St.prp. nr. 21 (2002-2003)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2002 m.m. under Olje- og energidepartementet og endringar i eigarstruktur i det norske gasstransportsystemet

Til innhaldsliste

3 Andre endringsforslag

Kap. 1810 Oljedirektoratet (jf. kap. 4810)

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Tilsyn med petroleumsverksemda

Det blir foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2002. Endringa har samanheng med auka aktivitet på ulike tilsynsprosjekt. Ein tilsvarande auke i inntektene under kap. 4810, post 03 Refusjon av tilsynsutgifter vil bli foreslått i revidert budsjett 2003. Årsaka til at løyvinga ikkje blir foreslått parallelljustert no er at refusjonar for 4. kvartal 2002 ikkje blir innbetalte før i 2003.

Oppdrags- og samarbeidsverksemd

Det blir foreslått å auke løyvinga med 14 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2002. Auken har blant anna samanheng med endra praksis knytt til rekneskapsførte lønnsutgifter som for 2002 i sin helheit vert utgiftsført i inneverande år, medan lønnsutgifter på 4 mill. kroner for 4. kvartal for 2001 vart utgiftsført i 2002. Vidare fører auka aktivitet og større volum innanfor prosjekta til ein auke på 10 mill. kroner. Utgiftsauken blir motsvara av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet.

Undersøkingar

Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2002. Utgiftsauken har samanheng med auka meirverdiavgift på kjøp av tenester frå utlandet, som ikkje er blitt kompenserte tidlegare.

Samandrag

Samla blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 1810, post 21 Spesielle driftsutgifter med 16,3 mill. kroner, frå 66,8 til 83,1 mill. kroner.

Kap. 1820 Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 4820)

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres

Database for reservemateriell og kompetanse for kraftforsyningsberedskap

Ved Stortinget sitt vedtak av 19. juni 2002 vart det løyvd 1 mill. kroner under kap. 1820, post 75 Tilskudd til sikringstiltak, jf. St.prp. nr. 54 og Innst. S. nr. 252 (2001-2002) Om tilleggsbevilgninger i 2002 knyttet til ressursbehovet innen den sivile beredskapen og politiets beredskap. Tilleggsløyvinga skal gå til delfinansiering av ein nasjonal database for reservemateriell og kompetanse for kraftforsyningsberedskap.

Det er nedsett eit prosjekt for å etablere ovannemnde database. Målet med prosjektet er å utvikle og etablere ein database som skal medverke til å gi deltakande selskap og andre relevante aktørar høve til på ein meir ressurseffektiv måte å optimalisere funksjonaliteten sin under ordinær drift og ved ekstraordinære situasjonar.

Det er gjennomført ei marknadsundersøking som tilseier om lag 50 aktuelle deltakande selskap frå kraftforsyningsbransjen. Desse vil medverke med til saman om lag 1,5 mill. kroner, kor av 1 mill. kroner i 2002.

I og med at NVE har driftsansvaret for gjennomføringa av prosjektet, blir løyvinga foreslått flytta frå kap. 1820, post 75 Tilskudd til sikringstiltak til kap. 1820, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Posten blir vidare foreslått auka med ytterlegare 1 mill. kroner i 2002 som er stipulert bidrag frå bransjen i 2002. Auken blir dekt inn ved tilsvarande inntektsauke under kap. 4820, post 02 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet, jf. seinare omtale. Den resterande delen av bransjen sitt bidrag på 0,5 mill. kroner vil bli innbetalt i 2003.

Oppdragsverksemd

Overslaget for den resterande delen av oppdragsverksemda blir redusert med 4,4 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2002. Endringa har hovudsakleg samanheng med reduksjon i omfanget av NVE sitt bistandsarbeid i Afrika. Utgiftsreduksjonen er motsvara av ein tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4820, post 02 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet, jf. seinare omtale.

Samandrag

Samla blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 1820, post 21 Spesielle driftsutgifter med 2,4 mill. kroner, frå 48,7 til 46,3 mill. kroner.

Post 22 Forbygningsarbeider og oppryddingstiltak, kan overføres

Gjennom kgl.res. 11. oktober 2002 vart det gitt samtykkje til at løyvinga under kap. 1820, post 22 kan overskridast med 4 mill. kroner for å gjennomføre nødvendige strakstiltak i eit skredfarleg område i Meråker kommune.

Det skredfarlege området omfattar eit bustadområde på om lag 50 bustader (80 personar). Området omfattar òg eit stykke av E 14 mellom Stjørdal og Storlien (Sverige).

Geoteknikarar har dokumentert at skredfaren er svært kritisk og utrekningar viser at ras kan skje når som helst. Det blir difor vurdert fråflytting, avhengig av vêrforhold, trykk frå grunnvatnet og erosjon i elvar og bekkar.

Meråker kommune har i eigen regi gjennomført omfattande opprydding og avverking i området for å gjere det lettare tilgjengeleg for strakstiltak og for mellombels å avlaste grunnen og dermed redusere faren for ytterlegare utglidingar.

Ras i leirområde har fleire gonger teke liv og eigedom, og er blant dei potensielt største og alvorlegaste naturkatastrofane vi kan bli utsette for i dag. Risikoklassifiseringa i programmet for auka tryggleik har avdekt behov for strakstiltak i fleire bustadområde.

Behovet for sikringstiltak i Meråker i andre halvår 2002 er stipulert til totalt 4 mill. kroner. Dei samla kostnadene for sikringstiltaka i Meråker er utrekna til 10 mill. kroner. Det blir på denne bakgrunnen foreslått å auke løyvinga med 4 mill. kroner til akutte sikringstiltak i 2002.

