St.prp. nr. 54 (2002-2003)

Pensjonar frå statskassa

Til innhaldsliste

1 Valerji Berkov

Professor Valerji Berkov blei gitt statsstipend frå 1. januar 1996. Stipendet blei gitt for å fullføre eit prosjekt om ei russisk-norsk ordbok. Då han fekk stipendet var han 66 år. Stipendet skulle gjelde fram til han fylte 70 år. Etter sterkt ønskje frå Kultur- og kyrkjedepartementet om at prosjektet blei gjort ferdig, blei stipendtida forlenga. Stipendtida gjekk ut 31. desember 2002. Berkov hadde då arbeidd med ordboka i 7 år.

Berkov blei i brev frå Kultur- og kyrkjedepartementet fortalt at han var meld inn i Statens Pensjonskasse og trekt for pensjonsinnskot. Då Berkov var 66 år når han fekk stipendet, hadde han ikkje rett til medlemskap i Statens Pensjonskasse. Dette blei ein først klar over på eit seinare tidspunkt. I brev frå Kultur- og kyrkjedepartementet av 13. oktober 1999, blei Berkov orientert om dette. Departementet uttala samstundes at dei ville gjere det som var mogleg for at Berkov kunne få betalt ut ein kompensasjon når stipendtida gjekk ut.

Berkov var frå 1994 til 1999 professor II ved Institutt for nordisk litteraturvitenskap ved Universitetet i Oslo. Han var ikkje medlem i Statens Pensjonskasse, då stillinga som professor II var ei 20 prosent stilling, og difor ikkje gav rett til medlemskap, jf. pensjonslova § 5 første ledd.

Berkov var i starten av 1990-åra forelesar ved Universitetet i Bergen. Heller ikkje då blei han meld inn i Pensjonskassa, då han fekk forelesingshonorar og ikkje ordinær lønn.

I brev frå Kultur- og kyrkjedepartementet av 5. juli 2002 heiter det mellom anna:

«Professor Berkov har spesielt som leksikograf høstet verdensry. Han er prosjektleder og redaktør for arbeidet med den meget omfattende russisk-norske ordboken. Denne boken kommer til å bli Norges største og mest omfattende to-språklige ordbok med norsk som kildespråk. Manuset er på over 5000 A-4-sider og er skrevet av mer enn 10 medarbeidere, noe som gjør at prosjektlederens/redaktørens rolle blir svært viktig. Berkov anses å være den eneste som kan sluttføre dette store arbeidet.

Berkov fikk i 1998 Den Kgl. Fortjensteorden av 1. klasse for sitt arbeid med nordiske språk.»

I departementet sitt svar til Kultur- og kyrkjedepartementet i brev av 20. august 2002 heiter det mellom anna:

«På bakgrunn av de helt spesielle forhold, at professor Valerji Berkov ble meddelt at han ble innlemmet i SPK og videre den særdeles verdifulle innsats han har utført ved utarbeidelsen av russisk-norsk ordbok, vil Arbeids- og administrasjonsdepartementet likevel forelegge søknaden om pensjon av statskassen til ham for Stortinget, med vår anbefaling. Vi har fått bekreftet at hans stipendperiode utløper pr. 31.12.02. Arbeids- og administrasjonsdepartementet vil legge frem for Stortinget at han fra stipendperiodens utløp med virkning fra 01.01.03 tilstås pensjon av statskassen beregnet ut fra de sju årene som statsstipendat slik som foreslått av Kultur- og kirkedepartementet.»

Arbeids- og administrasjonsdepartementet tilrår at Valerji Berkov blir gitt ein pensjon frå statskassa frå 1. januar 2003.

Til forsida