St.prp. nr. 11 (1998-99)

Om endringar på statsbudsjettet for 1998 under kapittel administrert av Miljøverndepartementet

Til innhaldsliste

2 Framlegg om endringar

Kap 1400 Miljøverndepartementet (jf. kap 4400)

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter Miljøverndepartementet har til løn og godtgjersler for tilsette samt ordinære driftsutgifter som reiseutgifter, IT-kjøp og -drift, husleige og utreiingar.

Regjeringa gjer framlegg om at kap 1400 post 01 blir redusert med 3,84 mill kroner mot likeins auke på kap 1465 post 21. Ein viser til nærare omtale under kap 1465 post 21.

Kap 1406 Miljøvernavdelingane ved fylkesmannsembeta (jf. kap 4406)

Post 01 Driftsutgifter

Fylkesmannen i Vest-Agder flytta inn i høgskulebygget i Kristiansand i november 1997. Den delen av fylkesmannsembetet i Vest-Agder som får løyving under Arbeids- og administrasjonsdepartementet på kap 1510, vart i nysalderinga av budsjettet for 1997 gjeve løyving som kompensasjon for dei auka utgiftene, medan miljøvernavdelinga til fylkesmannen i Vest-Agder (kap 1406) ikkje har fått kompensert utgiftene sine likeins. Regjeringa ønskjer å handsame kap 1406 under Miljøverndepartementet og kap 1510 på same vis. På dette grunnlaget gjer ein framlegg om å auke løyvinga under kap 1406 post 01 med 1,281 mill kroner.

Kap 1410 Miljøvernforsking (jf. kap 4410)

Post 50 Basisløyvingar og andre tilskott til miljøinstitutta

Ein gjer framlegg om å redusere løyvinga med 1,0 mill kroner for å dekkje framlegg om auka utgifter på andre postar.

Kap 1427 Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap 4427)

Post 33 Statleg erverv, barskogvern, kan overførast

Posten skal dekkje utgifter til erstatning til eigar og rettshavar for økonomiske tap som følgje av vernetiltak etter naturvernlovas erstatningsreglar. Gjennomføringa av barskogvernet er ikkje i samsvar med planane. Dei viktigaste årsakene til dette er at vernet i større grad enn tidlegare dreier seg om område som nyttast til næringsverksemd. Dette fører til at sakshandsaminga tek meir tid enn tidlegare. Samstundes er utbetalingstakta på erstatningane skove ut i tid som ein følgje av rettsleg skjønns- og ankehandsaming hjå domstolane. Ein gjer difor framlegg om ein reduksjon med 10,0 mill kroner på kap 1427 post 33 Statlege erverv, barskogvern.

Post 67 Lokal Agenda 21, tilskott til Aksjon vannmiljø

Departementet gjer framlegg om å sette ned løyvinga under kap 1427 post 67 Lokal Agenda 21, tilskott til Aksjon vannmiljø med 2,0 mill kroner for 1998 for å dekkje framlegg om auka utgifter på andre postar. Utbetalingane på gjevne tilsegn til prosjekt som blir finansiert gjennom tilskott frå post 67 viser eit lågt nivå i 1998.

Post 73 Erstatningar og førebyggjande tiltak mot rovviltskader

Ei familiegruppe med ulvar har hatt tilhald i eit relativt sauetett område i Hedmark fylke. I samband med den akutte konflikten mellom ulv og sau på utmarksbeite i Hedmark fylke sumaren 1998 er det sett i verk tiltak for å halde sau på innmarksbeite. Ein gjer framlegg om å auke løyvinga under kap 1427 post 73 med 5,0 mill kroner for å dekkje utgiftene. Desse utgiftene dekkjast av den same løyvinga som dekkjer utbetaling av erstatning. Det er difor naudsynt å auke løyvinga slik at det vil vere midlar i 1998 til å utbetale alle erstatningane for rovviltskader som skjer i 1998.

Kap 1441 Statens forureiningstilsyn, (jf. kap 4441)

Post 39 Ryddingstiltak

Posten nyttast til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i gamle avfallsdeponi, ureina grunn og ureina sediment eller for å hindra ureining frå skipsvrak.

