St.prp. nr. 35 (2006-2007)

Om utbygging og finansiering av rv 255 Jørstad - Segalstad bru med tilstøytande vegsystem i Oppland

Til innhaldsliste

5 Fylkeskommunal garanti og betinga refusjon

Som det går fram av pkt. 3 har Oppland fylkeskommune i møte i fylkestinget 25. oktober 2005 fatta vedtak om fylkeskommunal garanti for eit bompengelån på inntil 230 mill. kr. Fylkeskommunen går vidare inn for at ordninga med betinga refusjon kan nyttast for dette prosjektet med inntil 55 mill. kr frå den fylkesfordelte investeringsramma til øvrige riksvegar i Oppland i 2012 og 2013.

Etter gjeldande regelverk skal dei samla refusjonane i utbetalingsåret ikkje overskride 25 pst. av løyvinga til øvrig riksvegnett i det året avtale om forskottering blir inngått. I 2006 er løyvinga til øvrige riksvegar i Oppland 34,5 mill. kr. Dette medfører at den betinga refusjonen ikkje kan overstige 8,5 mill. kr pr. år. Vegdirektoratet tilrår derfor at det blir lagt til grunn ein betinga refusjon på inntil 25 mill. kr i åra 2011, 2012 og 2013. Med dei føresetnadene som er lagt til grunn for det pessimistiske alternativet, er dette tilstrekkelig til å sikre at innkrevjingsperioden ikkje overskrir 20 år.

Den fylkeskommunale garantien må godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet. Kommunal- og regionaldepartementet har i brev 11. desember 2006 til Samferdselsdepartementet varsla at når det ligg føre ei stortingsbeslutning som gjev bompengeselskapet fullmakt til å ta opp lån og krevje inn bompengar, vil departementet godkjenne garantien. Garantien vil først komme til utbetaling dersom gjelda ikkje blir mogleg å handtere etter at realtakstane er auka med inntil 20 pst., bompengeperioden er forlenga med inntil 5 år og selskapet si gjeld er redusert med midlane frå den betinga refusjonen.