St.prp nr. 1 Tillegg nr. 7 (2000-2001)

FOR BUDSJETTERMINEN 2001 Endring på statsbudsjettet 2001 under Nærings- og handelsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 943 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Refusjonsordninga for sysselsetting av norske sjøfolk er ei regelstyrt ordning og løyvinga er gitt stikkordet overslagsløyving.

Det er eit vilkår for rett til refusjon at skipa nyttast til transport. Vilkåret har gått fram av rettleiingane for ordninga sidan 1996. Ved gjennomgang av ordninga har ein funne at ein del skip som nyttast til andre formål enn transport, er kome med i refusjonsordninga til tross for dette vilkåret. Dette gjeld særleg skip som er knytt til petroleumsverksemda, som seismiske fartøy, hjelpe- og beredskapsfartøy for plattformer og dykkarskip. Ein finn det ikkje aktuelt å fjerne transportvilkåret fordi skip som nyttast til andre formål, er forholdsvis lite konkurranseutsett og fordi ordninga då må utvidast til andre skip som ein no held utanfor. Ein kan rydde opp ved at ein tar dei aktuelle skipa ut av ordninga.

Ved å ta ein del skip ut av refusjonsordninga, vil det ikkje vere naudsynt med heile beløpet for 2001 som det tidlegare er gjort framlegg om løyving av. I tillegg har bruken av ordninga vore noko lågare hittil i 2000 enn forslaget for 2001 har vore basert på. Løyvingsforslaget kan derfor setjast ned med 40 mill kroner, frå 330 til 290 mill. kroner. Det er like fullt usikkert kor stor reduksjonen vil bli fordi skip kan nyttast til ulike formål, og ein kan ikkje føresjå kva slags hovudgjeremål kvart skip vil ha i komande budsjettår.

Kap. 951 (ny) Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S

Post 70 Tilskot

Kolverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S (SNSK) går no i det alt vesentlege føre seg i Svea, der selskapet arbeider med undersøking i eit planlagt nytt gruveområde kalla Svea Nord. I tillegg har selskapet ei avgrensa produksjonsdrift i Gruve 7 ved Longyearbyen (årleg produksjonsvolum ca. 50 000 tonn), der kola hovudsakleg blir levert til det lokale energiverket. Drifta i Svea Vest, som har gått føre seg sia 1997, vart avvikla i oktober 2000.

Arbeidet med undersøkingsstollen i Svea Nord starta sommaren 1999. SNSK reknar med at selskapet mot slutten av 2000 vil ha så stor kunnskap om feltet at det kan konkludere om feltet er drivverdig. Når resultata frå undersøkingane ligg føre, og det samstundes er gjennomført naudsynte miljøkonsekvensutgreiingar, vil styret i SNSK legge fram si innstilling for Nærings- og handelsdepartementet. Deretter vil departementet måtte bruke noko tid på å vurdera saka før spørsmålet om langsiktig framhald av koldrifta - eller ei styrt avvikling av den - kan leggast fram for regjeringa og Stortinget.

I budsjettproposisjonen for 2001 er det ikkje foreslått løyvingar til SNSK. Basert på dei budsjett- og likviditesprognosar som låg føre på budsjetteringstidspunktet, la departementet til grunn at det ville bli gjort framlegg om eventuelle løyvingar til SNSK i ein eigen proposisjon våren 2001 på bakgrunn av det framlegget regjeringa vil gjere med omsyn til spørsmålet om vidare drift.

SNSK har no informert departementet om at den likviditetsmessige situasjonen for selskapet har forverra seg vesentleg samanlikna med tidlegare overslag. Dette skyldes lågare produksjon og sal av kol og auka kostnader i samanheng med anleggsverksemda og utgreiingar knytta til Svea Nord. Formålet med løyvinga vil vere å sikre framhald av drifta for kolselskapet til Stortinget har handsama proposisjonen om koldrifta si framtid i vårsesjonen.