Fasen med kartlegging av «gamle synder» og vraktiltak er i hovudsak avslutta. Kartlegginga har vist at det i enkelte høve er naudsynt at staten så snart som mogeleg gjennomfører konkrete ryddingstiltak for å hindre alvorleg ureining. I St prp nr 65 (1997-1988) vart det difor gjort framlegg om å auke løyvinga på kap 1441 post 39 med 5,0 mill kroner mot at overførte midlar på andre postar ikkje nyttast. Framlegget vart ikkje tatt til følgje i Stortinget si handsaminga av St prp nr 65 (1997-98). Departementet gjev saka høg prioritet, og ønskjer å fremje ho på nytt, men denne gongen ved å gjere framlegg om ei auke i løyvinga på 2,5 mill kroner

Post 61 Tilskott til kommunale tiltak for avfall og spesialavfall

Ordninga er avvikla i statsbudsjettet for 1998, og resterande beløp er ført over frå 1997. Miljøverndepartementet legg til grunn at 3,5 mill kroner av midlane som er ført over til 1998 ikkje blir nytta, og viser til framlegg om auka løyvingar på andre postar under Miljøverndepartementets budsjett i denne proposisjonen

Post 64 Aksjon Jærvassdrag

Målet for ordninga er å betre miljøkvaliteten i og ved Jærvassdrag. Ordninga gjeld kommunane Gjesdal, Hå, Klepp, Sandnes, Sola og Time, interkommunale selskap i desse kommunane og Rogaland fylkeskommune som er sekretariat for aksjonen. Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 2,0 mill kr. Reduksjonen er mogeleg fordi det ikkje har kome inn tilstrekkelege søknader frå Jærkommunane som fyller vilkåra som er sett for å få tildelt midlar.

Post 70 Tilskott til utvikling av miljøteknologi i næringslivet

Ordninga er avvikla i statsbudsjettet for 1998, og resterande beløp er ført over frå 1997. Ein legg til grunn at 0,6 mill kroner av det overførte beløpet ikkje blir nytta og at dette dekkjer inn framlegg om auka utgifter på andre postar i denne proposisjonen.

Kap 1442 Vannmiljø-, avfalls- og spesialavfallstiltak (jf. kap 4442)

Post 01 Driftsutgifter

Kap 4442 Vannmiljø-, avfalls- og spesialavfallstiltak (nytt kap, jf. kap 1442)

Post 01 Ymse inntekter (ny post)

Miljøverndepartementet har formannsskap og sekretariatsansvar for Reinare teknologigruppa (RT-gruppa), ei fast arbeidsgruppe under Nordisk ministerråd. Kostnadene til gruppa, blir dekt av Nordisk ministerråd. Miljøverndepartementets oppgåve som forvaltningsorgan for desse nordiske midla er særleg å stå for slutning og oppfølging av kontraktar samt utbetaling av honorar m.v. for dei aktivitetane RT-gruppa vedtek å gjennomføre samt utgifter til formannskaps- og sekretariatsfunksjonen. Arbeidsgruppa er dei nordiske miljøstyresmaktenes forum for identifisering og samarbeid innanfor avfallsområdet, og Nordisk ministerråd har stilt 3,934 mill kroner til disposisjon for dette arbeidet. Ein gjer framlegg om å auke utgiftsløyvinga under kap 1442 post 01 og nyoppretta kap 4442 post 01 med denne summen.

Kap 1442 Vannmiljø-, avfalls- og spesialavfallstiltak (jf. kap 4442)

Post 70 Tilskott til kompetanseformidling og informasjon om miljøvenleg produksjon og forbruk

Føremålet med ordninga er å påverke produksjons- og forbruksmønster ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvenleg produksjon og forbruk, inkludert helse- og miljøfarlege kjemikaliar og avfallshandtering.

Under handsaminga i Stortinget av St prp nr 65 (1997-98), jf Innst S nr 252 (1997-98), vart det vedteke ein reduksjon av løyvinga på denne posten med 7,0 mill kroner for inneverande budsjettermin. Departementet har gjort ein gjennomgang av kap 1442 post 70 og finn det ikkje tilrådeleg å redusere denne løyvinga. Ein reduksjon vil føre til at lova utbetaling av tilskott for 1998 må utsetjast til 1999. Dette fører til at løyvingane av drifts- og prosjekttilskott til GRIP senter, NORSAS og stiftelsen Miljømerking i Noreg for 1999 blir redusert med tilsvarande storleik. Konsekvensen vil mellom anna vere ein omfattande reduksjon av aktivitetane i desse organisasjonane ved at fleire viktige prosjekt ikkje kan gjennomførast som planlagd og ved at omfanget av drifta må reduserast. Dette er prioriterte områder innanfor miljøvernpolitikken, og ein slik reduksjon i aktivitetsnivået vil vere sers uheldig. Departementet føreslår difor at kap 1442 post 70 blir auka med 7,0 mill kroner.

