St.prp. nr. 29 (2008-2009)

Om endringar i statsbudsjettet for 2008 under Nærings- og handelsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Ein viser til omtale og framlegg om auka inntektsløyving på 1,8 mill. kroner frå sal av eit beredskapslager med hermetikk under kap. 3900, post 02 Ymse inntekter. I tråd med tidlegare opplegg og etablert praksis legg Nærings- og handelsdepartementet til grunn at meirinntekta frå dette salet skal nyttast til å dekkje utgifter til tiltak for å styrke forsyningsberedskapen.

Beredskapsmidla under posten blir mellom anna nytta til planer for å byggje opp lager for daglegvarer i Nord-Noreg, rullering av lagra av naudproviant og øving og vedlikehald av verkemiddel for krisehandtering. Det er ønskeleg å styrke det ordinære beredskapsarbeidet slik som rullering/utskifting av naudproviant og krisehandsaming i departementet ved å øve kriseleiing og beredskapssystem. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å omdisponere kr 400 000 frå løyvinga til skipsfartsberedskap under post 72 nedanfor.

Nærings- og handelsdepartementet har vore i rettstvist med eit islandsk reiarlag, jf. omtale under kap. 3939, post 50. Utfallet av tvisten inneber at staten får tilbakebetalt 3,2 mill. kroner. Advokatutgiftene i samband med saka utgjer kr 350 000. Ein legg til grunn at desse ekstraordinære utgiftene blir dekt under post 01 som ei tilleggsløyving.

På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga under posten med til saman 2,55 mill. kroner, frå 156,82 til 159,37 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Posten dekkjer bidrag og utgifter til deltaking i fleire internasjonale organisasjonar og komitear, mellom anna for ispatruljetenester i det nordlege Atlanterhavet utført av den amerikanske kystvakta. Den samla løyvinga på 24,3 mill. kroner under posten er fastsett på grunnlag av innbetalte kontingentar i 2007 og tilgjengeleg informasjon om forventa bidrag til aktuelle organisajonar for 2008.

Utgiftene ved ispatruljetenesta blir i utgangspunktet dekt av USA som deretter krev refusjon frå deltakarlanda for deira delar av utgiftene på grunnlag av nettotonnasjen for passerande skip. Opplegget var tidlegare at refusjon frå deltakarlanda blei kravd inn tre år etter at overvakinga blei utført. Det årlege norske tilskotet har vore 3-4 mill. kroner, og det har vore stopp i innkrevjinga sidan 2003. Det ventast heller ikkje refusjonskrav i 2008. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga med 3,5 mill. kroner, frå 24,3 til 20,8 mill. kroner.

Post 72 Tilskot til beredskapsordningar

Av løyvinga for 2008 på 3 mill. kroner har ein sett av 2,4 mill. kroner til skipsfartsberedskap i regi av Norges Rederiforbund. Ein gjennomgang viser at verksemda for 2008 kan bli gjennomført innanfor ei ramme på 2 mill. kroner som følgje av omlegging og effektivisering av arbeidet. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under posten med kr 400 000, frå 3,0 til 2,6 mill. kroner.

Kap. 904 Brønnøysundregistra

Post 22 Forvalting av Altinn-løysinga, kan overførast

I statsbudsjettet for 2008 og revidert budsjett 2008 blei det løyvd til saman 113,7 mill. kroner til drift og vidareutvikling av Altinn, det såkalla Altinn II-prosjektet. Etter at kontraktane med dei eksterne leverandørane blei inngått sommaren 2008, blei det klart at løyvinga for 2008 var større enn det faktiske behovet, som er på 110,8 mill. kroner inklusiv ordinær drift av løysinga. Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å redusere løyvinga med 2,9 mill. kroner, frå 113,7 til 110,8 mill. kroner.

