St.prp. nr. 48 (2003-2004)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av rammeprogrammet for forbrukarpolitikk for 2004-2007 (forbrukarprogrammet)

Til innhaldsliste

4 Avgjerda i EØS-komiteen

Med sikte på deltaking for EFTA/EØS-statane i EU sitt forbrukerprogram vil avgjerda i EØS-komiteen innehalde ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og spesielt til artikkel 86 og 98 som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at europaparlaments- og rådsavgjerd 20/2004/EF om ei generell ramme for finansiering av fellesskapstiltak til støtte for forbrukarpolitikken i tidsrommet 2004-2007, skal innlemmast i protokoll 31 artikkel 6 som nytt nr. 3 etter nr. 2.

Artikkel 2 slår fast at avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke melding om at alle forfatningsrettslege krav for godkjenning av avgjerda er stetta i samsvar med artikkel 103 nr. 1 i avtala.

Artikkel 3 seier at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.