St.prp. nr. 39 (2003-2004)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit program for overvaking av handlingsplanen e-Europa 2005, spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken (MODINIS)

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Det fleirårige EU-programmet MODINIS vil ha ei ramme på til saman 21 millionar euro i tidsrommet 2003-2005. Ved deltaking i programmet vil Noreg ha budsjettmessige plikter under heile programperioden (2003-2005). Noregs samla del av programutgiftene vil utgjere om lag 370 000 euro over tre år, det vil seie om lag 3,6 millionar norske kroner. Utover dette kjem følgjande:

  • utgifter til nasjonal ekspert - oppfølging frå PROMISE-programmet,

  • utgifter til nasjonal ekspert - e-Government-eininga,

  • norsk sekretariatsarbeid for ekspertstillingane,

  • utgifter til andre aktivitetar som er knytte til e-Europa-verksemda.

På EU-plan vil Noreg dermed sende til saman to nasjonale ekspertar til EU-kommisjonens Generaldirektorat for informasjonssamfunnet. Nærings- og handelsdepartementet vil ha utgifter tilsvarande om lag 800 000 kroner per år for kvar av ekspertstillingane. Nasjonalt vil det norske sekretariatsarbeidet for dei to ekspertstillingane koste om lag 800 000 kroner per år. Utgifter i samband med den nasjonale administrasjonen av programma vert kalkulert til om lag 800 000 kroner per år.

Dei gjennomsnittlege kostnadene for programmet i perioden 2003-2005 vil difor i utgangspunktet vere 4,4 millionar kroner per år. Det knyter seg noko uvisse til dei samla utgiftene for 2003 fordi dei formelle vedtaka om programmet vart seinka, men i budsjettet for 2003 (overførbare midlar) er det dekning for dei utgiftene som gjeld for 2003. For 2004 vert utgiftene dekte over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet, kap. 924, post 70 MODINIS. I samband med det reviderte nasjonalbudsjettet for 2004 og budsjettet for 2005 vil ein kome tilbake til eventuelle krav om auka rammer.