St.prp. nr. 18 (2008-2009)

Om endringar i statsbudsjettet for 2008 under Kommunal- og regionaldepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag til endringar

Kap. 554 Kompetansesenter for distriktsutvikling

Post 1 Driftsutgifter

Post 1 skal dekkje lønn og andre driftsutgifter til Kompetansesenter for distriktsutvikling. Senteret blei opna i september 2008. Budsjettbehovet for 2008 viser seg å bli mindre enn tidlegare rekna med, noko som skuldast at etablering av senteret har teke noko lengre tid enn venta. Dette har mellom anna ført til lågare lønnsutgifter og husleigeutgifter enn tidlegare berekna. Det samla budsjettbehovet er no berekna til 8 mill. kr for heile 2008.

På denne bakgrunn blir det foreslått at løyvinga på kap. 554, post 1 blir redusert med 8 mill. kr, frå 16 mill. kr til 8 mill. kr.

Kap. 571 Rammetilskot til kommunar

Post 64 Skjønnstilskot

Porsanger

Porsanger kommune er i ein vanskeleg situasjon. Store reduksjonar i mellom anna forsvaret si verksemd har ført til nedgang i folketalet over lang tid. Dei negative konsekvensane for kommunen har vore store. Regjeringa foreslår derfor å løyve 4 mill. kr til omstillingsarbeidet i kommunen. Det blir lagt til grunn at midlane blir nytta i nært samarbeid med fylkeskommunen som regional utviklingsaktør.

Froland

Froland kommune blei i byrjinga av juni i år ramma av skogbrann. Brannen er den største i Noreg i etterkrigstida, og brannområdet omfatta om lag 27 000 dekar. Nærare 19 000 dekar produktiv skog med 88 000 kbm. nyttbar tømmer blei totalskadd. Brannen har ført til store utfordringar for kommunen. Naturgrunnlaget og moglegheitene for næringslivet har blitt vesentleg svekka. Regjeringa foreslår på denne bakgrunn å løyve 4 mill. kr som skal medverke til å redusere skadeverknadene av brannen og leggje til rette for ei god utvikling i kommunen. Det blir lagt til grunn at midlane blir nytta i nært samarbeid med fylkeskommunen som regional utviklingsaktør.

Det blir samla foreslått å auke løyvinga på kap. 571, post 64 med 8 mill. kr, frå 1 511,5 mill. kr til 1 519,5 mill. kr.

Kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar

Post 60 Innbyggjartilskot

Omstillingslova

Lov om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd (omstillingslova) blei sett i kraft 1. juli 2008. Etter lova skal bedriftseigarar sende melding til fylkeskommunen ved planar om nedlegging av bedrifter med fleire enn 30 tilsette. Fylkeskommunen skal handsame meldinga innan 30 dagar. Årlege kostnader for fylkeskommunane ved å administrere ordninga er berekna til 4 mill. kr.

I forslaget til statsbudsjett for 2009 er rammetilskotet til fylkeskommunane styrkt med 4 mill. kr til dette formålet. For 2008 blir det foreslått å auke løyvinga til rammetilskotet med 2 mill. kr (halvårsverknad), frå 14 118,862 mill. kr til 14 120,862 mill. kr.

Post 64 Skjønnstilskot

Momskompensasjon

ESA vedtok 3. mai 2007 at ein del av kompensasjonsordninga for meirverdiavgift er i strid med statsstøtteregelverket i EØS-avtala. Ordninga blei som følgje av dette noko innsnevra, og kommunar og fylkeskommunar måtte betale tilbake kompensasjon for perioden 2004-2007 som var å rekne som ulovleg støtte. For å kompensere for dette blei det sett av 20 mill. kr innanfor skjønnstilskotet til fylkeskommunane i statsbudsjettet for 2008.

Omfanget av den ulovlege støtta viser seg no å utgjere i overkant av 40 mill. kr, dvs. vel 20 mill. kr meir enn tidlegare anslått. For å kunne kompensere den enkelte fylkeskommune fullt ut, blir det foreslått ein auke i løyvinga på 20 mill. kr. Sidan ulovleg motteken momskompensasjon blir betalt tilbake til statskassa, er forslaget om tilleggsløyving provenynøytralt. For 2008 blir det foreslått å auke løyvinga med 20 mill. kr, frå 887 mill. kr til 907 mill. kr.

