosterheimstenestene si opplæring og rettleiingstilbod, både generelt og tilpassa den enkelte familien som opplever vanskar, bidreg til å hindre utilsikta flyttingar.

Direktoratet har sett ned ei arbeidsgruppe som består av ein representant frå kvar region, Landsforeningen for barnevernsbarn og Norsk fosterhjemforening for å lage rutinar som skal sikre at det etter avslutta fosterheimsopphald blir gjort ei vurdering av opphaldet. Arbeidsgruppa har kartlagt og vurdert eksisterande rutinar og på grunnlag av dette starta arbeidet med å utarbeide heilskaplege rutinar for Bufetat. Rutinane skal sikre at fosterheimsopphald alltid blir vurdert, og det skal spesielt leggjast vekt på forbetringstiltak, gjenbruk av fosterheimar og på å unngå utilsikta flyttingar. Arbeidet er vorte forseinka, og eit utkast vil bli sendt til høyring medio september 2008. Det skal implementerast nye rutinar frå januar 2009.

Institusjonstilbod

Arbeidet med heilskaplege tiltaksplanar starta i 2007, og vil bli gjort ferdig i 2008.

Det vart i 2007 kjøpt inn eit turnussystem med tanke på å gjere administrasjonen av turnus enklare, samtidig som ein held seg innanfor lover/avtaleverk og driv fagleg forsvarleg. Turnussystemet vil bli nytta i barneverninstitusjonane til planlegging, oppfølging og administrasjon, og i regionane og direktoratet til oppfølging og rapportering. Systemet er teke i bruk i fire pilotinstitusjonar og vil gradvis bli implementert i øvrige institusjonar frå slutten av september 2008. Det pågår ei fortløpande evaluering av systemet og integrasjon mot etatens lønnssystem.

Bufdir har i 2007 følgt opp arbeidet med å etablere ei lik forståing av regelverk og praksis om godkjenning av private institusjonar. Direktoratet arrangerte i mars 2007 ein fagdag med regionane og Oslo og Trondheim kommune der temaet var vurdering av økonomisk forsvarleg drift. Målet med møtet var å sikre lik praksis i etaten og kommunane, og samordne den økonomiske etterkontrollen med den økonomiske kvalifiseringa av leverandørar i samband med kjøp av barnevernstenester, jf. utvikling av nytt system for økonomisk vurdering av institusjonar omtalte under kap. 858.

Direktoratet har i 2007 arbeidd med retningslinjer for kontroll av barneverninstitusjonar og retningslinjer for vurdering av økonomisk forsvarleg drift. Retningslinjene for kontroll av barneverninstitusjonane vart sette i kraft i januar 2008. Retningslinjer for vurdering av økonomisk forsvarleg drift blir implementert inneverande år.

Direktoratet har gjennom 2007 ferdigstilt og vidareutvikla oversikten over alle godkjende private og kommunale institusjonar, sjå bufetat.no. I tillegg er det laga ei oversikt over statlege barneverninstitusjonar. Listene blir oppdaterte månadleg.

I desember 2007 var det 1 141 plassar ved 113 godkjende kommunale og private institusjonar. Dette er 19 færre institusjonsplassar og 13 færre institusjonar enn i januar same år.

Direktoratet har i 2007 motteke 11 klagesaker. Ei av sakene vart trekt, tre er ved årsskiftet under handsaming, fire saker er returnerte til regionane for ny behandling. I dei tre sakene som vart avgjorde i direktoratet, vart vedtaka i regionane stadfeste. Klagesakene knytte seg mellom anna til kompetansen til dei tilsette, implementering av fagmetodikk, konkretisering av fagplanane, talet på tilsette, utdanningsnivå, leiarkompetanse og forvaltingsrettslege problemstillingar.

Familieråd

Familieråd er ein modell der barnevernet gir familien og nettverket høve til sjølve å finne løysingar og ta ansvar for å gjennomføre desse. Målet er å kome fram til ein plan for barnet eller ungdommen. Til å hjelpe familien med å planleggje familierådet engasjerer barnevernet ein uavhengig koordinator. Modellen blir nytta for barn i alderen 0-18 år og kan brukast i alle fasar av ei barnevernssak.

Bufetat fekk frå og med 1. januar 2007 ansvar for implementering og vidareutvikling av familieråd, slik at kommunane kan ta i bruk modellen. Eit viktig arbeid i 2007 har vore å utarbeide ein implementeringsplan for heile etaten. Totalt er det lært opp over 120 koordinatorar i Noreg. Kommunar som ønskjer å nytte familieråd, har vanlegvis fått tildelt koordinator innan to veker.

I 2007 har Bufetat involvert seg i tre ulike forskingsprosjekt knytte til familieråd. Implementeringa og utviklinga av familieråd skal vere forankra i forsking og praksis. Samarbeidet med fagmiljø internasjonalt og med andre sektorar i Noreg som nyttar modellen, har derfor vore viktig.

Per 1. juli 2008 har over 100 kommunar og bydelar gjennomført opplæring i familieråd. Medan nokre kommunar er i oppstartingsfasen og har behov for mykje implementeringsstøtte, har andre kommunar kome godt i gang. Det er stor etterspurnad frå nye kommunar om opplæring, og også andre sektorar enn barnevernet ønskjer å implementere familieråd. Det er i barnevernet gjennomført mellom 200 og 300 familieråd, der fleire avgjersler frå familierådet har hindra institusjonsplassering.

Mål og strategiar

For 2009 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Vern og omsorg bidreg til at barn og unge meistrar liva sine og vidareutviklar evnene sine

Tiltaka i barnevernet skal vera kunnskapsbaserte

Barnevernet skal ha høg legitimitet i samfunnet

Driftinga av dei statlege tiltaka skal vere effektiv og ha høg kvalitet

Tilboda i barnevernet skal vere gode, likeverdige og tilpassa behova til barna

Vern og omsorg bidreg til at barn og unge meistrar liva sine og vidareutviklar evnene sine

Staten har, gjennom barnevernet, ansvaret for nokre av dei mest utsette barna i landet. Barn som opplever omsorgssvikt eller har alvorlege åtferdsproblem, kan trenge vern og omsorg. Ei hovudoppgåve for barnevernet vil vere å gjere det mogleg for barn og unge å meistre liva sine og utvikle dei ressursane dei har på ein best mogleg måte uansett kjønn, etnisitet, funksjonsevne og seksuell orientering.

Tiltaka i barnevernet skal vere kunnskapsbaserte

Satsinga på praksisrelatert forsking, forskingsbaserte tiltak, spreiing av kunnskap og at etaten tek omsyn til og aktivt bruker ny forsking, skal vere bærebjelken i det kunnskapsbaserte barnevernet. Kunnskap frå forskinga skal brukast til å sikre og vidareutvikle gode og trygge tenester til barn, unge og deira familiar.

BLD og Bufdir utarbeidde ein FoU-strategi for perioden 2005–2008 som mellom anna tok utgangspunkt i å utvikle og styrkje barnevernsforskinga på følgjande område:

  • prosess og effektevaluering av metodar og tiltak

  • forsking på nye tiltak og metodar

  • vidareutvikling av eksisterande metodar og tiltak

  • meir kunnskap om vanskelegstilte barn og unge

  • registerdata

  • hjelpetiltak

  • førebygging og effekt av førebygging.

Arbeidet med fagleg utvikling held fram i 2009. Føregåande FoU-periode er oppsummert, og i denne prosessen fekk Bufdir gode innspel til ein ny revidert strategi. Ei rekkje aktørar frå mellom anna kommunar og brukarorganisasjonar gav innspel. Det vil bli utarbeidd ein ny FoU-strategi for perioden 2009–2012. Så langt det er mogleg, treng ein kunnskap om korleis alle tiltaka i barnevernet verkar. Til dømes er det behov for meir forsking og kunnskap på fosterheimsfeltet og for dei tiltaka som blir nytta mest, og som er viktige i vridinga av tenestetilbodet.

Barnevernet skal ha høg legitimitet i samfunnet

Haldningar og oppfatningar som kjem fram i media, ligg til grunn for barnevernets legitimitet i samfunnet. Solid kompetanse og god fagleg kvalitet på tenestene er eit godt grunnlag for høg legitimitet i samfunnet.

Kommunikasjonsstrategien Eit meir ope barnevern vart lansert i 2004. I 2008 vart det lansert ein revidert strategi med formål å arbeide vidare med å følgje opp målet om eit meir ope barnvern. Strategien skisserer felles mål som i 2009 skal setjast om til konkrete tiltak og handlingar i både statleg og kommunalt barnevern. Betre kunnskap om barnevernet til dei som skal samarbeide med barnevernet, og fokus på brukarmedverking er viktige element i den nye strategien.

Rettstryggleik for barn som mottek tilbod av barnevernet, er òg ein viktig faktor i omdømmet til barnevernet. Gode rutinar som skal førebyggje overgrep, opplæring av tilsette og informasjon til brukarar og pårørande om dei rettane ein har i barnevernet, gir auka legitimitet i samfunnet. Rettstryggleiken er spesielt viktig i omgang med ungdom med store åtferdsproblem, der tvang i periodar kan vere naudsynt. Lik tolking av regelverk i etaten er ein føresetnad for at rettstryggleiken er sikra.

Driftinga av dei statlege tiltaka skal vere effektiv og ha høg kvalitet

Målet om å drifte og ta hand om eit godt tiltaksapparat med høg kvalitet tek opp i seg fleire av dei ambisjonane som låg til grunn da andrelinjetenesta i barnevernet vart overførd til staten. Bufetat skal halde fram arbeidet for å rekruttere medarbeidarar med solid og relevant kompetanse. Vedlikehald og utvikling av kompetansen til leiarane og medarbeidarane skal også prioriterast.

Høg kvalitet i drifta av tiltaksapparatet føreset også god ressursstyring både innanfor økonomi og personale.

Omstillinga for å redusere utgiftsveksten i etaten har høg prioritet. Heilt i frå staten tok over tenesta frå fylkeskommunen, har det vore stilt krav til etaten om meir effektiv utnytting av ressursane. Det har likevel vore utgiftsvekst i ulike tiltak utover føresetnadane. Det er sett i gang eit arbeid for å analysere utgiftsveksten og førebels få gode manuelle registreringar i regionane som ein kan bruke til analysere utgiftsveksten. Tiltak som reduserer veksten i utgiftene, skal vidareførast.

Bufetat arbeider for å vri tiltak i retning av fleire plasseringar i fosterheim samanlikna med plassering på institusjon. Oppvekst i ein fosterheim med ein meir normal familiesituasjon blir i dei fleste tilfelle sett på som eit betre alternativ enn oppvekst i institusjon. Arbeidet med å rekruttere nye fosterheimar og behalde dei gamle er ei krevjande oppgåve, men også ein føresetnad for å gi barn eit godt og riktig tilbod.

Det er venta at talet på barn i barnevernet vil vekse også i 2009. Det er store utfordringar i å utvikle tiltaksapparatet samtidig som ein skal effektivisere drifta, og gi eit individuelt tilpassa tilbod til det enkelte barn.

I den seinare tida har det vore ein auke i talet på akuttplasseringar. For å redusere akuttplasseringar vert det arbeidd med å betre samhandlinga mellom kommunane som fattar akuttvedtaka, fylkesnemndene og fagteama.

Det er eit mål å auke belegget i dei statlege institusjonane. Det er lagt opp til høg kapasitetsutnytting, og det er stilt strenge krav til ressursbruk i institusjonane. Opphaldstida for det einskilde barnet i tiltaket er òg viktig med omsyn til kvalitet og effektivitet i den samla tenesta. For å sikre likebehandling, gode kvalitative tenester og effektiv ressursbruk frå det offentlege skal kjøp av private plassar skje i samsvar med lov om offentlege anskaffingar. Ideelle organisasjonar skal prioriterast framfor kommersielle ved kjøp av private tenester.

Både førebygging og oppfølging etterpå er verkemiddel for å redusere moglegheita for at barn og unge kjem attende til barnevernet eller treng hjelpetiltak innanfor andre sektorar.

Tilboda i barnevernet skal vere gode, likeverdige og tilpassa behova til barna

Bufetat skal arbeide for å sikre god kvalitet i institusjonane for barna, uansett kjønn, etnisitet, funksjonsevne og seksuell orientering, og sikre gode system for oppfølging. Private institusjonar skal godkjennast etter forskrift om godkjenning, og statlege institusjonar skal følgje forskrift om kvalitet.

Målet om likeverdige tilbod føreset at dei kunnskapsmessig baserte metodane og tenester som blir nytta, skal vere tilgjengelege for barn og unge uavhengig av kvar dei bur i landet. Tilboda må tilpassast den einskilde.

Sjølv om det er eit mål i etaten at barn og unge i størst mogleg grad skal få behandling i heimen eller i eit fosterheim, er det likevel nokre som er best tente med behandling på institusjon. Institusjonstilbodet for dei barna dette gjeld, skal vere tilpassa deira behov.

Ei av målsetningane med opprettinga av Bufetat var å gi likeverdig tilbod over heile landet. I 2008 blir det utarbeidd ein plan for det totale tenestetilbodet i sektoren. Planen skal liggje føre i desember 2008 og skal følgjast opp i 2009.

Bufetat har ansvar for å rekruttere og å formidle fosterheimar. Etaten har òg ansvaret for og skal sikre god opplæring og rettleiing av fosterforeldre. Tilbodet om rettleiing skal vere likeverdig i heile landet.

Det er kommunane som har ansvaret for plassering og oppfølging av barna, medan det statlege, regionale barnevernet skal assistere kommunane i plasseringssaker utanfor heimen og formidle fosterheimar etter behov.

Det er avgjerande at det er god samhandling mellom det statlege og det kommunale barnevernet. Rundskriv Q-06/2007 oppgve- og ansvarsfordeling mellom kommuner og statlige barnevernmyndigheter – herunder betalingsordningar i barnevernet gir prinsippa for denne samhandlinga.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Posten omfattar mellom anna lønnsutgifter, utgifter til leige og drift av lokale, utgifter til opplæring, samt andre utgifter til varer og tenester i det statlege, regionale barnevernet.

Posten dekkjer også driftsutgifter ved statlege barneverninstitusjonar og drift av andre statlege barnevernstiltak.

Det var nedgang i klientveksten i 2007 og første del av 2008. Det er stor uvisse knytt til korleis klientveksten vil utvikla seg i 2009. Difor er det ikkje lagt inn midlar til klientvekst i forslaget for 2009.

Det blir foreslått å redusere løyvinga under kap. 855 post 01 med 50,7 mill. kroner som følgje av overføringa av ansvaret for andrelinjetenesta i barnevernet i Trondheim til staten. Forslaget til løyvingsendring på posten må sjåast i samanheng med forslaga under post 22 og post 60.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til forsking, utviklingstiltak og opplæring for å styrke kvaliteten og effektiviteten i barnevernet. Dette gjeld blant anna etablering og utprøving av nye metodar i barnevernet, samt studiar av effektar av ulike behandlingsopplegg.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak. Kjøp av plassar er underlagde forskrift for offentlege anskaffingar. Posten er auka med 129,7 mill. kroner som følgje av overføringa av ansvaret for andrelinjetenesta i barnevernet i Trondheim til staten.

Post 45 Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførst

Posten dekkjer større utstyrskjøp, som blant anna bilar til barneverninstitusjonar.

Post 60 Tilskot til kommunane, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer overføringar til kommunane for refusjonar av utgifter som overstiger satsen for kommunale eigendelar til forsterking av fosterheimar og nærmiljøbaserte tiltak. Posten auka med 17,4 mill. kroner som følgje av differensiering av kommunale eigedelar mellom institusjon og andre tiltak. Posten er også auka med 11,5 mill. kroner som følgje av overføringa av ansvaret for andrelinjetenesta i barnevernet i Trondheim til staten.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Diverse inntekter

33 309

38 860

40 570

02

Barnetrygd

3 785

3 129

3 267

03

Refusjon for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

56 697

55 645

70 795

15

Refusjon av arbeidstiltak

350

16

Refusjon av foreldrepengar

25 634

17

Refusjon lærlingar

117

18

Refusjon av sykepengar

65 978

60

Kommunale eigendelar

706 727

790 446

882 990

Sum kap. 3855

892 597

888 080

997 622

Post 01 Diverse inntekter

Dei budsjetterte inntektene på posten gjeld ulike prosjekt og tiltak. Storleiken på inntektene varierer frå år til år.

Post 02 Barnetrygd

På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet. Utgifter motsvarande refusjonane blir rekneskapsførte på kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Post 03 Refusjon for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

På posten blir det rekneskapsført refusjonar for einslege, mindreårige flyktningar og asylsøkjarar for kostnader utover den kommunale eigendel knytt til bruk av eigne plassar eller kjøp av plassar. Utgifter motsvarande refusjonane blir rekneskapsførte på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet.

Post 15 Refusjon av arbeidsmarknadstiltak

På posten blir det rekneskapsført refusjonar i samsvar med ordninga med refusjon av arbeidsmarknadstiltak. Utgifter motsvarande refusjonen blir rekneskapsførte på kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Post 16 Refusjon av foreldrepengar

På posten blir det rekneskapsført refusjonar i samsvar med ordninga med refusjon av foreldrepengar. Utgifter motsvarande refusjonen blir rekneskapsførte på kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Post 17 Refusjon lærlingar

På posten blir det rekneskapsført refusjonar i samsvar med ordninga med refusjon av utgifter til lærlingar. Utgifter motsvarande refusjonen blir rekneskapsførte på kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Post 18 Refusjon av sjukepengar

På posten blir det rekneskapsført refusjonar i samsvar med ordninga med refusjon av sjukepengar. Utgifter motsvarande refusjonen blir rekneskapsførte på kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Post 60 Kommunale eigendelar

På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barneverninstitusjonar, fosterheimar eller ved tiltak i heimen. Kommunale eigendelar er frå 2008 utforma slik at dei i større grad stimulerer til ønskt vriding av tiltak frå institusjon til fosterheim og nærmiljøbaserte tiltak. Dette blir gjort ved at forventa generell prisauke blir lagd på institusjonsbaserte tiltak aleine. Det blir foreslått å gjere dette også i 2009. Det blir derfor foreslått å auke kommunanes eigendelar for barn under behandling av statens barnevern frå inntil 28 319 kroner til inntil 32 324 kroner per barn per månad for tiltak i institusjon. For andre tiltak blir eigendelen behaldt på inntil 25 260 kroner per barn per månad, som er lik nominelt 2008-nivå.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Driftsutgifter

13 266

53 142

378 930

21

Spesielle driftsutgifter

5 000

5 220

Sum kap. 856

13 266

58 142

384 150

Resultatrapport 2007/2008

Eidsvoll omsorgssenter for barn starta opp 3. desember 2007. Det vart overført 22 barn frå Vårli asylmottak 6. desember. Den offisielle opninga fann stad 18. desember 2007. Ved utgangen av året budde det 39 einslege, mindreårige asylsøkjarar (EMA) under 15 år på senteret.

Sidan oppstart har det kome langt fleire barn enn tidlegare lagt til grunn. Det måtte derfor leggjast fram ein proposisjon for Stortinget med forslag om tilleggsløyving, jf. St.prp. nr. 43 (2007–-2008) og Innst.S. nr. 202 (2007–2008). Det er etter dette oppretta eit nytt omsorgssenter i Skiptvet kommune som innan hausten 2008 skal huse 24 einslege mindreårige personar under 15 år. Etter dette har asyltilstrømminga auka ytterlegare. Regjeringa har derfor i St.prp. nr. 80 (2007–2008) frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslått å auke løyvinga til mellom anna kap. 856 ytterlegare for å finansiere meirutgifter til dette.

Fylkesmannen i Oslo og Akershus og Fylkesmannen i Østfold fekk i 2008 ei ny oppgåve med å føre tilsyn med eit nytt omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar under 15 år. Når det blir oppretta fleire omsorgssenter, vil fylkesmannen i det fylket sentra ligg i, få tilsvarande oppgåver. Fylkesmannen vil òg vere klagemyndigheit på einskildvedtak fatta overfor denne gruppa.

Mål og strategiar

For 2009 blir følgjande mål prioritert:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Gode omsorgstilbod til einslege, mindreårige asylsøkjarar

Gjennomsnittleg beleggsprosent på omsorgssentra

Gode omsorgstilbod til einslege, mindreårige asylsøkjarar

Bufetat har ansvaret for å gi eit bu- og omsorgstilbod som tek vare på dei særskilde behov til einslege, mindreårige asylsøkjarane under 15 år, og som har lik kvalitet som tilbodet til barn i barnevernet. Barnevernets ansvar for dei einslege, mindreårige asylsøkjarane er nedfelt i barnevernlova, og endringane i loven vart set i kraft 1. juli 2008.

Det har kome langt fleire einslege, mindreårige asylsøkjarar enn venta da ein sette i verk reforma. Det er forventa at Bufetat i 2009 vil ha ansvar for om lag 200 einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Dette gjer at det er naudsynt å opprette tre nye sentre i løpet av 2009.

Parallelt med at barnevernet har overteke ansvaret for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år, har det vore arbeidd med å førebu eit tilbod til gruppa 15–18 år. I St.prp. nr 1 (2007–2008) for BLD stod det følgjande:

«Regjeringen tar sikte på at en overføring av ansvaret for denne gruppen kan foretas i løpet av 2009.»

Som omtalt over har det i 2008 kome langt fleire asylsøkjarar enn det ein la til grunn for 2008-budsjettet. Barnevernet vil dermed, slik det no ser ut, få ansvaret for om lag 200 einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år i 2008 og i 2009, medan den opphavlege prognosen var på 30 barn per år. Det er framleis ikkje etablert nok sentre for gruppa under 15 år, og kapasitetsoppbygging vil føregå utover i 2009. Reforma har såleis vorte meir krevjande enn det ein såg for seg ved oppstarten. Dersom barnevernet også skulle overta ansvaret for einslege, mindreårige asylsøkjarar mellom 15–18 år, ville dette ut frå dagens prognoser for asylsøkjarar medført eit behov for å opprette om lag 20 nye omsorgssenter i 2009. Regjeringa er difor komen til at det ikkje vil vere praktisk mogeleg å overføre ansvaret for einslege, mindreårige asylsøkjarar over 15 år til barnevernet i 2009. Denne del av reforma må difor utsetjast til seinare budsjettår. BLD vil greie ut vidareføring av reforma. Departementet vil kome tilbake til Stortinget med ei nærmare utgreiing og forslag til handsaming av saka i løpet av 2009.

Regjeringa har føreslått å styrkje eksisterande tilbod til einslege, mindreårige asylsøkjarar 15-18 år, sjå St.prp.nr.1 for Arbeids- og inkluderingsdepartementet punkt 2.2.11, og Programkategori 09.90 Beskyttelse og innvandring. Desse midla kan mellom anna nyttast til å auke talet på tilsette og aktivitetar i mottak. Det kan òg vurderast å støtte barnevernet i dei vertskommunane som har spesielle utfordringar.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til drift av omsorgssentra for barn. Posten er auka med 319,5 mill. kroner på grunn av at ein no reknar med at det vil kome 200 nye einslege mindreårige asylsøkarar under 15 år i 2009. Det ligg også inne eingangsutgiftar til etablering av tre nye senter (24,9 mill. kroner).

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter for å førebu overtakinga av ansvaret for einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år og for å vurdere alternative tiltak for denne gruppa.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

254 000

Sum kap. 3856

254 000

Post 01 Diverse inntekter

På posten vert det ført inntekter frå mellom anna kost og andre ytingar.

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter tilknytte mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan ifølgje OECD/DACs (Development Assistance Centre) statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Det blir føreslått at 254 mill. kroner av utgiftene på kap. 856 post 01 blir rapporterte inn som utviklingshjelp, jf. kap. 167 Flyktningetiltak i Norge godkjent som utviklingshjelp (ODA), post 21 Spesielle driftsutgifter, på Utenriksdepartementet sitt budsjett. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på denne posten.

Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

21

Spesielle driftsutgifter

1 111

2 124

2 217

50

Forsking, kan nyttast under post 71

6 148

6 406

6 688

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar

80 161

89 597

95 539

71

Utviklingsarbeid, kan nyttast under post 50

11 309

10 696

10 696

73

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

51 429

48 336

65 463

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv., kan overførast

31 837

33 141

30 715

Sum kap. 857

181 995

190 300

211 318

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Heilskapleg og samordna barne- og ungdomspolitikk

Bidra til samordning av politikken til departementa på barne- og ungdomsområdet og til samarbeid mellom statlege og lokale styresmakter og med frivillig sektor

Samarbeidet mellom ulike departement om ein gjennomgåande politikk for barn og ungdom vart ført vidare gjennom ulike politiske fora og samarbeidsgrupper. Samarbeidet mellom departementa om utgiving av publikasjonen Satsing på barn og ungdom, som gir oversikt over regjeringas mål og innsatsområde i statsbudsjettet, vart ført vidare.

I 2007 vart Kristiansand kåra til Årets barne- og ungdomskommune. Kåringa skjedde på Barne- og ungdomskonferansen 2007, ein årleg konferanse for tilsette i kommunar, ungdom og politikarar frå heile landet. I tillegg til denne faste konferansen har det vore dialog med kommunane gjennom andre konferansar, samlingar og møte.

BLD har gjennom 2007 stimulert til auka dialog og samspel mellom styresmaktene og frivillig sektor. Det har vore systematisk kontakt med frivillige organisasjonar og grupper, mellom anna gjennom møte, konferansar og høyringar. Det har vore tett dialog med frivillige organisasjonar i arbeidet med det nye regelverket for støtte til barne- og ungdomsorganisasjonane. Det har òg vore god kontakt med forskingsmiljø omkring frivillig arbeid og deltaking frå ungdom. BLD har også oppfordra kommunar som departementet er i kontakt med gjennom mellom anna tilskottsordningar, til å styrkje samspelet med barn, ungdom, foreldre og frivillig sektor.

Støtte til lokalt arbeid for barn og ungdom, mellom anna i større byar og i kommunar som tok del i Utviklingsprogram for styrking av oppvekstmiljøet, har vore viktig i kontakten med kommunesektoren. Arbeidet med å vidareutvikle dei lokale oppvekstmiljøa i dei ti kommunane som deltok i programmet i perioden 2005–2007, vart ført vidare. Ein publikasjon med gode døme frå arbeidet i kommunane vart send ut våren 2008.

I januar 2008 skipa departementet ei ekspertgruppe som fekk i oppdrag å greie ut ungdoms høve for eit positivt fritidsmiljø og deltaking og medverknad lokalt (sjå omtale under Mål og strategiar).

Kompetanse om og bruk av FNs konvensjon om barnerettane

Arbeidet med Noregs fjerde rapport om FN-konvensjonen om barnerettane starta i 2007. Rapporten omhandlar også oppfølginga av valfri tilleggsprotokoll om Sal av barn, barnepornografi og barneprostitusjon, og valfri tilleggsprotokoll om Barn i væpna konflikt. Ti departement har rapportert på områda sine. BLD har koordinert arbeidet. Sametinget har gitt innspel om samiske barn og unge, og delar av dette er innlemma i rapporten. Barneombodet og frivillige organisasjonar har lagt fram skriftlege høyringssvar til rapporten. Rapporten er omarbeidd som følgje av deira innspel. Han vart send FN i februar 2008.

BLD inviterte i 2007 åtte kommunar med i eit lokalt arbeid for å hente inn synspunkt frå barn og unge om korleis dei opplever å vekse opp i Noreg. Kommunane var Alta, Kautokeino, Bjugn, Trondheim, Sandnes, Lillesand, Skedsmo og Alna bydel i Oslo. Målet har vore å engasjere barn og unge i rapporteringa til FN, og utvikle kompetanse i kommunane når det gjeld høyring. Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) har rettleidd kommunane, og samanfatta rapportane frå deltakarkommunane i ein eigen rapport. Rapporten følgjer med som vedlegg til Noregs fjerde rapport til FN.

I samsvar med Soria Moria-erklæringa vedtok regjeringa hausten 2007 å styrkje og sikre rettane til barn gjennom ei betre overvaking av konvensjonen om barnerettane (sjå omtale under Mål og strategiar).

Bidra til forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling

Samarbeidet med Noregs forskingsråd om forsking om barn og ungdom vart ført vidare gjennom støtte til Program for Velferdsforsking. Det vart òg gitt tilskot til forskingsmiljø til oppdrag og undersøkingar. Mellom anna har BLD finansiert ein NOVA-rapport om ungdom med innvandrarbakgrunn som handlar om mellom anna identitet, sosial kontakt og fritidsaktivitetar. Samarbeidet med Statistisk sentralbyrå (SSB) om utarbeiding av aktuell statistikk om barn og ungdom, som mellom anna kommunar og fylke kan nytte i sitt planarbeid, vart ført vidare. Hausten 2007 la SSB fram ein publikasjon om ungdoms levekår, med fokus på marginalisering av ungdom. Det vart òg gitt tilskot til utarbeiding av eksempelsamlingar, konferansar og anna kompetanseoppbygging om barn og ungdom.

Innsats mot marginalisering og bidrag til utjamning av skilnader i levekår

Motverke vald, mobbing, rus, kriminalitet, rasisme, homofobi og diskriminering

Handlingsplanen Sammen mot barne- og ungdomskriminalitet (2005–2008) vart lagd fram av Justis- og politidepartementet i 2005. Planen inneheld ulike tiltak som BLD har eit hovudansvar for. Samla omfattar planen 21 innsatsområde og tiltak i regi av ulike departement. BLD deltek i eit tverrdepartementalt samarbeid om denne planen og anna arbeid retta mot barne- og ungdomskriminalitet (sjå kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet).

Gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn vart det gitt støtte til prosjekt, ungdomsgrupper og organisasjonar som arbeider for å motverke vald, kriminalitet, rus, rasisme og diskriminering hos ungdom. Det vart òg gitt støtte til fleire strakstiltak for å løyse akutte problem i ungdomsmiljøa, mellom anna prosjekt retta mot belasta kriminelle unge og kriminelle ungdomsgrupper. BLD har òg støtta forskings- og utviklingsarbeid, mellom anna forsking om vald og jentegjengar. BLD har òg fått utarbeidd ein publikasjon om ungdom, gjengdanningar og kriminalitet som vart send alle kommunar tidleg i 2008. I januar 2008 arrangerte BLD eit fagseminar om barne- og ungdomskriminalitet for ulike departement og andre aktørar som arbeider med kriminalitetsførebyggjande arbeid retta mot barn og unge.

BLD deltek i arbeidet med Manifest mot mobbing 2006–2008 og har eit særskilt ansvar for innsats mot mobbing i fritidsmiljøa. I 2007 vart temaet teke opp på den årlege konferansen med frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar. Viktige nye tema som vart tekne inn i manifestet, er mobbing og trakassering via digitale medium og kjønnsrelatert mobbing. I samarbeid med Utdanningsdirektoratet vart det tildelt midlar til utarbeiding av filmar mot mobbing til bruk i skole og fritidsmiljø.