Vidare blir det foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner som følgje av auka distriktsbidrag frå kommunane. Utgiftsauken blir motsvara av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 4820, post 40, jf. seinare omtale.

Samla blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 1820, post 22 Forbygningsarbeider og opprydningstiltak med 6 mill. kroner, frå 59,35 til 65,35 mill. kroner.

Post 75 Tilskudd til sikringstiltak, kan overføres

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2002. Endringa er berre ei teknisk flytting av løyvinga til ein annan post, jf. omtale under kap. 1820, post 21.

Kap. 2442 Disponering av innretninger på kontinentalsokkelen

Post 70 Tilskudd, overslagsbevilgning

Tilskot etter fjerningstilskotslova dekkjer staten sin del av fjerningsutgifter som har oppstått. Fjerningstilskotet blir utbetalt av Olje- og energidepartementet etter krav frå selskapa. For 2002 er det motteke krav på om lag 90 mill. kroner i fjerningstilskot. Det er venta at selskapa totalt vil krevje om lag 200 mill. kroner i tilskot i 2002. På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke budsjettposten med 60 mill. kroner, frå 140 til 200 mill. kroner.

Kap. 2490 NVE Anlegg (jf. kap. 5490)

Post 24 Driftsresultat

Overslaget for kap. 2490, underpost 24.01 Driftsinntekter blir foreslått auka med 1 mill. kroner, frå 43 til 44 mill. kroner. Endringa har samanheng med auka inntekter frå eksterne og interne oppdrag.

Overslaget for kap. 2490, underpost 24.02 Driftsutgifter blir foreslått redusert med 2 mill. kroner, frå 40 til 38 mill. kroner. Endringa har samanheng med reduserte innkjøp og anleggskostnader i samband med anleggsarbeid.

Overslaget for kap. 2490, underpost 24.03 Avskrivninger blir foreslått redusert med 0,5 mill. kroner, frå 4,5 til 4 mill. kroner. Dette skuldast at bokført kapital pr. 31. desember 2001 vart lågare enn venta i saldert budsjett.

Overslaget for kap. 2490, underpost 24.04 Renter blir foreslått redusert med 0,5 mill. kroner, frå 1,8 til 1,3 mill. kroner.

Ovannemnde endringar i underpostar medfører at det stipulerte driftsresultatet for NVE Anlegg under kap. 2490, post 24 aukar med 4 mill. kroner, til -0,7 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

Det blir foreslått at løyvinga blir auka med 2 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2002. Auken har samanheng med at NVE sine anleggsmaskiner må oppgraderast eller bytast ut for å tilfredsstille HMS-krav med omsyn til førarmiljø, støy og utslepp av avgassar.

Kap. 4810 Oljedirektoratet (jf. kap. 1810)

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet

Løyvinga over posten blir foreslått auka med 17,5 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2002. Endringa har samanheng med inntektsføring av royalty på 3,5 mill. kroner på sal av data og ein auke på 14 mill. kroner, jf. omtale under kap. 1810, post 21.

Post 04 Salg av undersøkelsesmateriale

Inntektene under posten kjem frå sal av seismisk undersøkingsmateriale til oljeselskapa. Det er stor tvil knytt til desse salsinntektene. Dei fleste aktørane på norsk sokkel har allereie kjøpt dei seismiske datapakkane som til no er gjort tilgjengelege (Norskehavet og Barentshavet Sør). Inntektene i framtida vil difor avhenge av sal av geofysiske og geologiske datapakkar i Barentshavet Nord.

Oljedirektoratet har så langt i år ikkje selt nokon datapakkar, og ein reknar ikkje med at det vil bli selt datapakkar seinare i år heller. Departementet foreslår difor at budsjettoverslaget vert redusert med 5 mill. kroner, til 0 kroner. Dette vart òg gjort i budsjettet for 2002, jf. St.prp. nr. 24 (2001-2002).

Kap. 4820 Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 1820)

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet

Løyvinga over posten blir foreslått redusert med 3,4 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2002, jf. tilsvarande endring under kap. 1820, post 21.

Post 40 Forbygningsvirksomhet

Løyvinga over posten blir foreslått auka med 2 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2002 mot ein tilsvarande auke under kap. 1820, post 22.

Kap. 5608 Renter av lån til statsforetak under Olje- og energidepartementet

Post 80 Renter, Statnett SF

I St.prp. nr. 1 (2000-2001) vart det budsjettert med 87 mill. kroner i renteinntekter frå Statnett SF i 2002. Renteinntektene under posten er knytt til Statnett sitt serielån, som pr. 1. januar 2002 hadde ein saldo på om 1 200,6 mill. kroner. I samanheng med revidert budsjett 2002 vart budsjetterte inntekter reduserte med 8 mill. kroner, frå 87 til 79 mill. kroner.

Renteinntektene knytt til lånet er rekna ut med utgangspunkt i renta på ulike statspapir. Lånet er delt opp i fleire transjer/avdrag som kvar for seg er knytt opp mot eit statspapir med ei bestemt bindingstid og kupongrente. Det er opp til Statnett å avgjere kva for eit statspapir den enkelte transjen skal knytast til.

Uvisse rundt Statnett sitt val av statspapir og storleiken på den tilhøyrande kupongrenta, gjer det vanskeleg å gi gode estimat ved tidspunktet for budsjettering.

Pr. i dag reknar ein med renteinntekter for 2002 på 86 mill. kroner, det vil seie 7 mill. kroner meir enn i revidert budsjett 2002.

På bakgrunn av ovannemnde blir det foreslått å auke løyvinga for 2002 med 7 mill. kroner, frå 79 til 86 mill. kroner.