St.prp. nr. 18 (2003-2004)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2003 under Nærings- og handelsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 3900)

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Det er gitt ei samla løyving på 16,9 mill. kroner til dekking av kontingent for deltaking i dei internasjonale organisasjonane som vert handsama av Nærings- og handelsdepartementet. Det ligg an til at dei samla kontingentinnbetalingane blir lågare enn løyvinga. Dette skuldast gunstigare valutakursar for kontingentane til Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO, i britiske pund) og Ispatruljetenesta for det nordlege Atlanterhavet (i amerikanske dollar) enn rekna med i budsjettet. Vidare vart refusjonen for Ispatruljetenesta vesentleg lågare enn budsjettert.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 900, post 70 med 2 mill. kroner, frå 16,9 til 14,9 mill. kroner

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast og

Kap. 914 Spesielle IT-tiltak

Post 22 Samordning av IT-politikken, kan overførast

Nærings- og handelsdepartementet har løyving til utgreiingsprosjekt under kap. 900, post 21 (vanlege prosjekt) og ei særskilt løyving for prosjekt som gjeld IT-tiltak under kap. 914, post 22.

Desse løyvingane skal dekke Nærings- og handelsdepartementet sine utgifter til gjennomføring av prosjekta. Dei fleste prosjekta er «reine» NHD-prosjekt, men Nærings- og handelsdepartementet har i tillegg ansvaret for å samordne nokre fellesprosjekt på vegne av fleire departement. For desse fellesprosjekta innbetalar dei andre deltakar departementa sine delar av utgreiingskostnadene til Nærings- og handelsdepartementet som har oppgjeret med den/dei som utfører prosjektet.

Etter regelverket skal innbetalingane frå andre departement/prosjektdeltakarar inntektsførast i prosjektrekneskapen til Nærings- og handelsdepartementet (ansvarleg departement for fellesprosjekta) under kap. 3900, post 02 Ymse inntekter og på eigen post 01 Bidrag til fellesprosjekt under nytt kap. 3914 for IT-prosjekt. På same måten skal dei samla utbetalingane til prosjektutførande instans utgiftsførast hos Nærings- og handelsdepartementet (under kap. 900, post 21 og kap. 914, post 22).

På grunn av dette og fordi omfanget av fellesprosjekt som samordnast av Nærings- og handelsdepartementet har auka, foreslås det oppretta meirinntektsfullmakter for å løyse utgifts- og inntektsføringa frå eksterne deltakarar i slike fellesprosjekt som Nærings- og handelsdepartementet samordnar det økonomiske oppgjeret for. I tråd med dette gjerast ein framlegg om samtykke til å overskride løyvinga under kap. 900, post 21, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3900, post 02 og om overskriding av løyvinga under kap. 914, post 22 mot tilsvarande meirinntekt under nytt kap. 3914, post 01, jf. Forslag til vedtak II.

Kap. 901 Styret for det industrielle rettsvern (Patentstyret) (jf. kap. 3901)

Post 01 Driftsutgifter

SANT-prosjektet i Patentstyret (Sakshandsaming med bruk av Ny Teknologi ) er blitt forseinka. Etter etaten sin siste plan skal det nye elektroniske sakshandsamingssystemet vera operativt frå nyttår 2004. Patentstyret har hatt meirkostnader, men og opparbeidd krav på dagbøter og anna kompensasjon frå den franske leverandøren av systemet. Dette utgjer til saman om lag 10 mill. kroner.

Det har vore usemje om kven som eig kjeldekoden til datasystemet. Patentstyret treng ubegrensa tilgang til kjeldekoden for å kunne vidareutvikle systemet.

Patentstyret og leverandøren har vorte samde om denne løysinga:

  • leverandøren betalar 10 mill. kroner i dagbøter og anna kompensasjon for forseinkinga til Patentstyret

  • Patentstyret betalar 7,25 mill. kroner for retten til kjeldekoden

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 901, post 01 med 7,25 mill. kroner frå 177,4 mill. kroner til 184,65 mill. kroner mot meirinntekt på 10 mill. kroner under kap. 3901, ny post 06.

Kap. 922 Norsk Romsenter (jf. kap. 3922)

Post 70 Tilskot, kan overførast

Det er lagt til grunn at den delen av løyvinga til Norsk Romsenter som gjeld tilskot til ESA (European Space Agency) skal justerast dersom valutakursen på Euro har endra seg i budsjettåret i høve til den kursen som vart lagt til grunn for saldert budsjett. Den faktiske kursen for Euro ved overføring av ESA-midlar har variert kraftig i 2003, frå 7,45 norske kroner på det lågaste til 8,30 norske kroner på det høgste.

