St.prp. nr. 52 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 172/2002 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/14/EF om fastsetjing av ei generell ramme for informasjon til og konsultasjon med arbeidstakarar

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Det finst i dag ikkje lovføresegner som stiller eit generelt krav om informasjon og konsultasjon om dei tema som direktivet gjer greie for. Arbeidstakarane sin rett til informasjon og konsultasjon om slike tema er først og fremst regulert i tariffavtaler. Gjeldande lovfesta krav er knytte til særskilte situasjonar som masseoppseiing og overdraging av verksemder. Det vil difor vere naudsynt å innføre lovføresegner om den plikta som arbeidsgjevarar har til å informere og konsultere dei tilsette om tema som direktivet omfattar.

Då avgjerda i EØS-komiteen blei teken, var det offentleg oppnemnde Arbeidslivslovutvalet, utan omsyn til spørsmålet om gjennomføring av direktivet, alt gjeve i oppdrag å gjere ei samanfattande gransking av dei lovfesta ordningane for informasjon, medverknad og samarbeid. Det var difor naturleg at dette utvalet fekk som oppgåve å kome med framlegg til gjennomføring av direktivet. Utvalet er mellom anna samansett av representantar for dei største arbeidslivsorganisasjonane og for styresmaktene, medrekna Landsorganisasjonen i Noreg, Næringslivets Hovudorganisasjon, fleire departement, Aetat og Direktoratet for Arbeidstilsynet. Utvalet skal leggje fram innstillinga si 1. desember 2003, og det er såleis enno ikkje kome framlegg om korleis direktivet vil bli gjennomført.