St.prp. nr. 45 (1998-99)

Om endring av løyvingar m.v. for 1999 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

3 Programkategori 21.2 Luftfartsformål

3.1 Oslo Lufthavn AS - lånebehov i 1999

Den samla investeringsramma for Oslo Luftfavn AS er rekna ut til om lag 10,2 mrd. kr, ekskl. pir B, men medrekna dei kommersielle tilleggsinvesteringane, jf. St.prp. nr. 37 (1996-97). Låneramma for Oslo Lufthavn AS er rekna ut til om lag 9,1 mrd. kr. Investeringane og låneramma er omtalte i kap. 1.7.2 i St.prp. nr. 1 (1998-99) for Samferdselsdepartementet.

På grunnlag av utrekningar frå Oslo Lufthavn AS gjorde Samferdselsdepartementet hausten 1998 framlegg om endringar i låneramma for 1998 og 1999, jf. St.prp. nr. 27 (1998-99) og St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (1998-99). Dette førte til ein reduksjon av låneramma for 1998 og til ein auke av låneramma for 1999.

Mot slutten av 1998 oppsto det likevel avvik i likviditetsbehovet for Oslo Lufthavn AS som førte til at 305 mill. kr av låneramma for 1998 ikkje blei brukt. Grunnen til dette er m.a. forseinka framdrift for nokre arbeid og seinare sluttfakturering frå fleire leverandørar enn venta. Løyvinga på kap. 1312, post 90, kan ikkje overførast frå ein budsjettermin til den neste. Den ubrukte delen av lånet for 1998 blei derfor ført tilbake til statskassa. Da mindreutgiftene i 1998 berre er ei forskuving av utgiftene til Oslo Lufthavn AS, gjer Samferdselsdepartementet framlegg om å auke låneramma til Oslo Lufthavn AS med 311 mill. kr i 1999 (305 mill. 1998-kr). Den totale låneramma i 1999 blir 801 mill. kr.

3.2 Overføring av eigedelar frå Luftfartsverket til Oslo Lufthavn AS

I St.prp. nr. 27 (1998-99) blei det orientert om arbeidet med å overføre eigedelar frå Luftfartsverket til Oslo Lufthavn AS.

Overføringa gjeld Luftfartsverkets bygningar med tilhøyrande inventar på Gardermoen, eit nytt navigasjonsanlegg (DVOR/DME) på Gardermoen og det meste av det rullande materiellet Luftfartsverket hadde på Fornebu og Gardermoen.

Luftfartsverket og Oslo Lufthavn AS er samde om at bokført verdi pr. 1. oktober 1998 blir lagt til grunn for overføringa. Det er lagt vekt på at bokført verdi speglar den reelle verdien av det rullande materiellet, som det finst ein marknad for. For dei anleggsmidla som det ikkje er nokon marknad for, har Luftfartsverket og Oslo Lufthavn AS kome til at bokført verdi samla sett er mest høveleg som prisgrunnlag.

Samferdselsdepartementet sluttar seg til opplegget og viser elles til at overføringa ikkje verkar inn på Luftfartsverkets resultat, ettersom overføringa skjer til bokført verdi. Den samla bokførte verdien av anleggsmidla pr. 1. oktober 1998 er 64,7 mill. kr, der bygningane (39,9 mill. kr) og rullande materiell (21,4 mill. kr) utgjer dei største delane.

I statsrekneskapen vil salet komme fram som negativt forbruk på kap. 2450, post 30 Flyplassanlegg, og som utgift på kap. 2450, post 95 Innskott ansvarleg lånekapital.

3.3 Omposteringar på Luftfartsverkets budsjett

I samråd med Luftfartsverket har Samferdselsdepartementet kome til at overføringa av 30 mill. kr til Statsbygg for opprydding av forureina grunn på Fornebu, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (1998-99), bør førast som driftsutgift og ikkje på investeringsbudsjettet til Luftfartsverket.

Overføringa på kap. 1311, post 70, frå Samferdselsdepartementet til Luftfartsverket er ein kompensasjon for Luftfartsverkets verksemd på dei regionale flyplassane. Departementet gjer derfor framlegg om at Luftfartsverket inntektsfører overføringa på 88 mill. kr på kap. 2450, post 24.2 Inntekter regionale flyplassar, i staden for på post 24.1 Driftsinntekter.

I høve til vedteke budsjett for 1999 for kap. 2450, post 24 Driftsresultat, blir etter dette post 24.1 Driftsinntekter, redusert med 88 mill. kr og post 24.2 Inntekter regionale flyplassar, auka med 88 mill. kr. Vidare blir post 24.4 Driftsutgifter, auka med 30 mill. kr og post 24.8 Til investeringsformål, redusert med 30 mill. kr.

Løyvinga til investeringar på kap. 2450, post 30 Flyplassanlegg, blir redusert med 30 mill. kr til 618,2 mill. kr. Denne reduksjonen blir motsvara av ein inntektsreduksjon under kap. 5450, post 35 Til investeringsformål.

Endringane vil ikkje verke inn på budsjettbalansen.

3.4 Investeringar i Luftfartsverket

I St.prp. nr. 1 (1998-99), s. 58, la Samferdselsdepartementet opp til at andre byggjetrinn av anlegget for avising på Stavanger lufthamn, Sola, skulle byggjast i 1999. Luftfartsverket har etter ei nærare vurdering kome til at tiltaket bør utsetjast til 2001, fordi planane for andre byggjetrinn må innarbeidast i planane for terminalområdet som vil bli utvida ut mot avisingsplattforma. Dette vil samstundes gi Luftfartsverket høve til å hauste større erfaringar med bruken av første byggjetrinn før detaljutforminga av det andre byggjetrinnet.

Utsetjinga vil gi rom for einskilde nye, mindre investeringstiltak i 1999. M.a. vil det for å betre regulariteten ved Molde lufthamn, Årø, bli etablert instrumentinnflyging frå aust.