St.prp. nr. 20 (2000-2001)

Om endring av løyvingar mv. for 2000 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

3 Programkategori 21.20 Luftfartsformål

Kap. 1314 Havarikommisjonen for sivil luftfart

Post 01 Driftsutgifter

Ein nærare gjennomgang av budsjettet til Havarikommisjonen for sivil luftfart viser at det er nødvendig å auke løyvinga for havariundersøkingar. Dei samla utgiftene til havariundersøkingar i 2000 er no rekna til om lag 2,4 mill. kr, mot opphavleg budsjettert 0,8 mill. kr. På grunn av forseinka innflytting i nybygg kan Havarikommisjonen omdisponere 0,7 mill. kr til havariundersøkingar innafor den vedtekne løyvinga. Det er dermed nødvendig med ei løyving på ytterlegare 0,9 mill. kr.

Samferdselsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 1314, post 01, med 0,9 mill. kr frå 9,6 mill. kr til 10,5 mill. kr. Auken blir dekt inn ved å redusere løyvinga på kap. 1301, post 21, jf. omtale under kap. 1301.

Luftfartsverket - statsrekneskapen 1999

I samband med Riksrevisjonens revisjon av statsrekneskapen for 1999 kom det m.a. fram at driftsresultatet for Luftfartsverket ført opp i St.meld. nr. 3 (1999-2000) Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1999, var om lag 25,4 mill. kr lågare enn rapportert i Samferdselsdepartementets forklaringar til statsrekneskapen for 1999, jf. også Dok. nr. 1 (2000-2001). Det riktige talet som er 94 mill. kr, går fram av departementets forklaringar til statsrekneskapen og er i samsvar med Stortingets vedtak, jf. St.prp. nr. 67/Innst. S. nr. 236 (1998-99). Avviket har oppstått ved eit byte på debet og kredit for posteringane som blei gjort på Luftfartsverkets kap./post/underpost 2450.24.14 og kap./post 5603.81 - Renter av mellomrekneskapen. I samsvar med rundskriv R-9/98 frå Finansdepartementet skal feilføring av beløp over 1 mill. kr leggjast fram for Stortinget. Samferdselsdepartementet ber med dette om samtykkje frå Stortinget til at den nemnde differansen blir korrigert i den sentrale statsrekneskapen over konto for forskyvingar i balansen.

Vidare er det, som omtalt i St.prp. nr. 1 (2000-2001), s. 55, avdekt feil i likvidbehaldninga i Del C i Kassarapporten - Behaldningsoppgåve pr. 31.12.99, på om lag 13,3 mill. kr. Luftfartsverket har no korrigert feilen og gjennomført tiltak for å hindre at liknande feil oppstår igjen.

I tillegg har Samferdselsdepartementet avdekt eit avvik innafor omløpsmidlar under Luftfartsverkets balanse. Dette avviket er no retta opp i Luftfartsverkets balanse pr. 31.12.1999, sjå korrigert balanse pr. 31.12.1999 etter kontantprinsippet i tabell 1.1 på neste side. Korrigeringane verkar ikkje inn på føringane i den sentrale statsrekneskapen.

Tabell 1.1 Balanse pr. 31.12.1999 for Luftfartsverket

EigedelarKronerGjeld og eigenkapitalKroner
OmløpsmidlarKortsiktig gjeld
Kassebehaldning og innskot628 325 474Kortsiktig gjeld57 706 157
Kortsiktige plasseringar-Mellomvære med statskassen148 116 895
Kortsiktige fordringar1 257 592Sum kortsiktig gjeld205 823 052
Varelager, varer i arbeid-
Sum omløpsmidlar629 583 066Langsiktig gjeld
Statens renteberande kapital631 048 000
AnleggsmidlarAnna langsiktig gjeld-
Langsiktige fordringar-
Aksjar og andelar916 580 000Sum langsiktig gjeld631 048 000
Utlån og obligasjonar2 565 835 258
Driftsmiddel, eigedomar7 198 511 212Eigenkapital
Sum anleggsmidlar10 680 926 470Reguleringsfondet416 120 011
Eigenkapital elles10 057 518 473
Sum eigenkapital10 473 638 484
Sum eigedelar11 310 509 536Sum gjeld og eigenkapital11 310 509 536

Aktivering av regionale lufthamner i Luftfartsverkets balanse

Som omtalt i St.prp. nr. 1 (2000-2001), s. 55, har Riksrevisjonen teke opp spørsmålet om aktivering av dei regionale lufthamnene i Luftfartsverkets balanse, jf. også Dok. nr. 1 (2000-2001). Samferdselsdepartementet har i denne samanhengen, m.a. ved hjelp av ein ekstern analyse frå Deloitte & Touche, vurdert nærare om og eventuelt korleis verdien av dei flyplassane som Luftfartsverket overtok frå kommunane skal visast i balansen. Deloitte & Touche har konkludert med at den rekneskapsmessige verdien kan oppretthaldast til kr 0,- i og med at Luftfartsverket ikkje har betalt vederlag for overtakinga av lufthamnene, og at nødvendig tilleggsinformasjon blir gitt i notar til Luftfartsverkets rekneskap. På grunnlag av desse vurderingane vil departementet leggje opp til at verdien av dei regionale lufthamnene framleis blir ført til kr 0,- i Luftfartsverkets balanse og at nødvendige korrigeringar blir omtalte i Luftfartsverkets rekneskap for 2000.