Kap. 575 Ressurskrevjande tenester

Post 60 Toppfinansieringsordning, overslagsløyving

Toppfinansieringstilskot for 2008 til dei kommunane som oppfyller kriteria for tilskot blei fordelt av Helsedirektoratet i juli 2008. Det blei betalt ut 226,8 mill. kr meir enn vedteke budsjett for 2008.

I 2008 er 4 506 ressurskrevjande tenestemottakarar omfatta av ordninga. Dette er ein auke på 493 tenestemottakarar eller 12,3 pst. samanlikna med 2007. I forslag til statsbudsjett for 2008 blei det lagt til grunn ein auke i talet på tenestemottakarar på 4 pst. Utgifter per tenestemottakar utover innslagspunktet (800 000 kr) har i tillegg auka med 7,8 pst. i 2008.

Det blir foreslått ein auke i løyvinga på 226,833 mill. kr, frå 2 741 mill. kr til 2 967,833 mill. kr.

Kap. 2427 Kommunalbanken AS

Post 90 Aksjekapital

Kommunalbanken skal bidra til konkurranse i lånemarknaden for kommunane, og på den måten medverke til låge finansieringskostnader i kommunal sektor. Samstundes skal banken gje avkasting til eigarane på innskoten kapital. Kommunalbanken er eigd av staten med 80 pst. og KLP med 20 pst.

Kommunalbanken har om lag 39 pst. av utlånsmarknaden til kommunane. I den seinare tida har høg dollarkurs ført til lågare kjernekapitaldekking i Kommunalbanken. Banken har hittil i 2008 lånt ut 10 mrd. kr til kommunane, men kan i liten grad gje ytterlegare lån i 2008 på grunn av reduksjonen i kjernekapitaldekking. I ein situasjon med uro i kredittmarknaden vil det vere uheldig om Kommunalbanken, som den største aktøren i utlånsmarknaden for kommunane, må avgrense utlåna til kommunane.

Departementet foreslår derfor at staten bidreg til ei styrking av eigenkapitalen i Kommunalbanken med ei løyving på 240 mill. kr. Ein legg til grunn at KLP bidreg med 60 mill. kr i tråd med deira eigardel i Kommunalbanken. Samla sett vil eigenkapitalen til Kommunalbanken auke med 300 mill. kr.

Med ein auke i eigenkapitalen på 300 mill. kr vil Kommunalbanken framleis kunne gje lån, samstundes som kjernekapitaldekkinga er på eit forsvarleg nivå.

Det blir foreslått ein auke i løyvinga på 240 mill. kr, frå 132,5 mill. kr til 372,5 mill. kr.

Kap. 581 Bustad- og bumiljøtiltak

Post 75 Bustadtilskot til etablering, tilpassing og utleigebustader, kan overførast

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2008 blei det vedteke at inntil 5 mill. kr av tilsegnsramma skulle setjast av til prosjektering av heis i eksisterande bustadbygg. Det har til no vore låg etterspørsel etter prosjekteringstilskot. Det blir derfor foreslått at tiltaket blir utvida til òg å omfatte tilskot til investering i heis i eksisterande bustadbygg. Unytta tilsegnsramme til dette formålet blir overført til 2009.

Kap. 582 Rentekompensasjon for skuleanlegg og kyrkjebygg

Post 60 Rentekompensasjon skuleanlegg, kan overførast

Den totale investeringsramma for rentekompensasjonsordninga for skuleanlegg er på 15 mrd. kr. Om lag 5 pst. av investeringsramma omfattar prosjekt som enno ikkje er ferdigstilte. Behovet for rentekompensasjon blir dermed lågare enn venta. Det blir av den grunn foreslått at løyvinga på kap. 582, post 60 Rentekompensasjon skuleanlegg blir redusert med 40 mill. kr, frå 828,4 mill. kr til 788,4 mill. kr.

