St.prp. nr. 26 (2008-2009)

Om endringar i statsbudsjettet for 2008 m.m. under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

3 Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda og SDØE

I samband med den årlege handsaminga av statsbudsjettet gjev Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytt til petroleumsverksemda og SDØE, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2007-2008).

Nedanfor gjer Olje- og energidepartementet greie for bruk av slike fullmakter i 2008.

3.1 Fullmakt XI - Utbyggingsprosjekter på norsk kontinentalsokkel

Fullmakt for forenkla handsaming frå styresmaktene si side har blitt nytta ved tre høve i 2008:

KEP 2010

Departementet mottok 31. oktober 2007 søknad om godkjenning av plan for anlegg og drift av KEP 2010. KEP 2010 er fleire prioriterte prosjekt som har som formål å gjera anlegga på Kårstø meir robuste. Eigardelen til SDØE er 32,892 pst. Petoro AS er forvaltar av SDØE-eigardelen og er rettshavar på vegne av staten.

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 6,3 mrd. 2007-kroner.

Plan for anlegg og drift for KEP 2010 vart vedteken ved kongeleg resolusjon 14. mars 2008.

Morvin

Departementet mottok 19. februar 2008 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Morvin. Morvin er planlagt som ei undervassutbygging kopla opp mot Åsgard B. Produksjonen er planlagt å ta til i 2010. Rettshavarane i Morvin er StatoilHydro ASA (operatør), Eni Noreg AS og Total E&P Noreg AS. SDØE har ikkje eigardelar i Morvin.

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 8,7 mrd. 2008-kroner.

Plan for utbygging og drift for Morvin vart vedteken ved kongeleg resolusjon 25. april 2008.

Yttergryta

Departementet mottok 18. januar 2008 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Yttergryta. Yttergryta er planlagt som ei undervassutbygging kopla opp mot Åsgard B. Eigardelen til SDØE er 19,95 pst. Rettshavarane i Yttergryta er StatoilHydro ASA (operatør), Eni Noreg AS, Total E&P Noreg AS og Petoro AS. Petoro AS er forvaltar av SDØE-eigardelen og rettshavar på vegne av staten.

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 1,2 mrd. 2008-kroner.

Plan for utbygging og drift for Yttergryta vart vedteken ved kongeleg resolusjon 23. mai 2008. Produksjonen tok til 1. november 2008.

3.2 Fullmakt XIV nr. 2 - Forenkla samordning av eigardelar i utvinningsløyve

Fullmakt knytt til overdraging og samordning av eigardelar i utvinningsløyve vart nytta ved eit høve i 2008:

Yttergryta

Yttergryta ligg i hovudsak i utvinningsløyve 062. Rettshavarane i utvinningsløyve 062 er StatoilHydro 45,75 pst., Total 24,5 pst., Petoro 19,95 pst. og ENI 9,8 pst. Funnet har flankar som strekk seg inn i både utvinningsløyve 062 (Åsgard Unit) og utvinningsløyve 263. Retthavarane i utvinningsløyve 263 er StatoilHydro 70 pst. og Bayerngas 30 pst.

I samband med utbygginga av Yttergryta inngjekk rettshavarane ein avtale om forenkla samordning for den del av førekomsten som strekkjer seg inn i utvinningsløyve 263 ved at det blei gjort ein «carve-out» av flankereservane lokalisert i utvinningsløyve 263 og sal til rettshavarane i utvinningsløyve 062. Ein annan avtale inneber at rettshavarane i utvinningsløyve 062 skal ha rett til å produsere den delen av førekomsten som ligg i utvinningsløyve 062 (Åsgard Unit) mot ei forskotsvis betaling av ein eingongssum.

For SDØE innebar avtalen om forenkla samordning eit kjøp av ein 19,95 pst. del av PL 263 carve-out område, som svara til eigardelen i PL 062. Som vederlag betalte staten kr 1 496 250 til partane i utvinningsløyve 263. Avtalen om retten til å produsere innebar eit vederlag til staten på kr 944 400. Netto betalte staten difor kr 551 850.

Olje- og energidepartementet godkjende 14. desember 2007 at eigardelen til SDØE inngjekk i ei slik forenkla samordning av utvinningsløyva 062 og 263.