St.prp nr. 1 Tillegg nr. 11 (1998-99)

FOR BUDSJETTERMINEN 1999 Om budsjettet for lostenesta og a-trygd for fiskarar

Til innhaldsliste

2 Nedjustering av budsjettet for a-trygd for fiskarar

Kap 2540 Stønad under arbeidsløyse til fiskarar og fangstmenn, post 70 Tilskot overslagsløyving er i St prp nr 1 (1998-99) Folketrygden, foreslått løyvd med 71,2 mill kroner. Forventa utbetalingar av a-trygd for 1999 er derimot berekna av Fiskeridepartementet til om lag 46 mill kroner. A-trygda blir fullt ut finansiert gjennom den produktavgifta fiskarar betaler ved levering av fisk og fiskevarer. Anslaget på 46 mill kroner i utbetalingar er lagt til grunn for berekninga av produktavgifta for 1999.

Ved ein inkurie har ikkje bevilgningsforslaget på post 70 for 1999 blitt sett ned i samsvar med prognosen som ligg til grunn for satsen for produktavgift for 1999.

På denne bakgrunnen blir det fremma forslag om ei nedjustering av løyvingsforslaget på kap 2540 post 70 med 25,2 mill kroner frå 71,2 mill kroner til 46 mill kroner i statsbudsjettet for 1999.

Til forsida