Post 61 Rentekompensasjon kyrkjebygg, kan overførast

Den totale investeringsramma for rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg er på 1,3 mrd. kr. Om lag 48 pst. av investeringsramma omfattar prosjekt som enno ikkje er ferdigstilte. Behovet for rentekompensasjon blir dermed lågare enn venta. Det blir av den grunn foreslått at løyvinga på kap. 582, post 61 Rentekompensasjon kyrkjebygg blir redusert med 30 mill. kr, frå 74,1 mill. kr til 44,1 mill. kr.

Kap. 2412 Den norske stats husbank

Post 72 Rentestønad

Rentestønad går til å dekkje eldre særvilkårslån som har eitt prosentpoeng lågare rentesats enn gjeldande flytande rente i Husbanken og lån som har fått renteavtale. Forseinkingsrenter blir trekte frå rentestønaden. Nye prognosar tilseier at rentestønaden vil bli større enn venta på grunn av auke i utlånsmassen på lån med renteavtaler. Det blir foreslått at kap. 2412, post 72 Rentestøtte blir auka med 2 mill. kr, frå 19 mill. kr til 21 mill. kr.

Post 90 Lån til Husbanken, overslagsløyving

Den endra finanssituasjonen og fallande bustadprisar har gjort det vanskelegare for låntakarar å oppnå gunstige vilkår i den private kredittmarknaden. Husbanken tilbyr relativt gunstige rentevilkår, og det er auka etterspørsel etter lån i 2. halvår 2008. I utbetalingsprofilen er det rekna med eit fråfall på 15 pst. frå tilsegn om lån til utbetaling av lån frå Husbanken. Prognosar tilseier at fråfallsprosenten har gått ned, og dette gir høgare utbetalingar. Det vil seie at fleire av dei som mottek tilsegn òg får utbetalt lån. Det er forventa at utbetalingane i 2008 blir om lag lik utbetalingane i 2007, det vil seie rundt 12 000 mill. kr. Derfor blir det foreslått at løyvinga på kap. 2412, post 90 Lån til Husbanken blir auka med 1 377 mill. kr, frå 10 623 mill. kr til 12 000 mill. kr.

Kap. 5312 Den norske stats husbank

Post 90 Avdrag

Posten omfattar mottekne avdrag, tap og rentestønad. Det er venta lågare innbetaling av ekstraordinære avdrag og innløysingar som følgje av situasjonen i finansmarknaden hausten 2008. Det blir derfor foreslått at kap. 5312, post 90 Avdrag blir redusert med 530 mill. kr, frå 9 144 mill. kr til 8 614 mill. kr.

Orienteringssaker

Midler forvalta av Innovasjon Noreg

Frå og med 2003 har løyvinga over kap. 551 post 60 Tilskot til fylkeskommunar for regional utvikling og kap. 551 post 61 Næringsretta midlar til regional utvikling, kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift blitt overførde til fylkeskommunane som har forvalta ordningane på vegne av departementet. Fylkeskommunane har tildelt midlane vidare til Innovasjon Noreg som forvaltar dei ulike ordningane. Utbetaling frå Innovasjon Noreg skjer først når dei ulike tiltaka er gjennomførde, noko som kan skje opptil fleire år etter at tilsegn er gitt. Innovasjon Noreg har opplyst at saldo pr. 31.12.2007 var på om lag 800 mill. kr. Midlane har vore plassert på ein rentebærande konto utanfor konsernkontoordninga. Midlane er i 2008 overførde til ein konto innanfor konsernkontoordninga på same måte som andre fonds- og tilskotsordningar under Innovasjon Noreg. Midlane er bundne opp i tilsegn. Ordninga er utforma slik at det alltid vil være ein viss del som ikkje er betalt ut. Kommunal- og regionaldepartementet vil vurdere nærare storleiken på saldoen og sjå om det skulle være bruk for endringar for å redusere nivået på denne.

Meirinntektsfullmakt kap. 587 Statens bygningstekniske etat, post 1 driftsutgifter

I St.prp. nr. 1 (2007-2008) blei meirinntektsfullmakta på kap. 587 post 1 ved ein feil knytt opp mot kap. 3587 post 1, ikkje post 4 slik det er riktig. Det blir derfor foreslått ei ny meirinntektsfullmakt, jf. romertallsvedtak II.

Til forsida