Post 73 Verkeleggjering av garantiansvar for miljøvernlån

Ordninga med å gi statlege garantiar for miljøvernlån vart avvikla frå og med 1997. Miljøverndepartementet har fullmakt til å oppretthalde tidlegare gjevne garantiar for miljøvernlån i Statens distrikts- og utviklingsfond og private bankar innanfor ei samla ramme på om lag 603 mill kroner ved utgangen av 1997.

Det er ikkje avsett særskilt løyving til å dekkje dei tapa som oppstår på denne typen garantiar. Miljøverndepartementet har likevel fullmakt til å utgiftsføre utan løyving dei tapa som staten er juridisk forplikta til å dekkje, jf. St prp nr 1 (1997-98). Føresetnaden er at ein så snart det er mogeleg gjer framlegg for Stortinget om løyving til å dekkje tapa. I tråd med dette gjer ein framlegg om løyving i ettertid for utgiftsført beløp i perioden 01.01.98 t.o.m. 31.10.98. Dette beløpet utgjer 22,732 mill kroner.

Kap 1443 Miljøovervaking og akutt ureining

Post 45 Kjøp av større utstyr og vedlikehald

Posten skal dekkje utgifter i samband med arbeidet for å motarbeide akutt ureining. Dette inneber mellom anna utgifter til beredskapsmateriell, testing, utprøving og opplæring samt overvakingsutstyr for fly. Ein reduksjon i løyvinga vil innebere at ein må forskyve fornyinga av oljevernutstyr noko ut i tid. Ei utsetjing vil ikkje medføre ei svekking av oljevernberedskapen om løyvingsnivået i komande år blir halde oppe. For å dekkje framlegg om auka løyvingar på andre postar gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,5 mill kroner.

Post 60 Tilskott til kommunale beredskapstiltak

Ordninga er avvikla i statsbudsjettet for 1998, og resterande beløp er ført over frå 1997. 0,9 mill kroner av det overførte beløpet blir ikkje nytta. Dette dekkjer inn framlegg om auka løyvingar på andre postar i denne proposisjonen.

Kap 1449 Refusjonsordningar for spesialavfall - bilvrak og spillolje (jf. kap 4449)

Post 76 Refusjon av smøreoljeavgifta

Det vil bli ei mindreutgift på posten som skyldast at det blir samla inn mindre smøreolje enn forutsett. Dette gjer at refusjonen av mottaksanlegga sine utgifter blir redusert. Departementet gjer difor framlegg om å redusere posten med 4,0 mill kroner.

Kap 1463 Regional og lokal planlegging (jf. kap 4463)

Post 63 Lokal Agenda 21, utvikling av miljøbyar

Føremålet med posten er å fremje utvikling av miljøvenlege byar og tettstader. Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 1,0 mill kroner. Dette vil ikkje føre til særleg redusert aktivitet i Miljøbyprogrammet og Samarbeidsforum for storbyutvikling.

Tilsegnsfullmakta under kap 1463 post 63 vart ved handsaminga av St prp nr 65 (1997-98) redusert frå 16,4 mill kroner til 11,0 mill kroner. Miljøverndepartementet kjem ikkje til å nytte meir enn 8 mill kroner av tilsegnsfullmakta i 1998. Ein gjer difor framlegg om å redusere tilsegnsfullmakta med ytterlegare 3,0 mill kroner.

Post 72 Tilskott til kartlegging av rasutsette fareområder

Tilskottsmidla går i hovudsak til produksjon av oversiktskart for rasutsette områder. Eit kutt i løyvinga på 0,5 mill kroner er mogeleg grunna overførde midlar frå 1997, og vil kunne innebere ein reduksjon i talet på produserte kart.

Post 74 Lokal Agenda 21 Tilskott til tiltak i regi av organisasjonane

Føremålet med ordninga er å innarbeide perspektiv og prinsipp frå lokal Agenda 21 i lokale og regionale plan- og avgjerdsprosessar. Tilskottet går til organisasjonar og institusjonar i deira arbeid med lokal Agenda 21.

Løyvinga på posten vart stroken ved handsaming av St prp nr 65 (1997-98). Departementet viser til at det allereie var gjeve tilsegn på i alt 9,2 mill kroner og utbetalt 2,5 mill kroner då Stortinget sitt vedtak vart fatta. Dei resterande 0,8 mill kroner er og bundne opp gjennom munnlege avtalar med organisasjonar som ønskjer å ta tak i sentrale utfordringar innanfor lokal Agenda 21-arbeidet. På dette grunnlag gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 10,0 mill kroner.

