St.prp. nr. 62 (2000-2001)

Pensjonar frå statskassa

Til innhaldsliste

2 Reidar Ødegård

Reidar Ødegård blei med verknad frå 31. desember 1989 overtalig frå stilling i Velferdstjenesten for Handelsflåten. Han blei frå same tidspunkt gitt venteløn og hadde førerett til andre stillingar i staten som han var skikka for. I brev av 23. juli 1998 frå Reidar Ødegård gjorde han merksam på at han, trass i aktiv jobb-søking ikkje hadde klart å skaffe seg anna arbeid og at venteløna ville stoppe det året han blei 62 år. Han ville då vere utan inntekt. Slik regelverket er å forstå vil han miste venteløna i 2001.

Departementet bad i sitt svar til Reidar Ødegård av 28. august 1998 om at han held fram med å søkje ledige stillingar. Vidare blei det sagt:

«Slik som regelverket er i dag, vil du dessverre miste di venteløn når du er 62 år...». «Hvis du ikkje har klart å skaffe deg arbeid når ventelønsperioden din er i ferd med å gå ut, ber eg deg ta kontakt med Ventelønnsseksjonen i Statens Pensjonskasse eller Arbeidsgiveravdelinga som då vil prøve å finne ei tilfredsstillande løysning på problemet ditt.»

Departementet fekk 3. juli 1999 brev frå Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund - Stat (YS-S), på vegner av Reidar Ødegård. Dei bad departementet om å gjere sitt til at Reidar Ødegård fekk ein pensjon frå statskassa.

I departementet sitt svar til YS-S blei det mellom anna sagt:

«Departementet har ikke anledning til å innvilge Reidar Ødegård billighetspensjon fra statskassen. Dette ut fra at retningslinjene som finnes for å kunne tilstå en slik pensjon, ikke klart åpner for en slik løsning. Departementet har imidlertid i noen helt spesielle tilfeller valgt å bruke denne ordningen i saker hvor en person har kommet svært uheldig ut. En slik pensjon vil imidlertid bare kunne gis midlertidig fra departementets side. Det er Stortinget som tar den endelige avgjørelsen om billighetspensjon fra statskassen. Departementet vil peke på at vi hele tiden har ført en restriktiv praksis med å innvilge billighetspensjon i tråd med Stortingets retningslinjer.

Vi vil derfor understreke at så lenge Reidar Ødegård mottar ventelønn er han forpliktet til å stå tilmeldt arbeidsformidlingen som aktiv jobbsøker.

Dersom Reidar Ødegård i løpet av tiden fram til opphør av ventelønn likevel ikke klarer å skaffe seg annet arbeid, kan departementet vurdere en slik løsning, slik at han kan få en verdig avslutning på sin arbeidskarriere.»

Reidar Ødegård fekk òg brev frå Statens Pensjonskasse kor han blei gitt ny venteløn fram til stoppdato 1. februar 2001. Han blei òg minna på at ventelønsmottakaren sjølv har eit ansvar for på eige initiativ å søkje passande arbeid, i tillegg til hjelp som arbeidskontoret og Ventelønnsseksjonen kan gje. Det blei presisert at stor grad av eigenaktivitet er viktig for å unngå lang arbeidsløyse, og at manglande aktivitet når det gjeld jobbsøkjing eller avslag på tilbod om passande stilling, vil kunne føre til stopp av venteløna.

I samsvar med kva som tidlegare var fastsett, blei Reidar Ødegård gitt pensjon frå statskassa med verknad frå 1. februar 2001. Pensjonen vil utgjere beløpet han får i venteløn og skal bli regulert som ordinær alderspensjon. Departementet sett som vilkår at Reidar Ødegård ikkje er mottakar av noko anna form for stønad.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet tilrår at Reidar Ødegård blir gitt ein pensjon frå statskassa fram til han kan få ordinær alderspensjon i Statens Pensjonskasse frå 67 år.

Til forsida