St.prp. nr. 36 (1998-99)

Om samtykke til å setje i kraft ein skatteavtale mellom Noreg og Albania, underskriven i Oslo den 14. oktober 1998

Til innhaldsliste

2 Generelle merknader

Etter oppmoding frå albanske styresmakter tok Noreg og Albania i 1994 opp forhandlingar om å inngå ein avtale om å hindre dobbel skattlegging. Etter første forhandlingsrunde i Tirana blei eit utkast til avtale parafert den 9. august 1996. Lovrådgjevar Per Olav Gjesti, Finansdepartementet, leia den norske delegasjonen.

Avtalen byggjer i store trekk på mønsteret for tosidige avtalar som blei utarbeidd av OECD i 1963, og seinare revidert i 1977 og seinast i 1995. På grunn av skilnadene mellom økonomiane i Noreg og Albania, er det på nokre punkt også teke omsyn til det mønsterutkastet som er utarbeidd i FN for skatteavtalar mellom industrialiserte land og utviklingsland. Avtalen inneheld likevel nokre avvik frå desse mønsteravtalane. Mellom anna har avtalen reglar om verksemd og arbeid utanfor kysten, tilsvarande slike som finst i dei fleste skatteavtalane som Noreg har inngått dei siste åra.

Nokre av reglane avvik frå det som tidlegare har vore vanleg i dei norske skatteavtalane. Den viktigaste av dei er regelen om metoden for å unngå dobbel skattlegging. Tidlegare har Noreg som hovudregel nytta fordelingsmetoden. Etter denne metoden unngår ein dobbel skattlegging ved at inntekter som etter reglane i avtalen kan skattleggjast i den andre staten, ikkje blir skattlagde i Noreg. På bakgrunn av skattereformen ønskjer Noreg no å nytte godskrivingsmetoden (kreditmetoden) for å unngå dobbel skattlegging. Etter denne metoden kan Noreg skattleggje heile inntekta til personar busette i Noreg, men må gje frådrag i den utlikna skatten med eit beløp som svarer til den skatten som er betalt i Albania.

Avtalen er inngått på engelsk. Den engelske teksten og ei norsk omsetjing følgjer som vedlegg.

Til forsida