St.prp. nr. 45 (1998-99)

Om endring av løyvingar m.v. for 1999 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.3 Vegformål

4.1 Bompengeordninga i Bergen

Innleiing

Bompengeordninga i Bergen er omtalt m.a. i St.meld. nr. 58 (1984-85) og i St.prp. nr. 118 (1984-85). Ordninga er sist omtalt i St.meld. nr. 37 (1996-97) og St.prp. nr. 1 (1998-99), s. 86. Bompengeinnkrevjinga blei sett i verk for å framskunde utbygginga av eit tenleg vegnett i Bergen.

Bompengeordninga omfattar utbygging av vegnettet i Bergen sentrum, utbygging av Nordre og Søndre innfartsåre til Bergen og ny utbygging av Vestre innfartsåre. Det er òg lagt til grunn at ein del av midlane skal brukast til tiltak for trafikktryggleik, bygging av gang- og sykkelvegar og opprusting av areal i sentrum som blir frigitt når innfartsårene er ferdig bygde. Gjeldande bompengeperiode er på 15 år; frå 1. januar 1986 til utløpet av 2000.

I St.prp. nr. 118 (1984-85) blei det lagt til grunn at bompengeinnkrevjinga ville gi eit tilskott på om lag 50 mill. kr årleg. Staten skulle gi eit like stort ekstraordinært tilskott, dvs. 50 mill. kr årleg. Desse midlane har kome i tillegg til dei ordinære årlege løyvingane som fram til og med 1998 var om lag 1 587 mill. 1999-kr.

Frå 1986 til og med 1998 har det vore nytta om lag 3 042 mill. 1999-kr til utbygging innanfor bompengeordninga. Av dette utgjer bompengar om lag 24 pst. Sett i forhold til t.d. bomringavtalane i Oslo (55 pst. bompengefinansiering) og Trondheim (60 pst. bompengefinansiering) har Bergen ein avtale med etter måten svært høg statleg finansiering, jf. St.meld. nr. 37 (1996-97). Etter retningslinene for bompengeprosjekt skal bompengedelen vere minst 50 pst.

Lokale styresmakter ønskjer no å auke takstane og forlengje avtaleperioden. Bergen kommune har gjort fleire vedtak om forslag til endringar i gjeldande bompengeavtale, sist 22. februar 1999. Hordaland fylkeskommune har òg gjort vedtak om endringar i bompengeordninga.

Auke i takstane

I gjeldande avtale er takstane sett til 5 kr for liten bil og 10 kr for stor bil. Dette har vore uendra frå 1986. Bergen kommune ønskjer å doble takstane i resten av avtaleperioden, dvs. fram til utgangen av 2000. Dersom trafikken ikkje endrar seg, vil dette gi ei meirinntekt frå bomringen på om lag 60 mill. kr pr. år. Ei innføring av takstauken frå 1. november 1999 vil gi ei samla meirinntekt frå bomringen i resten av avtaleperioden på om lag 70 mill. kr.

Samferdselsdepartementet går inn for at bompengeselskapet får løyve til å auke takstane, og at nødvendige endringar blir gjort i avtaleverket. Det statlege tilskottet til bomringen vil bli det same uavhengig av om takstane blir endra; dvs. til saman om lag 160 mill. 1999-kr for åra 1999 og 2000. Det statlege tilskottet er rekna ut med bakgrunn i handlingsprogrammet som Hordaland fylkeskommune har vedteke.

Meirinntektene frå takstauken er, etter lokalt ønske, planlagt å gå til å starte prosjektet rv 580 Midttun - Hop. Prosjektet er kostnadsrekna til 270 mill. kr, i tillegg kjem 80 mill. kr for kryss på Fjøsanger. I St.meld. nr. 37 (1996-97) er det lagt opp til at prosjektet skal komme i gang i perioden 1998-2001 med delvis bompengefinansiering.

Ny avtale for 2001

Noverande bompengeavtale gjeld fram til 31. desember 2000. I St.meld. nr. 37 (1996-97) er det omtalt eit forslag om å utvide perioden med innkrevjing med eitt år. Dette er det lokal semje om. Inntektene er foreslått brukte til vidare utbygging av rv 580 Midttun - Hop, gang- og sykkelvegar og miljøtiltak i Bergen og oppstart av utbetringar på rv 556 Ytrebygdsvegen.

Samferdselsdepartementet går inn for at det blir inngått ein ny bompengeavtale for 2001. Avtalen vil stort sett følgje avtalen for 1999 og 2000. Takstane vil vere 10 kr for liten bil og 20 kr for stor bil. Det er venta at inntektene frå bomringen dette året vil bli om lag 120 mill. kr.