Samla gir dette grunnlag for å redusere løyvinga under kap. 922, post 70 med 2,8 mill. kroner, frå 252,3 til 249,5 mill. kroner.

Kap. 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram

Post 71 EU sitt rammeprogram for forsking og teknologi, kan overførast

Det vart innført eit nytt kontingentbasert budsjetteringssystem for dette programmet for 2003. I St.prp. nr. 1 for 2002-2003 vart kontingenten førebels berekna til 500 mill. kroner. I saldert budsjett vart det i tråd med den nye budsjetteringsmodellen lagt opp til at kontingenten skulle dekkast med ny løyving på 310 mill. kroner og 190 mill. kroner i overførte midlar frå tidlegare år, jf. omtale i St.prp. nr. 1 for 2002-2003.

Ved handsaminga av revidert budsjett og endringar i samband med trygdeoppgjeret 20. juni 2003 gjorde Stortinget vedtak om å redusere løyvinga under posten med 63 mill. kroner, til 247 mill. kroner, jf. Innst. S. nr. 260 for 2002-2003. Årsaka til reduksjonen av løyvinga var ein kombinasjon av lågare overslag for årskontingent (reduksjon på ca. 50 mill. kroner) lågare/gunstigare Eurokurs ved betaling av kontingent til EU og meir overførte midlar frå 2002 (om lag 200 mill. kroner).

Norsk kontingent for deltaking i EU-program vert betalt samla av Utanriksdepartementet i to terminar, i januar og juli, og krev refusjon frå dei aktuelle programdepartementa etter gjeldande Eurokurs på betalingsdatoen for dei to terminane i etterhand. Det endelege kravet om norsk nettokontigent for deltaking i rammeprogrammet for forsking og teknologi i 2003 utgjer i overkant av 456,9 mill. kroner. Det er omlag 10,4 mill. kroner over disponibelt budsjettbeløp (om lag 446,5 mill. kroner i løyving og overførte midlar). Tillegget i høve til revisjonen av budsjettet i juni skuldast ei mindre oppjustering av kontingenten og høg kurs for Euro på betalingsdatoen for 2. termin.

På denne bakgrunnen gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 924, post 71 med 10,4 mill. kroner, frå 247 til 257,4 mill. kroner

Kap. 935 Internasjonale investeringstiltak

Post 92 Innskot i Den europeiske bank for gjenoppbygging og utvikling (EBRD)

Dei årlege løyvingane til EBRD skal justerast dersom Eurokursen har endra seg i høve til den kursen som vart lagt til grunn i saldert budsjett.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 935, post 92 med 0,47 mill. kroner, frå 27,35 til 27,82 mill. kroner.

Kap. 940 (nytt) Verdal kommune

Post 70 Tilskot til avskriving av lån

Daverande Industridepartementet gjorde i 1961 ein avtale med Verdal kommune/Verdal Hamnevesen om lån på ca. 9,9 mill. kroner til bygging av hamn og kai på Verdalsøra. Lånet var delt i to og med ulike vilkår (heretter nemnt lån X og lån Y). Kommunen føretek nedbetaling på lån X, og pr. utgongen av 2002 utgjorde restsaldoen ca. 2,1 mill. kroner. Lån X vart opprinneleg inngått med ei tilbakebetalingstid på 40 år. Vilkåra vart imidlertid endra i 1969 slik at renter og avdrag vart knytte til hamneavgiftene ved Verdal Hamn. Maksimale avdrag i hendhald til disse er kr 125 000 pr. år. Med denne nedbetalingstakta vil lånet vere innfridd rundt 2020.

Vilkåra for lån Y er knytt til eksportverdien som skipast ut over Verdal Hamn. Så langt er ikkje den utløysande grensa på 25 mill. kroner pr. år i eksportverdi nådd på dei vel 40 åra som lånet har vart. Uteståande er framleis vel 4,9 mill. kroner.

Nærings- og handelsdepartementet ser ikkje grunnlag til å oppretthalde lånet lengre og har vore i dialog med Verdal kommune for å finne ei løysing. Etter ei samla vurdering av mellom anna låneavtalen, lengd på nedbetalingstida og kommunen sin økonomi er departementet og kommunen einige om å tilrå ei løysing som inneber at kommunen betaler inn resterande del av lån X innan utgongen av 2003, medan staten på si side slettar lån Y.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 4,97 mill. kroner som tilskot til avskriving av delar av lånet til Verdal kommune under nytt kap. 940, post 70 på statsbudsjettet for 2003.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 3950 og 5656)

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Over statsbudsjettet for 2003 er det løyvd 11 mill. kroner til dekking av transaksjonskostnader og fagleg bistand i samband med aksjesal i selskap under NHD si forvalting. I tillegg vart det overført løyvingar frå 2002 med nær 24,5 mill. kroner. Posten skal også dekke konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter.

