St.prp. nr. 21 (2000-2001)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2000 under Nærings- og handelsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 922 Norsk Romsenter

Post 70 Tilskot, kan overførast

Ein syner til omtale av verksemda til Norsk Romsenter (NRS) i St.prp. nr. 1 for 1999-2000. Frå og med 2000 skal den norske medlemskapen i Den europeiske organisasjon for romverksemd betalast i EURO. Heile valutarisikoen må då berast av dei einskilde medlemsland.

I løyvinga for 2000 har ein lagt til grunn ein høgare venta EURO-kurs enn faktisk kurs på innbetalingstidspunktet. Overslag syner at tilskotet til Norsk Romsenter i 2000 derfor kan reduserast med 8,8 mill. kroner.

På statsbudsjettet for 2000 gjer Nærings- og handelsdepartementet derfor framlegg om å redusere løyvinga under kap. 922 Norsk Romsenter, post 70 Tilskot, kan overførast, med 8,8 mill. kroner, frå 240,3 til 231,5 mill. kroner.

Kap. 943 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Refusjonsordninga for sysselsetting av norske sjøfolk er ei regelstyrt ordning med stikkordet overslagsløyving. Endringar i talet på sjøfolk på norske skip som kjem inn under ordninga eller endringar i hyrenivået, kan føre til at dei faktiske utbetalingane blir lågare eller høgre.

Utbetalingane frå ordninga er delte inn i seks terminar. Utbetalingane for dei fire første terminane i 2000 viser ein reduksjon i utbetalingane i forhold til tidlegare år. Departementet syner og til St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 7 for 2000-2001 der det mellom anna framgår at transportvilkåret for å få tilskot vil bli presisert. På statsbudsjettet for 2000 gjer Nærings- og handelsdepartementet derfor framlegg om å redusere løyvinga under kap. 943 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, post 70 Tilskot, overslagsløyving med 10 mill. kroner, frå 330 til 320 mill. kroner.

Kap. 945 NOAH AS

På ei ekstraordinær generalforsamling i NOAH AS i september 1999 vart det vedteke å gjennomføre ei utviding av aksjekapitalen i selskapet med 31 mill. kroner. Dei nye aksjane vart teikna av staten ved Miljøverndepartementet, ettersom dei andre aksjonærane sa frå seg si førerett ved teikninga. Siste del av det konvertible lånet som NOAH AS fekk då selskapet vart etablert, vart i den samanheng konvertert til aksjekapital. Generalforsamlinga vedtok samstundes å nedskrive aksjekapitalen med 100,6 mill. kroner. Nedskrivingsbeløpet vart nytta til å dekkje eit tilsvarande akkumulert tap.

Nærings- og handelsdepartementet overtok ansvaret for forvaltinga av eigarinteressene i NOAH AS frå Miljøverndepartementet 1. januar 2000. I St.prp. nr. 1 for 2000-2001 la Nærings- og handelsdepartementet til grunn at ein ville gjere framlegg om nødvendige løyvingar på statsbudsjettet for 2000 knytt til dei disposisjonane som vart vedteke på den ekstraordinære generalforsamlinga.

Av St.meld. nr. 3 for 1999-2000 Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1999, går det likevel fram at så vel utvidinga som nedskrivinga av aksjekapitalen er foretatt i kapitalrekneskapen for 1999. Det vil derfor ikkje vere naudsynt å gjere framlegg om løyvingar under kap. 945 NOAH AS, på statsbudsjettet 2000.

Kap. 955 (ny) Norsk Koksverk

Post 71 Refusjon for miljøtiltak

Det er gitt ei statleg ramme på 220 mill. kroner for miljøtiltak på tomta til tidlegare Norsk Koksverk i Mo i Rana, jf. St.prp. nr. 9 og Innst. S. nr. 60 for 1998-99. Garantien gjeld utgifter til oppreinsking og andre miljøtiltak som blir gjennomført etter pålegg frå Statens forureiningstilsyn (SFT).

Det er etablert ei ordning der Nærings- og handelsdepartementet sørgjer for utbetaling til dokumenterte gjennomførte rehabiliteringstiltak i budsjetterminen på grunnlag av særskilt utbetalingsfullmakt frå Stortinget, mot løyving av middel til dekking av utbetalingane (refusjon for utførte miljøtiltak) i etterhand mot slutten av same budsjettår. Utbetalingsfullmakta for 2000 vart gitt av Stortinget 8. desember 1999, jf. Budsjett-innst. S. nr. 8 for 1999-2000, vedtak VI, 3.

