St.prp. nr. 59 (2006-2007)

Pensjonar frå statskassa

Til innhaldsliste

2 Avtalelønte sjøfolk på staten sine fartøy – Bjørnar Arne Karlsen

Avtalelønte arbeidstakarar på staten sine fartøy vart ført over frå Pensjonstrygden for sjømenn til Statens Pensjonskasse (SPK) med verknad frå 1. juli 1982. Dette som ei følgje av at lov om Statens Pensjonskasse (pensjonslova) vart endra.

Bjørnar Arne Karlsen arbeida i perioden 3. september 1982 til 16. desember 1992 på «F.F. Johan Ruud» og var meldt inn i Pensjonstrygden for sjømenn. Då «F/F Johan Ruud» var å rekne som eit av staten sine fartøy, skulle han ha vore meldt inn i Statens Pensjonskasse. Eigaren av fartøyet (Universitetet i Tromsø), som mange andre eigarar av staten sine fartøy, fortsette feilaktig å trekkje innskott til Pensjonstrygden for sjømenn i lang tid etter at avtalelønte sjøfolk vart førte over til Statens Pensjonskasse. Då forholdet vart oppdaga i 1996/97, retta ein opp feilen og perioden vart registrert som pensjonsgjevande tenestetid i Statens Pensjonskasse.

Då Karlsen fylde 60 år i 2005, fekk han utbetalt alderspensjon frå Pensjonstrygden for sjømenn. Den oppsette pensjonsretten han har i Statens Pensjonskasse, kjem fyrst til utbetaling når han fyller 67 år. Årsaka til at han har ein oppsett pensjonsrett, er at han slutta i stillinga som avtalelønt sjømann før han hadde rett til pensjon frå Statens Pensjonskasse.

Bjørnar Arne Karlsen har søkt om pensjon frå statskassa og grunngjev sin søknad mellom anna med at han i den aktuelle 10-årsperioden (1982-1992) vart trekt for innskott til Pensjonstrygden for sjømenn, og at han difor hadde innretta seg på at han var omfatta av Pensjonstrygden for sjømenn. Vidare at han allereie frå sin fråtreden skulle få utbetalt full sjømannspensjon frå Pensjonstrygden for sjømenn.

Storleiken på pensjonen frå statskassa som Karlsen søkjer om, svarar til forskjellen mellom full sjømannspensjon (kr. 16.226,-) og pensjonen han no mottek (kr. 13.103,-). Forskjellen utgjer kr. 3.123,- pr. månad.

Karlsen grunngjev vidare sin søknad med at departementet i ei liknande sak i 2002 samtykte i at pensjon frå statskassa, svarande til ein meirpensjon frå Pensjonstrygden for sjømenn for teneste på «F.F. Johan Ruud», vart utbetalt. Avtalelønte sjøfolk på staten sine fartøy – som vart førte over frå Pensjonstrygden for sjømenn til Statens Pensjonskasse frå 1. juli 1982 – har i regelen ikkje fått pensjon frå statskassa for teneste i åra etter 1. juli 1982. Pensjon frå statskassa har i slike saker berre vorte gjeve der søkjaren elles hadde fått ein svært låg pensjon. Statens Pensjonskasse skriv i brev av 6. april 2006 mellom anna:

«SPK tillater seg på generelt grunnlag å stille spørsmål ved rimeligheten av å gi pensjon fra statskassen i tilfeller som den foreliggende saken. Det kan anføres at tiden i SPK er av større verdi i SPK enn om tiden hadde vært i Pensjonstrygden for sjømenn – selv om det neppe er enkelt å slå fast hva et opptjeningsår i henholdsvis SPK og Pensjonstrygden for sjømenn er verdt. Årsaker til at tid i SPK må antas å ha større verdi enn tilsvarende tid i Pensjonstrygden for sjømenn, er blant annet (1) at statspensjonen gis så lenge medlemmet lever, mens sjømannspensjonen bare gis i alderen 60 til 67 år, (2) at statspensjonen er av bedre kvalitet (den er større) enn sjømannspensjonen og (3) at det gis etterlattepensjon av statspensjonen, mens det ikke gis det av sjømannspensjonen. Ut fra dette kan det anføres at en overføring fra Pensjonstrygden for sjømenn til SPK ikke medfører noe tap for dem en overføring gjelder. Den enkelte kan riktignok hevde at han får sin «manglende sjømannspensjon» fra et senere tidspunkt enn om overføringen ikke var skjedd, men den totale pensjonen som kommer til utbetaling, blir under normale forhold større som en følge av overføringen.

I Karlsens tilfelle kan det videre anføres at de 10 årene saken gjelder, teller fullt ut i SPK, mens de i Pensjonstrygden for sjømenn ville blitt begrenset til ca 4 år (den tiden Karlsen mangler på full sjømannspensjon). I tillegg kan man hevde at det er foretatt en korrigering ved at Karlsen er innmeldt i SPK i stedet for i Pensjonstrygden for sjømenn. En tilleggspensjon av statskassen vil da innebære en tilbakeføring av korrigeringen, som det kan hevdes at ikke er tilsiktet.»

I Karlsen si sak er forskjellen mellom full sjømannspensjon og pensjonen frå Pensjonstrygden for sjømenn kr. 3.123,- pr. månad. Dette er noko som etter departementet si meining ikkje er tilstrekkeleg til å gje pensjon frå statskassa til Karlsen. Ein må her òg sjå på at overgangen frå Pensjonstrygden for sjømenn til Statens Pensjonskasse førte med seg fleire føremon for Karlsen.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet meiner at ein ikkje skal gje pensjon frå statskassa i slike saker, med mindre det ligg føre heilt spesielle årsaker. I fall ein skulle gje pensjon frå statskassa i denne saka, vil truleg andre avtalelønte sjøfolk som gjorde teneste på staten sine fartøy frå 1982 og seinare rekne med å få slik pensjon frå statskassa. Departementet har difor ikkje gjeve mellombels pensjon frå statskassa til Karlsen.

Karlsen har bede om at saka vert lagt fram for Stortinget til endeleg avgjerd.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet tilrår at ein ikkje gjev pensjon frå statskassa til Bjørnar Arne Karlsen.

Til forsida