Framlegg til løyvingar til transaksjonskostnader og fagleg bistand ved aksjesal i dei årlege budsjettproposisjonane er basert på overslag som det er knytt stor uvisse til. Det same gjeld kostnader knytt til konsulentbistand i samband med eigarmessige vurderingar. I 2003 har omfanget av statlege aksjesal vore omfattande, og tilhøyrande kostnader har vorte vesentleg høgare enn i føregåande år. Samla inntekt frå sal av aksjar i 2003 utgjer 9 118,330 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3950, post 80 og 90.

Samla kostnader knytt til aksjesal/eigartransaksjonar og eigarmessige vurderingar og VPSgebyr vil bli i overkant av 50 mill. kroner for 2003 (rekneskapsførte og påløpte utgifter). Av dette utgjer transaksjonskostnader og bistand knytt til salet av Telenor-aksjar om lag 19,6 mill. kroner, salet av SND Invest om lag 8,7 mill. kroner, pålaupte kostnader ved andre sal som er gjennomført pr. i dag om lag 3 mill. kroner, medan ytterlegare salsbistand, tilrettelegging for sal, eigarmessige vurderingar og gebyr vil utgjere om lag 19. mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 950, post 21 med 15 mill. kroner, frå 11 til 26 mill. kroner på statsbudsjettet for 2003.

Post 95 Aksjekapital Argentum AS

Investeringsselskapet Argentum AS vart skipa i 2001 og har vore eigd med 50 pst. kvar av Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) og SIVA SF. Det blei løyvd til saman 2,45 mrd. kroner i innskotskapital til selskapet over statsbudsjettet for 2001, som vart kanalisert via SND og SIVA med 1,225 mrd. kroner kvar. Gjennom handsaminga av Innst. S. nr. 260 (2002-2003) gjorde Stortinget vedtak om at eigarskapet i Argentum skulle overførast til Nærings- og handelsdepartementet. For å formalisere overføringa løyvde Stortinget 2,45 mrd. kroner for 2003 over kap. 950, ny post 95. Vidare vart det under inntektskapitla til SND og SIVA oppretta nye inntektspostar på statsbudsjettet knytt til innskotskapitalen, begge på 1,225 mrd. kroner, for å redusere SND og SIVA sine eigarpartar til 0.

SND sin eigarpart vart alt i sommar overført til departementet, men det har vore meir komplisert å gjere det same for SIVA sin part. SIVA er organisert som eit statsføretak, og overføringa av selskapet sin eigarpart i Argentum må skje i samsvar med føresegnene i statsføretakslova. Det er knytt problemstillingar til overføringa både med omsyn til selskapsrett, rekneskapsrett og skatterett, og det har vore nødvendig å vurdere desse spørsmåla mellom anna i lys av alternative framgangsmåtar for overdraginga. Departementet og SIVA har nytta juridiske rådgjevarar til å vurdere spørsmåla. Det har og vore nødvendig å gjennomføre ei ekstern verdivurdering av aksjane. Ein må gjennomføre overføringa av eigarparten i Argentum gjennom å sette ned innskotskapitalen i SIVA. Etter at ein har vedtatt nedsettinga på føretaksmøte, vil ein sende melding til Føretaksregisteret som mellom anna vil førestå ein kunngjeringsprosess som samla vil ta ca. tre månader før kapitalnedsettinga kan verte registrert og rettskraftig. SIVA vil derfor først kunne overføre sin eigarpart i Argentum til departementet på nyåret 2004.

Nærings- og handelsdepartementet gjer på bakgrunn av dette framlegg om at den delen av dei vedtekne løyvingane for 2003 som gjeld overføringa av eigarskapet til SIVA sin part i Argentum, vart reversert. Departementet gjer i staden framlegg om at midlane vert løyvd på nytt i budsjettet for 2004, jf. framlegg om det i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 for 2003-2004.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at løyvinga for 2003 under kap. 950, post 95 vert redusert med 1 225 mill. kroner, frå 2 450 til 1 225 mill. kroner.

Post 96 (ny) Aksjar i Venturefondet AS

Under kap. 3950, post 90 er det gjort nærare greie for salet av SND Invest AS. Som ein del av oppgjeret for salet overtok Nærings- og handelsdepartementet aksjar til ein verdi av 113,1 mill. kroner i Venturefondet AS.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 113,1 mill. kroner under kap. 950, ny post 96 Aksjar i Venturefondet AS på statsbudsjettet for 2003.

