St.prp. nr. 24 (2005-2006)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2005 m.m. under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringar på statsbudsjettet for 2005

Kap. 1800 Olje- og energidepartementet (jf. kap. 4800)

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

I samband med bygginga av gassrøyrleidninga frå Åsgard til Kårstø, blei det i perioden 1996–2001 gjort ein del tilleggsinvesteringar på Kårstøanlegga. Fordelinga av kostnader mellom SDØE og Statoil er framleis ikkje endeleg klårlagt. Statoil gav i 1999 ei fråsegn til staten som sikrar staten lik handsaming som fire av dei andre rettshavarane på Kårstø.

Det vil vere avgjerande for oppføljinga av Statoil si fråsegn, at staten sikrar seg eit uavhengig grunnlag for å vurdere kva slags verdiar som kan vere overført til andre rettshavarar i samband med fråsegna, og som staten eventuelt har tilsvarande krav på. Utgiftene er knytt til ekstern finansiell og juridisk ekspertise og er rekna til 10 mill. kroner fordelt på 2005 og 2006.

Som følgje av ovannemnte blir det foreslått å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner. Nytt forslag til løyving blir etter dette 57,855 mill. kroner. Vidare blir det gjort framlegg om å auka fullmakta til å pådra forpliktingar ut over løyving med 7,5 mill. kroner, frå 2,5 til 10 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak II.

Post 22 Beredskapslagre for drivstoff, kan overførast

Som følgje av skjerping av spesifikasjonane i forhold til EUs Auto Oil-program har det vore naudsynt å oppgradere bensinlagra. Dette medfører auka utgifter i 2005 på om lag 1,6 mill. kroner.

Vidare har Noreg i tråd med plan for krisehandtering utarbeide av Det internasjonale energibyrå, gjennomført sal av om lag 40 000 Sm3 petroleumsprodukt frå våre oljeberedskapslager i 2005. Salet medfører utgifter knytt til mellom anna salshonorar, inspeksjonskostnader og handsamingsgodtgjering for utlasting av lagra, samt kompenseringsoppgjer mellom OED og lagrande selskap (pga. avvik mellom dei kvalitetar som no fysisk lastast ut og dei som er lagde inn). Samla utgjør dette om lag 1 mill. kroner.

Det er venta at salet vil gi inntekter i 2005 på om lag 120 mill. kroner, jf. forslag til endring under kap. 4800, post 02 Ymse inntekter.

Som følgje av ovannemnte blir det foreslått å auke løyvinga på posten med 2,6 mill. kroner, frå 21,5 til 24,1 mill. kroner.

Kap. 1810 Oljedirektoratet (jf. kap. 4810)

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Det blir foreslått å auke løyvinga knytt til OD si oppdrags- og samarbeids­verksemd med 16,5 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2005. Endringa har samanheng med høgare aktivitetsnivå enn tidlegare budsjettert. Utgiftsauken blir motsvara av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeids­verksemd. Nytt forslag til løyving blir etter dette 94,33 mill. kroner.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 4820 og 4829)

Post 01 Driftsutgifter

Etablering av ei energimerkeordning for bygg og sekretariatsfunksjon knytt til innføring av bygningsdirektivet er løyvd under post 01, jf. St.prp. nr. 65 og Innst. S. nr. 240 (2004–2005). Departementet foreslår å flytte denne løyvinga til kap. 1825 Omlegging av energibruk og energiproduksjon, post 21 Spesielle driftsutgifter. Denne posten dekker aktivitetar innan fornybar energi og OED ser det som meir naturlig at midlane blir løyvd over denne posten. OED foreslår difor å redusere løyvinga på kap. 1820, post 01 med 10 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2005. Nytt forslag til løyving på post 01 blir etter dette 250,49 mill. kroner.

Kap. 1825 Omlegging av energibruk og ­energiproduksjon

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Posten dekker aktivitetar innan fornybar energi og deltaking i ulike internasjonale program. Ved Stortinget sitt vedtak av 17. juni 2005 vart det løyvd 10 mill. kroner under kap. 1820, post 01 til etablering av ei energimerkeordning for bygg og sekretariatsfunksjon knytt til innføring av bygningsdirektivet, jf. St.prp. nr. 65 og Innst. S. nr. 240 (2004–2005). Innføring av energimerkeordninga har som mål å betre energibruken i bygningar og synliggjøre energieffektiviseringar i bygningssektoren. Løyvinga knytt til arbeidet med implementering av ordninga blir difor foreslått flytta frå kap. 1820, post 01 Driftsutgifter til kap. 1825, post 21 Spesielle driftsutgifter som eit eige tiltak. Nytt forslag til løyving på posten blir etter dette 22 mill. kroner.

