St.prp nr. 1 Tillegg nr. 6 (1999-2000)

Om tilleggsforslag på statsbudsjettet for 2000 under kapittel administrerte av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Til innhaldsliste

4 Andre forslag

Refusjon frå NORAD, jf. kap. 200, 238, 3200 og 3238

I samband med auka vekt på utdanning i norsk utviklingsbistand har departementet og NORAD starta eit samarbeid der departementet deltek i planlegging og oppfølging av sektorprogram for utdanning i visse utviklingsland. På denne bakgrunn foreslår ein at det blir løyvd 0,7 mill. kroner på kap. 3200 post 05 (ny). Posten gjeld refusjon av løn og andre utlegg i samband med at tilsette i departementet yter fagleg rådgjeving til NORAD som nemnd ovanfor. Løyvingsforslaget på kap. 200 post 01 blir foreslått auka parallelt med 0,7 mill. kroner. I samband med dette foreslår ein at departementet kan overskride løyvinga på kap. 200 post 01 mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3200 post 05, jf. forslag til vedtak II nr. 2.

Auka vekt på utdanning i norsk utviklingsbistand gjer også at departementet i noko mon kan bli trekt inn i eit samarbeid med tilsvarande departement i utviklingsland innanfor ramma av det bilaterale utviklingssamarbeidet som vert administrert av NORAD. Dette er omtala generelt i budsjettproposisjonen frå Utanriksdepartementet under programområde 03 Internasjonal bistand. For Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet blir slikt samarbeid i første omgang vurdert med Nepal. På denne bakgrunn foreslår ein at det blir løyvd 2 mill. kroner på kap. 3238 post 05 (ny). Posten gjeld refusjon av utlegg som har grunnlag i avtaler om samarbeid som nemnd ovanfor. Ein foreslår vidare at løyvingsforslaget på kap. 238 post 01 blir auka parallelt med 2 mill. kroner. I samband med dette foreslår ein at departementet kan overskride løyvinga på posten mot tilsvarande meirinntekt på kap. 3238 post 05, jf. forslag til vedtak II nr. 2.

Vidareføring av vedtak om å førtidspensjonere ved statlege spesialpedagogiske kompetansesenter, jf. kap. 243

Ved handsaminga av St.prp. nr. 67 (1998-1999) gav Stortinget samtykke til at Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet kunne gje tilbod om førtidspensjon til arbeidstakarar som fyller 60 år og som blir overtallige i 1999 ved statlege spesialpedagogiske kompetansesentra på bakgrunn av oppfølginga av Innst. S. nr. 228 og St.meld. nr. 23 (1997-98), jf. Innst. S. nr. 236 (1998-1999). På grunn av at reduksjonen i stillingar ved somme kompetansesenter vert forseinka, og på bakgrunn av forslaget om reduksjon av stillingar ved Sandfallet kompetansesenter under Programmet for Nord-Noreg, jf. pkt. 2 ovanfor, foreslår ein at vedtaket blir vidareført for dei som fyller 60 år innan utløpet av 2000 og blir overtallige same året, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Meirinntektsfullmakter for universitetskapitla, jf. kap. 260-263

Det blir foreslått at Stortinget samtykker til at departementet kan overskride einskilde postar under kap. 260-263 mot tilsvarande meirinntekter under dei respektive inntektskapitla, jf. forslag til vedtak II nr. 2. Departementet viser i den samanheng til forslag til vedtak IV nr. 3 i St.prp. nr. 1 (1999-2000) for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Omdisponering av særskild lønnskompensasjon for vitskapelege som er særleg konkurranseutsette i arbeidsmarknaden, jf. kap. 274 og 281

I samband med lønnsoppgjeret 1. mai 1999 vart det avtalt ein særskilt pott på 5 mill. kroner til fordeling mellom universiteta til vitskapeleg tilsette ved fag som er særskilt konkurranseutsette i arbeidsmarknaden, som stillingar innanfor jus, medisin og psykologi. I samband med fordelinga av lønnskompensasjon i 2000 for lønnsoppgjeret i 1999 vart midlane plasserte på kap. 274 Statlege høgskolar.

På denne bakgrunn foreslår en at løyvingsforslaget på kap. 274 post 01 blir redusert med 5 mill. kroner, mot tilsvarande auka løyvingsforslag på kap. 281 post 01.

Endring av regelverk for tildeling av forsørgjartillegg, jf. kap. 2410

I St. prp. nr. 1 (1999-2000) er det under kap. 2410 post 70 Utdanningsstipend foreslått å fjerne behovsprøving av forsørgjartillegget for barn i forhold til sambuar/ektefelle sin bruttoinntekt. Regelendringa vart delfinansiert ved å fjerne ektefelletillegget.

Ein foreslår no at ektefelletillegget og behovsprøving likevel blir vidareført, men at nedre grense for behovsprøving mot sambuar/ektefelle sin månadlege bruttoinntekt blir auka frå kr 12 495 som det er i undervisningsåret 1999-2000, til kr 16 700. Realisering av forslaget medfører ikkje behov for endra løyvingsforslag.

Til forsida