Det vart gitt støtte til fleirkulturelle aktivitetar i regi av organisasjonar og grupper, mellom anna gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Vidare vart det tildelt midlar til Idébanken, ei tilskotsordning for fleirkulturelle aktivitetar blant barn og ungdom. Ordninga vart forvalta av Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Gjennom ordninga er det gitt støtte til ei rekkje lokale aktivitetar. Denne ordninga vart avslutta i 2007.

BLD har også i 2007 medverka til å finansiere kampanjen All Different – All Equal, som er Europarådets ungdomskampanje for mangfald, menneskerettar og deltaking. Kampanjen har mellom anna gitt tilskot til lokale tiltak og aktivitetar, og det har vore ulike nasjonale og regionale arrangement. Kampanjekomiteen var breitt samansett og hadde sekretariat hos LNU. Kampanjen vart avslutta i september 2007. For å følgje opp kampanjen og tilskotsordninga Idébanken er det etablert ei ny tilskotsordning, Mangfald og inkludering. Barne- og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø i Noreg kan søkje om tilskot til aktivitetar med vekt på mangfald, holdningar og deltaking. Ordninga vart sett i kraft i 2008 og blir forvalta av LNU.

Støtte arbeid som kan betre oppvekst- og levekår for utsett ungdom i større bysamfunn

BLD forvaltar tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, som i 2007 omfattar 23 bykommunar. Ordninga har ei eiga satsing retta mot ungdom (ungdomstiltak) og ei særskild satsing retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem.

Midlane til ungdomstiltak er nytta til tiltak og prosjekt retta mot ungdom i alderen 12 til 25 år med spesielle behov, utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Ordninga med at byane sjølve disponerer ei ramme til ungdomstiltak, vart ført vidare i dei fire største byane og dei sju bydelane i Oslo som er prioriterte i ordninga. Dei 19 andre byane søkjer departementet om midlar. Om lag 84 prosent av midlane til ungdomstiltak vart fordelte mellom dei fire store byane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger som ei rammeløyving. Oslo vart samla tildelt om lag 50 prosent av midlane. Om lag 16 prosent vart tildelte dei andre byane etter søknader. Det vart i 2007 gitt tilskot til 102 ungdomstiltak og prosjekt i 19 av dei 23 byane.

Om lag åtte prosent av løyvinga vart forvalta av departementet og nytta til strakstiltak og utviklingsarbeid i byane. Det vart gitt tilskot til fire strakstiltak – i Stavanger, Moss, Sandefjord og Oslo. Det vart også gitt midlar til tre byar/bydelar, Halden, Bodø og Sagene bydel i Oslo, for å gjere ein særskild innsats retta mot barn og unge med nedsett funksjonsevne. I tillegg vart 31,5 mill. kroner nytta til innsats retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem (omtale under resultatmålet Innsats mot fattigdom blant barn, unge og familiar i større bysamfunn). Departementet har hatt eitt kontaktmøte med bykommunane som er omfatta av ordninga.

Departementet har også teke del i arbeidet med Groruddalssatsinga, og bydelane i Groruddalen har vorte særleg prioriterte i samband med tildelinga av storbymidlar.

Innsats mot fattigdom blant barn, unge og familiar i større bysamfunn

Den særskilde satsinga retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, vart vidareført i 2007. 31,5 mill. kroner vart fordelte på 179 tiltak i 21 av bykommunane som er omfatta av ordninga. Dette er ei styrking på 10 mill. kroner frå 2006. Det vart gitt støtte til ferie- og fritidstiltak for barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem, og til tiltak som kan bidra til tilknyting til arbeidslivet for unge med lite eller mangelfull utdanning. Innsatsen må sjåast i samanheng med arbeidet retta mot fattigdom i barnevernet (sjå omtale i kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet). BLDs arbeid mot fattigdom inngår i regjeringa sin Handlingsplan mot fattigdom.

Arbeide for likeverd, mangfald og like moglegheiter for alle barn og unge

I arbeidet med å sikre alle barn og unge likeverdige moglegheiter er det behov for ein særskild innsats retta mot enkelte grupper av barn og unge. BLD har i 2007 sett i gang eit utviklingsarbeid i åtte kommunar/bydelar retta mot ungdom som fell utanfor opplæring og arbeid. Kommunane/bydelane skal vidareutvikle, systematisere og kvalitetssikre arbeidet retta mot målgruppa slik at andre kommunar i landet kan lære av deira erfaringar. (Sjå meir under Mål og strategiar).

Barn og unge med innvandrarbakgrunn er ei prioritert målgruppe i det arbeidet departementet gjer med å sikre gode oppvekst- og levekår. Det er gitt støtte til ei rekkje tiltak retta mot barn og unge med innvandrarbakgrunn, mellom anna gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, Idébanken og kampanjen All Different – All Equal. Innsatsen gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn når godt ut til målgruppa. Departementet har ansvaret for ein pris som skal gå til ein vaksen med innvandrarbakgrunn som gjer særs mykje for barn og ungdom. Prisen er ført vidare og vart delt ut for tredje gong i 2007. BLD samarbeider med andre departement på dette feltet mellom anna som oppfølging av regjeringa sin handlingsplan for integrering og inkludering.

Det er behov for kunnskapsutvikling når det gjeld unge menneske som bryt ut frå isolerte trussamfunn. Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) fekk i 2007 i oppdrag å lage ein kunnskapsstatus om sekttilknyting og avhopparproblematikk. Prosjektet skal mellom anna kartleggje eksisterande tilbod i hjelpeapparatet, vurdere kva tiltak det er behov for, og foreslå vidare forsking, kompetanseutvikling og opplæring. Prosjektet blei ferdig i 2008.

Departementet samarbeider med Sametinget for å fremme utviklinga av tilbod i kommunane for å styrkje samisk identitet og tilknyting til lokalsamfunnet. I 2007 arrangerte Sametinget og departementet i samarbeid ein nasjonal konferanse om samisk kultur og oppvekst. Departementet auka i 2007 budsjettet til Barneombodet for å styrkje arbeidet knytt til å sikre rettane til samiske barn og unge.

Arbeidet for å betre situasjonen for barn og unge med nedsett funksjonsevne og familiane deira er følgt opp gjennom driftstilskot til og jamlege kontaktmøte med samanslutninga Unge funksjonshemma. I 2007 mottok 16 frivillige organisasjonar for barn og unge med nedsett funksjonsevne grunnstøtte frå BLDs tilskotsordning til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar. I 2007 vart kommunane og bydelane i tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn spesielt oppfordra til å søkje støtte til tiltak retta mot barn og unge med nedsett funksjonsevne. Tre byar/bydelar søkte om støtte til fem ulike tiltak, og alle vart tildelte støtte. NOVA gjennomfører eit forskingsprosjekt om fritidsbruk og sosial tilknyting til unge med nedsett funksjonsevne. Sjå også omtale i kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet og kap. 830 Foreldrerettleiing.

Målet om likeverd og like høve for jenter og gutar vart følgt opp gjennom ulike tilskotsordningar, mellom anna tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, og gjennom kontakt med organisasjonar og ungdomsmiljø.

Sikre barn og ungdoms deltaking og medverknad

Støtte barn og ungdoms deltaking og engasjement i frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar

BLD støttar det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane. Støtteordningane for nasjonalt og internasjonalt arbeid er regulert i forskrift, og midlane blir fordelte av eit eige fordelingsutval med sekretariat i Bufdir. Fordelingsutvalet behandla 78 søknader om nasjonal grunnstøtte i 2007, og 72 av organisasjonane mottok tilskot. Dei behandla 31 søknader om internasjonal grunnstøtte, og 30 av organisasjonane mottok tilskot.

I tillegg vart det gitt driftstilskot til LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemma. BLD har gjennomført faste kontaktmøte med desse tre samanslutningane, og arrangert ein årleg kontaktkonferanse med frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og ungdomsgrupper. Tema for årets konferanse var mellom anna samfunnsansvaret til barne- og ungdomsorganisasjonane og ungdom og rus. BLD arrangerte òg ein konferanse hausten 2007 om forsking om frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og barn og unges fritid, retta mot forskarar og organisasjonane. Stønaden til barne- og ungdomsorganisasjonane auka med 2 mill. kroner i 2007 og 6 mill. kroner i 2008.

På bakgrunn av utgreiinga i NOU 2006:13 Fritid med mening, og den påfølgjande høyringa, har BLD utarbeidd eit nytt regelverk for støtte til barne- og ungdomsorganisasjonane (Forskrift om tilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner av 29. november 2007). Det nye regelverket gir meir fleksibilitet i ordninga, og departementet har etter ønske frå organisasjonane på nytt teke inn kursaktivitet som kriterium for utmåling av tilskot. Regelverket vart sett i kraft frå og med tilskotsåret 2008.

Arbeide for å gi barn og ungdom meir innverknad i kvardagen og breiare deltaking i plan- og avgjerdsprosessar

BLD har gjennom 2007 nytta ulike verkemidlar for å stimulere kommunane til å styrkje arbeidet med barn og ungdoms deltaking og innverknad. Eit eige hefte med eksempel frå arbeidet med barn og ungdoms medverknad i kommunane vart utarbeidd og sendt alle landets kommunar. Heftet syner gode eksempel på mangfaldet av arenaer der barn og ungdom har fått medverknad. Heftet er òg omsett til engelsk, og formidla til samarbeidspartar i andre land. Noreg har over tid arbeidd med utviklinga av dette feltet, og er eit føregangsland på området.

Medverke til å sikre rettar og interesser for barn og unge på informasjons- og medieområdet

BLD har ført vidare støtta til nettportalen ung.no. Nettportalen har som målsettjing å vere ein samla informasjonskanal frå departementa til ungdom. Brukartala er i vekst, og på slutten av 2007 var det 180 000 brukarar per månad. Ung.no vart kåra til årets statlege nettstad i 2007.

Departementet tok del i arbeidet i den tverrdepartementale kontaktgruppa for å fremme interesser og behov barn og ungdom har i utviklinga av informasjonssamfunnet. BLD tok også del, saman med aktuelle departement, i oppfølginga av EU-programmet Sikrare Internett Pluss.

I 2007 vart midlane til tiltaksplanen Barn, unge og Internett i hovudsak nytta til ei undersøking om det tilhøvet barn og foreldre har til Internett. Tiltaksplanen er ein del av Trygg bruk-prosjektet (før kalla Safety, Awareness, Facts and Tools, SAFT-prosjektet). Tiltaksplanen og prosjektet vart koordinerte av Medietilsynet. Medietilsynet har utvikla nettsider til nytte for barn, foreldre og skolen (tryggbruk.no). Gjennom prosjektet er det bygt opp eit nettverk der departement, statlege etatar, forskingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar og bransjeorganisasjonar arbeider saman om kunnskap, ressursar og informasjon om trygg bruk av teknologi for barn og ungdom.

BLD gav i 2007 tilskot til organisasjonen BarneVakten. Tilskotet skal nyttast til organisasjonens informasjonsarbeid om media og ny teknologi gjennom foreldremøte i skole og barnehage.

Internasjonalt samarbeid på dei barne- og ungdomspolitiske områda

Vidareutvikle samarbeidet i Norden, i austersjøregionen og det tosidige samarbeidet med andre land på barne- og ungdomsområda

Departementet deltek aktivt i det nordiske samarbeidet på barne- og ungdomsområdet, mellom anna gjennom Nordisk barne- og ungdomskomité (NORBUK). Styrande for arbeidet har vore iverksetjinga av NORBUK sin handlingsplan for ein overgripande strategi for Ministerrådets arbeid for barn og unge.

Departementet deltek i ei gruppe under Austersjørådet for å utvikle samarbeidet i regionen om ungdom. Medlemslanda i Austersjørådet finansierer i fellesskap eit sekretariat i Kiel som særleg driv med informasjon overfor organisasjonar og andre ungdomsgrupper.

Departementet har underteikna ei ny tosidig avtale med Litauen om samarbeid på barne- og ungdomsområdet for åra 2008 til 2010. Det er også underteikna ein arbeidsplan om dei tiltaka som skal finne stad.

Godt barne- og ungdomspolitisk samarbeid i nordområda, særleg innanfor ramma av barentssamarbeidet

Gjennom deltaking i samarbeidet på ungdomsområdet i barentsregionen har departementet medverka til iverksettinga av regjeringa si Nordområdestrategi. Kontoret for informasjon og rettleiing i Murmansk, som blir finansiert av Finland, Sverige, Russland og Noreg i fellesskap, er eit viktig verkemiddel i denne samanhengen. Verksemda til kontoret vart evaluert i 2007. Evalueringa viste at aktørane som deltek i samarbeidet i regionen, er svært godt nøgde med arbeidet til kontoret. Under Finland sitt leiarskap av Barentsrådet vart det arrangert to seminar om idear og behov for lokale tiltak og aktivitetar i regionen. Russland tok i november 2007 over ansvaret i si arbeidsgruppa for ungdomssakar i Barentsrådet.

Godt samarbeid på barne- og ungdomsområda i Europarådet og gjennom EØS-avtala mot EU

EØS-avtala er eit godt grunnlag for deltaking i programma til EU og for å utvikle eit nærmare ungdomspolitisk samarbeid med Europakommisjonen og medlemslanda til EU. Frå 2007 deltek Noreg i EU-programmet Aktiv Ungdom, sjå nærare omtale under kap. 859. Aktiv Ungdom har følgjande hovudmålsettingar:

  • Fremme medborgarskapen til unge menneskje.

  • Å utvikle solidaritet og toleranse blant ungdom, gjennom å leggje vekt på og styrkje sosial samhyre i Europa.

  • Fostre gjensidig forståing mellom ungdom frå ulike land.

  • Bidra til å fremme kvaliteten i organiseringa av aktivitetar for ungdom og gjere sivile organisasjonar betre i arbeidet på ungdomsområda.

  • Fremme europeisk samarbeid på ungdomsområda.

Den største delen av programbudsjettet er desentralisert og avgjerda om tilskot blir gjorde på nasjonalt plan. Bufdir er norsk kontor for programmet Aktiv Ungdom. Gjennomføringa av programmet er også omtalt under kap. 859.

Departementet arbeider også med Europakommisjonen om eit nærmare samarbeid i høve dei fire prioritetane i Kvitboka om ungdomspolitikk: ungdommen sin deltaking i samfunnet, informasjon andsynes ungdom, frivillig arbeid og betre kunnskap om ungdom.

Deltakinga i programma Sikrere Internett Pluss og DAPHNE, tiltak som skal hindre vald mot barn, ungdom og kvinner, er delfinansierte av dette budsjettkapitlet.

Når det gjeld dei finansielle ordningane til EFTA-/EØS-landa og Noreg, som skal stø utviklinga i dei nye medlemslanda i EU, har departementet prioritert Litauen og Ungarn på barne- og ungdomsområda. Tiltaka inngår i den tosidige avtala med Litauen. Sommaren 2007 vart det mellom anna halde eit seminar i Budapest for norske og ungarske aktørar på området.

Europarådet, der 49 land har underteikna Kulturkonvensjonen, er eit viktig forum for europeisk samarbeid på ungdomsområdet. Departementet prioriterer arbeidet i Europarådet. I Europarådet har departementet teke del i arbeidet til styringskomiteen for ungdomsspørsmål. Ein viktig del av arbeidet er å bidra til gjennomføringa av konklusjonane frå Europarådet sitt toppmøte i Warszawa i 2005. Ungdomskampanjen for mangfald, menneskerettar og deltaking, som gjekk føre seg i 2006 og 2007, var det viktigaste tiltaket i samband med oppfølginga av toppmøtet. I Noreg la ein stor vekt på å stø lokale initiativ og aktivitetar. Det nasjonale utvalet for kampanjen var svært aktivt, og departementet vurderer arbeidet som svært vellykka.

Dei to europeiske ungdomssentra, i Strasbourg og Budapest, og det europeiske ungdomsfondet er dei viktigaste verkemidla til Europarådet på dei ungdomspolitiske områda. Noreg løyvde i 2007 1 mill. kroner til oppussing og fornying av ungdomssenteret i Strasbourg.

Ukraina skal vere vertskap for Europarådet sin konferanse for statsrådar med ansvar for ungdomspolitikk 9.–11. oktober 2008.

Mål og strategiar

For 2009 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Fullstendig og samordna barne- og ungdomspolitikk på alle forvaltingsnivå

Barns oppvekstkår er i tråd med FNs barnekonvensjon

God forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling

Reduserte forskjellar i levekår og redusering av delen barn og unge som står utanfor

Gode oppvekst- og levekår for ungdom i større bysamfunn

Redusert fattigdom blant barn, ungdom og familiar i større bysamfunn

Fattige barn, ungdom og familiar i større bysamfunn som deltek i ferie- og fritidsaktiviteter

Eit oppvekstmiljø fritt for vald, mobbing, rus, kriminalitet, rasisme, homofobi og diskriminering

Brei deltaking frå barn og ungdom i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane

Brei deltaking og medverknad frå barn og ungdom i samfunnslivet og i saker som omhandlar dei

Engasjerte og samfunnsaktive barn og ungdom

Medie- og informasjonskanalar tek omsyn til barn og ungdoms særlege rettar og behov

Aktivt internasjonalt samarbeid for å betre kunnskapen om og forståinga av forholda i andre land

Gjennomførte handlingsplanar, tiltaksplanar og avtalar på det internasjonale området

Fullstendig og samordna barne- og ungdomspolitikk på alle forvaltingsnivå

Barns oppvekstkår er i tråd med FNs barnekonvensjon

Regjeringa har vedteke å styrkje og sikre barns rettar gjennom ei betre overvaking av gjennomføringa av FNs konvensjon om barnets rettar. BLD er tillagt eit ansvar for å fremme og koordinere dette arbeidet. Fleire tiltak blir sette i verk. I 2008 vart det sett i gang ei utgreiing gjennomført av ein uavhengig juridisk forskar for å vurdere om norsk lov på relevante områder tilfredsstiller dei krava som ligg i barnekonvensjonen. Utgreiinga blir ferdigstilt i 2009.

For å styrkje barn og unges moglegheiter til medverknad på statleg nivå blir det oppretta eit dialogforum mellom barne- og likestillingsministeren og ungdomsrepresentantar. Målet er både å gi ministeren betre innsikt i korleis barn og unge ser på sin situasjon, og å gi dei unge anledning til å fremme synspunkt og forslag i saker som gjeld dei.

Som ledd i ei styrkt overvaking har BLD etablert eit kontaktforum og eit samarbeid mellom dei departementa som har eit fagansvar for barnekonvensjonen. Målet er å få ei meir systematisk oppfølging av barnekonvensjonen og tilrådingane frå barnekomiteen i FN. Kontaktforumet skal òg planleggje opplæringstiltak om FNs barnekonvensjon for tilsette i departementa og i statleg sektor. Det vil bli sett i verk ei kartlegging av opplæringstilbodet om barnekonvensjonen i aktuelle utdanningar. På bakgrunn av kartlegginga vil ein vurdere behovet for opplæring av aktuelle yrkesgrupper. Det skal kartleggjast statistikk og utviklast indikatorar som kan nyttast i vurderinga av om barns rettar blir tekne vare på.

I tråd med det som er nemnt over skal det lagast ei oversikt over dei statlege løyvingane til barn i budsjettproposisjon til BLD. Oversikten finst i del III punkt 8.

God forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling

BLD ser det som viktig å stimulere til forsking, kompetansebygging og erfaringsformidling som ledd i arbeidet med å sikre ein god politikk for barn og ungdom. Samarbeidet med Noregs forskingsråd om forsking om barn og ungdom vil bli ført vidare innanfor ramma av eit nytt program som er under planlegging Det vil òg bli gitt tilskot til forskingsmiljø til oppdrag og undersøkingar. Departementet vil òg samarbeide med Statistisk sentralbyrå (SSB) om statistikk om barn og ungdom. Det vil òg bli gitt tilskot til utarbeiding av eksempelsamlingar, og til konferansar og anna kompetanseoppbygging om barn og ungdom.

Bidra til samordning av politikken til departementa på barne- og ungdomsområdet og til samarbeid mellom statlege og lokale styresmakter og med frivillig sektor

BLD vil bidra til at samarbeidet mellom ulike departement om ein gjennomgåande politikk for barn og ungdom blir ført vidare. Dette vil mellom anna skje gjennom samarbeid om handlingsplanar, felles strategiar, forsøks- og utviklingsarbeid, informasjonsarbeid og konferansar. Samarbeidet mellom departementa om utgiving av publikasjonen Satsing på barn og ungdom, som gir oversikt over mål og innsatsområde for regjeringa i statsbudsjettet, vil bli ført vidare. Publikasjonen gir oppdatert oversikt over satsingsområde og budsjett for departementa, og blir send ut til kommunar, frivillige organisasjonar og andre.

Som ledd i arbeidet med å stimulere til ein god politikk for barn og ungdom i kommunane utnemner BLD årleg ein barne- og ungdomskommune. Ein eigen jury står for utveljing blant kommunane som søkjer. Kåringa skjer på Barne- og ungdomskonferansen, ein årleg konferanse for tilsette i kommunar, ungdom og politikarar frå heile landet. I tillegg til denne faste konferansen vil dialogen med kommunane bli ført vidare gjennom andre konferansar, samlingar og møte.

BLD vil også i 2009 stimulere til dialog og samspel mellom styresmaktene og frivillig sektor. Frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar har ei viktig rolle, både som arena for læring av demokrati og likebehandling og som tilbydar av verdifulle aktivitetstilbod for barn og unge. Det vil bli lagt opp til kontakt med ungdomsmiljøa gjennom systematisk kontakt med frivillige organisasjonar og grupper, blant anna gjennom høyringar og møte. Det vil òg bli lagt vekt på kontakt med forskingsmiljø kring frivillig arbeid og ungdoms deltaking. Kommunane vil bli oppfordra til å styrkje samspelet med barn, ungdom, foreldre og frivillig sektor, mellom anna gjennom departementet si tilskotsordning retta mot barn og ungdom i større bysamfunn.

I januar 2008 skipa departementet ei ekspertgruppe som fekk i oppdrag å greie ut ungdoms høve til eit positivt fritidsmiljø og deltaking og medverknad lokalt. Det vart òg oppnemnt ei referansegruppe for arbeidet med brei representasjon. Ekspertgruppa skal leggje fram utgreiinga si innan 31. desember 2008. BLD vil i 2009 arbeide vidare med forslaga til ekspertgruppa.

Reduserte forskjellar i levekår og redusering av delen barn og unge som står utanfor

Gode oppvekst- og levekår for ungdom i større bysamfunn

Ein stor del av barn og unge veks opp i større byar og deira omlandskommunar. Sjølv om dei aller fleste barn og unge klarer seg bra, er delen som blir råka av dårlege oppvekst- og levekår, høgare i storbyane enn på landsbasis. Det er derfor behov for ei særskild satsing retta mot barn og unge i større byar.

Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn blir vidareført og vil også i 2009 omfatte 23 bykommunar og sju prioriterte bydelar i Oslo. Målet er å medverke til å betre oppvekst- og levekåra og utjamne levekårsforskjellar i større bysamfunn. Målgruppa er barn og unge, og særleg ungdom i alderen 12–25 år med spesielle behov og utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Sjå omtale under post 73.

Gjennom Groruddalssatsinga vil BLD framleis bidra til styrking og betring av oppvekstvilkåra for barn og unge i dette området. I 2009 vil det bli gitt ei særskilt løyving til etablering av Grorud idretts- og kulturpark i bydel Grorud. Sjå omtale under nærmare om budsjettforslaget.

Redusert fattigdom blant barn, ungdom og familiar i større bysamfunn

Dei aller fleste barn og ungdommar i Noreg nyt godt av den økonomiske velstanden. Likevel veks nokre barn og unge opp i familiar der økonomien er eit hinder for deltaking på ulike sosiale arenaer. BLD vil bidra til at barn og unge i område med store levekårproblem kan delta på lik linje med andre, og vil motverke utstøyting, sosial isolasjon og reproduksjon av fattigdom.

Den særskilde satsinga retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem, gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn vidareførast. Sjå omtale under post 73. Arbeidet må sjåast i samanheng med dei fattigdomstiltaka som er retta mot familiar og deira barn gjennom barnevernet (jf. kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet). Arbeidet inngår i regjeringa sin Handlingsplan mot fattigdom.

Eit oppvekstmiljø fritt for vald, mobbing, rus, kriminalitet, rasisme, homofobi og diskriminering

Innsatsen for å motverke vald, mobbing, rus, kriminalitet, rasisme, homofobi og diskriminering i barne- og ungdomsmiljøa fortset. Handlingsplanen Sammen mot barne- og ungdomskriminalitet (2005–2008) blir avslutta hausten 2008, men innsatsen på området blir ført vidare (sjå også kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet). Gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn vil det også i 2009 bli gitt støtte til tiltak som har som mål å motverke vald, kriminalitet, rus, rasisme og diskriminering og andre negative trekk i ungdomsmiljøa.

BLD har delteke som partnar i arbeidet med Manifest mot mobbing 2006–2008 og har hatt eit særskilt ansvar for innsats mot mobbing i fritidsmiljøa. Innsatsen mot mobbing vil bli ført vidare i 2009, og BLD vil ha eit særskilt fokus på mobbing i fritidsmiljø. Det vil òg bli retta søkjelys mot mobbing og trakassering gjennom digitale medium.

BLD vil framleis støtte opp om fleirkulturelle barne- og ungdomsaktivitetar mellom anna gjennom tilskotsordninga Mangfold og inkludering. Barne- og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø kan søkje om støtte til aktivitetar med vekt på mangfald, holdningar og deltaking (sjå omtale under post 70). Den nye handlingsplanen mot etnisk diskriminering som skal leggast fram i 2009 vil òg bli følgd opp (sjå omtale i kap 846).

Bidra til å inkludere og å gi likeverdige tilhøve for alle barn og unge

For somme barn er kvardagen prega av dårlege levekår, utestenging og problem som gjer at dei ikkje har like gode vilkår som fleirtalet. I arbeidet med å sikre alle barn og unge likeverdige vilkår er det behov for ein særskilt innsats retta mot enkelte grupper barn og unge.

BLD vil vidareføre den særskilde satsinga retta mot ungdom i alderen 15–25 år som står utanfor opplæring og arbeidsliv (Unge utanfor). Arbeidet starta i 2007. Som eit ledd i satsinga har åtte kommunar/bydelar sett i gang eit utviklingsarbeid der målsetjinga er å utvikle arbeidsmåtar og samarbeidsformer som gjer at ungdom kjem i opplæring eller arbeid. Satsinga vil vidare ta for seg strategiar for å utvikle meir kunnskap om ungdom i målgruppa og metodar for å fange opp ungdom som treng ekstra oppfølging. Arbeidet må sjåast i samanheng med det utviklingsarbeidet som blir gjennomført overfor tilsvarande målgruppe på barnevernsområdet (sjå omtale under kap. 854), og anna arbeid i regi av andre departement og direktorat. Erfaringar og kunnskap frå satsinga vil bli spreidde gjennom konferansar og publikasjonar.

Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn er ei prioritert målgruppe i arbeidet til departementet med å sikre gode oppvekst- og levekår. Verkemidla ligg særleg innanfor tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, innanfor barnevernet (sjå omtale under kap. 854) og gjennom tildelingar til forsking og utviklingsarbeid. Departementet vil også i 2009, for femte gong, dele ut ein pris til ein vaksen med innvandrarbakgrunn som gjer ein særleg innsats for barn og ungdom. BLD deltek i arbeidet med oppfølging av regjeringa sin handlingsplan for integrering og inkludering av innvandrarbefolkninga.

Organisasjonar og enkeltpersonar vender seg til BLD om problem som følgjer av religiøs sekterisme og ønske om å bryte ut frå isolerte trussamfunn. NKVTS har i 2008 på oppdrag frå BLD utarbeidd ein kunnskapsstatus om religiøs sekterisme. På bakgrunn av denne vil BLD i samarbeid med andre departement og direktorat vurdere eventuelle vidare tiltak.

Samiske barn og unge kan framleis bli møtte med fordommar og manglande kunnskap om den samiske kulturen. I kommunane er det ulikt medvit om samiske barn og unges interesser, behov og korleis rettane til barn og unge blir innarbeidde i dei kommunale tilboda og i planverket. Departementet samarbeider med Sametinget for å fremme utviklinga av tilbod i kommunane for å styrkje samisk identitet og tilhøyrsle. Frå 2007 har departementet auka budsjettet til Barneombodet for å styrkje arbeidet med rettane til samiske barn og unge.

Det er dokumentert at barn og unge med nedsett funksjonsevne har problem med å delta i fritidsaktivitetar på linje med andre. BLD vil bidra til å styrkje integrering og deltaking blant unge med nedsett funksjonsevne. Dette vil skje gjennom driftstilskot til organisasjonen Unge funksjonshemma, tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Eit forskingsprosjekt om fritidsbruk og sosial deltaking vil bli avslutta i 2008. Oppfølging vil bli vurdert i 2009.

Jenter og gutar har like rettar og moglegheiter på dei fleste område, men gjer ulike val mellom anna når det gjeld utdanning og arbeid. Også ved deltaking i fritidsaktivitetar finn ein kjønnsskilnader. Målet om likeverd og like moglegheiter for jenter og gutar blir følgt opp blant anna gjennom dei ulike tilskotsordningane under departementet og gjennom kontakt og dialog med ungdomsmiljøa. Til dømes er likeverd og like høve for jenter og gutar eit kriterium det blir lagt vekt på i tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn.

Brei deltaking frå barn og ungdom i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane

Engasjerte og samfunnsaktive barn og ungdom

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken. BLD støttar det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til organisasjonane. Støtta er eit viktig verkemiddel for å sikre barn og unges deltaking og engasjement. Målet er å bidra til eit levande og mangfaldig organisasjonsliv for og med barn og unge.

Det finnest ulike tilskotsordningar retta mot barne- og ungdomsorganisasjonanes sentralledd; grunnstøtte til nasjonalt og internasjonalt arbeid og etablerings- og uttrappingstilskot (jf. det nye regelverket som vart innført frå 2008; Forskrift om tilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner av 29. november 2007). Det nye regelverket er utarbeidd i tett dialog med barne- og ungdomsorganisasjonane. Etter deira ynskje er mellom anna kursaktivitet igjen blitt innført som eit kriterium for berekning av tilskott. Ordninga med tilskott til organisasjonar med avgrensa grunnlag for rekruttering er ført vidare.

Kontakten og dialogen med frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar vil fortsette gjennom regelmessige kontaktmøtar og den årlege kontaktkonferansen mellom BLD og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og ungdomsgrupper.

Brei deltaking og medverknad frå barn og ungdom i samfunnslivet og i saker som omhandlar dei

Det er behov for å ha kontinuerleg merksemd på barn og ungdom av begge kjønn sin rett til deltaking og innverknad i kvardagslivet og på samfunnsutviklinga. Eit overordna mål for departementet er å stimulere til at stadig fleire kommunar arbeider for brei deltaking frå barn og unge slik at dette blir ein viktig og innarbeid del av kommunanes verksemd.

