St.prp. nr. 37 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 135/2002 av 27. september 2002 om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA-EØS-statane i ei fellesskapsordning for sivil krisehandtering

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

Med sikte på deltakinga for EFTA-EØS-statane i fellesskapsordninga for sivil krisehandtering vedtok EØS-komiteen 27. september 2002 eit tillegg til protokoll 31 i EØS-avtala om samarbeid utanfor dei fire fridommane. Avgjerda viser til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala som grunnlag for dei endringane som vert gjorde.

Artikkel 1 i avgjerda slår fast at rådsvedtak 2001/792/EF skal takast inn i artikkel 10 i protokoll 31 i EØS-avtala.

Artikkel 2slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal gjelde frå 28. september 2002, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar frå alle partane i komiteen i medhald av artikkel 103 i avtala. Ho skal nyttast frå 1. januar 2003.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.