Ved utgangen av 1999 var det samla utbetalt om lag 215 mill. kroner under ordninga. Nærings- og handelsdepartementet reknar med at det i 2000 vil bli utbetalt inntil 4,7 mill. kroner under miljøgarantien, slik at samla utbetaling maksimalt vil vere 219,7 mill. kroner pr. 31. desember 2000.

På dette grunnlag gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving på 4,7 mill. kroner som refusjon for utførte miljøtiltak på statsbudsjettet for 2000.

I St.prp. nr. 1 for 2000-2001 la departementet til grunn at heile garantiramma skulle vere utbetalt innan utgangen av 2000. No vert ikkje det tilfelle, og dei gjenverande midla under garantiramma kan såleis først bli utbetalt i 2001. Nærings- og handelsdepartementet har derfor i St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 7 for 2000-2001 gjort framlegg om å kunne utgiftsføre refusjonsutbetalingar for utførte miljøtiltak i 2001 innafor gitt tilsegnsramme utan løyving.

Kap. 956 (ny) Norsk Jern Eiendom A/S

Post 70 Refusjon for miljøtiltak

På statsbudsjettet for 1991 fekk Næringsdepartementet fullmakt til å garantere for at Norsk Jern Eiendom A/S (NJE) skulle haldast skadeslaus for eventuelle framtidige kostnader som følgje av pålegg frå Statens forureiningstilsyn (SFT) knytt til avfallsprodukt som Norsk Koksverk A/S hadde grave ned på tomta til NJE.

Garantien på 10 mill. kroner vart forlenga med uendra ramme fram til 31. desember 2000 i statsbudsjettet for 1999, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 8 for 1998-99.

Det er etablert ei ordning der Nærings- og handelsdepartementet sørgjer for utbetaling til dokumenterte gjennomførte rehabiliteringstiltak i budsjetterminen på grunnlag av særskilt utbetalingsfullmakt frå Stortinget, mot løyving av middel til dekking av utbetalingane (refusjon for utførte miljøtiltak) i etterhand mot slutten av same budsjettår. Utbetalingsfullmakta for 2000 vart gitt av Stortinget 8. desember 1999, jf. Budsjett-innst. S. nr. 8 for 1999-2000, vedtak VI, 4.

Ved utgangen av 1999 var det samla utbetalt om lag 2,7 mill. kroner under refusjonsordninga. Nærings- og handelsdepartementet reknar med at det i 2000 vil bli utbetalt ca. kr 300 000 under miljøgarantien, slik at samla utbetaling maksimalt vil vere nær 3 mill. kroner pr. 31. desember 2000.

På dette grunnlag gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving på kr 300 000 som refusjon for utførte miljøtiltak på statsbudsjettet for 2000.

Oppreinskingsarbeidet har teke lengre tid enn tidlegare rekna med. Departementet foreslår derfor å forlenge garantien med uendra ramme fram til 31. desember 2002, jf. Forslag til vedtak II.

I St.prp. nr. 1 for 2000-2001 la departementet til grunn at heile garantiramma skulle vere utbetalt innan utgangen av 2000. No vert ikkje det tilfelle, og dei gjenverande midla under garantiramma vil såleis bli utbetalt i 2001/2002. Nærings- og handelsdepartementet har derfor i St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 7 for 2000-2001 gjort framlegg om å kunne utgiftsføre refusjonsutbetalingar for utførte miljøtiltak i 2001 innafor gitt tilsegnsramme utan løyving.

Kap. 960 Raufoss ASA

Post 90 Kjøp av aksjar i Nammo AS

Ved St.vedt. 13. april 2000 vart det løyvd 340 mill. kroner til kjøp av Raufoss ASA sin eigardel på 45 pst. i det nordiske ammunisjonsselskapet Nammo AS, jf. St.prp. nr. 41 og Innst. S. nr. 154 for 1999-2000. Ein la til grunn at 100 mill. kroner av kjøpesummen skulle nyttast til å tilbakebetale eit statleg ansvarleg lån som Raufoss ASA fekk i 1990. Netto kjøpesum utgjorde dermed 240 mill. kroner.