BLD vil bidra til utveksling av idear og røynsle, blant anna igjennom kåring av Årets barne- og ungdomskommune og ved at temaet blir diskutert på konferansar. Det er særskilt viktig å følgje opp arbeidet med vidareutvikling og vidareføring av ungdomsråd eller andre former for innflytelsesorgan i kommunane. Det er behov for ytterlegare stimulering til formidling av røynsle, forsking og kunnskap om utbreiinga og tilhøve for deltaking og medverknad lokalt og nasjonalt. Tilrådingane frå ekspertgruppa som skal greie ut om ungdoms høve for eit positivt fritidsmiljø og deltaking og medverknad lokalt vil inngå i det vidare arbeidet på området.

Medie- og informasjonskanalar tek omsyn til barn og ungdoms særlege rettar og behov

For styresmaktene er det viktig å leggje til rette for samla og lett tilgjengelig informasjon til barn og unge. BLD vil også i 2009 gi støtte til nettportalen ung.no som drives av Bufdir. Nettportalen har som målsetting å vere ein samla informasjonskanal frå departementa til ungdom. Ung.no dekkjer eit breitt spekter av tema og når fram til mange brukarar. Arbeidet vil bli sett i samanheng med den vidare utvikling av arbeid med informasjon til barn og ungdom.

Det er et stort behov for å gi barn, ungdom, foreldre og andre vaksne som har ansvar for barn og unges mediebruk opplæring og informasjon om trygg bruk. Tiltaksplanen Barn, unge og Internett har som mål å medverke til at barn, unge og familiar får relevant og oppdatert informasjon slik at dei kan nytte informasjons- og kommunikasjonsteknologi på ein trygg og god måte. Tiltaksplanen er ein del av Trygg bruk-prosjektet (før kalla Safety, Awareness, Facts and Tools, SAFT-prosjektet). Tiltaksplanen og prosjektet blir koordinerte av Medietilsynet. Departementet vil vidareføre samarbeid og støtte til Trygg bruk-prosjektet i regi av Medietilsynet også i 2009. BLD vil, saman med aktuelle departement, også følgje opp deltaking i EU-programmet Safer Internet 2009.

Aktivt internasjonalt samarbeid for å betre kunnskapen om og forståinga av forholda i andre land

Målsettinga med internasjonalt samarbeid er mellom anna å bidra til utveksling av røynsler innanfor barne- og ungdomspolitikken, bidra til utjamning av forskjellar mellom ulike land og betre levekåra for barn og ungdom, betre kunnskapen om og forståinga av forholda i andre land, hindre rasisme og intoleranse og bidra til utviklinga av demokratiet i Noreg og dei landa vi samarbeider med.

Betre samarbeidet i Norden og austersjøregionen

BLD vil delta aktivt i det nordiske samarbeidet på barne- og ungdomsområdet. Barne- og ungdomskomiteen (NORBUK) er viktig for samordninga av innsatsen gjennom Nordisk Ministerråd. BLD representerer Noreg i denne komiteen.

BLD er partnar i ei arbeidsgruppe under Austersjørådet. Formålet med denne gruppa er å sikre informasjon og utveksling av kunnskap om og for ungdom i regionen. Arbeidet vil bli ført vidare mellom anna gjennom felles sekretariat i Kiel.

Departementet vil følgje opp den tosidige avtala med Litauen på barne- og ungdomsområdet, som gjeld for perioden 2008–2010.

Styrkje samarbeidet i nordområda på barne- og ungdomsområdet

Departementet vil vidareføre sitt bidrag til å gjennomføre Nordområdestrategien til regjeringa ved å prioritere det ungdomspolitiske samarbeidet i Barentsregionen. Samarbeidet med Russland, Finland og Sverige i Barentsrådet sin arbeidsgruppe for ungdomspoliske spørsmål skal førast vidare. Kontoret for informasjon og rettleiing (BYCO), som er lagt til Murmansk, er ein viktig reiskap i denne samanhengen. Løyvinga til Barents ungdomsprogram, som gir tilskott til fleirnasjonale prosjekt og tiltak for barn og ungdom, er foreslått ført vidare i 2009. Løyvinga blir forvalta av Barentssekretariatet i Kirkenes.

Ein aktiv europapolitikk på barne- og ungdomsområdet

Departementet sin Europastrategi er eit viktig bidrag til oppfølginga av regjeringa si europapolitikk.

Ein ny generasjon ungdomsprogram vart etablert gjennom Aktiv Ungdom, som vil verke i perioden 2007–2013. Programmet er innlemma i EØS-avtala. Programmet gir ungdom i Noreg moglegheit til auka deltaking i internasjonalt samarbeid. BLD deltek i Programkomiteen, som på nokre område fattar vedtak og andre område gir råd til Europakommisjonen om gjennomføringa av programmet. Bufdir er nasjonalt kontor for gjennomføringa av dei desentraliserte delane av programmet (sjå nærmare omtale under Resultatrapport 2007/2008 og i kap. 859 EUs ungdomsprogram). Departementet har ansvaret for kontroll med at det nasjonale kontoret gjennomfører programmet etter retningslinjene fastsett av Europakommisjonen.

Noreg vil, innanfor ramma av EØS-avtala, bidra til oppfølging av Europakommisjonens Kvitbok om framtidig ungdomspolitisk samarbeid. Områda ungdoms deltaking og innflytelse, ungdomsinformasjon, frivillig arbeid og betre kunnskap om ungdom vil bli prioriterte. Departementet vil delta på møte og aktivitetar sette i verk av landet som har formannskapet i EU.

BLD vil bidra til at Noregs og EØS sine finansielle ordningar blir nytta på det barne- og ungdomspolitiske området. Departementet vil leggje vekt på at tiltak overfor barn og ungdom blir innlemma i dei avtalene som skal gjelde frå våren 2009. Ungarn og Litauen vil bli prioriterte.

Departementet vil følgje utviklinga av EU sitt arbeid på det barnepolitiske området.

Europarådet, der 49 land deltek i samarbeidet på ungdomsområdet, er eit viktig samarbeidsforum for departementet. Europarådet har eit nært samarbeid med dei nasjonale ungdomsråda og internasjonale barne- og ungdomsorganisasjonane gjennom eit samstyre mellom departementa og frivillig sektor. BLD deltek i styringskomiteen for ungdomspolitikk (CDEJ). Ungdomsministerkonferansen i Kiev, Ukraina, i oktober 2008 skal trekkje opp prinsippa for arbeidet til Europarådet på barne- og ungdomsområdet i dei nærmaste ti åra. BLD vil bidra til å omdanne desse prinsippa i praktiske politiske tiltak.

Særs viktige instrument for utvikling av Europarådets ungdomspolitikk er dei to ungdomssentra i Strasbourg og Budapest og det europeiske ungdomsfondet. Noreg har i fleire år ytt ekstra bidrag til denne verksemda og vidarefører dette i 2009.

BLD har for tida ein av plassane i Programming Committee, som fordeler midlar til ungdomsprosjekt i Europa.

I dei siste åra er det utvikla eit samarbeid mellom Europakommisjonen og Europarådet om enkelte spørsmål innanfor ungdomspolitikken. Det er særleg lagt vekt på å utvikle betre kunnskap om ungdom, samarbeid om leiarutdanning og samarbeid i middelhavsregionen. Eit tiltak er etableringa av European Knowledge Centre, som er i ferd med å bli bygt opp med data frå ei rekkje europeiske land. Noreg har valt å vere ein aktiv part i dette arbeidet og har engasjert NOVA for arbeidet med datainnsamling og innlegging.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten vil bli nytta til utgifter i samband med konferansar, informasjonsmateriell, utgreiingar og anna som inngår i arbeidet med å sikre eit godt oppvekstmiljø for barn og ungdom. Også midlar til nettportalen ung.no inngår i posten.

Post 50 Forsking, kan nyttast under post 71

Posten skal nyttast til å støtte forsking om barn og ungdom. Sjå samla omtale under post 71.

Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar

Målsetjing

Posten omfattar tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar sitt nasjonale arbeid. Formålet er å leggje til rette for barn og ungdoms deltaking i barne- og ungdomsorganisasjonane. Tilskotet skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar, og sikre organisasjonane som arena for medverknad og demokrati.

Tildelingskriterium

Den nasjonale grunnstøtta til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar blir regulert av ei eiga forskrift. Ei ny forskrift vart sett i kraft i 2008. Midlane blir forvalta av eit eige fordelingsutval med sekretariat i Bufdir. BLD er klageinstans for vedtak fatta av Fordelingsutvalet.

Det blir òg gitt driftstilskot til LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemma. Også midlar til tilskotsordninga Mangfold og inkludering inngår i posten. Ordninga vart oppretta i 2008 og blir forvalta av LNU. Det blir òg nytta midlar frå posten til forsking om barne- og ungdomsorganisasjonar.

Oppfølging og kontroll

Krav til revisjon, rapport og kontroll av nasjonal grunnstøtte er regulert av forskrift om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og instruks for Fordelingsutvalet. Andre tilskot som blir gitte gjennom denne posten, blir kontrollerte gjennom rapportering og rekneskap.

Budsjettforslag 2009

Departementet foreslår ei løyving på 95,539 mill. kroner. I tråd med Soria Moria-erklæringa aukar driftsstøtta til organisasjonane med 2 mill. kroner. Samla har da regjeringa auka løyvinga med 10 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2006.

Post 71 Utviklingsarbeid, kan nyttast under post 50

Målsetjing

Post 50 og post 71 blir nytta til å støtte forsking og utviklingsarbeid som kan gi auka kunnskap og bidra til å styrkje oppvekstmiljøet for barn og ungdom.

Tildelingskriterium

Noregs forskingsråd får løyving frå post 50 til forsking om barn og ungdom. Det blir òg gitt tilskot frå posten til anna forsking og statistikk på BLDs prioriterte område. Frå post 71 blir det gitt tilskot til utviklingsarbeid, kompetansebygging og erfaringsformidling som ledd i gjennomføringa av dei måla som departementet har sett for arbeidet på barne- og ungdomsområdet. Posten vil også bli nytta til ei øyremerkt satsing på ungdom som står utanfor opplæring og arbeidsliv (satsinga Unge utanfor).

Oppfølging og kontroll

Løyvingar og tilskot frå denne posten blir kontrollerte gjennom rapportering og rekneskap.

Budsjettforslag 2009

Departementet foreslår ei løyving på 10,696 mill. kroner.

Post 73 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

Målsetjing

Posten blir nytta til tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Formålet er å betre oppvekst- og levekår i dei 23 bykommunane; Oslo (inkl. sju prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik.

Tildelingskriterium

Løyvinga blir nytta til tiltak, prosjekt og utviklingsarbeid. Målgruppa er barn og unge, og særleg ungdom i alderen 12 til 25 år med spesielle behov og utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Barn og unge med innvandrarbakgrunn står overfor spesielle utfordringar, og arbeid som fremmer integrering, har høg prioritet. Barn og unges deltaking og medverknad bør bli prioritert der det er naturleg, og innsatsen bør inngå i ein fullstendig og samordna barne- og ungdomspolitikk. Det blir lagt vekt på:

  • førebygging av uønska sosial åtferd, blant anna vald, mobbing, kriminalitet, rus og rasisme, å motverke fordommar, diskriminering og homofobi, og å fremme gjensidig aksept

  • deltaking frå ungdomsgrupper som i liten grad nyttar seg av eksisterande kultur- og fritidstilbod

  • kvalifisering, inkludering og etablering av alternative meistringsarenaar

  • arbeid og innsats som tek sikte på å nå barn og unge råka av fattigdomsproblem

  • likeverd og like høve for jenter og gutar

  • deltaking og likeverdige høve for barn og unge med nedsett funksjonsevne.

Tilskotsordninga er sett saman av fire delar:

  1. Spesialsatsing (ungdomstiltak) i dei fire største byane: Oslo (inkludert sju prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim og Stavanger.

  2. Tilskot til ungdomstiltak i 19 bykommunar (Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik).

  3. Tilskot til tiltak mot fattigdom blant barn, unge og familiar, omfattar 23 bykommunar.

  4. Tilskot til strakstiltak, omfattar 23 bykommunar.

I overkant av ein tredjedel av løyvinga blir nytta til ungdomstiltak. Dei fire største byane blir tildelte ei ramme (pkt. 1), medan dei 19 andre byane blir tildelte tilskot etter søknad (pkt. 2). Over halvparten av løyvinga er sett av til tiltak og prosjekt retta mot barn, unge og familiar råka av fattigdomsproblem (pkt. 3). Ein kan søkje om tilskot til ferie- og fritidstiltak, tilskot til tiltak som kan bidra til betre tilknyting til arbeidslivet for unge med lite eller mangelfull utdanning, og tilskot til meir langsiktige og samordna tiltak som skal motverke utstøyting av barn og unge som er råka av fattigdomsproblem. Løyvinga kan òg bli nytta til strakstiltak for å løyse oppgåver og problem av akutt karakter i ungdomsmiljøa og til utviklingsarbeid (pkt. 4). Bydelar, frivillige organisasjonar, ungdomsgrupper, offentlege og private aktørar kan søkje. Departementet kan òg ta initiativ til å støtte enkelte prioriterte område. I tråd med SoriaMoria-erklæringa vil tiltak i Groruddalen bli særleg prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom kommunanes rapportering og rekneskap til departementet.

Budsjettforslag 2009

Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn blir auka med 15 mill kroner. Desse midlane skal mellom anna nyttast til Grorud fleirbrukshall. Dette er ein open og inkluderande idretts-, aktivitets-, og kulturpark som skal etablerast som ledd i arbeidet med å fremme integrering og sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge. Løyvinga er eit ledd i regjeringa si satsing på Groruddalen, i tråd med Soria Moria-erklæringa.

Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv., kan overførast

Målsetjing

Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet. Målgruppene er frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, enkeltpersonar og grupper av barn og ungdom, institusjonar som arbeider med barn og ungdom, og offentlege styresmakter lokalt, regionalt og nasjonalt.

Hovuddelen av posten blir nytta til Noreg sitt bidrag til deltaking i EU-programmet Aktiv Ungdom, som varer fram til 31. desember 2013, og til delar av kostnader som er tilknytte deltaking i EU-programma Sikrare Internett pluss. Posten dekkjer òg Noreg sitt bidrag til Det europeiske ungdomsfond i Europarådet, kostnader i samband med bilateralt samarbeid, oppfølginga av Noregs/EØS’ finansielle ordningar, samarbeidet i nærområda, særleg samarbeidet innanfor rammene av Noregs deltaking i Barentsrådet og Austersjørådet, og andre tiltak tilknytte det mellomstatlege samarbeidet på ungdomsområdet. Vidare får dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane grunnstøtte til sitt internasjonale arbeid, og LNU får tilskot til sitt internasjonale arbeid.

Tildelingskriterium

Bidraga for deltaking i dei ulike EU-programma blir fastsett etter ein fordelingsnøkkel nedfelt i EØS-avtala. Storleiken på bidraget til Det europeiske ungdomsfond blir fastsett av Ministerkomiteen i Europarådet. Tilskot til bilateralt samarbeid, til samarbeidet i nærområda og anna internasjonalt samarbeid blir fastsett av departementet ut frå gjeldande avtaler og prinsipp. Tilskotet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane blir forvalta av Fordelingsutvalet etter kriterium fastsette i eiga forskrift. Tilskotet til LNU blir forvalta av Bufdir.

Oppfølging og kontroll

Europarådets ungdomsdirektorat og Europarådets revisjonsstyre kontrollerer Det europeiske ungdomsfond. Revisjonsretten i EU og EUs internrevisjon kontrollerer bruken av budsjettmidlar til dei programma Noreg deltek i. Tilskotet til ungdomssamarbeid i barentsregionen blir forvalta av Barentssekretariatet i Kirkenes. Tilskotet gitt av departementet blir følgt opp ved kontroll av rapport og rekneskap.

Bufdir og Fordelingsutvalet har ansvaret for oppfølging og kontroll av tilskotet til LNU og tilskotet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane.

Budsjettforslag 2009

Hovuddelen av løyvinga blir nytta til dei plikter Noreg har gjennom internasjonale avtaler, spesielt EØS-avtala. Løyvinga skal dekkje kostnader til ungdomsprogrammet til EU, Aktiv Ungdom, som går fram til 31. desember 2013. Dessutan skal løyvinga dekkje Noregs plikter overfor Europarådet på det ungdomspolitiske området. Løyvinga skal også dekkje kostnader knytte til gjennomføringa av bilaterale avtaler, samarbeidet i nærområda og kostnader til departementet sitt internasjonale engasjement på barne- og ungdomsområdet. Departementet foreslår ei løyving på 30,715 mill. kroner.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 01

143 222

151 345

170 619

21

Spesielle driftsutgifter

1 836

2 040

2 130

22

Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar

20 000

28 292

Sum kap. 858

145 058

173 385

201 041

Status for verksemda

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)er etatsleiar for Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), som igjen omfattar fem regionar. Regionkontora har underliggjande utøvande einingar innanfor barnevern og familievern. Regionkontora handsamar òg søknader om førehandssamtykke om utanlandsadopsjon og søknader om innanlandsadopsjon. Direktoratet har ansvar for fagleg og administrativ styring, koordinering og utvikling av Bufetat. Direktoratet handsamar klager på saker der regionane er første instans.

Ein omfattande prosess med å utvikle og forankre strategiar for arbeidet til Bufetat er gjennomført. Hovudoppgåva til etaten er å gi barn, unge og familiar som treng hjelp og støtte, tiltak med høg og riktig kvalitet i heile landet. Hovudmål og visjon for Bufetat er: Vekst og utvikling for barn, unge og familiar1.

Hausten 2007 utarbeidde etaten eit strateginotat med hovudmål og delmål, og tre strategiar som skal leggjast til grunn for korleis etaten skal arbeide mot måla.

Bufetat har utarbeidd strategiar innanfor utvikling, samarbeid og kvalitet for å lykkast betre med å nå måla sine. Strategiane skal vere retningsgivande for korleis leiarar og medarbeidarar skal utvikle fag og tenester.

Utvikling

For å utvikle eit kunnskapsbasert barnevern og familievern er det viktig at leiarar og medarbeidarar i etaten tileignar seg ny kunnskap, omdannar kunnskapen til praktiske metodar og set desse praktisk i verk. Bufetat skal ta initiativ til forsking og utvikling, vere ein aktiv deltakar i samfunnsdebatten og leggje grunnlag for utvikling på etatens arbeidsområde.

Samarbeid

Bufetat skal samarbeide med andre samfunnsaktørar for å sikre riktig kvalitet og rettstryggleik. Viktige samarbeidspartnarar er kommunane, helseføretaka, barnehagane og skolane, andre etatar, fylkesmennene og høgskolar og universitet. Samarbeidet skal vere prega av ein open dialog, aktiv deltaking og respekt for roller, ansvar og forskjellige utfordringar hos partane.

Kvalitet

Verksemda skal pregast av kvalitet i alle ledd. Dette betyr at arbeidet skal byggje mellom anna på systematisert og anerkjend kunnskap, medverknad frå brukarane, openheit og respekt og rettstryggleik.

Mål som gjeld for Bufetat, er knytte til kapitla etaten får midlane sine frå:

  • kap 840 Krisetiltak

  • kap 841 Samliv og konfliktløysing

  • kap 842 Familievern

  • kap 852 Adopsjonsstønad

  • kap 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

  • kap 855 Statleg forvalting av barnevernet

  • kap 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

  • kap 857 Barne- og ungdomstiltak

  • kap 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

  • kap 859 EUs ungdomsprogram.

Her følgjer ei samla oversikt over faglege mål på områda der Bufetat har forvaltingsoppgåver:

Barnevern

Vern og omsorg bidreg til at barn og unge meistrar sine liv og vidareutviklar sine eigne ressursar.

  • Tiltaka i barnevernet skal vere kunnskapsbaserte.

  • Barnevernet skal ha høg legitimitet i samfunnet

  • Driftinga av dei statlege tiltaka skal vere effektiv og ha høg kvalitet.

  • Tilboda i barnevernet skal vere gode, likeverdige og tilpassa barna sine behov.

  • Gode omsorgstilbod til einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år.

Familievern

Ei velfungerande og tilgjengeleg familievernteneste.

  • God kapasitet i tenesta.

  • Eit nyttig og relevant tilbod til brukarane.

Mekling

Ivaretaking av barna sitt beste.

  • Fleire avtaleløysingar mellom foreldra utan bruk av domstolane.

Likestilt foreldreskap og styrkt samarbeid mellom foreldre som er i konflikt.

  • Ei god meklingsordning for foreldre ved samlivsbrot.

Stabile samliv.

  • Tilbod om samlivskurs.

Adopsjon

Barna sine interesser ved innanlands- og utanlandsadopsjon er tekne hand om.

  • Sakshandsaminga skal vere effektiv, ha høg kvalitet og sikre likebehandling.

  • Effektivt tilsyn og oppfølging av adopsjonsformidlarane skal sikre at norsk og internasjonalt regelverk blir følgt.

Ungdomsarbeid

Solidaritet og toleranse blant ungdom.

Vald og overgrep

Krise- og incestsenter med god kvalitet og tilgjenge.

Tryggleik mot kjønnslemlesting, tvangsekteskap og menneskehandel.

Tilskots- og erstatningsforvalting

Bufetats tilskots-, erstatnings- og regelverksforvalting er effektiv og av høg kvalitet.

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

God fagleg og økonomisk styring av ansvarsområda til direktoratet

Bufdir har utvikla styringsdialogen med regionane og utvikla prosessar og system for oppfølging av verksemdsplan og budsjett i direktoratet. For vidare forbetring av styringa skal det utviklast eit heilskapleg styringssystem for heile Bufetat. Dette arbeidet er starta, og Bufdir tek sikte på at delar av dette skal implementerast tidleg i 2009.

Initiere naudsynte faglege endringsprosessar i verksemda

Bufetat har i 2007 gjennomført eit strategiarbeid. Strategiane skal vere ein reiskap til å utvikle ein etat som er i stand til å handtere kortsiktige utfordringar, samstundes som han tek vare på langsiktige målsetjingar og strategiar.

Likeverdig, differensiert og tilstrekkeleg tiltaksapparat og einskapleg praksis

Familievern

Direktoratet starta i 2007 arbeidet med å vurdere grunnlaget for ei best mogleg dimensjonering av familievernet i landet. Dette arbeidet vil bli avslutta ultimo 2008. Det er i dag til dels store skilnader mellom regionane når det gjeld dekningsgraden av familiekontortenester, da målt som talet på familieterapeutar mot befolkning i regionane. Det er særleg i region Midt-Noreg og region vest og dels i region sør at dekningsgraden er låg. Ved eventuell omfordeling av ressursane for å gi eit likeverdig, differensiert og tilstrekkeleg tilbod må ein òg ta omsyn til andre kriterium enn dekningsgrad, som til dømes befolkningas samansetjing, geografiske tilhøve og demografiske skilnader, i tillegg til at det har vore auke i ein ny krevjande type saker der vald i familien er hovudproblemet. Desse sakene krev oftast to terapeutar og lengre handsamingstid i kvar sak.

Barnevern

Figur 4.1 viser utviklinga i del av barn og unge som mottek tiltak frå det statlege barnevernet per tusen barn og unge i regionen frå 2005 til 2007. Det er framleis forskjellar mellom regionane. Forskjellane kan kome av variasjonar i sosiale og økonomiske forhold, og ulike kulturar og tradisjonar i dei ulike regionane. Forskjellane mellom regionane har minska. Regionane sør, Midt-Noreg og nord har lågast del av barn og unge som mottek tiltak, og låg om lag likt i 2007.

Figur 4.1 Del av barn og unge med tiltak 31.12. per 1 000 innbyggjarar
0–19 år etter region. 2005–2007

Figur 4.1 Del av barn og unge med tiltak 31.12. per 1 000 innbyggjarar 0–19 år etter region. 2005–2007

Figur 4.2 viser utviklinga i utgifter til det statlege barnevernet per innbyggjar 0 til 19 år i regionen frå 2005 til 2007, Refusjonar til det kommunale barnevernet for utgifter som overstig satsen for kommunale eigendelar, er trekte frå. Også her er det framleis forskjellar mellom regionane, men forskjellane mellom regionane har minska i perioden.

Figur 4.2 Utgifter trekte frå refusjonar til kap. 855 per innbyggjar
0–19 år. 2005–2007

Figur 4.2 Utgifter trekte frå refusjonar til kap. 855 per innbyggjar 0–19 år. 2005–2007

For å nå måla om eit likeverdig, differensiert og tilstrekkeleg tiltaksapparat har Bufdir arbeidd med mellom anna ferdigstilling av oppgåve- og ansvarsrundskrivet og kompetansehevingsprogrammet for fagteama.

Kostnadseffektiv drift av regionane

Familievern

Budsjettet til familievernet frå 2006 til 2007 hadde ikkje nokon vekst ut over kompensasjon for lønns- og prisvekst. Samstundes var det ein auke i talet på nye saker på 4,9 prosent (nye 1 683 saker). Talet på avslutta saker auka med 8,2 prosent (+ 2 584) i 2007. Ut frå at budsjettrammene ikkje vart auka, er dette ein klar indikasjon på at tenesta har vorte meir kostnadseffektiv.

Når det gjeld talet på timar med klienthandsaming syner tal tilbake til 2005 at det dette året vart gjennomført 101 098 timeavtalar. I 2007 var talet på gjennomførte timeavtalar auka til 132 166. Ved oppsummering av året 2007 melde regionane at dei meinte det ikkje lenger var grunnlag for å drive meir kostnadseffektivt.

Barnevern

Direktoratet har i heile 2007 følgt den økonomiske situasjonen i regionane nøye. Den økonomiske situasjonen og å halde budsjettet har vore tema i alle direktørmøte og verksemdstyringssamtalar.

Også i 2007 har etaten arbeidd med vriding frå bruk av institusjonsplasseringar til meir bruk av fosterheimar og hjelpetiltak i heimen. Det har vore lagt vekt på at plasseringar i eige tiltaksapparat skulle vurderast først. Det var lagt opp til høg kapasitetsutnytting og mindre bruk av private institusjonsplassar. Det var også resultatkrav knytte til beleggsprosent, dagprisar og opphaldstid. Det har vore utarbeidd periodiserte budsjett og tiltaksplanar for å halde budsjettet.

Den nominelle auken i utgifter fråtrekte refusjonar for det statlege barnevernet var på 5,4 prosent frå 2006 til 2007, medan realveksten var på 1,9 prosent. Auken i talet på barn og unge i statlege tiltak var 3,1 prosent målt ved talet på barn ved utgangen av året. Den reelle utgiftsveksten var dermed lågare enn auken i talet på barn og unge. Dette indikerer ei effektivisering av barnevernet i 2007.

Direktoratet inngjekk i 2007 nasjonale rammeavtaler for kjøp av private institusjonsplassar, etter innmelde behov frå regionane. Dette er dels gjort for å halde seg innanfor regelverket for offentlege anskaffingar. Vidare skal rammeavtalane bidra til økonomiske innsparingar i form av lågare prisar enn det som gjennomsnittleg blir oppnådd ved kjøp utanfor avtale, og til at kostnadene blir meir påreknelege ved at prisane er faste og skal inkludere alle kostnader knytte til plasseringane.

Det er i 2007 inngått ein avtale om turnussystem som skal bidra til å gjere arbeidsprosessen med turnus enklare.

Elektronisk fakturahandsaming

Bufetat fullførte implementering av elektronisk fakturahandsaming våren 2007. Dette har ført til auka rekneskapskvalitet. Elektronisk innsyn gir regionkontora enkel og god oversikt som legg til rette for tiltak for kvalitetsheving.

Oppfølging av merknader frå Riksrevisjonen

Direktoratet har følgt opp merknadene til rekneskapane i regionane.

Direktoratet gjennomførte konkurranse for inngåing av rammeavtale for kjøp av 100 enkeltplassar som kan brukast av alle regionar, med gjeldande kontraktar frå desember 2007.

I desember 2007 mottok direktoratet ein ekstern evalueringsrapport om Omsorgsdatabasen (ODA). Rapporten konkluderte med at dagens fag- og rapporteringssystem har store manglar. Bufetat vil likevel inntil vidare vidareføre arbeidet med å forbetre ODA.

Direktoratet har i 2007 arbeidd med å utvikle eit system for økonomisk vurdering av dei private barneverninstitusjonane. Systemet skal brukast både ved innkjøp av plassar, i godkjenningsprosessar og i etterfølgjande kontrollar. Systemet, med rutine, sjekklister og mal for dokumentasjon, vart fastsett i byrjinga av 2008.

Direktoratet gjennomførde hausten 2007 eit utvalsarbeid ut frå kommentarar frå Riksrevisjonen, for å samordne tilskotsordninga i regionane til dei private familievernkontora. Frå 2008 er den nye ordninga i drift.

Godt rettsvern og god kvalitet i sakshandsaminga

Saker skal handsamast innan gitte tidsfristar og med høg kvalitet

Adopsjon

Sakshandsamingstida i adopsjonssaker varierer mellom regionane. Det er også variasjon i talet på saker. Ingen av regionane innfrir kravet om tre månaders sakshandsamingstid, men resultata er betra sett mot året før. Sakshandsamingstida er halden i fleirtalet av sakene. Den tida det tek å få ei sak fullstendig opplyst, til dømes innhenting av tilleggsrapport i kommunen eller tilleggsopplysningar frå søkjarane, er inkludert når sakshandsamingstida blir rekna ut. Årsaka til at sakshandsamingstida har gått ut over dei fastsette krava, er derfor mellom anna forhold som Bufetat ikkje rår over.

Bufetat utarbeidde i 2007 nye og strengare reglar for tilsynet med dei tre adopsjonsforeiningane. Dette gjeld kontrollen med budsjett og rekneskap, i tillegg til jamlege møte med foreiningane. Direktoratet har òg laga nye og meir detaljerte rutinar og sjekklister i høve til tilsynsreisene til land som norske adoptivforeldre mottek barn frå.

Alle regionane har i 2007 gitt tilbod om opplæring til kommunane. Ein representant frå Bufdir har delteke på kursa med informasjon om adopsjonsførebuande kurs. Opplæringstiltaka retta mot dei tilsette i regionane har i hovudsak bestått i deltaking på fagdagane i Bufdir i tillegg til spesifikke kurs regionane har delteke på i eigen regi.

I 2007 vart det halde 21 adopsjonsførebuande kurs med til saman 460 deltakarar.

Saker om rettferdsvederlag

Bufdir tok imot 827 nye søknader om rettferdsvederlag i 2007. Ved inngangen til 2007 var sakshandsamingstida på to år. Gjennom året har det vore ein nedgang i sakshandsamingstida, og ved utgangen av 2007 var gjennomsnittleg sakshandsamingstid redusert til eitt år.