Kap 1465 Statens kjøp av tenester i Statens Kartverk

Post 21 Betaling for statsoppdraget

I samband med fordeling av midlar som følgje av dei sentrale lønsforhandlingane for 1998, vart ikkje Statens Kartverk tilført slike midlar fordi betalinga for statsoppdraget ikkje er ei ordinær lønsløyving. Miljøverndepartementet gjer framlegg om at Statens Kartverk blir gjeve ein slik kompensasjon ved å omprioritere midlar frå kap 1400 post 01 til kap 1465 post 21. På bakgrunn av dette gjer ein framlegg om å auke løyvinga under kap 1465 post 21 med 3,84 mill kroner mot likeins reduksjon av løyvinga på kap 1400 post 01.

Kap 2465 Statens kartverk (jf. kap 5491 og 5603)

Post 45 Kjøp av utstyr, samt vedlikehald, kan overførast

Posten dekkjer Statens kartverk sine behov for å fornye og utvikle sitt tekniske utstyr som kartprodusent. Ein gjer framlegg om å redusere løyvinga på posten med 1,5 mill kroner for å auke løyvinga på andre av departementet sine postar. Dette vil redusere investeringane i Kartverket noe, men er mogeleg ettersom ikkje alle midlane er bundne opp i 1998.

Kap 1470 Internasjonalt samarbeid, tiltak for luftmiljø og polarforvaltning (jf. kap 4470)

Post 71 Internasjonale organisasjonar

Kontingenten til EEA (Det europeiske miljøvernbyrået) er auka med omlag 1,4 mill kroner frå 1997 til 1998. Auken av kontingenten har bakgrunn i ekspansjonen av EEA si verksemd den siste tida. Ein gjer difor framlegg om å auke løyvinga på posten med 1,403 mill kroner.

Kap 1471 Norsk Polarinstitutt (jf. kap 4471)

Post 01 Norsk Polarinstitutt, driftsutgifter

I løyvinga for 1998 er det ikkje tatt med nok kostnader som skyldast utdanningspermisjon og hospitering gjeve i medhold av flytteavtalen som er inngått mellom tenestemannsorganisasjonane og Miljøverndepartementet/ Polarinstituttet. Årsaka er at det ikkje har vore mogeleg på eit tidlegare tidspunkt å berekne eit eksakt behov. Det var uklart kor mange som ville ta ut rettane i flytteavtalen og det var ikkje klarlagt når flyttinga kunne gjennomførast.

Den einskilde sin bruk av avtalen er no avklart. Nesten alle dei gjenverande forskarane og dei fleste av dei andre gjenverande medarbeidarane i Oslo har teke ut rettane dei er gjevne i avtalen. For å dekkje desse utgiftene gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 2,0 mill kroner. Dette beløpet omfattar lønn og andre kostnader ifm. studiepermisjon og hospitering.

Kap 4410 Miljøvernforsking (jf. kap 1410)

Post 50 Tilskott frå diverse fond

Kap 4425 Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond (jf. kap 1425)

Post 52 Statens fiskefond

Inntektene til Statens fiskefond, blir no kalkulert til å bli ca 29,3 mill kroner. Dette svarer til den samla refusjonen som kan inntektsførast på dei to aktuelle postane. Det er budsjettert med ein samla refusjon på 32,314 mill kroner, dvs. ei inntektssvikt på omlag 3,0 mill kroner. Inntektene vil bli mindre enn forventa fordi færre enn føresett løyser inn fisketrygdavgift. Dette fører til for lite inntekter i Statens fiskefond i 1998 til å dekkje refusjonskravet på 2,868 mill kroner under kap 4410 post 50, og det vil bli ei mindreinntekt på om lag 0,132 mill kroner på kap 4425 post 52. Departementet gjer framlegg om å redusere løyvingane i samsvar med dette.

Kap. 4449 Refusjonsordningar for spesialavfall, bilvrak og spillolje (jf. kap 1449)

Post 08 Inntekter frå sal av bilvrak

Posten vart oppretta som følgje av St prp nr 65 (1997-98), jf. Innst S nr 252 (1997-98). Prisen på verdsmarknaden for shreddarjern (skrapjern frå biler) har falle vesentleg og ventast å falle ytterlegare. Dette fører til at lønsemda i fragmenteringsverka har vorte dårlegare. Dette fører igjen til at prisen som fragmenteringsverka betaler til Statens forureiningstilsyn for bilvraka er redusert, og dermed blir inntektene under posten redusert i forhold til vedtatt budsjett. Samstundes leverast det fleire biler til systemet slik at utbetalingane av støtte aukar. Ein gjer difor framlegg om å redusere løyvinga med 2,0 mill kroner.

Til forsida