St.prp. nr. 16 (2004-2005)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2004 under Nærings- og handelsdepartementet

Til innhaldsliste

Endringsforslag

Kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 3900)

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Løyvinga dekker tilskot for norsk deltaking i fleire internasjonale organisasjonar, mellom anna for ispatruljeteneste i det nordlege Atlanter­havet utført av den amerikanske kystvakta. Den samla løyvinga på 17 mill. kroner under kap. 900, post 70 vart redusert med 1 mill. kroner i revidert statsbudsjett for vårsesjonen, jf. St.prp. nr. 63 og Innst. S. nr. 250 for 2003-2004.

Kostnadane ved ispatruljetenesta vert i utgangspunktet dekt av USA som deretter krev refusjon frå deltakarlanda for deira delar på grunnlag av netto­tonnasjen for skip som har passert det aktuelle havområdet. Opplegget har vore årleg innkrevjing av refusjon tre år etter at tenesta vart ut­ført. Det årlege norske tilskotet har vore 3-4 mill. kroner.

Innkrevjingssystemet har delvis svikta dei siste åra slik at det har vorte ytterlegare etterslep i innbetaling av refusjon frå deltakarlanda. Refusjonsopplegget er under revisjon. Det er så langt ikkje krevd refusjon i 2004, og det er sannsynleg at kravet kjem først utpå nyåret i 2005. Det vert såleis inga utbetaling av tilskot til ispatruljeteneste i 2004. Departementet gjer derfor framlegg om at løyvinga under kap. 900, post 70 for 2004 vert sett ned med 3 mill. kroner, frå 16 til 13 mill. kroner. I staden kan det verte aktuelt å dekke refusjon for ispatruljeteneste for fleire år i 2005.

Kap 920 Noregs forskingsråd

Post 50 Tilskot

På statsbudsjettet i 2004 vart det løyvd 4,5 mill. kroner til Noregs forskingsråd som kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift for dei teknisk-industrielle forskings­institutta. Løyvinga bygde på eit førebels overslag frå Noregs forskings­råd. Forskingsrådet har no gjort nye overslag for dei institutta som kjem inn under omlegginga av arbeidsgjevaravgifta. Aukinga i arbeidsgjevaravgifta er no rekna ut til 0,8 mill. kroner.

Nærings- og handels­departementet gjer derfor framlegg om at løyvinga til Noregs forskingsråd vert sett ned med 3,7 mill. kroner, frå 860,5 til 856,8 mill. kroner.

Kap. 922 Norsk Romsenter

Post 50 Tilskot

Det er lagt til grunn at den delen av løyvinga til Norsk Romsenter som gjeld tilskot til European Space Agency (ESA) skal justerast dersom valuta­kursen på euro har endra seg i budsjett­året i høve til kursen som vart lagt til grunn for saldert budsjett. Av samla løyving til Norsk Romsenter på 274 mill. kroner har Norsk Romsenter disponert 216,2 mill. kroner (25,46 mill. euro) til deltaking i ESA på grunnlag av ein eurokurs på om lag 8,30 NOK. Norsk Romsenter har overført midlar til ESA i fem transaksjonar. Den faktiske kursen for euro ved over­føring av ESA-midlar har vore om lag 8,50 NOK i gjennomsnitt. Samla gir dette grunn­lag for å auke løyvinga med 4,7 mill. kroner, frå 274 til 278,7 mill. kroner.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 3950 og 5656)

Post 70 (ny) Tilskot til pensjonar for tidlegare Raufoss-tilsette, kan overførast

Etter at dei to siste fabrikkane i Raufoss-konsernet, Fluid og Chassis, vart selt i mai og juni 2004 til høvesvis Kongsberg Automotive og Neuman-konsernet, er det ikkje lenger aktivitetar att i Raufoss ASA. Selskapet kom 1. juli 2004 under avvikling.

Samla underdekking av pensjonane i Raufoss-konsernet er rekna til 41,159 mill. kroner, og ca. 500 personar er ramma. Raufoss-pensjonistane har opparbeidd seg rettar til­svarande ytingar gjeve av Statens Pensjonskasse. Pensjonane frå Raufoss-konsernet er ikkje sikra slik som i Statens Pensjonskasse. Dei er avhengige av jamnlege inn­betalingar til forsikringsselskapet frå Raufoss-konsernet. Alle innbetalingane frå Raufoss-konsernet til Vital Forsikring ASA vart stogga då Raufoss ASA kom under avvikling.