Bufdir handsama ferdig 1 198 saker i 2007, mot 243 saker i 2006. Dette inneber at direktoratet handsama dei fleste av sakene som kom inn i 2005 og 2006, i 2007.

Totale restansar ved årsskifte 2007/2008 var 801 saker. Av desse var 68 saker komne inn før 2007. 36 av dei 68 sakene vart handsama ferdig i januar 2008. Dei resterande 32 sakene er under utgreiing. Dei viktigaste årsakene til at sistnemnte saker ikkje er handsama ferdig er:

  • Endringar av utvalets praksis undervegs.

  • Manglande eller sein tilbakemelding frå søkjaren.

  • Nye påstandar som blir reiste undervegs.

  • Kommunar som bruker lang tid på å svare på rådspørjingar.

Saker etter ekteskapsloven

Bufdir har motteke 161 saker etter ekteskapsloven i løpet av 2007. Sakene er handsama innan tidsfristen.

Sakene er fordelte på følgjande grunnlag:

  • Klager over fylkesmannens vedtak om separasjon, skilsmisse eller godkjenning av utanlandsk skilsmisse, 62 saker.

  • Ekteskapsattestar, 63 saker.

  • Godkjenning av ugyldige vigslar, 19 saker.

  • Godkjenning av vigselritual, 15 saker.

  • Dispensasjon frå ekteskapslova § 1, 2 saker.

Fordelingsutvalet for tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar

Fordelingsutvalet fordelte 69,9 mill. kroner til nasjonal drift og 3 mill. kroner til internasjonal drift i 2007.

Mål og strategiar

For 2009 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

God fagleg og økonomisk styring av Bufetat

Barna sine interesser ved innanlands- og utanlandsadopsjon er tekne hand om

Sakshandsaminga skal vere effektiv, ha høg kvalitet og sikre likebehandling

Effektivt tilsyn og oppfølging av adopsjonsformidlarane skal sikre at norsk og internasjonalt regelverk blir følgt

Bufetats tilskots-, og erstatnings- og regelverksforvalting er effektiv og av høg kvalitet

God fagleg og økonomisk styring av Bufetat

Direktoratet skal sikre at regionane har god ressursutnytting, og er ansvarlege for at etaten når sine mål. Etaten vart oppretta mellom anna for å skape eit betre barnevern og familievern med god kontroll over økonomiske midlar. Det er direktoratets oppgåve å nå måla frå reforma i 2004, og å oppfylle mål vedtekne av Stortinget med dei ressursane dei har til disposisjon.

Direktoratet skal sikre seg oversikt over årsaker til ulikskapar i dagprisar i ulike tiltak mellom regionane. Denne kunnskapen skal brukas til å fastsette mål for kvar enkelt region. Erfaringsutveksling mellom regionane er nødvendig for å forbetre effektiviteten gjennom gjensidig læring. Styringssystema i etaten skal vidareutviklast og forbetras for å ivareta nødvendige styrings- og kontrollbehov. Direktoratet skal sikre faglige og økonomiske endringsprosessar, mellom anna arbeidet med å skape eit meir likeverdig og kvalitativt betre tilbod med god økonomisk styring i heile verksemda.

Styringa av etaten er i kontinuerleg utvikling. Gode og velutvikla styringssystem skal bidra til at etaten har gode rutinar og likeverdige tilbod og praksis i alle regionane. Direktoratet skal sikre samarbeid mellom regionane innanfor dei ulike tiltaksområda, sikre effektiv ressursutnytting og god fagleg oppfølging av regionane. Bufetat kjem til å halde fram arbeidet med å leggje til rette for eit likeverdig tenestetilbod.

Bufdir har ansvaret for at utvikling på etatens fagfelt blir formidla og teke omsyn til i regionane. Direktoratet skal sikre eit godt miljø for utveksling av erfaringar mellom regionane slik at etaten utnyttar potensialet for gjensidig læring.

Sidan staten overtok familievernet og barnevernet, har det vore ei uttalt målsetjing at det skal utviklast samarbeid mellom fagfelta familievern og barnevern. Samarbeidet mellom dei to fagfelta bør utviklast vidare. Døme på metodar som særleg tek hand om dette, er FFT (funksjonell familieterapi) og PMTO. Eit anna døme er det arbeidet som blir gjort for å leggje til rette for familiane si medverking i barnevernet.

Bufdir har hovudansvar for å implementere og vidareutvikle foreldrerettleiingsprogrammet, mellom anna gjennom å byggje opp eit trenerkorps i Bufetat. Trenarane blir i hovudsak rekruttert frå familievernkontor og fagteam. Dei som har trenarkompetanse, er så ansvarlege for opplæring av og for å skape nettverk for kommunale rettleiarar. Tilbodet skal gradvis byggjast ut, slik at heile landet får eit likeverdig tilbod. Frå Bufetat si side er opplæring av trenarar prioritert både i 2007 og 2008. To fagpersonar med samisk bakgrunn er under opplæring.

Det blir registrert aukande etterspørsel frå både kommunalt tilsette om opplæring i programmet og frå foreldre med spørsmål om tilbod om foreldrerettleiing. For å møte behovet om tilbod over større delar av landet vart det hausten 2007 rekruttert fleire einingar frå Bufetat til trenerkorpsa. Dagens implementeringstakt viser at vi er på god veg til å nå heile målsetjinga om Gode tilbod over heile landet.

Barna sine interesser ved innanlands- og utanlandsadopsjon er tekne hand om

Bufdir har ansvaret for at sakshandsaminga i adopsjonssaker følgjer aktuelt regelverk. Sjå òg omtale under kap. 852. Utanlandsadopsjon skal gjennomførast forsvarleg og med vekt på barnets interesser. Bufdir har òg ansvaret for å tilby og gjennomføre adopsjonsførebuande kurs for alle førstegongssøkjarar, og føre tilsyn med dei godkjende adopsjonsorganisasjonane.

Sakshandsaminga skal vere effektiv, ha høg kvalitet og sikre likebehandling

Bufdir har ansvaret for at sakshandsaminga i adopsjonssaker følgjer aktuelt regelverk. Det skal og leggjast til rette for å ivareta og utvikle heilskapleg praksis i alle delar av landet. Sjå og omtale under kapittel 852.

Effektivt tilsyn og oppfølging av adopsjonsformidlarane skal sikre at norsk og internasjonalt regelverk blir følgt

Utanlandsadopsjon skal gjennomførast forsvarleg og med vekt på barnets interesser. Bufdir har og ansvar for å tilby og gjennomføre adopsjonsførebuande kurs for alle førstegangssøkjarar og føre tilsyn med dei godkjente adopsjonsorganisasjonane.

Bufdir er sentralstyresmakt etter Haag-konvensjonen om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar.

Bufetats tilskots-, og erstatnings- og regelverksforvalting er effektiv og av høg kvalitet

Bufetat har ansvaret for regelstyrte ordningar og tilskotsforvalting innanfor valdsførebyggjande tiltak, krisetiltak, tiltak som gjeld samliv, familie, kvinne og likestilling, og adopsjon og adopsjonsstøtte. For alle ordningane og tilskota skal sakshandsaminga følgje aktuelt regelverk.

For saker om rettferdsvederlag er målsetjinga eit års gjennomsnittleg sakshandsamingstid.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap 855 post 01

Løyvinga dekkjer lønnsutgifter og andre driftsutgifter ved Bufdir blant anna knytte til opplæring, leige og drift av lokale, og kjøp av varer og tenester. Det er foreslått ei løyving på 170,62 mill.kroner på posten for 2009. Ein foreslår å auke posten med 124 000 kroner til å dekke fylkesnemndenes del av Bufdirs drifts- og vedlikeholdskostnader knytt til IKT. Ein foreslår at midlane blir flytte til kap. 858 post 01 mot ein tilsvarande nedjustering av kap. 854 post 01. Det blir vist til omtale under kap. 854 post 01.

Det er foreslått å auke posten med 3,89 mill. kroner som følgje av tilsvarande reduksjon av kap 830 post 21.

BLD foreslår å auke kap. 858 post 01 med 6 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 855 post 21. Midlane skal dekkje eksisterande stillingar i utviklings- og kvalitetssikringseining for kunnskapsbaserte metodar i direktoratet.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak og utbetalingar av godtgjeringar for medlemmene i Fordelingsutvalet. For 2009 er det foreslått ei løyving på 2,13 mill. kroner på posten.

Post 22 Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar

Posten skal dekkje reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar. Det er foreslått å auke løyvinga med 7,41 mill. kroner. For 2009 er det dermed foreslått ei løyving på posten på 28,29 mill. kroner.

Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Diverse inntekter

676

433

433

16

Refusjon av foreldrepengar

1 299

17Refusjon lærlingar69

18

Refusjon av sykepengar

1 268

Sum kap. 3858

3 312

433

433

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak. Inntektene er tilknytte eigendelar i samband med deltaking i Hva med oss? og inntekter i samband med andre samlivstiltak. Storleiken på inntektene varierer frå år til år.

Post 16 Refusjon av foreldrepengar

På posten blir det rekneskapsført refusjonar i samsvar med ordninga med refusjon av foreldrepengar. Utgifter motsvarande refusjonen blir rekneskapsførte på kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Post 18 Refusjon av sjukepengar

På posten blir det rekneskapsført refusjonar i samsvar med ordninga med refusjon av sjukepengar. Utgifter motsvarande refusjonen blir rekneskapsførte på kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Kap. 859 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Driftsutgifter, kan overførast

5 947

6 139

6 893

Sum kap. 859

5 947

6 139

6 893

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Ivaretaking av det internasjonale samarbeidet på ungdomsområdet gjennom EUs nye ungdomsprogram

EU sitt nye ungdomsprogram kjent blant potensielle søkjarar

EU sitt ungdomsprogram Aktiv ungdom starta opp i 2007 som ei vidareføring av programmet UNG i Europa. Målet for Aktiv ungdom er å fremme ei breiare forståing av europeisk medborgarskap, demokrati, felles verdiar og kulturelt mangfald blant barn og unge. Programmet støttar ulike aktivitetar og prosjekt, for eksempel gruppeutveksling, ungdomsinitiativ, frivillig arbeid i utlandet, opplæring av ungdomsarbeidarar og -leiarar, og andre former for europeisk samarbeid.

I 2007 kom det inn 159 søknader om støtte til prosjekt. Dette er ein nedgang samanlikna med tidlegare år, noko som kjem av at programmet kom seint i gang i Noreg grunna sein integrering i EØS-avtalen. Samstundes treng målgruppa tid på å bli kjend med det nye programmet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har prioritert søknader frå ungdom med særskilde behov, og er nøgd med at om lag ein tredjedel av dei godkjende prosjekta var for denne målgruppa i 2007.

Samarbeid med dei nye EU-landa og ikkje-medlemsland, spesielt i Nordvest-Russland

Utsiktene for bilaterale prosjekt med dei nye EU-landa etter 2004 har vorte godt motteke blant norske ungdommar, og har ført til auka samarbeid. Talet på godkjende prosjekt med samarbeidspartnarar frå nye EU-land i 2007 fordeler seg slik: 16 gruppeutvekslingar, to demokratiprosjekt, fem opplæring av ungdomsarbeidarar/-leiarar,16 volontørar til Noreg, og om lag seks norske volontørar sende ut.

Samarbeid med ikkje-medlemsland har også vore godt i 2007. Prosjekt som involverer Søraust-Europa, var særleg populære både i 2006 og 2007. Samarbeidet med Nordvest-Russland vart også prioritert av det nasjonale kontoret, men har ikkje resultert i godkjende prosjekt i 2007.

Mål og strategiar

For 2009 blir følgjande mål prioritert:

Delmål

Resultatmål

Solidaritet og toleranse blant ungdom

Solidaritet og toleranse blant ungdom

EU-programmet Aktiv Ungdom har som målsetjing å fremme eit aktivt medborgarskap blant ungdom generelt og den europeiske borgarskapen deira spesielt, å utvikle solidaritet og fremme toleranse blant ungdom, særleg for å styrkje den sosiale utjamninga i Unionen, å skape ymsesidig forståing mellom ungdom i ulike statar, å medverke til å utvikle kvaliteten når det gjeld ordningar til støtte for samarbeid på ungdomsområdet og ressursar til ungdomsorganisasjonane i det sivile samfunnet, og å fremme europeisk samarbeid på ungdomsområdet.

Bufdir vil arbeide for å gjennomføre Aktiv Ungdom i Noreg i tråd med målsetjingane i programmet og prioriteringane frå Europakommisjonen si brukarrettleiing.

Gjere EU-programmet Aktiv ungdom betre kjent blant ungdom og dei som arbeider med ungdom

Målgruppa for programmet er ungdom og vaksne i alderen 13–30 år og ungdomsarbeidarar særleg innanfor frivillige organisasjonar og kommunale ungdomstiltak. Ungdom med særskilde behov blir prioritert, det vil seie unge arbeidsledige, unge med nedsett funksjonsevne, med avbroten skolegang, som høyrer til seksuelle minoritetar, i risikosona på grunn av rusmisbruk, psykiske lidingar eller vanskeleg sosioøkonomisk bakgrunn og med minoritetsbakgrunn.

Samarbeid med naboregionane til EU, spesielt Nordvest-Russland, skal òg prioriterast.

Betre kvaliteten på søknadene om tilskot frå EU-programmet Aktiv Ungdom

Bufdir skal bidra til best mogleg kvalitet i prosjekta som blir gjennomførte med tilskot frå Aktiv Ungdom, ved å tilby opplæring i form av kurs og seminar, og spreie informasjon og god skriftleg rettleiing til søkjarane. God kvalitet i prosjekta inneber mellom anna at det blir teke omsyn til unges aktive medverknad i prosjektet, og at det blir lagt til rette for ikkje-formell læring.

Nærmare om budsjettframlegget

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer lønn og utgifter til varer og tenester på det nasjonale kontoret som forvaltar programmet. Ein må sjå løyvinga i samanheng med kap. 3859 EUs ungdomsprogram, som omhandlar Europakommisjonen sitt bidrag til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. Nettokostnaden på posten etter frådrag for inntektene under kap. 3859, er Noreg sin nasjonale del av drifta av det nasjonale kontoret for EU-programmet Aktiv Ungdom. I 2009 er det foreslått å auke løyvinga på posten med 378 000 kroner. Årsaka er dei auka krava frå Europakommisjonen til det nasjonale kontoret når det gjeld gjennomføringa av programmet, og at kap. 3859 EUs ungdomsprogram, tilskot frå Europakommisjonen er auka med tilsvarande beløp.

Kap. 3859 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Tilskot frå Europakommisjonen

2 462

1 922

2 300

16

Refusjon av foreldrepengar

346

18

Refusjon av sykepengar

25

Sum kap. 3859

2 833

1 922

2 300

Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen

Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av EUs ungdomsprogram, Aktiv Ungdom. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet utarbeider ein arbeidsplan og eit driftsbudsjett for det nasjonale kontoret, som blir godkjende av BLD og Europakommisjonen. Budsjettframlegget er auka med 0,378 mill. kroner til 2,3 mill. kroner, i samsvar med Europakommisjonens framlegg for Europaparlamentet til budsjettvedtak for 2009.

Post 16 Refusjon av foreldrepengar

På posten blir det rekneskapsført refusjonar i samsvar med ordninga med refusjon av foreldrepengar. Utgifter motsvarande refusjonen blir rekneskapsførte på kap. 859 EUs ungdomsprogram.

Post 18 Refusjon av sjukepengar

På posten blir det rekneskapsført refusjonar i samsvar med ordninga med refusjon av sjukepengar. Utgifter motsvarande refusjonen blir rekneskapsførte på kap. 859 EUs ungdomsprogram.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikken

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

860

Forbrukarrådet

84 999

91 654

94 137

2,7

862

Positiv miljømerking

4 162

4 341

4 532

4,4

865

Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

17 251

23 348

25 151

7,7

866

Statens institutt for forbruksforsking

23 979

25 010

25 660

2,6

867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

6 030

7 057

7 449

5,6

868

Forbrukarombodet

19 056

18 497

19 533

5,6

Sum kategori 11.30

155 477

169 907

176 462

3,9

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

01-23

Drift

38 144

44 833

47 885

6,8

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

108 978

116 664

119 797

2,7

70-98

Overføringar til private

8 355

8 410

8 780

4,4

Sum kategori 11.30

155 477

169 907

176 462

3,9

Inntekter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

3867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

117

3868

Forbrukarombodet

1 557

Sum kategori 11.30

1 674

Hovudinnhald og prioriteringar

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikken inneheld løyvingar til Forbrukarrådet, Positiv miljømerking, Statens institutt for forbruksforsking, Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet, Forbrukarombodet og Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid. Budsjettforslaget på programkategorien viser ein auke på i overkant av 6,5 mill. kroner.

Regjeringa vil føre ein politikk som i varetek forbrukarane sine interesser og rettar, og som sikrar forbrukarane gode og tryggje rammevilkår. Forbrukarorganisasjonane spiller ei viktig rolle ved å uttrykke brukarane sine interesser overfor næringsliv og offentleg tenesteyting, og bidra til at forbrukaromsyn vert teke omsyn til ved offentlege vedtak.

Hovudprioriteringar i forbrukarpolitikken er:

  • Vidareutvikle finansportalen.no

  • Styrkje miljømerka Svanen og Blomen.

  • Medverke til at skoleelevar får kunnskapar om mellom anna berekraftig forbruk, kjøpepress og personleg økonomi.

  • Sikre at relevant forbrukarinformasjon blir tilgjengeleg for fleire grupper av forbrukarar.

Kap. 860 Forbrukarrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

50

Basisløyving

84 999

91 654

94 137

Sum kap. 860

84 999

91 654

94 137

Status for verksemda

Forbrukarrådet er ein uavhengig interesseorganisasjon som skal påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre meir forbrukarvennleg enn dei elles ville gjort, og dyktiggjere forbrukarar til å meistre rolla si best mogleg. I tillegg skal Forbrukarrådet gi bistand til forbrukarane.

Forbrukarrådet, som blir leidd av ein direktør og har ti regionkontor, er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, eigne vedtekter og eit styre.

Årleg får Forbrukarrådet over 100 000 telefonar frå forbrukarar som ønskjer hjelp. I ein analyse av svartenesten til Forbrukarrådet i 2007 var 57 prosent av innringjarane menn.

Stadig fleire forbrukarar nyttar forbrukerportalen.no og den nettbaserte klagerettleiinga som finst der. Forbrukar-rapporten er også ein viktig informasjonskanal. Om lag 60 prosent av lesarane av denne er kvinner.

73 prosent av dei spurte svarte i 2007 at dei var godt nøgde med svartenesten til Forbrukarrådet. Det var ingen klår skilnad mellom kor godt nøgde menn og kvinner var.

Regionkontora til Forbrukarrådet har ansvar for regionalt forbrukarpolitisk arbeid. I tillegg har dei på konkrete område nasjonalt fagansvar/prosjektansvar.

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Sterkare forbrukarvern

Eit forbruk som ikkje trugar helsa til forbrukarane, og gode erstatningsrettar dersom skade oppstår

Forbrukarrådet samarbeidde med nettverksorganisasjonen Grønn Hverdag og Stiftelsen Miljømerking om tiltak for å fremme kjøp av berekraftige og miljøvennlege produkt. Grønn Hverdag og Stiftelsen Miljømerking vart også brukte til å byggje opp miljøkompetanse i Forbrukarrådet.

Forbrukarrådet byrja å arbeide på eit prosjekt som skal dokumentere utvalet av og tilgangen på produkt med fair trade-, økologisk- og miljømerke. Prosjektet skal også identifisere kompetansen om etikk og miljø blant butikktilsette. Målet er å få til eit betre og meir synleg utval av produkt som har ei etisk og berekraftig forhistorie. Som ein del av prosjektet skal det også lagast ein etikk- og berekrafttest som skal bidra til å identifisere prisforskjellar mellom økologisk merkte og miljømerkte produkt og tilsvarande produkt utan slike merke.

Forbrukarrådet uttalte seg om gjennomføringa av kjemikalieforordninga til EU (REACH – Registration-Evaluation-Authorisation-Chemicals) i Noreg.

Forbrukarrådet oppretta ei arbeidsgruppe som skal arbeide for å etablere ei forbrukarnettside om kjemikaliar. Deltakarar i arbeidsgruppa er, forutan Forbrukarrådet, Statens forureiningstilsyn, Stiftelsen Miljømerking, Grønn Hverdag, Mattilsynet og Produktregisteret.

Forbrukarrådet har arbeidd aktivt overfor styresmaktene for å få etablert ei erstatningsordning for helseskadar etter bruk av forbruksvarer, til dømes kjemikaliar og farleg mat. Spørsmål om utmåling av erstatning for personskadar blir no vurderte av eit lovutval nedsett i 2008.

Godt forbrukarvern for mellom anna flypassasjerar og privatskuleelevar

For å sikre eit reelt formelt forbrukarvern for flypassasjerar deltok Forbrukarrådet i arbeidet med å få oppretta ei ny flyklagenemnd. Dette arbeidet er ikkje avslutta.

Til forbrukarportalen.no vart det utarbeidd forbrukarinformasjon om privatskolar. På denne portalen kan ein no finne tips om kva ein bør undersøkje før ein vel skole og om korleis ein bør gå fram ved misnøyesituasjonar. Det vart også laga ein klagerettleiar med brevmalar om eksempelvis kvaliteten på undervisninga, prisauke, oppseiing og andre avbrot frå skolen.

Forbrukarrådet arbeidde for å få etablert minstestandardar for avtaler og for at privatskolane skal gjennomføre brukarundersøkingar for å evaluere kvaliteten på undervisninga. Det vart også etablert kontakt med Forum for Fagskolar om å utvikle ei enkel og effektiv klageordning for privatskolar.

Auka brukarperspektiv innanfor helseføretaka

Forbrukarrådet arbeidde for meir openheit om service, behandlingsstatistikk og avvik i norske helseføretak. For å betre pasientinformasjonen ønskjer Forbrukarrådet at sjukehusa skal offentleggjere kvalitetsdata. Forbrukarrådet greidde ut om eit system for å offentleggjere slike data kan etablerast i Noreg, etter mønster av det danske systemet for offentleggjering av slike data.

Teknologi og standardar som ikkje innskrenkar rettane og valhøva til forbrukarane

Forbrukarrådet arbeider for at teknologi og standardar ikkje skal avgrense rettane og valhøva til forbrukarane, og for at forbrukarane heller ikkje skal bli pressa til å kjøpe grupper av produkt som er i slekt frå same produsent gjennom tekniske sperrer og avtalevilkår. Forbrukarrådet dreiv i 2007 med aktiv oppfølging av klagen sin til Forbrukarombodet på standardvilkåra til iTunes. Vidare reiste Forbrukarrådet ein debatt om retten for forbrukarane til å kjøpe enkeltkanalar på TV framfor heile kanalpakker.

For å styrkje stillinga til forbrukarane i marknaden for digitale varer og tenester lanserte Forbrukarrådet i 2007 Dine Digitale Rettigheter (DDR). For å sikre at rettane i DDR blir gjennomførte, vart desse presenterte for ulike instansar innanfor EU. Norske instansar viste også aukande interesse for DDR, som grunnlag for regulering av marknadsinteressene.

Forbrukarrådet arbeidde vidare med å sikre at det offentlege tek forbrukaromsyn i utviklinga av eNorge, og deltok mellom anna i det rådgivande organet for IT-saker som Fornyings- og administrasjonsdepartementet har etablert.

Som ein del av arbeidet med opne standardar (standardar som skal sikre samhandling mellom ulike IT-system og plattformer) vart det i 2007 gjennomført testing av ulike offentlege tenester. Forbrukarrådet deltok mellom anna i kåringa av Postens netthandelspris og i Brukerforum for Offentlig elektronisk postjournal.

Forbrukarrådet innleidde eit samarbeid med Forbrukarombodet og Post- og teletilsynet for mellom anna å sikre forbrukarane rett til fritt å kunne bruke Internett. Forbrukarrådet samarbeidde også internasjonalt via Transatlantic Consumer Dialog (TACD) og Den europeiske forbrukarorganisasjonen (BEUC) om dette.

Forbrukarrådet gjennomførte ei kartlegging av kva forbrukarane meistrar og ikkje meistrar ved bruk av Internett som handelskanal (digital kompetanse). Kartlegginga synte at det blant dei som hadde brukt Internett til handel, berre var små forskjellar mellom kvinner og menn og mellom aldersgruppene. Det var få som hadde opplevt problem med å handle på Internett. Kartlegginga vil danne grunnlag for vidare informasjonsarbeid med sikte på at forbrukarane betre skal kunne bruke Internett til handelsformål. Forbrukarrådet utarbeidde også ein handlingsplan for netthandel.

Verksam konkurranse i finansnæringa gjennom samanlikning av finansprodukt

Forbrukarrådet vidareførte arbeidet med å sikre betre konkurranse innanfor finansnæringa. Ein vesentleg del av dette arbeidet var knytt til utvikling og ferdigstilling av finansportalen.no, som vart lansert i januar 2008. Denne portalen gjer det enklare for forbrukarane å samanlikne dei mange og ulike produkta som finst på marknaden for sparing, lån og forsikring. Større marknadsmakt til forbrukarane med grunnlag i betre produktkunnskap kan føre til større konkurranse mellom bankar og finansinstitusjonar om å tilby forbrukarane betre produkt til lågare pris. Konkurransetilsynet og Kredittilsynet deltok aktivt i utviklinga av portalen. Portalen er utforma slik at også blinde eller svaksynte skal kunne bruke han. Forbrukarrådet var aktivt i den offentlege debatten om rolla til dei som sel finansprodukt. Rådet samarbeidde med finansorganisasjonane om sertifiserings- og autorisasjonsordningar og opplegg for betre kunderettleiing. I tillegg samarbeidde Forbrukarrådet med Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH) om ei omdømmeundersøking.

Forbrukarrådet deltok i ei arbeidsgruppe i regi av Sosial- og helsedirektoratet for å sikre dei som er mest utsette for gjeldsproblem, meir og betre rådgiving på kommunalt nivå. Det vart også arrangert basiskurs i forbrukarlære for minoritetsspråklege.

Gode og effektive klageordningar for forbrukarane

Med grunnlag i ei evaluering frå Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) av klageordningar og klagenemnder, vart det sett i gang eit samarbeid mellom Forbrukarrådet og BLD om ei utgreiing om korleis forbrukarklagesystemet bør sjå ut i framtida.

Forbrukarrådet retta stor merksemd mot kompetansen til klagenemndene og kvaliteten på arbeidet til nemndene. Det vart også utarbeidd nye sakshandsamingsrutinar for sakene til Forbrukartvistutvalet, og dette førte til høgare kvalitet på det førebuande arbeidet i desse klagesakene.

Forbrukarrapporten gjennomførte for andre gong ei undersøking av servicenivået i kommunane. Denne synte at servicenivået framleis var for dårleg i mange kommunar. Undersøkinga førte til ein brei debatt om nivået på den servicen kommunane gir til innbyggjarane. Etter at undersøkinga blei gjennomført har Forbrukarrådet gitt hjelp til fleire kommunar som ønskjer å heve servicenivået.

Dei kommunale klagenemndene vart evaluerte. Evalueringa synte at desse klagenemndene er lite kjende blant innbyggjarane i kommunane.

Forbrukarrådet gjennomførte også ei undersøking for å finne ut kor godt forbrukarane kjenner til dei andre klagenemndene. Undersøkinga synte at forbrukarane treng meir informasjon om dette viktige forbrukartiltaket.

Arbeidet med å etablere ei klageordning for kollektivtransport vart forseinka på grunn av manglande vilje frå avtalepartane (kollektivselskapa) til å stille nødvendige ressursar til disposisjon for arbeidet.

Informerte og kompetente forbrukarar

Informasjon som fremmar verksam konkurranse og forbrukarmakt

Arbeidet med informasjon som fremmar konkurranse og forbrukarmakt vart tekne hand om gjennom prosjektet for etablering av finansportalen.no.

For å sikre at Forbrukarrådet blir i stand til å gi informasjon til forbrukarane på ein mest mogleg riktig måte, vart det oppretta eit forbrukarpanel med både menn og kvinner der undersøkingane primært blir gjennomførte ved hjelp av Internett. Panelet gjer det enklare for Forbrukarrådet å sikre at informasjonen er tilpassa kvardagen til forbrukarane.

I samband med Forbrukardagen 2007 lanserte Forbrukarrådet Kjøpevettreglene. Dette er ti grunnleggjande rettar og plikter forbrukarane har. Reglane skal gjere kvardagen enklare for forbrukarane. Reglane vart presenterte i bankkortformat, slik at dei enkelt kan takast med i lommeboka. Kjøpevettreglane kan også lastast ned som podcast/lydfil, til for eksempel mp3-spelarar eller mobiltelefonar.

I samband med Forbrukardagen 2007 gjennomførte Forbrukarrådet ei stor undersøking av kor gode kunnskapar seljarane i møbel- og elektronikkbutikkar har om rettane forbrukarane har ved kjøp av produkta og tenestene dei tilbyr. Undersøkinga synte at mange av seljarane hadde mangelfulle kunnskapar. Forbrukarrådet let metoden frå denne undersøkinga gå inn i grunnlaget for å utarbeide eit forbrukarpanel som skal bruke den same eller liknande metodar i framtidige undersøkingar. Metoden vart også brukt i eit stort prosjekt som såg nærmare på verksemda til eigedomsmeklarar, mellom anna opplevinga som folk har av tenestene og problem knyte til desse.

Forbrukarrådet fekk klarlagt at Fornyings- og administrasjonsdepartementet ikkje såg høve til å prioritere endringar i konkurranselova. Forbrukarrådet valde derfor å ikkje følgje opp dette punktet spesifikt, men å overvake konkrete fusjonssaker i perioden.

I samband med at Finansdepartementet hadde eit utkast til strategi for ei berekraftig utvikling ute på høyring, gav Forbrukarrådet uttrykk for at det bør fastsetjast klare mål og indikatorar for å måle endringar i produksjons- og forbruksmønsteret.

Forbrukarrådet samarbeidde med ikkje-statlege organisasjonar for å påverke tilbydarsida til å auke utvalet av miljøvennlege og etiske produkt. Forbrukarrådet var representert både i styret til Stiftelsen Miljømerking og Klagenemnda for miljøinformasjon.

Forbrukarrådet deltok i Tekstilpanelet, som er eit initiativ for å redusere helse- og miljøbelastinga frå klede og tekstilar. Panelet er samansett av representantar for industri- og handelsbedrifter, næringslivs- og arbeidstakarorganisasjonar, forbrukarinteresser, miljøorganisasjonar og styresmakter.

I ei høyring til Statens forureiningstilsyn, knytt til gjennomføringa av REACH i Noreg, la Forbrukarrådet stor vekt på at det blir oppretta ein kjemikalieportal og innført eit obligatorisk krav om kjemikaliefaremerke.

