St.prp. nr. 24 (2008-2009)

Om endringar i statsbudsjettet for 2008 mv. under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Programkategori 21.10 Administrasjon m.m.

Kap. 4300 Samferdselsdepartementet

Post 96 Aksjar

Akershus fylkeskommune, Oslo kommune og Samferdselsdepartementet har ått ein tredel kvar av aksjane i Stor-Oslo Lokaltrafikk AS. Aksjekapitalen var på 2 mill. kr. Alle aktivitetane i selskapet blei frå 1. januar 2008 overført til Ruter AS. Ordinær generalforsamling i selskapet vedtok 3. april 2008 å oppløyse og avvikle selskapet. Aksjekapitalen er no tilbakebetalt til eigarane. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å budsjettere med 667 000 kr på kap. 4300, post 96 Aksjar.