Betaling for aksjane fant stad 23. juni 2000, etter at staten hadde fått gjennomført ein »due dilligence» gjennomgang av Nammo AS. Staten utbetalte 230 mill. kroner til Raufoss ASA og kravde samstundes eit prisavslag på 10 mill. kroner. Kravet var basert på forhold som kom fram under »due dilligence» gjennomgangen. Raufoss ASA har transportert aksjane i Nammo AS til staten, men har avvist kravet om prisavslag. Dersom staten og Raufoss ASA ikkje vert samde, vil saka bli avgjort ved valdgift.

Fordi spørsmålet om avslag i pris for aksjekjøpet ikkje er endeleg klårgjort, kan ein ikkje sjå bort ifrå at heile eller delar av restbeløpet på 10 mill. kroner vil måtte utbetalast til Raufoss ASA i 2001.

På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om at løyvinga under kap. 960 Raufoss ASA, post 90 Kjøp av aksjar i Nammo AS, vert gjort overførbar, jf. Forslag til vedtak III.

Kap. 962 Omstillingstiltak m.v.

Post 71 Omstillingstilskot til Sør-Varanger, kan overførast

Sør-Varanger kommune har i brev til Nærings- og handelsdepartementet av 14. juli 2000 søkt om finansiering til ei rekke lokale tiltak i kommunen. Søknadssummen på til saman 225 mill. kroner skriv seg frå statens inntekter ved salet av Sydvaranger ASA i desember 1999.

I salderingsproposisjonen for statsbudsjettet 1997 blei det poengtert følgjande:

«Når det gjelder gjenværende verdier i Sydvaranger ASA, er departementet innstilt på at en vesentlig del av statens andel bør benyttes til å utvikle Sør-Varanger som en motor med hensyn til samarbeidet mot Nordvest-Russland.»

I St.prp. nr. 65 for 1997-98 Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 1998, står følgjande:

«I senere fremlegg for Stortinget er det forutsatt at en vesentlig del av de midlene som vil tilfalle staten som eier i forbindelse med avviklingen av Sydvaranger ASA, bør benyttes til videreutvikling av Sør-Varangersamfunnet og satsingen mot Nordvest-Russland. NHD legger til grunn at denne forutsetningen fortsatt skal være retningsgivende for det videre arbeid.»

Dei signala som er gitt Sør-Varanger kommune gjennom tidlegare stortingsdokument, er så eintydige at ein må kunne hevde at staten har gitt signal om at delar av inntektene frå aksjesalet i Sydvaranger skal kanaliserast til lokalsamfunnet. Det vil i den samanheng vere mest aktuelt med generelle infrastrukturtiltak og tiltak til støtte for næringslivet.

I statsrekneskapen for 1999 vart det inntektsført 216 mill. kroner frå salet av Sydvaranger ASA. Som eit endelig sluttoppgjer frå staten si side til Sør-Varanger kommune for salet av Sydvaranger ASA foreslår regjeringa ei tilsegnsramme på 120 mill. kroner til ekstraordinære tiltak i Sør-Varanger kommune. Med dette vil staten si økonomiske forplikting i samband med salet av Sydvaranger ASA vere avslutta.

På dette grunnlag gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 20 mill. kroner som omstillingstilskot til Sør-Varanger kommune og ei tilsegnsfullmakt på 100 mill. kroner på statsbudsjettet for 2000, jf. Forslag til vedtak IV. Regjeringa vil gjere framlegg om å løyve 100 mill. kroner for å oppfylle tilsegnsfullmakta i ein proposisjon om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2001 til neste år.

Kap. 966 Støtte til skipsbygging

Post 50 Overføring til fond for støtte ved skipskontraktar

På statsbudsjettet for 2000 er det løyvd 687,5 mill. kroner under denne ordninga. Løyvinga vil om lag dekke dei kontraktane som er inngått i 1. halvår 2000. Fondet for 2000 vil derfor truleg ikkje vere tilstrekkeleg. Som varsla i St.prp. nr. 1 for 2000-2001 for Nærings- og handelsdepartementet viser tal frå Eksportfinans at tidlegare årgangar (1995-99) vil få ei underdekking på om lag 150 mill. kroner. I og med at det er stor uvisse rundt den vidare utviklinga for 2000-årgangen, foreslår Nærings- og handelsdepartementet at det no vert løyvd 150 mill. kroner til årgangane 1995-99. Om nødvendig vil departementet kome attende med framlegg om ytterlegare løyvingar for 2000-årgangen på eit seinare tidspunkt.

På dette grunnlag gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga til skipsfinansieringsstøtte med 150 mill. kroner, frå 687,5 til 837,5 mill. kroner på statsbudsjettet for 2000.