Forbrukarrådet kartla i 2007 berekrafta til mobiltelefonar. Kartlegginga synte at norske forbrukarar skiftar ut mobiltelefonane sine svært ofte. Samstundes er returprosenten for mobiltelefonar svært låg. Det vart derfor etablert eit samarbeid med Grønn Hverdag om å gjennomføre kampanjar for å auke returprosenten.

Bidra til at det blir etablert gode merkeordningar for mat og eit betre utval av sunn mat

Som representant i matgruppa til BEUC deltok Forbrukarrådet i den europeiske debatten om merking av matvarer. Forbrukarrådet tok til orde for å få innført ei felles europeisk symbolmerkeordning. Nasjonalt deltok Forbrukarrådet i ei referansegruppe i regi av Mattilsynet for å greie ut innføring av ei sunnheitsmerking for matvarer i den norske daglegvarehandelen.

Forbrukarrådet samarbeidde med næringslivet om å utarbeide retningslinjer for ei meir ansvarleg marknadsføring av mat og drikke overfor barn og unge. Merksemda var særleg retta mot marknadsføringa av godteri, sjokolade, snacks og kaker.

Forbrukarrådet gjennomførte ei kartlegging av kvalitetsstandardane for omsetnad av ferskfisk i daglegvarekjedene. Kartlegginga avdekte store sprik i standardane. I forlenginga av dette vart det gjennomført ei landsomfattande undersøking av kvaliteten på ferskfisk selt over disk. Undersøkinga avdekte at rundt halvparten av den distribuerte ferskfisken ikkje var av god nok kvalitet. Forbrukarrådet har etter dette arbeidd med å få etablert mellom anna ei ordning for datomerking om lagringsevna til ferskfisk. Fiskeri- og kystdepartementet har følgt opp ved å sende ut ei høyring om ulike merkeutfordringar på ferskfiskområdet.

Samanliknbar informasjon om tenester gjennom testar

Forbrukarrådet gjennomførte 52 vare- og tenestetestar i 2007. Alt frå servicenivået i kommunane til bilbarnesete, sykkelhjelmar, drosjer og nettbutikkar vart testa. Testresultata vart publiserte på forbrukerportalen.no og i Forbruker-rapporten.

Mål og strategiar

Forbrukarrådet vil i 2009 prioritere følgjande mål:

Delmål

Resultatmål

Sterkt vern av forbrukarane

Informerte og kompetente forbrukarar

Sterkt vern av forbrukarane

Styrkt forbrukarvern ved sal av finansielle produkt

Det blir presentert stadig nye og kompliserte finansielle produkt som forbrukarane ikkje har gode nok føresetnader for å forstå. Produkta er derfor lite eigna for forbrukarmarknaden.

Dei nye MiFID-reglane (Marknader for finansielle instrument) gir betre formelt forbrukarvern. Reglane fører mellom anna til at dei fleste forbrukarane blir klassifiserte som ikkje-profesjonelle investorar, noko som avgrensar høvet til å selje kompliserte spareprodukt til dei.

Konkurransetilsynet håndhever MiFID-reglane, og har i fleire tilfelle gripe inn framfor føretak som følgje av useriøs salsåtferd. Forbrukarrådet vil også følgje utviklinga i sal av spareprodukt for å sikre at alle aktørane følgjer regelverket på høveleg vis, og informera relevante tilsynsstyresmakter om eventuell useriøs åtferd.

Forbrukarrådet vil arbeide for å dyktiggjere forbrukarane slik at dei opparbeider seg ein naturleg, sunn skepsis til kompliserte spareprodukt. Det er viktig å sikre at forbrukarane fullt ut forstår at dei som tilbyr slike produkt, ikkje driv med nøytral økonomisk rådgiving, men sal.

Styrkt forbrukarvern for forsikringskundar

Forbrukarrådet vil, saman med forsikringsbransjen, arbeide for betre og meir forståelege forsikringsvilkår, slik at det mellom anna blir enklare å samanlikne produkt og lettare å forstå innhaldet. Dette arbeidet vil mellom anna bli knytt til vidareutviklinga av finansportalen.no. Ein viktig føresetnad for finansportalen.no sin legitimitet er at portalen er uavhengig og at den gir objektiv informasjon.

Forbrukarrådet vil arbeide vidare med å få på plass ei opplæringsordning for forsikringsseljarar. Ei slik ordning vil sikre meir balanserte salsprosessar, og at seljarane avdekkjer forsikringsbehovet til forbrukaren.

Forbrukarrådet vil følgje opp lovendringane som er vedtekne om sakleg grunn til forsikringsnekting, for å sikre at selskapa endrar praksis i tråd med desse.

God og effektiv tvisteløysing i forbrukarsaker

Forbrukarrådet vil engasjere seg tungt i arbeidet med å analysere og vidareutvikle klagesystema for forbrukarane som BLD har sett i gang.

Gjennom småkravsprosess og gruppesøksmål vil Forbrukarrådet søkje å utnytte høva for meir effektiv tvisteløysing. Advokatordninga til Forbrukarrådet vil halde fram med å føre prinsipielle saker på vegner av forbrukarane. Forbrukarrådet vil også arbeide for å synleggjere høva som forbrukarane har til å få løyst sakene sine gjennom klagenemndene, og effektivisere og vidareutvikle klagenemndene ved å føre inn elektroniske sakshandsamingssystem. Forbrukarrådet vil vurdere behovet for å utvikle nye klagenemnder på område der det ikkje finst effektive tvisteløysingsorgan for forbrukarane, mellom anna på transportområdet og fjernsynsområdet.

Gode vilkår i det digitale forbruket

Forbrukarrådet vil halde fram med å påverke styresmakter nasjonalt og på EU-nivå for å få etablert lovvern av forbrukarrettar som er formålstenlege og balanserte på marknaden for digitale varer og tenester. Forbrukarrådet vil vidare følgje utviklinga av avtalevilkår og kontinuerleg vurdere dei.

Forbrukarrådet vil i tillegg engasjere seg overfor nasjonale offentlege aktørar som digitaliserer og legg ut kulturelt innhald, og medverke til at dette blir gjort tilgjengeleg på vilkår som tek vare på forbrukarinteressene.

Tilsyna legg auka vekt på omsynet til forbrukarane

Forbrukarrådet har etablert god kontakt med sentrale tilsyn på viktige forbrukarpolitiske område. Forbrukarrådet vil føre denne vidare for å oppnå at det blir lagt ytterlegare vekt på forbrukarperspektivet i konkrete tilsynssaker. Forbrukarrådet ønskjer auka openheit rundt resultata i dei einskilde tilsynsrapportane, slik at forbrukarane betre kan orientere seg ved kjøp av produkt og tenester.

Betre passasjervilkår i kollektivtrafikken

Lovreguleringa av passasjervilkår er avgrensa. I tillegg er passasjerrettane utarbeidde for kvar enkelt transportform varierande og uoversiktlege. Forbrukarrådet vil arbeide for å betre desse vilkåra.

Det er berre på området flytrafikk det finst klagenemnder. Problema med forseinkingar, kansellering og andre avvik er like store innanfor jernbane-, buss- og ferjetrafikk. Arbeidet med å få etablert ei klageordning har så langt ikkje ført fram og må derfor vidareførast i 2009, slik at forbrukarane kan få verkemiddel for å handheve rettane sine.

Informerte og kompetente forbrukarar

Informasjon som fremmar verksam konkurranse og forbrukarmakt

Forbrukarrådet har omfattande kontakt med forbrukarane gjennom om lag 130 000 telefonsamtalar, 20 000 e-postar og 3 mill. unike brukarar av forbrukerportalen.no kvart år. Forbrukar-rapporten har om lag 30 000 abonnentar. Forbrukarrådet har også eigne forbrukarpanel med både menn og kvinner, som blir brukte til undersøkingar. På ulike forbrukarområde blir haldningar og oppfatningar kartlagde. Forbrukarrådet erfarer at medvitet til forbrukarane om marknadsmakt og høvet til å påverke marknaden er små, jf. at så få byter bank. Forbrukarrådet vil at servicetenestene til organisasjonen i større grad skal medverke til å bevisstgjere forbrukarane om marknadsrolla deira.

Forbrukarrådet vil halde fram med å produsere og publisere informasjon, mellom anna tenestetestar på forbrukerportalen.no, for at forbrukarane skal kunne gjere aktive, informerte val. Forbrukarportalen vil framleis bli utforma med vekt på at ulike brukargrupper, også blinde eller svaksynte, skal kunne bruke han. Forbrukarrådet har tidlegare fått mykje ros for måten omsynet til universell utforming har vore lagt vekt på ved utviklinga av portalen.

Forbrukarrådet vil også delta aktivt i revideringa av det europeiske merkeregelverket, mellom anna innafor mat- og miljøområdet.

Betre brukarvennlegheit på den digitale marknadsplassen

Forbrukarrådet vil prioritere arbeidet for å få auka brukartilpassing i offentlege og private digitale tenester. Universell utforming av tekniske løysingar er eit sentralt verkemiddel for å sikre størst mogeleg tilkomst for alle brukargrupper. Forbrukarrådet vil arbeide for at marknadsaktørane nyttar brukarvennlege og sikre betalingsmåtar. Dette er viktig for at forbrukarar med ulik grad av teknisk kompetanse og funksjonsevne kan meistre og ha tillit til den digitale marknadsplassen.

Forbrukarrådet erfarer at medvitet rundt vilkår og innelåsingsmekanismar er lågt, og vil fokusere på at forbrukarane skal forstå dei farane dette representerer.

Enklare etisk og berekraftig forbruk

Forbrukarrådet ønskjer å bevisstgjere forbrukarane om berekraftig forbruksmønster gjennom dyktiggjering. Forbrukarrådet vil i dette arbeidet vidareutvikle sine Hjelp til sjølvhjelpstenester og samarbeide med miljøforvaltingar, næringsaktørar og interesseorganisasjonar. Forbrukarrådet vil i 2009 gå igjennom forbrukerportalen.no og gjere han til ein enda viktigare kanal for informasjon om berekraftig forbruk. Forbrukarrådet vil også setje i gang eit utgreiingsarbeid i 2009 for å identifisere faktorar som kan medverke til eit meir berekraftige forbruksmønster.

Forbrukarrådet vil i 2009 rette merksemda mot etikken og samfunnsansvaret til finansnæringa og korleis dette blir vist i finansielle produkt og tenester til forbrukarane.

Alle får tilgang til marknaden ut frå føresetnadene sine

Forbrukarrådet vil følgje opp antidiskrimineringslova slik at tilkomsten til varer og tenester blir reell også for personar med nedsett funksjonsevne.

For mellom anna å nå fram til minoritetsspråklege forbrukarar vil Forbrukarrådet i eit eige prosjekt gjere viktig forbrukarinformasjon tilgjengeleg på andre språk enn norsk. Eit nettverkssamarbeid for å fremme betre forståing av forbrukarrolla og marknadsmekanismane hos forbrukarar med framand etnisk opphav vil også bli vidareutvikla.

Forbrukarane meistrar bustadmarknaden betre

Forbrukarrådet vil arbeide for at det blir innført eit obligatorisk krav i avhendingslova om at seljaren pliktar å hente inn ein grundig, teknisk tilstandsrapport før sal i forbrukarforhold.

Forbrukarrådet vil arbeide for at det blir innført reglar som tek betre hand om burettslaga og medverkar til å sikre at det berre blir bygt økonomisk trygge burettslag.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer lønnsutgifter til faste medarbeidarar og andre driftsutgifter ved Forbrukarrådet. Posten dekkjer også godtgjering til medlemmene av styret til Forbrukarrådet. Løyvinga skal også dekkje nasjonale utgifter i samband med deltakinga i European Consumer Centres-nettverket.

BLD legg til grunn at løyvinga ikkje fører til uønskte ulikskapar mellom kvinner og menn. Løyvinga kan likevel ha kjønnsrelevans, i det Forbrukarrådet - særleg gjennom informasjonsverksemda si - kan medverke til å jamne ut ulikskapar i til dømes kunnskapar som kvinner og menn kan ha på forbrukarområdet.

Forbrukarrådet har inntekter frå sal av Forbrukar-rapporten.

Som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter er Forbrukarrådet gitt fritak frå det statlege bruttobudsjetteringsprinsippet, jf. Bevilgningsreglementet § 3, fjerde ledd. Tilsetjingstilhøva til dei tilsette er regulerte i lov om statens tjenestemenn. Forbrukarrådet leverer årsrapport til departementet, jf. Bestemmelser om økonomistyring i staten § 1.5.1.

Forbrukarrådet hadde 141 tilsette fordelte på 127 årsverk per 1. mars 2007. Av dei tilsette var 57 menn og 84 kvinner.

Kap. 862 Positiv miljømerking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

70

Driftstilskot til offentleg stiftelse for positiv miljømerking

4 162

4 341

4 532

Sum kap. 862

4 162

4 341

4 532

Status for verksemda

Formålet med miljømerking er å stimulere til ei meir miljøtilpassa produktutvikling og eit mindre miljøbelastande forbruk. Dette skal ein oppnå gjennom å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt og å rettleie forbrukarar og innkjøparar.

Stiftelsen Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester (Svanen). Miljømerking er også ansvarleg organ i Noreg (Competent Body) for miljømerkeordninga til EU (Blomen).

Miljømerking blir leidd av eit styre som består av representantar oppnemnde av BLD, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, LO, Forbrukarrådet, handelskjedene og miljøorganisasjonane.

Miljømerking fekk i 2007 om lag 4,2 mill. kroner i statleg driftsstøtte frå BLD. Av desse vart om lag 2,6 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som ansvarleg organ i Noreg for Blomen. I tillegg fekk Miljømerking om lag 1 mill. kroner frå Miljøverndepartementet etter søknad. Om lag 1,4 mill. kroner i statleg prosjektstøtte vart inntektsførte. Dei samla inntektene var på om lag 18 mill. kroner i 2007. Hovuddelen av desse var knytte til lisensiering av Svanen.

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Stimulere forbrukarane, innkjøparane og produsentane til å gjere val som medverkar til ei berekraftig utvikling

Mange miljømerkte produkt synlege på marknaden

Innanfor Svanemerket vart det vedteke miljømerkingskrav for tre nye produktgrupper. Målet for 2007 var å utvikle slike krav for fire nye produktgrupper. To produktgrupper vart lagde ned. Ved utgangen av 2007 hadde Svanen gyldige miljømerkingskrav for 67 produktgrupper.

I 2007 vart det gitt ut 50 nye lisensar og registreringar for Svanemerket innanfor forskjellige produktgrupper. Målet var å gi ut 60 slike nye lisensar og registreringar. I tillegg vart 42 lisensar og registreringar fornya i samsvar med reviderte og skjerpte miljømerkingskrav. Ved utgangen av 2007 var det 328 gyldige lisensar og registreringar for Svanen i Noreg.

For Blomen var målet i 2007 å tildele tre nye lisensar i Noreg. Ein norsk lisens for Blomen vart tildelt. Avviket frå målet kjem av at Svanen, med sin høge kjennskap blant folk og sitt høge truverde, har styrkt posisjonen sin i den norske marknaden, og at norske aktørar føretrekkjer Svanen. Ved utgangen av 2007 var det seks norske lisensar for Blomen.

I 2007 hadde Miljømerking som mål at 90 prosent av befolkninga skulle ha kjennskap til Svanemerket. Ei undersøking som vart gjennomført, viste at kjennskapen låg på omtrent same nivå som i dei seinaste åra, det vil seie i underkant av 90 prosent.

Miljøforbetre miljømerkte produkt

For å få til ei kontinuerleg miljøforbetring av varer og tenester blir miljømerkingskriteria reviderte og skjerpte kvart tredje til femte år. Før ein revisjon blir det gjort ei evaluering, der målet er å kartleggje høva for å oppnå ytterlegare miljøforbetringar innanfor produktgruppa. Evalueringa tek utgangspunkt i miljøbelastningane produktgruppa representerer, produksjonsmessig utvikling og dei rådande marknadsforholda.

14 kriteriedokument vart evaluerte med sikte på revisjon i 2007, medan målet var å evaluere ti slike dokument. I tillegg vart det vedteke reviderte og skjerpte krav for 11 kriteriedokument.

Mål og strategiar

Miljømerking vil i 2009 prioritere følgjande mål:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikatorar

Forbrukarar, innkjøparar og produsentar tek val som medverkar til ei berekraftig utvikling

Mange miljømerkte produkt er synlege på marknaden

Tal på nye produktgrupper det blir vedteke kriterium for

Tal på nye norske lisensar og registreringar for Svanen innanfor ulike produktgrupper

Kjennskapen til Svanen i befolkninga (i prosent)

Kjennskapen til Blomen i befolkninga

Miljømerkte produkt er miljøforbetra

Tal på reviderte kriteriedokument

Tal på fornying av lisensar og registreringar

Forbrukarar, innkjøparar og produsentar tek val som medverkar til ei berekraftig utvikling

Mange miljømerkte produkt er synlege på marknaden

Målet om at mange miljømerkte produkt skal vere synlege på marknaden, skal ein oppnå ved å auke talet på lisensierte produkt i Noreg for produktgrupper som det allereie er utarbeidd miljømerkingskrav til. Samtidig skal det utarbeidast miljømerkingskrav for heilt nye produktgrupper, slik at miljømerking får innpass på nye produktområde og stadig fleire produkt kan bli miljømerkte.

I 2009 er målet for Svanemerket å utvikle miljømerkingskrav for tre nye produktgrupper, og å utferde 60 nye norske lisensar og registreringar innanfor forskjellige produktgrupper.

Fleire lisensar og registreringar går ut i 2009 som følgje av reviderte og skjerpte kriterium for fleire produktgrupper, slik at nettoauken av norske lisensar og registreringar vil vere lågare.

For å sikre at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden aukar, er det viktig at forbrukarar og innkjøparar i enda større grad får kjennskap til og etterspør slike. For 2009 har Miljømerking som mål at 90 prosent av befolkninga skal ha kjennskap til Svanemerket. For Blomen er det eit langsiktig mål å auke kjennskapen til 30 prosent. Kjennskapsundersøkingar tyder på at kjennskapen til Svanen i 2007 låg på i underkant av 90 prosent, medan kjennskapen til Blomen låg på litt over 15 prosent. Det var ingen signifikante forskjellar i kjennskapen til miljømerka mellom menn og kvinner. Det vil bli arbeidd vidare med å auke kunnskapen om og truverdet til merka, ikkje minst til at merkinga tek klimaomsyn, slik at forbrukarar og innkjøparar i aukande grad etterspør miljømerkte produkt.

Miljømerkte produkt er miljøforbetra

For å få til ei kontinuerleg miljøforbetring av varer og tenester blir miljømerkingskriteria reviderte og skjerpte kvart tredje til femte år. I 2009 er målet å revidere 15 kriteriedokument, spesielt med omsyn til å skjerpe klimarelaterte krav og miljøgiftskrav. For å sikre at varer og tenester skal bli meir miljøvennlege, er det også viktig at lisensar og registreringar som går ut, blir fornya etter dei skjerpte kriteria. I 2009 er målet å fornye 40 lisensar og registreringar.

Næmare om budsjettforslaget

Post 70 Driftstilskot til offentleg stiftelse for positiv miljømerking

Posten dekkjer tilskot til administrasjon av den nordiske miljømerkeordninga og utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU.

BLD legg til grunn at løyvinga ikkje fører til uønskte ulikskapar mellom kvinner og menn.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

13 058

19 279

20 903

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

4 193

4 069

4 248

Sum kap. 865

17 251

23 348

25 151

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Ta vare på interessene og rettane til forbrukarane

Ei lovgiving som tek vare på interessene og rettane til forbrukarane

Ei moderne og effektiv marknadsføringslov

Marknadsføringslova skal både verne forbrukarane og hindre illojal konkurranse mellom næringsdrivande. Etter ei høyringsrunde i 2006 arbeidde departementet i 2007 med ein proposisjon om ny marknadsføringslov. Viktige endringar er nye reglar om marknadsføring til barn, endringar i reglane om telefonsal og uadressert reklame og oppheving av forbodet mot tilgift. Særleg viktige er endringane som gjeld handhevinga til Forbrukarombodet og Marknadsrådet av lova og dei sanksjonane som er knytte til brot på lova. Departementet foreslår mellom anna at visse lovbrot skal kunne føre med seg eit vedtak om gebyr. Proposisjonen blei fremma for Stortinget den 9. mai 2008 (Ot.prp. nr. 55 (2007-2008) Om lov om kontroll med markedsføring og avtalevilkår mv).

Effektiv handheving av forbrukarregelverket over landegrensene

Stortinget gjorde den 1. februar 2007 vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen om å innlemme forordning (EF) nr. 2006/2004 om forbrukarvernsamarbeid i EØS-avtala.

Forordninga inneheld reglar om handheving av forbrukarvernlovgiving som er basert på EØS-regelverket. I eit vedlegg til forordninga er det ført opp 16 direktiv og forordningar som gjeld forbrukarvern. Det er dei nasjonale forskriftene som gjennomfører desse direktiva og forordningane, som har som mål å verne dei kollektive interessene til forbrukarane som er omfatta av samarbeidet. Forordninga gjeld berre for grenseoverskridande saker: Lovbrotet må ramme forbrukarar med bustad i ein annan medlemsstat enn der lovbrotet har utspring. Forordninga medfører plikt til å etablere offentlege handhevingsstyresmakter («rette styresmakter») i kvar EØS-stat som skal inngå i eit forpliktande samarbeid om å stoppe lovbrot som nemnde ovanfor.

Forordninga fører med seg plikt for Noreg til å sørgje for å handsame saker etter oppmoding frå handhevingsstyresmakter i andre EØS-statar der norske næringsdrivande gjer lovbrot som rammar utanlandske forbrukarar. Tilsvarande vil handhevingsstyresmakter i andre EØS-statar ha plikt til å hjelpe norske styresmakter med å stoppe lovbrot frå utlandet som rammar norske forbrukarar.

Lovforslag om gjennomføring av forordninga i norsk rett vart fremma 22. september 2006, jf. Ot.prp. nr. 102 (2005–2006) Om lov om endringer i lov 16. juni 1972 nr. 47 om kontroll med markedsføring og avtalevilkår (markedsføringsloven) og enkelte andre lover. Forordninga vart foreslått gjennomført i marknadsføringslova. I tillegg vart det gjort framlegg om enkelte endringar i anna sektorlovgiving (kringkastingslova, lækjemiddellova, alkohollova og tobakksskadelova) for å setje minstekrava i forordninga med omsyn til handhevingstiltak som skal kunne setjast i verk av dei rette styresmaktene. Stortinget vedtok lovendringane 8. februar 2007, og dei vart sette i kraft frå 1. mars 2007. Frå same tidspunkt tok Noreg del i det praktiske samarbeidet. Seinare er det også gjort endringar i luftfartslova og lotterilova for å gi Luftfartstilsynet og Lotteri- og stiftelsestilsynet dei handhevingsverkemidla forordninga krev.

BLD har oppnemnt Forbrukarombodet, Medietilsynet, Statens lækjemiddelverk, Sosial- og helsedirektoratet, Luftfartstilsynet og Lotteri- og stiftelsestilsynet som «rette styresmakter» etter forordninga.

Betre grunnlag for avgjerder og redusert risiko knytt til omsetning av bustader

Kjøp og sal av bustader skjer ofte under sterkt tidspress og med korte fristar. Ein bustadhandel påverkar også økonomien til hushaldet i lang tid. Det er derfor viktig at handelen går så trygt føre seg som mogleg. Departementet sette i 2007 ned eit utval for mellom anna å greie ut om det bør stillast krav om at det alltid skal liggje føre ein tilstandsrapport ved sal av bustader til forbrukarar. Utvalet skal også ta opp kva manglande tilstandsrapport skal ha å seie i rettshøvet mellom partane, i kva for utstrekning seljaren kan kome i ansvar for feil frå den som har utarbeidd rapporten, og rolla til eigedomsmeklaren. Utvalet skal levere ei tilråding innan utløpet av 2008.

Betre rettar for gjeldstyngde

Undersøkingar frå Statens institutt for forbruksforsking syner at mesteparten av dei som får gjeldsordning i dag, ikkje har midlar til å betale kreditorane med. Årsaka er ofte sjukdom og sosiale problem. Fleire menn enn kvinner får gjeldsordning, noko som mellom anna er blitt forklart med at det er mannen som er hovudaktøren i hushaldet når det gjeld økonomiske disposisjonar.

Gjeldsordninga går vanlegvis over fem år. Departementet arbeidde i 2007 med ei utgreiing av enkelte spørsmål i gjeldsordningslova. Bakgrunnen er mellom anna behovet for å sjå nærmare på om lova bør endrast slik at ho kan ta betre vare på dei gjeldsramma og interessene til kreditorane enn i dag. Stortinget har også vore opptekne av å hindre at gjeld som ikkje kan betalast, skal bli ei livslang fattigdomsfelle (Innst.S. nr. 122 (2005–2006) og Innst.S. nr. 120 (2006–2007)). Departementet har særleg sett næmare på korleis skyldnarar kan få betre hjelp til å kome fram til ei utanrettsleg gjeldsordning med kreditorane, og på korleis gjeldsordningsperioden kan bli meir fleksibel. Eit utkast til endring i gjeldsordningslova vart sendt på høyring i juli 2008.

Utvikle eit forbrukarpolitisk handlingsprogram

BLD sette i 2007 i gang ei kartlegging av tiltak og aktivitetar med sikte på å utarbeide eit forbrukarpolitisk handlingsprogram for regjeringa. Andre departement vart inviterte til å bidra med tiltak på sine område, for å synleggjere heilskapen i innsatsen frå styresmaktene. Deltaking frå fleire departement var også vesentleg, fordi ansvaret for viktig regelverk og andre verkemiddel med stor innverknad på forbrukarane ligg hos ulike departement. Handlingsprogrammet vart lansert sommaren 2008. Programmet gir ei kortfatta oversikt over hovudpunkta i det forbrukarrelevante arbeidet til regjeringa. Med handlingsprogrammet ønskjer regjeringa å samordne og styrkje den innsatsen som skjer i ulike delar av forvaltinga for å fremme stillinga til forbrukarane, i rimeleg balanse med andre omsyn.

Handlingsprogrammet peiker på nokre særleg prioriterte område. Desse er eit berekraftig forbruk, barn og unge som forbrukarar, og tilgang til varer, tenester og informasjon for ulike grupper forbrukarar, som framandspråklege og personar med nedsett funksjonsevne. Elles er programmet ein utfyllande katalog over forbrukarrelevante tiltak som det blir arbeidd med i ulike delar av forvaltinga.

Internasjonale standardar som tek vare på forbrukaromsyn

Departementet har gjennom eit samarbeid med Forbrukarrådet og Standard Norge etablert eit fagråd og ein sekretariatsfunksjon for å fremme forbrukaromsyn i standardiseringa. Forbrukarsekretariatet ligg hos Standard Norge. For å styrkje produkttryggleiksområdet er fagrådet i 2007 utvida med ein representant frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Forbrukarsekretariatet skal mellom anna drive opplæring og vere informasjons- og kontaktpunkt for standardiseringsverksemd som har forbrukaraspekt. Målet er å få fleire forbrukarrepresentantar med i standardiseringsarbeid, nasjonalt og internasjonalt, slik at forbrukaromsyn kan få sterkare gjennomslag ved utforming av standardar. Sekretariatet har etablert eit nettverk for forbrukarrepresentantar og andre interessentar, som til dømes tilsynsorgan. Formålet med nettverket er å skape auka engasjement, og å fremme erfaringsutveksling, kunnskap og informasjon.

Tilrådingar i Statskonsultrapporten Evaluering av forbrukersekretariatet frå januar 2007 er følgde opp. Det er mellom anna halde temamøte for forbrukarnettverket. På nettsidene til Standard Norge er det lagt ut ei oversikt over aktuelle standardar som er på høyring. Det er også lagt ut informasjon om og oversikt over rettleiingar frå ISO og CEN (den globale og den europeiske standardiseringsorganisasjonen), og ei samla oversikt over pågåande standardiseringsprosjekt med forbrukarinteresse. Forbrukarsekretariatet har delteke i arbeid under COPOLCO (den forbrukarpolitiske komitéen under ISO).

Informerte og opplyste forbrukarar

God forbrukarundervisning i skolen, mellom anna om reklame og berekraftig forbruk

Saman med Kunnskapsdepartementet gav BLD støtte til EU-prosjektet Consumer Citizenship Network (CCN), som høyrer heime under Sokratesprogrammet i EU-rammeprogrammet for utdanning. Representantar for 138 fagmiljø og organisasjonar i 33 land er med i prosjektet, som blir leidd og samordna frå Høgskolen i Hedmark. Prosjektet vart i 2007 forlengt for ein ny treårsperiode.

Høgskolane og Stiftelsen Idébanken samarbeidde om eigne fagdagar for lærarstudentar. Tyngda i fagdagane låg på oppgåvene til forbrukarane og hushalda for ei meir berekraftig utvikling. Innhaldsmessig var fagdagane baserte på den nye boka Forbruker og medmenneske, som byggjer på fagplanane i Kunnskapsløftet og arbeidet i CCN-prosjektet.

Forbrukarmåla i Kunnskapsløftet vart fremma på fleire måtar i 2007. For å nå alle skolane i landet med forbrukarundervisning vart samarbeidet med Skolenettet, Nettverket for miljølære i Utdanningsdirektoratet og SkoleMagasinet vidareført.

BLD og Forbrukarrådet fekk i 2007 gjennomført ei kartlegging av den IKT-relaterte kompetansen til eit utval elevar da dei starta i den vidaregående skolen. Rapporten frå kartlegginga (Inntakskompetansen i bruk av IKT i den vidaregåande skolen) låg føre våren 2008, og synte at grunnskolen gjennomgåande leverer elevar som er IKT-kompetente. Samanlikna med ei tilsvarande undersøking i 2001, har jentene teke innpå gutane når det gjeld å kunne bruke programvare, og dei ser også ut til å vere inne i ei positiv utvikling når det gjeld det tekniske ved IKT. Verken gutane eller jentene gav uttrykk for at dei hadde gode kunnskapar om opphavsrett og personvern, som også er område det er viktig å ha kunnskap om som forbrukar.

Redusert kommersiell påverknad av barn og unge

I januar 2008 vart nytt Arbeidshefte om reklame lansert. Arbeidsheftet tek for seg ei rekkje aktuelle tema om reklame og kommersiell påverknad. Målgruppa er elevar i ungdomsskolen. Målet er å oppnå større merksemd og medvit om korleis ein blir påverka til å kjøpe ulike produkt og tenester. Arbeidsheftet er tilgjengeleg i papirutgåve og på nettsidene til BLD på regjeringa.no.

I januar 2008 vart også nettstaden foreldrepraten.no lansert på nytt. Foreldrepraten er eit diskusjonsopplegg for foreldre om forbruk, reklame, kommersielt press og bruk av digitale medium. Foreldrepraten er laga for foreldremøte i barneskolen på 5.–7. trinn.

