St.prp. nr. 46 (2001-2002)

Pensjonar frå statskassa

Til innhaldsliste

1 Prinsesse Astrid, fru Ferner

Prinsesse Astrid, fru Ferner fylte 70 år 12. februar 2002. Prinsessa har over ei lang rekkje år gjort ein stor innsats for Noreg, blant anna som kongeleg førstedame i 14 år, og seinare ved andre representasjonsoppgåver. Departementet meiner derfor at staten bør syne takksemd og gje Prinsessa ein pensjon frå statskassa.

Departementet har gått inn for at pensjonen blir sett til kr. 396.000,- pr. år. Pensjonen blir då om lag lik pensjonen ein sendemann får dersom har har tent opp fulle rettar. Sendemann er i dag anten lønt på regulativ eller på leiarlønnskontrakt. Sendemann på leiarlønn er plassert i kategoriane frå A0 til B2. A0 er pt. kr. 520.000,- medan B2 pt. er kr. 600.000,-. Høgste pensjonsgrunnlag etter regulativet er kr. 562.200,-, medan pensjonsgrunnlaget etter leiarlønnskontrakt er kr. 600.000,-. Departementet meiner at ein pensjon til Prinsessa bør liggje på toppen og ikkje på bunnen av skalaen, og gjer framlegg om at pensjonen blir rekna ut frå eit pensjonsgrunnlag på kr. 600.000,-, noko som gjer ein årleg pensjon på kr. 396.000,- før ei eventuell samordning.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet tilrår at Prinsesse Astrid, fru Ferner blir gitt ein pensjon frå statskassa frå fylte 70 år.

Til forsida