St.prp. nr. 40 (2007-2008)

Om Oslopakke 3 trinn 1

Til innhaldsliste

Forslag til vedtak om Oslopakke 3 trinn 1

I

Stortinget samtykker i at:

  1. Bompengeselskapet får løyve til å krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av Oslopakke 3 trinn 1. Vilkåra framgår av denne proposisjonen.

  2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga. Avtalen må vere underskriven før innkrevjinga startar.