Både arbeidsheftet og foreldrepraten.no inneheld element som kan medverke til å jamne ut kunnskapsforskjellar mellom gutar og jenter på forbrukarområdet, og bevisstgjere barn, ungdom og foreldre om kjønnsvariasjonar i forbruk.

BLD hadde i 2007 og i starten av 2008 eit nyttig samarbeid med Forbrukarombodet, Medietilsynet, innhaldsleverandørar og dei store teleoperatørane om barn og digitale medium. Samarbeidet førte mellom anna til at det vart utgitt ein brosjyre til alle telefonhandlarane i landet med informasjon til foreldre og barn om kva ein bør tenkje på når det gjeld barn og mobiltelefonbruk. Vidare vart det innført alderskontroll av mobiltelefonbrukarar for å hindre at barn kan få støytande innhald på mobiltelefonane sine, og utarbeidd reglar med tips for trygg bruk av mobilnett og Internett.

Konkurransefremmande informasjonstiltak overfor forbrukarane

Ein nettbasert finansportal for å betre informasjonen til sluttbrukarane i finansmarknaden

Finansportalen (finansportalen.no) vart lansert i januar 2008. Finansportalen, som skal vere Noregs offisielle vegvisar til bank, sparing og forsikring, er utvikla av Forbrukarrådet på oppdrag frå BLD. Den første versjonen av portalen inneheld ein del grunnleggjande prisopplysingar og samanlikningsverktøy for bank- og spareprodukt, og vilkår for nokre utvalde skadeforsikringar. Prissamanlikningar av fleire forsikringsprodukt og andre funksjonar vil kome i seinare versjonar. Portalen skal vere ferdig utvikla i løpet av 2009. Det er lagt inn løysingar som skal lette bruken av portalen for personar med nedsett funksjonsevne (blinde eller svaksynte).

Eit etisk, sosialt og miljømessig berekraftig forbruk

Informasjon til hushalda om etiske og bærekraftige aspekt ved forbruket

BLD gav i 2007 økonomisk støtte til prosjektet God start nyfødt i regi av Stiftelsen Miljømerking. Formålet med prosjektet er å auke tilbodet av og etterspurnaden etter miljømerkte og økologiske produkt. Målgruppa er nybakte foreldre, som får informasjon og produktprøver på barselavdelingar og helsestasjonar.

Departementet gav i 2007, saman med Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet, økonomisk støtte til eit informasjonssamarbeid mellom Stiftelsen Miljømerking, Debio og Fairtrade/Max Havelaar. Målet er at merkeordningane skal bli meir kjende blant folk.

Departementet gav også i 2007 økonomisk støtte til vidareutvikling og marknadsføring av nettstaden etiskforbruk.no, som skal vere eit hjelpemiddel for interesserte til å velje produkt ut frå etiske og miljømessige kriterium. Nettstaden blir driven i regi av Grønn Hverdag og Etisk Forbrukernettverk.

Departementet tok også del i ei internasjonal arbeidsgruppe som skal utvikle ein ISO-standard for samfunnsansvaret til bedrifter og organisasjonar. Det er venta at standarden vil vere ferdig i 2010.

GRIP (Stiftelsen for bærekraftig produksjon og forbruk) og Initiativ for Etisk Handel (IEH) fekk i 2007 i oppdrag av departementet å utvikle ein rettleiar for å ta etiske omsyn ved offentlege innkjøp, og dessutan utvikle etiske kriterium for offentlege innkjøp av tekstilar. Arbeidet var ledd i oppfølginga til BLD av regjeringa sin handlingsplan for miljø og samfunnsansvar ved offentlege innkjøp, som vart lagd fram i 2007.

BLD, i samarbeid med Miljøverndepartementet, gav i 2007 Vestlandforskning i oppdrag å lage ein rapport om utviklinga av det økologiske fotavtrykket for forbruket i Noreg i dei seinaste 20 åra, frå 1987 til 2007. Oppdragsrapporten Miljøbelastningen fra norsk forbruk og norsk produksjon 1987-2007, som vart lagd fram vinteren 2008, synte mellom anna at den samla miljøbelastinga frå det norske forbruket har auka med i storleiken 10-20 prosent sidan 1987. Tendensen er at betra ressurseffektivitet på dei fleste områda blir «spist opp» av auka forbruk.

Internasjonalt samarbeid om forbrukarpolitikken

Fremme norske forbrukarinteresser i det nordiske samarbeidet og overfor EU og i OECD

På det internasjonale planet er dei viktigaste oppgåvene knytte til EØS-avtala, og til målet om størst mogleg deltaking i aktivitetar for å påverke utforming av regelverk og politikk.

EFTA, og særleg arbeidsgruppa for forbrukarpolitikk, var framleis basis for å halde god kontakt og nært samarbeid med EU-kommisjonen og sikre deltaking i arbeidsgrupper, ekspertmøte og liknande. Røynslene med å få tilgang til aktivitetane under Kommisjonen var framleis gode.

Frå norsk side tok ein aktivt del i det omfattande arbeidet med den gjennomgripande revisjonen av EU-regelverket for forbrukarvern, og revisjon av einskilddirektiv om pakkereiser og tidspartar. Noreg tek del i Kommisjonens rammeprogram for forbrukarpolitikk, no i det tredje programmet, som går frå 2007 til 2013, og i den rådgivande komiteen som drøfter løyvingar og aktivitetar som blir finansierte under programmet. Under programmet er Noreg med i det europeiske nettverket (ECC-Net) for nasjonale forbrukarkontor. Kontora gir mellom anna forbrukarane informasjon i samband med handel i og frå andre land, hjelper dei i tvistar som spring ut av kjøp over grensene, og samarbeider om kartlegging og løysing av forbrukarproblem i den indre marknaden. Nettverket vart i 2007 utvida til å omfatte alle EU-landa i tillegg til Noreg og Island. BLD er med i Consumer Policy Network, som er eit aktivt samarbeidsforum mellom Kommisjonen og embetsverket for forbrukarpolitikk i EØS-landa.

Departementet har delteke på dei to halvårlege møta i Komiteen for forbrukarpolitikk (CCP) i OECD.

Mål og strategiar

I 2009 vil følgjande mål bli prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Ei sterk stilling for forbrukarane i samfunnet

Ei lovgiving som tek vare på interessene og rettane til forbrukarane

Eit heilskapleg og effektivt system for å løyse forbrukartvistar

Informerte og opplyste forbrukarar

Informasjon er tilgjengeleg for alle grupper forbrukarar

Forbrukarinformasjon som fremmar konkurranse

Barn og unge som kompetente forbrukarar

Eit forbruk som er sosialt og miljømessig berekraftig

Forbrukarar som er medvitne om sosiale og miljømessige aspekt ved produkta

Ei sterk stilling for forbrukarane i samfunnet

Ei lovgiving som tek vare på interessene og rettane til forbrukarane

Setje i verk ny marknadsføringslov og fastsetje nye forskrifter

Forslag om ny lov om marknadsføring vart fremma for Stortinget i Ot.prp. nr. 55 (2007–2008). Lovforslaget inneheld reglar om når marknadsføring til forbrukarane er urimeleg eller villeiande og derfor er ulovleg. I tillegg inneheld forslaget mellom anna særlege reglar om marknadsføring retta mot barn, telefonsal og uadressert og adressert reklame. BLD reknar med at forslaget vil bli handsama hausten 2008.

Dei fleste reglane i den nye lova vil vere ei vidareføring av dei reglane som gjeld i dag. Det er gitt fleire forskrifter som utdjupar marknadsføringslova, til dømes forskrift om prisopplysningar for ulike tenester, forskrift om arbeidet til Marknadsrådet og Forbrukarombodet, og om samanliknande reklame.

I proposisjonen har departementet lagt til grunn at forskriftene til den eksisterande lova skal gjelde inntil vidare. Ei ny lov inneber likevel at fleire av forskriftene må tilpassast lovføresegner som er endra. Nokre forskrifter må bli sette i verk på same tid som den nye lova. Departementet vil i tillegg gå gjennom resten av forskriftene for å vurdere om dei bør endrast, sjølv om dei relevante føresegnene i lova held fram med å gjelde. Dette er særleg aktuelt for prisforskriftene.

Nye EU-reglar om timeshare (tidspartar)

Timesharedirektivet vart vedteke i 1994, og sidan har det vore ei betydeleg utvikling på området. Nye produkt som liknar på timeshare, har kome til. Desse produkta fell ofte utanom virkeområdet til timesharedirektivet, til dømes ferieklubbar (holiday clubs) og timeshareliknande produkt.

Noreg har gjennomført timesharedirektivet gjennom tidspartlova. Tidspartlova er i store trekk i samsvar med direktivet, men går på ein del punkt lenger enn direktivet i å verne forbrukarane. Lova regulerer også høve som ikkje er tekne opp i direktivet.

I juni 2007 la EU-kommisjonen fram forslag til eit nytt timesharedirektiv. Dette tek høgde for utviklinga på området og omfattar mellom anna kortvarige avtaler, det vil seie avtaler som gjeld mindre enn tre år, losji i anna enn fast eigedom (kanal-/elvebåtar, campingvogner og cruiseskip), vidaresal og byte av timeshareprodukt.

Når direktivet er endeleg vedteke, vil det vere behov for å gjere endringar i tidspartlova.

Effektiv organisering av Edelmetallkontrollen

Formålet med lova om edle metall er å sikre at varer av gull, sølv og platina har korrekt og tilstrekkeleg finleik, og at varene er riktig merkte. Det er Edelmetallkontrollen som fører tilsynet med varer av edle metall.

I dei seinare åra har det gått føre seg vesentlege strukturendringar på marknaden for omsetnad av varer av edle metall. Ei lang rekkje andre aktørar enn gullsmedforretningar sel i dag varer av edle metall. Marknaden til dei ulike aktørane er såleis blitt endra. Vidare er den internasjonale handelen med varer av edle metall aukande.

Edelmetallkontrollen er ein sjølvfinansiert institusjon, som får sine årlege inntekter frå aktørar i bransjen. Edelmetallkontrollen blir leidd av eit styre som har det overordna ansvaret for kontrollen.

Det er behov for ein gjennomgang av organiseringa av Edelmetallkontrollen, og ei vurdering av alternative organisasjonsformar. I samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet har BLD sett i gang eit arbeid for å få til ei best mogleg innretning på kontrollen med varer av edle metall og ei oppdatering av regelverket på området.

Tiltak i samband med gjeldsproblema til privatpersonar

Gjeldsproblem er svært belastande for det enkelte hushaldet. Det er viktig både med hjelp til dei som treng det, og førebyggjande tiltak som kan hindre framtidige gjeldsproblem.

I Innst.S. nr. 120 (2006–2007) bad Stortinget regjeringa greie ut fleksibiliteten kring lengda på gjeldsordningsperioden etter gjeldsordningslova. På bakgrunn av eit ønske frå Stortinget og kontrollen som BLD fører med verkemåten til lova, har departementet sendt på høyring forslag om større fleksibilitet kring lengda på gjeldsordningsperioden (nedbetalingstida), meir fleksible oppgjersformer og oppmjuking av kravet til eigeninnsats frå den gjeldstyngde. Forslaga skal gjere det enklare for svake grupper å kome gjennom ei gjeldsordning. BLD tek sikte på å fremme ein odelstingsproposisjon om endringar i gjeldsordningslova i 2009.

Våren 2006 bad Stortinget regjeringa greie ut om eit register over gjelda til myndige privatpersonar (gjeldsregister) er eit formålstenleg tiltak for å redusere gjeldsproblema til privatpersonar. Formålet med eit slikt register vil vere å gi finansinstitusjonane eit betre grunnlag for å gjennomføre kredittvurdering av kundane, og dermed unngå at desse tek opp lån som dei ikkje klarer å bere.

Ei utgreiing vart overlevert departementet i april 2008. Utgreiinga skisserer ulike fordelar og ulemper med eit gjeldsregister, og eit gjennomgåande tema er om eit slikt register kan kome i konflikt med personvernomsyn. BLD har sendt utgreiinga ut på høyring, og fristen for tilbakemelding til departementet var 15. august 2008. Departementet vil kome tilbake til Stortinget i eigna form om saka.

Følgje opp revisjonen til EU av forbrukardirektiv

EU har sidan 2005 arbeidd med å gjennomgå åtte direktiv om forbrukarvern: direktiva om timeshare, pakkereiser, fjernsal, dørsal, urimelege avtalevilkår, nedlegging av forbod, forbrukarkjøp og prismerking. Formålet er å oppdatere og forbetre regelverket. BLD har saman med Justis- og politidepartementet følgt dette arbeidet, mellom anna ved å delta i ei ekspertgruppe og gi høyringssvar til EU-kommisjonen.

Våren 2007 hadde Kommisjonen ei grønbok (eit høyringsdokument) om revisjon av forbrukardirektiva ute på høyring. I denne vart ein del prinsipielle og overordna spørsmål om vegval for forbrukarregelverket teke opp. Det viktigaste spørsmålet er kva grad av harmonisering ein skal leggje seg på. Til no har forbrukardirektiva bygt på minimumsharmonisering, det vil seie at medlemslanda kan gi betre forbrukarrettar enn minstekrava i direktiva. I grønboka er det tydeleg at Kommisjonen ønskjer å gå over til totalharmonisering. Det inneber at medlemslanda ikkje kan ha andre reglar enn direktiva innanfor områda som direktiva gjeld. Noreg har, saman med Island og Liechtenstein, gitt høyringssvar frå EFTA, der vi gir uttrykk for at vi er skeptiske til totalharmonisering. Noreg og dei andre EØS-/EFTA-landa ønskjer å halde oppe minimumsharmonisering som prinsipp, men spørsmålet minimums-/totalharmonisering bør elles avgjerast frå sak til sak.

Forslag til nytt direktiv om timeshare vart lagt fram i juni 2007 (sjå omtale ovanfor). Som oppfølging av grønboka er det også venta at Kommisjonen vil leggje fram andre direktivforslag hausten 2008. Nytt timesharedirektiv og andre direktiv vil få mykje å seie for ei rekkje forbrukarlover under BLD og Justis- og politidepartementet, mellom anna tidspartlova, pakkereiselova, angrerettlova og forbrukarkjøpslova. Dei to departementa vil følgje opp dette arbeidet i 2009.

Forslag til nytt regelverk om informasjon ved kjøp og sal av bustader

Takstlovutvalet vart nedsett i 2007 for å greie ut korleis det kan skapast større tryggleik for bustadkjøparar, serleg med omsyn til den tekniske tilstanden på bustaden. Bakgrunnen for at utvalet vart nedsett, var dei mange konfliktane som kjøp og sal av bustad fører med seg, mellom anna fordi kjøparane ikkje har nok opplysningar om bustadene dei har kjøpt. BLD vil på grunnlag av denne utgreiinga og i samråd med Justis- og politidepartementet utarbeide framlegg til lovreglar om fleire tiltak med sikte på å betre informasjonsgrunnlaget for dei som kjøper bustad. Det vil særleg bli vurdert om det skal innførast eit påbod om at det skal leggjast frem ein tilstandsrapport ved marknadsføring og sal av bustader. Samstundes vil det bli vurdert om utarbeidinga av tilstandsrapporten kan kombinerast med andre undersøkingar av bustaden, til dømes av førekomsten av radon og av energibruken.

Betre sanksjonar i merkelova

Med heimel i lov om merking av forbruksvarer (merkelova) er det gitt ei rekkje forskrifter, mellom anna om energimerking av hushaldsmaskinar. Straff er den einaste sanksjonen som finst i lova i dag. Dette er eit lite preventivt verkemiddel ved brot på lova, og Olje- og energidepartementet har derfor teke initiativ overfor BLD for å få innført ein heimel for administrative sanksjonar. Eit eksempel kan vere gebyr for brot på lova. BLD ser også grunn til å gjennomføre ein generell gjennomgang av sanksjonssystemet i merkelova, og vurdere utgreiing av dette i 2008/2009.

Eit heilskapleg og effektivt system for å løyse forbrukartvistar

Utgreiing om det utanrettslege tvisteløysingstilbodet

Det er eit viktig forbrukarpolitisk mål at forbrukarane skal ha tilgang på god og effektiv tvisteløysing. Domstolshandsaming kan ofte gi ein for kostbar prosess i forbrukartvistar, der tvistesummen ofte er relativt låg. Mekanismar som småkravsprosess og gruppesøksmål i den nye tvistelova kan bøte på dette i nokon grad, men utanrettsleg handsaming gjennom nemnder og Forbrukartvistutvalet (FTU) vil framleis vera eit billig og effektivt alternativ i forbrukarsaker.

I rapport 4-2007 Å få rett når du har rett har Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) gjort ei evaluering av dagens utanrettslege tvisteløysingstilbod. I rapporten blir det konkludert med at tvisteløysingssystemet alt i alt er velfungerande, men at det på enkelte punkt er rom for forbetringar. Til dømes blir det peikt på at arbeidsdelinga mellom FTU og dei enkelte bransjenemndene verkar noko tilfeldig.

Nemndstrukturen inneber at den enkelte bransjen sjølv tek ansvar for tvisteløysing både fagleg og økonomisk. Dette meiner BLD er ein god modell som det bør byggjast vidare på, først og fremst fordi bransjen blir gjort ansvarleg og får godt oversyn over kva som fungerer dårleg i deira eigen bransje. Forbrukartvistutvalet er eit domstolsliknande organ som avseier bindande vedtak i saker etter forbrukartvistlova, handverkartenestelova og angrerettlova. Det kan reisast spørsmål ved om kompetansen til FTU bør utvidast, slik at det for eksempel i større grad kan handsame tvistar som gjeld tenester.

Departementet vil i 2009 utgreie korleis FTU og bransjevise nemnder kan bli utvikla vidare, med sikte på å få eit heilskapleg og effektivt system for å løyse forbrukartvistar.

Fremme forbrukarinteresser i standardisering

Standardiseringsarbeid går føre seg på eit breitt felt og omfattar både varer og tenester.

Med etableringa av den indre marknaden i EU har standardar fått mykje å seie. Dei såkalla ny-metode-direktiva byggjer på bruk av standardar for å sikre at produkt er i samsvar med til dømes krav til tryggleik.

Alle interessentar som ønskjer det, kan ta del i arbeidet med utforming av standardar. Arbeidet er slik sett ope for kvar og ein. Representantar for næringslivet er ofte sterkt involverte. Det er derfor viktig å leggje til rette for at forbrukarinteressene også kan få innverknad på arbeidet, slik at ein får gode og balanserte standardar. Forbrukarsekretariatet i Standard Norge er oppretta for å fremme forbrukaromsyn og stimulere til forbrukardeltaking i standardiseringa. Sekretariatet, som er eit samarbeid mellom BLD, Forbrukarrådet og Standard Norge, vil bli vidareført i 2009. Sentrale oppgåver for sekretariatet er å koordinere og formidle forbrukarinformasjon som er viktig i standardiseringa. Sekretariatet har vidare ei viktig rolle når det gjeld opplæring og rettleiing for deltakarar i standardiseringsverksemd.

Informerte og opplyste forbrukarar

Informasjon er tilgjengeleg for alle grupper forbrukarar

Ein aukande del av befolkninga i Noreg har innvandrarbakgrunn. Dette gir nye utfordringar med omsyn til informasjon. Mange innvandrarar vil ha behov for at viktig informasjon, som til dømes forbrukarinformasjon, er tilgjengeleg på fleire språk enn norsk. Departementet vil samarbeide med Forbrukarrådet om å gjere informasjon om grunnleggjande forbrukarrettar tilgjengeleg på fleire språk på heimesida til Forbrukarrådet (forbrukarportalen.no). Frå før er portalen utforma med vekt på at blinde og svaksynte skal kunne bruke han.

Departementet vil arbeide med universel utforming av forbrukarinformasjon.

Forbrukarinformasjon som fremmar konkurranse

Konkurranse i marknadene vil som oftast tene interessene til forbrukarane. Gjennom konkurranse kan ein oppnå lågare priser, betre kvalitet og betre service. Sett frå ein forbrukarståstad er informasjon i mange marknader ikkje tilstrekkelig, noko som gjer det vanskeleg å samanlikne tilbod. Dette går mellom anna fram av ei spørjeundersøking som forbrukarstyresmaktene nyleg har gjennomført: Forbrukertilfredshet 2008 (SIFO oppdragsrapport nr. 3–2008). Å leggje til rette informasjon til forbrukarane, og spesielt informasjon om pris, kan bidra til å styrkje konkurransen i marknadene. Internett gir gode høve til å samanstille og presentere konkurransefremmande pris- og marknadsoversikter.

Finansportalen.no er eit slikt tiltak i offentleg regi som er under utvikling. Nettportalen skal gi informasjon til forbrukarane om tilbodet av finansielle tenester. Dagleg oppdatert prisinformasjon på portalen skal gjere det enklare for forbrukarane å orientere seg i marknadene for sparing, lån og forsikring. I 2009 vil det kome funksjonar for samanlikning av vilkår og pris på forsikringstenester, og for usikra lån og kredittkort (såkalla forbrukslån). Det vil også i samband med dei nye funksjonane bli lagt vekt på at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne bruke portalen, jf. omtalen i rapportdelen.

Ved å gjere det lettare å samanlikne finansielle tenester vil finansportalen bidra til å stimulere konkurransen i personkundemarknadene. Det er Forbrukarrådet som driv prosjektet, på oppdrag frå BLD. Forbrukarrådet samarbeider med organisasjonane til finansnæringa om vidareutviklinga av finansportalen.

Barn og unge som kompetente forbrukarar

Forbruk er ein viktig del av oppveksten til barn og unge av begge kjønn. For å vere med på aktivitetar blir det kravt utstyr, og for mange ungdommar har forbruk og merkevarer mykje med identitet å gjere. Reklame og kjøpepress rettar seg både mot foreldre og barn. Både forbruket og marknadsføringa er i stadig endring. Barn og unge er storbrukarar av digitale medium, og kommersielle aktivitetar er i stadig større grad knytte til Internett og mobiltelefon. Det er i samband med dette viktig å formidle forbrukarkunnskap og ei kritisk haldning både til reklame og til spørsmål som rører ved for eksempel personvern og tryggleiken ved bruk av Internett.

Innanfor ramma av Kunnskapsløftet skal skolen gi elevane kompetanse slik at dei er rusta når det gjeld læreplanmåla om berekraftig forbruk, reklame, kjønnsroller og kjøpepress, personleg økonomi og digitale medium. Elevane skal bli i stand til å opptre som bevisste og sjølvstendige forbrukarar.

Forbrukarmåla i Kunnskapsløftet skal fremmast på fleire måtar i 2009:

  • Arbeidet med forbrukarundervisning vil vere retta inn mot å utvikle og formidle undervisningsstoffet. Her vil ein samarbeide med blant andre Utdanningsdirektoratet, Stiftelsen Idébanken, Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet (VOX), Høgskolen i Hedmark, Forbrukarombodet og Forbrukarrådet. Oppdateringa vil særleg gjelde forbrukarrettar og -plikter – medrekna nye EU-direktiv, medium og digital forbrukarkunnskap, og YouthXchange-materialet til UNEP (United Nations Environment Programme) om berekraftig forbruk.

  • Samarbeidet med VOX om Media og digital forbrukardugleik, som starta i 2007, vil bli ført vidare.

  • Saman med høgskolane skal det arrangerast eigne fagdagar for lærarstudentane. Målet er å nå alle studentane ein gong i studieløpet.

  • Saman med Kunnskapsdepartementet støttar BLD EU sitt prosjektet om CNN, leidd av Høgskolen i Hedmark. Internasjonalt samarbeid er til god nytte for å hente heim erfaringar og resultat frå andre land, og for å vurdere kor langt ein er komen her heime. Samarbeidet opnar også for å formidle dei norske erfaringane med denne undervisninga til andre land.

  • BLD vil bidra til at undervisning om forbrukaremne legg vekt på kjønnsperspektivet.

Eit forbruk som er sosialt og miljømessig berekraftig

Forbrukarar som er medvitne om sosiale og miljømessige aspekt ved produkta

Forbruksnivå og forbruksmønster har stor innverknad på miljøet. Miljø-, ressurs- og klimabelastninga i Noreg er høgare enn det som svarer til eit berekraftig nivå i global målestokk. Belastinga er også aukande, mellom anna som følgje av auka import av varer og vekst i flytrafikken. Regjeringa sin strategi for berekraftig utvikling framhevar behovet for endra produksjons- og forbruksmønster. Eit mål i forbrukarpolitikken er å bidra til eit etisk og berekraftig ansvarleg forbruksmønster gjennom informasjon, kunnskapsformidling og haldningspåverknad. Det er viktig å skape ei felles forståing av kva eit etisk og berekraftig forbruk inneber i praksis. Eit endra forbruksmønster og redusert samla ressursbruk vil krevje endringar i både haldningar, åtferd og livsstil, så vel som i teknologi og økonomisk politikk.

For at forbrukarane skal kunne leggje vekt på berekraftaspekt ved produkta eller produksjonen, må det finnast lett tilgjengeleg, standardisert og kvalitetssikra informasjon om dette. Ein måte å formidle denne typen informasjon på er gjennom frivillige merkeordningar. Departementet vil medverke til å styrkje og vidareutvikle dei offisielle miljømerka: Svanen og Blomen.

Ved bevisst og koordinert handling kan forbrukarane gjennom sin etterspurnad bidra til å påverke dei næringsdrivande til å endre både produktsortiment og måten produkta blir produserte på. Styresmaktene kan på si side leggje rammer og gi insentiv slik at dei næringsdrivande finn det lønnsamt å produsere og investere etisk, sosialt og berekraftig.

Departementet deltek i ei internasjonal arbeidsgruppe som utviklar ein ISO-standard for samfunnsansvaret til organisasjonar og bedrifter. Standarden skal etter planen bli ferdig i 2010.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midla på posten blir i hovudsak nytta til å finansiere enkeltprosjekt, medrekna utgreiingar og informasjonstiltak, som blir vurderte som viktige i forbrukarsamanheng. Ressursar vil bli nytta blant anna til arbeid med å styrkje undervisninga i forbrukaremne i skolen, til å fremme forbrukaromsyn ved utforming av internasjonale standardar, og til informasjon om miljøkonsekvensar av forbruksval. Departementet vil òg i 2009 vurdere å gi stønad til Gjeldsoffer-alliansen.

Den føreslåtte løyvinga skal vidare dekkje kostnader til vidareføring av prosjektet med ein nettportal med informasjon til forbrukarane om tilbodet av finansielle tenester. Finansportalen vil lansere funksjon for bankbytte tidlig i 2009. Vidare vil det i løpet av året kome samanlikningsverktøy for usikra kreditt (forbrukslån). På forsikringsområdet vil det bli utviklet normvilkår, samt prissamanlikningsverktøy for skadeforsikringar og samanlikningsverktøy for livsforsikringsprodukt.

For 2009 er den føreslåtte løyvinga på 20,9 mill. kroner. Dette er ein auke på 1,5 mill. kroner frå 2008. Auken blir foreslått brukt til å vidareutvikle og styrkje miljømerka, mellom anna ved å utarbeide informasjon om miljøkonsekvensane av forbruk.

BLD legg til grunn at løyvinga ikkje fører til uønskte ulikskapar mellom kvinner og menn. Løyvinga kan likevel ha kjønnsrelevans, særleg ved at informasjonstiltak og tiltak retta mot skolane kan medverke til å jamne ut ulikskapar i kunnskapar og haldningar som kan finnast hos gutar og jenter, kvinner og menn på forbrukarområdet.

Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

Mål

EFTA- og EØS-landa har sidan 2000 delteke i rammeprogrammet til Kommisjonen om forbrukarpolitikk, på like vilkår som EU-landa. Rammeprogrammet inneber at høvet for norsk deltaking og medverknad blir forbetra. Midlane under programmet blir nytta til å finansiere Kommisjonen sine eigne tiltak, samarbeidstiltak mellom EU-/EØS-statane og støtte til europeiske forbrukarorganisasjonar.

Kriterium for tildeling

Utgiftene Noreg har til deltaking i dei ulike programma til EU, blir fastsette etter ein fordelingsnøkkel som er nedfelt i EØS-avtala og vil variere med utviklinga av nasjonalprodukta (BNP) i EFTA- og EØS-landa.

Oppfølging og kontroll

Revisjonsretten i EU og internrevisjonen til EU kontrollerer bruken av budsjettmidla til dei programma som Noreg deltek i, jf. elles EØS-avtala.

Budsjettforslag 2009

Løyvingane på posten skal dekkje kostnadene ved deltaking i rammeprogrammet for forbrukarpolitikk til EU. Storleiken på dei årlege bidraga til Kommisjonen varierer med svingingane i eurokursen, utviklinga i BNP, den faktiske aktiviteten under programmet og det endelege EØS-budsjettet.

Det blir føreslått ei løyving på 4,2 mill. kroner på posten.

Kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

50

Basisløyving

23 979

25 010

25 660

Sum kap. 866

23 979

25 010

25 660

Status for verksemda

Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har som formål å drive forsking, utgreiing og testverksemd ut frå omsynet til forbrukarane si stilling og rolle i samfunnet. Instituttet medverkar med forskingsbasert kunnskap til styresmakter, politikarar, næringslivet og organisasjonar.

SIFO er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, eigne vedtekter og eit styre. Drifta er finansiert med ei basisløyving over statsbudsjettet og med prosjektinntekter. Instituttet utfører prosjekt med finansiering frå statlege verksemder, Noregs forskingsråd, EU, næringslivet og ulike organisasjonar.

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Forsking, utgreiing og testverksemd ut frå omsynet til stillinga og rolla til forbrukarane i samfunnet

Forskingsbasert kunnskap om økonomien, kompetansen og åtferda til forbrukarane

SIFO gjennomførte også i 2007 ei landsrepresentativ undersøking om ulike sider ved forbrukaråtferd (SIFO-surveyen). Målet med undersøkinga, som blir gjennomført årleg, med kjønn som ein variabel, er å samle inn informasjon på viktige forbruksområde som på lengre sikt skal danne grunnlag for tidsseriar. I tillegg skal undersøkinga medverke til kunnskap om meir dagsaktuelle forbrukarspørsmål. I 2007 svarte respondentane mellom anna på spørsmål om forbrukarkompetanse, forbrukarøkonomi, reklame, klimaproblematikk og telefonsal. Spørsmåla var utvikla i samarbeid mellom BLD, forskarar på SIFO, Forbrukarombodet, Forbrukarrådet og Konkurransetilsynet.