Kap. 920 Noregs forskingsråd

Post 50 Tilskot

Regjeringa si maritime strategi «Stø kurs», som blei lagt fram i 2007, trekkjer opp ambisjonane for vidare utvikling av Noreg som ein ledande maritim nasjon. Noregs forskingsråd og Innovasjon Norge skal gjennom virkemidla sine, i Forskingsrådet først og fremst Maroff-programmet (Maritim verksemd og Offshore operasjonar), bidra til at offentlege og private ressursar blir koordinert med sikte på innovasjon og utvikling innanfor dette området. Så langt har prosjekttilgang og lovnadsomfang for middel til miljøprosjekt i dei maritime næringane og utviklinga av nærskipsfartsflåten i regi av Innovasjon Norge vore moderat, jf. omtale under kap. 2421, post 50. Aktiviteten i Maroff-programmet er derimot høg. Rammene for programmet er fullt utnytta i dag, og det er stor etterspørsel etter prosjektmiddel innan dei prioriterte områda miljø og krevjande miljøvennlege maritime operasjonar, jamvel i nordområda. Fleire kvalifiserte søknader har blitt avslått. Departementet meiner derfor ein kan få betre utnytting av midla under strategien ved å omdisponere 7,5 mill. kroner frå Innovasjon Norge sitt budsjett til Noregs forskingsråd og Maroff-programmet.

Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å auke løyvinga til Noregs forskingsråd med 7,5 mill. kroner, frå 1 169,0 til 1 176,5 mill. kroner.

Kap. 922 Romverksemd

Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)

Det er lagt til grunn at løyvingane til kontingent i den europeiske romorganisasjonen ESA skal justerast dersom valutakursen på euro har endra seg i budsjettåret i høve til kursen som blei lagt til grunn for saldert budsjett. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til andre kursar enn den budsjetterte. Samla utgjer valutakursjusteringane ein auke på om lag 1,1 mill. kroner.

Samstundes har det vore justering i kontingentoppkallinga frå ESA i budsjettåret. Dei samla kontingentforpliktingane i perioden er uendra, men den årlege utbetalingstakta er justert. Total auka innbetaling i høve til budsjett for 2008 utgjer 0,8 mill. kroner. Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å auke løyvinga med 1,9 mill. kroner, frå 109,7 til 111,6 mill. kroner.

Post 71 Internasjonal romverksemd

Det er lagt til grunn at løyvingane til internasjonal romverksemd skal justerast dersom valutakursane på euro og amerikanske dollar har endra seg i budsjettåret i høve til kursane som blei lagt til grunn for saldert budsjett. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til den europeiske romorganisasjonen ESA til andre kursar enn den budsjetterte. Samla utgjer valutakursjusteringane ein auke på om lag 0,9 mill. kroner.

Samstundes har det vore ei endring i oppkallinga av programmiddel frå ESA i 2008 på grunn av endra framdrift i gjennomføringa av programma. Dei samla forpliktingane for deltaking i programma i perioden er uendra, men det blir justering i dei årlege utbetalingane av tilskot til ESA. Totalt gjer endra framdrift i gjennomføring av programma at utbetalingane til ESA i 2008 blir 30,4 mill. kroner lågare enn berekna i St.prp. nr. 1.

Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å redusere løyvinga med 29,5 mill. kroner, frå 295,6 til 266,1 mill. kroner.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

På statsbudsjettet for 2008 er det løyvd 10,7 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting. Posten skal òg dekkje konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter. Det er overført 3,3 mill. kroner frå 2007, og det er vidare knytt ei overskridingsfullmakt til posten.

Dei samla utgiftene for 2008 vil venteleg bli om lag 25 mill. kroner. Løyvinga er nytta til å dekkje avgift på 1,7 mill. kroner for deponering av aksjar i børsnoterte selskap i Verdipapirsentralen og blir elles nytta til finansiell og juridisk fagleg bistand i samband med eigar- og strukturmessige vurderingar.

Når ein tek omsyn til dei vel 3,3 mill. kronene som er overført frå 2007, er det behov for ei tilleggsløyving på om lag 11 mill. kroner for 2008. Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å auke løyvinga med 11 mill. kroner, frå kr 10 764 000 til kr 21 764 000.

Post 96 Aksjar

Ved St.vedtak 3. mars 2008 blei det gitt ei løyving på 250 mill. kroner til statleg deltaking i ei eller fleire kapitalutvidingar i Eksportfinans ASA i 2008, jf. St.prp. nr. 33 og Innst. S. nr. 151 (2007-2008). På ekstraordinær generalforsamling i Eksportfinans 13. mars 2008 blei det beslutta å auke aksjekapitalen med 1,2 mrd. kroner. Basert på fullmakt frå Stortinget deltok staten i kapitalutvidinga med om lag 180 mill. kroner, slik at eigarandelen på 15 pst. blei vidareført uendra.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under posten med 70 mill. kroner frå 250 til 180 mill. kroner.