Gjennomføringa av direktivet vil gi energimyndigheitene nye og krevjande oppgåver. Det er sentralt at planlegginga av implementeringa kan skje under optimale tilhøve. Ein vil difor bruke noe meir tid på gjennomføringa av dei naudsynte førebuingane enn tidlegare lagt til grunn.

Det vert framleis lagt opp til at utgifter til etablering av ordninga og sekretariatet utover NVE sine forvaltningskostnadar vil bli dekt av framtidige gebyrinntekter, jf. St.prp. nr. 65 (2004–2005).

Kap. 2440/5440 Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Forslag til nye løyvingar er basert på ein oppdatert prognose for 2005 frå Petoro AS. Petoro tek hand om SDØE for staten. Prognosen frå Petoro er basert på rekneskapsføring per 31. august 2005 og overslag for resten av året. Det heftar mellom anna stor uvisse knytt til utviklinga i oljeprisen.

Det er lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på kr 345 per fat for 2005. I revidert budsjett 2005 blei det lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på kr 300 per fat.

Det blir foreslått ei løyving på 0,7 mill. kroner under kap. 2440, ny post 25 Pro et contra-oppgjer. Løyvinga har samanheng med korrigeringar i pro et contra-oppgjeret knytt til salet av 6,5 pst. SDØE-eigardelar i 2002.

Overslaget for kap. 2440, post 30 Investeringar er redusert med 2 300 mill. kroner, frå 24 600 til 22 300 mill. kroner. Reduksjonen skuldast hovudsakleg følgjande forhold:

  • Eigardelen til SDØE i Kristin vart mindre etter omkalkuleringa enn tidlegare lagt til grunn. Endeleg eigardel for SDØE er fastsett til 19,577 pst. Dette er 0,323 pst. lågare enn anslaga i revidert budsjett la til grunn.

  • Utsetjing av utbyggingsaktivitetar og oppstart for produksjonsboring for Ormen Lange.

  • Innlevering av plan for utbygging og drift for Camilla/Belinda er utsett til 2006.

  • Utsetjing i boreprogrammet for Troll Olje.

Kostnadsendringane på Snøhvit fører til at SDØE sin del av investeringane i prosjektet aukar med om lag 120 mill. kroner i 2005.

Det blir foreslått ei løyving på 233,1 mill. kroner under kap. 5440, post 01 Pro et contra-oppgjer, ein auke på 1,1 mill. kroner. Endringa skuldast korrigeringar i pro et contra-oppgjeret knytt til salet av 6,5 pst. SDØE-eigardelar i 2002.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 11 500 mill. kroner, frå 139 200 til 150 700 mill. kroner. Endringa skuldast hovudsakleg at forventa oljepris for 2005 er høgare enn det som vart lagt til grunn i revidert budsjett. I tillegg er salet av gass større enn tidlegare budsjettert.

Frå og med 2005 vil SDØE sin del av lokasjonsbytter knytt til kjøp/sal av tredjeparts gass bli nettoført.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 2 200 mill. kroner, frå 19 600 til 21 800 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak større kostnadar knytt til meir sal av gass.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.4 og post 30 Avskrivingar er redusert med 1 300 mill. kroner, frå 14 400 til 13 100 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak endring i produksjonen, frå felt med høg avskrivingsrate til felt med låg avskrivingsrate, og at investeringane er mindre enn tidlegare budsjettert.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.5 og post 80 Renter av staten sin kapital er redusert med 800 mill. kroner, frå 7 500 til 6 700 mill. kroner. Endringa skuldast hovudsakleg at rentefoten for rekning av renter på staten sin kapital er redusert.

Endringane nemnd ovanfor fører til at kap. 5440, post 24 Driftsresultat aukar med 11 400 mill. kroner, frå 96 600 til 108 000 mill. kroner.

Overslaget for kap. 5440, post 50 Overføring frå Staten sitt petroleums­forsikringsfond er budsjettert til 900 mill. kroner.

Tabell 2.1 Endringar på statsbudsjettet 2005 under kap. 2440/5440 Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (i mill. kroner)

