St.prp. nr. 35 (2005-2006)

Navigasjonssystemet Loran-C – forslag om forlenga drift i 2006

Til innhaldsliste

2 Økonomi

2.1 Løyving for 2006

Fiskeri- og kystdepartementet har i St.prp. nr. 1 (2005-2006) foreslått å løyve 27,6 mill. kroner over kap 1070. Denne summen omfattar 16 mill. kroner til drift av Samfunnet Jan Mayen og 11,6 mill. kroner til avviklingskostnader til dei fire Loran-C stasjonane, i alt 27,6 mill. kroner. For 2006 vil det vere muleg å drive dei fire norske stasjonane for 11,6 mill. kroner.

2.2 Løyving etter 2006

Ein må gå ut frå at det vert avklara i løpet av 2006 om det er ønskjeleg med drift av Loran-C utover 2006, eller om avvikling og riving av anlegga kan setjast i verk i 2007. Regjeringa vil kome tilbake til saka i samband med statsbudsjettet for 2007.