Rettane til ein del pensjonistar er frå før 1968 då verksemda på Raufoss vart omdanna til aksjeselskapet Raufoss Ammunisjonsfabrikker (RA). Tilsette i RA held fram under den nye bedriftspensjonsavtalen av 1969 å betale 2 pst. pensjonsinnskot av bruttoløn på linje med ordninga i Statens Pensjonskasse. Rettane gjeld tilleggspensjonar i arbeidstilhøve både av individuell art, alders- og uførepensjonar, ektemakepensjonar, barnepensjonar og AFP-tillegg. Pensjonistane som har rettar etter den såkalla 60 prosentordninga, utan eigeninnbetaling frå dei tilsette, er ikkje ramma av underdekkinga.

Staten er ikkje juridisk forplikta til å ordne opp i saka. Regjeringa har likevel signalisert vilje til å finne ei løysing for dei om lag 500 pensjonistane under føresetnad av samtykke frå Stortinget. Regjeringa tok atterhald om berre å gi tilskot opp til eit pensjonsgrunnlag tilsvarande 12G. Utrekninga tek omsyn til dette. Regjeringa legg opp til at staten v/Nærings- og handelsdepartementet dekker opp underdekkinga på om lag 42 mill. kroner, mot at staten trer inn i pensjonistane sine krav mot Raufoss ASA. Teknisk har ein lagt til grunn 3 pst. framtidig G-regulering i summen.

Gjeldande pensjonsavtale med Vital Forsikring ASA er ei forlenging av tidlegare avtale om pensjon i Norske Liv og Storebrand. Avtalen med Vital Forsikring ASA vart send på anbod før underteikning og ny kontrakt kom på plass. Vital Forsikring ASA har på basis av fråsegna frå regjeringa i juni 2004 ført vidare utbetalingane av pensjonane, og ser på forsikrings­avtala som prolongert med staten ved Nærings- og handelsdeparte­mentet som motpart.

Departementet legg til grunn at staten skal ha krav på dividenden som føresetnad for å tre inn i RA sine plikter mot pensjonistane, og at departementet har nødvendig fullmakt til å slutte avtale med forsikringsselskapet, buet og pensjonistane i dette høvet. Avviklingsstyret i Raufoss ASA er i arbeid med å klargjere aktiva og passiva i buet. Det er i dag ikkje mogleg å gi eit sikkert overslag over dividende, men den vil venteleg ligge i området 30-50 pst.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å løyve 42 mill. kroner under kap. 950, ny post 70, og legg til grunn at det ikkje vil vere behov for ytterlegare løyvingar til dette føremålet.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg (jf. kap.5325 og 5625)

Post 50 Nyskaping, fond

På bakgrunn av tapssituasjonen i Innovasjon Noreg i 2002 og 2003 vart ein i handsaminga av 2004-budsjettet samd om at tapsfondane knytt til risikolåneordningane skulle styrkast over ein periode på fire år. I tillegg til å dekke konstaterte tap og spesifiserte tapsavsetningar skal tapsfonda i framtida òg dekke uspesifiserte tapsavsetningar. Styrkinga av tapsfonda er ein føresetnad for implementeringa av det nye systemet for handtering av tap, jf. St.prp. nr. 63 og Innst. S. nr. 250 for 2003-2004.

For at tapsfondet for landsdekkande risikolån skal dekke uspesifiserte tapsavsetningar, gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å styrke tapsfondet knytt til lands­dekkande risikolån med 38 mill. kroner ved å auke løyvinga under kap. 2421, post 50 i proposisjonen. Til grunn for framlegget ligg planen for ekstraordinær styrking av tapsfondet over ein periode på fire år. Første tilføring på 100 mill. kroner vart løyvd i proposisjonen om endring av stats­budsjettet for 2003 (under kap 2420, post 55), jf. St.prp. nr. 18 og Innst. S. nr. 71 for 2003-2004.