Etter oppdrag frå BLD utarbeidde SIFO ein indeks over kor tilfredse norske forbrukarar er med ulike bransjar. Indeksen var inspirert av den danske indeksen om same tema, men tilpassa norske forhold. Instituttet stod sjølv for datainnsamlinga. Arbeidet gjekk føre seg i nært samarbeid med BLD, Forbrukarrådet og Forbrukarombodet. Formålet med indeksen er å vurdere marknader etter kor nøgde forbrukarane er, og å identifisere marknader med særlege problem. I den norske indeksen, som vart presentert sommaren 2008, kom pakkereiseoperatørane best ut og drosjenæringa dårlegast ut. Berre personar som hadde erfaring frå ein marknad fekk vere med i vurderinga, uavhengig av kva slags kjønn, alder, inntekt, utdanningsnivå eller etnisk bakgrunn dei hadde.

Ein studie for Sosial- og helsedirektoratet om utanrettslege gjeldsordningar vart sluttført. Instituttet deltok også i eit internasjonalt nettverk om gjeldsproblematikk i Europa i regi av The European Credit Research Institute (ECRI) i Belgia, og i eit danskbasert nettverk om same tema i regi av Senter for kreditret og kapitalmarkedsret ved Handelshøjskolen i København.

SIFO registrerer kvart år kor stor del av befolkninga som har gjeldsproblem. Vidare gjennomfører SIFO studiar av offentlege tiltak mot gjeldsproblem og av situasjonen til personar med gjeldsproblem. Dette vart også gjort i 2007.

Kunnskap basert på forsking og testverksemd om samanhengen mellom teknologi, produkt, forbrukskultur og miljø

I 2007 vart forholdet mellom forbruk og miljø eit stort diskusjonsemne. SIFO deltok i debatten gjennom føredrag, kronikkar og intervju i ulike medium, og var også aktive i to EU-prosjekt på området.

Instituttet studerte også funksjonelle, tryggleiks- og miljømessige eigenskapar ved ulike produkt. Særleg vekt vart lagd på produkt som forbrukarane omgir seg med i heimen, som til dømes hushaldsapparat og vaskemiddel. Ulike produkt vart testa, samtidig som det vart arbeidd vidare med metodane for å gjennomføre testar og vurderingar.

Mykje av verksemda på teknologiområdet var retta inn mot søknadsrundane til Noregs forskingsråd og den første utlysinga av det sjuande rammeprogrammet om forsking til EU. SIFO var svært aktive i desse prosessane, og fekk monnaleg gjennomslag for nye prosjekt.

Instituttet var i 2006 engasjert i eit prosjekt i regi av Forskingsrådet om føre-var-prinsippet innanfor nanoteknologi. Dette prosjektet vart i 2007 ført vidare i eit samarbeid mellom SIFO og Universitetet i Manchester som samanliknar marknadsføringa av nanoprodukt på forbrukarmarknaden for tekstil og kosmetikk i Noreg og Storbritannia. SIFO starta også opp eit EU-prosjekt om den vitskaplege og politiske dialogen om nanoprodukt i den europeiske marknaden.

Prosjektet Recreational Consumption vart starta opp i 2007 med løyving frå Areal-programmet i Forskingsrådet. Prosjektet, som omfattar ein doktorgrad, vil studere korleis fritidsforbruk kan bidra til berekraftig bygdeutvikling og til utvikling av lønnsam bygdeturisme og gardsmat. I samarbeid med Vestlandsforsking fekk SIFO også gjennomslag for eit prosjekt om miljøbelastinga til fritida. I prosjektrapporten Fritiden både som miljøproblem og som løsning påmiljøproblemene blir fritidsforbruk sett både som ein del av og løysinga på miljøproblema.

Forskingsbasert kunnskap om forbrukarmarknader og politikk

SIFO har tradisjonelt medverka sterkt i forsking rundt marknadsstrukturar og distribusjonsformer. Både media og offentlege styresmakter har eit stort behov for betre kunnskapar om dette. SIFO granska i 2007 ulike alternative distribusjonskanalar, i tillegg til å overvake prisutviklinga i marknaden meir generelt. Instituttet publiserte i 2007 mellom anna studiar om Bondens marknad og om økologisk mat.

Fordi behovet for kunnskap er stort også om andre marknader enn matvaremarknaden, innleidde SIFO eit prosjektsamarbeid med Konkurransetilsynet om prisstrukturen i brune- og kvitevaremarknaden.

Instituttet deltok også aktivt i EU-prosjektet Animal Welfare. Målet for dette prosjektet er å kome fram til merkeordningar på EU-nivå som kan medverke til å auke medvitet til forbrukarane om dyrevelferd. Instituttet leverte fleire rapportar om haldningane til dyrevelferd i det norske distribusjonssystemet. Resultata vil etter kvart bli gjorde tilgjengelege i artiklar i internasjonale tidsskrift og i bokkapittel.

SIFO deltok også i eit forskingsprosjekt om kvalitetsmerking av mat (Quality labelling), finansiert av Forskingsrådet. Målet med dette prosjektet er å studere føresetnadene for ulike typar kvalitetsmerke i den norske matvaremarknaden. Kvalitetsmerking var også utgangspunktet for fleire private forskingsoppdrag, medrekna merking av kjøtt i ulike europeiske land.

SIFO involverte seg også i studiar av forholdet mellom mat og helse, mellom anna i Young Food-prosjektet, som er finansiert av Forskingsrådet. Young Food-prosjektet har overvektsproblema blant ungdom som tema, og matvanane deira står sentralt. Gjennom prosjektet har det mellom anna kome fram at gutar og jenter har nokså ulike innkjøpsvanar når det gjeld mat; gutar kjøper meir av det som er usunt enn jenter. Funna frå prosjektet vil ha stor relevans for førebyggjande helsearbeid.

Heve den vitskaplege profilen gjennom kompetanseheving og kvalitetssikring

For SIFO er doktorgradsprosjekt og publisering i tidsskrift med fagfellevurdering dei to viktigaste verkemidla til å auke den faglege kompetansen.

I 2007 initierte SIFO eitt doktorgradsarbeid. Eitt arbeid vart fullført, medan tre doktorgrader vart leverte til bedømming. I tillegg var sju av forskarane ved SIFO engasjerte i ulike fasar av doktorgradsarbeid.

I det fullførte doktorgradsarbeidet vart levetida til kjøleskap, frysarar, TV-apparat og musikkanlegg diskuterte som ein variabel for berekraftig forbruk. Doktorgraden bygde empirisk på ein analyse av reklame for dei nemnde produktgruppene og på ein kvantitativ representativ survey.

SIFO har som mål å styrkje publiseringa i internasjonale tidsskrift, og har i 2007 hatt god framgang med dette. Talet på publiserte artiklar med fagfellevurdering auka med ca. 40 prosent frå 2006 til 2007, eller frå 0,46 til 0,64 artiklar per forskarårsverk. Totalt vart det publisert 19 slike artiklar i 2007, mot 13 i 2006. Instituttet hadde også fleire bokkapittel/artiklar i bøker med redaktør (20 i 2007, mot 13 i 2006). Elles hadde instituttet framleis mykje publisering i eigne seriar, med 30 rapportar/notat og 136 testrapportar frå laboratoria, mot 29 rapportar/notat og 126 testrapportar i 2006.

Forvalte og formidle forskingsbasert kunnskap om forbrukarspørsmål

Den faglege formidlingsverksemda til SIFO var høg i 2007. Fleire av forskarane underviste og førelas på universitet og høgskolar. Det vart gitt rettleiing til mastergradsstudentar, både innanfor og utanfor instituttet. Formidlinga av forskingsresultat gjennom foredrag, kronikkar, populærvitskaplege artiklar og medieomtale var også omfattande. SIFO fekk hovudoppslag i pressa om fleire av forskingstema sine. Standardbudsjettet genererte ei rekkje medieoppslag gjennom heile året.

Kompetansen til forskarar på SIFO vart ofte brukt i media for å gi utdjupande kunnskapar om forbrukarrelaterte saker. Samla hadde SIFO i 2007 om lag 1 055 oppslag i media. Forskarar frå SIFO heldt til saman 123 foredrag/framleggingar av papers. I tillegg vart det publisert mange artiklar (22), kronikkar (25) og rapportar (160).

SIFO var også med på å arrangere fleire konferansar og seminar både innanlands og utanlands. Desse arrangementa tok opp alt frå spørsmål om klede, sko og tekstilar, til spørsmål om etikk og miljø. SIFO deltok også på Forskingsdagane i Oslo.

Mål og strategier

SIFO vil i 2009 prioritere følgjande mål:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikatorar

Forsking, utgreiing og testverksemd ut frå omsynet til stillinga og rolla til forbrukarane i samfunnet

Vitskapleg kunnskap om

  • samanhengen mellom teknologi, produkt, forbrukskultur og miljø

  • økonomien, kompetansen og åtferda til forbrukarane

  • forbrukarmarknader og -politikk

Talet på nye prosjekt og publikasjonar innanfor dei ulike forskingsområda til instituttet

Høg vitskapleg kompetanse og kvalitet på forskinga

Talet på initierte og fullførte doktorgrader innanfor forskingsområda til instituttet

Talet på forskarar med doktorgrad

Talet på forskarar med Forskar I-kompetanse

Finansiering frå Forskingsrådet og forskingsprogrammet til EU

Styrkt formidling av forskingsbasert kunnskap om forbrukarspørsmål

Ein høg medieprofil med auka eigenprodusert og forskingsbasert formidling

Talet på publikasjonar med fagfellevurdering

Talet på artiklar med ekstern medforfattar

Talet på pressemeldingar, medieoppslag og kronikkar

Forsking, utgreiing og testverksemd ut frå omsynet til stillinga og rolla til forbrukarane i samfunnet

Vitskapleg kunnskap om samanhengen mellom teknologi, produkt, forbrukskultur og miljø

Miljøpåverkinga av ulike typar forbruk og føresetnader for berekraftig praksis vil inngå som viktige problemstillingar i tverrfaglege og komparative studium med finansiering frå ulike kjelder. Merksemda vil særleg bli retta inn mot miljøbelastingane fritida skaper, energibruken hushalda skaper, og mot kroppsrelatert forbruk. Det vil også bli arbeidd med å utvikle nasjonale og internasjonale prosjekt som utnyttar den tverrfaglege kompetansen og breidda i den metodiske tilnærminga til instituttet.

SIFO har eigne laboratorium for testing både etter eigne initiativ og etter oppdrag frå styresmakter, interesseorganisasjonar, produsentar og importørar. Både tryggleiken til produkta og eigenskapane deira i bruk og miljø er viktige. Laboratoria vil bli utvikla med utgangspunkt i testing av produktgruppene tekstil, hushaldskjemikalium og hushaldsprodukt, både i form av kunnskap om varene i tverrfaglege forskingsprosjekt og ved å nytte produktkunnskapane betre overfor norsk offentlegheit. Arbeidet vil bli gjort med utgangspunkt i ei evaluering av laboratorieverksemda som vart gjennomført i 2008.

Vitskapleg kunnskap om økonomien, kompetansen og åtferda til forbrukarane

Gjennom å føre vidare SIFO-surveyen skal utviklinga i forbrukarkompetansen og åtferda på ulike forbruksområde følgjast. Resultata skal formidlast vidare til forbrukarorganisasjonane og til BLD. Det er ei prioritert oppgåve å utvikle ein empirisk modell for å finne ut meir om kor tilfredse forbrukarane er i ulike marknader.

Standardbudsjettet til SIFO for forbruksutgifter tydeleggjer samanhengen mellom forbruk og velferd og blir brukt aktivt av styresmaktene. Arbeidet med standardbudsjettet skal i 2009 kvalitetssikrast gjennom forskingssamarbeid både nasjonalt og internasjonalt og gjennom vitskapleg publisering.

Forbruket til barn og unge vil framleis vere eit viktig forskingsområde. Spørsmål knytte til kommersialisering av oppvekstmiljøet til barn og unge, barnefattigdom og etniske skilnader i forbruket vil stå sentralt.

Utviklinga i forbruksgjeld og betalingsproblem skal studerast og inngå i eit internasjonalt komparativt samarbeid om velferdsaspekt knytte til forbruksøkonomi og gjeld.

Forsking på bruk og meistring av digitale medium er planlagd ført vidare som del av ei strategisk satsing på digital teknologi og forbruk. Gjennom eksternfinansierte prosjekt skal det forskast på ungdom, spel og demokratisk deltaking.

Kjønn er ein sentral variabel i svært mange av forskingsarbeida til SIFO, men funna blir ikkje alltid stilte saman eller sette i samanheng. SIFO vil derfor gå i gang med et arbeid som skal kartleggje, systematisere og samanfatte kunnskapane instituttet har om kjønn og forbruk. Arbeidet skal vere sluttført i 2009.

Vitskapleg kunnskap om forbrukarmarknader og -politikk

Både marknadsaktørar og politiske styresmakter skaper rammevilkår for vala til forbrukarane. SIFO vil samarbeide med forbrukarorganisasjonane, næringsaktørar og styresmakter om å studere situasjonen for forbrukarane i utvalde marknader. Den politiske og sosiale tydinga av forbruket og forbrukaren som politisk aktør vil stå sentralt saman med ansvaret til forbrukarane for ei berekraftig utvikling og etiske sider ved forbruk og forbrukskultur.

Instituttet vil halde oppe ein høg profil nasjonalt og internasjonalt i forsking om matvanar og matpolitikk. Merking, sporing, standardisering, (tilkomstvilkår), opphav og tilhøvet mellom privat og offentleg regulering vil vere viktige tema.

Høg vitskapleg kompetanse og kvalitet på forskinga

SIFO har i dei siste åra bygt opp kompetanse på tre strategiske område: kroppsrelatert forbruk, Politics of consumption (etisk forbruk) og IKT (digital teknologi og forbruk). Styret til SIFO vil etter ei evaluering ta stilling til om desse strategiske satsingane skal førast vidare eller avsluttast i 2009. Samtidig vil det ta stilling til nye satsingar. Gjennom mellom anna auka omfang av vitskapeleg publisering i tidsskrift med fagfellevurdering skal kvalitetssikringa styrkjast. Internasjonal publisering gjer SIFO meir synleg og er et bidrag til internasjonal forbruksforsking. SIFO vil også knytte seg til ekstern kompetanse og auke kontakten med universitets- og høgskolesektoren gjennom forskarutveksling, gjesteforskarar og bistillingar. SIFO har også som mål å tilsetje minst ein ny forskar i forskar 2- stilling i 2008/2009.

Styrkt formidling av forskingsbasert kunnskap om forbrukarspørsmål

Ein høg medieprofil med auka eigenprodusert og forskingsbasert formidling

SIFO skal ha nær kontakt med forbrukarorganisasjonane og assistere styresmaktene i nasjonalt og internasjonalt forbrukarpolitisk arbeid. Auka omfang på oppdragsprosjekt skal medverke til styrkt kompetanseoverføring til brukarar i offentleg forvalting og næringsliv. SIFO skal framleis medverke aktivt til samfunnsdebatten om forbrukarpolitiske spørsmål gjennom forskingsbasert formidling i mange kanalar.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer utgifter til lønn og godtgjering, og utgifter til drift ved instituttet.

Basisløyvinga omfattar fire hovudelement: løyving til grunnfinansiering av instituttet, løyving til forvaltingsrelaterte oppgåver og løyving til laboratorie- og testverksemda til instituttet. Departementet vil i tildelingsbrevet for 2009 kome med ei nærmare presisering og fordeling av basisløyvinga på dei fire områda.

SIFO har også monnalege inntekter frå eksterne prosjektoppdrag.

Som forvaltingsorgan med særskilde fullmakter er SIFO gitt fritak frå det statlege bruttobudsjetteringsprinsippet, jf. Bevilgningsreglementet § 3, fjerde ledd. Tilsetjingstilhøva til dei tilsette er regulerte i lov om statens tjenestemenn. SIFO leverer årsrapport til departementet, jf. Bestemmelser om økonomistyring i staten § 1.5.1.

SIFO hadde 50 tilsette fordelte på 46,5 årsverk per 1. mars 2007. Av dei tilsette var 33 kvinner.

BLD legg til grunn at løyvinga til SIFO ikkje fører til uønskte ulikskapar mellom kvinner og menn. Løyvinga har likevel kjønnsrelevans, i det kjønn er ein sentral variabel i svært mange av forskingsarbeida som instituttet utfører.

Kap. 867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Driftsutgifter

6 030

7 057

7 449

Sum kap. 867

6 030

7 057

7 449

Status for verksemda

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet (FTU) og Marknadsrådet har i oppgåve å førebu saker som skal avgjerast i FTU og Marknadsrådet. Sekretariatet har åtte tilsette. Førebuinga av sakene for FTU legg beslag på størstedelen av ressursane.

FTU, som består av ein leiar, tre nestleiarar og ti medlemmer, handsamar saker (tvistar) om forbrukarkjøp, handverkartenester og angrerett mellom næringsdrivande og ein forbrukar eller mellom to private partar. Vedtaka er bindande for partane og får verknad som dom, med mindre saka blir bringa inn for tingretten. Ein tvist som forbrukaren ønskjer å bringe inn for FTU, må først ha vore handsama (mekla) ved eit av regionkontora til Forbrukarrådet.

Marknadsrådet, som består av leiar, nestleiar og sju medlemmer med personlege vararepresentantar, handsamar hovudsakleg saker om marknadsføring som blir lagde fram gjennom Forbrukarombodet. I tillegg er Marknadsrådet klageinstans for saker om brot på merkeføresegnene i tobakksskadelova og reklameforbodet i denne lova og i alkohollova. Marknadsrådet er også klageinstans for vedtak gjorde av Statens medieforvaltning i medhald av kringkastingslova § 3-1 tredje ledd om reklame for livssyn eller politiske bodskap.

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Eit tilgjengeleg tilbod om forenkla løysing av forbrukartvistar

Effektiv handsaming av saker som blir førte inn for Forbrukartvistutvalet

Sekretariatet tok imot 920 saker til handsaming i 2007, mot 907 saker i 2006. Om lag 75 prosent av sakene i Forbrukartvistutvalet hadde ei handsamingstid på under seks månader. Sjølv om tilgangen på saker auka i 2007, gjekk den gjennomsnittlege handsamingstida ned frå 171 dagar i 2006 til 152 dagar. Nedgangen heng i stor grad saman med at det er innført betre rutinar for handsaminga av sakene for Forbrukartvistutvalet.

Eit effektivt klageorgan i saker som gjeld marknadsføring og avtalevilkår der omsynet til forbrukarane tilseier inngrep

Effektiv handsaming av saker som blir førte inn for Marknadsrådet

Det kom i 2007 inn 15 saker til Marknadsrådet. Seks av desse sakene var såkalla orienteringssaker frå Forbrukarombodet. Marknadsrådet trefte vedtak i seks saker, og eit tilleggsvedtak om saksomkostningar. Ei sak vart trekt, medan to saker venta på vedtak ved utgangen av 2007. Om lag 17 prosent av sakene for Marknadsrådet hadde ei handsaming på under tre månader. Den gjennomsnittlege handsamingstida til sakene var på om lag tre og ein halv månad, som er noko mindre enn i 2006.

Det kom i 2007 ikkje inn saker til Marknadsrådet frå Sosial- og helsedirektoratet om alkohol- og tobakksreklame.

Mål og strategiar

Hovudmålet for verksemda er å sikre rettstryggleiken for individ og grupper på delar av området til forbrukarretten.

I 2009 vil følgjande mål bli prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Effektiv handsaming av saker som blir førte inn for Forbrukartvistutvalet

Sakene som blir førte inn for Forbrukartvistutvalet, har ei gjennomsnittleg handsamingstid på under seks månader

Gjennomsnittleg handsamingstid for sakene som blir førte inn for Forbrukartvistutvalet

Effektiv handsaming av saker som blir førte inn for Marknadsrådet

Sakene som blir førte inn for Marknadsrådet, har ei gjennomsnittleg handsamingstid på under tre og ein halv månad

Gjennomsnittleg handsamingstid for sakene som blir førte inn for Marknadsrådet

Effektiv handsaming av saker som blir førte inn for Forbrukartvistutvalet

Sakene som blir førte inn for Forbrukartvistutvalet, har ei gjennomsnittleg handsamingstid på under seks månader

Målet for Forbrukartvistutvalet er at tilbodet om ei kostnadsfri og forenkla tvisteløysing skal vere allment kjent, at sakshandsaminga skal vere hurtig og god, og at sentrale prinsipp om rettstryggleik skal bli tekne vare på. Ein grunnleggjande føresetnad for funksjonen til FTU som konfliktløysar og førebyggjande organ er at utvalet har tillit, og at organet blir oppfatta som uavhengig og nøytralt. Avgjerdene må ha god kvalitet, noko som mellom anna inneber at dei er forståelege og godt grunngitte.

Sekretariatet vil i 2009 vidareføre samarbeidet med Forbrukarrådet om å betre og effektivisere saksførebuinga og -handsaminga. Målet er å halda sakshandsamingstida på under seks månader.

Effektiv handsaming av saker som blir førte inn for Marknadsrådet

Sakene som blir førte inn for Marknadsrådet, har ei gjennomsnittleg handsamingstid på under tre og ein halv månad

Marknadsrådet skal vere eit uavhengig og nøytralt organ. Avgjerdene må ha god kvalitet, vere forståelege og godt grunngitte. Det er viktig at sakene kan avgjerast hurtig med eit eventuelt forbodsvedtak og tvangsgebyr, slik at Forbrukarombodet og Sosial- og helsedirektoratet kan nytte vedtaka i sitt tilsyn for å kunne stanse ulovleg marknadsføring effektivt.

I saker for Marknadsrådet som gjeld klage på marknadsføring etter marknadsføringslova, er målet å oppnå ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid på tre og ein halv månad, rekna frå sakene kjem inn til Sekretariatet, til vedtaka blir sende ut til partane. For saker som gjeld alkohol- og tobakksreklame, er det ikkje fastsett noko mål for sakshandsamingstida. Dei sakene om alkoholreklame som har vore oppe for Marknadsrådet til no, har vore av stort omfang med svært omfattande innlegg frå begge sider. Ein må derfor rekne med noko lengre sakshandsamingstid for desse sakene.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til lønn for faste medarbeidarar og andre driftsutgifter ved Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet.

Sekretariatet hadde åtte tilsette (7,8 årsverk) per 1. mars 2007. Av dei tilsette var fire kvinner.

Løyvinga har ingen klar kjønnsrelevans.

Kap. 3867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

16

Refusjon av foreldrepengar

115

18

Refusjon av sykepengar

2

Sum kap. 3867

117

Post 16 Refusjon av foreldrepengar

På denne posten blir refusjonar etter ordninga med refusjon av foreldrepengar rekneskapsførte. Utgifter motsvarande refusjonen blir rekneskapsførte på kap. 867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet.

Post 18 Refusjon av sjukepengar

På denne posten blir refusjonar etter ordninga med refusjon av sjukepengar rekneskapsførte. Utgifter motsvarande refusjonen blir rekneskapsførte på kap. 867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet.

Kap. 868 Forbrukarombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Driftsutgifter

19 056

18 497

19 533

Sum kap. 868

19 056

18 497

19 533

Status for verksemda

Forbrukarombodet er eit frittståande forvaltingsorgan som er fagleg ansvarleg for sine eigne prioriteringar. Departementet har ansvaret for å foreslå nødvendige utbetalingar til verksemda og å kontrollere bruken av desse.

Forbrukarombodet fører tilsyn med at marknadsføringa og avtalevilkåra til næringsdrivande er i samsvar med marknadsføringslova. Saker som Forbrukarombodet ikkje greier å løyse gjennom frivillige ordningar, kan bringast inn for Marknadsrådet. Marknadsrådet kan fatte forbodsvedtak mot aktuelle tiltak. Saman med forbodsvedtak skal det som hovudregel også fattast vedtak om tvangsgebyr, som den næringsdrivande må betale dersom vedtaket ikkje blir følgt.

Etter marknadsføringslova kan Forbrukarombodet reagere mot kjønnsdiskriminerande reklame.

Forbrukarombodet handhevar forskrifter om fibermerking og vedlikehaldsmerking av tekstilar, og er tillagt tilsynet med reglar gitte i medhald av kringkastingslova og kredittkjøpslova. Forbrukarombodet er også nasjonalt kontaktpunkt for ehandel etter ehandelslova. Dessutan har Forbrukarombodet ansvaret for å føre tilsyn med marknadsføring av alternativ behandling. Gjennom marknadsføringslova fører Forbrukarombodet også tilsyn med at rettane til forbrukarane i anna lovverk (til dømes angrerettlova) blir tekne vare på.

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Redusert førekomst av lovstridige marknadsføringsmetodar

Redusert bruk av villeiande samanlikningsprisar og betre prisinformasjon innanfor prioriterte bransjar

Forbrukarombodet klarte å stanse så å seie all villleiande marknadsføring på TV-marknaden i 2007. TV-marknaden er prega av sterk konkurranse om kundane. Ein aktør på denne marknaden vart i 2007 pålagd å betale 400 000 kroner i tvangsgebyr. Det vart også teke opp mange saker om villeiande prismarknadsføring i IKT-bransjen. På IKT-marknaden er det særleg vanskeleg for forbrukarane å få oversikt over prisbiletet.

Forbrukarombodet tok opp fleire saker om marknadsføring av såkalla samansette spareprodukt. Med grunnlag i alle desse sakene tok ombodet initiativ til ei gransking av slike produkt. Ein rapport frå Kredittilsynet synte at mange forbrukarar var vortne villeidde til å lånefinansiere produkt med lite potensial for avkasting. Dette gav Forbrukarombodet grunnlag for å stanse marknadsføringa.

Forbrukarombodet kom etter forhandlingar til semje med fleire føretak om totalprisen ved kredittkjøp. Det vart gjennomført ein kontrollaksjon som synte at dei nye reglane for korleis det skal opplysast om den effektive renta på lån og kreditt, vart dårleg etterlevde. Aksjonen vart derfor følgd opp med eit brev til alle tilbydarane av lån og kreditt.

Det vart også oppnådd semje i ei viktig sak om villeiande marknadsføring av kreftforsking.

Forbrukarombodet lanserte ein bransjenorm for marknadsføring av bustader, og i samarbeid med bransjen vart det utarbeidd retningslinjer for korleis det skal informerast om areal ved marknadsføring av bustader.

Det vart forhandla fram og lansert ein bransjenorm for opphavsmerking av straum. I kjølvatnet av denne tok Forbrukarombodet opp fleire saker. Det vart oppnådd semje med bilbransjen om bruken av miljøargumentasjon i marknadsføring.

Fleire marknadsføringskampanjar med bruk av prisgarantiar vart stansa, fordi Forbrukarombodet kom til at påstandane frå dei forretningsdrivande om at dei var billegast, ikkje var riktige.

Det vart fatta vedtak om forbod mot prismarknadsføringa til ein aktør i bilbransjen.

Marknadsføring retta mot barn, eller som barn blir utsette for, skal ikkje vere urimeleg

Forbrukarombodet handsama mange saker om mobilt tenesteinnhald. Desse tenestene er særleg interessante for barn og unge, og det er viktig at marknadsføringa er rimeleg både med omsyn til pris og vilkår. Det var ei lang rekkje av saker der aktørane nytta seg av villeiande gratispåstandar og lét vere å informere tilstrekkeleg om kostnadene knytte til mobile innhaldstenester. Dette råka mange barn og unge, og Forbrukarombodet følgde derfor opp denne bransjen tett. I samband med dette vart det også lansert reviderte retningslinjer for mobilt tenesteinnhald.

I fleire tilfelle fekk barn tilsendt upassande reklame (særleg med pornografisk innhald) på SMS. Det vart treft forbodsvedtak mot både eit firma og ein privatperson som hadde sendt ut slik uoppmoda SMS mellom anna til mindreårige.

I samarbeid med Lotteritilsynet og Medietilsynet utarbeidde Forbrukarombodet informasjon om SMS-konkurransar og -chat på TV. Mange barn og unge nyttar seg av slike tenester, og det er viktig at prisar og vilkår kjem klart fram.

I ei kartlegging vart det funne omfattande bruk av tilgift og konkurransar i marknadsføring av usunn mat overfor barn. Forbrukarombodet gav uttrykk for si bekymring for dette til BLD, og foreslo lovregulering både for marknadsføring av usunn mat, og reglar for bruk av tilgift og konkurransar i den nye marknadsføringslova.

Påstandar som blir framsette i marknadsføring av helsetenester, skal ikkje stå fram som villeiande eller støytande for forbrukaren

Det vart gjennomført ein kontrollaksjon og teke opp mange saker om marknadsføring av alternativ handsaming. På bakgrunn av røynslene frå handsaminga av slike saker gjennom fleire år, og etter ønske frå bransjen, vart det utarbeidd og lansert retningslinjer for marknadsføringa av slik handsaming. Framover vil det bli gjennomført nye aksjonar for å finne ut om retningslinjene blir etterlevde.

Forbrukarombodet samarbeider med Norsk plastikkirurgisk forening og Norsk forening for estetisk plastikkirurgi om å betre informasjonen til partane om kva rettar og plikter kundane har ved kjøp av kosmetisk-kirurgiske tenester.

Reglane som skal sikre at forbrukarane ikkje mottek uønskt reklame, skal etterlevast

Det var ein liten nedgang i talet på klager på telefonsal i 2007, men det vart klaga på fleire firma. Forbrukarombodet handsama mange enkeltsaker om telefonsal, og tok initiativ til å endre marknadsføringslova slik at telefonsal skal bli regulert på same måten som uønskt reklame på e-post og SMS (spam), det vil seie bli forbode bortsett frå i tilfelle der forbrukaren har gitt samtykke til å ta imot det, eller der det frå før finst eit kundeforhold.

Det var ein auke i talet på spam i 2007, og det vart handsama mange enkeltsaker, spesielt på uønskt reklame via SMS. Det vart fatta vedtak om forbod mot to firma og to privatpersonar som hadde sendt ut spam. For å informere næringsdrivande om regelverket vart det utarbeidd og lansert retningslinjer om forbodet mot spam i § 2b i marknadsføringslova.

Talet på klager som Forbrukarombodet mottok på uadressert reklame, auka også. Svært mange av klagene dreide seg om uadressert reklame som Aftenposten hadde distribuert. Saka vart brakt inn for Marknadsrådet, men dette fann ikkje grunnlag for å fatte vedtak i saka. Heller ikkje i ei anna sak om distribusjon av uadressert reklame fann Marknadsrådet grunn til å fatte vedtak. Forbrukarombodet tok initiativ til ei lovendring.

For å møte behovet til forbrukarane for informasjon om uønskt reklame vart spørsmål og svar-tenesten til Forbrukarombodet utvida til også å gjelde fjernsal og uadressert reklame.

Forbodet mot omsetning av svartebørsbillettar

I 2007 kom det ei ny lov om forbod mot sal av svartebørsbillettar. Etter marknadsføringslova kan Forbrukarombodet handheve dette forbodet. Det vart i løpet av året sendt ut informasjon til billettformidlarar, internettportalar, idretts- og kulturarrangørar og til politiet om den nye lova og om korleis Forbrukarombodet handhevar denne. Det vart handsama fleire saker etter lova. I samband med cupfinalen i fotball i 2007 vart det gjort vedtak mot ein næringsdrivande som dreiv med organisert svartebørshandel via Internett.

