St.prp. nr. 29 (2002-2003)

Om endring av løyvingar mv. for 2002 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

3 Programkategori 21.30 Vegformål

Fastlandsambandet Hitra-Frøya-Fjellværøy i Sør-Trøndelag - endring i bompengeinnkrevjinga

Fastlandsambandet til Hitra, Frøya og Fjellværøy blei opna i åra 1992 til 2000. I St.prp. nr. 97 (1989-90) blei bompengeperioden rekna ut til 2011, dvs. ei samla innkrevjingstid på 21 år, inkl. førehandsinnkrevjing. I dag blir det kravd inn bompengar ved tunnelen til Hitra (Sandstad bomstasjon), ved brua til Fjellværøy (Ansnes bomstasjon) og ved tunnelen til Frøya (Dolmøy bomstasjon). I 2000 blei det kravd inn 38,4 mill. kr i dei tre bomstasjonane. I snitt utgjorde innkrevjingskostnadene (ekskl. renter) 14,2 pst. av bompengeinntektene, men det er store variasjonar mellom bomstasjonane. I Sandstad bomstasjon utgjer innkrevjingskostnadene 10 pst. av bompengeinntektene og i Ansnes bomstasjon 32 pst. Med denne ordninga vil innkrevjinga bli avslutta i 2006.

For å få ned innkrevjingskostnadene gjekk Samferdselsdepartementet i St.prp. nr. 97 (1989-90) ut frå at det blei vurdert alternative former for bompengeinnkrevjing. På grunn av dei høge kostnadene og den store bompengebelastinga på trafikantane i området, har lokale styresmakter og vegkontoret i Sør-Trøndelag arbeidd for ei meir effektiv innkrevjingsordning. Kommunane Hitra og Frøya og bompengeselskapet er samde om å leggje ned bomstasjonane på Ansnes og Dolmøy. Snillfjord kommune, der det bur nokre pendlarar, har gått imot ei endring. Hitra kommune vil gi ein kompensasjon til dei aktuelle pendlarane.

Nedlegging av bomstasjonane på Dolmøy og Ansnes vil føre til at innbyggjarane på Hitra, Frøya og Fjellværøy ikkje lenger vil betale bompengar ved trafikk mellom desse øyane. Det har vore kravd inn bompengar i Ansnes bomstasjon sidan 1992 og i Dolmøy bomstasjon sidan 2000.

Den nye ordninga tek til 1. februar 2003 og vil føre til at innkrevjingsperioden aukar til 2009/2010. Takstane vil ikkje auke. Innkrevjingskostnadene blir reduserte, men på grunn av høgare renteutgifter vil dei totale kostnadene bli om lag som i dag.

Hovuddelen av trafikantane i området vil nyte godt av ei endring. Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet har slutta seg til den foreslåtte endringa, og departementet har godkjend søknaden om ny innkrevjingsordning.