Kap. 960 (nytt) Raufoss ASA

Post 71 Refusjon for miljøtiltak

Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 (2004-2005) samtykte Stortinget i at Nærings- og handelsdepartementet kunne utgiftsføre betalingar knytt til pålagte miljøtiltak etter verksemda til Raufoss-gruppa utan løyving på førehand. Ved handsaminga av St.prp. nr. 69 (2006-2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2007, samtykte Stortinget i at ramma for miljøgarantiane blei auka til totalt 90 mill. kroner.

I samband med pålegg frå Statens forureiningstilsyn (SFT) har fleire private verksemder fått statleg garanti for oppreinsking knytt til forureining på Raufoss. I tråd med pålegga er det blitt gjennomført ei rekkje undersøkingar og oppryddingstiltak, og det er utarbeidd tiltaksplanar for det vidare arbeidet. Det er lagt opp til at resterande tiltak som er nødvendige for å tilfredsstille SFT sine pålegg, vil vere gjennomført innan utgangen av 2008. Etter 2008 vil det framleis vere behov for overvaking av Hunnselva og oppfølging og drift av einskilde tiltak.

Fram til midten av oktober 2008 hadde departementet refundert om lag 8 mill. kroner i kostnader knytt til pålagte, utførte miljøtiltak i 2008. Etter planen vil det bli aktuelt med ytterlegare om lag 10 mill. kroner i utbetalingar i 2008. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 18 mill. kroner til refusjonar for 2008.

Kap. 2421 Innovasjon Norge

Post 50 Innovasjon - prosjekt, fond

Under denne løyvinga er det for 2008 øyremerkt 25 mill. kroner til miljøprosjekt i dei maritime næringane og utvikling av nærskipsfartsflåten som eit ledd i Regjeringa sin maritime strategi «Stø kurs» for 2008. Så langt har prosjekttilgangen og lovnadsomfanget vore moderat. Innovasjon Norge estimerer at i storleik 17,5 mill. kroner av midla vil bli disponert innan årsskiftet. For å få ei best mogleg utnytting av midla under maritim strategi for 2008 gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at resterande 7,5 mill. kroner blir omdisponert til Maroff-programmet under kap. 920 Noregs forskingsråd, post 50 Tilskot, jf. nærare omtale under denne posten.

Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å redusere løyvinga med 7,5 mill. kroner, frå 131,0 til 123,5 mill. kroner.

Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving

Innovasjon Norge kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Selskapet betaler òg ein låne- og garantiprovisjon på 1 pst. p.a. Innovasjon Norge refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid på frå to månader til fleire år avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag bruttoførast, dvs. at beløpa utgifts- og inntektsførast (akkumulerast) kvar gong Innovasjon Norge tek opp eller tilbakebetaler eit lån i statskassa. Løyvinga vil variere meir som følgje av kor hyppig ein refinansierer innlåna enn som følgje av endringar i utlånsvolum. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5325. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2008 er basert på realiserte innlån og avdrag og prognosar på innlån og avdrag for resten av året.

Innlån og avdrag har blitt redusert i 2008 fordi Innovasjon Norge nyttar mindre kortsiktige lån (sjeldnare refinansiering) enn det som låg til grunn ved salderinga av budsjettet. Dette inneber òg at avdraga blir redusert om lag tilsvarande, jf. omtale under kap. 5325, post 90. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 11,1 mrd. kroner, frå 34,9 til 23,8 mrd. kroner.

Kap. 3900 Nærings- og handelsdepartementet

Post 02 Ymse inntekter

I perioden 2000-05 blei inntekter frå sal av beredskapslager ført på eigen budsjettpost 01 under kap. 3900. Eit beløp tilsvarande den budsjetterte inntektsløyvinga frå slike sal blei lagt inn til beredskapsretta arbeid i utgiftsløvinga under kap. 900, post 01 Driftsutgifter. Det blei lagt til grunn at Nærings- og handelsdepartementet kunne innarbeide framlegg om parallell auke eller reduksjon av utgifts- og inntektsløyvinga i endringsproposisjonar vår eller haust, når det blei endringar i framdrifta for avvikling og sal av beredskapslager i høve til budsjettanslaga i St.prp. nr. 1. Etter at programmet for sal av beredskapslager var gjennomført i 2005, blei den særskilte inntektsposten under kap. 3900 avvikla. I staden blei det lagt til grunn at inntekter frå eventuelle framtidige sal av beredskapslager skulle gå inn i den generelle inntektsposten 02 Ymse inntekter. For å sikre at eventuell auke av inntektene frå mellom anna sporadiske sal av beredskapslager skulle kunne nyttast til å dekkje utgifter til beredskapsføremål, blei det innført meirinntektsfullmakt der driftsløyvinga under kap. 900, post 01 kan overskridast i budsjettåret mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3900, post 02.

