St.prp. nr. 45 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 40/2000 av 11. april 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i det femårige handlingsprogrammet til EU for katastrofevernebuing

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 40/2000 av 11. april 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlige områder utenfor de fire friheter

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, justert ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 71/1999 av 2. juni 1999 1

    .

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte rådsvedtak 1999/847/EF om skiping av eit fellesskapshandlingsprogram for katastrofevernebuing 2

    .

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2000 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I artikkel 10 nr. 8 ( katastrofeberedskap) i protokoll 31 til avtala skal nytt strekpunkt lyde:

«- 399 D 0847: Rådsvedtak 1999/847/EF av 9. desember 1999 om skiping av eit fellesskapshandlingsprogram for katastrofevernebuing (TEF L 327 av 21.12.1999, s. 53).»

Artikkel 2

I artikkel 10 i protokoll 31 til avtala vert det gjort følgjande endringar:

  1. I nr. 5, 6 og 7 vert «fellesskapshandlingsprogrammet» endra til «fellesskapshandlingsprogrammene».

  2. I nr. 7 vert «komiteen» endra til «komiteene».

  3. Ordet «rettsakt» vert endra til «rettsakter».

Artikkel 3

Denne avgjerda tek til å gjelde 1. juli 2000, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2000.

Artikkel 4

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Utferda i Brussel, 11. april 2000.

For EØS-komiteen
Formann
F. Barbaso
Sekretærar for EØS-komiteen
G. VikE. Gerner

Fotnotar

1.

Enno ikkje kunngjord.

2.

TEF L 327 av 21.12.1999. s. 53.