St.prp. nr. 45 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 40/2000 av 11. april 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i det femårige handlingsprogrammet til EU for katastrofevernebuing

Til innhaldsliste

2 Nærmare om handlingsprogrammet

Sidan 1985 har samarbeidet i EU om katastrofevernebuing utvikla seg frå å vere eit tidvist tema på ministerrådsmøte, til at det er skipa eit handlingsprogram for katastrofevernebuing for tidsrommet 1998-1999. Medlemsstatane i EU har saman med EFTA/EØS-statane teke del i det toårige programmet. Prosjekt, øvingar, utveksling av sakkunnige og gjennomføring av konferansar er aktivitetar som er vortne sette i verk. Responsen på aktivitetane har vore positiv, både frå medlemsstatane og Europakommisjonen si side.

Dessutan har fleire av statane i Europa nyleg vore råka av naturkatastrofar og industriulykker i form av jordskjelv, flaum, orkanar, snøskred, giftutslepp i Donau, jarnbaneulykker osv. Nokre av desse krisene har hatt eit slikt omfang at dei har gått ut over éin einskild stat. I fleire tilfelle har det difor vore naudsynt å handtere og diskutere krisesituasjonar i mellomstatlege forum.

På bakgrunn av dette er det vedteke eit nytt handlingsprogram for katastrofevernebuing i EU for tidsrommet 1. januar 2000 - 31. desember 2004. Det nye programmet er i hovudsak likt det førre. Føremålet er å styrkje det europeiske samarbeidet innan katastrofevernebuing. Programmet har som mål å støtte opp om og utfylle verksemda til lokale, regionale og nasjonale styresmakter. Målgruppa som det vert satsa på, er institusjonar og personar med ansvar for katastrofevernebuing. I hovudsak vert det fokusert på følgjande område:

  • å støtte arbeidet til medlemsstatane for å redusere risiko og skade på menneske, miljø og eigedom i tilfelle av naturkatastrofar eller teknologiske katastrofar,

  • å støtte tiltak som aukar katastrofevernebuingsnivået blant medlemsstatane, slik at dei har betre evne og høve til å respondere i ein krisesituasjon,

  • å betre metodane og teknikkane for handtering av kriser,

  • å støtte opp om offentleg informasjon, utdanning og medvitsaukande tiltak, slik at innbyggjarane i EU-området meir effektivt kan verne seg sjølve.

I samband med programmet vil det verte utarbeidd ein treårig rullerande plan for konkrete prosjekt. Ein styringskomité vil vedta planen og revidere han årleg på bakgrunn av framlegg frå dei einskilde deltakarstatane. Prosjekta i planen vert i stor grad samordna under hovudprosjekta: utveksling av sakkunnige, førebygging og handtering av kriser og informasjon til publikum. Kvart hovudprosjekt vert leidd av éin stat, med støtte frå to eller tre andre. I styringskomiteen vil det frå norsk side vere representantar frå Direktoratet for sivilt beredskap og Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern.

Prosjekta skal finansierast på grunnlag av kostnadsdeling mellom medlemsstatane, Europakommisjonen og dei institusjonane/organisasjonane som søkjer om støtte. Når eit prosjekt har fått støtte frå styringskomiteen og Europakommisjonen, vil deltakinga frå medlemsstatane verte finansiert innan ramma av prosjektkostnadene.

I regi av programmet skal det setjast i verk førebuande og førebyggjande tiltak som t.d.:

  • større prosjekt som er av allmenn interesse for medlemsstatane, og som kan auke evna til sivilt vern,

  • opplæring gjennom kurs, utveksling av sakkunnige og øvingar,

  • forsøksprosjekt for å redusere responstida på kriser, støtte til utvikling av sivile verneprogram, store konferansar og informasjon om sivilt vern,

  • mobilisering av sakkunnige som skal støtte opp om krisehandteringsapparata i dei einskilde medlemsstatane dersom det skulle finne stad ein katastrofe.

Ut frå tidlegare røynsler, vil det gjennom programmet setjast større fokus på tiltak som kan betre informasjonen i tilfelle av ei krisehending. Ei styrking av dette området vert sett på som særs viktig i lys av moderne former for kommunikasjon, aukande mobilitet og aukande heterogenitet i fleire europeiske statar.

Ein reknar videre med at gjennomføringa av handlingsprogrammet kan medverke til auka integrering av omsyna til katastrofevernebuing på andre samfunnsområde, både i EU og i medlemsstatane. I denne samanhengen vert det satsa på å fremje ei slik integrering innan forsking, industri, transport, regionpolitikk osv. Det vil særleg verte arbeidd for å samordne prosjekt i handlingsprogrammet med initiativ som vert finansierte av strukturfonda.