St.prp nr. 1 Tillegg nr. 12 (2002-2003)

FOR BUDSJETTERMINEN 2003 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2003

Til innhaldsliste

2 Utviklinga i fiskerinæringa dei seinare åra og utsiktene for 2003

Budsjettnemnda sine lønsemdundersøkingar for dei seinare åra viser store variasjonar i arbeidsgodtgjersle og lønsevne for ulike fiskeri og fartøystorleikar. Etter ein generell oppgang fram til 1998 var det ein nedgang i arbeidsgodtgjersla og lønsevna per årsverk frå 1998 til 1999, jf. tabell 2.1. Frå 1999 til 2000 auka arbeidsgodtgjersla for fartøy over 13 m i sildesektoren og for fartøy under 13 m. For fartøy under 13 m har også lønsevna auka frå 1999 til 2000. Frå 2000 til 2001 har både arbeidsgodtgjersla og lønsevna auka innan alle gruppene, men særleg innan sildesektoren. Lønsevna har generelt hatt ei større endring enn arbeidsgodtgjersla. Arbeidsgodtgjersla og lønsevna er monaleg høgare for fartøy over 13 m enn for fartøy under 13 m. Arbeidsgodtgjersla for fartøy over 13 m har auka med 14,8 pst. i torskesektoren og 44,3 pst. i sildesektoren, medan lønsevna i dei respektive sektorane har auka med 22,7 pst. og 108,5 pst. frå 2000 til 2001. For fartøy under 13 m har det i same periode vore ein oppgang på 2,7 pst. i arbeidsgodtgjersla, medan lønsevna per årsverk har auka med 3,6 pst.

Tabell 2.1 viser utviklinga i arbeidsgodtgjersle og lønsevne per årsverk for den heilårsdrivne flåten, og tal for gjennomsnittleg årsløn for ein industriarbeidar i perioden 1996 til 2001.

Fangstutviklinga dei seinare åra har vore som vist i tabell 2.2.

Tabell 2.1 Arbeidsgodtgjersle og lønsevne per årsverk for den heilårsdrivne fiskeflåten og gjennomsnittleg årsløn for industriarbeidarar 1996-2001

1996199719981999200020014Endring

i prosent

2000-2001

1 000 kroner per årsverk
Arbeidsgodtgjersle1
Fartøy over 13 m35639345443141652626,5
- torskesektor31033840939636141414,8
- sildesektor50656658252755379844,3
Fartøy 8-13 m1351372051952072122,7
Lønsevne2
Fartøy over 13 m40748454347639862958,2
- torskesektor31236649742633240822,7
- sildesektor7178518126095601167108,5
Fartøy 8-13 m1171322161912102183,6
Industriarbeidarløn32102182302422542664,9

1 Arbeidsgodtgjersle per årsverk viser avløninga til fiskarar som står ombord i eit heilårsdrive fartøy heile driftstida til fartøyet det aktuelle året. For enkelte driftsformer kan det stå meir enn ein person bak eit årsverk.

2 Lønsevna per årsverk gir uttrykk for kor mykje verksemda kan betale til innsatsfaktoren arbeidskraft etter at andre kostnader er dekte.

3 Tal frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera.

4 Tala for 2001 byggjer på førebelse tal frå budsjettnemnda sine lønsemdundersøkingar per oktober 2002.

Tabell 2.2 Fangstkvantum og førstehandsverdi 1996-2002

199619971998199920002001120022
1 000 tonn rund vekt
Sildefisk mm.1 7952 0212 1671 9392 0782 0532 070
- lodde2061588992375483490
- sild758926831835796581570
- makrell136137158161174181183
- hestmakrell164713472830
- kolmule356348671535553574540
- augepål/tobis264398371238172215243
- anna597343161114
Torskefisk mm.837836670696612626653
- torsk359401262257219209215
- sei222184194198169170218
- hyse971065453475254
- lange/brosme39304543393332
- reker35436063666661
- skjel0000011
- anna85725582729572
Totalt2 6322 8572 8372 6352 6902 6792 723
Verdi i mill. kroner
Førstehandsverdi8 5529 16410 5409 9449 71511 43710 800

1 Førebelse tal.

2 Prognosar.

Både totalt fangstkvantum og førstehandsverdien i 2002 vert litt lågare enn det partane la til grunn under forhandlingane i fjor. Prognosen for førstehandsverdien i 2002 ligg på om lag 10,8 mrd. kroner.

Forhandlingar mellom Noreg og Russland om norsk-arktisk torsk vert gjennomførte i perioden 4.-8. november. Forhandlingane med EU er venta å verte ferdige tidleg i desember. Kvoten for norsk vårgytande sild for 2003 er heller ikkje ferdigforhandla, og gir derfor også eit usikkerheitsmoment for inntektssida.

Dersom ein held eksporten av oppdrettsfisk utanfor, var eksportverdien av fisk og fiskeprodukt i perioden januar til september 2002 i alt 12,6 mrd. kroner. Dette er ein nedgang på om lag 5 pst. i forhold til same perioden i fjor. Sjølv om eksportert kvantum har gått opp med noko over 4 pst., fører prisutviklinga til ein verdinedgang. Prisane for sild og makrell har vore stabilt gode i 2002, medan torskesektoren har hatt fallande prisar. Totalt ser den økonomiske situasjonen i 2002 ut til å verte noko dårlegare for fiskerinæringa enn det som var utsiktene under forhandlingane i 2001. Sjølv om prognosane for 2003 er usikre, peikar dei mot eit år med noko svakare resultatutvikling enn i 2002.