Inntektene frå bilistane skal, i tråd med lokale vedtak, fordelast med

  • 50 pst. på gang- og sykkelvegar, miljøtiltak i Bergen sentrum og oppstart av utbetringar på Ytrebygdsvegen

  • 50 pst. på rv 580 Midttun - Hop

Staten vil på si side gi omkring 60 mill. kr, i tråd med handlingsprogrammet som er vedteke av Hordaland fylkeskommune. I tillegg vil staten gi eit ekstra tilskott på om lag 12 mill. kr, slik at det totalt vil bli ytt om lag 72 mill. kr i statlege midlar i 2001. Størstedelen av midlane er tenkt nytta til tiltak for miljø, gang- og sykkelvegar og til tilrettelegging for kollektivtrafikk.

Dersom løyvingane til veginvesteringar gjer det mogleg å oppfylle handlingsprogrammet for Hordaland, vil bompengedelen for 2001 bli om lag 66 pst.

Bompengefondet

Bergen kommune har oppfatta gjeldande bompengeavtale slik at kvar krone som blir kravd inn i bomringen utløyser eit like stort ekstraordinært statleg tilskott til utbygging av eit tenleg vegnett i Bergen. På denne bakgrunn har kommunen halde igjen midlar utover det staten til no har gitt i ekstraordinære midlar. Dette fondet utgjer i dag om lag 65 mill. kr.

Samferdselsdepartementet vil vise til at staten har oppfylt sin del av avtalen gjennom dei ekstraordinære tilskotta på 50 mill. kr årleg, jf. St.prp. nr. 118 (1984-85), og at dei statlege løyvingane i alle høve vil vere avhengig av dei årlege budsjettdisponeringane. Bompengemidlane er kravd inn med heimel i veglova. Samferdselsdepartementet meiner derfor at heile fondet, og avkastinga av det, må nyttast til å byggje ut vegnettet i Bergen som føresett i bompengeavtalen. Etter lova kan bompengar berre nyttast slik at brukarane får direkte nytte av midlane.

I 1999 blir 45 mill. kr av desse midlane nytta til å byggje ut rv 555 Nygårdstangen - Gyldenpris, jf. St.prp. nr. 1 (1998-99), s. 110. Tilskottet frå bompengefondet til denne utbygginga blir derfor ikkje å rekne som forskottering.

4.2 Hovedvegutbygginga i Drammen (vegpakke Drammen)

Ved handsaming av vegpakke Drammen blei prosjektet Ev 134 Drammen - Mjøndalen rekna til 640 mill. 1999-kr, jf. St.prp. nr. 1 (1993-94). Det blei likevel teke atterhald om kostnadstalet sidan reguleringsplan ikkje var vedteken. Arbeidet på prosjektet starta i august 1995. I St.prp. nr. 1 (1995-96), s. 95, er kostnadsoverslaget kvalitetssikra og rekna til 761 mill. 1999-kr. I St.prp. nr. 1 (1998-99), s. 97, er kostnadene auka til 767 mill. kr.

Prosjektet Ev 134 kryss Bangeløkka blir no rekna som ein del av prosjektet Ev 134 Drammen - Mjøndalen. Det blir i planlegginga sett på som mest tenleg å slå desse to prosjekta saman og gjennomføre alle tiltak i krysset på Bangeløkka som ein del av prosjektet Ev 134 Drammen - Mjøndalen. Opphavleg kostnadsoverslag for dette prosjektet var 54 mill. 1999-kr, jf. St.prp. nr. 1 (1993-94).

Opphavleg kostnadsoverslag for desse to prosjekta er dermed 694 mill. 1999-kr. Det samla kostnadsoverslaget er no auka til 1 097 mill. kr, eller 58 pst. høgare enn opphavleg overslag. Auken i forhold til det kvalitetssikra overslaget er 35 pst.

Dei viktigaste årsakene til auken er miljøtiltak ved søppelfyllingar i Mjøndalen og ved Bangeløkka, påslag som følgje av overgang til nytt budsjettsystem, tilrettelegging for fire felt, endra tolking av reglane for meirverdiavgift og forlengd byggjetid.

Dersom ein reduserer standarden til minstekrava som gjeld m.a. for støyskjerming, viltgjerde og forbikøyringsfelt, kan kostnadene reduserast med opp til 100 mill. kr. Det vil seie at totalkostnaden blir om lag 1 mrd. kr. Desse innsparingane er førebels ikkje lagte fram for kommunane Nedre Eiker og Drammen, som etter plan- og bygningslova vedtek reguleringsplanar. Forslaga til innsparingar vil også bli vurderte av Vegdirektoratet, og det er derfor uvisst kor mykje av innsparingane det er realistisk å rekne med.

Samferdselsdepartementet har bedt Vegdirektoratet om å gå gjennom vegpakke Drammen slik at ein får oppdatert kostnadene og realistisk gjennomføringstidspunkt for alle prosjekta i vegpakka. Samferdselsdepartementet legg opp til ein gjennomgang av vegpakke Drammen i budsjettet for 2000.