Kap.Post/ UnderpostNemningGjeldande løyving1Forslag til ny løyvingEndring
244025 (ny)Pro et contra-oppgjer0,70,7
30Investeringar24 600,022 300,0-2 300,0
50Overføringar til Staten sitt petroleums­forsikringsfond731,0731,00,0
Sum kap. 244025 331,023 031,7-2 299,3
544001Pro et contra-oppgjer232,0233,11,1
24.1Driftsinntekter139 200,0150 700,011 500,0
24.2Driftsutgifter-19 600,0-21 800,0-2 200,0
24.3Leite- og feltutviklingsutgifter-1 100,0-1 100,0
24.4Avskrivingar-14 400,0-13 100,01 300,0
24.5Renter av staten sin kapital-7 500,0-6 700,0800,0
24Driftsresultat96 600,0108 000,011 400,0
30Avskrivingar14 400,013 100,0-1 300,0
50 (ny)Overføring frå Staten sitt petroleums­forsikringsfond900,0900,0
80Renter av staten sin kapital7 500,06 700,0-800,0
Sum kap. 5440118 732,0128 933,110 201,1
Kontantstraum frå SDØE:
Innbetalingar2139 432,0151 833,112 401,1
Utbetalingar346 031,045 931,7-99,3
Nettokontantstraum frå SDØE93 401,0105 901,412 500,4

1 Gjeldande løyving for 2005 er basert på Stortinget sitt løyvingsvedtak av 9. desember 2004 og seinare endringar i 2005 (revidert budsjett), jf. St.prp. nr. 65 og Innst. S. nr. 240 (2004–2005).

2 Innbetalingar = driftsinntekter + pro et contra-oppgjer ifm. sal av SDØE-eigardelar + overføring frå Staten sitt petroleums- forsikringsfond

3 Utbetalingar = driftsutgifter + leite- og feltutviklingskostnader + fjerningsutgifter + investeringar + overføring til Staten sitt petroleums­forsikringsfond + pro et contra-oppgjer ifm. sal av SDØE-eigardelar.

Desse endringane medfører samla sett at netto kontantstraumen frå SDØE blir auka med 12 500,4 mill. kroner i høve til gjeldande løyving, frå 93 401 til 105 901,4 mill. kroner.

Kap. 2442 Disponering av innretningar på kontinentalsokkelen

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Tilskot etter fjerningstilskotlova dekkjer staten sin del av utgifter knytt til fjerning. Fjerningstilskotet blir utbetalt av Olje- og energidepartementet etter krav frå selskapa. Det gjenstår framleis fjerningstilskotssaker frå tida før fjernings­tilskotlova ble heva. Det blir foreslått ei løyving på 28 mill. kroner for 2005. Det heftar stor uvisse til tidspunkt for utbetaling av fjerningstilskot.

Kap. 4800 Olje- og energidepartementet (jf. kap. 1800)

Post 02 Ymse inntekter

I september i år sette Det internasjonale energibyrå i verk ein plan for krisehandtering som skulle gjere om lag 60 mill. fat olje tilgjengeleg for marknaden. Noreg slutta seg til planen, og vårt bidrag vart skaffa ved å leggje ut for sal om lag 40 000 Sm3 petroleumsprodukt frå staten sine beredskapslager.

Salet vil venteleg gi ei inntekt på om lag 120 mill. kroner i 2005. Endeleg salssum er avhengig av utviklinga på produktprisane og dollarkursen.

Kap. 4810 Oljedirektoratet (jf. kap. 1810)

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd

Det blir foreslått å auke løyvinga med 16,5 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2005, jf. omtale og tilsvarande auke under kap. 1810, post 21. Nytt forslag til løyving blir etter dette 49,4 mill. kroner.

Kap. 4811 Statoil ASA

Post 90 Sal av aksjer

Olje- og energidepartementet gjennomførte i februar 2005 eit sal av totalt 117,65 mill. aksjer i Statoil ASA. Det blei gjennomført eit sal av 100 mill. aksjar til investeringsbanken Merrill Lynch og eit sal av 17,65 mill. aksjar til privatpersonar i Noreg og EØS-området. Prisen per aksje til privatpersonar var på kroner 106,10. Dei totale inntektene frå aksjesalet utgjer kroner 12 478 314 200.

I St.prp. nr. 65 (2004–2005) er inntektene frå salet estimert til 12 477,8 mill. kroner. Skilnaden mellom dette estimatet og faktiske inntekter er hovudsakeleg at ein del privatpersonar som tinga aksjar likevel ikkje kjøpte desse. Av denne grunn blei det selt 78 000 aksjer i marknaden til ein høgare pris (kroner 112,50 per aksje) enn den som blei lagt til grunn i St.prp. nr. 65 (2004–2005). Det blir difor foreslått å auke posten med 0,5 mill. kroner. Nytt forslag blir etter dette 12 478,3 mill. kroner.

Aksjesalet er nærare omtalt i St.prp. nr. 65 (2004–2005).

Kap. 4860 Statsforetak under Olje- og energidepartementet

Post 70 Garantiprovisjon, Statnett SF

Løyvinga blir foreslått redusert med 0,6 mill. kroner, frå 10,1 til 9,5 mill. kroner. Endringa har samanheng med at Statnett sin lånemasse med statsgaranti er blitt redusert.