St.prp. nr. 58 (2004-2005)

Om samtykke til inngåing av ein samarbeidsavtale mellom Noreg og Eurojust for å styrkje kampen mot alvorlege former for internasjonal kriminalitet

Til innhaldsliste

2 Nærare om Eurojust

2.1 Rådsvedtaket om Eurojust

Vedtaket om å opprette Eurojust for å styrkje kampen mot alvorlege former for internasjonal kriminalitet vart gjort av EU-rådet 28. februar 2002. Seinare er rådsvedtaket supplert med retningslinjer om saksbehandling og reglar for behandling av persondata. Rådsvedtaket er teke inn som vedlegg til denne proposisjonen, og slår fast at formålet med Eurojust er å betre effektiviteten i eit samarbeid mellom påtalemaktene i medlemslanda.

Eurojust handlar enten gjennom dei nasjonale medlemmene eller i fellesskap som kollegium. Rådsvedtaket inneheld føresegner om kva kompetanse Eurojust har når det opptrer høvesvis gjennom dei nasjonale medlemmene og som kollegium, sjå nedanfor under pkt. 2.3. Rådsvedtaket har òg ei rekkje detaljerte føresegner om dei praktiske og rettslege rammene for informasjonsutvekslinga.

Etter terroraksjonen i Madrid 11. mars 2004 vedtok Det europeiske rådet 25. mars 2004 ei erklæring mot terrorisme. I erklæringa vert medlemsstatane oppmoda om å sikre at Eurojust vert brukt meir effektivt i kampen mot terrorisme. Også i den nye fleirårige planen for justissamarbeidet som Det europeiske rådet vedtok 5. november i 2004, blir medlemsstatane oppmoda om å syte for ei effektiv gjennomføring av rådsvedtaket og eit meir effektivt samarbeid mellom nasjonale styresmakter og Eurojust.

Den nye EU-forfatningstraktaten har føresegner om Eurojust. Artikkel III - 175 gjev heimel til å etablere ei europeisk påtalemakt innanfor Eurojust. Påtalemakta vil kunne etterforske og reise tiltale for nasjonale domstolar i saker som gjeld alvorlege grenseoverskridande brotsverk og unionens økonomiske interesser.

2.2 Organisering og fullmakter

Eurojust tok uformelt til med arbeidet sitt 1. mars 2001, og vart formelt etablert året etter. Organisasjonen har sete i Haag. Ved hovudkvarteret har dei 25 medlemslanda kvar sin nasjonale medlem med assistentar. Medlemmene kjem stort sett frå stillingar som statsadvokatar eller forhøyrsdommarar, alt etter korleis påtalefunksjonane er organiserte i heimlandet. I samsvar med saksbehandlingsreglane for Eurojust er det etablert komitear som arbeider med ulike sider av verksemda. Administrasjonen har ein direktør som leiar.

Kompetanseområdet omfattar alvorlege former for internasjonal kriminalitet, med kamp mot terrorisme som eit prioritert felt. I tillegg arbeider Eurojust m.a. med datakriminalitet, bedrageri, korrupsjon, kvitvasking av utbytte frå straffbare handlingar, miljøkriminalitet og deltaking i kriminelle organisasjonar. Eurojust arbeider òg med andre lovbrot i tilknyting til slik kriminalitet. Dette er dei same kriminalitetsområda og lovbrota som fell inn under Europolkonvensjonen.

Representantane for EU-medlemslanda opptrer enten enkeltvis eller som kollegium. Kollegiet har ein president og to visepresidentar. Kollegiet sit vanlegvis saman tre dagar i veka, først og fremst for å arbeide med saker, enten i fellesskap eller i møte mellom medlemmene frå dei landa som er innblanda i ei sak der Eurojust yter bistand.

Når Eurojust handlar gjennom dei nasjonale medlemmene, kan dei kompetente styresmaktene i medlemsstatane mellom anna bli bedne om å vurdere å innleie etterforsking eller rettsforfølging av konkrete saker, eller å akseptere at ein annan medlemsstat er betre skikka til å etterforske og påtale saka. Dei nasjonale medlemmene kan òg be relevante styresmakter om å vurdere å gje dei all nødvendig informasjon for å løyse oppgåvene.

