St.prp. nr. 21 (2002-2003)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2002 m.m. under Olje- og energidepartementet og endringar i eigarstruktur i det norske gasstransportsystemet

Til innhaldsliste

4 Endringar i eigarstruktur i det norske gasstransportsystemet

Stortinget ba i Innst. S. nr. 198 (2000-2001) departementet kalle inn aktuelle selskap til forhandlingar med sikte på å oppnå ein samla eigarstruktur for gasstransportrøyrleidningar og transportrelaterte anlegg. I juni 2001 vart dette følgt opp av departementet i eit brev til eigarane av den relevante gassinfrastrukturen der desse vart bedne om å innleie slike forhandlingar.

Ein viser til St.meld. nr. 38 (2001 2002) Om olje og gassvirksomheten og til St.prp. nr. 1 (2002-2003) der Stortinget vart informert om at rettshavarane har gjort departementet kjent med at dei er samde om vilkåra for etablering av ein samla eigarstruktur for gasstransportrøyrleidningar og transportrelaterte anlegg på og frå norsk kontinentalsokkel.

Den nye eigarstrukturen inneber etablering av eit nytt interessentskap (Gassled) og vil omfatte alle rik- og tørrgassanlegg som i dag blir nytta eller snarleg vil bli nytta av andre enn eigarane. Følgjande interessentskap og selskap blir omfatta av den nye eigarstrukturen (sjå tabell 4.1).

Tabell 4.1 

Interessentskap/selskapDirekte statleg eigardel i dag avrunda til to desimalar1
Åsgard Transport46,95 pst.
Statpipe medrekna Statpipe sine anlegg på Kårstø33,25 pst.
Zeepipe medrekna Europipe I55,00 pst.
Den norske delen i Zeepipe Terminal DA (49 pst.)18,76 pst.
Franpipe60,00 pst.
Den norske delen i Dunkerque Terminal DA (65 pst.)24,89 pst.
Europipe II45,01 pst.
Oseberg gasstransport49,28 pst.
Vesterled60,00 pst.
Norsea Gas A/S (som eig Norpipe gassrøyrleidning og Norsea Gas Terminal)25,002 pst.

1 Petoro AS er rettshavar for det direkte økonomiske engasjementet til staten (SDØE).

2 Petoro har etter eksisterande avtalar ein eigardel i Norsea Gas AS på 35 pst. frå 15. oktober 2005 og 45 pst. frå 1. oktober 2007.

Etableringa av interessentskapet Gassled inneber ei omstrukturering av eigardelar i transportsystemet for gass utan særlege endringar i venta inntekt for eigarane. Dette gjeld og for SDØE.

Petoro har på vegne av SDØE forhandla fram eigardelar i Gassled og Norsea Gas AS. Løysinga inneber ein direkte statleg eigardel i Gassled på 38,293 pst. i 2003-2010 og 47,982 pst. frå 2011. Vidare vil Norsea Gas AS vere ein av eigarane i Gassled. Den direkte statlege eigardelen i Norsea Gas AS vil vere 40,006 pst. Når ein tek omsyn til staten sin direkte eigardel i Norsea Gas AS vil staten gjennom SDØE ha 39,5 pst. i 2003-2010 og 49 pst. frå 2011 i Gassled.

Den nye eigarstrukturen er planlagt å verke frå 1. januar 2003 og ein legg til grunn at departementet i samband med etableringa av Gassled forlenger løyva til anlegg og drift for aktuelle innretningar fram til 2028. Den nye eigarstrukturen er planlagt å verke frå 31. desember 2028.

Departementet tilrår Stortinget, jf. Forslag til vedtak II, å slutte seg til:

  • at staten overdreg sine eigardelar i interessentskap til Gassled mot å få ein eigardel i det nye interessentskapet Gassled

  • at staten endrar eigardelar i Norsea Gas AS

  • til at staten som eigar i Norsea Gas AS medverkar til at Norpipe gassrøyrleidning og Norsea Gas Terminal blir overdregne til Gassled mot at Norsea Gas AS får ein eigardel i Gassled.