St.prp. nr. 52 (2004-2005)

Pensjonar frå statskassa

Til innhaldsliste

2 Pensjonsrettar i Statens Pensjonskasse i karanteneperiode

Moderniseringsdepartementet har utarbeidd «retningslinjer for karantene og saksforbud for embets- og tjenestemenn ved overgang til ny stilling», med verknad frå 15. februar 2005. Utgangspunkt for retningslinjene var at Stortinget ved to høve har bedt regjeringa om å klargjere problemstillingar som oppstår ved uklåre grensedragningar i samband med overgang frå ei statleg stilling til ei stilling utanfor statsforvaltninga.

Med utgangspunkt i desse retningslinjene kan ein påleggje karantene i særlege høve ved overgang til stillingar utanfor statsforvaltninga inntil 6 månader. Dette inneber at ein arbeidstakar må vente med å tiltre si nye stilling, og at vedkommande ikkje kan ha kontakt med sin nye arbeidsgjevar.

I karanteneperioden skal arbeidstakaren ha ei godtgjering som svarar til lønna vedkommande hadde då han slutta. I tillegg kjem feriepengar. Pensjonen må i tillegg sikrast for karanteneperioden. Arbeidsforholdet er slutt, og det er difor ikkje heimel i lov om Statens Pensjonskasse til å gje arbeidstakaren pensjonsrettar i perioden. Moderniseringsdepartementet tilrår difor at ein arbeidstakar kan få pensjon frå statskassa for karantenetida, i fall det trengst.

Departementet tek sikte på å endre lov om Statens Pensjonskasse slik at ein for framtida vil kunne godskrive karantenetida med heimel i lov. Då skal tidlegare arbeidsgjevar dekkje pensjonskostnadene i karantenetida tilsvarande vanleg medlemskap i Statens Pensjonskasse.

Til forsida