St.prp. nr. 60 (1999-2000)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

5 Programkategori 21.4 Særskilte transporttiltak

Kap. 1330 Særskilte transporttiltak

Fordelingsprinsipp for avgiftskompensasjon for rutebilar

Fritaket for autodieselavgift for bussar blei oppheva frå 1999. I den samanhengen blei det innført ei kompensasjonsordning for rutebilar. Løyvinga for 2000 er på 464 mill. kr, jf. omtale av kap. 1330 Særskilte transporttiltak, post 60 Avgiftfskompensasjon rutebilar, i St.prp. nr. 1 (1999-2000). Kompensasjonen for 1999 blei fordelt ut frå historisk drivstofforbruk.

Fleirtalet i finanskomitéen hadde merknader til utforminga av kompensasjonsordninga ved handsaminga av revidert statsbudsjett 1999, jf. Innst. S. nr. 236 (1998-99). Ved handsaminga av samferdselsbudsjettet for 2000 uttalte samferdselskomitéen i Budsjett.innst. S. nr. 13 (1999-2000):

«Komiteen legger til grunn Stortingets forutsetninger om kompensasjon etter antall kilometer det er gitt løyve for, blir gjennomført.

Komiteen ber Regjeringen redegjøre for oppfølgingen i Revidert nasjonalbudsjett.»

Løyve er eit juridisk dokument som gir eit selskap rett og plikt til rutedrift i eit område for ein periode på fleire år og seier ikkje noko om omfanget av den årlege produksjonen. Kompensasjon basert på faktisk køyrde km i budsjettåret i staden for historisk drivstofforbruk synest å vere ei naturleg tolking av intensjonane til samferdselskomitéen. Ei nøyaktig avstemming basert på produksjon i budsjettåret gjer det nødvendig å halde av ein del av løyvinga til etter årsslutt for ei nøyaktig avrekning. Samferdselsdepartementet vil halde av 90 mill. kr av løyvinga for 2000 til ei slik avstemming. À konto utbetalingane i 2000 blei av praktiske årsaker baserte på literforbruk, men ved avstemming etter årsslutt vil det bli teke utgangspunkt i utkøyrde km. Frå 2001 vil også à konto utbetalingane i året byggje på utkøyrde km.

Endring av fordelingsprinsipp frå 1999 til 2000 gjer det nødvendig å føye stikkordet «kan overførast» til posten. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med Revidert Nasjonalbudsjett for 2000.

Bykøyring med låg fart og mange stopp gir høgare drivstofforbruk pr. km enn landevegskøyring med høg fart og få stopp. Om ein ikkje tek omsyn til denne type ufrivillige skilnader i kostnadene, vil det kunne vere galt overfor fylke med mykje bykøyring. Etter departementet si vurdering bør derfor kompensasjonen pr. køyrde km differensierast.

På grunnlag av ei utgreiing om rapportert drivstofforbruk pr. km i fylka for perioden 1997-99 har departementet gruppert fylkeskommunane i tre grupper. Ei tredeling tek omsyn til ufrivillige skilnader i kostnadene mellom fylka, samstundes som det gir ei praktikabel kompensasjonsordning. Om ein set vekttal lik 1,0 for gjennomsnittleg forbruk pr. km for landet, blir vekttala for forbruk pr. km i dei tre gruppene som presentert nedanfor:

  • Gruppe 1: Vekttal lik 1,39

  • Gruppe 2: Vekttal lik 1,08

  • Gruppe 3: Vekttal lik 0,93

Oslo skil seg klart ut med eit høgt forbruk pr. km, og er plassert i gruppe 1. Akershus, Buskerud, Hordaland og Sør-Trøndelag er plasserte i gruppe 2, medan fylkeskommunane elles er plasserte i gruppe 3.

Ei kompensasjonsordning som både byggjer på ufrivillige skilnader i kostnadene og på utkøyrde km, vil verke rettferdig og samstundes stimulere til å spare drivstoff.

Dieselkompensasjon til ekspressbussruta frå Finnmark til Oslo

I Budsjett-innst. S. nr. 13 (1999-2000) reiser samferdselskomitéen spørsmål om dieselkompensasjon til ekspressbussruta frå Finnmark til Oslo. Ruta køyrer gjennom Finland og Sverige. Komitéen legg m.a. vekt på at ruta har som formål å bringe passasjerar frå ein stad i Noreg til ein annan stad i Noreg så raskt som råd er. Under føresetnad av at dieselen er fylt her i landet, meiner komitéen at det ikkje kan vere avgjerande at delar av ruta blir køyrd utanfor Noreg. Komitéen har derfor som føresetnad at det blir gitt kompensasjon for autodieselavgift for ekspressbussruta mellom Finnmark og Oslo via Finland og Sverige for heile strekninga.

Samferdselsdepartementet har vurdert kompensasjon for heile ruta i lys av internasjonale reglar på konkurranseområdet. Vurderinga har tatt utgangspunkt i at ruta har trafikkrettar mellom Noreg og grannelanda Sverige og Finland og mellom Sverige og Finland. Ruta har ikkje lokale trafikkrettar i Finland eller i Sverige. Vidare har ruta heller ikkje lokale trafikkrettar i Finnmark eller mellom svenskegrensa og Oslo. Departementet har etter kontakt med Nærings-og handelsdepartementet konkludert med at kompensasjonen for bortfall av fritak for autodieselavgift for den aktuelle ruta blir ramma av støtteforbodet i artikkel 61(1) i EØS-avtalen (generelt forbod mot konkurransevridande offentleg støtte). Det kan i høve til reglane om offentleg støtte ikkje vere avgjerande at begge endestasjonar er i Noreg. Konkurrerande transporttilbod finst dessutan på heile eller delar av strekninga. Støtte vil derfor vere eigna til å vri konkurransen, da det ikkje har vore konkurranse om løyvet.

Artikkel 49 i EØS-avtala inneheld reglar om unntak frå støtteforbodet etter artikkel 61, og lyder:

«Støtte som motsvarer behovet for ein samordning av transportvirksomheten eller utgjør godtgjøring for visse forpliktelser som har sammenheng med begrepet offentlig tjeneste, skal være forenlig med denne avtale.»

Støtte kan etter departementet si vurdering ikkje forankrast i unntaksregelen. Det vil truleg heller ikkje vere aktuelt med noko initiativ frå det offentlege for oppretting av ruta Finnmark - Oslo mot godtgjering. Andre bussruter får ikkje støtte for trafikk utanlands. Departementet finn det ikkje aktuelt å gjere framlegg om å innføre kompensasjon for transport utanfor Noreg generelt. Det må derfor konkluderast med at det ikkje kan bli gitt kompensasjon for autodieselavgift til ekspressbussruta mellom Finnmark og Oslo via Finland og Sverige ut frå internasjonale reglar på konkurranseområdet. Ruta kan heller ikkje få kompensasjon for autodieselavgift for køyring på norsk område, da ho ikkje har lokale rettar på norsk område.