St.prp. nr. 43 (2006-2007)

Rammeauke for garantiordninga for byggjelån ­under Garanti-Instituttet for Eksportkreditt (GIEK)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Nærings- og handelsdepartementet legg i denne proposisjonen fram eit forslag om å utvide ramma for garantiordninga for byggjelån under GIEK frå 2,5 mrd. kroner til 5,0 mrd. kroner. Ordninga vart vedteke i statsbudsjettet for 2005, og har vore operativ sidan 1. mars 2005. Ramma set ei grense for summen av tilsegn og polisar som til ei kvar tid er gitt under ordninga.

I 2005 vart ordninga lite nytta, men hausten 2006 har omfanget av søknadar auka kraftig, og ramma vart i løpet av januar 2007 nytta fullt ut. Ramma på 2,5 mrd. kroner vart samrøystes vedteke i Stortinget 15.12.2006, i samsvar med forslag til romartalsvedtak VIII, 4 i St.prp. nr.1 (2006-2007) frå Nærings- og handelsdepartementet. Ordreutviklinga har skjedd svært raskt, og med den avgrensinga ein har per i dag vil ein no måtte avvise nye søknader. Regjeringa foreslår derfor å auke ramma for ordninga.

Til forsida