Kap. 957 (nytt) Grødegaard AS

Post 90 Avskriving av aksjekapital

Ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 63 og Innst. S. nr. 255 for 2001-2002 i juni 2002 fekk Nærings- og handelsdepartementet fullmakt til å selje 100 pst. av aksjane i Grødegaard AS. Selskapet gjekk med underskot i 2001 og 2002 og hadde tapt store delar av aksjekapitalen. I mai 2003 gjekk Nærings- og handelsdepartementet inn i ei avtale med ISS Norge AS om teikning av aksjar i Grødegaard AS.

På ordinær generalforsamling i Grødegaard AS i mai 2003 vedtok generalforsamlinga å skrive ned aksjekapitalen med 24 mill. kroner, frå 30 til 6 mill. kroner. Av nedskrivingsbeløpet vart nær 16 mill. kroner nytta til å dekke underskot og 8 mill. kroner vart overført til anna eigenkapital. Generalforsamlinga vedtok samstundes å gjennomføre ei utviding av aksjekapitalen i selskapet med 5,5 mill. kroner. Dei nye aksjane vart teikna av ISS Norge AS, ettersom staten sa frå seg føreretten sin ved teikninga. ISS Norge AS teikna seg for vel 2,7 mill. aksjar à kr 2 til teikningskurs på kr 8,66 pr. aksje, totalt 24 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 24 mill. kroner til nedskriving av aksjekapital i selskapet under nytt kap. 957, post 90 på statsbudsjettet for 2003.

Kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 5320 og 5620)

Post 55 Landsdekkande innovasjonsordning, fond

a) Dekking av tap på lån

Regjeringa varsla i St.prp. nr. 1 for 2003-2004 å komme tilbake til spørsmålet om tilleggsløyving til tapsfond for å dekke påførte og framtidige tap under låne- og garantiordningane til SND, i samband med endringsproposisjonen i haustsesjonen i 2003.

SND har hatt større tap på alle sine utlånsordningar i 2002 og første halvår 2003 enn åra før. Dersom ein ikkje gjer ekstra løyving til tapsfond vil forventa saldo på tapsfond pr. 31. desember 2003 utgjere -50 mill. kroner for den landsdekkande risikolåneordninga, -20 mill. kroner for den distriktsretta risikolåneordninga og -35 mill. kroner for miljølån. Tapsfondet skal ved utgongen av året vere stort nok til å dekke konstaterte tap og spesifiserte tapsavsettingar. I tillegg til å dekke dette gjer regjeringa framlegg om å bygge opp ein reserve for å dekke uspesifisert tapsavsetning.

Regjeringa gjer framlegg om at SND får no tilført i alt 212 mill. kroner fordelt med 100 mill. kroner til den landsdekkande risikolåneordninga (over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett), 50 mill. kroner til den distriktsretta risikolåneordninga (over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett), 35 mill. kroner til tapsfondet for miljølåneordninga (over Miljøverndepartementet sitt budsjett) og 27 mill. kroner til styrking av eigenkapitalen under lågrisikolåneordninga (over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett).

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 2420, post 55 med 100 mill. kroner til å dekke tap på den landsdekkande risikolåneordninga. Løyving for å dekke tap på lågrisikolåneordninga er fremma på ny post 76 under.

b) Garantivedtak

Ved handsaminga av Innst. S. nr. 260 for 2002-2003 gjorde Stortinget vedtak om ei tilleggsløyving under kap. 2420, post 55 der 50 mill. kroner vart øyremerkt til tapsfond for garantiar til driftskreditt i fiskerinæringa. Det vart ikkje fatta noko vedtak om ei garantifullmakt i samband med tilleggsløyvinga. Garantiane kan handsamast innanfor SND si garantiordning for lån til realinvesteringar og driftskapital. For å gjere det mogleg å utnytte ordninga vart SND si garantiramme gjennom ein kgl. res. av 12. september 2003 auka med 200 mill. kroner øyremerkt til driftskreditt i fiskerinæringa. Ei slik ramme stemmer overens med Stortinget sin intensjon med tilleggsløyvinga på 50 mill. kroner, noko som gjer ein tapsprosent på 25.

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond fekk opphaveleg ei garantiramme for nye tilsegner i 2003 på 40 mill. kroner, innafor ei totalramme for nye tilsegner og gamalt ansvar på 100 mill. kroner. Det er nødvendig med ei formalisering av vedtaket om å auke garantiramma.

