St.prp. nr. 37 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 135/2002 av 27. september 2002 om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA-EØS-statane i ei fellesskapsordning for sivil krisehandtering

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Den totale budsjettramma for fellesskapsordninga er på 3 mill. euro. EFTA-EØS-statane sin del av dette vil vere på om lag 64 000 euro, og Noreg sin del av dette vil igjen utgjere om lag 94 prosent. Dette utgjer for Noreg ei gjennomsnittleg årleg fordeling på om lag 500 000 kroner for deltaking i form av opplæringsprogram, øvingar, reiser og liknande i regi av Kommisjonen. Utgiftene vil bli dekte over budsjettet til Justisdepartementet, kap 451, post 01.

Utgiftene ved ei mogleg utsending av norske ressursar/innsatsgrupper må òg dekkjast nasjonalt. Dekkinga av desse utgiftene vil kome an på kva type oppdrag det dreier seg om og kor utsendinga vil finne stad.

Deltakinga i fellesskapsordninga krev ikkje endringar i nasjonale lover eller forskrifter.