Regjeringa gjer framlegg om ei førebels tilskotsløyving på 61 mill. kroner for 2001 til Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S. Regjeringa vil ta omsyn til løyvinga i vurderinga om vidare drift eller avvikling av koldrifta.

Kap. 955 (ny) Norsk Koksverk

Post 71 Refusjon for miljøtiltak

Det er fastsett ei statleg garantiramme på 220 mill. kroner for miljøtiltak på tomta til tidlegare Norsk Koksverk i Mo i Rana, jf. St.prp. nr. 9 og Innst. S. nr. 60 for 1998-99. Garantien gjeld utgifter til oppreinsking og andre miljøtiltak som blir gjennomført etter pålegg frå Statens forureiningstilsyn (SFT).

Det er etablert ei ordning der Nærings- og handelsdepartementet sørgjer for utbetaling til dokumenterte gjennomførte rehabiliteringstiltak i budsjetterminen på grunnlag av særskilt utbetalingsfullmakt frå Stortinget, mot løyving av midlar til dekking av utbetalingane (refusjon for utførte miljøtiltak) i etterhand mot slutten av same budsjettår.

Ved utgangen av 1999 var det utbetalt til saman ca. 215 mill. kroner under ordninga. I St.prp. nr. 1 for 2000-2001 la departementet til grunn at heile garantiramma på 220 mill. kroner skulle vere utbetalt innan utgangen av 2000 og la difor ikkje inn framlegg om ei særskilt utbetalingsfullmakt frå Stortinget for 2001. På grunnlag av nye opplysningar reknar Nærings- og handelsdepartementet no med at samla utbetaling maksimalt vil vere 219,7 mill. kroner pr. 31. desember 2000. Dei gjenverande midlene under ordninga kan såleis først bli utbetalt i 2001. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å kunne utgiftsføre refusjonsutbetalingar for utførte miljøtiltak i 2001 innafor gitt tilsegnsramme utan løyving, jf. Forslag til vedtak II, 1.

Kap. 956 (ny) Norsk Jern Eiendom A/S

Post 70 Refusjon for miljøtiltak

På statsbudsjettet for 1991 fekk Næringsdepartementet fullmakt til å garantere for at Norsk Jern Eiendom A/S (NJE) skulle haldast skadeslaus for eventuelle framtidige kostnader som følgje av pålegg frå Statens forureiningstilsyn (SFT) knytt til avfallsprodukt som Norsk Koksverk A/S hadde gravd ned på tomta til NJE.

Garantien på 10 mill. kroner vart forlenga med uendra ramme fram til 31. desember 2000 i statsbudsjettet for 1999. Nærings- og handelsdepartementet vil i ein endringsproposisjon til statsbudsjettet 2000 gjere framlegg om å forlenge garantien med uendra ramme fram til 31. desember 2002.

Det er etablert ei ordning der Nærings- og handelsdepartementet sørgjer for utbetaling til dokumenterte gjennomførte rehabiliteringstiltak i budsjetterminen på grunnlag av særskilt utbetalingsfullmakt frå Stortinget, mot løyving av midlar til dekking av utbetalingane (refusjon for utførte miljøtiltak) i etterhand mot slutten av same budsjettår.

Ved utgangen av 1999 var det utbetalt til saman ca. 2,7 mill. kroner under ordninga. I St.prp. nr. 1 for 2000-2001 la departementet til grunn at heile garantiramma skulle vere utbetalt innan utgangen av 2000 og la difor ikkje inn framlegg om ei særskilt utbetalingsfullmakt frå Stortinget for 2001. På grunnlag av nye opplysningar reknar Nærings- og handelsdepartementet no med at samla utbetaling maksimalt vil vere nær 3 mill. kroner mill. kroner pr. 31. desember 2000. Dei gjenverande midlane under ordninga vil såleis bli utbetalt i 2001/2002. Nærings- og handelsdepartementet gjer difor framlegg om å kunne utgiftsføre refusjonsutbetalingar for utførte miljøtiltak i 2001 innafor gitt tilsegnsramme utan løyving, jf. Forslag til vedtak II, 2.

Til forsida