St.prp. nr. 61 (2008-2009)

Om delvis bompengefinansiering av Vossapakko i Hordaland

Til innhaldsliste

3 Kostnadsoverslag, trafikkgrunnlag og samfunnsøkonomisk nytte av utbygginga

Det er gjennomført utvida ekstern kvalitetssikring av Vossapakko.

I grunnlagsdokumenta frå Statens vegvesen var det lagt til grunn ei styringsramme på 840 mill. 2006-kr og ei kostnadsramme på 890 mill. 2006-kr. Dei eksterne kvalitetssikrarane tilrådde i mai 2008 ei styringsramme på 1 000 mill. 2008-kr og ei kostnadsramme på 1 080 mill. 2008-kr. Statens vegvesen har gått gjennom kostnadsoverslaget og konkludert med at både etaten og kvalitetssikrarane har hatt ei undervurdert basiskalkyle. Vidare har det vore ei vesentleg kostnadsutvikling i marknaden som ikkje er fanga opp i tilstrekkeleg grad. Etter dette har Statens vegvesen vinteren 2009 gjennomført ein ny kostnadsgjennomgang. Det er lagt til grunn at vegbredda for dagstrekningane på rv 13 blir utvida frå 7,5 til 8,5 m. Kostnadene for miljøtunnelen ved Øvre Vassenden i Granvin er framleis med i overslaget.

Samferdselsdepartementet legger til grunn ei styringsramme på 1 130 mill. 2009-kr og kostnadsramme på 1 220 mill. 2009-kr.

I grunnlagsdokumenta tilrådde Statens vegvesen at det blir lagt til grunn eit trafikkgrunnlag på 4 680 køyrety pr. døgn i basisåret 2007 (sum av betalande årsdøgntrafikk i dei to bomstasjonane) etter at det er korrigert for timesregel og bortfall av inntekter frå utanlandske køyrety. Trafikken er fordelt med om lag 1/3 gjennom bomstasjonen ved grensa mellom Granvin og Voss og om lag 2/3 gjennom bomstasjonen ved grensa mellom Voss og Vaksdal. Trafikkgrunnlaget bygger m.a. på framskriving av trafikkteljingar. Det er også gjennomført ei overordna trafikkanalyse med transportmodell. Dei eksterne kvalitetssikrarane meiner at trafikkvurderingane er nøkterne. Statens vegvesen har kome med oppdaterte trafikkvurderingar basert på m.a. seinare teljingar. Trafikkauken er blitt større enn rekna ut. Samla trafikkgrunnlag (betalande ÅDT) er sett til 4 990 køyrety i basisåret 2007. Statens vegvesen tilrår vidare at det i finansieringsplanen blir lagt til grunn ein årleg vekst på 1 pst Samferdselsdepartementet er samd i dette.

Berekna netto nytte (NN) for alle dei tre store prosjekta samla og med delvis bompengefinansiering er - 580 mill. kr. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er berekna til - 0,5.