St.prp. nr. 41 (2004-2005)

Om endring i Stortingets skattevedtak for inntektsåret 2005 (kjeldeskatt på utbytte)

Til innhaldsliste

3 Departementet sine vurderingar

Uttala frå EFTA-domstolen er rådgjevande, slik at lagmannsretten ikkje er bunden av vurderingane til EFTA-domstolen. Før uttala frå EFTA-domstolen var spørsmåla uavklart. EF-domstolen har ikkje tatt stilling til høvet mellom dei fire fridomane og nasjonale reglar om kjeldeskatt på utbytte. At EFTA-domstolen bygger på ei nyare rettsutvikling syner seg mellom anna ved at EFTA-domstolen på fleire punkt stør seg på heilt ferske dommar frå EF-domstolen.

Sjølv om norske styresmakter argumenterte for EFTA-domstolen for at kjeldeskatten på utbytte var i tråd med EØS-avtalen, ser departementet det slik at uttala frå EFTA-domstolen klargjer høvet mellom kravet til frie kapitalrørsler og kjeldeskatt på utbytte. Departementet vil derfor ikkje i dei vidare tingingane for norske domstolar argumentere mot at denne forståinga av dei folkerettslege pliktane etter EØS-avtalen må leggast til grunn for utforminga av norske skattereglar framover.

Etter EØS-avtalen artikkel 3 pliktar medlemsstatane lojalt å treffe tiltak som er naudsynte for å oppfylle avtalen. Departementet arbeider med ei tilpassing til aksjonærmodellen av reglane om kjeldeskatt på utbytte til fysiske personar busett i annan EØS-stat med tanke på inntektsåret 2006 og framover. Dette vil vere eit varig tiltak for å oppfylle dei krava som EØS-avtalen stiller på bakgrunn av uttala frå EFTA-domstolen. Trass i dette snart komande systemskiftet finn departementet det sikrast i høve til lojalitetsplikta at også reglane om kjeldeskatt for 2005 blir tilpassa uttala frå EFTA-domstolen. Ei slik endring vil etter departementet si vurdering innebere ei lojal gjennomføring av norske folkerettslege pliktar etter EØS-avtalen. Ettersom krava etter EØS-avtalen på dette punktet først vart avklart med uttala frå EFTA-domstolen 23. november 2004, vurderer departementet det slik at uttala frå EFTA-domstolen ikkje gjer det naudsynt å betale attende kjeldeskatt som er innbetalt i følgje Stortingets skattevedtak for inntektsåret 2004 og tidlegare år.

Departementet foreslår at lik handsaming av innanlandske og utanlandske personlege aksjonærar blir gjennomført ved at Stortingets skattevedtak for inntektsåret 2005 blir endra slik at det gjer unntak frå plikta til å svare kjeldeskatt på lovleg utdelt utbytte for personleg aksjonær som er busett i EØS. Det same gjeld plikta til å svare skatt av renter på grunnfondsbevis, jf. vedlagte forslag til endring av Stortingets skattevedtak for inntektsåret 2005 § 3-5 fjerde ledd andre punktum.

Til forsida