SND meiner det kan bli vanskeleg å utnytte heile den øyremerkte delen av tapsfondet i 2003. Mellom anna kan det ta tid å avklare stoda i fiskerinæringa. Nokre saker vil først komme til handsaming i 2004. Det vil berre vere nødvendig med ei garantifullmakt på 75 mill. kroner i samband med ordninga med driftskreditt i fiskerinæringa for 2003. I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 for 2003-2004 har departementet gjort framlegg om at den delen av den øyremerka garantiramma som ikkje vert nytta i 2003, dvs. 125 mill. kroner kan nyttast i 2004.

Departementet fremmer derfor forslag om å auke garantiramma for lån til realinvesteringar og driftskapital med 75 mill. kroner for 2003 frå 40 til 115 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak III. Samstundes som ein aukar garantiramma, kan ein redusere løyvinga under kap. 2420, post 55 knytt til tapsfondet for ordninga. Med ei garantiramme på 75 mill. kroner og ein tapsprosent på 25 vart nødvendig tapsavsetting på 18,75 mill. kroner. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere tapsfondet knytt til driftskreditt i fiskerinæringa med 31,25 mill. kroner for 2003, frå 50 til 18,75 mill. kroner. Departementet har gjort framlegg om at det reduserte beløpet blir løyvd på nytt for 2004 slik at resten av garantiramma kan verte utnytta da.

Samla endring for posten i 2003:

Som følgje av endringane under punkt a og b over gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 2420, post 55 med netto 68,75 mill. kroner (100 - 31,25 mill. kroner) for 2003, frå 228 til 296,75 mill. kroner.

Post 70 Administrasjon, kan overførast

I St.prp. nr. 51 for 2002-2003 Virkemidler for et innovativt og nyskapende næringsliv, er det vist til at skipinga av det nye selskapet for innovasjon og internasjonalisering vil føre med seg eingongskostnader. Dette inneber kostnader til integrasjon av IT-system, personalrelaterte tiltak, samlokalisering av dagens institusjonar, merkevarebyggjing og nokre andre tiltak.

Nærings- og handelsdepartementet legg fram forslag om at det vert løyva 20 mill. kroner for å dekke eingongskostnader ved skipinga. Midla vert foreslått fordelt med 10 mill. kroner til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond i 2003 og 10 mill. kroner til det nye innovasjons- og internasjonaliseringsselskapet i 2004. For nærare omtale av kostnadene og omtale av forslaget om løyving i 2004 viser ein til St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 for 2003-2004 frå Nærings- og handelsdepartementet.

Ut frå det som er nemnt ovanfor, gjer departementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, post 70 Administrasjon med 10 mill. kroner, frå 170,5 til 180,5 mill. kroner på statsbudsjettet for 2003.

Post 76 (ny) Tilskot til dekking av tap på lågrisikolån

Ein viser til omtale av tapa i SND under post 55 over. Eigenkapitalen for lågrisikolåneordninga er redusert i løpet av året og forventa eigenkapital pr. 31. desember 2003 er 515 mill. kroner. Dette utgjer 4,3 pst. av uteståande låneportefølje. I tråd med Kredittilsynet si forskrift om minstekrav til kapitaldekking i finansinstitusjonar og verdipapirføretak bør eigenkapitalen utgjere 8 pst. av utlånsporteføljen. For å nå dette kravet må eigenkapitalen under ordninga styrkast.

Ut frå dette gjer Nærings- og handelsdepartement framlegg om ei tilleggsløyving på 27 mill. kroner som eit første steg i å styrke eigenkapitalen under lågrisikolåneordninga.

Post 91 Lån til risikolåneordninga, overslagsløyving

Då Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) vart oppretta, vart det lagt til grunn at låneordningane til fondet skulle finansierast ved innlån frå statskassa. SND kan ta opp innlån til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. SND betaler og ein låneprovisjon på 0,4 pst. p.a. SND refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid på frå to månader til fleire år avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag bruttoføras. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5320, jf. nedanfor. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2003 er basert på realiserte innlån og avdrag og prognoser frå SND på innlån og avdrag ut året under dei ulike låneordningane. Forklaringa til reduksjonar på ordninga er rullering på låna, mindre fornying av lån og renteutviklinga.

Samanlikna med saldert budsjett for 2003 gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga til innlån til SND si risikolåneordning under kap. 2420, post 91 med 1 mrd. kroner, frå 5 til 4 mrd. kroner.

Post 96 Lån til distriktsretta ordning

Stortinget løyvde opphavleg, ved handsaminga av Budsjett-innst. S. nr. 8 for 2002-2003, 500 mill. kroner i ramme og 75 mill. kroner i tapsfond til ei distriktsretta låneordning på statsbudsjettet 2003. Ordninga vart 22. oktober 2003 godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan, ESA. Fordi det har trekt ut med godkjenning av ordninga, vil det truleg ikkje vere mogleg for SND å gjennomføre forsvarleg sakshandsaming og nytte ramma fullt ut i 2003. Ein gjer derfor framlegg om å gjere låneramma overførbar, slik at ordninga og kan nyttast seinare år, jf. Forslag til vedtak IV.