Hausten 2008 er eit beredskapslager med hermetikk selt for om lag 1,8 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om auke av inntektsløyvinga under posten med kr 1 800 000, frå kr 101 000 til kr 1 901 000. Det er gjort framlegg om tilsvarande auke av utgiftsløvinga under kap. 900, post 01.

Kap. 3934 (nytt) Internasjonaliseringstiltak

Post 70 Tilbakeføring frå Baltisk investeringsprogram

Det baltiske investeringsprogrammet (BIP) blei oppretta i 1992 av dei nordiske finans- og økonomiministrane (MR-Finans) for å stø små og mellomstore verksemder i Estland, Latvia og Litauen. I 1998 vedtok MR-Finans ei utfasing av BIP frå januar 1999. Etter kvart som middel til utlån og eigenkapitalinvesteringar blir frigjorte, skal desse tilbakeførast til dei nordiske landa. Finansdepartementet har ansvaret for gjennomføringa av BIP, medan Nærings- og handelsdepartementet har budsjettansvaret for programmet. Programmiddel på vel 6,9 mill. kroner er blitt tilbakeført til Nærings- og handelsdepartementet i 2008.

På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om ei løyving på 6,9 mill. kroner under nytt budsjettkapittel.

Kap. 3939 Stønad til skipsbygging

Post 50 (ny) Tilbakeføring frå fond for stønad ved skipskontraktar

Staten har vore i rettstvist med eit islandsk reiarlag om urettmessig utbetalt stønad under ordninga for stønad til skipskontrakter, jf. omtale i St.prp. nr. 25 (2005-2006) og St.prp. nr. 1 (2006-2007). Hovedstolen på 14 mill. kroner blei etter domsslutting betalt i september 2005. Nærings- og handelsdepartementet har ved islandsk rett stilt krav om betaling av kr 6 426 417 frå reiarlaget i forseinkingsrenter av den innbetalte hovudstolen. I oktober 2008 blei det inngått forlik der reiarlaget betaler 3,2 mill. kroner som fullt og endeleg oppgjer. Departementets utgifter til advokat på Island er foreslått dekt ved tilleggsløyving, jf. framlegg under kap. 900, post 01.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 3,2 mill. kroner som inntekt under ny budsjettpost.

Kap. 3951 (nytt) Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S

Post 90 Tilbakebetaling av ansvarleg lån

Staten gav i juni 2007 Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S eit ansvarleg lån på 250 mill. kroner til ei rente på 9 pst. p.a. Bakgrunnen var at selskapet hadde behov for kapital etter brannen i Svea Nord-gruva i 2005, forseinkingar i forsikringsoppgjeret og problem med drifta hausten 2006. Tvist om forsikringsoppgjeret blei bringa inn for domstolane. Selskapet anka delar av Nord-Troms tingrett sin dom frå november 2007 til lagmannsretten. Dom i saka fell hausten 2008. Heile det ansvarlege lånet er betalt tilbake til Nærings- og handelsdepartementet. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å inntektsløyve 250 mill. kroner under nytt budsjettkapittel.

Kap. 3961 Selskap under NHD si forvalting

Post 71 Garantiprovisjon, Eksportfinans ASA

Då Stortinget 17. juni 2008 handsama næringskomiteen si innstilling om eigarskapssaker om Eksportfinans ASA m.m., jf. Innst. S. nr. 308 og St.prp. nr. 62 (2007-2008), blei det løyvd kr 6 375 000 i garantiprovisjon over statsbudsjettet for 2008. Summen omfatta ein eingongsbetaling pr. 1. juli 2008 på kr 750 000 og månadlege betalingar i perioden juli-desember 2008 på kr 750 000. I tillegg omfatta løyvinga kr 1 125 000 i kompensasjon for aksjonærar som valde ikkje å delta i garantien, jf. omtale i St.prp. nr. 62 (2007-2008).

