St.prp. nr. 12 (2004-2005)

Om samtykke til ratifikasjon av avtale av 19. mai 2004 mellom Norge og Sverige om endring av protokoll av 25. mars 1981 om opprettelse av et fond for svensk-norsk industrielt samarbeid

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Avtale mellom Noreg og Sverige om økonomisk samarbeid, med særleg vekt på energi- og industriområda, vart underteikna 25. mars 1981. Til avtalen vart det same dato underteikna ein Protokoll om opprettelse av Svensk-Norsk Industrifond (SNI). Den svenske staten skaut inn 200 millionar SEK i fondet, mens den norske staten skaut inn 50 millionar SEK.

Konsulentselskapet KPMG utarbeidde etter oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet og Näringsdepartementet i Sverige ein evalueringsrapport om SNI i 2001, der det blei konkludert med at fondet måtte få tilført minst 200-300 millionar SEK for å kunne vidareføre si eksisterande finansieringsverksemd. Det var ikkje politisk ønskjeleg verken frå norsk eller svensk side å løyve slike summar. Saman med næringsminister Leif Pagrotzky sette nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen difor ned ei arbeidsgruppe som skulle vurdere det framtidige arbeidsområdet til SNI. I denne gruppa deltok Nærings- og handelsdepartementet, Utanriksdepartementet, SND/Innovasjon Noreg, svensk UD, Näringsdepartementet i Sverige, Verket för näringslivsutveckling (NUTEK) og SNI.

Arbeidsgruppa kom fram til at SNI bør avviklast, og at dei resterande midlane i stiftinga på om lag 50 millionar NOK bør overførast til eit felles program forvalta av Innovasjon Noreg og NUTEK.

På denne bakgrunnen vart det forhandla fram ein avtale om endring av protokoll om opprettelse av et fond for svensk-norsk industrielt samarbeid. Avtalen inneber ei avvikling av SNI og oppretting av eit nytt program for vidare næringslivssamarbeid mellom Noreg og Sverige. Avtalen vart underteikna i Stockholm 19. mai 2004.

Parallelt med arbeidet i arbeidsgruppa gjorde styret i SNI eit vedtak om å avvikle verksemda i stiftinga. Aktiva i stiftinga skal overførast til den svenske og den norske staten i høve til dei opphavlege innskota, noko som medfører at den norske staten vil få 20 % og den svenske staten 80 %. I vedtaket vart det vidare uttrykt eit «ønske om at midlene som den norske resp. svenske stat mottar i fellesskap skal benyttes til å fremme næringslivsutvikling i Sverige og Norge.»