Tapsfondsmidla på 75 mill. kroner vart løyvd over kap. 2420, post 56. Heile beløpet er overført til tapsfondskonto i Noregs Bank tilknyta staten sin konsernkontoordning og vil først verte nytta når ein har konstatert eventuelle tap under ordninga. Ein legg elles opp til at avdrag på SND sine innlån for denne ordninga og refinansiering av innlån i kommande år skal verte postert over dei ordinære postane for avdrag og innlån knytt til SND sin noverande lågrisiko- og risikolåneordning. Ein har lagt opp til at alle låneordningane frå og med 2004 skal handsamast av nytt selskap for innovasjon og internasjonalisering, og at avdrag vert postert på kap. 5325, post 90 og innlån på kap. 2421, post 90.

Kap. 2426 SIVA (jf. kap. 3961 og 5609)

Post 90 Lån, overslagsløyving

Gjennom Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 13 og Budsjett-innst. S. nr. 8 for 2002-2003 vart SIVA SF si låneramme auka med 100 mill. kroner, frå 870 til 970 mill. kroner. SIVA SF har pr. dato tatt opp nytt lån på 35 mill. kroner og har dermed så langt nytta 905 mill. kroner av låneramma. I budsjettprosessen hausten 2002 vart det tatt høgde for avdrag av lån på 85 mill. kroner med ei løyving på 85 mill. kroner under kap. 3961, post 92. Det vart ikkje tatt omsyn til refinansiering av lånet i 2003 under kap. 2426, post 90.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg for å ta omsyn til refinansieringsbehovet, og auke løyvinga med 85 mill. kroner under kap. 2426, post 90 frå 100 til 185 mill. kroner. Innlånsramma for SIVA vil framleis vere på 970 mill. kroner.

Kap. 3900 Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 900)

Post 01 Driftsutgifter

Nærings- og handelsdepartementet gjennomfører eit program med sal av gamle beredskapslager. Ein vesentleg del av salet er gjennomført i 2001, 2002 og 2003. Nærings- og handelsdepartementet har med støtte i beredskapsmeldinga basert budsjetteringa for industri- og forsyningsberedskap på at dei midlane som blir frigjort ved avvikling av ukurante beredskapslager, kan nyttast for å bygge opp nye relevante lager og tiltak for å styrke beredskapsområdet. I 2003 vart det budsjettert med eit sal på 4,7 mill. kroner, men rekneskapen viser at inntektene i 2003 vil verte på om lag 5,3 mill. kroner.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om ei meirinntektsfullmakt knytt til kap. 3900, post 01, mot fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 900, post 01, jf. Forslag til vedtak II.

Kap. 3901 Styret for det industrielle rettsvern (jf. kap. 901)

Post 06 (ny) Ymse inntekter

Ein viser til omtale under kap. 901 Styret for det industrielle rettsvern (Patentstyret).

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke kap. 901, post 01 Driftsutgifter, med 7,25 mill. kroner mot meirinntekt på 10 mill. kroner under kap. 3901, ny post 06 Ymse inntekter.

Kap. 3904 Brønnøysundregistra (jf. kap 904)

Post 01 Gebyrinntekter

I statsbudsjettet for 2003 vart rettsgebyret (R) auka frå 670 til 700 kroner. I tillegg vart multiplikatoren for ein del tinglysingstenester auka. Ved behandlinga av endringsproposisjonen i samband med revidert budsjett 20. juni 2003 vart rettsgebyret auka med ytterlegare 40 kroner, jf. Innst. S. nr. 260 for 2002-2003. Prognoser frå Brønnøysundregistra viser ein inntektsauke på om lag 22 mill. kroner som er knytt til Lausøyreregisteret. Samanlikna med 2002 har talet på tinglysingar av salspant i bil auka med ca. 3 pst. i 2003.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 3904, post 01 med 22 mill. kroner, frå 413 til 435 mill. kroner.

Kap. 3907 Sjøfartsdirektoratet (jf. kap. 907)

Post 01 Gebyr for skip og offshoreinstallasjonar i NOR, og

Post 04 Gebyr for skip i NIS

Inntektsløyvingane for 2003 er 101,5 mill. kroner under post 01 for skip registrert i NOR (Norsk Ordinært Skipsregister) og 44,8 mill. kroner under post 04 for skip registrert i NIS (Norsk Internasjonalt Skipsregister). Jamførbare rekneskapstal for 2002 var ca. 94,5 mill. kroner for NOR-skip og 43,0 mill. kroner for NIS-skip. På grunn av ein venta nedgang i gebyr-/kontrollgrunnlaget (færre skip og installasjonar i registra) i 2003 vart det lagt til grunn at gebyrsatsane for NOR-registrerte farty måtte aukast med 10 pst. i 2003. NOR-gebyra er auka i tråd med dette. Det same er gebyra for dei ikkje delegerte NIS-registrerte fartya (dei fartya som Sjøfartsdirektoratet sjølv kontrollerer).

