St.prp. nr. 50 (2001-2002)

Om løyvingsendringar mv. for 2002 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

3 Programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak

Etteroppgjer kompensasjon autodieselavgift for bussdrift med tilskott frå fylkeskommunane

I samband med opphevinga av fritaket for autodieselavgifta for bussar i 1999 blei det på kap. 1330 Særskilde transporttiltak, oppretta ein budsjettpost for kompensasjon til bussruter med rett til tilskott og ein post for bussruter som ikkje har rett til tilskott.

Kompensasjonen for bussruter med rett til tilskott blei i 1999 og 2000 gitt via fylkeskommunane over kap. 1330, dåverande post 60 Avgiftskompensasjon rutebilar. Frå 2001 blei kompensasjonen innlemma i inntektssystemet, og budsjettposten lagt ned.

Frå 1999 til 2000 blei prinsippa for fylkesfordelinga av kompensasjonen endra etter oppmoding frå Stortinget. Dette førte til at nokre fylkeskommunar fekk ein relativt stor reduksjon i kompensasjonen sett i høve til at total sum til fordeling hadde auka. Ut frå ei vurdering av kva som er rimeleg, vil regjeringa i ein omgrupperingsproposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2002 gjere framlegg om eit etteroppgjer til dei aktuelle fylkeskommunane som svarer til nominell nedgang i kompensasjon frå 1999 til 2000, på i alt 10,8 mill. kr. Framlegg til sum for dei einskilde fylkeskommunane blir:

  • 0,3 mill. kr til Vestfold

  • 1,5 mill. kr til Telemark

  • 5,4 mill. kr til Hordaland

  • 3,6 mill. kr til Troms

Av praktiske årsaker vil framlegget om eit etteroppgjer bli postert på kap. 572 Rammetilskott til fylkeskommunar, post 60 Innbyggjartilskott. Om framlegget blir vedteke, vil summane bli betalte ut som ein del av første ordinære terminbetaling av rammetilskott (innbyggjartilskott) etter handsaminga av omgrupperingsproposisjonen.

Inndekking

Ved innføringa av ordninga med kompensasjon til bussruter som ikkje har rett til tilskott, jf. kap. 1330, post 71 Tilskott til ekspressbussar, sette Stortinget som vilkår at denne bussgruppa skulle handsamast likt med bussruter som har rett til tilskott. Ved etableringa av ordninga blei kompensasjonssummen deretter fastsett ut frå venta produksjonsomfang. Det har vist seg at produksjonen har blitt mindre enn rekna med. For å unngå overkompensasjon har løyvingane for 1999 og 2000 såleis ikkje fullt ut blitt betalte ut i samband med produksjonen desse åra. Støtte som dekkjer meir enn meirkostnadene knytte til dieselavgifta basert på ruteproduksjonen i høve til effektivt forbruk av diesel, ville elles ha vore i strid med internasjonale reglar på konkurranseområdet. I 2001 og 2002 har det skjedd ei nedtrapping av løyvingane.

Ubrukte løyvingar på kap. 1330, post 71, kan overførast til seinare år for å kunne avstemme mot realisert produksjon. Det har ikkje vore meininga at ubrukte løyvingar frå eit år skal dekkje reduksjon i løyvingane seinare år. Det er overført om lag 29,5 mill. kr på posten frå 2001 til 2002. Meininga er at 12 mill. kr av denne summen skal nyttast til avstemming for tilsegn i 2001. Det er såleis rom for å redusere løyvinga over kap. 1330, post 71, for 2002 med 10,8 mill. kr utan at det i 2002 blir mindre til disposisjon enn den opphavelege løyvinga på 29 mill. kr. Regjeringa vil derfor i samband med framlegget om auke i rammetilskottet til fylkeskommunane i den nemnde omgrupperingsproposisjonen for 2002 gjere framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 10,8 mill. kr over kap. 1330, post 71 Tilskott til ekspressbussar.

Status for ny hurtigruteavtale

EFTAs overvakingsorgan (ESA) vedtok i brev av 19. desember 2001 ikkje å reise innvendingar mot at staten kjøper transporttenester frå hurtigruteselskapa. Vedtaket er i tråd med ein ny hurtigruteavtale mellom hurtigruteselskapa og Samferdselsdepartementet for perioden 2002 til og med 2004.

Regjeringa har godteke at avtaleperioden blir redusert til 3 år, med rett til forlenging med inntil eitt år dersom ei eventuell konkurranseutsetjing fører til at ein ny operatør blir vald og at ein samstundes treng lengre tid til bygging av nye skip. Eventuelle kjøp av transporttenester etter 2004 skal konkurranseutsetjast med utlysing av anbod. Avtalen med hurtigruteselskapa vil sikre daglege seglingar heile året på strekninga Bergen - Kirkenes i avtaleperioden.

Departementet vil arbeide for å leggje til rette for ei slik konkurranseutsetjing av hurtigrutetenester etter 2004 og vil leggje saka fram for Stortinget på ny i god tid innan utgangen av den nye avtalen.