St.prp. nr. 24 (2003-2004)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2003 m.m. under Olje- og energidepartementet og endringar under Gassled

Til innhaldsliste

3 Endringar under Gassled

Innlemming av Kollsnesanlegga i Gassled

Departementet har bedt eigarane i Trollfeltet om å forhandle med eigarane i Gassled om innlemming av Trollgruppas anlegg på Kollsnes i Gassled. Innlemming i Gassled vil skje ved at eigarane til Trollfeltet overdrar anlegga på Kollsnes til Gassled. Eigarane i Troll, der SDØE har ein eigardel på 56 pst., og deltakarane i Gassled, der SDØE for tida har ein samla eigardel på 39,5 pst., er på denne bakgrunn involvert i slike forhandlingar. Petoro AS forhandlar på vegne av SDØE. Innlemming av anlegga på Kollsnes i Gassled vil innebere ei omstrukturering av eigarskapet i transportsystemet for gass utan særlege endringar i forventa inntekt for eigarane. Dette gjeld også for SDØE. Endringa vil vere ei vidareutvikling av det heilskaplege eigarskapet Gassled i tråd med føremålet bak etableringa og ei vidare oppfølging av tilrådingar i saken frå energi- og miljøkomiteen i Innst. S. nr. 198 (2000-2001) og Innst. S. nr. 267 (2001-2002) om eit felles eigarskap for transportsystema. Ein viser til St.prp. nr. 21 og Innst. S. nr. 89 (2002-2003) for så vidt gjeld etableringa av Gassled. Olje- og energidepartementet rår Stortinget til å slutte seg til at staten gjennomfører naudsynte transaksjonar for å innlemme anlegga på Kollsnes, eller delar av desse, i Gassled, jf. Forslag til vedtak II.

Til forsida