Post 51 Tapsfond, såkornkapitalfond

Ein viser til utgreiing under post 91 under og i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 for 2004-2005 om endringar i vilkåra for dei distriktsretta såkornfonda. Det er for 2004 løyvd 100 mill. kroner i tapsfond til den distriktsretta såkornordninga. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere denne løyvinga med 25 mill. kroner, frå 100 til 75 mill. kroner. Dette vil frigi 25 mill. kroner frå tapsfondet som skal nyttast til delvis dekking ei ny ordning med administrasjonsstønad for fonda over ein periode på 15 år f.o.m. 2005.

Post 77 (ny) Tilskot til oppbygging av eigenkapital under lågrisikolåneordninga

Innovasjon Noreg er ikkje bunde av Kredittilsynet sitt krav til eigen­kapitaldekking for bankar på 8 pst. Innovasjon Noreg si portefølje av lågrisikolån har ein høgare risiko enn utlåna i bank­næringa elles. Pant for låna har òg ofte ein låg realverdi som følgje av at hovudtyngda av låna er gitt til prosjekt i distrikta der andrehandsverdien av til dømes bygningar er låg. Regjeringa ønskjer ein robust eigenkapital i Innovasjon Noreg slik at det ikkje vil vere nødvendig at selskapet tek kontakt med eigar­departementet for å styrke tapsavsetninga. Departementet gjer derfor framlegg om ei løyving på 39,6 mill. kroner for å styrke eigen­kapitalen knytt til lågrisiko­låneordninga. Dette er ein del av ein 4-årig plan. Første tilføring på 27 mill. kroner vart løyvd gjennom proposisjonen om endring av statsbudsjettet for 2003 (under kap. 2420, post 76), jf. St.prp. nr. 18 og Innst. S. nr. 71 for 2003-2004.

Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar renta på statspapir med tilsvarande løpetid. Selskapet betaler òg ein låne­provisjon på 0,4 pst. p.a. Innovasjon Noreg refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og lang­siktige lån i stats­kassa med tilbake­betalingstid på frå to månader til fleire år avhengig av rente­bindings­tid på utlåna. Innlån og avdrag brutto­førast. Avdrag på inn­låna vert inntekts­ført under kap. 5325. Løyvings­endringane på stats­budsjettet 2004 er basert på realiserte innlån og avdrag og prognosar frå Innovasjon Noreg på innlån og avdrag ut året.

Innlån og avdrag har i 2004 auka fordi Innovasjon Noreg nyttar meir kortsiktige lån enn ein la til grunn ved salderinga av budsjettet. Dette inneber at avdraga òg aukar om lag tilsvarande, jf. omtale under kap. 5325 post 90. Nærings- og handels­departementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga med 4,4 mrd. kroner, frå 30,35 til 34,75 mrd. kroner.

Post 91 Lån til såkornkapitalfond

I samband med handsaminga av revidert budsjett 2003 vart det løyva 100 mill. kroner til tapsfond for såkornfond og 400 mill. kroner i ansvarlege lån over kap. 2420, post 96. For 2004 vart det løyvd ytterlegare tilsvarande beløp under kap. 2421, post 51 Tapsfond, såkorn­kapitalfond, og kap. 2421, post 91 Lån til såkornkapitalfond, til ei distriktsretta såkornordning. Løyvingane skal nyttast til fire distriktsretta såkornfond, som kvar vil få 200 mill. kroner i ansvarleg lån frå staten. Det er ein føresetnad at private investorar òg tar del i ordninga med kapital. Det er no i gang samtalar mellom Innovasjon Noreg og forvaltingsmiljø/investorar om innhenting av privat kapital. Tilbakemeldingane så langt har vore at investorar og forvaltarar ønskjer betre rammevilkår.

