St.prp. nr. 17 (2003-2004)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2003 under Barne- og familiedepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

Post 01 Driftsutgifter

På kap. 800 Barne- og familiedepartementet, post 01 Driftsutgifter er det eit meirbehov på 1,8 mill. kroner som kjem av at tiltak av mellombels karakter i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel. Tiltaka vert såleis dekte innanfor den samla ramma til departementet. Dette gjeld mellom anna midlar til ekstraordinært arbeid, til dømes meirarbeid i samband med oppfølging av barnehageforliket. Ei slik teknisk overføring inneber ikkje ei svekking av dei faglege føremåla på kapitla. Midlane vert budsjetterte over fagkapitla, men må omposterast til driftskapitlet fordi mellom anna løn og anna godtgjersle etter økonomireglementet må utbetalast over driftskapitlet.

Departementet gjer framlegg om å auke kap. 800 Barne- og familiedepartementet, post 01 med 1,8 mill. kroner mot ei innsparing på kroner 0,280 mill. kroner på kap. 846 Familie- og likestillingspolitisk forsking, opplysningsarbeid o.a., post 22 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, 0,600 mill. kroner frå kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a., kan nyttast under post 50, 0,220 mill. kroner frå kap. 857 Barne- og ungdomstiltak, post 73 Ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast og 0,700 mill. kroner frå kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid, post 21 Særskilde driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysningsarbeid.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 200283 107
Løyvt beløp 2003 inklusive tidlegare løyving om tillegg80 737
Forslag til omdisponering1 800

Kap. 840 Tilskot til krisetiltak

Post 60 Tilskot til kommunar til krisetiltak, overslagsløyving

Statstilskotet er eit øyremerkt tilskot til kommunane til drift av krisetiltak som omfattar krisesenter, incestsenter o.a. I samsvar med budsjettvedtaket i Stortinget skal staten yte 50 pst. av dei samla budsjetterte utgiftene til drift, såframt budsjettet til krisetiltaket er i balanse og godkjent i den kommunen krisetiltaket ligg (vertskommunen). Dei resterande 50 pst. av budsjetterte utgifter blir dekte av kommunale, regionale og private bidragsytarar. På bakgrunn av innkomne søknader frå kommunane har det vist seg at løyvinga ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje det faktiske behovet.

Departementet gjer framlegg om at kap. 840, post 60 vert auka med 6 mill. kroner for 2003.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 200259 306
Løyvt beløp 2003 inklusive tidlegare løyving om tillegg61 444
Forslag til tilleggsløyving6 000

Kap. 846 Familie- og likestillingspolitisk forsking, opplysningsarbeid o.a.

Post 22 Refusjon av utgifter til DNA-analysar

Sjå omtale under kap. 800, post 01.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Staten oppretter frå 1. januar 2004 Statens barnevern og familievern (SBF). SBF overtek då ansvaret for dei fylkeskommunale familievernkontora og for all fylkeskommunal barnevernverksemd. Løyvinga på kap. 854, post 21 vart i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2003 auka med 25 mill. kroner. Nye anslag syner at kostnadane ved gjennomføringa av reforma er høgare enn løyvinga gitt i Revidert nasjonalbudsjett 2003.

Løyvinga skal dekkje eingongskostnadane knytte til staten si overtaking av fylkeskommunane sitt ansvar innan barnevern og familievern. Kostnadane er knytte til drift av prosjektgruppe, etablering av nødvendige lønn- og personalsystem, rekruttering av nøkkelpersonell, anskaffing av lokale, overføring av eigendommar og andre nødvendige førebuingar til overtakinga.

Departementet gjer framlegg om at kap. 854, post 21 vert auka med 5 mill. kroner for 2003. I tillegg kan det bli behov for omdisponeringar innanfor departementets rammer.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 2002*
Løyvt beløp 2003 inklusive tidlegare løyving om tillegg50 506
Forslag til tilleggsløyving5 000

* Posten vart oppretta i samband med 2003-budsjettet.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 64 Tilskot for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, overslagsløyving

Posten dekkjer det særskilde tilskotet til kommunane på 93 000 kroner per barn per år, og refusjon av fylkeskommunen sine barnevernutgifter til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar. Midlane vert utbetalt frå UDI og som statsrefusjon via fylkesmennene. Ordninga er regelstyrt og posten er ei overslagsløyving. Talet på einslege mindreårige som kjem til landet i 2003, er prognosert til å bli omlag 300.

I prognosar per 06.10.03 har fylkesmennene meldt inn eit totalt behov på 116,6 mill. kroner, medan UDI har stipulert sine utbetalingar til å verte 151,8 mill. kroner i 2003. Dette inneber at det er behov for ei tilleggsløyving i 2003 på 57,4 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om at kap. 854, post 64 vert auka med 57,4 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 2002192 170
Løyvt beløp 2003 inklusive tidlegare løyving om tillegg211 038
Forslag til tilleggsløyving57 400

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a, kan nyttast under post 50

Sjå omtale under kap. 800, post 01.

Kap. 856 Barnehagar

Post 60 Drifstilskot til barnehagar, overslagsløyving, kan nyttast under kap. 844, post 70

Løyvinga under posten for 2003 er på 7 298 314 000 kroner. Rapportering frå fylkesmennene syner eit meirbehov på 130 mill. kroner. Rapportar frå fylkesmennene om etablering av nye barnehageplassar hittil i år og venta etablering resten av året tyder på at måltalet om nye plasser til 12 000 barn (8 000 barn under 3 år og 4 000 barn over 3 år) vil bli nådd innan utgangen av 2003.