Rekneskapen for første halvår og utviklinga utover sommaren og hausten indikerer at det vil bli ein svikt i gebyrinntektene på omlag 5 mill. kroner både for NOR- og NIS-registrerte skip. Årsaka til dette er større reduksjon i talet på kontrolloppdrag enn berekna både for nybygde farty (førstegongsgebyr), antal registrerte skip i registra (grunnlag for årsgebyr som utgjer hovudinntektene for begge registra) og flyttbare boreplattformar (under NOR).

På dette grunnlaget og ut frå kravet om realistisk budsjettering gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere inntektsløyvingane under kap. 3907, post 01 med 5 mill. kroner, frå 101,5 til 96,5 mill. kroner og under post 04 med 5 mill. kroner, frå 44,8 til 39,8 mill. kroner.

Kap. 3950 Forvalting av statlig eigarskap(jf. kap. 950)

Post 80 (ny) Sal av aksjar i SND Invest AS

Post 90 Sal av aksjar

Som nemnt under kap. 950 har omfanget av statlege aksjesal vore omfattande i 2003. Endring i omfanget av statleg eigarskap er knytt til desse selskapa:

A/S Olivin

North Cape Minerals (NCM) kjøpte 49 pst. av aksjane i A/S Olivin frå staten i 2001. Samstundes fekk selskapet gjennom ei aksjonæravtale med staten føretrinnsrett til å kjøpa dei resterande 51 pst. Nærings- og handelsdepartementet gjekk i mai 2003 inn i ein avtale med NCM om sal av dei attverande aksjane i A/S Olivin. Fullmakta til salet vart gitt 6. desember 2001 ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 og Budsjett-innst. S. nr. 8 for 2001-2002.

Inntekta frå salet av A/S Olivin vart om lag 345,3 mill. kroner.

Arcus Gruppen ASA

Ved Stortinget sitt vedtak av 6. desember 2001 fekk Nærings- og handelsdepartementet og fullmakt til å selje resten av staten sine aksjar i Arcus-Gruppen ASA, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 og Budsjett-innst. S. nr. 8 for 2001-2002.

Etter å ha vurdert alternative salsstrategiar og verdiutviklinga i selskapet gjennom 2002 og 2003, aksepterte departementet i september 2003 eit tilbod frå Sucra AS om kjøp av staten sin aksjepost for 210 mill. kroner. Den oppnådde prisen på 210 mill. kroner for 34 pst. av aksjane impliserer ein verdi på eigenkapitalen i selskapet på ca. 620 mill. kroner på dette tidspunktet, mot ca. 515 mill. kroner ved salet av 66 pst. av aksjane til Sucra AS i 2001.

SND Invest AS

Stortinget vedtok i desember 2001 å gje Nærings- og handelsdepartementet fullmakt til å gjennomføre sal av aksjane i SND Invest AS. Salsprosessen vart starta i desember 2002. Etter at alle transaksjonane er gjennomført, både før og i samband med salet av SND Invest AS, vil staten motta verdiar for vel 1,151 mrd. kroner.

Nærings- og handelsdepartementet selde aksjane i SND Invest AS til Four Seasons Venture IV AS for 549,8 mill. kroner. Frå denne summen skal det trekkast 2 mill. kroner for å dekke eventuelle skuldnader på staten si hand i eit pro et contra-oppgjer mellom partane og 25 mill. kroner for å dekke omstruktureringskostnader i selskapet. Avtalen gjer også at staten har ansvaret for tap og vinning ved eit tal rettstvistar som ikkje var avklart ved salet. I rekneskapen til SND Invest AS er det bokført i overkant av 23 mill. kroner i samband med ei tvungen innløysing av aksjar i Norway Seafoos AS. Denne summen er ein del av kjøpesummen og skal betalast til staten etter at saka er avslutta i rettsapparatet. Som del av salsavtalen selde SND Invest AS sine børsnoterte aksjar.