For å gjere ordninga meir attraktiv for private investorar, gjer regjeringa framlegg om endringar i rammevilkåra for ordninga. Endringane vil gi private investorar betre moglegheit for vinst, redusere kostnadane deira og redusere kravet til privat kapital i ordninga. Renta på staten sine ansvarlege lån vert sett til 12 mnd. NIBOR + 0,5 prosentpoeng. Staten sin del av den totale kapitalbase i ordninga vert auka til maksi­mum 70 pst., og den totale låneramma vert foreslått redusert med 100 mill. kroner til 700 mill. kroner. Dette inneber at kravet til privat kapital vert senka frå 800 til 300 mill. kroner og vil gi fire fond med 250 mill. kroner. Dersom investorane framleis vel ei 50/50-løysing, vert fonda på 350 mill. kroner. Ein gjer framlegg om å oppretthalde tapsfondet på 25 pst. av den totale statlege låneramma, dvs. med ei løyving på 175 mill. kroner, jf. omtale under post 51 over.

Endringane må notifiserast til EFTA sitt overvakingsorgan.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere låneramma for staten sine ansvarlege lån i 2004 med 100 mill. kroner, frå 400 til 300 mill. kroner.

Kap. 2426 SIVA SF (jf. kap. 3961 og 5609)

Post 90 Lån, overslagsløyving

Prognoser frå SIVA SF viser eit lågare lånebehov enn forventa. SIVA SF har betalt avdrag utan refinansiering i nye lån i 2004. I tillegg vises til omtale under post 95 nedanfor om framlegg om å konvertere 90 mill. kroner av SIVA si gjeld til statskassa til eigen­kapital.

Nærings- og handels­departementet framlegg om å redusere løyvinga med 55 mill. kroner frå 205 til 150 mill. kroner.

Post 95 (ny) Eigenkapital

I St.meld. nr. 46 for 2003-2004 Om verksemda til SIVA i framtida, som vart sendt Stortinget 18. juni i år, legg regjeringa opp til at SIVA si gjeld i stats­kassa skal reduserast med 250 mill. kroner, og at den øvre låneramma skal reduserast frå 970 mill. kroner til om lag 700 mill. kroner. Dette er viktig for å betre økonomien til SIVA, sidan gjelda i selskapet er for høg jamført med avkastinga av verksemda.

I meldinga gjer ein framlegg om å tilføre SIVA 150 mill. kroner over nokre år, til ned­betaling av gjelda til statskassa. Dette skal skje gjennom å konvertere gjeld til eigen­kapital. Ut over dette skal SIVA sjølv innfri 100 mill. kroner av gjelda.

I statsbudsjettet for 2005 tilrår regjeringa å konvertere 50 mill. kroner av stats­kasse­gjelda til eigenkapital. I tillegg legg regjeringa opp til å konvertere 50 mill. kroner både i 2006 og i 2007. Føresetnaden i budsjettet var at SIVA sjølv betaler ned 100 mill. kroner over dei same tre åra.

SIVA står framfor nokre større utviklingsprosjekt. Regjeringa ønskjer å gi rom for at selskapet framleis skal vere ein aktiv medspelar for næringsliv og forskings­miljø og leggje grunnlag for nyskaping og verdiauke i heile landet. Regjeringa gjer framlegg om å konvertere 90 mill. kroner av SIVA sin gjeld til statskassa til eigen­kapital i 2004. Den konverteringa det er lagt opp til i statsbudsjettet for 2005 og dei neste to åra ligg fast. Dette inneber at SIVA for sin del vil nedbetale 10 mill. kroner av statskasselånet i perioden 2004-2007.

Nærings- og handels­departementet gjer framlegg om å løyve med 90 mill. kroner til konvertering av SIVA si gjeld til eigenkapital.

Kap. 3900 Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 900)

Post 03 Salsinntekter

Denne posten omfattar inntekter frå sal av tungtvatn til Institutt for Energiteknikk (IFE) på grunnlag av avtale mellom staten ved Nærings- og handelsdepartementet (dåverande Nærings- og energidepartementet) og IFE frå 1995. Oppgjer vert gjort ein gong i året for sal av tungt­vatn i tidsrommet 1. oktober året før til 30. september i innkrevjingsåret. Salsprisen er kr 1 450 pr. kg med tillegg av meirverdiavgift. Inntektene frå salet av tungt­vatn varierer frå år til år. Dei utgjorde såleis om lag 1,7 mill. kroner i 2001 og om lag 1,1 mill. kroner i 2003 med tillegg av meir­verdi­avgift. I 2002 vart det ikkje selt tungt­vatn til IFE.