Betre forbrukarrettar i kontraktar

Bidra til at vilkår i kontraktar ikkje er utforma på ein måte som bind forbrukarane, og såleis hindrar forbrukarane i å nytte seg av konkurransen i marknaden

Forbrukarombodet leidde eit samarbeid med forbrukarapparata i Tyskland, Frankrike og Finland om vilkåra til iTunes for kjøp av musikkfiler via Internett. Ved utgangen av 2007 vart 40 prosent av all musikk på iTunes selt utan kopisperre (DRM). Etter forhandlingane har Apple, som står bak iTunes, også gjort andre endringar i vilkåra sine for Europa. I samband med denne saka og dei problemstillingane ho reiser, arrangerte Forbrukarombodet eit nordisk seminar om digitale ytingar.

Fleire reiseselskap innførte automatisk avbestillingsforsikring ved kjøp av flybillettar på Internett. Etter ein større aksjon fekk Forbrukarombodet 23 selskap til å fjerne denne ordninga.

Forbrukarombodet vann ei sak i Lagmannsretten om for høg forskotsbetaling i standardvilkåra til ein barnehage, og vann også ei sak i Marknadsrådet om oppseiingsvilkåra i abonnement på eit ungdomsblad.

Bidra til klare og rimelege vilkår i kontraktar i utvalde bransjar som forbrukarane til kvar tid opplever som problematiske

På bakgrunn av mange klager vart det utarbeidd og lansert ei bransjenorm for kundeservice i IKT-bransjen. Det vart forhandla fram avtalevilkår med RiksTV i samband med at dei kom inn på marknaden.

Standardvilkåra for pakkereiser vart reviderte i samarbeid med bransjen.

Forbrukarombodet deltok aktivt i standardiseringsarbeidet med ulike kontraktar for oppføring av bustader. Desse kontraktane er store og viktige for forbrukarane, og det er særleg viktig at vilkåra er klare og balanserte. Arbeidet heldt fram inn i 2008.

I samarbeid med bankforeiningane vart det utarbeidd ein ny kredittkortavtale. I samarbeid med ANSA og Forbrukarrådet vart det utarbeidd ei tipsliste med gode råd til utanlandsstudentar.

Tryggare handel via fjernkommunikasjon

Bidra til tryggare avtaleinngåing ved elektronisk handel

Forbrukarombodet arbeidde med eit utkast til ein mønsterkontrakt for netthandel som skal kunne takast i bruk av dei som sel varer og tenester på Internett. Kontrakten skal gi forbrukarane rettleiing om dei mest sentrale rettane dei har etter loven, og sikre desse. Kontrakten vart lansert tidleg i 2008. Det blir nå også arbeidd med retningslinjer for bestilling av flybillettar via formidlar på Internett som stiller dei same krava til at forbrukaren får god informasjon og dei same rettane som ved bestilling direkte frå flyselskap.

Bidra til at barn og unge ikkje inngår avtalar dei ikkje vil, kan eller ser konsekvensane av å inngå

Forbrukarombodet var sekretariat for ei styringsgruppe for barn og mobilbruk samansett av representantar for bransjen, Medietilsynet og organisasjonen Barnevakten. I samband med dette arrangerte ombodet ein rundebordskonferanse om temaet. Hovudresultatet frå konferansen var at alle mobiloperatørane innførte alderskontroll for mobiltelefonabonnement. Det vart også utvikla ein mobilvettguide og tips for trygg nettbruk i brosjyreformat.

Bidra til at forbrukarane ikkje blir bundne til kontraktar dei sjølve meiner at dei ikkje har inngått ved telefonsal (negativt sal)

Forbrukarombodet handsama også i 2007 mange førespurnader og saker om negativt sal. Fleire næringsdrivande gjekk over til andre metodar for sal, som dørsal og sal på stand. Det vart derfor utarbeidd retningslinjer for dørsal og sal på stand. Forbrukarombodet mottok også stadig fleire klager på negativt sal på bakgrunn av annonsar på Internett. Derfor blir det nå også arbeidd med retningslinjer for marknadsføring og sal av abonnement via Internett.

Forbrukarombodet fatta vedtak mot eitt firma og ein privatperson mot ulovleg inkassoverksemd med bakgrunn i negativt sal via telefon og sal på stand. Vedtaket vart halde oppe i Marknadsrådet og seinare i tingretten.

Motverke urimeleg marknadsføring på tvers av landegrensene

Bidra til at norske forbrukarar ikkje blir utsette for urimeleg marknadsføring og svindel via Internett over landegrensene

Samarbeidet mellom tilsynsstyresmaktene i Europa om handsaming av saker om marknadsføring og avtalevilkår (CPC) har kome godt i gang. Forbrukarombodet har både sendt saker til andre land og motteke klager på norske næringsdrivande frå andre land. Forbrukarombodet deltok i ein aksjon i regi av CPC om prismarknadsføringa til flyselskapa. Fire saker vart oversende til andre EU-/EØS-land, og ulike problemstillingar vart tekne opp med fleire norske aktørar.

Det vart halde to samarbeidsmøte i Forum Stopp Nettsvindel, og etablert ei varslingsordning på nettvett.no for forsøk på å lure personar til å gi frå seg passord til nettbanken eller kredittkortnummer (phishing).

Dei fleste svindelforsøka mot norske forbrukarar kjem via spam. Det er derfor utarbeidd ei eiga løysing for mottak av klager på spam på nettsida til Forbrukarombodet (forbrukerombudet.no).

Arbeidet med å utarbeide betre informasjon og verktøy for å motverke spam og nettsvindel kom godt i gang.

Forbrukarombodet deltok i fleire internasjonale fora for å motverke spam og nettsvindel.

Delta i nordisk, europeisk og internasjonalt samarbeid for å påverke utforminga av regelverk og betre rammeverket for handheving av lovbrot

Forbrukarombodet uttalte seg i høyringar til EU-kommisjonen både om grønboka for forbrukardirektiva, revisjon av direktiva for time-share, pakkereiser og fjernsal. Forbrukarombodet uttrykte uro over å totalharmonisere forbrukarretten i Europa.

Forbrukarombodet deltok også aktivt i samarbeid med dei andre nordiske forbrukaromboda og i International Consumer Protection and Enforcement Network (ICPEN).

Mål og strategiar for 2009

I 2009 vil Forbrukarombodet prioritere følgjande mål:

Delmål

Resultatmål

Mindre ulovleg marknadsføring og færre urimelege standardkontraktar – ein enklare og tryggare forbrukarkvardag

Reduserte førekomstar av lovstridige marknadsføringsmetodar

Betre vern for forbrukarar i standardkontraktar

Ein enklare og tryggare marknad for elektronisk handel og kommunikasjon

Redusert førekomst av urimeleg marknadsføring over landegrensene

Mindre ulovleg marknadsføring og færre urimelege standardkontraktar – ein enklare og tryggare forbrukarkvardag

Reduserte førekomstar av lovstridige marknadsføringsmetodar

I 2009 vil det kome ei ny marknadsføringslov. Forbrukarombodet vil bruke store ressursar på å gi god informasjon til dei næringsdrivande om det nye regelverket. Dette vil vere eit viktig skritt på vegen til å redusere førekomsten av lovstridig marknadsføring.

Forbrukarombodet vil som før arbeide mykje med prismarknadsføring og prismerking. God og riktig informasjon om pris er viktig for forbrukarane når dei skal velje mellom ulike varer og tenester. Forbrukarane blir ofte villeidde av usanne påstandar om sal, førprisar og prisgarantiar. Forbrukarombodet kan bidra til å avdekkje når slike påstandar ikkje er sanne. Problemet finst i dei fleste bransjar. Forbrukarombodet vil i 2009 mellom anna arbeide særleg med mobiltelefonmarknaden.

Alle forbrukarar inngår avtalar om finansielle tenester, anten det er kreditt, lån, sparing, betaling, forsikring eller anna. Dette er ofte store og viktige avtalar for den einskilde forbrukar, og det er viktig at opplysingar som blir gitte i marknadsføringa, er eigna til å gi eit riktig bilete av innhaldet i og kostnadene ved tenestene. Forbrukarombodet vil bidra til dette.

Stadig fleire forbrukarar er opptekne av å ta miljømessige eller etiske omsyn i forbruket sitt, og ønskjer å gi uttrykk for det samfunnspolitiske engasjementet sitt gjennom dei varene og tenestene dei handlar. Samtidig ser ein at nye typar produkt og tenester blir marknadsførte med miljømessige eller etiske fordelar, og at nye bransjar og bedrifter marknadsfører seg med ein etikk- eller miljøprofil. Forbrukarombodet vil bidra til at dei næringsdrivande ikkje nyttar miljø- og etikkargumentasjon på uriktig eller villeiande måte i marknadsføringa si, og arbeide for at forbrukarane skal få god og relevant informasjon om etiske og miljømessige forhold ved varer og tenester.

Barn og unge er populære forbrukarar, og blir utsette for mykje marknadsføring og kommersielt press. Omfanget av reklame til barn har auka, og reklamen er blitt meir påtrengjande. Når stadig fleire og yngre barn har eigne mobiltelefonar, blir dei også meir tilgjengelege for direkte retta marknadsføring som telefonsal og reklame på SMS og MMS. Forbrukarombodet vil bidra til å hindre at barn og unge blir utsette for urimeleg eller villeiande marknadsføring.

Betre vern for forbrukarar i standardkontraktar

Forbrukarombodet vil gjere ei vurdering av ulike standardkontraktar, på ulike livsområde. Generelt er det viktig at kontraktane er klare og balanserte, og at dei ikkje er urimelege. TV-marknaden og utdanning er av dei områda Forbrukarombodet planlegg å gå nærmare inn på i 2009.

Kjøp av bustad er den største investeringa mange forbrukarar gjer i livet. Mange bruker også store summar på å leige bustad. Det er derfor viktig at kontraktane som blir nytta, gir forbrukarane god informasjon om kva for retter og plikter dei har, og at dei ikkje inneheld urimelege vilkår. Forbrukarombodet vil sjå nærmare på eit utval av kontraktane, og bidra til å gjere det enklare og tryggare å kjøpe eller leige bustad.

Ein enklare og tryggare marknad for elektronisk handel og kommunikasjon

Forbrukarombodet mottek kvart år mange klagar frå forbrukarar som har dårlege opplevingar med telefonsal. Ein del blir plaga med stumme oppringingar, mange blir ringde opp sjølv om dei har reservert seg mot telefonsal, og mange blir utsette for såkalla negativt sal, det vil seie at dei mottek krav om betaling for varer eller tenester dei ikkje har inngått avtale om å kjøpe. I 2009 kjem det nye reglar om mellom anna telefonsal. Forbrukarombodet vil drive aktivt informasjonsarbeid både til næringsdrivande og forbrukarar om dei nye reglane, og vil også drive saksarbeid etter dei nye reglane.

Mange forbrukarar er plaga av spam, anten på e-post eller SMS. Mykje spam inneheld svindelkonsept, gjerne i form av ulike lotteri. Forbrukarombodet handterer kvart år mange klagar på spam, og arbeider i lag med andre styresmakter og organ i Noreg og mange andre land for å kome spamproblema og nettsvindelen til livs. Dette arbeidet vil bli ført vidare.

Handel på nett held fram med å auke. Forbrukarombodet vil bidra til at forbrukarane ikkje blir villeidde, at forbrukarane ikkje blir utsette for urimelege kontraktar, og at prosessane for å inngå avtalar er enkle og trygge.

Stadig fleire kjøper også digitalt innhald på nett. Særleg barn og unge kjøper musikk, film, spel, ringetonar og anna mobilt innhald. Forbrukarombodet vil i 2009 halde fram med å arbeide mot urimelege avtalevilkår, produktlåsing og andre innelåsande element. Ombodet vil også følgje opp arbeidet for trygg mobilbruk for barn.

Redusert førekomst av urimeleg marknadsføring over landegrensene

Når den nye marknadsføringslova kjem i 2009, innfører Noreg mellom anna eit europeisk regelverk som forbyr urimeleg marknadsføring. Samtidig er det allereie på plass eit system der tilsynsmakter tilsvarande Forbrukarombodet i alle dei europeiske landa er pliktige til å samarbeide i saker der det skjer ulovleg marknadsføring over landegrensene. Forbrukarombodet vil aktivt nytte dette samarbeidet til å stoppe ulovleg marknadsføring eller urimelege vilkår i tilfelle der utanlandske selskap rettar seg mot norske forbrukarar, og der norske selskap rettar seg mot forbrukarar i andre europeiske land.

Forbrukarombodet samarbeider også med styresmakter utanfor Europa om verdsomfattande forbrukarvern. Særleg innanfor nettsvindel er det viktig å ha eit stort nettverk, men også på andre område.

Nærmare om budsjettforslaget

Post 01 Driftsutgifter

Posten skal dekkje lønn til medarbeidarar og andre driftsutgifter ved Forbrukarombodet.

Ombodet hadde 30 tilsette (29,3 årsverk) per 1. mars 2008. Av dei tilsette var 14 kvinner.

Løyvinga har kjønnsrelevans, først og fremst gjennom at Forbrukarombodet etter marknadsføringslova kan reagere mot kjønnsdiskriminerande reklame.

Kap. 3868 Forbrukarombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

01

Diverse inntekter

1 432

16

Refusjon av foreldrepengar

42

18

Refusjon av sykepengar

83

Sum kap. 3868

1 557

Post 01 Diverse inntekter

Posten omfattar prosjektinntekter, refusjonar og diverse andre inntekter som blir rekneskapsførte i budsjettåret.

Post 16 Refusjon av foreldrepengar

På denne posten blir refusjonar rekneskapsførte i høve til ordninga med refusjon av foreldrepengar. Utgifter som motsvarer refusjonen blir rekneskapsførte på kap. 868 Forbrukarombodet.

Post 18 Refusjon av sjukepengar

På denne posten blir refusjonar rekneskapsførte i høve til ordninga med refusjon av sjukepengar. Utgifter motsvarande refusjonen blir rekneskapsførte på kap. 868 Forbrukarombodet.

Programområde 28

Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Budsjettforslaget på Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon viser ein auke på i underkant av 11 prosent.

Hovudprioriteringar på programkategorien er:

  • Auke fedrekvoten med fire veker. Av utvidinga blir to veker gjennomført som utviding av den samla stønadsperioden.

  • Auking av eingongsstønaden i samsvar med prisauken.

Kap. 2530 Foreldrepengar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

10 451 311

10 764 000

12 011 500

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

406 397

420 000

400 000

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

285 298

310 000

345 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

104 970

116 000

100 000

Sum kap. 2530

11 247 976

11 610 000

12 856 500

Resultatrapport 2007/2008

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei resultatmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

Like vilkår for mødrer og fedrar til å kombinere yrkesaktivitet og barneomsorg

Ei fleksibel og brukarvennleg foreldrepengeordning

Stønadsordninga ved fødsel og adopsjon vart forenkla frå 1. januar 2007 og kalla foreldrepengar. Samtidig vart ordninga med tidskonto forenkla og gjord meir fleksibel. Målet var å gjere det enklare å kombinere uttak av foreldrepengar med delvis arbeid eller periodar med arbeid på heiltid. Endringane går fram av Innst.O. nr. 34 (2005–2006), jf. Ot.prp. nr. 12 (2005–2006) og Ot.prp. nr. 104 (2004–2005). I 2007 kombinerte 2 572 personar delvis uttak av foreldrepengar med delvis arbeid. Dette er ein auke på om lag 93 prosent frå 2006, da 1 329 kombinerte foreldrepengar og arbeid. 50 283 kvinner mottok foreldrepengar ved fødsel i 2007, 2 538 fleire enn i 2006.

Fedrane sine uttak av foreldrepengar

37 672 fedrar tok ut foreldrepengar ved fødsel i 2007, det vil seie i om lag 75 prosent av dei tilfella der mor òg har betalt foreldrepermisjon. At ein så stor del av fedrane ikkje bruker ordninga, må mellom anna sjåast i samanheng med at rettane til fedrane er bestemte av yrkesaktiviteten til mor. Fedrane tek ut fleire dagar med foreldrepengar enn før. Statistikken for 2007 viser delvis effekt av at fedrekvota vart utvida frå fem til seks veker for barn fødde 1. juli 2006 eller seinare. Full effekt av denne regelendringa vil først kome fram i statistikken for 2008. 17,6 prosent av fedrane med foreldrepengar tok ut meir enn fem veker i 2006. 55,5 prosent tok ut meir enn fem veker i 2007. 36,3 prosent tok ut seks veker i 2007. Det er altså ein klar effekt av regelendringa. Det blir òg gradvis fleire fedrar som tek ut meir enn fedrekvota. Utviklinga går relativt sakte. I 2007 var det 17,3 prosent som tok ut meir enn seks veker. I 2006 var det 15,7 prosent.

Det var 1 204 fedrar som tok ut foreldrepengar på sjølvstendig grunnlag i 2007, mot 1 338 i 2006. Dette gjeld tilfella der far, men ikkje mor, har rett til foreldrepengar. 74,6 prosent tok ut meir enn 30 dagar i 2007. 53,3 prosent tok ut 60 dagar eller meir. Dette er ein nedgang på høvesvis 1,5 og 4,5 prosentpoeng frå 2006.

Fleksibelt uttak av foreldrepengar

1 777 mødrer og 795 fedrar brukte gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel i 2007, ein auke frå 2006 på 88 prosent for mødrene og på 107 prosent for fedrane. Dette har samanheng med at reglane om tidskonto frå 1. januar 2007 vart erstatta av meir fleksible reglar for gradert uttak av foreldrepengar. Det er likevel berre 2,1 prosent av fedrane og 3,5 prosent av mødrene med foreldrepengar som bruker gradert uttak. 42 prosent av mødrene og 37 prosent av fedrane med gradert uttak tek ut foreldrepengar med 50 prosent i kombinasjon med 50 prosent arbeid.

Tabell 4.13 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga i 2006 og 2007

2006

2007

Endring 2006/2007

Talet på fødslar

57 713

57 655

-58

Talet på levandefødde barn

58 545

58 459

-86

Talet på kvinner som avslutta minst ein periode med foreldrepengar ved fødsel

47 745

50 283

2 538

- herav med 80 prosent lønnskompensasjon

35 517

36 395

878

Talet på menn som avslutta minst ein periode med foreldrepengar ved fødsel

35 827

37 672

1 845

- herav med permisjon inntil 24 dagar

14 052

8 117

-5 935

- herav med permisjon 25 dagar

15 486

8 660

-6 826

- herav med permisjon 26–29 dagar

299

714

415

- herav med permisjon 30 dagar

385

13 663

13 278

- herav med permisjon 31–39 dagar

965

1 079

114

- herav med permisjon 40–59 dagar

2 459

2 654

195

- herav med permisjon 60 dagar eller meir

2 181

2 785

604

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag ved fødsel for kvinner (kr)

262 226

269 951

7 725

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag ved fødsel for menn (kr)

323 273

339 938

16 665

Talet på kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel

945

1 777

832

Talet på menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel

384

795

411

Talet på fødslar utanfor institusjon

411

354

-57

Talet på kvinner med svangerskapspengar

1 748

2 014

266

- herav sjølvstendig næringsdrivande

Talet på kvinner som avslutta minst ein periode med foreldrepengar ved adopsjon

588

492

-96

- herav med 80 prosent lønnskompensasjon

420

343

-77

Talet på menn som avslutta minst ein periode med foreldrepengar ved adopsjon

484

412

-72

- herav med permisjon inntil 24 dagar

161

106

-55

- herav med permisjon 25 dagar

176

73

-103

- herav med permisjon 26–29 dagar

6

5

-1

- herav med permisjon 30 dagar

15

116

101

- herav med permisjon 31–39 dagar

11

18

7

- herav med permisjon 40–59 dagar

36

25

-11

- herav med permisjon 60 dagar eller meir

79

69

-10

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag ved adopsjon for kvinner (kr)

298 554

305 555

7 001

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag ved adopsjon for menn (kr)

339 170

353 508

14 338

Talet på kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved adopsjon

59

62

3

Talet på menn med gradert uttak av foreldrepengar ved adopsjon

15

18

3

Talet på kvinner med eingongsstønad ved fødsel

12 682

11 926

-756

Talet på menn med eingongsstønad ved fødsel

15

14

-1

Talet på kvinner med eingongsstønad ved adopsjon

11

8

-3

Talet på menn med eingongsstønad ved adopsjon

1

0

-1

Talet på menn med minst ein dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad / mor har hatt stillingsdel på under 50 prosent)

1 338

1 204

134

- herav med permisjon inntil 24 dagar

225

189

-36

- herav med permisjon 25 dagar

43

25

-18

- herav med permisjon 26–29 dagar

27

20

-7

- herav med permisjon 30 dagar

25

72

47

- herav med permisjon 31–39 dagar

65

86

21

- herav med permisjon 40–59 dagar

180

17

-10

- herav med permisjon 60 dagar eller meir

773

642

-131

Frå 1. januar 2007 er det innført enklare reglar for gradert uttak av foreldrepengar til erstatning for dei tidlegare reglane om tidskonto

Mål og strategiar

For 2009 blir følgjande mål prioriterte:

Delmål

Resultatmål

Resultatindikator

Ei god foreldrepengeordning for mødrer og fedrarFleire fedrar tek meir permisjonUttak av fedrekvote
Fedreuttak utover fedrekvote
Fleire foreldre får rett til foreldrepengar ved at arbeidsavklaringspengar gir opptening

Ei god foreldrepengeordning for mødrer og fedrar

Fleire fedrar tek meir permisjon

Utvide fedrekvota med fire veker til ti veker

Departementet foreslår å utvide fedrekvota frå seks til ti veker med verknad for fødslar og omsorgsovertakingar frå og med 1. juli 2009. Fedrekvota blir utvida med to veker ved å forlengje den samla perioden med lønna permisjon for familiane. I tillegg blir fedrekvota utvida med to veker innanfor gjeldande stønadsperiode. Stønadsperioden som er til valfri fordeling mellom foreldra, blir dermed to veker kortare enn i dag. At fedrar tidleg tek ansvar for barneomsorg, er viktig for å etablere god kontakt mellom far og barn og gjere tilknytinga til arbeidslivet for fedrane og mødrene meir lik. Fedrekvota har vist seg effektiv for å auke fedrane sin bruk av foreldrepengar. Forslaget om å utvide fedrekvota med fire veker vil venteleg føre til at fedrane sitt uttak vil auke like mykje. Dette vil vere eit viktig bidrag til å styrkje rolla til fedrane som omsorgsperson. Av den totale stønadsperioden på 56/46 veker ved fødsel og 53/43 veker ved adopsjon vil fedrekvota utgjere ti veker. Ni veker er øyremerkte til mor, og 37/27 veker ved fødsel og 34/24 veker ved adopsjon er til valfri fordeling mellom foreldra. På denne måten blir det òg teke omsyn til fleksibilitet for den enkelte familie.

Departementet vil òg arbeide for at fleire fedrar enn i dag tek ut ein større del av foreldrepengeperioden enn fedrekvota. I regjeringa sin handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner går eitt av tiltaka som Barne- og likestillingsdepartementet har ansvar for, på dette. Det går fram av handlingsplanen at departementet i samarbeid med Arbeids- og velferdsetaten vil styrkje informasjonen til foreldra om korleis dei kan fordele stønadsperioden seg imellom. Departementet vil vidare ta kontakt med partane i arbeidslivet om tiltak for å støtte opp om moglegheitene fedrar har til å ta ut meir av foreldrepengane.

Departementet vil fremme ein odelstingsproposisjon med forslag til naudsynte lovendringar.

Fleire foreldre får rett til foreldrepengar ved at arbeidsavklaringspengar gir opptening

Arbeids- og inkluderingsdepartementet vil foreslå å innføre ein ny stønad, arbeidsavklaringspengar, som skal erstatte attføringspengar, rehabiliteringspengar og tidsavgrensa uførestønad. Det vil samtidig bli foreslått at arbeidsavklaringspengar skal gi grunnlag for opptening av rett til foreldrepengar. Saka vil bli lagt fram for Stortinget i løpet av hausten 2008. Arbeids- og inkluderingsdepartementet tek sikte på at arbeidsavklaringspengar skal gjelde frå 2009, tidlegast med verknad frå 1. mai.

Forslaget vil gi fleire mødrer og fedrar rett til foreldrepengar enn i dag og leggje langt betre til rette i samband med fødsel for familiar der ein av foreldra er ute av arbeid på grunn av helseproblem. Forslaget vil òg gi eit enklare og meir konsistent regelverk.

Nærmare om budsjettforslaget

Stønadene under kap. 2530 Foreldrepengar er heimla i folketrygdlova kap. 14 Ytelser ved svangerskap, fødsel og adopsjon.

Målsetjing

Stønadene under dette kapitlet skal kompensere for bortfall av inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og sikre støtte til kvinner som ikkje har opptent rett til foreldrepengar.

Tildelingskriterium

Tildelingskriterium er omtalte under dei enkelte budsjettpostane nedanfor.

Oppfølging og kontroll

Foreldrepengar blei forvalta av Arbeids- og velferdsetaten, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Budsjettforslag 2009

Departementet foreslår at fedrekvota blir utvida med fire veker til ti veker, med verknad for barn fødde eller adopterte frå og med 1. juli 2009. Departementet foreslår samtidig at stønadsperioden blir utvida med to veker. Dei to andre vekene blir utvida innanfor dagens stønadsperiode. Kostnadene i 2009 er anslåtte til 6,5 mill. kroner og gjeld dei to vekene stønadsperioden er foreslått utvida med. Forslaget om å utvide fedrekvota med to veker innanfor dagens stønadsperiode er ikkje anslått å gi vesentlege meirutgifter. Anslaget byggjer på dagens omfang av uttak av fedrekvota.

Den utvida fedrekvota gjeld fedrar som har rett til fedrekvote, sjå vilkåra i folketrygdlova § 14-12. I tilfelle der far ikkje har rett til fedrekvote eller har unntak frå fedrekvote, kan mor ta ut desse vekene. Familien får samla rett til to veker foreldrepengar meir enn før.

AID vil i haust leggje fram ein odelstingsproposisjon der det blir foreslått at arbeidsavklaringspengar skal gi rett til opptening av foreldrepengar ved at stønaden blir likestilt med yrkesaktivitet etter folketrygdlova § 14-6. AID tar sikte på at arbeidsavklaringspengar blir innførte frå 1. mai 2009. Frå same tid blir periodar med mottak av denne stønaden rekna med i oppteningstida for rett til foreldrepengar. Stønadsmottakar må ha arbeidsavklaringspengar i minst seks av dei siste ti månadene før stønadsperioden tek til, for å få utbetalt foreldrepengar på grunnlag av denne ytinga aleine. Meirutgiftene over dette kapitlet i 2009 er anslått til 12 mill. kroner, medan heilårseffekten er 50 mill. kroner.

Det er lagt opp til ein auke i foreldrepengegrunnlaget svarande til den generelle lønnsveksten frå 2008 til 2009. Anslaget er auka med 30 mill. kroner som følgje av heilårsverknad av innføring av rett til foreldrepengar og svangerskapspengar for sjølvstendig næringsdrivande med 100 prosent dekning frå 1. juli 2008.

Eingongsstønaden ved fødsel og adopsjon, som har vore nominelt uendra i ei årrekkje, blir lønnsomrekna i 2009. Stønaden aukar frå 33 584 kroner til 35 263 kroner per barn.

Budsjettforslaget byggjer mellom anna på tal frå Statistisk sentralbyrå sin siste befolkningsframskriving.

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Foreldrepengar ved fødsel blir betalte ut etter reglane i folketrygdlova §§ 4-5 til 4-16.

Det er eit vilkår for rett til foreldrepengar at stønadsmottakar har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei siste ti månadene før stønadsperioden tek til, jf. folketrygdlova § 14-6. Nytt er at arbeidsavklaringspengar vil bli likestilte med yrkesaktivitet etter denne regelen og gi oppteningsrett til foreldrepengar.

Foreldrepengar dekkjer ikkje inntektstap som per år overstig seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6G), jf. folketrygdlova § 14-7. Per 1. mai 2008 utgjer grunnbeløpet 70 256 kroner. For fødslar før 1. juli 2009 er stønadsperioden 44 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 54 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Frå 1. juli 2008 har òg sjølvstendig næringsdrivande rett til foreldrepengar med slik dekningsgrad uavhengig av om det er teikna eigen forsikring. Sidan stønadsperioden med 100 prosent dekning er avgrensa til 44 veker, kan det maksimalt bli refundert 356 684 kroner per stønadstilfelle.

For fødslar frå og med 1. juli 2009 er stønadsperioden 46 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 56 veker med 80 prosent. Etter auken av stønadsperioden kan det maksimalt bli refundert 372 897 kroner per stønadstilfelle.

Fedrekvota er seks veker, men blir utvida til ti veker for fødslar frå og med 1. juli 2009. Foreldra kan fordele ein større del av stønadsperioden seg imellom i samsvar med reglane i folketrygdlova § 14-13.

Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med skriftleg avtale med arbeidsgivar om delvis arbeid, jf. vilkåra i folketrygdlova § 14-16. Folketrygdlova § 14-11 gir òg rett til å utsetje stønadsperioden når den som mottek foreldrepengar, er i arbeid på heiltid. Uttak av foreldrepengar må vere avslutta seinast tre år etter fødselen.

Under post 70 høyrer òg svangerskapspengar som blir ytte i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt etter reglane i folketrygdlova § 14-17 til kvinner som ikkje har opptent rett til foreldrepengar. Eingongsstønaden blir lønnsomrekna og aukar frå 33 584 kroner i 2008 til 35 263 kroner. Ved fleirbarnsfødslar og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt ein eingongsstønad per barn.

Under post 71 høyrer òg stønad ved fødsel utanfor institusjon, jf. folketrygdlova § 5-13, som blir ytte til kvinner som ikkje er innlagt på sjukehus eller fødestue i samband med fødselen. Stønaden er på 1 765 kroner.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Feriepengar av foreldrepengar blir ytte i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei første 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt redusert lønnskompensasjon (80 prosent).

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Foreldrepengar ved adopsjon blir ytt etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år.

For omsorgsovertakingar fram til 1. juli 2009 er stønadsperioden 41 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 51 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Fedrekvota er på seks veker. Sidan stønadsperioden med 100 prosent dekning er avgrensa til 41 veker, kan det maksimalt utbetalast 332 365 kroner per stønadstilfelle.

For omsorgsovertakingar frå og med 1. juli 2009 er stønadsperioden 43 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 53 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Fedrekvota er på ti veker. Det kan maksimalt utbetalast 348 578 kroner per stønadstilfelle.

Sjå for øvrig omtalen under post 70.

Fotnotar

1.

Bufetat 2007: Strateginotat, Hovedmål pkt. 4.1

Til forsida