Når Eurojust handlar i fellesskap som kollegium, kan det mellom anna be dei nasjonale styresmaktene om å setje i verk etterforsking og påtalemessige tiltak. Kollegiet har såleis noko vidare kompetanse enn nasjonale medlemmer kvar for seg. Kravet frå kollegiet må grunngjevast, og alle avslag krev særskild grunngjeving.

I staben i Eurojust sit ein datasikringsansvarleg, som har til oppgåve å sikre at behandlinga av personopplysningar er i samsvar med rådsvedtaket og saksbehandlingsreglene. Den datasikringsansvarlege skal òg sjå til at involverte personar som ber om det, blir orienterte om sine rettar etter personvernføresegnene i rådsvedtaket. Den datasikringsansvarlege sorterer ikkje under den enkelte nasjonale medlem, men direkte under kollegiet. Skulle den datasikringsansvarlege finne at behandlinga av personopplysningar ikkje er i tråd med regelverket, skal dette takast opp med kollegiet. Har ikkje kollegiet innan ein rimeleg frist sytt for at regelverket er oppfylt, skal den datasikringsansvarlege leggje saka fram for ein uavhengig felles kontrollinstans.

Den felles kontrollinstansen for Eurojust er samansett av tre faste, uavhengige medlemmer utpeika av medlemsstatane, og har til oppgåve å overvake verksemda i Eurojust for å sikre at behandlinga av personopplysningar er i samsvar med gjeldande reglar.

2.3 Oppgåvene og rolla til Eurojust

Eurojust skal betre koordineringa og samarbeidet mellom styresmakter med ansvar for etterforsking og påtale av alvorlege straffesaker i medlemslanda. Kamp mot organisert kriminalitet er eit særleg viktig område. Hjelp i konkrete saker der alvorlege lovbrot vedgår fleire land, er det viktigaste arbeidet i Eurojust. Eurojust skal også lette samarbeidet mellom styresmaktene i samband med oppmodingar om rettshjelp og utleveringar. Ei anna sentral oppgåve for organisasjonen er å påvise hindringar for effektiv gjensidig rettshjelp mellom medlemslanda og å medverke til å fjerne desse hindringane. Eurojust arbeider òg med å utvikle gode arbeidsmetodar og eksempel på «best practice» for å styrkje det rettslege samarbeidet på tvers av dei ulike rettssystema i medlemslanda.

Dei nasjonale medlemmene i Eurojust og assistentane deira hjelper etterforskings- og påtalemakta i heimlandet i ei lang rekkje ulike sakstypar. I 2003 var Eurojust delaktig i 222 bilaterale saker, 47 saker som gjaldt tre land og 31 saker som gjaldt fire eller fleire land. Dei største saksgruppene er narkotikalovbrot og bedrageri, men Eurojust har òg ytt hjelp i ei rekkje andre sakstypar, m.a. kvitvasking, terrorisme, drap, menneskehandel og forfalskingar.

Dei fleste sakene vert behandla i møte mellom dei nasjonale medlemmene og løyste der. Meir komplekse saker vert løyste i koordineringsmøte der også styresmaktene i dei aktuelle landa tek del. Eurojust stiller lokale til rådvelde for slike møte og tilbyr tolkestøtte og tekniske hjelpemiddel m.m. Eurojust arrangerte i alt 26 koordineringsmøte i fjor. Møta kan også haldast i eitt av medlemslanda dersom det er meir tenleg.

Dei nasjonale medlemmene i Eurojust er gjennomgåande fagfolk med lang erfaring frå arbeid med straffesaker i heimlanda. Medlemmene sit inne med ein ekspertise og ein kjennskap til eigne lands rettssystem, organisasjonar og kriminalitetsproblem som gjer at dei raskt og enkelt kan finne gode løysingar i komplekse saker som vedgår fleire land med til dels svært ulike rettssystem.

Eit viktig ledd i det generelle arbeidet i Eurojust er konferansar der særskilde kriminalitetsproblem vert tekne opp til drøfting («strategic meetings»), til dømes om barnepornografi på Internett, terrorisme, menneskehandel, forfalsking av euroen, narkotikahandel og smugling av alkohol. Slike møte vert òg brukte til å setje fagfolk inn i nye EU-instrument og -initiativ mot organisert kriminalitet.

Eurojust samarbeider som nemnt med Europol og med EU-kontoret som skal motarbeide svindel i EU-institusjonar (European Anti-Fraud Office).