IFE har teke ut 220 kg tungtvatn i perioden 1. oktober 2003 til 30. september 2004. Dette inneber at IFE skal betale kr 319 000 med tillegg av meirverdiavgift. I stats­budsjettet for 2004 er inntekta frå sal av tungtvatn til IFE ført opp med 1,5 mill. kroner utanom meirverdiavgift i tråd med framlegget i St.prp. nr. 1.

På grunnlag av uttaket av tungtvatn i den aktuelle perioden gjer Nærings- og handels­departementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,18 mill. kroner, frå 1,5 mill. kroner til 320 000 kroner.

Kap. 3901 Styret for det industrielle rettsvern (Patentstyret) (jf. kap. 901)

Post 01 Patentavgifter

Post 02 Varemerkeavgifter

Post 03 Mønsteravgifter

Post 04 Ymse avgifter

Post 05 Inntekt av informasjonstenester

Første halvår 2004 har vore prega av lågare inntekter enn venta for Patentstyret. Dette skuldast i hovudsak to forhold. For det første har talet på søknadar, og såleis inntektene frå søknadsavgifter, vore lågare enn venta. Denne utviklinga vil venteleg halda fram òg i andre halvår.

For det andre har det i samband med inn­føringa av eit nytt elektronisk sakshandsamings­system i 2004 vorte innført nye rutinar for fakturering. Tidlegare var det eit krav at avgiftene skulle betalast saman med søknadane. Etter innføringa av det nye systemet med fakturering vert det gjeve betalingsfrist på ein månad. Denne forskyvinga fører til eit inntektsfråfall på om lag 4-5 mill. kroner i 2004.

Samla ventar ein at inntektene under kap. 3901 vert om lag 13 mill. kroner lågare enn vedtatt budsjett for 2004. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om følgjande endringar:

  • redusere post 01 Patentavgifter, med 3,3 mill. kroner, frå 113,4 til 110,1 mill. kroner

  • redusere post 02 Varemerkeavgifter, med 3 mill. kroner, frå 47,4 til 44,4 mill. kroner

  • auke post 03 Mønsteravgifter, med 0,4 mill. kroner, frå 2,1 mill. kroner til 2,5 mill. kroner. Aukinga under denne posten skuldast inntekter, frå avgifter i samband med utviding av designvernet. Dette hadde ein ikkje budsjettert med i den opphav­lege løyvinga.

  • redusere post 04 Ymse avgifter, med 5,5 mill. kroner, frå 8,1 til 2,6 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak forenkling og fjerning av fleire mindre avgifter i 2003, som òg får verknad på inntektene i 2004.

  • redusere post 05 Inntekt av informasjonstenester, med 1,6 mill. kroner, frå 7,4 til 5,8 mill. kroner

For å oppnå vilkåret om balanse mellom Patentstyret sine inntekter og utgifter sett over nokre år, har regjeringa gjort framlegg om å auke avgiftssatsane til Patentstyret i 2005, jf. omtale i St.prp. nr. 1 for 2004-2005. Det vert ikkje gjort framlegg om å redusere utgiftsløyvinga til Patentstyret for 2004, i og med at utgiftene er bunde opp i løn og aktivitetar.

Kap. 3904 Brønnøysundregistra (jf. kap. 904)

Post 01 Gebyrinntekter

Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra har auka meir enn forventa i 2004. Dette gjeld både i Føretaksregisteret (særleg registrering av nye føretak) og Lausøyreregisteret (særleg salspant i bil).

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 30 mill. kroner, frå 370,7 mill. kroner til 400,7 mill. kroner.

