St.prp. nr. 39 (2003-2004)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit program for overvaking av handlingsplanen e-Europa 2005, spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken (MODINIS)

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

Det fleirårige EU-programmet MODINIS vil danne grunnlaget for svært mykje av Europakommisjonens verksemd innanfor e-Europa og andre informasjonssamfunnsspørsmål dei neste åra. Noreg tek del i målsetjingane til EU for IT-politisk verksemd og difor meiner Nærings- og handelsdepartementet at Noreg vil ha stor nytte av å ta del i utveksling av røynsler, referansemåling og ei rekkje andre konkrete tiltak som skal setjast i verk under e-Europa-initiativet.

Nærings- og handelsdepartementet rår difor til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit program for overvaking av handlingsplanen e-Europa 2005, spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken (MODINIS). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.