Betaling frå selskapet til garantistane er regulert i garantiavtala. Den løyvde summen var basert på ein fortolking av avtala som blei gjort i samråd med selskapet. I ettertid har Eksportfinans kome til at departementet ikkje har krav på kompensasjon for aksjonærar som valde ikkje å vere med i garantien. Årsaka er at staten sin del av garantiramma er avgrensa til 15 pst., som svarer til staten sin eigardel i selskapet. Berre eigarar som auka garantiansvaret ut over sin prosentvise eigardel, skulle ha krav på kompensasjon for den auka risikoen dei tok på seg.

Nærings- og handelsdepartementet deler selskapet si fortolking av avtala og gjer framlegg om at inntektsløyvinga under posten blir redusert med kr 1 125 000, frå kr 6 375 000 til kr 5 250 000.

Kap. 5325 Innovasjon Norge

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån til Innovasjon Norge frå statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av langt mindre hyppig refinansiering av lån enn lagt til grunn for budsjetteringa i St.prp. nr. 1 (2007-2008) er det behov for å redusere løyvinga vesentleg.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 12 mrd. kroner, frå 35,1 til 23,1 mrd. kroner.

Kap. 5612 Renter frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S

Post 80 Renter

I statsbudsjettet for 2008 er det budsjettert med renteinntekter på 22,5 mill. kroner på ansvarleg lån til selskapet på 250 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3951 ovanfor. Dette tilsvarar 9 pst. rente i eit år. Selskapet tilbakebetalte lånet i slutten av september 2008 saman med påløpne renter som utgjorde 16,875 mill. kroner. Avviket mellom budsjetterte og faktisk innbetalte renter utgjer såleis 5,625 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere renteinntektene frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S med 5,6 mill. kroner, frå 22,5 til 16,9 mill. kroner.

Kap. 5613 Renter frå SIVA SF

Post 80 Renter

SIVA SF kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Selskapet betaler òg ein låne- og garantiprovisjon på 1 pst. p.a. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5326. Som følgje av rentestrukturen på dei statspapira som låna til SIVA er knytt opp til, er det grunnlag for å nedjustere renteinntektsløyvinga med 8,2 mill. kroner, frå 33,0 til 24,8 mill. kroner.

Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Norge

Post 80 Renter på lån frå statskassa

Innovasjon Norge kan ta opp innlån til sine låneordningar til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten av året, er det grunnlag for å justere renteinntektsløyvinga ned på grunn av lågare innlånsvolum og rentesatsar enn lagt til grunn for løyvinga i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at løyvinga for renteinntektene blir redusert med 85 mill. kroner, frå 555 til 470 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar i selskap under NHD si forvalting

Post 85 Utbyte

Då Stortinget 20. juni 2008 handsama Innst. S. nr. 270 og St.prp. nr. 59 (2007-2008) blei løyvinga under denne posten auka til 15 404,2 mill. kroner i samla aksjeutbyte frå selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting.

I juli 2008 mottok departementet utbyte på 98,9 mill. kroner på staten sine aksjar i Aker Holding AS. Denne summen var ikkje inkludert i løyvinga som er nemnd over. Vidare blei det utbetalt utbyte på staten sine aksjar i Nammo AS som var 18,8 mill. kroner høgare enn budsjettert.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 117,7 mill. kroner, frå 15 404,2 til 15 521,9 mill. kroner.

Orienteringssak

Galileo - utbetaling av kostnader til utviklingsfasen

I perioden 2005-07 blei det sett av til saman 76 mill. kroner til deltaking på EU-sida i utviklingsfasen av satellittnavigasjonsprogrammet Galileo. Det blei sett av 60 mill. kroner under kap. 2421, post 72 og 16 mill. kroner under kap. 922, post 72. Ein viser til Innst. S. nr. 240 (2004-2005) og vedtak i Stortinget 17. juni 2005 og seinare vedtak i Stortinget 8. desember 2005 og 12. desember 2007 i den ordinære budsjetthandsaminga for etterfølgjande år.

Utviklingsfasen av Galileo går fram til 2010. Norsk industri har fått oppdrag tilsvarande dei avsette midla. Det norske bidraget er i påvente av ei avtale om norsk deltaking i Galileo, ikkje utbetalt. Det er no oppnådd semje om deltaking i utviklingsfasen, og dei avsette midla vil bli utbetalt utan at det blir inngått ei særskilt avtale om deltaking slik det tidlegare var føresett. Det forhandlast no om ei avtale om deltaking i utbyggingsfasen av Galileo. Ei eventuell avtale om denne fasen vil bli lagt fram for Stortinget, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2008-2009).

Til forsida