Kap. 3939 Støtte til skipsbygging (jf. kap. 939)

Post 52 (ny) Tilbakeføring frå fond for ei avgrensa ordning for støtte ved skipskontraktar

Det vart i 2003 løyvd 300 mill. kroner til ei avgrensa ordning for støtte ved skips­kontraktar som skulle gjelde for perioden 15. mars 2003 – 31. mars 2004, jf. nærare omtale i St.prp. nr. 47 for 2002-2003 Om støtte til skipsbyggingsindustrien. Midla står på ein fondskonto i Noregs Bank. Ordninga vart seinare forlenga fram til 31. mars 2005, jf. St.prp. nr. 50 for 2003-2004 Om vidareføring av støtte til skipsbyggingsindustrien. Ordninga har vore lite utnytta, og Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å tilbakeføre 42,4 mill. kroner av fondsmidla.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 950 og 5656)

Post 80 (ny) Sal av aksjar i SND Invest AS

Nærings- og handelsdepartementet selde aksjane i SND Invest AS til Four Seasons Venture IV AS hausten 2003. I rekneskapen til SND Invest AS var det bokført i overkant av 23 mill. kroner i samband med at hovudaksjonær Norway Seafoods Holding AS gjekk til tvungen inn­løysing av SND Invest sine om lag 1,4 mill. aksjar i Norway Seafoods AS. Denne summen var ein del av kjøpesummen og skulle betalast til staten etter at saka var avslutta i rettsapparatet. Sjølv om det ikkje er overskjønn i saka før i januar 2005, har Norway Seafoods Holding no utbetalt den delen av innløysingssummen til Nærings- og handelsdepartementet som svarar til det opphavlege tilbodet i samband med innløysinga på kr 16 pr. aksje, jf. omtale i St.prp. nr. 18 for 2003-2004 Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2003 under Nærings- og handels­departementet.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 23 mill. kroner under kap. 3950, ny post 80 på statsbudsjettet 2004.

Post 95 Tilbakeføring av Staten sitt Bankinvesteringsfond

Nærings- og handelsdepartementet viser til omtale og framlegg om løyvingar under kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap, post 96 Aksjar, og kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap, post 95 Tilbakeføring frå Statens Bankinvesteringsfond, i St.prp. nr. 63 for 2003-2004 Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2004, jf. Innst. S. nr. 250 for 2003-2004. På bakgrunn av avviklinga av Staten sitt Bank­investerings­fond vart resten av grunnkapitalen på 43,733 mill. kroner betalt attende til staten 30. september 2004.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 43,733 mill. kroner, frå 11 114,82 til 11 158, 553 mill. kroner.

Post 96 Sal av aksjar

I samband med Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 63 og Innst. S. nr. 250 for 2003-2004 Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2004, vart det løyvd nærare 9,6 mrd. kroner frå sal og tilbakekjøp av aksjar frå Norsk Hydro ASA, Telenor ASA og NOAH Holding AS.

I statsbudsjettet 2004 er det løyvd 10 mill. kroner på førehand under post 96, jf. St.prp. nr. 1 for 2003-2004. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å sette ned løyvinga med 10 mill. kroner, frå 9 597,1 til 9 587,1 mill. kroner på statsbudsjettet 2004.

Kap. 3961 Selskap under NHD si forvalting (jf. 2426 og 5656)

Post 70 Garantiprovisjon, Statkraft SF

Etter endringa i statsforetakslova som tok til å gjelde 1. januar 2003, vart det rekna ut ein garantipremie for alle Statkraft SF sine lån som vart teke opp før endringa i lova. Dette inneber at staten held sitt garantiansvar for lån teke opp fram til 1. januar 2003 ved lag. Garantipremien er meint til å utlikne denne fordelen gjennom ein årleg provisjon. Etter handsaming av St.prp. nr. 65 og Innst. S. nr. 260 for 2002-2003, vart satsen auka med ytterlegare 10 pst. for kvart einskild lån.

Basert på informasjon frå Statkraft SF vil garantiprovisjonen i 2004 verte 19,5 mill. kroner lågare enn forventa. 18 mill. kroner av dette kjem som følgje av nedbetaling av lån, og 1,5 mill. kjem av at det nye Statkraft AS i oktober overtok serielån (statslån med saldo på 1,275 mrd. kroner) frå Statkraft SF, jf. omtale under kap. 5609. Låna vart inntil overtakinga indirekte garantert av staten. Etter overføringa skal Statkraft AS i staden betale ein kom­pensasjon i form av ein kredittmargin på 0,473 pst. Dette betyr at garantiprovisjonen reduserast med 1,5 mill. kroner, og at renteinntektsløyvinga under kap. 5609, post 81 aukar tilsvarande.