NHD gjer framlegg om at til saman 480,9 mill. kroner løyvast under postane 80 og 90 på statsbudsjettet for 2003. Årsaka til at ein foreslår løyving på post 80 er at grunnkapitalen i si tid vart løyvd over ein ordinær tilskotspost over streken, og det er derfor naturleg at salsinntektene budsjetterast etter same mønster. I saldert budsjett for 2003 vart det løyvd 400 mill. kroner som utbyte frå selskapet under kap. 5656 Aksjar i selskap under NHD si forvalting, post 80 Utbyte. Vidare vil staten få utbetalt 247,8 mill. kroner som utbyte frå selskapet i 2004. Nærings- og handelsdepartementet har i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 for 2003-2004 gjort framlegg om ei slik løyving under kap. 5656, post 80.

Telenor ASA

I juni og juli 2003 selde Nærings- og handelsdepartementet først 250 mill. aksjar i Telenor ASA til institusjonelle investorar. Salet gav ei inntekt for staten på 7 487,5 mill. kroner. Deretter vart eit sal retta mot private kundar og 20 157 600 aksjar selt for 594,65 mill. kroner. Samla inntekt frå salet vart 8 082,15 mill. kroner.

Etter det statlege aksjesalet i juli har aksjekursen til Telenor ASA stege med ca. 27 pst., frå kr 29,50 til kr. 40,40. Talet på aksjar i fri omsetnad har auka med 67 pst. Dagleg omsetnad av aksjen er nå i snitt tre gonger så høg som før nedsalet. Verdien på den statlege eigardelen i Telenor ASA var pr. 30.06.2003 ca. 41,2 mrd. kroner (77,63 pst. eigarandel) og pr. 12.11.2003 ca. 45,6 mrd. kroner (62,65 pst. andel).

Fullmakt til salet av aksjane vart gitt ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 66 og Innst. S. nr. 242 for 1999-2000. Den statlige eigardelen i Telenor ASA vart redusert frå 77,63 til 62,65 pst. gjennom nedsalet, medan talet på Telenoraksjar i fri omsetnad auka med 67 pst.

Oppsummering av aksjesal under post 90:

Av samla salssum på 8 750,6 mill. kroner under post 90 er 10 mill. kroner dekt av løyving i saldert budsjett for 2003. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 3950, post 90 med 8 740,6 mill. kroner, frå 10 til 8 750,6 mill. kroner på statsbudsjettet for 2003.

Kap. 5320 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 2420)

Post 91 Avdrag på uteståande fordringar, risikolåneordninga

Ein viser til omtale ovanfor under kap. 2420 for SND sine innlånsordningar. Som følgje av lågare innlånsbehov enn forventa, gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga til avdrag frå SND si risikolåneordning under kap. 5320, post 91 med 885 mill. kroner, frå 5 til 4,115 mrd. kroner.

Kap. 5326 SIVA SF

Post 95 Innskotskapital Argentum AS

Ein viser til omtale under kap. 950, post 95 over. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5326, post 95 med 1 225 mill. kroner, frå 1 225 mill. kroner til 0, i samband med at overføringa av eigarskapet i Argentum AS frå SIVA til Nærings- og handelsdepartementet vert utsett frå 2003 til 2004.

Kap. 5609 Renter og provisjonar frå selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 2426 og 3961)

Post 80 Renter, SIVA SF

Ein viser til omtale ovanfor under kap. 2426 for SIVA si låneordning. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognose for resten av året er det grunnlag for å justere ned renteinntektsløyvingane. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga til renter med 10,5 mill. kroner frå 53,9 til 43,4 mill. kroner.

Post 83 (ny) Renter, BaneTele AS

Våren 2003 vart BaneTele AS refinansiert og statslånet til BaneTele AS på 209 mill. kroner vart omdanna til eit ansvarleg VPS-registert obligasjonslån. Etter 1. april 2003 vil påløpte renter bli lagt til lånet.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at innbetalte renter til statskassa i perioden 1. januar til 31. mars 2003, som utgjer 4,65 mill. kroner, vert løyvd under kap. 5609, ny post 83 på statsbudsjettet for 2003.

Kap. 5620 Renter og utbyte frå Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 2420)

Post 81 Renter, risikolåneordninga

Post 86 Renter, lågrisikolåneordninga

Som nemnt under kap. 2420 kan SND ta opp innlån til sine låneordningar til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten av året er det grunnlag for å justere ned renteinntektsløyvingane. Dei fastsette rentene vart lågare i andre halvår enn det som låg til grunn i løyvingane.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om at renteinntekta frå innlån til risikolåneordninga under kap. 5620, post 81 reduserast med 21 mill. kroner, frå 150 til 129 mill. kroner. Vidare gjer departementet framlegg om å redusere renteinntektene frå innlån til lågrisikolåneordninga under kap. 5620, post 86 med 68 mill. kroner, frå 700 til 632 mill. kroner.

Til forsida