4.3 Ev 39/rv 542 Trekantsambandet - framskunding

Prosjektet er sist omtalt i St.prp. nr. 1 (1998-99), s. 94 og 109. Kostnaden er der rekna til om lag 1 770 mill. 1999-kr. Vidare blei det gjort greie for at prosjektet er planlagt opna sommaren 2001, og at det har vore vurdert å utsetje/skuve fram delar av anlegget. Departementet kunne likevel ikkje tilrå utsetjing, noko Stortinget slutta seg til, jf. Budsjett-innst. S. nr. 13 (1998-99).

Med utgangspunkt i St.prp. nr. 36 (1995-96) blei det inngått avtale mellom bompengeselskapet og Statens vegvesen om at prosjektet skal opnast 1. januar 2001. Etter standardavtalen for bompengeprosjekt, jf. St.prp. nr. 17 (1993-94), s.15, skal staten dekkje byggjelånsrenter og administrasjonskostnader i bompengeselskapet ved forseinking ut over 3 månader frå avtalt opningsdato. Etter handsaming av prosjektet i Stortinget sist haust, er opningsdato no sett til 1. juli 2001.

Med dei føresetnader som no ligg føre, er kompensasjon frå staten til ekstra rente- og administrasjonskostnader rekna til vel 19 mill. 1999-kr. Dette vil eventuelt komme i tillegg til tidlegare kostnadsoverslag. Ei opning 1. juli 2001 vil derfor gjere at prosjektet vil koste om lag 1 790 mill. 1999-kr.

Statens vegvesen har gått gjennom prosjektet for å vurdere innsparingar. Det er gjennomført enkelte tiltak for å redusere kostnadene, men det er òg konkludert med at alle større innsparingar vil krevje endringar anten i reguleringsplanar eller i tiltak som har vore vurderte som viktige av miljøomsyn (m.a. miljøtunnel gjennom Digernesklubben, jf. Innst. S. nr. 222 (1995-96)). Samferdselsdepartementet vil ikkje tilrå slike endringar, m.a. fordi det vil kunne få følgjer for framdrifta og miljøtiltak. Departementet legg likevel til grunn at det også i det vidare arbeidet blir fokusert på tiltak som kan redusere kostnadene i prosjektet.

Statens vegvesen har vidare vurdert ei framskunding m.a. for å unngå kompensasjon som nemnd over. Ei framskunding slik at Stordabrua kan opne i desember 2000, og Bømlabrua tidleg i april 2001 vil gjere at staten slepp rentekompensasjon på 19 mill. kr. Ei slik løysing vil òg føre til at ein kan spare om lag 5 mill. kr i subsidiar til ferjene. Staten vil ved ei framskunding altså - isolert sett - kunne spare om lag 24 mill. kr.

Framskundinga vil - etter tilbod frå entreprenørar - koste om lag 25 mill. kr, og vil auke totalkostnadene frå 1 770 til 1 795 mill. kr.

Etter forhandlingar med bompengeselskapet har staten sagt seg villig til eventuelt å dekkje 8 mill. kr av kostnadene ved ei framskunding. Bompengeselskapet dekkjer resten.

Med ei framskunding som skissert vil staten kunne spare netto om lag 16 mill. kr samanlikna med ei opning 1. juli 2001. Med atterhald om samtykke frå Stortinget har Samferdselsdepartement derfor gitt Statens vegvesen førebels løyve til å godta eit tilbod frå entreprenøren om framskunding slik som skissert. Samferdselsdepartementet er vidare kjent med at bompengeselskapet er villig til å forskottere 118 mill. 1999-kr i 2000 mot refusjon i 2001. Departementet vil eventuelt komme tilbake til dette i budsjettet for 2000.

4.4 Statens vegvesens arbeid med 2000-problemet

Statens vegvesen arbeider med å kartleggje og løyse eventuelle IT-problem i samband med overgangen til 2000. Når det gjeld dei administrative datasystema, som t.d. Økosys og Autosys, synest Vegdirektoratet å ha kontroll både teknisk og økonomisk.

Arbeidet har kome noko kortare med dei tekniske overvakings- og styringssystema ute på vegen, men Vegdirektoratet er i ferd med å få god oversikt over situasjonen også på dette området. Kartleggjinga av alt utstyr er avslutta, og analysen for å finne risikoen for feil i utstyr som er monterte i tunnelar, signalsystem og liknande, har starta.

Det vil i tillegg bli foretatt ein gjennomgang av kvaliteten på det arbeidet som Statens vegvesen gjer i denne saka for eventuelt å supplere kartleggjingane som er gjort. Ein slik gjennomgang vil bli utført av eksterne konsulentar.

Arbeidet med 2000-problemet vil kunne få vesentlege økonomiske konsekvensar, men det er framleis stor uvisse om kor store kostnadene vil bli.

Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til saka på eit seinare tidspunkt.