Nærings- og handels­departementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga med til saman 19,5 mill. kroner, frå 255 til 235,5 mill. kroner.

Post 92 Avdrag på uteståande fordringar, SIVA SF

I budsjett­prosessen hausten 2003 vart det teke omsyn for avdrag av lån på 205 mill. kroner med ei løyving under kap. 3961, post 92. Seinare, i desember 2003, gjorde SIVA eit låneopptak med forfall i 2004, og som ein derfor ikkje hadde teke omsyn til i løyvinga for 2004.

Nærings- og handels­departementet gjer framlegg for å ta omsyn til lånet og auke løyvinga med 35 mill. kroner, frå 205 til 240 mill. kroner.

Kap. 5325 Innovasjon Noreg (jf. kap. 2421 og 5625)

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på gamle og nye lån til Innovasjon Noreg frå stats­kassa. Ein viser til omtale ovanfor under kap. 2421, post 90. Som følgje av større innlånsbehov enn forventa, gjer Nærings- og handels­departementet framlegg om å auke løyvinga med 5,64 mrd. kroner, frå 30,235 til 35,875 mrd. kroner.

Kap. 5343 Staten si varekrigsforsikring

Post 50 Avvikling

Ved salderinga av statsbudsjettet for 2004 gjorde Stortinget vedtak om å føre attende 110 mill. kroner til statskassa frå Staten si varekrigsforsikring. Løyvinga vart auka med 50 mill. kroner ved Stortingsvedtak 18. juni 2004, jf. St.prp. nr. 63 og Innst. S. nr. 250 for 2003-2004 Tilleggsløyvingar og omprioritering i statsbudsjettet 2004.

Endeleg avviklingsrekneskap for Staten si varekrigsforsikring vart lagt fram i juni 2004. Basert på dette er det grunnlag for å tilbakeføre ytterlegare 5,7 mill. kroner til statskassa. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga med 5,7 mill. kroner, frå 160 til 165,7 mill. kroner.

Kap. 5609 Renter frå selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 2426 og 3961)

Post 81 Renter, Statkraft SF

Nærings- og handelsdepartementet har utarbeidd eigarstrategi for Stat­kraft SF og la i april 2004 fram St.prp. nr. 53 for 2003-2004 Statens eigarskap i Stat­kraft SF, og Ot.prp. nr. 63 for 2003-2004 Om lov om omorganisering av Stat­kraft SF. I proposisjonane la regjeringa fram sitt syn på strategi, kapitalisering og organisering av selskapet. Stortinget handsama proposisjonane 14. juni 2004, jf. Innst. S. nr. 248 og Innst. O. nr. 99 for 2003-2004, og gav si tilslutning til ei omorganisering av Statkraft SF ved at verksemda og eigardelane vert overført til underliggjande aksjeselskap med dotterselskap, og at selskapet vert organisert etter ein konsernmodell. Første fase av omorganiseringa vert gjennomført hausten 2004. Serielån frå statskassa med uteståande beløp på 1,275 mrd. kroner vart 1. oktober ført over frå Statkraft SF til Statkraft AS. jf. omtale under kap. 3961 post 70 ovanfor.

I samband med debitorskifte ved omorganiseringa av Statkraft vert renteinntektene på staten sine lån til selskapet 1,5 mill. kroner høgare enn løyvd. Låna vart inntil over­takinga indirekte garantert av staten. Etter overføring av låna skal Statkraft AS i staden betale ein kompensasjon i form av ein kredittmargin på 0,473 pst. Marginen kjem i tillegg til gjeldane rente òg skal kompensere for lågare garanti­provisjon.

På dette grunnlag gjer Nærings- og handels­departementet framlegg om å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner, frå 77,6 til 79,1 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar i selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 950 og 3950)

Post 80 Utbyte

Som følgje av avviklinga av Staten sitt Bankinvesteringsfond er det innbetalt ytterlegare 9 mill. kroner i utbyte i 2004.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke utbyte­løyvinga med 9 mill. kroner, frå 7 572 til 7 581 mill. kroner.

Til forsida