Kap. 990 Industri- og forsyningsberedskap (jf. kap. 3990)

Post 01 Driftsutgifter

I tråd med St.meld. nr. 25 (1997-98) Hovedretningslinjer for den sivile beredskapens verksemd og utvikling i tiden 1999-2002, er Nærings- og handelsdepartementet i ferd med å avvikle beredskapslager som er basert på ein langvarig krigssituasjon og i staden byggje opp meir tilpassa lagre som er lagt til rette for noverande trusselbilete for fredskatastrofer og krig. Sal av lager av sukker og metaller vil gi ei inntekt om lag 4,7 mill. kroner i 2000. Det er 3,1 mill. kroner meir enn løyva.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om at meirinntekta på 3,1 mill. kroner vert nytta til å styrke nødproviantlager i tråd med målsettinga for departementet sitt arbeid med beredskap. I tillegg vil det vere aktuelt å omdisponere middel til prosjektarbeid tilknytta arbeidet med å analysere forsyningssituasjonen i Nord-Noreg.

På dette grunnlag gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga til driftsutgifter under kap. 990 Industri- og forsyningsberedskap med 3,1 mill. kroner, frå 8,06 til 11,16 mill. kroner mot tilsvarande meirinntekter, jf. omtale under kap. 3990.

Kap. 3990 Industri- og forsyningsberedskap (jf. kap. 990)

Post 01 Salsinntekter

I forhold til saldert budsjett for 2000 vil inntektene frå sal av beredskapslager auke med 3,1 mill. kroner. Departementet foreslår at meirinntekta vart nytta til føremål under kap. 990 Industri- og forsyningsberedskap, jf. ovanfor.

På dette grunnlag gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke salsinntektene under kap. 3990 Industri- og forsyningsberedskap med 3,1 mill. kroner, frå 1,6 til 4,7 mill. kroner.

Kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 5320 og 5620)

Post 91 Lån til risikolåneordninga, overslagsløyving

Post 92 Lån til grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga, overslagsløyving

Då Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) vart oppretta, vart det lagt til grunn at låneordningane til fondet skulle finansierast ved innlån frå statskassa. SND kan ta opp innlån til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. SND betaler og ein låneprovisjon på 0,4 pst. p.a. SND refinansierer utlånsportefølja ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid på frå to månader til fleire år avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag bruttoførast. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5320, jf. nedanfor. Dei foreslåtte løyvingsendringane på statsbudsjettet 2000 er basert på realiserte innlån og avdrag så langt i året og prognosar frå SND på innlån og avdrag for resten av året under dei ulike låneordningane.

Samanlikna med saldert budsjett for 2000 gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga til innlån til SND si risikolåneordning med 815 mill. kroner, frå 5,6 til 6,415 mrd. kroner. Løyvinga til innlån til grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga reduserast med 8 mrd. kroner, frå 27 til 19 mrd. kroner.

Kap. 5320 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 2420)

Post 91 Avdrag på uteståande fordringar, risikolåneordninga

Post 93 Avdrag på uteståande fordringar, grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga

Ein syner til omtale ovanfor under kap. 2420 for SND sine innlånsordningar. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til avdrag frå SND si risikolåneordning under kap. 5320, post 91 med 885 mill. kroner, frå 5,55 til 6,435 mrd. kroner. Løyvinga til avdrag frå grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga under kap. 5320, post 93 reduserast med 8 mrd. kroner, frå 27 til 19 mrd. kroner.

Kap. 5620 Renter og utbytte frå Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 2420)

Post 81 Renter, risikolåneordninga

Post 86 Renter, grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga

Som nemnt under kap. 2420 kan SND ta opp innlån til sine låneordningar til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. På statsbudsjettet for 2000 justerte ein desse renteinntektene i samband med revidert budsjett i vår, jf. St.prp. nr. 61 og Innst. S. nr. 220 for 1999-2000. Som følgje av at faktiske rentesatsar og renteinnbetalingar hittil i året har vore høgare enn tidlegare forutsatt og på grunnlag av prognosar for resten av året kan ein no justere opp renteinntektsløyvingane ytterlegare.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om at renteinntekta frå innlån til risikolåneordninga under kap. 5620, post 81 aukast med 10 mill. kroner, frå 140 til 150 mill. kroner. Vidare kan renteinntektene frå innlån til grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga under kap. 5620, post 86 aukast med 16 mill. kroner, frå 360 til 376 mill. kroner.

Til forsida