St.prp. nr. 29 (2006-2007)

Om endringar av løyvingar i 2006 på Fiskeri- og kystdepartementet sitt område mv.

Til innhaldsliste

2 Budsjettmessig handtering av oppdragsinntekter under Havforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet har til no basert den budsjettekniske handteringa av oppdragsinntekter på same retningsliner som mellom anna universiteta følgde før universiteta blei nettobudsjetterte. I praksis inneber dette at inntekter frå oppdragsverksemda blir ført på ein interimskonto, og inntektsført på inntektsposten(e) i takt med postering av utgiftene på utgiftsposten(e).

For å sikre fleksibilitet og ein mest mogleg riktig bruk av personellressursane har Havforskningsinstituttet nytta medarbeidarar i oppdragsverksemda som har vore lønna over den ordinære driftsposten (post 01) og ikkje berre post 21 Spesielle driftskostnader, og vise versa. For både kap. 1020 og 1021 er det derfor knytt meirinntektsfullmakt mellom posten for oppdragsinntekter mot begge dei korresponderande utgiftspostane (post 01 og 21).

Ved slutten av året har instituttet inntektsførd frå interimskonto tilstrekkeleg midlar til å balansere mellom utgifts- og inntektspostane. Resterande midlar har blitt liggjande på interimskonto, og berre blitt synleggjorde i statsrekneskapen på konto for mellomvere med Finansdepartementet. Desse midlane har normalt vore på mellom 20 og 30 mill. kroner.

Fiskeri- og kystdepartementet har no kome til at dagens handtering av oppdragsinntekter bør endrast. Havforskingsinstituttet vil derfor frå og med 2006 inntektsføre alle innbetalte oppdragsinntekter, med unnatak av reine forskotsbetalingar som framleis vil bli ført på interimskonto.

Inntektsføring av alle innbetalte oppdragsinntekter vil medføre auka meirinntekter. For å sikre at alle unytta utgiftsløyvingar og meirinntekter knytte til oppdragsverksemda kan søkjast overført frå eit år til eit anna, blir det foreslått at ubrukte meirinntekter kan reknast med ved berekning av beløp som kan overførast og at stikkordet «kan overførast» føyast til kap. 1020 post 21 og kap. 1021 post 21. Det visast til forslag til romartalsvedtak II og III.