St.prp. nr. 33 (2006-2007)

Tromsøpakke 2— - utviding av ordninga med innkrevjing av lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff i Tromsø

Til innhaldsliste

4 Om innkrevjingsordninga

Det er lagt til grunn at finansieringstilskottet blir vidareført på dagens nivå, dvs. 80 øre per liter drivstoff i 2006-prisnivå. Finansieringstilskottet kan indeksregulerast kvart år etter same praksis som for Tromsøpakke 1.

Ei utvida Tromsøpakke 2 er som tidlegare føresett finansiert av statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar, i tillegg til det lokale finansieringstilskottet på omsetnad av drivstoff. I prinsippet er det slik at dei ulike forvaltningsnivåa finansierer tiltak innanfor sitt eige ansvarsområde.

Etter § 27a i veglova av 21. juni 1963 nr. 23 kan det med samtykke frå Stortinget krevjast inn eit lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff. Tilskottsmidlane kan berre nyttast til finansiering av bygging av offentleg veg. I forarbeida til lova (Ot.prp. nr, 4 (1989-90)) blei det vist til at finansieringstilskottet skal komme som eit tillegg til statlege løyvingar og nyttast til utbygging av hovudvegnettet i Tromsø. Samferdselsdepartementet legg til grunn at dette kan vere eit hovudvegnett for bil, sykkel eller kollektivtrafikk, jf. mellom anna St.prp. nr. 7 (1989-90) og St.prp. nr. 62 (2003-2004).