I vedteke budsjett er det lagt til grunn at dei nye plassane blir etablerte per 1. august, dvs. at dei gjer utslag på løyvinga med 5/12-dels effekt. Tala i rapporteringa frå fylkesmennene tyder på at ein del av plassane vart etablerte allereie i første halvår i år. Kostnadane ved dei nye plassane i 2003 er av den grunn høgare enn lagt til grunn tidlegare. Meirbehovet kan i tillegg kome av andre strukturendringar i barnehagane som det ikkje er teke høgde for i utrekninga av statstilskottet for dei nye plassane. I budsjettet for 2003 er det lagt til grunn same eigarstruktur og etterspørsel etter heildagsplassar som i 2001. Barnehagestatistikken frå 2002 syner at størsteparten av utbygginga kom i regi av private eigarar. Det er grunn til å tru at dette også gjeld for utbygginga i 2003. Dette gjer at kostnadane vil bli høgare enn lagt til grunn tidlegare for løyvinga, fordi private barnehagar frå 1. august 2003 mottek høgare tilskot enn det kommunale barnehagar får. Ein større auke i utbygginga av heildagsplassar enn lagt til grunn kan også forklare noko av meirbehovet.

Departementet gjer framlegg om at kap. 856, post 60 vert auka med 130 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 20025 663 469
Løyvt beløp 2003 inklusive tidlegare løyving om tillegg7 298 314
Forslag til tilleggsløyving130 000

Kap. 856 Barnehagar

Post 61 Investeringstilskot, overslagsløyving

Rapportar frå fylkesmennene tyder på eit mindrebehov på om lag 150 mill. kroner. I vedteke budsjett er det lagt til grunn at alle dei nye barnehageplassane (plassar til 12 000 barn) kjem i nybygde barnehagar som også utløyser investeringstilskot. Rapporteringa frå fylkesmennene syner at ein del av dei nye plassane har kome i barnehagar som allereie er etablerte, enten som meirinntak i barnehagar som er i drift eller ved at barnehagar som har vore stengde i ein periode igjen har opna. Dessutan er det truleg etablert mange nye plassar i familiebarnehagar. Dette inneber at ein større del av dei nye barnehageplassane ikkje har utløyst byggjekostnader og dermed heller ikkje har rett til investeringstilskot.

Departementet gjer framlegg om at kap. 856, post 61 vert redusert med 150 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 200260 528
Løyvt beløp 2003 inklusive tidlegare løyving om tillegg473 000
Forslag om å redusera løyvinga150 000

Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak

Post 73 Ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

Sjå omtale under kap. 800, post 01.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

Post 21 Særskilde driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysningsarbeid

Sjå omtale under kap. 800, post 01.

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

Post 70 Fødselspengar for yrkesaktive, overslagsløyving

Løyvinga under posten er på 8 406 mill. kroner. Utgiftene til fødselspengar er rekna til 8 300 mill. kroner, eit mindrebehov på 106 mill. kroner.

Løyvinga byggjer på at 55 968 barn under eit år mottek gjennomsnittleg 150 190 kroner i fødselspengar i 2003. I det nye overslaget er det lagt til grunn eit noko høgare barnetal, 56 250, og noko lågare gjennomsnittleg utbetaling, 147 556 kroner.

Departementet gjer framlegg om at kap. 2530, post 70 vert redusert med 106 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 20027 753 096
Løyvt beløp 2003 inklusive tidlegare løyving om tillegg8 406 005
Forslag om å redusera løyvinga106 000

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Løyvinga under posten er på 399 mill. kroner. Utgiftene til eingongsstønad er rekna til 423 mill. kroner, eit meirbehov på 24 mill. kroner.

Tal ved utgangen av tredje kvartal tyder på at 2 196 fleire personar med eingongsstønad enn lagt til grunn for løyvinga har rett til eingangstønad. Dette skuldast ein auke i fødselstalet frå 2002 til 2003, jf. post 70, og auka arbeidsløyse.

Gjennomsnittleg utbetaling synest derimot å bli noko lågare enn forutsett, som fylgje av redusert utbetaling av eingongsstønad i tilfelle der det og blir utbetalt fødselspengar, dvs. i tilfelle der fødselspengeutbetalinga er lågere enn beløpet for eingongsstønad.

Departementet gjer framlegg om at kap. 2530, post 71 vert auka med 24 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 2002396 642
Løyvt beløp 2003 inklusive tidlegare løyving om tillegg398 720
Forslag til tilleggsløyving24 000

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

Post 72 Feriepengar av fødsels- og adopsjonspengar til arbeidstakarar, overslagsløyving

Løyvinga under posten er på 240 mill. kroner. Utgiftene til feriepengar er rekna til 233 mill. kroner, eit mindrebehov på 7 mill. kroner, som fylgje av reduserte utgifter under post 70.

Departementet gjer framlegg om at kap. 2530, post 72 vert redusert med 7 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 2002224 838
Løyvt beløp 2003 inklusive tidlegare løyving om tillegg239 955
Forslag om å redusera løyvinga7 000

Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende midlar

Visse innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkarar og flyktningar kan i henhold til OECD/DACs (Development Assistance Comitee) statistikkdirektiver godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Departementet foreslår difor at 5 mill. kroner av de økte utgiftene på kap. 854, post 64 Tilskot for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkarar blir rapportert inn som utviklingshjelp. I den samband inntektsføres tilsvarande beløp på kap. 3854, post 04 Refusjon av ODA-godkjende midlar.

Departementet gjer framlegg om at kap. 3854, post 04 vert auka med 5 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 2002*
Løyvt beløp 2003 inklusive tidlegare løyving om tillegg20 000
Forslag til tilleggsløyving5 000

* Posten ble oppretta i samband med RNB 2003.

Til forsida